Det handlar om å overleve (miljø)

Av Olav Randen

2008-01

Denne artikkelen diskuterer forholdet mellom naturen og marxismen og mellom naturen og kommunismen. Utgangspunktet er Pål Steigans artikkel Økokommunistisk manifest. Framtida begynner NÅ! i Rødt! nr 4, 2007. Eg er ikkje usamd i så mykje av det Steigan skriv, men eg synest at viktige vurderingar manglar og at perspektivet difor blir skeivt, skriv Olav Randen.

Marx i 2008

Steigan er oppteken av at Karl Marx argumenterte rett. Marx oppfatta menneska som ein del av naturen. Han såg det slik at naturressursar og arbeid er dei to kjeldene til rikdom. Av det følgjer også at menneskes arbeid må oppfattast som natur. Marx analyserte skarpt korleis kapitalistisk landbruk pinar ut jorda og riv vekk grunnlaget for menneskes matforsyning. I det heile er den historiske materialismen, som Marx utvikla saman med Friedrich Engels, framleis det beste grunnlaget for samfunnsforståing, også når ein innlemmar økologisk tenking i denne, skriv Steigan.

Men det høyrer med, som også Steigan er innom, at med basis i denne tenkinga har natur vorte plyndra og øydelagd i Sovjet og Kina og andre stader. Det høyrer med at om me jamfører den råaste kapitalismen og dei såkalla sosialistiske samfunna basert på marxistisk tenking, står dei nokså jamsides i øydelegging og brutalitet overfor naturen. Begge har dei lagt til grunn for sin politikk at menneska står over naturen og er i ferd med å vinne kontroll over naturen. På denne måten har dei erstatta tidlegare tenking om menneske som ein del av naturen og om natur som overordna og meir og mindre uforståeleg med menneskes intellekt, med ei tenking om menneska og intellektet som det overordna.

Dei har også, både i aust og vest, sett på natur som enkel og lettforståeleg. Dei har redusert naturen til det me menneske med vår noverande innsikt og hjelpeutstyr er i stand til å fatte. Realiteten er ein annan. Naturen er nesten uendeleg kompleks. Truleg finst i naturen ein stad mellom 8 millionar og 80 millionar artar, og det blir stadig nye. No kjenner forskarane rundt 1,8 milliardar av artane. Ein kortstokk kan visstnok stokkast på så mange måtar at talet har 57 siffer, samspelet og konflikten mellom artane (til dømes menneske og ulike bakteriar) kan skje på eit for oss uendeleg og ufattbart tal måtar.

Av det må me slutte, når det gjeld marxismen, at for det om tenkinga om natur synest grunnleggjande rett, er ho samtidig så ufullstendig at ho ikkje har gitt gode retningsliner for handling.

Marx la altså i sine tidlege skrifter fram nokre programmatiske tankar om natur, men endra så fokuset i retning menneske og økonomi. Også Marx var eit barn av si tid. Det var ei anna tid enn i dag, ei lovnadsrik tid. Då Marx og Engels skreiv Det kommunistiske manifest (1847–48), budde mellom 1,2 og 1,4 milliardar menneske på kloden. Den tid var det enorme uoppdaga område og lite befolka område. Det indre av Nord-Amerika, Sør-Amerika, Afrika og Australia var såleis ukjent for det som nokså misvisande blir kalla den siviliserte verda, men oppfatninga var at det kunne takast i bruk og gi velstand og rikdom. Ny teknikk erstatta manuelt arbeid, nye produksjonsmåtar med systematisk husdyravl og plantedyrking og flytting av artar kom i landbruket, nye fiskemetodar kom i hav som syntest utømmelege, vaksinering og hygiene gjorde sjukdomsbekjemping mogeleg, og stadig fleire lærde seg lese- og skrivekunstene. For Marx og Engels såg det ut som at viss berre menneska vart kvitt kapitalismens svøpe, ville framtida bli lys. I seinare kommunistisk litteratur, i aust og vest, har denne oppfatninga vorte vidareført og forsterka.

