Så er det val igjen. Vi skal velja president!

Av

Nr 4 2012

Judith Mirkinson bor i San Francisco, og har vært aktiv i kampen mot rasisme, deltatt i fredsbevegelsen og kvinnekampen i USA i over 40 år. Hun er en av stifterne av Gabriella Network, en solidaritetsorganisasjon mellom kvinner i Filippinene og USA.
I Rødt! nr 1/2012 skrev hun om kvinnekampen i USA, og hun innleder om abortkampen i USA på Kvinnekonferansen 10. november.
Artikkelen er oversatt av Magnus Bernhardsen.

Kvart fjerde år vert amerikanarane fortalde at valet er høgdepunktet i demokratiet vårt, nei, det ypparste i uttrykket for demokrati i verda! Kommentariatet vil kommentera, milliardane vil fløyma, og kandidatane vil kjempa mot einannan og drukna oss med form over innhald.

Presidentvalet I USA er no vorte ei endelaus affære og takla som eit fotball-VM eller baseball-meisterskap. Økonomien går dårleg; det tyder at det går bra for Romney. Romney vil ikkje gje ut likningane sine: då går det betre for Obama. Kvart vesle sitat vert analysert, kvar teite feil vert gjort større. Lausrivne sitat vert kringkasta – det har ikkje noko å seia om det kandidaten seier er sant – folk skal berre lytta. Og etter ei stund byrjar folk å tru på det dei høyrer, same kva sanninga eigentleg er.

Det er essensielt at veljarane trur dei har eit reelt val og ei røyst i kva slags regjering vi skal få. Dei må tru at det å røysta kvart fjerde år på eit av dei to store partia kan gjera ein skilnad.

New York Times, som alltid prøver å gje tyngd til sirkuset, klagar: «Dei viktige sakene vil ikkje verta snakka om, ingen løysingar vil verta gjevne.» Men førestillinga må halda fram.

Spørsmålet er ikkje kva ein kan tilby, men kor dårleg den andre personen er.

Som den republikanske talsmannen i kongressen, John Boehner, nyleg sa:

Det amerikanske folket vil truleg ikkje forelska seg i Mitt Romney. Eg vil seia det slik: 95 prosent av dei som møter opp i vallokala i november kjem til å røysta for eller mot Barack Obama.

Meiningsberarane og meiningsmålingane seier at det vert eit tett løp. Det verkar nokså utruleg, med tanke på det valdsame engasjementet Barack Obama vekte for berre fire år sidan. Ein skulle tru at Obama ville halda fram med å vera det mest ideelle valet for herskarklassen. I røynda er han på høgresida hjå demokratane, og har stått for krig og ein militarisert tryggingsstat. Samstundes er han ung og karismatisk, og snakkar om framtida og eit USA som bryr seg om heile folket. Som den første afrikansk- amerikanske presidenten representerer han eit Amerika som har overkome historia si – ein president som er perfekt for USA i denne nye, meir komplekse verda vi lever i.

Det vert eit nytt «demonstrasjonsval» – eit konsept som er utvikla og perfeksjonert i USA – og no vert spreidd til heile verda. Å velja innanfor eit avgrensa utval skaper illusjonen av demokrati, og illusjonen av eit verkeleg val. USA kan ikkje lenger støtta diktatur – sjølv om det er samanfall mellom interessene våre. I staden applauderer USA folkemakt, people’s power, slik ein kvitta seg med Ferdinand Marcos og erstatta han med nokon med nett dei same klasseinteressene og det same tilhøvet til USA. Den arabiske våren? Den er OK så lenge det er generalane som avgjer kven som skal vera i den neste regjeringa.

Sanninga er at folket, om det er i USA eller ein annan stad, ynskjer å røysta og å ha ei røyst. Men kva for val er det om båe partia representerer eliten?

