Norsk landbrukspolitikk i ei verd med svolt

Av Olav Randen

2010-02

Norsk landbrukspolitikk handlar ikkje først og fremst om støtte til bøndene, om kulturlandskap eller distriktspolitikk.
Det handlar om mat i ei tid der matmangel er i ferd med å gå over frå å vere eit problem for delar av verda til å bli eit globalt problem. Det handlar om solidaritet med verdas fattige og svoltne, om miljø og klima.
 Olav Randen er geitebonde og driv forlaget Boksmia.

Det globale perspektivet

 

I 2050 vil verdas innbyggjartal ha auka frå 6,8 til 9,1 milliardar, om me legg FNs prognosar til grunn. Med det omfanget svolten har no, med meir enn ein milliard menneske under sveltegrensa, inneber det at matproduksjonen i verda må aukast med 70 prosent, seier FAO.1 På vår vesle klode, der den beste dyrkbare jorda alt er teken i bruk og der dyrking av meir jord inneber at karbon som no er magasinert i jord og skog, slepp ut i lufta og forsterkar oppvarminga, er dette ei av dei største utfordringane me menneske står overfor.

 

 

Matjord i framande land – den nye kolonialismen

I 2007-08 vart verdsmarknadsprisane på basismat som ris og kveite tredobla. Etter det byrja eit kapplaup mellom matfattige og økonomisk velståande land om kjøp og langsiktig leige av matjord i andre land. På eit par år har omfanget vorte enormt. Land som Saudi Arabia, Sør-Korea, Kina, Kuwait, Libya, India, Egypt, Jordan, Dei sameinte arabiske emirata og Qatar er kjøparar eller leigarar, ofte med hundre års kontraktar. Blant seljarane og utleigarane er land med fattigdom og svolt, som Etiopia, Sudan, Den demokratiske republikken Kongo, Madagaskar, Filippinane, Indonesia, Vietnam, Pakistan, Kasakhstan og Brasil. Det dreiar seg om veldige areal. Sør-Korea til dømes har fått hand om 690 000 hektar, to tredelar av Norges samla dyrka jord, i svoltherja Sudan. Lokale bønder blir ofte drivne vekk, og i enkelte tilfelle overtek selskap frå det nye landet med maskinell stordrift, stundom med soldatar til hjelp mot lokalbefolkninga.3

Utfordringa blir endå større fordi oppvarming og miljøøydeleggingar reduserer matproduksjonen. Ein tommelfingerregel er at for kvar grad temperaturen stig over 20 i befruktnings- og vekstperioden for planter, går avlingane av korn og ris ned med 10 prosent. Særleg sårbar for varmebølgjer er ulike risslag og mais i befruktninga.2 Like dramatisk er det at isbrear blir borte. Breane i Himalaya og på Tibet-Qinghai-platået forsyner alle dei store elvane i Asia med vatn, Indus, Ganges, Mekong, Chang og Huang. Desse elvane gir vatn til rismarker og kveiteåkrar i India, Kina og andre asiatiske land i tørkeperiodane. Innan neste hundreårsskifte har kanskje dei fleste breane smelta. Vatnet blir ikkje lenger magasinert frå regntid til tørkeperiode, og kornbøndene får ikkje vatningsvatn når dei treng det. Under kornbeltet i Midtvesten i USA ligg det store vassbassenget Ogallala, og dette er eit fossilt basseng som ikkje får ny tilførsel når det blir tappa. I tre og kanskje fire verdsdelar, Asia. Afrika, Australia og Europa når Sahara kryssar Middelhavet, spreier ørkenar seg inn over matjord. Etter kvart som stadig meir av landbruksproduksjonen har vorte konsentrert til eit fåtal artar, såkalla kulturplanter og like standardiserte dyr, har me også fått eit meir sårbart landbruk. Om desse plantane og dyra blir ramma av sjukdommar, får det katastrofale følgjer. Og medan landbruket har vorte stadig meir avhengig av olje, har me truleg passert toppen i oljeproduksjonen.

 

Dersom me hadde hatt å gjere med eitt av desse problema, hadde me kanskje kunna meistra det utan store vanskar. Men dei er der alle samtidig.

 

Det norske perspektivet

 

Norske bønder produserer berre halvdelen av landbruksmaten me et, og me kan vente ein folketalsvekst frå 4,8 til nesten 6 millionar, altså på nesten 25 %, fram til 2050.4 Viss me framleis skal importere halvdelen av maten, inneber det at me må auke eigen matproduksjon tilsvarande, med ein fjerdedel. Om me ønskjer eller ser det som nødvendig å bli meir sjølvforsynte med mat, må me altså auke meir.

 

Norge har, seiest det, ein natur som høver dårleg for landbruk. Det er både sant og usant. Det er sant på det viset at me ikkje har dei store, lågtliggjande slettene som i Mellom-Europa eller svartjorda som i austeuropeiske land eller lett dyrkbar prærie som i USA. Det er også sant på det viset at me har vinter og snødekke halve året. Me kan ikkje ta ut to kornavlingar eller fem grasavlingar i året, og dei fleste husdyr må stå inne vinterhalvåret, i kostbare, isolerte hus. Norge har altså dårlege forhold for stordrift i landbruket.

 

Vår dyrkingsjord er kupert, steinete og ligg mellom åsar og fjell. Når me pløyer, har telen om vinteren drive opp ny stein, og me bønder blir aldri ferdig med steinplukkinga. Om den mellomeuropeiske bonden tek i bruk nytt jordbruksland, pløyer han ein gong, ryddar steinen, og det er steinfritt. For dei har ikkje frost som arbeider med jorda. Men jorda vår er stabil og lite utsett for erosjon på grunn av vind og nedbør. Me har ikkje tørke- og regntid, men i staden regn med få dagars mellomrom sommarhalvåret gjennom. Dei fire eller seks månadene med frost og snø held mange sjukdommar unna plantene. Våre store utmarker gjer at me har tilgang til beite under og over skoggrensa.

 

Denne naturen gir ikkje grunnlag for ein svært stor matproduksjon. Me blir aldri eit eksportland for annan mat enn fisk. Men naturen gir grunnlag for ein stabil matproduksjon, slik at om me vil, kan me produsere det meste av landbruksmaten me sjølve treng. Føresetnadene er busetnad i bygdene, betaling for arbeidsinnsatsen og aksept for at jordbruksarbeid kan drivast i kombinasjon med anna arbeid. Yrkeskombinasjonar har forresten alltid vore det vanlege i vår del av verda, hundre år sidan var ein mann bonde og fiskar eller skomakar eller bygdeslaktar eller snikkar eller driftehandlar. Ei kvinne var bonde, husmor og omreisande bakar eller jordemor, eller ho strikka eller vov eller plukka bær for sal attåt gardsarbeidet.