I dag ser det annleis ut. Sjølv om teknikk og forståing har gjort store steg framover, framstår framtida for alle med innsikt som usikker og vanskeleg. Og uvissa og vanskane er der jamvel om det skulle lykkast å bli kvitt fåtalet si utbytting av fleirtalet. Folketalet er femdobla frå Marx si tid, til 6,6 milliardar, og det veks no med 70 millionar i året. Det finst ikkje lenger ledige areal å ta i bruk. Ikkje ein liter med vatn i noko hav og ikkje noko vekstjord er upåverka av menneskeleg aktivitet. Jamvel atmosfæren blir fylt av våre herjingar, slik at temperaturen har stige med tre kvart grad det siste hundreåret og truleg vil stige med ein stad mellom 2 og 4,5 grader, kanskje endå meir.

Planeten Tellus, som for Marx syntest uendeleg stor og lovnadsrik, har altså vorte for liten for oss. Me har teknologien, utstyret og reiskapane for å utnytte han og øydeleggje han, tømme havet for fisk eller jord og havbotn for fossil olje avsett gjennom millionar år til dømes, men me manglar langt på veg den klokskapen og den organiseringa som må til for å forvalte denne vesle planeten på fornuftig vis.

Når det gjeld samfunnsforhold og økonomi, er det gode grunnar til å hevde at Marx var den fremste tenkjaren i nyare tid. Når det gjeld forholdet mellom natur og menneske bør me heller ikkje kaste vrak på Marx. Men det meste av grunntenkinga om naturen må me leite fram andre stader, hos biologar og økologar og filosofar og naturbrukarar og -forvaltarar verda over. Og i alle spørsmål bør me sjå på Marx som ein inspirator og ikkje som ein fasit.

Problemomfanget

Eg vel å ta utgangspunkt i rapportane frå FNs klimapanel IPCC (Intergovernmental Panel on Climate Change). Dei legg hovudvekta på kva som vil skje med ein temperaturauke på 2 til 4,5 grader, men skisserer også kva som vil skje viss temperaturen stig meir enn det. Me må ha i mente at klimapanelet er basert på konsensus. 800 klimaforskarar frå dei fleste land har altså vorte samde om formuleringar. Det har skjedd på det viset at det mest nøkterne og moderate vart ståande. Vurderingar som ikkje alle gjekk god for, vart fjerna frå dokumenta.

Fire område er meir utsette enn andre. Det gjeld polområda, områda rundt verdas ørkenar, lågtliggjande landområde og øyar, særleg i Stillehavet.

I Arktis og på Grønland smeltar is i eit omfang knapt nokon forskar hadde tenkt seg. Sel og isbjørn, inuitar og samar mister sine tradisjonelle leveområde. Truleg er det få år til me kan dra med båt over Nordpolen. Kunnskapane om Antarktis er mindre, og oppvarminga har vore mindre på den sørlege enn den nordlege halvkula, naturleg nok i og med at utsleppa er mindre der. Men mange forskarar ser det som skjer i nord som eit varsel om at me har liknande ting å vente i sør. Ein av dei som ropt varsko, er verdas kanskje best kjende klimaforskar, direktør James E. Hansen ved NASA. Han og hans forskingsmiljø hevdar at nordområda er i ferd med å nærme seg eit tipping point, eit vendepunkt, der issmeltinga for alvor vil skyte fart. Med sideblikk til tidlegare klimaendringar meiner han endringane kan kome svært snøgt og i eit veldig omfang.

Med oppvarminga følgjer eit varmare og tørrare klima mange stader, regn og regntider uteblir, og ørkenar spreier seg. I Australia har tørken og varmen herja dei siste åra, jordbruksavlingar uteblir og forørkninga tiltek. Sahara er i ferd med å spreie seg nordom Middelhavet til Spania og Italia, delar av Nord-Kina tørkar ut, og regntid uteblir i store delar av Asia og Afrika.

