Stemmerett i 100 år – og enno ikkje i mål

Av

Nr 3 2013


Beatrice Halsaa er Beatrice Halsaa ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo.
Magnhild Folkvord er journalist i Klassekampen, og er aktuell med boka Fredrikke Marie Qvam Rabaldermenneske og strateg. Se omtale på side 94.
– Kvinnestemmerettsforkjemparane kravde stemmerett for kvinner på same vilkår som menn. I kva monn har stemme-retten gitt kvinner makt i samfunnet på line med menn?

– Det er fleire svar på spørsmålet. Stemmerett er ein rett blant mange rettar kvinner har kjempa for, som alle har konsekvensar for maktforhold mellom kjønn. Den må sjåast i samanheng med rett til arbeid, utdanning, pensjon og så vidare. Med stemmeretten følgjer også retten til å stilla til val. Begge delar er svært viktig. Men både nominasjonsprosessar og valordning gjer sitt til at stemmerett for kvinner ikkje er nokon garanti for at kvinner blir valde inn i folkevalde organ, seier Halsaa.

– Kva har stemmeretten gjort for endring i viktige kvinnespørsmål?

– Det ser svært ulikt ut om du ser Noreg utanfrå eller innanfrå. I eit internasjonalt perspektiv har kvinner i Noreg fantastiske livsvilkår, og Noreg blir sett opp til. Dette er dels som følgje av stemmeretten og andre politiske høve, dels på grunn av økonomisk velstand ikkje minst knytt til oljen. Men vi som ser Noreg frå innsida, er og opptekne av kva som ikkje er gjort. Det er ikkje så mykje som manglar når det gjeld formelle rettar for kvinner, men det er mykje av dårlege praksisar. Det gjer at likestillinga ikkje verkar slik mange hadde venta, seier professoren.

Politikk for likestilling

Halsaa minner om likestillingsmeldinga – Politikk for likestilling (NOU 2012:15), eit resultat av det offentlege likestillingsutvalet sitt arbeid under professor Hege Skjeie si leiing.

Skjeie-utvalet oppsummerte at den norske politiske toppleiinga er solid mannsdominert, med to unntak: regjeringa og gruppeleiarane i Stortinget. Regjeringa har i praksis vore kjønnskvotert etter 1986. Kven som er gruppeleiarar, er prega av kven som er partileiarar, og i seinare tid har det vore kvinnelege partileiarar i dei fleste partia. Men i andre topposisjonar er det ein tydeleg tendens til å vurdera menn som dei best skikka, også i lokalpolitikken. Av 429 ordførarar er 96 kvinner – etter valet i 2011. I snitt blir ei kvinne vald i to av ti tilfelle, konkluderte Skjeie-utvalet.

Ei undersøking i 2001 viste at kvinnedelen i den norske makteliten var 17 prosent. I 2011 var dette talet auka til 25 prosent. Innafor politikken var forandringa i den same perioden svært lita: frå 39 til 41 prosent.

– Dei fleste blir overraska når dei ser konkret på korleis makt blir fordelt mellom kjønna. Dei tala ein kjem fram til da, stemmer ikkje med glansbiletet av likestillingslandet Noreg, seier Halsaa.

Ho meiner biletet av Noreg som et likestillingsparadis heng saman med internasjonale likestillingsindeksar som målar likestilling på ein måte som gjer at Noreg kjem høgt samanlikna med andre land.

– Eg er einig med likestillingsutvalet i at fordeling av maktposisjonar i politikken er viktig, saman med økonomisk fordeling. Eit anna overordna spørsmål er vald mot kvinner – diskutert som sårbarhet i likestillingsutvalet. Eg veit ikkje om det har blitt mindre vald mot kvinner enn før – valdtekt, seksuell trakassering, vald i nære relasjonar – men eg veit at problemet framleis er stort. Frykta for vald rammar alle kvinner, og pregar måten foreldre oppdrar barn og unge på. Unge jenter må åtvarast om kor dei kan ferdast og korleis dei skal te seg. Det har blitt meir offentleg merksemd om dette, og mange tiltak til hjelp for dei som blir utsette for overgrep. Men framleis er trugsmålet der, og det gjer noko med kvinners rett til å røra seg fritt. Eg går til dømes ikkje åleine gjennom Slottsparken når det er mørkt – og det irriterer meg, seier Halsaa med ettertrykk.

Ho trur ikkje at likestillingslandet Noreg er betre enn andre land når det gjeld vald mot kvinner. Vi har fått mykje forsking om seksualisert vald, men har som samfunn i liten monn makta å bruka den til å førebyggja vald, noko russevaldtektene denne våren viser tydeleg.

