Samtalen: Feministisk praksis

Av Gyro Fjordheim Fjermedal

2019-03

Målet med feminisme er å bryte ned og endre patriarkalske strukturar i samfunnet. Som feministar jobbar ein blant anna mot skeivfordeling av husarbeid, og løn, mot diskriminering og trakassering. Men desse strukturane opphøyrer ikkje på dørstokken til partimøtet eller når ein reiser på sommarleir i ungdomspartiet. Det krevst arbeid for å endre strukturar i ei feministisk retning, òg i radikale bevegelsar. Dette arbeidet omtaler ein ofte som feministisk praksis.

Gyro Fjordheim Fjermedal er tidlegare feministisk ansvarleg i Rød Ungdom.
Foto: Gudmund Dalsbø/Runa Fjellanger

Tilbud til nye abonnenter: ETT ÅRS ABONNEMENT TIL 100 KR! Send kodeord gnist + e-postadresse til 2090. Obs! Husk e-postadresse!

Kjersti Ericsson er kriminolog, forfattar og tidlegare leiar av AKP (m-l). Ho var sentral i kvinneopprøret i AKP og har blant anna skrive Søstre, kamerater!, som er oversatt til fleire språk.

Linn-Elise Øhn Mehlen er tidlegare leiar av Rød Ungdom, 2014-2018. Ho har blant anna markert seg i feministiske saker som retten til abort og kampen mot skjønnhetstyranniet.

Ei av dei som byrja arbeidet med feministisk praksis i vår bevegelse, var Kjersti Ericsson. Ho blir rekna som ein av leiarane av kvinneopprøret i Arbeidaranes Kommunistparti (AKP (m-l)) på 80-talet. Ho var leiar av AKP frå 1984 til 1988. Kjersti Ericsson er òg kjent som forfattar av fleire verk, der fleire er sentrale som politisk litteratur i både Rød Ungdom og Rødt.

Fleire tiår etter kvinneopprøret i AKP er framleis feministisk praksis eit viktig tema. Ei av dei som har vidareført arven frå kvinneopprøret er Linn-Elise Øhn Mehlen, som var leiar i Raud Ungdom frå 2014 til 2018. Mens ho var leiar i Rød Ungdom har organisasjonen arbeidd mykje med blant anna kampen mot skjønnheitstyranniet og fått stor framgang i arbeidet med å merke retusjert reklame.

Til saman har Ericsson og Mehlen godt over 10 års erfaring frå leiinga i bevegelsen, og begge har fire år kvar som leiar av høvesvis AKP og Rød Ungdom.

For Mehlen er det sentrale ved feministisk praksis at det er ein praksis som er med å rette opp ujamnskapane ein har mellom kjønn i dag.

– Klassiske eksempel er å anerkjenne kven som snakkar mest, kven som tar på seg oppgåver som å rydde eller å fikse kaffi og kjeks og å ha eit aktivt forhold til at disse tinga finn sted. Slik kan ein òg starte på arbeidet med å rette opp i det og fordele oppgåver, seier Mehlen.

– Det å sjå makt, det er jo eigentleg det det handlar om. Å sjå makt og kven som har den formelle og uformelle makta, oppsummerer ho. Mehlen er ikkje i tvil om at denne praksisen er viktig i ein organisasjon som ønskjer å endre nettopp korleis makt er fordelt.

– Det er så lett å falle inn i mønster som ein ser elles i samfunnet rundt oss, også for oss i Raudt og Raud Ungdom. Feministisk praksis vil vere viktig for å rette opp dette for å få ein organisasjon, og eit samfunn, som er meir balansert. Det er viktig fordi makt er ujamt fordelt, og vi ønskjer å vere ei motvekt til den ujamnskapen, fortset ho.

Då Ericsson blei med i ML-bevegelsen var det ikkje noko særleg feministisk praksis som var etablert.

– Det var ikkje nokon eksplisitt feministisk praksis, men så blei Kvinnefronten starta, og der var det mange jenter frå ml-bevegelsen som var aktive. Det at ein dreiv kvinnekamp eksternt førte òg til at det blei viktigare internt, fortel Ericsson.

– Det førte til at ein fekk eit nytt blikk på ting og at det blei tydelegare at det òg var ting å gjere internt i bevegelsen, fortset ho.

For Ericsson er denne samanhengen mellom det interne og eksterne arbeidet viktig å understreke.

– Vi som blei det såkalla kvinneopprøret i AKP, tenkte at det var ein samanheng mellom den eksterne kampen vi dreiv, og det som skjedde internt. Den samanhengen var veldig viktig for oss. Det å forandre partikulturen i feministisk retning skulle ikkje berre vere ei isolert greie. Ein viktig del av det med å forandre partiet innanfrå var å forandre politikken og kvinnepolitikkens plass i partiets arbeid. Slik vi så det, skulle det tene til å gje både den langsiktige kampen og dagskampen på kvinnepolitikkens område større plass, og at det skulle bli større forståing for samanhengen mellom revolusjonær politikk, kvinnekamp og strategi, fortel ho.