 

Om verda skal få nok mat, må både den gunstige og den ikkje så gunstige naturen for matproduksjon takast i bruk. I Punodistriktet i Peru 3800–5000 meter over havet pågår eit jordbrukseksperiment som illustrerer dette. Bønder og utviklingsarbeidarar har med arkeologars hjelp teke i bruk eit 3000 år gammalt dyrkingssystem kalla waru-waru. Dei gjenvinn potetjord som har vorte utarma av erosjon og overbeite, med å bygge plattformer av jord, binde dei saman med tre, grave breie dike mellom for å samle og lagre vatnet og skape eit mikroklima som gir godt vekstgrunnlag. Arbeidsomfanget er enormt i høve til potetavlingane.5 Likevel vurderer FN denne matproduksjonen som så viktig at dei støttar han. Norsk utkantjordbruk blir svært produktivt i forhold.

 

Agroindustri kan altså aldri bli norsk røyndom. Skal me produsere meir mat, føreset det ein spreidd busetnad, mange og små bruk og mange krevjande arbeidsoperasjonar. Hovudfokuset må rettast mot matproduksjon i det me har overflod av, utmarker.

 

«To tusen års bondetradisjon oppløses»

 

Mellomtittelen er henta frå Edvard Bulls etterkrigshistorie.6 Den prosessen han skildrar med desse orda, har gått endå mykje lenger no.

 

 

År

1939

1949

1959

1969

1979

1989

1999

2009

Tal i bruk

214 378

213 441

198 315

154 977

125 302

99 382

70 740

46 513

Nedgang i % i løpet tiåret føreåt

 

0,4

7,1

21,9

19,2

20,7

29,1

34,2

 Tabell: Bruk i drift over 5 dekar.7

Tabellen gjeld bruk over fem dekar. På dei tretti åra frå 1959 til 1989 har talet på bruk i drift over fem dekar vorte halvert. Den andre halveringa tok langt mindre tid. Og me er inne i den tredje halveringa.

 

Til det siste talet, 46 513 bruk i drift, må det knytast to kommentarar: Den første er at talet er kunstig høgt, fordi ein del gardeigarar som ikkje lenger driv bruka sine, men som leiger ut slåtten, framleis er registrerte og får arealtilskot. Omfanget av dette er usikkert. Hausten 2009 hevda landbruksminister Lars Peder Brekk at nedgangen i talet på gardsbruk er i ferd med å flate ut med den raudgrøne regjeringa. Han såg bort frå dette forholdet.8 Til dømes viser detaljtala at talet på mjølkeprodusentar med ku har vorte halvert på 11 år (23 798 brukarar i 1998, 11 713 i 2009). Realiteten er difor at avgangen av gardeigarar med drift på sparebluss eller utan drift har minka, medan dei arbeidskrevjande produksjonane går attende, truleg raskare enn nokosinne.

 

Den andre kommentaren er at det attverande landbruket er av to slag. Sjølvsagt har det alltid, eller iallfall sidan jernalderen, vore gardsbruk av ulik storleik og med ulikt arbeidsomfang. Men todelinga har vorte tydelegare dei siste åra.

 

Stordrifta

 

Den eine modellen er stordrifta, til dømes med 50 eller 100 mjølkekyr åleine for ein bonde eller i samdrift med andre. Denne driftsmåten får rikeleg støtta av staten gjennom bygdeutviklingsmidlar og Innovasjon Norge. Dette er gardsbruk eller samdrifter som ofte har investert ti millionar eller meir i fjøs, som bruker mjølkerobot og anna teknisk avansert utstyr, som hentar inn grovfôr frå store område, gjerne mange kommunar, og som ofte driv med leigd arbeidskraft.

 

Dyra kjem seg sjeldan eller aldri ut på beite. Utmarkene blir ikkje nytta, for om hundre kyr blir sleppte samtidig på eit beite, trør dei det ned. Meir og meir blir det avla fram husdyr som heller ikkje er i stand til å gå i utmark og sanke eigen føde. Når dyra ikkje skal beite, blir beiteeigenskapar ikkje vektlagde. Det viktigaste kriteriet i avlsarbeidet er at dyra mjølkar mest råd på kraftfôr.

 

Om elektrisiteten og ventilasjonsanlegget eller mjølkeroboten skulle svikte, kan følgjene bli katastrofale. Om dieselen stig i pris, raknar økonomien når heile drifta er basert på transport. Det same skjer om utlånsrenta aukar med ein prosent eller to. Men dei veit at samfunnet har investert såpass mykje i form av tilskot og lån at dei neppe vil slå dei konkurs.

 

Stordrifta finst i hovudsak i tre område av landet, rundt Oslofjorden, på Jæren og rundt Trondheimsfjorden. Berre desse områda har ein natur som kan høve. Og der ligg storfjøsa nær sals- og foredlingsbedrifter som kraftfôrmottak, slakteri og meieri, og dei ligg nær forbrukarkonsentrasjonar. Der er det også betre tilgang på anna arbeid enn i andre delar av landet. Gardeigarar som satsar i samdrifter, baserer seg på anten berre å administrere gardsdrifta, ofte med austeuropeiske arbeidarar, eller å arbeide tredjekvar veke kvar om dei er tre deleigarar. Så kan dei bruke resten av si arbeidstid utanom gardsdrifta.

 

Vestlandet nord for Rogaland, Sørlandet, fjellbygdene austafjells og Nord-Norge dett gjennom. Dei får ein stadig mindre del av investerings- og driftsmidlar til landbruket og har ein stadig mindre del av landbruksproduksjonen.

 

Småbruksdrifta

 

Den andre driftsmåten er smådrifta, bønder som i hovudsak byggjer på eldre driftsmåtar, ofte med fleire produksjonar i kombinasjon og med anna arbeid attåt, og som er opptekne av å halde utgiftene nede. Me, for eg som skriv, høyrer til denne gruppa, har ikkje høg produksjon, men ein stabil og lite sårbar produksjon.

 

Eg kan ta eige bruk som døme. Eg byrja som bonde i 1982. Då var rundt 120 000 bruk i drift, og me var om lag like mange yrkesutøvarar i næringa. Eg overtok 50 dekar jord og dyrka ein del, slik at eg etter nokre år var ein gjennomsnittsbonde, med 76 dekar innmark. Framleis har eg 76 dekar innmark, men gjennomsnittsbruket har auka til over 200 dekar, og buskapane har auka tilsvarande, slik at eg no er ein typisk småbrukar.