Dette valet kjem midt i ei økonomisk krise og resesjon. For berre eitt år sidan gav Occupy-rørsla gjenlyd blant millionar av menneske då ho sette søkjelyset på urettferda i kapitalismen. Politikarane (og marknadsførarane som såg nye måtar å selja produkt på) tok med glede opp kampen mot den eine prosenten. Men det er ikkje mykje som er endra. Dei rike vert rikare: Wall Street får større og større profitt. Demokratane kan skulda på republikanarane for ikkje å ville skattleggja dei rike meir, men deira eigen skattepolitikk vil gje dei rikaste lågare skattar enn nokon gong dei siste femti åra.

Kva med motstanden?

Kvart fjerde år går venstresida – eller det som er att av ho – i hi, og melder seg til teneste i valkampanjen til demokratane. Fagrørsla løyver millionar av dollar for å få den demokratiske kandidaten valt. I valet i 2008 dro tusenvis av progressive – frå liberalar til folk som reknar seg som antiimperialistar – til statane der kampen var jamnast for å få veljarar til å registrera seg og møta opp på valdagen. Om du arbeidde for ei fagforeining, var du i praksis ein valarbeidar for det demokratiske partiet. Venstreparti, til og med marxist-leninistar, var splitta i spørsmålet om det var viktig å røysta på Obama. Jau, han stilte opp for å verta leiaren av imperiet, men han høyrdest progressiv ut, og var ikkje McCain. Og det å få ein svart president i eit land bygt på slaveri og rasediskriminering var ei for stor sak å oversjå.

Fire år seinare har Obama stått for ekstreme åtak på borgarrettar, ei utviding av dronekrigføringa og framhaldet av drap på sivile i namnet til kampen mot terrorisme. Dette ville ikkje vorte tolerert under George W. Bush. Men under Barack Obama vert det bortforklart, tolerert og ignorert.

Kva med tredjepartialternativa? I 2000 stod Ralph Nader på val for dei grøne. Millionar røysta på han i protest mot krigshissinga og kuttpolitikken til Clintonadministrasjonen. Den demokratiske kandidaten, Al Gore, vann fleirtalet av røystene, men tapte valmannsrøystene då den høgreorienterte høgsteretten i praksis fråtok tusenar av veljarar i Florida røysteretten, og gav sigeren i staten til George W. Bush. Progressive folk erklærte at Gore tapte på grunn av dei grøne og Ralph Nader. Aldri igjen. Om du så mykje som tenkjer på å røysta for nokon annan enn demokraten, vert du fortalt at du kastar vekk røystesetelen din. Og om ein vel å ikkje røysta, fordi det ikkje er nokon du kan røysta for? Vel, då seier dei at du ikkje har rett til å kritisera nokon i framtida.

Sanninga er at Obama begeistra befolkninga generelt og venstresida spesielt. Og sjølv om denne begeistringa i stor grad har svunne bort og mange er skuffa, så vil dei fleste likevel røysta på Obama. Det er ein kombinasjon av to ting. For det fyrste trur folk framleis at han har gode hensikter, at han har arva ein umogleg økonomi, og vart blokkert frå å få gjennom sin liberale dagsorden av ein umogleg kongress. For det andre er tanken på republikanarane ved makta umogleg å bera.

Det finst ein mytologi, som passar godt til den amerikanske ideologien der personlegdomen og filosofien til kvar kandidat og president utgjer ein stor skilnad. Til dømes vert Franklin Delano Roosevelt alltid kreditert med å vera mannen som fekk gjennom «New Deal» og heile konseptet om eit tryggingsnett, fordi han var så liberal og slik ein god mann. Det faktum at landet var på kanten av opprør, at det var ein periode med stor suksess for venstresida, vert ignorert.

Kva er skilnaden? Er det nokon?

Demokrati er meint å gje deg ei kjensle av val, slik som Smertestillar X og Smertestillar Y. Men båe to er eigentleg Aspirin. (Gore Vidal)

Republikanarane liker å framstilla seg som partiet for gode, gamle verdiar og æra til Amerika. Dei seier at Obama ikkje trur på Amerika, og at han vil selja ut både middelklassen og dei rike ettersom han er sosialist. «Berre sjå på helsepolitikken hans.» Subteksten deira er at Obama ikkje eingong er amerikanar (Og implisert i alt dette – hysj, hysj, han er svart). I botn ligg bodskapen: Vi er for middelklassen.

