Utviklinga av fascismen i Frankrike

Av Terje Valen

1996-02


Grobotnen for den folkelige rasismen er komplisert. Det er ikkje lett å overtyde ein arbeidslaus om at anti-rasismen er moralsk betre enn rasismen, når du ikkje kan gi noen løysing på problemet med arbeid, med fattigdommen, eller med den nagande frykta for å havne i den nedgåande spiralen.

Det nyliberale programmet som ligg i EØS-avtalen og Maastricht-traktaten, med kapitalen sine fire fridommar som kjerne, skaper ein økonomisk, sosial og politisk krise i EU. Vi har sett stor vekst av open framandfrykt og rasisme utvikle seg i Vest-Europa dei siste ti åra. Ekstreme høgreparti har hatt stor framgang i val i fleire land. Vi kan nemne Frankrike, Italia, Østerrike og i belgisk Flandern. I andre land har desse partia vunne lite fram i val. Her kan vi nemne Nederland, England, Spania, Portugal og Hellas. Likevel er det slik at den fascistiske frammarsjen i dei førstnevnte landa også kan gi lærdommar for mindre utsette land, som til dømes Norge.

Front National

I 1984 debuterte Front National i Frankrike, under leiing av Le Pen, under valet til Europarådet. Oppslutninga da var ikkje så stor. Men ved første runde i presidentvalet i fjor vår fekk Le Pen 15,07% av stemmene. FPÖ i Østerrike fekk i 1983 4,9% av stemmene i val. 11 år seinare, etter at Jörg Haider hadde tatt over leiinga av partiet, fekk det 22,6%. Vlaams Blok i Belgia, under leiing av Karl Dillen, fekk 1,8% ved val i 1978 og 12,3% ved valet i 1995.

Eg skal no sjå litt nærare på utviklinga i Frankrike. I røynda har ikkje Front National auka oppslutninga si så mykje sidan presidentvalet i 1988, da Le Pen fekk 14,39% av stemmene. Det vil seie ein auke på omlag 200.000 stemmer (frå 4.375.894 i 1988 til 4.570.838 i 1995). Men dette talet skjuler ei svær endring. Frå 1988 til 1995 har klassesamansettinga av Le Pen sine veljarar endra seg drastisk. I 1988 fekk han først og fremst oppslutnad frå dei frie yrka (bønder, handverkarar, handelsmenn og profesjonane). No har dei stor grad forlate han. I staden har han fått auka oppslutnad frå funksjonærar (+5%) og spesielt frå arbeidarar (+11%). Front National (FN) er no det partiet som har størst oppslutnad (27%) frå det tradisjonelle proletariatet i Frankrike. I 1988, seier kommentatorar, var Le Pen leiar for butikken, i 1995 er han leiar for fabrikken.

I tillegg har oppslutninga konsentrert seg aust for ei linje som går mellom Le Havre, Paris og Marseille, der den gamle kjerneindustrien låg. I vest er oppslutninga mindre.

Le Pen

Noen eksempel kan vise kva som har skjedd. I regionen Nord-Pas-de-Calais med mange nedlagte gruver fall arbeidarane si oppslutning om Sosialistpartiet frå 42% til 21% mellom 1988 og 1995. Samstundes auka Le Pen oppslutninga si frå 16% til 27% – meir enn noen av rivalane. Det franske kommunistpartiet si oppslutning var stabil med 17%. Oppslutninga om Front National var særlig stor blant dei unge mannlige arbeidarane. FN fekk stemmene til 32% av dai mannlige arbeidarane under 35 år.

Dessutan må vi merke oss at FN etter dette presidentvalet også har gjort det godt i lokalval, i motsetnad til utviklinga etter forrige presidentvalet for 7 år sidan. Ved lokalvala i 1995 fekk FN meir enn 10% av stemmene i nesten halvparten av byane med over 30.000 innbyggarar og gjorde det godt i visse delar av Paris, Lyon og Marseille. Typiske eksempel er forstadene Vitrolles nær Marseille og Dreux nær Paris.