 

Årleg leverer eg frå garden vel 20 tonn geitemjølk og i underkant av eit tonn sauekjøt. I tillegg gjer eg ein del for å halde ved like gamle hus og kulturlandskap. Dyra får om lag ti tonn kraftfôr i året, og eg bruker to tonn med kunstgjødsel. Eg har traktor for grashausting, snørydding, jordarbeiding og nødvendig transport av fôr, dyr og materialar og bruker kanskje eit tonn diesel i året.

 

Er denne driftsmåten fornuftig og berekraftig? Produksjonsomfanget målt i liter mjølk og kilo kjøt i høve til arbeidsinnsatsen er tiandeparten eller mindre av det mellomeuropeiske eller US-amerikanske storbønder har. Produksjonen er også liten jamført med norske samdrifter. Jamfører me i staden med eit globalt gjennomsnitt, ligg produksjonen ein del over det.

 

Eg bruker uforsvarleg mykje kraftfôr (korn), kunstgjødsel og diesel. I ei fornuftig verd burde eg samle meir grovfôr og ha fleire dyr og mindre yting på dyra, slik at dei kunne hente meir av fôret på beite. Men det høyrer også med i biletet at rådgivarar av alle slag – og dei kryr det av i landbruket – rår meg til å bruke langt meir kraftfôr enn eg gjer. Om dei lagar gjødselplan, rår dei til å bruke langt meir kunstgjødsel. Medan eg vanlegvis lèt det graset vekse som vil kome, seier dei at eg bør drive aktiv jordarbeiding med meir maskinbruk og halde meg til reinbestandar av såkalla kulturgras.

 

Spørsmålet var altså om landbruksdrift av dette slaget er berekraftig og fornuftig. Mitt svar er ja, men med eitt atterhald. Drifta er forsvarleg fordi gardsdrift av omtrent dette slaget er einaste måten matproduksjon i særleg omfang kan skje på i Norge, og fordi vår drift og vår innsikt bidreg til å overlevere kunnskapar om landbruksdrift til komande generasjonar. Atterhaldet gjeld bruken av tilførde innsatsmidlar, særleg kraftfôr og kunstgjødsel.

 

Landbruksbedrifter med stordriftsulemper

 

Det som ikkje på noko vis er forsvarleg, er transporten av mjølka. Dei som dreiv bruket før, leverte geitemjølka til meieriet i heimkommunen Ål, 2 mil unna. Så slutta dei å koke geiteprim der, og mjølka vart sendt til meieriet i Hemsedal, 7 mil unna. Så vart dette meieriet nedlagt, og mjølka vart køyrt til Fosheim i Valdres, 13 mil unna. Der slutta dei også å koke prim, og mjølka vart køyrt til Lom og Skjåk ysteri 30 mil unna. Det skal visstnok snart leggjast ned, og dei har teke til å køyre mjølka til Ørsta på Sunnmøre, meir enn 50 mil unna. For at dette skal gå bra, er det vår – eller geitene – si oppgåve å produsere det dei kallar robust mjølk, det vil seie mjølk som kan tåle lang tids lagring og lang transport. Me skal velje dyr som gir slik mjølk og fôre dyra for at dei skal gjere det.

 

Det er bøndene som eig meieria. Alle nedleggingane – frå 180 meieri då eg byrja som bonde tidleg på 1980-talet og til noko over 40 no – er vedtekne av meierisamvirket, altså av bøndene sjølve. Heile tida har argumentet for nedleggingar vore at drifta skulle bli meir effektiv og gi bøndene høgare betaling per mjølkeliter. Det har ikkje gått slik. I 1992, med om lag 120 meieri, behandla 5760 tilsette 1835 millionar liter mjølk, nesten 320 000 liter per tilsett. I 2008 behandla 5734 tilsette 1483 millionar liter, i underkant av 260 000 liter per tilsett.9 Samtidig har utgiftene til investeringar, vedlikehald og særleg transport auka mykje. Meierinedleggingane har altså ført til ei mindre og ikkje meir effektiv meieridrift. Stordriftsulempene har vore større enn stordriftsfordelane.

 

Likevel blir anlegg etter anlegg framleis nedlagt. Og den bonden som etterlyser effektivitetsgevinsten, som seier at det er på høg tid å evaluere nedleggingsbølgja eller at meierisamvirket må tenkje nytt og unngå langtransport av omsyn til klima- og samfunnsendringar, blir uglesett og kan vere sikker på at han blir halden utanfor alle posisjonar med innverknad.

 

Nytenking og nytenking

 

Dette betyr likevel ikkje at nytenking er eit framandord innanfor landbruket. Men omgrep som modernisering, kreativitet og nytenking er reserverte for to situasjonar, stordrift og satsingar vekk frå landbruk. Samdrift i mjølkeproduksjon er nytenking, kjøp av mjølkerobot like eins. Det å starte med noko anna på ein gard, til dømes å fjerne dyra og husdyrmøkka, ominnreie låven og lage gjesterom eller konferansesal av han, er nytenking, utløyser seks- eller sjusifra offentleg støtte blant anna av midlar over jordbruksavtalen og fører til mange og store medieoppslag. Kreativ bonde, skriv dei. Satsingsvilje og pågangsmot i utkantbygd, skriv dei. Men om tiltaket etter ei stund dett saman, skriv dei ingen ting.

 

Det å finne fram til driftsmåtar og omsetningsmåtar for landbruksvarer som er økologisk berekraftige, er derimot ikkje nytenking. Det å satse på kortreist mat er nytenking viss det handlar om rakefisk eller annan luksusmat, men ikkje viss det handlar om volumprodukt.

 

Ein rådande tanke i landbruksjournalistikk og rådgiving er at bønder flest er litt dumme eller iallfall umoderne og lite opne for endringar. Tenkinga vår må difor forandrast. Det skjer ved støtteordningar, rådgiving, seminar med Ingebrigt Steen Jensen og andre av same slaget, omtale og eksemplets makt. Nationen opererer såleis med gründertoppen, eit stadig oppdatert oversyn over kommunar med mykje nysatsingar. Og sjølvsagt er det utfordrande og inspirerande, ikkje minst for unge gardeigarar, å satse innanfor desse ordningane. Dei opplever at dei blir tekne inn i varmen, at dei er i tet og at samfunn og media stiller opp for dei.

 

Iallfall ei stund. Viss Nationen hadde supplert med eit anna oversyn, nedleggingstoppen, ville me truleg sett at dei kommunane som ragar høgast på den første lista, også gjer det på den andre. Hadde dei samla meir informasjon, hadde dei også sett at det svært ofte handlar om dei same tiltaka og dei same folka. Kanskje også at etter nokre års eller tiårs satsing i tråd med råda ovanfrå, med høg arbeidsinnsats, store investeringar og uvisse, får urovekkjande mange både økonomiske og helsemessige problem.