Bodskapen til demokratane er at dei er partiet for framtida: framoverskodande, mangfaldige og for middelklassen (i Amerika snakkar ingen om arbeidarklassen). Dei peiker på støtta Obama har gjeve til retten til abort og homofilt ekteskap, og standpunkta hans på innvandring og helse. I botn ligg bodskapen: Vi er for middelklassen.

Det minste av to onde?

Utanrikspolitikk

Ingen skilnad. Obama har halde kampanjeløftet om å intensivera krigen i Afghanistan og å drepa Osama Bin Laden. Han har sett i gang dronekrigføringa. Denne bruken av førarlause dronar i krigføringa har langtrekkjande konsekvensar.

USA snakkar ikkje lenger om kollaterale skader. No er det slik at om du er uheldig og vert drepen av ein drone, så må du ha vore ein terrorist, ettersom du elles ville ha kome deg ut av vegen. Etter det dei seier i det Kvite Hus, skriv president Obama personleg under på mållista. I mai inkluderte denne lista ei 17 år gamal jente. I ein tale til nasjonen sa Obama: «Personane på denne lista er aktive terroristar.» No kan eit land drepa av eige vilje, medan andre ikkje har noko å svara med. I motsetnad til mytane militæret, og forsvararane deira, fremjar, så er det tallause sivile som vert drepne, ikkje berre i Afghanistan og Pakistan, men også i Jemen og Somalia. Frå 2004 til 2011 vart det sendt ut 312 dronar, 260 av desse under Obama-administrasjonen.

Trass i all død og øydelegging er det ikkje mogleg å vinna krigen i Afghanistan. Faktisk er det slik at USA igjen prøver å få til fredssamtalar med Taliban. Sjølv om troppane har forlate Irak, er det mange tusen kontraktørar (les: leigesoldatar) igjen, og landet er framleis ustabilt.

Obama støtta militæraksjonen i Libya, og trugar no med militær handling i Syria. Han held fram med å truga regjeringa i Iran, og stiller seg fullstendig bak regimet i Israel og deira okkupasjon av Palestina.

Den triste røyndomen, som i så mange imperium tidlegare, er at det er få i USA som bryr seg om kva som skjer med folk rundt om i verda, så lenge det ikkje er mange amerikanarar som mistar livet. Så, om ein snakkar om utanrikspolitikk, har presidenten uansett carte blanche.

Tryggleiksstaten

Ingen skilnad. Etter 11. september 2001 kom Patriot-lova som autoriserte ransaking, arrestasjonar og telefonavlytting utan førehandsløyve frå retten om saka gjaldt terrorisme. Det vart sett opp lister med tusenvis av potensielle «fiendar av staten», med vekt på folk med muslimsk bakgrunn. Dette førte til enorme hemmelege databaser, i namnet til rikets sikkerheit.

Under Obama har tryggleiksstaten ekspandert eksponensielt. Avgjerder og handlingar som kanskje ville verta fordømt under Bush, er no akseptert og omtalt som prov på ei sterk utøvande makt.

Obama har ikkje stengt Guantanamo. Det er framleis 169 som vert halde der, 49 av dei på ubestemt tid, utan å få prøvd saka i retten. Og ein kvar person som er mistenkt å vera medlem av ein terroristorganisasjon, eller knytt til ein, kan verta halde på ubestemt tid.

Presidenten har no makt til å gje ordre om å ta livet av einkvar – inkludert borgarar av USA – om han reknar dei for å vera terroristar eller knytt til terroristar. I september 2011 resulterte dette i at den amerikanske statsborgaren Anwar al Awlaki vart drepen. Denne likvidasjonen ved bruk av ein førarlaus drone skjedde utan ei rettssak og på framand jord i Jemen.