Lov og orden

Begge desse stadene er såkalla «sovebyar» med omlag 35.000 innbyggarar. Her er ikkje samfunnet organisert rundt arbeidsplassar. I staden er desse bydelane oppsplitta, slik som min bydel, Åsane i Bergen. Vitrolles har ikkje noe senter, men er samansett av grupper langs motorvegen som er fiendtlige til ny innvandring frå Nord-Afrika. I Dreux, som riktignok har ein Renault-fabrikk, bur det pendlarar som ofte er forgjelda og som har ein tendens til å vere mistenksomme mot dei som lurer rundt hagegjerdet. Trongen etter «lov og orden» sikrar FN sin suksess her og i andre byar.

Det er også viktig å vere klar over at rasistisk vald ikkje får folk til å ta avstand frå FN, men styrkar oppslutninga om partiet. I det tidligare kommunistiske Le Havre blei ein tunisar myrda like før valet, og FN fekk 20% av stemmene. Store protestar frå unge immigrantar i Noisy-le-Grand nær Paris, då politiet drap ein av dei, førte til at FN auka oppslutninga si monalig.

Korleis har dette skjedd, og kva kan vi lære av det?

  • Den økonomiske krisa har ramma fabrikkarbeidarane hardast. Utviklinga av arbeidsløyse og uvisse, nedgangen i kjøpekraft, nedrigging av velferdsstaten, enda mindre muligheit til å stige opp sosialt, utstøyting til gløymde forstader, ei stilling som blir stadig meir utsett.
  • Og under alt dette, dei viktigaste grunnene: krisa i arbeidarrørsla som i Frankrike har blitt særlig skarp, og oppløysinga av det sosiale kompromisset av 1945 under trykket frå den imperialistiske monopolkapitalen si nye runde i erobringa av verda (i tilslørande borgarlig språkbruk kalla globalisering).
  • Borgarkrigen i Algerie og frykten for kva det kan føre til.
  • Og så kjem frykten for oppløysinga av nasjonen og undecrlegging under Tyskland som eit resultat av EU og Maastricht-avtalcn.

Den eine sida av dette er den spesielle utviklinga av produktivkreftene i verdsmålestokk som kapitalismen no fører til. Dei europeiske fabrikkarbeidarane har blitt angripne frå to kantar. Den heimlige teknologiske utviklinga har gjort det mulig og nødvendig å minske talet på produksjonsarbeidarar. Dessutan har dei fått konkurransen frå ein del land med lågare lønsnivå og dårligare arbeidsvilkår og stadig meir avansert teknologi, som Japan, Korea, osv, og no etter kvart også Kina og India, land i Aust-Europa osb. Det har ført til nedlegging av heile industriar. Dette skjedde først i industriar som sysselsette mange kvinner, som spinne- og veveindustrien. Men for kvinnene opna då (på 70- og 80 talet) seg den offentlige sektoren med alternative arbeidsplassar.

Mannlige arbeidarar ramma

Då kjerneindustrien med hovedsakelig mannlige arbeidarar blei ramma, var det i Frankrike ingen alternativ for arbeidarane der. Og særlig ikkje for dei unge mannlige arbeidarane. Monpolkapitalen svarte dessutan på konkurransen ved å innføre stadig meir arbeidssparande teknologi og å presse lønnene og arbeidsvilkåra i dei rike landa nedover i retning nivået til dei argaste konkurrentane.

I Norge gjekk nedlegginga av den ganske store skipsverftsindustrien og innskrenkinga av byggemarknaden mykje greiare enn i Frankrike, fordi mange av arbeidarane her fekk arbeid i verksemder som produserte for «olja».