 

Men resultata av gründerismen, for me har å gjere med ei trusretning eller ein -isme, blir aldri oppsummerte. Ein analyse ville vise ein ting til, at fleirtalet av dei bøndene som er att, er dei av oss som har halde fram utan dei store endringane og investeringane, ofte med fleire produksjonar og med noko arbeid utanom. Me som altså ikkje har hatt sugerøyr ned i investeringsmidlane i statskassa, som er opptekne ikkje berre av høge inntekter, men også av at utgiftene blir haldne nede og av at det er skilnaden mellom inntekter og utgifter me har att til å leve av, me som aldri har vorte omskrivne i Nationen og Bondebladet som dristige, offensive og nytenkjande bønder. Me litt dumme som ikkje forstår kva som er framtida.

 

Den subsidierte bonden

 

Me bønder er subsidierte. Ifølgje Nationens internett-oversyn over produksjonstilskot mottok eg i 2008/2009 vel 211 000 kroner av staten. I denne summen ligg tilskot av mange slag, tilskot per husdyr, tilskot til areal, til beiting, til brattlendt bruk, til avløysing og til stølsdrift. Kronprinsparet fekk vel 600 000 kroner for Skaugum i Asker, og godseigar Carl Otto Løvenskiold får nesten halvannan million. Fred. Olsen får om lag det same som eg, for ein gard han eig i Vestby.10

 

Viser ikkje tilskotsomfanget at landbruk som eigentleg ikkje er levedyktig, blir halde kunstig oppe? Landbruk blir subsidiert i alle industriland. Norge er blant dei landa som har dei høgaste subsidiane, saman med USA, Japan og Sveits. Det er likevel ein skilnad mellom Norge og land som USA og dei fleste EU-landa, at Norge så å seie ikkje eksporterer landbruksprodukt.

 

Norge er eit høgkostland å drive landbruk i. Det har å gjere med offentlege ordningar og med lønnsnivå. Om ei geit blir sjuk, må eg få dyrlegen til å setje den første sprøyta med antibiotika. Dyrlegebesøket kostar nesten tusen kroner. I mange land kan bonden dra på apoteket eller landbruksbutikken, kjøpe sprøyter og setje dei sjølv, og kostnaden blir under tidelen. Skal eg leige handverkar eller avløysar, er kostnadene langt større enn for mine yrkeskollegaer i Baltikum eller Marokko.

 

Viktigare enn dette er prisinga av varer og tenester. Advokat- eller konsulenttimen blir betalt med 2000 kroner eller meir. Høgg eg ei famn bjørkeved, som er minst halvannan dags arbeid i godt vêr og krev motorsag, traktor, kappsag og kløyvar eller vedmaskin og bensin til saga og diesel til traktoren, får eg om lag 1500 kroner, viss veden finn kjøpar etter at han har tørka i eit år eller helst to. Kvifor er advokatarbeidet mange gonger så mykje verdt som mitt arbeid? Kva eller kven er det som avgjer at tre kvarters advokatarbeid skal ha same verdi som bjørkeved til å halde eit bustadhus varmt gjennom ein heil vinter?

 

Svaret er at prisinga i vårt samfunn byggjer på bytteverdi av varer og ikkje på bruksverdi, og advokatyrket er skjerma av nasjonsgrenser. Me kan kjøpe ved frå Baltikum, men me kan ikkje outsource advokatarbeidet til indiske juristar. Difor får me ei omveges subsidiering av advokaten, og denne subsidieringa har eit heilt anna omfang enn statstilskota til bønder.

 

Vår sårbare matforsyning

 

Gjennom det meste av vår kjende historie har matforsyninga vore uviss. Med havfisk som unntak har ikkje innbyggjarane i Norge hatt rike matkjelder. Dei har hatt mange og kvar for seg utilstrekkelege kjelder til mat, og dei har overlevd med å bruke desse i kombinasjon, korn på mange og små kornåkrar, fôr sanka på innmark og utmark til dyr som har produsert mjølk, kjøt, flesk og egg, dyra på beite så lenge beitesesongen kunne tøyast, vilt, bær, grønsaker, frukt og frå 1700-talet poteter. Kunnskapar om og arbeid med mat frå flest mogeleg av desse kjeldene gjorde at folk greidde seg i dette landet. Matproduksjonen kravde mykje arbeid og gav lite overskot. Difor fekk me i liten grad adel og godseigarar som i land lenger sør i Europa. Dei mange matkjeldene i kombinasjon gav oss også ei etter måten sikker matforsyning. Svikta den eine matkjelda, hadde me dei andre å stø oss på.

 

Nok korn?

 

Kornet er menneskas viktigaste føde. Kornet gir mykje mat, det er lett å frakte, og det kan lagrast i mange år. Difor har ein hovudtanke i verdas landbruk vore at den beste jorda skulle brukast til korn, og at kornet skulle brukast til menneske-mat. Dyra kjem vanlegvis i tillegg. Drøv-tyggjande husdyr kan ete gras, som menneske ikkje kan ete, og omdanne dette til mjølk, kjøt, flesk og egg som menneske kan ete.

 

Verdas kornareal har auka mykje dei siste tiåra. Medan innbyggjartalet er dobla etter 1961, er kornproduksjonen nesten tredobla.11 Kornarealet har auka, men langt mindre enn produksjonen. Hovudårsakene til veksten er i staden meir effektive kornsortar, omfattande jordbruksvatning og mangedobling av kunstgjødselbruken.

 

Med biologiske produksjonar er det slik at dei når tak. Systematisk avlsarbeid gjorde til dømes at kyr etter krigen har auka mjølkemengda frå eit par tonn og til seks eller kanskje åtte tonn. Men så er produksjonsveksten slutt, dei stangar i taket. Det må også nemnast at dyra har vorte større og et meir fôr, slik at nettogevinsten er langt mindre. Kornavlingane har auka frå 100 eller 200 kilo per dekar og til 400 eller 600, men så flatar også dei ut. Det hjelper ikkje å pøse på meir kunstgjødsel, for plantene er ikkje i stand til å ta opp meir. Om det er tilgang på meir vatningsvatn, hjelper ikkje det heller, for plantene drikk seg ikkje meir enn utørste. Planteforedling har gjort at me har fått kornsortar der meir av plantene er korn og mindre stilkar og røter, men også dette når den grensa fotosyntesen set. Somt av det tilførde, som fosfatførekomstane som blir tekne ut til kunstgjødsla, og dei fossile vassbassenga, blir oppbrukt, og anna øydelegg klimaet, som fossil olje og energikrevjande kunstgjødselproduksjon. Dette i kombinasjon gjer at me nærmar oss – eller kanskje har passert – verdas maksimale, varige kornproduksjon. Men innbyggjartalet veks framleis.