– Kva er gjort av forsking som kan gi betre innsikt?

– Øystein Gullvåg Holter har funne ein positiv samanheng mellom likestilling i familiar og valdsbruk (sjå NOU 2012:15). Det kan gi eit visst håp på lang sikt, men det endrar ikkje situasjonen her og no.

Modige jenter

Av lyspunkt når det gjeld jenters framtid, nemner Halsaa endringar i kjønnsrollene. Ho viser til Harriet Bjerrum Nielsen og Monica Rudberg si forsking som har dokumentert at det er færre stille og forsagte jenter i skolen.

– Eg trur ikkje songen «Varför har tjejer så svaga röster?» kunne vore skriven i dag, seier Halsaa. Ho meiner det no er mange unge kvinner som har bra med sjølvtillit. Ho nemner også dei mange unge jentene og kvinnene i leiarposisjonar, både i ungdomsorganisasjonar og i fagrørsla, og kvinner på topp både i NHO og i LO.

– Men om kvinner blir leiarar, er det nokon garanti for at det blir ein annan politikk?

– Nei. Det er det ikkje. Det eine er at kvinner i liten monn har hatt del i den økonomiske makta. Og i det politiske systemet er parti og ideologisk tankegods viktigare enn kjønn når politikken skal utformast. Men det partipolitiske landskapet har likevel forflytta seg som følgje av kvinners deltaking. Tema som likestilling, likelønn, kvinnediskriminering, omsorgspermisjon, barnehagar, vald mot kvinner og seksuell trakassering har blitt politiske tema. Ein rad «kvinnespørsmål» har prega alle partia, sjølv om dei har ulike svar på kva som bør gjerast. Også mannsrolla og maskulinitet er tema for politisk debatt.

Halsaa meiner også det er viktig å hugsa at personane i politikken framleis har mykje å seia.

– Det trengst heile tida personar som står for noko og som tør å ta politiske konfliktar. Personar som Hambro, Gerhardsen og Brundtland har sett preg på norsk politikk. Enkeltmenneske som til dømes Inger Louise Valle, Kirsti Kolle Grøndahl, Mona Røkke og Astri Gjertsen har vore viktige for likestillingspolitiske reformer.

Kapitalistisk verdsøkonomi

– Skal vi vurdera maktfordelinga i samfunnet i eit større perspektiv, må vi også sjå på kva for institusjonar som pregar samfunnet i sterkast grad. Det er ikkje politikken aleine som rår. Vi lever i ein kapitalistisk verdsøkonomi, og Noreg har gitt frå seg mykje makt til internasjonale organ, slik som EU. Det ser ut til å vera solid politisk støtte til dette økonomiske systemet som legg føringar utanfor nasjonal kontroll.

Halsaa merkar seg det EØS-kritiske vedtaket på LO-kongressen som ein viktig siger for dei som vil regulera marknadskreftene meir. Men det er grenser for kor mykje politisk styring det er råd å bruka mot EUs såkalla fire fridommar – fri flyt av personar, varer, tenester og kapital. Og det er usemje også i LO om tolkinga av LO-vedtaket.

 – Er det rett å seia at marknadsøkonomien slår verre ut for kvinner enn for menn?

– I Noreg som i andre land er arbeidsmarknaden sterkt kjønnsdelt, eller segregert. Kvinner og menn arbeider i ulike sektorar og yrke. Offentleg sektor er til dømes blitt meir kvinnedominert, mens fleire store mannsyrke i privat sektor er blitt meir mannsdominerte. Menn dominerer framleis i leiarstillingar. Lønn blir fastsett gjennom forhandlingar i lønnsoppgjera, og der er det semje om at offentleg sektor ikkje skal være lønnsleiande – på grunn av marknadsøkonomiske vurderingar. Det inneber at lønnsskilnader følgjer skilje i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Framlegget om eit løft for kvinnedominerte yrke i offentleg sektor, i form av ein kvinnepott eller likestillingspott (sjå NOU 2008:6 Kjønn og lønn) vart aldri følgt opp. Dermed slår marknadsøkonomien verre ut for kvinner.

– Noreg er innvevd i ein global økonomi, og norske kvinner og menn er med på å utnytta kvinner i andre land gjennom dei økonomiske strukturane vi inngår i. Det er eit tankekors at dess rikare vi blir, dess ivrigare ser det ut til at vi blir etter å kjøpa billege klede og andre varer produserte av folk som arbeider under elendige lønns- og arbeidsvilkår i land langt borte. Misbruk av au pair-ordninga er eit døme på konsekvensar av at kvinner i arbeid har tatt over ein mannleg modell.

Halsaa ser ingen grunn til å vera optimist når ein ser korleis folk i Noreg møter dei store utfordringane i verda.