Den andre sida er oppløysinga av den sosialdemokratiske arbeidarrørsla og sosialdemokratiseringa av den kommunistiske arbeidarrørsla. Heile den organiserte arbeidarrørsla har vore garantisten for kompromisset frå 1945, som gjorde det mulig for monopolkapitalen å behalde statsmakta i ein situasjon der entusiasmen blant arbeidarane i «Vest» for Sovjet, Stalin og kommunismen var på topp og der borgarskapet frykta for makta si. Prisen dei betalte var ein god del demokratiske og sosiale rettar til arbeidarane. Grunnlaget for kompromisset var relativt høg profittrate i systemet slik at dei smulane som gjekk til velferd for folket ikkje tynga profittmassen noe særlig. Det vart det slutt på opp gjennom 1970-talet.

Arbeidarpartia og fagrørsla blei etter 1945 bygd opp innan rammene for dette kompromisset. Og dei har i toppen vakse tett saman med det borgarskapet og den staten som har styrt systemet. Når så monopolkapitalen ikkje har bruk for dette kompromisset lenger, og når den kommunistiske faren er utradert, kan heller ikkje den organiserte arbeidarrørsla gjøre noe for arbeidarane.

Tannlaust reformparti

Arbeidarane i Frankrike har blitt svikta av leiarane sine. Ingen har klart å utforme eit nytt truverdig radikalt alternativ enno. Det sosialistiske arbeidarpartiet til Mitterand har endra politikken sin etter monopolkapitalen sine nye behov og sett ut i livet dei tiltaka som har ramma arbeidarane. Kommunistpartiet fungerer også som eit tannlaust reformparti.

Vi kan konkretisere dette. Den industrielle «restruktureringa» har treft arbeidarane i privat sektor med full kraft i form av massive kollektive oppseiingar, omkasting av faga, kvalifikasjonane og utdanninga knytt til innføringa av ny teknologi, nye organisasjons- og arbeidsformer (meir deltids-, halvtids-, utids-, kontraktsarbeid, individuell lønsfastsetting osv), meir arbeidsløyse, meir usikkerheit for morgondagen.

Resultatet har blitt veksande ulikskapar mellom kvalifiserte og ikkje-kvalifiserte, unge og vaksne, menn og kvinner og franskmenn og «framande». Det er blitt skjerpa konkurranse mellom dei forskjellige kategoriane og individa og reaksjonar i form av fortviling og raseri som har gitt seg utslag i førartenking, sexisme, rasisme og sjåvinisme.

Medlemstalet i fagforeiningane og arbeidarpartia har minka, arbeidarnettverka er blitt svekka gjennom spreiing av dei beste folka, desorganiserte av nedleggingar, arbeidsløyse og fattigdom. Solidaritetsnettverka, som dei hadde skapt i visse foretak og bydelar, har litt etter litt blitt oppløyst, arbeidarkollektiva har mist identiteten sin (organisatorisk og ideologisk) og dermed har dei opna for at Front National har rykt inn.

FN har klart å røre borti den protesthaldninga og det naget som finst mot heile utviklinga. Det er eit slags passivt opprør utan fastlagt mål og utan middel som ein kan gripe til, eit opprør som naturlig spring ut av ein livssituasjon som blir oppfatta som djupt urettferdig og som det dessutan er umulig å komme ut av. På den eine sida ein uomgjengelig auke i alle dei virkelige plagane (arbeidsløyse og usikkerheit, fattigdomsutvikling, redsle for morgondagen osv) som veg tungt i dagliglivet til det arbeidande folket.

Dette blir blanda med tenkte plagar som det moralske og andelige forfalhlet eller trusselen mot den franske identiteten. Frå venstre blir dette møtt med kalde ord om resignasjon ovafor den kapitalistiske orden, som ein dessutan ikkje kan gjøre noe med. Vi kjenner att Solheim (SV) sine ord om at kapitalismen vil vare lenge enno, og at vi må innrette oss etter det. Det er bare Front National som har målbore i folk sitt eige språk klagen og opprørsskriket frå dei som denne orden knuser meir og meir for kvar dag. På den andre sida har også FN gitt dei syndebukkar i form av immigrantar og i form av politikarar, både frå venstre og høgre, som bare er opptekne med å fremme sine eigne interesser. I tillegg møter FN folk si kjensle av å vere sett utanfor, av ikkje å vere verd noe, med ein ny identitet og ein ny æreskjensle – det å være fransk, eller betre løftet om ei felles redning. FN piskar opp ei stemning som er skildra som «dei tapre folka som går saman om å avsky».