 

 

Grovfôr eller kraftfôr?

Ifølgje ei undersøking ved Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning i 2007 kosta grôvforet kr. 3,67 per fôreining, då medrekna maskinbruk, kunstgjødsel, kapitalbruk og arbeidsbetaling. Kraftfôret kosta kr. 2,50 per fôreining.12 Norsk landbruk har tilpassa seg dette prisforholdet med kraftfôrbasert produksjon og høgt kraftfôrforbruk i attverande mjølke- og kjøtproduksjon. Viss eller når forholdet endrar seg dit at kraftfôret blir dyrare enn grovfôret, vil dagens satsingsområde ikkje lenger vere berekraftige.

Men vegen attende til matproduksjon på gras er krevjande. Beiting krev mindre einingar og lettføtte dyr. Viss dei 100 kyrne i samdriftsfjøset blir sleppte på beite, blir beitetrykket så stort at feltet blir øydelagd. Dei store, tunge dyra som er avla fram, er heller ikkje i stand til å utnytte beita godt. Slik er bruer brende.

Verdas årlege kornproduksjon er på noko over 2 milliardar tonn, vel 300 kilo per innbyggjar. Av kornet blir 700 millionar tonn brukt til dyrefôr og 300 millionar tonn til biodrivstoff. Det meste av dette kornet kan brukast til menneskemat i staden. Ein overgang frå korn til dyrefôr og drivstoff til korn som menneskemat er det mest effektive enkelttiltaket for å få bukt med svolten i verda.

 

Eit landbruk som det norske baserer seg meir og meir på korn til dyrefôr. Dei produksjonane som har vakse mest dei siste åra, er kjøt av svin og kylling, produsert berre på kraftfôr, altså korn. 35–40 prosent av fôret i mjølkeproduksjon er kraftfôr. Jamvel i sauehaldet er kraftfôrbruken stor. Bakgrunnen er at kornet er billig og effektivt dyrefôr. Hausting av innmarksgras og tilsyn på beite krev langt større arbeidsinnsats og står i vegen for store einingar. Matproduksjon på korn er difor det mest rasjonelle – føresett at det er uavgrensa tilgang på billig korn.

 

Nok olje?

 

Spørsmåla knytte til olje er to, konsekvensane for klimaet av fortsatt bruk av fossil olje og tilgangen på olje. Kanskje har me passert toppen i verdas oljeproduksjon, peak oil. Med dagens forbruk og dagens kjende oljeressursar har me olje att til snautt 30 års forbruk.

 

Vårt landbruk er basert på olje, olje til jordarbeiding, til oppvarming til dømes av drivhus, olje til emballasje, til dømes rundballeplast, og framom alt olje til transport av fôr, dyr og produkt. Eg har alt nemnt meierisentraliseringa. Då meieribruket vart bygt ut i Norge, var ein grunntanke at mjølka skulle foredlast nær der ho vart produsert. I ei arbeidsfordeling skulle gardar og meieri nær forbrukssentra produsere konsummjølk, medan mjølka i bygder lenger unna skulle kinnast og ystast på meieri i nærleiken, slik at vatnet i mjølka vart teke ut og dei konsentrerte næringsstoffa, smøret og osten, frakta til forbrukarane. Fordi transport har vore og er billig, har dei gått vekk frå dette og i staden fått eit fåtal spesialiserte meieri.

 

Stordrifta i mjølkeproduksjon er basert på at traktorar og lastebilar går ustanseleg, ikkje berre med mjølk, men med kraftfôr der mykje av fôret kjem frå utland, med rundballefôr henta mange mil unna, med store mengder kunstgjødsel, med dyr til slakteri, frå servicefirma med heile Austlandet som operasjonsområde. Det er vanskeleg å sjå for seg at dette skal vere berekraftig i ei framtid med restriksjonar på oljebruk.

 

Friske planter og dyr?

 

For irske fattigfolk på 1800-talet var poteten viktigaste matkjelda. Med manuelt arbeid, eit lite jordstykke og eit grev kunne dei sikre seg tilstrekkeleg vinterforråd av mat til at dei levde vinteren over. Dei store kornåkrane var det britiske og irske adelsfolk som eigde, og kornet vart sendt til England. I 1845 tok irane opp potetene sine som vanleg og la dei i jordkjellarane. Då seinhausten kom og dei opna kjellarane, var potetene svarte. Irane hadde ikkje dei kunnskapane om potetdyrking som søramerikanske indianarar hadde. Dei dyrka ikkje 40 eller fleire slag poteter, slik indianarane i Andesfjella gjorde for å vere sikra at somme slag greidde seg. I staden heldt dei seg til eitt eller nokre få slag. Heile potetavlinga vart øydelagd. Meir enn ein million menneske døydde av svolt, og like mange emigrerte til Nord-Amerika.

 

Naturen er kompleks og kreativ. Me har registrert bortimot to millionar artar, men kanskje finst ti og kanskje åtti millionar. Minst veit me om mikrobelivet. Tørrotesoppen overlevde ikkje transporten med seglbåt frå Sør-Amerika til Europa, men kom først då dampbåtane kom og overfartstida vart langt stuttare. No spreier sjukdomsfremjande organismar seg stadig raskare i ei globalisert verd. Flytransport bind verda saman, fjernar naturlege barrierar og gjer at organismar kan flyttast dit dei ikkje har naturlege fiendar, slik at dei i sine nye miljø kan formeire seg raskt. I monokulturane kan dei få tumleplass og slå ut planter eller dyr. Og mange skadeorganismar spreier seg lettare om klimaet blir varmare og fuktigare.13

 

Den beste garantien for matforsyning dersom sjukdommar oppstår på plantar og dyr, er eit mangfald av matplanter og husdyr, skilde frå kvarandre med naturens eigne grenser. Dagens agroindustri er, liksom den irske potetdyrkinga midt på 1800-talet, dominert av få slag planter og dyr, dei plantene som responderer best på kunstgjødsel og kunstig vatning og dei dyra som gir størst produksjon av kraftfôr. Det gjer oss ekstra sårbare.

 

Kunnskapar om matproduksjon?

 

Då Norge fekk ein arbeidarklasse, overtok dei tradisjonen med mangfaldig matforsyning. Svært mange industriarbeidarar hadde hage med ripsbusker, epletre, gulrotland og ein liten potetåker, dei brukte fritida sommar og haust til å sanke vinterforsyning av bær, og jakt og fiske var delar av deira kvardag. Med bustadtomter på eit dekar (1000 m2) eller meir og med plass til hage, med allemannsrett i utmark, med rimeleg tilgang på jakt og fiske og god organisering av det, med kolonihagar for folk i blokkleiligheiter i Oslo og eit mangfald av andre ordningar har mattilgangen vorte sikrare og folks kunnskapar om ulike måtar å skaffe seg mat på vorte haldne oppe. Dette gjorde at folk flest i Norge greidde seg etter måten bra til dømes gjennom andre verdskrigen.