Store delar av menneskeheita bur i kystområde. Når hava stig pga issmelting og at vatn utvidar seg når det blir varmare, blir desse områda meir sårbare for bølgjer og uvêr, og i verste fall blir dei sette under vatn. Om det går slik, vil millionar av innbyggjarar i land som Bangladesh, Kina, India, Nederland og USA måtte flytte, og vår tids store hamnebyar bli borte. Eit anna problem er forsaltinga. Med stigande havnivå kjem salt vatn inn i grunnvatnet, og jordbruksland blir øydelagd. Alt no uteblir mykje av avlingane i Bangladesh og delar av India.

Mest dramatiske er problema for øystatane i Indiahavet, Stillehavet og Karibia. Til dømes ligg det meste av Maldivane mindre enn ein meter over havflata. Dei merkar kvar millimeter havet stig på det viset at dei blir meir sårbare for uvêr, at jordbruksland og fiske blir borte og at plante- og dyreartar forsvinn. Frå desse landa kan me vente mange økologiske flyktningar i åra som kjem.

Men også andre delar av kloden vil møte problem i hopetal, utrydding av artar i stort omfang, nye sjukdommar på planter, fisk, dyr og menneske, matproduksjon som uteblir, tørke- og varmeperiodar og regnperiodar av eit til no ukjent omfang, meir jord- og snøras, tunnelar, vegar, bygningar og annan infrastruktur som ikkje meistrar dei nye påkjenningane og mykje meir.

Alt dette blir forsterka av dei mange andre miljøproblema i vår tid, at me har utrydda mange plante- og dyreartar, forureining av mange slag, ein sårbar matproduksjon basert på eit fåtal artar, at dei fleste av verdas store fiske er meir og mindre øydelagde etc.

Om kunnskapane om klimaspørsmål har auka vesentleg dei siste tiåra, står framleis mykje att. Det kanskje viktigaste er det forskarane kallar vendepunkt, eller kvalitative sprang i marxistisk språkbruk, altså endringar som forandrar ein tilstand til ein fundamentalt annan, og der den nye tilstanden ofte set endå sterkare fart i prosessen. Eit nemnt døme er smeltinga av Grønlandsisen. Eit anna er smeltinga av isen på tundraen i Sibir, som kan gjere at metan og CO2 i enorme mengder slepp ut i atmosfæren. Eit tredje er at kanskje nærmar verdshava seg eit metningspunkt når det gjeld opptak av CO2. Det meste av utsleppa til no har ikkje hamna i atmosfæren, men i staden vorte assimilert i hava. Eit fjerde er dei mange skogbrannane i landområde som blir tørrare.

Menneskeheita er, stutt skrive, på veg inn i ein periode der problema kan bli enorme. Om me skal tenkje oss worst case, det verste tilfellet, kan me seie at me på nytt er på tidleg 1300-tal, nokre år før Svartedauden braut ut. Og me bør leggje opp politikken ut frå det verste av dei sannsynlege scenarioa.

Litt om norsk "miljøpolitikk"

Våre styresmakter tenkjer ikkje slik. Dei klamrar seg til ein ønskedraum om at det ikkje skal gå så ille likevel. I Kyoto i 1997 krangla Norge seg til ein utsleppsauke på 1 % frå 1990-nivået, medan dei fleste industriland godtok ein viss reduksjon. Realiteten er at utsleppa i Norge har auka med 7,8 % frå 1990 til 2007. 2008-tala vil bli vesentleg høgare, dels fordi gasskraftverka på Kårstø og Melkøya har kome i drift og dels fordi forbruket veks.

Då skulle ein tru at regjeringa no ville ta problemet på alvor. Men dei konkrete tiltaka manglar fullstendig. Flytransporten aukar, bilkøyringa aukar, tunge og drivstoffkrevjande bilar dominerer, i dette velstandslandet vekslar fleire og fleire mellom to eller tre bustader, villaen i Oslo-området, den like store og heiltids oppvarma hytta på Geilo eller i Trysil og den like store hytta på Tjøme eller Hvaler.