Den folkelige rasismen

Her kan vi sjå litt av kor komplisert grobotnen for den folkelige rasismen er, og kvifor dei fleste midla som blir brukt for å kjempe mot han ikkje kan lukkast. Dei store orda og prinsippa nyttar ikkje her. Sjølvsagt er det rett å kjempe for demokrati, men kva tyder valdemokratiet når du misser jobben og huset og blir fattig? Den humanistiske vrien er heller ikkje til noen nytte. Forsøk å overtyde ein arbeidslaus om at antirasismen er moralsk betre enn rasismen, når du ikkje kan gi noen løysing på problemet med arbeid for han, med fattigdommen hennar, eller med heile den situasjonen som skaper den nagande frykta for å havne i den nedgåande spiralen.

Det du risikerer er at dei humanistiske ideala blir forkasta som tomme frasar, om ikkje beint fram løgner. Elendet er dauv for moralske leksjonar.

Men det er akkurat det samme med den historiske vrien. Påvising av nazistane sine brot osv, er heller ikkje tilstrekkelig. Sjølv om dette er nødvendig for å kjempe mot det ekstreme høgre i dag, så er det ikkje nok til å nøytralisere dei fenomena som uunngåelig fører dei laga av folket som både er ramma av den økonomiske og sosiale krisen og som er ute av stand til å forsvare seg sjølv, i retning fascismen.

Bare ei atterreising / nyskaping av eit heilskapelig alternativ som både fremmer den daglige kampen mot angrepa og som opnar for ein veg ut av heile det systemet som skaper krisene, kan få desse folka til å vende seg i ei anna politisk retning. Men det tyder kamp for å oppheve kapitalismen, samstundes som det krev kollektiv kamp mot å bli lessa på dei daglig større børene som den kapitalistiske «utviklinga» no skaper.

Dei siste hendingane i Frankrike viser at mange folk vil ein slik kamp, og at dei kan sette han i gang og vinne visse delsigrar. Mangelen på det heilskaplige alternativet var ein av grunnane til at opprøret før jul ikkje hadde enda meir kraft. Og det gjorde at borgarskapet eit stykke på veg faktisk kunne nedkjempe motstanden. Ein annan grunn var at det gamle fabrikkproletariatet stort sett var på sidelinja. Det var dei offentlig tilsette som dreiv fram det siste opprøret i Frankrike. Kjerneproletariatet innan transport (den statseigde jernbanen) var eit tyngdepunkt i opprøret. Kvinnene i offentlig sektor utgjorde ei stor kraft også. Og ein av dei splittande og passiviserande faktorane var fascismen sin erobring av ganske store delar av det tradisjonelle proletariatet som er i minsking og oppløysing.

Det som skjer no – ikkje bare i dei fattige – men også i dei rike landa, viser eigentlig så tydelig som råd er, at systemet ikkje lenger er i stand til både å forrente kapitalen og å halde oppe dei breie massane sin levestandard. Det viser i praksis at den fiendtlige motsetninga mellom den kapitalistiske akkumulasjonen og den folkelige velferden, som Marx sa var typisk for kapitalismen, virkelig er til stades også i dei rike landa. Og at ho utviklar seg raskt. Det viser at det ikkje finst noen veg utanom Marx si løysing på problemet heller.