 

Mykje av dette er slutt eller i ferd med å ta slutt. Dagens mat blir henta i butikken og ikkje i naturen. Tomtene er framleis eit dekar, men grøntarealet blir no berre unntaksvis nytta til potetåker, gulrotland og ripsbusker. Det er i staden grasplen. Ein langt mindre del av befolkninga plukkar bær og driv jakt og fiske. Dei er heller ikkje i stand til det, for dei har ikkje dei kunnskapane og den arbeidsrøynsla som må til. Berre eit fåtal av dagens norske kvinner og menn er til dømes i stand til å slakte eit dyr eller ta vare på kjøtet frå dyret.

 

Ein politikk for avvikling

 

Norske bønder er altså fortid meir enn samtid. Tre firedelar eller kanskje fire femdelar av dei gardane som var i drift etter krigen, er borte. Slik det ser ut no, vil berre tiandedelen vere att i 2025. Den attverande produksjonen blir meir og meir konsentrert til tre område, Oslofjord-området, Jæren og området rundt Trondheimsfjorden. Og mattilgangen er så avhengig av usikre faktorar at det er grunn til å ta på alvor spørsmålet om våre etterkommarar kan kome til å oppleve periodar med svolt eller kanskje permanent svolt.

 

Det er inga naturlov som seier at det skal gå slik. Det er ein vald politikk. Styresmaktene har valt å satse på eit fåtal av gardsbruka og å avvikle det meste av landbruket, fordi dei vil at det skal gå slik. Og dei har lykkast. Tidlegare landbruksråd Per Harald Grue ordla seg om lag slik i eit intervju: – Vi har skutt innertier i norsk landbrukspolitikk.

 

Senterpartiet, som legg hovudvekta på å vere bygde- og landbruksvennleg, har vore i regjering mykje av denne tida. SV, som bruker noko av den same retorikken, har no vore i regjering i fem år. Men med unntak av nokre år sist på syttitalet har heile perioden vore ei samanhangande nedgangstid for landbruket.

 

Når dei raudgrøne no prøver å skremme med Framstegspartiet, er det verdt å tenkje gjennom at skilnaden mellom regjeringa og FrP i all hovudsak gjeld tempoet og ikkje leia. Dei er samde om nedbyggingspolitikken. Skilnaden kan uttrykkjast slik: Med dagens regjering vil neste halvering ta femten år, med FrP vil ho truleg ta berre ti. 2025 eller 2020 altså.

 

Etter 30 år i norsk landbruksforvaltning, blant anna som landbrukssjef, hoppa Eli Bjørklid av, vart student og skreiv masteroppgåve om det sentrale dokumentet bak dagens landbrukspolitikk, Stortingsmelding 19 (1999–2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. Meldinga vart lagt fram av Kjell Magne Bondeviks første mindretalsregjering. Bjørklid oppsummerer meldinga slik:15

For det første at Stortingsmelding nr.19 handler om modernisering, det handler om å få vekk restene etter tidligere tiders landbruk slik, slik at det ikke lenger finnes hindringer for at også norsk landbruk kan bli en markedsorientert og moderne næring. For det andre at bonden slik vi er vant til å forestille oss ham, … ikke har noen plass i denne landbrukspolitikken eller denne moderne næringen.

 

Det eine perspektivet i meldinga er forbrukaren, som vil ha billig, sunn og god mat, skriv Bjørklid. Det andre perspektivet er nasjonen, som har ressursar i form av jord, skog og kunnskapar, og som skal sikre at desse ressursane blir nytta på billigast mogeleg vis for forbrukarane. I denne tenkinga er bonden borte som sjølvstendig aktør.

 

Den politiske eliten seier at Norge ikkje har noko val, me må rette oss etter GATT/ WTO. Men avgjerder i WTO, som er namnet no, krev konsensus. Norge må røyste for nye frihandelsreglar for mat om dei skal bli vedtekne. Om Norge hadde alliert seg med andre industriland med usikker mattilgang og med tredje verda-land for å unnta landbruk frå frihandelsregimet og prioritere mattryggleik, hadde den internasjonale forståinga for det vore stor. Men norske styresmakters interesser er knytte til sal av olje og internasjonal sjøtransport meir enn til at vår eiga befolkning skal ha sikker mattilgang. Difor ønskjer dei mest mogeleg handel.

 

Ei anna framtid

 

Når dette blir skrive i februar 2010, byrjar førebuinga til eit nytt jordbruksoppgjer. Noko er årvisst. Senterpartiets Per Olaf Lundteigen samlar bønder og manar til ein ny Hitra-aksjon. Snart kjem kronikkane frå bekymra økonomar i Dagens Næringsliv og Aftenposten om kor uendeleg dyrt jordbruksoppgjeret blir og at norsk landbruk går ut over konkurranseevne og velstandsnivå. Etter det kjem intervjua med økonomiske tungvektarar som seier det same som kronikørane, kanskje også ein OECD-rapport som seier akkurat det same. Så kjem forhandlingane, medieinnslaga om at samanbrot er nær og dinest avtale på overtid, og leiarar i bondelag og bonde- og småbrukarlag tek statens forhandlingsleiar i handa, smiler og seier at resultatet er til å leve med. Same procedure as every year.

 

Det er bra at Lundteigen argumenterer som han gjer, men det blir ikkje noko bondeopprør i år heller. Bøndene er for svake og for splitta til å utgjere den krafta som trengst.

 

Sympati med bønder er heller ikkje eit sterkt argument for ein annan landbrukspolitikk. Det er ikkje synd på oss. Me tener lite viss me berre driv gard, og dei fleste blir minstepensjonistar når arbeidslivet er omme, men til dess er me allsidige og ettertrakta arbeidsfolk. For me kan så mykje. Me kan arbeide sjølvstendig og administrere og køyre maskinar av mange slag og reparere og halde ved like og dyrke eigne poteter og gulrøter. Når andre får ei høg røyrleggjarrekning om eit røyr frys sund eller snikkarrekning om ein vegg innomhus skal flyttast, veit me korleis det skal gjerast og bruker berre eiga arbeidstid og verktøy me har på garden. Ryk eksospotta på bilen, kan me sveise eller skifte ho. Straumrekninga kan me redusere med å hente ved i eigen skog. Så lenge me har helsa, er me bønder mindre enn dei fleste avhengige av samfunnet rundt oss.