Knapt nokon europeisk politikar slår rundt seg med så store ord som Jens Stoltenberg. Vi har verdas beste miljømelding, og vi er i ferd med å utvikle verdas beste miljøpolitikk, seier han. Eit lite søk i klimameldinga viser at ordet ambisiøs står 21 gonger og pådrivar 12 gonger.

Og det skortar ikkje på høge mål. I 2020 skal norske utslepp vere halverte, dels med reelle utsleppsreduksjonar, dels med ny teknologi og dels med kvoteoppkjøp i andre delar av verda. I 2050 skal Norge vere klimanøytralt.

Men ei regjerings lovnader for 2020 eller 2050 er verdilause, iallfall så lenge ikkje noko blir gjort for å føre landet fram mot den lova tilstanden. Den raudgrøne regjeringa styrer landet fram til hausten 2009, og det er tiltaka til dess som betyr noko.

Det er også verdt å merke seg at Norge har både den same retorikken og den same politikken i internasjonale klimaforhandlingar. – Me skal utvikle ny teknologi som vil kome heile verda til gode, seier Stoltenberg heime og kallar CO2-deponering frå gasskraftverk vår månelanding. Men på FNs klimamøte på Bali i desember stod Norge saman med USA, Canada, Japan og Australia i den såkalla paraply-gruppa om å krevje rikeleg betaling for miljøteknologi andre tek i bruk. Same posisjonen har landet innteke i WTO-forhandlingane om intellektuelle rettar. Det som måtte bli utvikla her, er vårt, og andre må´kke komme her og komme her.

Skrive på ein annan måte: Me har ei regjering som prioriterer olje og som har som sin eigentlege agenda å unngå reelle klimatiltak før Nordsjøen og Barentshavet er tømde for olje. Denne regjeringa er kanskje verdsmeister i to øvingar, innhaldslaus retorikk og uforpliktande lovnader, med blant verdas absolutte sinker når det gjeld konkrete tiltak.

Det oppsiktsvekkjande er likevel ikkje at ei regjering er meir oppteken av profitten til eigen overklasse enn av verdas miljø. Regjeringar flest er det. Det oppsiktsvekkjande er at folk flest og organisasjonar flest godtek at det er slik, og jamvel svelgjer fantasiane om at me er i verdas tetskikt og har kontrollen. Det oppsiktsvekkjande er at Stoltenbergs, Bjørnøys og Solheims naive unnaflukter blir aksepterte av eit så å seie samla mediekorps og ein så å seie samla opinion. Eit døme er påstanden om klimanøytralitet i 2050. Stoltenbergs ord i dag vil ha om lag same politiske tyngd i 2050 som Gerhardsens eller Per Bortens ord har i dag. Om statsleiaren sjølv er i live når den tid kjem, vil han vere over 90 år og i beste fall i stand til å følgje norsk politikk frå aldersheimen.

Men media seier ja og amen.

Opprøret frå Sør

Heldigvis er verda meir enn Norge og meir enn det som, meir og meir misvisande, blir kalla industrilanda. Store endringar er i gang i argumentasjon og åtferd i Sør. Når Nord klamrar seg til sine privileg og sin globale overklassestatus, svarar Sør med krav om klimarettferd. Når Nord snakkar om Sørs økonomiske gjeld til Nord, svarar folk i Sør med å snakke om Nords økologiske gjeld til Sør.

Eg som skriv denne artikkelen, var så heldig at eg fekk høve til å delta i La Via Campesinas solidaritetslandsby for ein kjølegare planet på Bali i Indonesia i desember 2007. La Via Campesina er ein samleorganisasjon for verdas småbrukarar, med den hovudtanken at tradisjonelt landbruk og ikkje agroindustri er den beste basisen for framtidas matproduksjon. Arrangementet fann stad samtidig med FNs klimakonferanse. I ei snau veke diskuterte småbønder og bondeleiarar frå mange land og alle verdsdelar korleis me skal møte klimaendringane, me laga utstillingar, hadde pressekonferansar og demonstrerte i gatene.