Jau, regjeringa vil tillata noko opposisjon – det er bra for det demokratisk imaget og let folk tenkja at det er meir fridom enn det faktisk er. Vi har dei ’gode demonstrantane’ dei som held seg innanfor grensene, gjer lobbyarbeid og startar opp fleire og fleire organisasjonar. Men i det ting går litt over streken, med store ustyrlege gatedemonstrasjonar, slår staten ned på det med ein kombinasjon av arrestasjonar, storjuryar og den stadig nærverande storkapitalstyrte mediemaskinen.

Om skattar

Ingen grunnleggjande skilnad. Obama snakkar godt for seg, men i røynda betaler dei rikaste mindre i skatt no enn nokon gong dei siste femti åra. Han seier at han vil gjera slutt på dei serskilte skattekutta for dei som tener meir enn 250 000 dollar. Sjølv om dette vart gjennomført, ville denne gruppa framleis betalt mindre skatt enn dei gjorde for ti år sidan. Romney kallar dette sosialisme, og seier han vil forlenga alle skattekutta.

Resten av oss betaler faktisk høgare skatt. Dette i form av høgare avgifter på alt frå å registrera bilen til transportkostnader til moms. Og vi får stadig mindre att for pengane etter kvart som offentlege tenester vert kutta, skulepengane aukar, og infrastrukturen fell frå kvarandre.

Innvandring

Det er framleis meir enn 11 millionar papirlause innvandrarar i dette landet. Utan di ville ikkje økonomien gå rundt.

Det har vore ei voksande rørsle av latinoar – både med og utan opphaldsløyve – for innvandringsreform. Latinokongressmedlemer, som Luis Gutierrez, har risikert Obamas sinne ved å kjempa konsistent på denne saka. Som eit svar på dette presset, og for å sikra seg røyster frå latinoar, avgjorde Obama i juni at unge, papirlause innvandrar ikkje lenger ville bli deporterte om dei kom hit før dei fylte atten år, hadde vore her i meir enn fem år, og er i arbeid eller på skule. Denne avgjerda vil påverka meir enn ein million latinoar. Samstundes støttar Obama ei militarisering av grensene i sør, og har gjennomført ein drakonisk utvisingspolitikk. Obamaadministrasjonen har deportert meir enn 400 000 menneske, 30 % meir enn under Bush.

Romney støttar ikkje Dream-lova, som ville skapa ein veg til statsborgarskap for papirlause unge. Han støttar lover for å gjera engelsk til einaste språk. Valkampanjen hans fokuserer på spørsmålet om sysselsetjing og jobbar for «legale» innvandrarar, og reknar dette som måten å løysa problemet på. Romney vil openbert ha problem med å skaffa røyster frå latinoar, den raskast voksande gruppa røystarar i USA.

Abort, homofilt ekteskap, kvinnehelse og helsetenester

Demokratane støtta høgsterettsavgjerda Roe mot Wade i 1973, som gjorde abort lovleg. Obama pressa gjennom Affordable Care-lova, som er hans versjon av helsetenestereform. Den tillet born å vera del av helseforsikringa til foreldra fram til dei er 26, forbyr bruken av eksisterande helseproblem som grunn til å nekta nokon forsikring (men den gjer ikkje noko med dei stigande ratane om ein har slike problem), og gjer at nokre fattige utan forsikring kan få lågare pris på forsikringa. Det er minst 30 millionar utan forsikring, mange av dei born, så lova vil minska dette talet.

Sjølv om den nye lova om helsetenester vil utvida dekkinga, så gjer den det på kostnaden av eit universelt helsetilbod. Demokratane gjekk i staden inn for ein plan som gjer at forsikringsselskapa held på makta si, selskap som tener store pengar på sjuke folk. Dei fleste, også dei med forsikring, betaler meir for færre tenester kvart år.

Helsedepartementet held fram med å betala for nokre kvinnehelseklinikkar, og Affordable Care-lova seier at kvinner i arbeid med helseforsikring skal få gratis tilgang til prevensjon gjennom forsikringa si. Lova seier også at forsikringsselskapa skal dekka helsesjekk for diabetes, HIV og rådgjeving om vald. Men, Obamaadministrasjonen har gjeve etter for republikansk press om kvinnehelse. Tidlegare i år laga helsedepartementet ein regel om at jenter under 16 må ha resept frå lækjar før dei kan få den såkalla «angrepilla». Tidlegare kunne ein kjøpa den over disk.