 

Det er dei andre som treng eit aktivt norsk landbruk, arbeidsfolk, barn og pensjonistar, dei som ikkje har eller vil få pengar til å kjøpe seg unna matmangel. Difor er det også desse, fagrørsla, eldreorganisasjonar, ungdomsorganisasjonar, foreldre og besteforeldre som er opptekne av neste generasjon, som bør reise kampen for landbruket, medan det enno er att kunnskapar og driftsapparat.

 

Utfordringane er av fire slag. Me må produsere meir mat, me må redusere klimautsleppa frå landbruket, me må behalde karbonet i jorda, og me må få jorda til å binde meir karbon.

 

Meir mat

 

Verdas innbyggjartal vil altså truleg auke frå 6,8 til 9,1 milliardar i 2050, med 34 %. Vårt norske innbyggjartal vil auke frå 4,8 millionar til nesten 6, med 25 %. Om alle verdas innbyggjarar skal få nok mat, må verdas bønder og fiskarar ifølgje FAO som nemnt produsere 70 % meir mat. Landbruksminister Lars Peder Brekk og fleire i Senterpartiet har hevda at verdas matproduksjon må doblast.16

 

Slik eg ser det, har ikkje vår vesle klode kapasitet til å produsere 100 % meir mat og heller ikkje 70 %. Slike gigantmål blir lett slag i lufta og ikkje følgde av planar og tiltak. Ei målsetjing om 50 % meir mat er også på grensa til det ugjennomførlege, men likevel nødvendig om verdas framtidige innbyggjarar skal få nok mat. Samtidig som me aukar matproduksjonen, må me i den rike verda endre kostvanar, bruke meir plantekost og mindre dyreproteinar. Når kornet går gjennom dyremagar, blir noko av det omdanna til kjøt, flesk, mjølk eller egg, medan resten blir til avfall og energi som vanlegvis ikkje kan nyttast. US-amerikanaren bruker 800 kilo korn i året. Med 2,2 millionar tonn korn har me plass til mindre enn tre milliardar menneske med USAs levesett og 11–12 med indisk levesett. Mykje kan også vinnast ved å fordele maten betre og å unngå sløsing og svinn.

 

Målet om 50 % meir mat kan konkretiserast til ein vekst på 2 prosent i året fram til 2030 og deretter 1 %. Ikkje alle land har grunnlag for ein slik produksjonsauke, og somme må difor auke meir. Det trengst eit internasjonalt arbeid etter mønster frå klimaforliket i Kyoto for å utforme nasjonale kvotar for matvekst. Og det trengst nasjonale planar. Det følgjer av argumentasjonen før desse linene at sentrale element i den norske planen må vere meir folk inn i landbruket og betre utnytting av våre store utmarksareal. Norge har både naturgrunnlag og økonomi til å bidra med vår del av det globale målet.

 

Reduserte klimautslepp frå matproduksjon

 

Ni prosent av våre norske klimautslepp kjem frå landbruket. Inkluderer me den maten me importerer, og som i klimarekneskapa blir belasta produksjonslanda, blir prosenten langt høgare. Inkluderer me også transport frå jord og fjøs og til bord og behandling av maten i heimane, stig han endå meir.

 

Framtidslandbruket må basere seg på langt mindre forbruk av fossil olje. Det sannsynlege er at i 2040 vil olje vere så dyr og ein så knapp ressurs at me ikkje lenger har noko val. Me må produsere og leve på andre måtar.

 

Det krev store mengder energi og difor klimautslepp å produsere kunstgjødsel. Dessutan er førekomstane av den eine bestanddelen i kunstgjødsla, fosforet, i ferd med å ta slutt. Me må difor skjere ned kunstgjødselbruken til eit minimum.

 

 

Nortura med 1300 vareslag

Slakterigiganten Nortura slit med økonomien og har som ein del av sin kriseplan bestemt at dei skal redusere varesortimentet – frå 2400 til 1300 vareslag.17 Etter mitt skjøn er også 1300 vareslag meiningslaust mange. Om dei skjer ned til 100 eller 200, reduserer dei til eit akseptabelt nivå lagerhald og sløsing i form av varer som går ut på dato.

Urbaniseringa og mattransporten gjer at avfalls- og overskotsstoff ikkje kan førast attende til jorda. Når menneske flytter frå bygd til by og til stadig større befolkningssentra, får ikkje jorda tilbakeført næringsstoff som blir til overs, og bøndene må kompensere med meir bruk av kunstgjødsel. Til dømes medfører USAs store korneksport, 80 millionar tonn i året, også eksport av nitrogen, fosfor og kalium. Over tid blir matjorda tappa for næringsstoff og utarma.

 

Eitt av svara er kortreist framfor langreist mat. Det reduserer pakking, transport og avfall. Det handlar om gardsbruk nær byane og om matdyrking i parkar, i hagar og på hustak i bysamfunn. I Hanoi i Vietnam til dømes kjem 80 prosent av dei ferske grønsakene, 50 prosent av svine- og fjørfekjøtet og 40 % av egga frå byen. I Caracas i Venezuela har dei, med støtte frå FAO, bygt 8000 mikrohagar, dei minste på ein kvadrat-meter, der dei dyrkar salatar, tomatar og kål, og der dei kan føre hushalds- og menneskeavfall tilbake til jorda.18 I Oslo var kolonihagane ein gong ei viktig kjelde til mat. Også i vårt land er Bondens marked, farmers markets, i vekst.

 

Behalde karbonet i jorda

 

Vekstjord inneheld enorme mengder plante og dyremateriale. Smått om senn rotnar det, og karbonet hamnar i atmosfæren og bind seg med oksygen til CO2. Samtidig blir nytt plante- og dyremateriale tilført, slik at kretsløpet pågår heile tida. Utfordringa er å få til ei netto karbonbinding i naturen i desse tider med store klimautslepp.

 

Ei norsk torvmyr til dømes kan vere 5–6 meter djup med organisk materiale, der enorme karbonmengder har vorte magasinerte i ein prosess som har gått føre seg frå steinalderen og framleis pågår. Dyrkar og pløyer me myra, opnar me jorda, slik at det kjem til luft, og rotninga skyt fart. Store mengder magasinert karbon blir sleppt ut i lufta, og oppvarminga tiltek. Tek me i bruk grasareal til korndyrking, inneber det årleg pløying. Grasveksten tidlegare gjorde at jordlaget bygde seg opp når graset, stilkane og røtene visna og nytt vart tilført. Pløyinga og korndyrkinga aukar nedbrytinga og reduserer karbonlagringa.

 

Dei fleste plantar er eittårige, men skogen er fleirårig. Somme treslag kan leve i mange hundre år. Når dei veks, bind dei karbon både gjennom treet og i røtene og jorda rundt. Det gjeld difor å ta vare på skogen og å drive eit skånsamt uttak av ferdigvaksne tre, slik at veksten i skogen held fram.