At det har vore ei utvikling, kan ein blant anna sjå på korleis ein i nyare tid legg merke til ein meir eksplisitt feministisk praksis i organisasjonen, som Mehlen fortel om.

– Det er mange ting ein ikkje legg merke til først, men som er der, til dømes at det er kvinneleg innleiar på møtet eller at lagsleiaren er kvinne. Men det første som eg husker, som nok er klassisk for mange, er jente- og gutesamlingar. Eg trur eg som mange andre, syntest det var litt rart i starten, det var merkeleg å bli konfrontert med sitt eige kjønn på den måten, og at ein peikte på at det ligger nokon avgrensingar i mitt kjønn. Det kan for mange være ein ny måte å tenke på, fortel ho.

Sjølv om det i starten kan vere uvant å snakke så opent om kjønn og avgrensingar som kan følgje med det, meiner Mehlen det er nettopp dette som er viktig. Ein må først vere bevisst på at det finns ulikheiter før ein kan starte arbeidet med å fjerne dei.

Fleire av tiltaka Ericsson nemner som noko ein begynte med, er tiltak som ein framleis driv med i dag. Nokre av tiltaka, som å halde oversikt over taletid og kjønn og å flytte kvinner opp på talelista, er tiltak som i dag er fast praksis i blant anna landsstyret til Rød Ungdom. Når ein snakkar om kvinnekamp, både intern og ekstern, kjem ein ikkje utanom å snakke om Bøllekurs. Bøllekursa som ein starta med på 80-talet, er framleis ein viktig del av arbeidet til Raud Ungdom i dag, og har også blitt brukt i ulike formar av andre organisasjonar.

– Det var jo eit opent tilbod, ikkje berre for AKP-jenter på nokon måte. Det er veldig mange som har gått Bøllekurs, langt utanfor våre rekker. Og så hadde det òg ei viss betydning internt, fortel Ericsson.

Mehlen fortel at det å halde Bøllekurs òg kan gje motivasjon i arbeidet med kvinnekamp.

– Når du held bøllekurs så ser du at jenter går ut av kurset og seier at dei nå tørr å ta meir plass. Det trenger ikkje vere mykje meir plass, men til dømes at ei jente seier at nå tørr ho snakke høgt i samfunnsfagtimen. Det er utruleg motiverande, seier Mehlen.

Mehlen trekk fram Raud Ungdom si evne til å ta opp i seg feministiske bevegelsar i samfunnet som sentral i arbeidet med feminisme.

– Raud Ungdom har klart å sette fokus på det ganske mange har følt på, både med Feministruss-kampanjen nå i vår og med kampen mot skjønnheitstyranniet. Dette har gjort at Raud Ungdom òg har fått satt dagsorden i desse sakene, seier Mehlen.

Ericsson fortel om eit stort engasjement blant kvinnene som arbeide for kvinnekampen og for endringar både internt og eksternt. Det blei gjennomført mykje arbeid blant anna før landsmøte der ein vedtok nye vedtekter og program.

– Kvinner i partiet gjorde mye arbeid med å gjere undersøkingar, lese statistikk og samle kunnskap. Det grunnlaget var veldig viktig, slår Ericsson fast.

– Alt det vi dreiv med, bidrog òg til at vi fekk meir sjølvtillit og driv til å få det inn i partiets politikk og analyser, legg ho til. Arbeidet ein la ned, ga resultat.

– Det kom inn ganske mange forandringar, blant anna at det blei presisert at minst halvparten av den yrkesaktive arbeidarklassen var kvinner. Det var veldig viktig for oss å ha eit kvinneperspektiv på klassepolitikken, fortel ho.
Ericsson opplevde òg at det etter kvart blei endringar i partikulturen. I tillegg til endringar i partiet blei arbeidet ein gjorde òg spreidd ut i andre organisasjonar der kvinnene var med. Ericsson fortel at det blant anna blei tatt initiativ til kvinneorganisering i andre organisasjonar, slik som fagforeiningar.

For Mehlen er det openbart at arbeidet ein har lagt ned har fått resultat.

– Når eg ei stund var den einaste ungdomspartileiaren som var kvinne, så meinte eg jo heile tida at det var tilfeldig at det var Raud Ungdom som hadde den kvinnelege leiaren akkurat då, men at det ikkje er tilfeldig at Raud Ungdom har kvinnelege leiare, fortel ho.