Demokratane støttar no homofilt ekteskap, og har gjort det til del av valplattformen for 2012.

Republikanarane er fullt ut motstandarar av homofilt ekteskap, og støttar Defense of Marriage-lova som definerer ekteskap som berre noko mellom ei kvinne og ein mann. Meiningsmålingar viser derimot at sjølv republikanarar endrar standpunkt. Interessant nok nemnte ikkje ein gong eit nyleg utsendt spørjeskjema frå plattformkomiteen til republikanarane spørsmålet.

Republikanarane er valdsame i kampen mot abort – paven er ingenting i samanlikning. Dei vil rulla tilbake Roe mot Wade, og la abortlovene vera opp til delstatane der republikanskkontrollerte lovgjevande forsamlingar prøver (og ofte lukkast med) å gjera abort ulovleg og kvinnehelse utilgjengeleg. Dette trass i at meiningsmålingar viser at dei fleste amerikanarar støttar tilgangen til abort, og overveldande støttar tilgangen til prevensjon. Men, hugs at Romney står til svar andsynes ein veldig aktiv kjerne i partiet av evangeliske kristne, eksemplifisert med Tea party-rørsla.

Republikanarane har malt eit bilete av Affordable Care-lova som eit skritt på vegen mot totalitær sosialisme. Slik er nivået på debatten i denne valkampen.

«Det er økonomien, dust!»

Denne kjente frasen frå Clinton-strategen James Carville i 1992-valkampen, som spådde ein Clinton-siger, dominerer framleis politisk tenking, og økonomien går ikkje bra. Siste nytt i juli viser at arbeidsløysa offisielt held seg på 8,2 prosent. Det tyder at arbeidsløysa er på minst 12 prosent, og i nokre sektorar (ungdom, farga) er så høg som 25 prosent.

For fyrste gong sidan depresjonen har reallønna til middelklassen gått ned det siste tiåret. 1/10 000-del av familiane (folk som tener meir enn 7 millionar dollar i året) kontrollerer no 5 prosent av økonomien, opp ein prosent på førti år.

Tradisjonelt har ein svak økonomi vore ei katastrofe for ein sitjande president. Om dette viser seg å halda stikk i år, er uklårt. Men, det er framleis for tidleg å seia noko sikkert.

Pengar pengar pengar

Eit forsiktig anslag seier at valkampen i 2012 vil kosta meir enn 12 milliardar dollar. Meir enn halvparten av dette vil gå med til presidentvalet, med mesteparten til negative reklamefilmar på TV og lysingar på internett. Til samanlikning brukte ein 5 milliardar i 2008 (over ein milliard i presidentvalet), og det er mykje meir enn Bush og Kerry brukte i 2004-valet.

Dette er ikkje noko nytt. Pengar har alltid styrt valet. USA liker å peika på korrupsjon i andre land, men det er like korrupt her som andre stader. Aldri har ein trengt meir pengar for å driva ein kampanje enn no.

For to år sidan avgjorde høgsteretten i USA i saka Citizens United v. the Federal Election Commission, «sameinte borgarar mot den føderale valkommisjonen». I denne avgjerda uttalte «ein bittert splitta rett» at selskap har dei same rettane som individ, og at dei ikkje skal verta hindra frå å gje pengestøtte i valkampar. To månader seinare avgjorde høgsteretten at PACar, politiske handlingskomitear, som ikkje bidreg til spesifikke kandidatar, parti eller kampanjar, kan motta uavgrensa tilskot frå enkeltpersonar, fagforeiningar eller selskap.