 

Me må altså så langt råd behalde karbonet i jord og skog. Me må fram til eit landbruk med minst mogeleg pløying og anna jordarbeiding og utan nydyrking av myrar. Me må også unngå dei store hogstflatene i skogen, der det tek tiår før treveksten kjem i gang att for fullt, og i staden berre ta ut dei gamle trea.

 

Binde meir karbon i jord og skog

 

På eit utmarksareal går ein saueflokk. Mange har høyrt at drøvtyggjarar rapar og fis metan og at dei difor bidreg til drivhuseffekten. Og sant nok. Men samtidig gjødslar møkka og urinen frå sauene beitet, slik at det produserer meir gras. Graset er eittårig og visnar att om hausten. Men med meir gras kjem også meir røter og meir organisk materiale i jorda. Undersøkingar viser at bindinga av karbon på denne måten oftast er større enn metanutsleppa frå dyra. I den grad me greier å få til denne veksten, vil altså beiting i utmark ikkje berre vere ein måte å produsere kjøt på, det vil også vere eit positivt bidrag mot oppvarminga.

 

Om beitinga på arealet tek slutt, vil den motsette prosessen gå føre seg. Det blir sleppt ut meir karbon enn det blir bunde på dette arealet.

 

Me må altså i desse tider med oppvarming få naturen til å binde meir karbon. Me må ta i bruk større areal til beiting, og me må plante tre for å binde karbon. Det finst rundt om på kloden store areal som ein gong var skogland, åkerjord eller beitemark, og som kan takast i bruk att til dette. Det vil flytte store mengder CO2 frå atmosfæren og over i tre og jordbotn. Det vil også gi tilleggsgevinstar i form av mindre vind, jordbinding, ly for landbruksvekster og ein meir variert natur.

 

Lik arbeidsbetaling i ulik natur

 

Marknadsøkonomien byggjer på fri flyt av varer og tenester. Tanken då er at vareproduksjonen vil flyte dit vilkåra er gunstigast, til dømes der lønnsnivået er lågast eller effektiviteten høgast.

 

Når det gjeld matproduksjon, må grunnlaget vere eit anna. Om menneska i framtida skal få nok mat, treng me ordningar som sikrar matproduksjon både der forholda ligg godt til rette og der dei ikkje ligg godt til rette. Kapitalistisk marknadsøkonomi kan ikkje løyse dette problemet, ein planøkonomi er nødvendig. Denne planøkonomien må byggje på eit prinsipp om utjamning mellom små og store, lettdrivne og tungdrivne gardsbruk og produksjonar, ut frå at arbeidsvederlaget skal vere om lag det same. I og med at det er nødvendig for det globale samfunnet så vel med kornproduksjon på austeuropeisk svartjord som mjølkeproduksjon på små bruk nær tregrensa i Norge og potetdyrking 4 000 meter over havet i Peru, trengst nasjonale og globale ordningar som jamnar ut skilnadene mellom dei ulike produksjonane. Om norske styresmakter utformar ein nasjonal landbrukspolitikk basert på dette grunnprinsippet, gir det også eit grunnlag for globale avtalar bygd på same tenkinga.19

 

Sluttord

 

Me står overfor det største trugsmålet mot menneskeheita sidan nazismen, kombinasjonen av matmangel og klimaendringar. Det vil stille enorme krav til oss og våre etterkommarar.

 

Uvissa og problema i vår del av verda blir større fordi norske styresmakter i heile etterkrigstida har ført ein politikk med hovudmål å redusere talet på bønder og talet på gardsbruk i drift. Det har vorte kalla rasjonalisering og effektivisering, men resultatet er at mat til det norske folket meir og meir avheng av tilgang på importmat, spesielt korn til folk og til våre eigne husdyr, av bruk av fossil olje og av at me unngår dyreog plantesjukdommar. Det attverande landbruket er lite i stand til å utnytte det me har overflod av, utmarksbeite. Og dagens befolkning har små kunnskapar om og lite arbeidstrening i matproduksjon frå norske ressursar.

 

Me treng eit oppgjer med den politisk styrde nedbygginga av landbruket i vår del av verda og i staden ei aktiv satsing på berekraftig matproduksjon. Ikkje av omsyn til eller i solidaritet med bøndene, men for at klodens og Norges framtidige innbyggjarar skal vere sikra mat.

 

Noter:

 
  1. «2050: A third more mouths to feed.» FAO Media Centre 23. september 2009.
  2. Sjå til dømes International Food Policy Research Institute: Climate Change. Impact on Agriculture and Costs of Adaptation. Washington D.C. oktober 2009.
  3. Lester R. Brown. Plan B 4.0. Earth Policy Institute 2009. På nettstadene www.grain.org og www.farmlandgrab.org har aktivistar samla presseinformasjon om jordran. International Food Policy Research Institute i Washington D.C. på sine heimesider eit oversyn over nesten 50 avtalar.
  4. United Nations: World Population Prospects. The 2008 Revision. Highlights, side 39
  5. Olav Randen: Innanfor naturens rammer, i Nærstad og Randen (red): Kampen om maten. Boksmia 2004. FAO: AG21: Magazine: Spotlight Agricultural heritage systems.
  6. Bull, Edvard: Norgeshistorien etter 1945. Cappelen 1982, side 237 ff.
  7. Historisk statistikk 1978, side 138, Statistisk årbok 2002, side 333, Statens landbruksforvaltning, database under produksjonstilskot.
  8. Pressemelding frå Statens landbruksforvaltning 23.9.09: «Færre bønder slutter.»
  9. Tine Meierier: Årsmeldingar.
  10. Nationen 25.6.2009, besøkt på nettet 20.1.10
  11. Worldwatch: Vital Signs 2009, side 12.
  12. NILF-notat 2008–8. Hva koster grovfôret? av Øyvind Hansen
  13. Ein grundig gjennomgang av dette er å finne i Chris Bright: Liv på vidvanke. Om bioinvasjonar i ei grenselaus verd. Boksmia 1999.
  14. Brev frå Norske Felleskjøp til Omsetningsrådet datert 27.1.10, artikkel i Nationen 13.2.10.
  15. Bjørklid, Eli: Forvandlingen av bonden. Om landbruksplolitikk, regjeringskunst og bonden i en globalisert verden. Masteroppgåve februar 2009, side 25–26
  16. Nationen 31.3.09
  17. Nationen 8.2.10
  18. Lester R. Brown: Plan B 3.0. Hvordan redde vår jord? Boksmia 2008.
  19. I Norsk Bonde- og Småbrukarlag: Grøn framtid (Boksmia 1998), side 137 ff, finst ein konkret modell for korleis dette kan gjerast.