Eg vart overraska over kunnskapane. Eg trudde eg var oppdatert på klimaspørsmål, i og med at eg har vore engasjert i temaet i to tiår, lese mange bøker og artiklar og like eins innstillingane frå klimapanelet. Men bondetillitsvalde frå asiatiske land sat med store kunnskapar som me frå nord mangla. Utstillingane var gjennomarbeidde og faktaorienterte. Organisasjonsaktivistar, ikkje minst unge kvinner frå indonesiske miljøorganisasjonar, heldt grundige og analytiske innleiingar. Og tidsskrift og aviser frå sørasiatiske land skreiv om klimaendringar med eit oversyn og eit fagleg engasjement svært få europeiske aviser kan måle seg med.

Eg vart også overraska over kor samde me bønder var, om verdien av humuslaget og av småbønders agronomiske kunnskapar, om at biodrivstoff er ei avleiing og ikkje ei løysing, om at fokuset må rettast mot kvinnene i landbruket meir enn mot mennene og om at løysingane på krisa er å finne blant verdas småkårsfolk meir enn i forhandlingane nokre steinkast og ein mur av politifolk unna solidaritetslandsbyen.

La Via Campesinas og indonesiske bonde- og miljøorganisasjonars solidaritetslandsby var eitt av mange initiativ i eitt av mange land. Truleg er me i starten på eit globalt, politisk opprør. Kanskje vil den politiske debatten dei neste åra endre karakter fullstendig, der fokus vil bli på likskap og berekraft, og der Nord vil miste grepet og Sør kome på offensiven.

Tru det, tenkjer lesaren. Undertrykking er vanleg og gammalt – og stort sett akseptert dit at folk flest finn seg i det heller enn å drive opprør fram til resultat. Stort sett aksepterer Sør at Nord gjennom WTO og med Pengefondet og Verdsbanken som instrument lagar internasjonale handelsreglar som også Sør må følgje. Stort sett aksepterer Sør at HIV-aids skal råke dei, at medisindominante Nord fokuserer einsidig på eigne luksussjukdommar og jamvel patenterer HIV-medisinar, slik at Sør ikkje har råd til dei. Så kva får meg til å tru at klimaopprøret kan bli noko anna?

For det første er klimaendringane i ferd med å bli meir omfattande enn noka anna samfunnsendring sidan industrialismen og koloniseringa. Klimaendringane vil råke dei fleste, og dei vil råke Sør og særleg fattigfolk i Sør langt hardare enn Nord.

For det andre syner skadeverknadene seg ustanseleg og over alt. Styresmakter og økonomiske elitar som prøver å feie problema under teppet, vil difor ikkje lykkast. Nesten dagleg i åra framover vil det kome nye meldingar og rapportar om klimaskadar og øydeleggingar frå ulike delar av kloden. Og også dei som ikkje blir råka hardt direkte, vil bli påminte med klimaflyktningar, redusert mattilgang og krav om ein annan livsførsel.

For det tredje er klasseinnhaldet så tydeleg. For alle som ser på økologiske fotavtrykk, og for alle som er opptekne av rettferd, framstår overklassens livsførsel, vassing i gjenstandar, bruk og kast-åtferd, bilar, luksusbåtar, fleire bustader som alle skal varmast opp, flyreiser og utstyr ikkje berre som unødvendig, men øydeleggjande. Den globale oppvarminga framstår som eit klassespørsmål og eit Nord-Sør-spørsmål.

For det fjerde har dei fattige og små ingen ting å miste. Valet vil stå mellom å gjere opprør eller å resignere og miste alt. Då vil det første alternativet framstå som mest attraktivt, nesten uansett om opprøret fører fram eller ikkje.

For det femte gjer ny teknologi at småkårsfolk meir og meir blir i stand til å samle, systematisere og spreie informasjon og til å organisere. Sjølv om analfabetisme og mangel på elektrisitet også er sider ved virkelegheita, er det slik at blant bønder og organisasjonsaktivistar i den tredje verda finst stadig fleire med pc, nett-tilknyting og mobiltelefon og evne til å bruke utstyret.