Desse avgjerdene leidde til det vi kjenner som Super PACar, og utløyste ein pengeflaum utan sidestykke. Berre i år har 26 milliardærar gjeve meir enn 61 millionar dollar til Super Pacar. I juli 2012 sa supermilliardæren Sheldon Adelson (som finansierte Newt Gingrichs feilslåtte valkampanje) at han var villig til å gje minst 100 millionar dollar for å slå Obama. Dei høgrevridde Koch-brørne (som alt ha gjeve millionar til kampen mot abort og homofilt ekteskap) har sagt at dei er villige til å bruka over 400 millionar dollar på valet i 2012.

Per 1. august hadde Super Pacane brukt 109 041 529 dollar.

Bernie Sanders, senator frå Vermont, sa det slik i kongressen i juli:

Det høgsteretten gjorde i Citizens United-saka, var å seia til desse milliardærane og selskapa dei kontrollerer: de eig og kontrollerer økonomien; de eig Wall Street; de eig oljeselskapa. No kan de, for ein liten prosent av rikdommen dykkar, få høve til å eiga regjeringa i USA.

Mange byar og delstatar har vedteke lover og fråsegner som fordømmer høgsterettsavgjerda, men i juni nekta høgsterett å høyra ein anke.

For å setja ting i perspektiv: I april kutta kongressen 38,5 milliardar dollar i midlar til såkalla program mot fattigdom; husbygging, helsetenester og slikt. Men det er ingen grenser på kva dei vil bruka på å verta attvalde. Halvparten av kongressmedlemene er millionærar, 42 % i Representanthuset og 67 % i Senatet. Den gjennomsnittlege fyrsteårskongressrepresentanten i 2010 hadde ein snittløn på 570 000 dollar. Snittløna i USA er 45 000 dollar.

Du kan ikkje stilla som presidentkandidat utan pengar. Og om du vert president, kan du tena endå meir. Obama er no vorte millionær. Romney er verdt over 200 millionar. Om han vert vald, vil han verta ein av dei rikaste presidentane nokonsinne – han er faktisk verdt meir enn dei åtte siste presidentane til saman!

Kven betaler kven?

I 2008 gjekk mesteparten av pengane frå Wall Street til Obama. Wall Street var misnøgde med Bush, og Obamas rival, John McCain, ville openbert tapa. No, fire år seinare, har Obama i grunn gjort alt dei kunne ynskja seg. Frå å tilsetja økonomirådgjevarane Lawrence Summers og Timothy Geitner til å redda storbankane. Men Romney er ein riking frå Wall Street sjølv, og går fullstendig inn for uhemma kapitalisme og den frie marknaden. Obama? Han vil ha ein «lett» skatt på pengebruken til selskapa, noko som i augo til Wall Street er for mykje. Det er ikkje sikkert kven som vil vinna. Donorane speler på båe hestane: Bank of America, ein av dei største støttespelarane til Romney, gjev 75 % av bidraga sine til Romney, og ein del til Obama.

Så langt ser pengeinnsamlinga slik ut: Ein majoritet av Wall Street og finanssektoren (utanom Goldman Sachs) støttar Romney. Olje- og energiselskapa støttar Romney. Landbruks – og helseforsikringsindustrien støttar Romney.

Obama får pengane frå teknologiindustrien og Silicon Valley, slik som Microsoft og Google, kvinnegrupper og noko media, Hollywood – mykje pengar, advokatar og lobbyistar, og dei store fagforbunda. Mykje pengar til Obama kjem frå homofile – på nitti minutt etter at Obama gjekk ut med støtte til homofilt ekteskap kom det inn ein million dollar.

Kven røysta? Kven røyster? Åtaka på røysteretten

Det er vanskeleg å finna ut nøyaktig kor mange av dei som har røysterett, faktisk brukte han i valet i 2008. Det rådande synet er at om lag 62 % røysta. Om dette talet held seg og veljarane er splitta på midten, vil det seia at presidenten vert valt av mindre enn ein tredel av veljarane.

I 2008 var meir enn ein firedel av veljarane farga. For fyrste gong var prosenttalet på afrikansk-amerikanarar (64,7 %) og kvite (66,1 %) som faktisk røysta nokså likt. Afrikansk-amerikanske kvinner hadde den høgaste valdeltakinga (68,8%).