– Over lang tid har ein vore gode på å sjå maktubalansar og kjønnsforskjeller og arbeidd mot dette. Det har gjort at ein har hatt veldig mange dyktige kvinner og jenter i Raud Ungdom. Nå på vallistene til Raudt er det òg ganske jamn kjønnsbalanse, fortset ho.

– Men det er jo ingenting av dette som kjem av seg sjølv, slår Mehlen fast.

Sjølv om ein har kome langt, meiner òg Mehlen at ein framleis har ting å arbeide med. Ho opplever at ein i Raud Ungdom i stor grad er på same bølgelengde når det gjeld kvinnekamp, både ekstern og internt. Men at dette kanskje manglar litt i Raudt.

– Ein treng eit parti som Raudt, som ser klasse og feminisme saman. Raudt har eit så godt grunnlag for feminisme og kvinnekampen, men så klarer ein ikkje å få det heilt ut, seier ho.

Mehlen opplever at feminisme ikkje er det som har blitt høgast prioritert dei siste åra.

– Det er ikkje éin grunn til det, og det kan ha vore ei riktig prioritering, men det betyr at framover så trenger ein å sette i gang prosjekt, til dømes som dei Raud Ungdom har hatt stor suksess med, fortset ho.

I det vidare arbeidet håper Ericsson det igjen kan bli tatt initiativ til ei analyse av korleis situasjonen er for arbeidarar og kvinner i dag.

– Det vil eg verkeleg understreke, den typen analyser og kunnskapsinnsamling, det er ein veldig sentral del av kvinnepolitisk arbeid, seier Ericsson.

– Det var vel Siri Jensen som utvikla teorien om to spissar1. Det er veldig viktig at ein har politikk for begge og for eininga mellom dei, og det må vere ei eining som ikkje går ut på at kvinnene skal underordne sine krav, seier ho.

Både Mehlen og Ericsson understrekar behovet for kontinuerleg arbeid med feministisk praksis og kvinnekamp. Ericsson meiner ein kan sjå behovet for nokre av dei same kampane i dag som ho har vore med på å ta tidlegare.

– Det er ein tendens til at når ein snakkar om klassepolitikk så får ein inntrykk av at arbeidarklassen er menn, kvite menn. Mens kvinnepolitikk det er identitetspolitikk, som om det ikkje er noko materielt, som om ikkje det har nokon sosiale, materielle konsekvensar. Då tenker eg: som vi har jobba med det der. Vi har argumentert, og funnet tall, og forsøkt å lage klassepolitikk med kjønnsperspektiv. Likevel så kjem det tilbake mange år etterpå, sukker Ericsson. Ho peiker på korleis ein stadig må halde oppe fokuset på kvinnekampen.

– Kvinnepolitisk arbeid er som husarbeid og må gjerast om igjen og om igjen, elles så fell det tilbake til slik det var. Ein må vere veldig bevisst heile tida, seier Ericsson.

Mehlen trekk linjer frå det kontinuerlege arbeidet ein har gjort til kor bevegelsen er i dag.

– Eg meiner jo at det er ekstremt viktig at ein opprettheld det fokuset ein har på å snakke om kjønn og eventuelle avgrensingar. Det er sånn eg trur ein har fått ein organisasjon kor det speler ei så lita rolle, seier Mehlen. Ho understrekar at det at man har gjort eit tiltak eller fått gjennom ein seier ikkje gjev grunn til å kvile på laurbæra.

– Når ein har fått gjennomslag er det lett å tenke at «då har vi gjort dette». Noko av det vanskelege er å sikre at suksessane ein har blir ført vidare og at det ikkje stopper opp, fortset ho.

Det er tydeleg at arbeidet som Ericsson og andre starta i AKP, har vore viktig for utviklinga av feministisk praksis i partiet. I tillegg har det hatt ringverknader utover partiet. Bøllekursa som har blitt helde opp gjennom åra, har nådd tusenvis av jenter og kvinner, og kvinneorganisering har blitt løfta også i andre bevegelsar. Arbeidet som starta med kvinneopprøret, blir i dag tatt vidare av nye generasjonar i både Raudt og Raud Ungdom, og det er ingen tvil om at dette arbeidet både er nødvendig og nyttig. I ei tid der ein ser fleire angrep på kvinners rettar, vil viktigheita av kvinneorganisering og kvinnekamp, både internt og eksternt, neppe bli noko mindre.

Sluttnoter:

  1. Teorien om at arbeidarklassen har to spissar, den eine er det tradisjonelle kjerneproletariatet, den andre er den kvinnelege delen av arbeidarklassen. Sjå t.d. «To spisser og To spisser i arbeiderklassens kamp», Rødt! Nr 3 (2009), tilgjengeleg på marxisme.no.