Altså er me truleg i startfasen på eit masseopprør, eit miljøopprør som vil endre verda grunnleggjande. Dei masseprotestane, den innsikta og den organiseringa som er i ferd med å vekse fram, kan snu opp ned på samfunn. Det kan gjere at kloden om ti eller tjue år er ein heilt annan enn i dag.

Men spørsmålet har ei side til. Me er samtidig på veg inn i ein brutal, global klassekamp om økologi og klima. Brutal fordi den globale overklassen ikkje gir slepp på noko som helst frivillig, heller ikkje sin skikk med å misbruke og øydeleggje naturen. Me kan vente krigar om vatn, jord og utsleppsrett.

For oss opposisjonelle i det rike og bortskjemde Nord handlar det om å velje side. Ikkje på vagt og uforpliktande vis, men tydeleg og konsekvent. Ikkje så at våre land kan gå i spissen, det ligg for langt unna, men slik at miljøengasjerte og opprørske folk i Sør veit at dei har allierte også i vår del av verda. For å kome dit må mange steinar snuast.

Ei anna røyst – på naturens premissar og med global likskap

Den grunnleggjande tenkinga må vere at naturen er overordna. Me menneske må innrette oss etter naturen. Dette kan me konkretisere til eit mål om naturstabilitet eller naturbalanse, at me må ikkje ta meir ut av naturen enn me fører tilbake til han og enn naturen byggjer opp på nytt. Me må ikkje øydeleggje meir matjord enn det naturen byggjer opp gjennom plante- og dyremateriale som rotnar og tilfører jorda næringsstoff. Me må ikkje utrydde fleire artar enn det naturen skaper på nytt. Og me må ikkje brenne fossilt brensel i eit raskare tempo enn det naturen dannar gjennom avsetning av nye fossilar.

Eit anna mål må vere knytt til varsemd rundt endringar. Menneske har flytt artar frå eit øko-miljø til andre med suksess. Eit døme er poteten. Det skjedde gjennom hundretals år og med retretthøve. Men menneske har også flytt artar frå miljø der dei utgjer ein naturleg del av økosystemet og til område der dei gjer uboteleg skade. Eit døme er maneta som reiste i ballastvatn i båtar frå USA til Svartehavet, der heile økomiljøet braut saman. Eit lokalt døme er oppdrettslaks som rømmer, overtek leveområda til villaksen og spreier sjukdommar.

Kravet til varsemd må ikkje minst gjelde innføring av menneskeskapte naturendringar, som organismar med endra genar. Risikoen for at genmanipulerte planter eller dyr skal trengje vekk eksisterande artar og ta overhand, er til stades. Det same er risikoen for at dei få monokulturane, genmanipulerte eller ikkje, som me baserer mattilgangen på, skal bli øydelagde av sjukdommar og klimaendringar. Same tenkinga må gjelde til dømes for atom- eller thorium-kraftverk. Om hundre år kan det tenkjast at thorium-kraftverk fungerer, men før me har eliminert risiko-faktorane, bør dei ikkje setjast i drift. Og før me kan føle oss sikre på at CO2-fanginga i gasskraftverk fungerer, at CO2-en kan fraktast trygt til oljebrønnane og bli deponert der i lang framtid utan risiko for at jordskjelv eller andre naturendringar fører klimagassen på vidvanke, bør me heller ikkje akseptere ei slik deponering. Det bør forskast på det og prøvast ut i mindre skala, men me kan ikkje risikere fleire Harrisburg eller Tsjernobyl.

Utgangspunktet må altså vere naturen og naturens tåleevne. Det er også den tenkjemåten som gjer det lettast å få med folk. For det uttrykkjer vilje til å løyse problema. I dag reagerer svært mange med likesæle overfor regjeringars miljøpropaganda. Naturleg nok, for dei oppfattar det som propaganda utan innhald og utan reelle mål om å kome ut or uføret. Tiltak for dei små, der dei store slepp fri.