Talet på afrikansk-amerikanarar som røysta i 2008, var 15 % høgare enn dei som røysta i 2004. Talet på latinoar var 28 % høgare.

Folketeljingsbyrået kom i 2012 med tal der det for fyrste gong gjekk fram at det var fleire fødsler blant «minoritetar» enn kvite eller «majoritetsfødslar». Det er kanskje på tide å endra ordbruken?

Tradisjonelt sett har afrikansk-amerikanarar, latinoar og kvinner røysta på demokratane. Dette var verkeleg sant i 2008. Unge røyster gjekk også til Obama. Faktisk er den einaste demografiske gruppa – som konsistent røystar på republikanarane – eldre, kvite menn. Med desse tala burde valsigeren til Obama vera sikra. Så, republikanskkontrollerte lovgjevande forsamlingar kom opp med ei løysing: restriksjonar på røysteretten.

Litt historie: Røysteretten er rekna som ein av dei grunnleggjande statsborgarrettane, og har vore ein hjørnestein i kampen for borgarrettar. Etter borgarkrigen vart røysteretten i grunnlova utvida til også å gjelda svarte menn. Tilbakeslaget vart valdsamt: Det vart tiår med vald og diskriminerande vallover som inkluderte triksing med valdistriktsgrenser, koppskatt, lesekunnestestar og diskvalifisering av fengsla personar. Alt for å hindra svarte og andre farga i å røysta. Kampen for å få røysta involverte hundretusenar av menneske, og kosta hundrevis livet. Det var ein hjørnestein i borgarrettsrørsla på femti- og sekstitalet. Kulminasjonen av denne innsatsen kom i 1965 med røysterettslova, som både garanterte retten til å røysta og sette fram ovprosedyrar for å sjå til røysterettslovene i delstatane.

Men, no er det mange forsøk på å gjera om på røysterettslova og hindra folk i å røysta.

Brennan Center on Justice sa i ein rapport frå i år at meir enn fem millionar røysteføre er påverka av nye restriksjonar på røysteretten. Dette er meir enn marginen for å vinna eller tapa eit val. Restriksjonane er spesielt sterke i vippestatane. I 5 av 12 av vippestatane er det alt no lover som set grenser på røysteretten. I av 19 statane som har slike lover, har 171 av dei 270 valmannsrøystene som trengst for å vinna eit presidentval.

Den verste restriksjonen er kanskje den som krev meir dokumentasjon på statsborgarskap og bustad. Det er ikkje så lett å skaffa seg det som ein kanskje skulle tru. Mange afrikansk-amerikanarar som vart fødde i raseskiljetida, hadde ikkje tilgang på sjukehus, og fekk aldri fødselsbevis. Det er ei byråkratisk mølle å skaffa seg nye papir, spesielt om ein er fattig. Og redsla for å verta etterforska ved å møta opp for å røysta har stor effekt på svarte og latinoar.

Legg til at å nekta røysteretten til einkvar som har blitt dømt for alvorlege lovbrot, vil påverka hundretusenar, spesielt svarte og latinoar som vert dømde meir enn andre. I nokre statar vil så mange som ein tredel av alle svarte menn verta nekta å røysta.

Interessant nok er desse statane dei som har hatt den største veksten av «minoritetar» den seinare tida.

Når folk ser på denne tidsperioden, minner den om tida til røvarbaronane som Carnegie og Rockefeller: tida frå seint 1800- tal til byrjinga av den fyrste verdskrigen. Høg arbeidsløyse, aukande fattigdom og kutt i offentlege tenester samstundes som rikdommen hos nokre få vert meir og meir utruleg. Kjærleiken til konsumpsjon og pengar vert fremja overalt. Men under overflaten brygga sosialismen. Vi har ikkje det no, og vi veit ikkje kva ein ny bylgje vil sjå ut som. Occupy-rørsla har gjeve oss håp om at ting rører på seg igjen. Den neste bylgja av kraftige masserørsler vil slå innover oss igjen – og då vil vala i USA sjå veldig annleis ut.