Den fascistiske reformismen

Utviklinga i Frankrike reiser med full tyngde spørsmålet om korleis det gamle kjerneproletariatet, som no i for stor grad vender seg frå den sosialdemokratiske til den fascistiske reformismen, kan bli vunne for eit heilskapelig alternativ til venstre. Viss ikkje dette spørsmålet blir løyst, så minkar sjansene for å vinne dei kampane som no ligg framfor arbeidarklassen og folket.

Utviklinga viser også at det nyare proletariatet i offentlig sektor og i tenesteyting (med eit fleirtal av kvinner), som enno ikkje heilt har skjønt makta si og rolla si, no trer fram på scena med ganske stor kraft. Dette proletariatet er også for tida mindre mottakelig for propagandaen frå Le Pen. Men så har dei heller ikkje enda blitt ramma av krisa med samme brutale kraft som det gamle kjerneproletariatet. Mykje erfaring tyder på at mange av dei også kan søke til ytre høgre dersom det ikkje finst noe truverdig heilskapelig alternativ til venstre. Om noen kan vise til noe anna slikt alternativ enn oppheving av kapitalismen – dvs kommunismen – så vil ikkje det vere truverdig. Og det seier eg med alle dei delte erfaringane frå «dei virkelig eksisterande sosialismane» klårt i minne.

Svært mange stader i verda har monopolkapitalen gått vekk frå den sosialdemokratiske politikken fordi han no er eit umulig alternativ. Den nye forma for monopolkapitalistisk liberalisme vil på si side føre til det som liberalismen har ført til tidligare i historia stadig meir monopolisering med større kriser og krigar. Alternativet, som det imperialistiske monopolborgarskapet da vil sitte igjen med, er fascismen. Det veit dei, og dette alternativet bygger dei derfor opp no rett for augene på oss, som ein siste garanti for makta si. Og dei lurer med seg dei som bare har seg sjølv å drepe dersom dei går på limpinnen.

Det er mellom anna dette som gjør det heilt naudsynt med ein allianse mellom dei som vil avgrense kapitalen sine skadeverknader og dei som vil oppheve han. Og som gjør det nødvendig å ga opp ein grense mellom dei som strever etter reformar fordi dei set dei menneskelige behova framfor kapitalen sine behov og dei som bare vil reformere vekk kapitalen sine verste skadeverknader fordi dei eigentlig set kapitalen sine behov høgast. Til dette treng å utvikle ein vi-bryr-oss-ideologi som kan sameine alle til felles kamp mot den moderne imperialismen, for stetting av rimelige menneskelige behov og for eit medvite samvirke mellom frie individ.

Norge

I Norge er ikkje utviklinga så brutal som i Frankrike, så vi har kanskje litt betre tid på oss til å klare det. Men ventar vi for lenge, kan det bli for seint, og da kan det bli 100 år med rase og fundamentalistisk religion.

Marxistar kan ikkje bruke marxismen nett som han var/er heller, fordi vi ikkje kan følge direkte i spora til dei «virkelige sosialismane» i Sovjet og Kina osv, og fordi vilkåra andre stader i verda har endra seg sidan «klassikarane» skreiv ned sine røynsler. Vi må tvert imot lære alt vi kan av dei positive og negative erfaringane i desse statane. Vi må lære av utviklinga i dei «fattige» landa, pluss ta med i rekneskapen alle dei vilkåra som finst i dei høgt utvikla kapitalistiske landa, for å skape entusiasme for «ein sosialisme som verda enno ikkje har sett» og ein kommunisme i Karl Marx si «ånd». Derfor må marxismen gå gjennom ein renessanse for å få ny kraft, både i arbeidet med politiske alliansar og i det langsiktige arbeidet for ein moderne og sosial kommunisme.


Kjelder

Opplysningar frå artiklar i Le Monde Diplomatique, sidene 3-5, for desember 1995 (Rinke Van Den Brink og Alain Bihr: «L’extrème droite à la conquète du prolétariat) og frå New Left Review, sidene 94-100, for juli/august 1995 (Gavin Bowd: «La fracture sociale»).