– Eg kan ikkje sjå at dette blir tatt på alvor av institusjonar og personar med makt til å setja i verk tiltak. På 1970- og 1980-talet var det tendensar til økofeminisme, og ei viss mobilisering kring omgrepet berekraft. No ser dette ut til å vera noko som framfor alt går føre seg på individnivå. I dette perspektivet har ikkje kvinnestemmeretten gitt oss mykje nytt av verdi eller ført til betre praksisar.

Patriarkatet lever

– Er full kjønnsbalanse i politikken ei realistisk målsetting?

– Det er ei rimeleg målsetting, og eg ser ingen grunn til at det ikkje skulle vera eit mål. Men vi skal ikkje bruka den talmessige fordelinga som absolutt mål for kvinners rettigheiter. Eg trur ei jamnare fordeling av posisjonar i politikken vil komma, mellom anna fordi kvinner har god utdanning og andre ressursar, men eg veit ikkje når. Eg trur med andre ord ikkje likestillingsutviklinga på dette feltet vil snu. Men om kvinner skal få meir makt, må menn gi frå seg makt, heilt konkrete maktposisjonar, og det er ikkje gjort over natta. Og balanse i politikken borgar ikkje for kjønnsbalanse i andre institusjonar. Ser ein på kunstfeltet, til dømes, er ikkje kvinner i nærleiken av balanse.

– Stortingsdebatten på 1890-talet kan tyda på at stortingsrepresentantane den gongen var meir redde for kjønnsmessige enn for klassemessige endringar i maktfordelinga – det var lettare å få til allmenn stemmerett for alle menn utan omsyn til skatteevne, enn i det heile å gi kvinner stemmerett. Korleis ser dette ut i dag?

– Den gongen var det eit større prinsipielt sprang å anerkjenna at kvinner var menneske på lik line med menn – menneske med fulle rettar – enn det var å anerkjenna at menn i arbeidarklassen var menneske med same rettar som menn frå borgarskapet hadde. I dag er det omvendt – det er lett å snakka om kjønn og om likestilling mellom kjønn – som mange trur er ein realitet, men det er vanskelegare å snakka om klasse og om maktforhold mellom klasser. Som om økonomisk ulikskap er meir abstrakt?

– Dei mest patriarkalske på 1890-talet argumenterte
som om politisk makt til kvinner var
eit trugsmål mot samfunnet. Slik snakkar ingen
i dag, men er det likevel noko att av ei meir eller
mindre irrasjonell mannsmakt som set grenser for
kvinners makt?

– Ja, sjølv om kvinner har vunne sin rett til å delta i politiske institusjonar, er det framleis døme på at dei blir vurderte etter andre standardar enn menn. Sjølv om ingen snakkar om at kvinner med makt er eit trugsmål mot samfunnet, kan det fortsatt vere mange som meiner det, særleg er kvinner med ein tydeleg feministisk identitet utsette. Dei harde åtaka mot feministar som uttaler seg i media er eit døme. Seksuell trakassering set grensar for kvinners makt, usynleggjeringa av kvinnelege kunstnarar i galleri og museum er eit anna; mangel på anerkjenning av kvinner som religiøse leiarar er eit tredje døme på at det er mannsmakt som rår i mange institusjonar.

Humaniteten og demokratiet

– Kva må til for å mobilisera kvinner til å bruka stemmeretten i større monn no til dags?

– Det er viktig å følgja med på, og engasjera seg i nominasjonsprosessane i partia, dei avgjer kven det vil vera mogeleg å stemma på. Generelt er det ein fallande tendens i oppslutninga om etablerte kanalar for politisk deltaking, det gjeld ikkje berre Noreg. Det er ingen grunn til å tru at partia slik vi kjenner dei i dag skal vara evig, vi må rekna med at dei politiske kanalane endrar seg over tid både i form og innhald. Men om vi finn andre måtar for å få fram meiningsytringar på, som kan sikra mangfald og representativt demokrati i same grad som partia gjer, det veit vi ikkje, seier professoren.

Ho minner om at i gode tider, når dei fleste har det trygt og rimeleg bra økonomisk, kan det vera ein tendens til å slappa av i forhold til demokratiske pliktar, det kan sjå ut til at det ikkje er så mykje ein treng å slåst for, og så lar ein vere å engasjera seg.

– Spørsmålet er korleis dette endrar seg når eit land blir utsett for økonomisk krise. Førebels gjeld ikkje det Noreg. Men kor godt skodd er vi til å møta slike endringar? Kor mykje solidaritet greier vi å ta vare på? Kanskje må vi bu oss betre på å slåst for humaniteten og demokratiet, seier Halsaa.