Skal me få til ein global miljøpolitikk basert på naturens tåleevne, krev det ei grunntenking om likskap mellom menneske. Det er urealistisk å forlange restriksjonar på bilhald i India så lenge folk i Nord har ein bil per person og ein båt og ein snøskuter per familie. Det framstår som tiltak for å hindre dei andre i å kome opp på vårt nivå.

Altså treng me a) ein politikk bygt på naturens tåleevne, b) ein global planøkonomi eller iallfall globale fellestrekk i politikken og c) og ei global utjamning.

Likevel må me, som FNs klimapanel gjer, dei neste tiåra moderere målsetjinga om å basere oss på naturens tåleevne til eit mål om å redusere utsleppsnivået dit at me kan leve med det. Men reduksjonen kan ikkje takast likt utan store og rettkomne sosiale protestar. Tenkjer me oss ein utsleppsreduksjon på 80 %, må den rike verda redusere med minst 90 om ei utjamning skal skje. Fordi innbyggjartalet veks i den fattige verda og er stabilt i den rike verda, må reduksjonsnivået vårt over tid bli endå høgare.

Kven er det i vårt land som argumenterer prinsipielt med naturens tåleevne? Ikkje dei politiske partia, dei er mest opptekne av business as usual. Og ikkje miljøorganisasjonane. Bellona klamrar seg til at teknologiske endringar skal føre oss ut or uføret, jamvel dit at leiar Frederic Hauge nyleg sa i ein fjernsynsdebatt at folk bør reise meir med fly enn før, men då med fly drivne med biodrivstoff. For å få det til, trengst minste ein ekstra klode. "Så enkelt er det," skriv Framtiden i Våre Hender som overskrift i si klimaavis. "Vi har alt vi trenger for å kutte CO2-utslippene og løse klimakrisen. Det er både billig og lett å gjennomføre. Alt vi mangler er politisk mot." For Naturvernforbundet er andre nordiske land, Sverige, Finland og Danmark, idealet, for dei bruker noko mindre elektrisk straum og bruker han noko meir effektivt. Og kanskje det, men svensk, finsk eller dansk nivå på energiforbruk løyser heller ikkje klimaproblema.

Kva med andre? Det djupøkologiske miljøet på syttitalet rundt Arne Næss og Sigmund Kvaløy til dømes? Dei fleste er godt etablerte i miljøorganisasjonar eller departement, opptekne av forskingsmidlar og eigne karrierar meir enn av naturen som heilskap. Miljøet rundt Klassekampen? Perspektivet der er snevert vestleg, og klimadekninga er fråverande eller svak, langt dårlegare enn til dømes i Aftenposten med den kunnskapsrike Ole Mathismoen som tonegjevande. Det nye miljøet av såkalla demokratiske sosialistar rundt stiftinga Manifest? Miljø er ikkje deira tema, derimot det dei i boka Tredje Venstre kallar livsnytarsosialisme med større valfridom og meir fritid. Her er det ikkje eit snev av tankar på andre enn oss i det privilegerte Nord. SV? Det er illustrerande for partiet at miljøvern- og bistandsdepartementa no er slått saman, med retorikaren Erik Solheim som leiar av begge, og iallfall så langt utan markert miljøpolitikk. Partiet Raudt? Der er miljøinnsikt kanskje i ferd med å nå inn, endå det framleis synest skorte på viljen til å trengje gjennom dei vanskelege spørsmåla og å ta eit oppgjer med gamle tankar om teknologiske framsteg og menneskas dominans over naturen.

Eg vonar eg tek feil, men eg ser det slik at med Natur og Ungdom og Miljøpartiet Dei Grøne som mogelege unntak finst ikkje organisasjonar eller miljø i vårt land som konsekvent legg naturens tåleevne og heile menneskeheitas interesser til grunn for klimapolitikk og levemåte. Så lenge dette organisatoriske og ideologiske tomrommet er der, vil me heller ikkje få til ein prinsipiell miljødebatt. Me må altså ta det mødesame arbeidet med å byggje opp nye organisasjonsmiljø og ny tenking.

Nødvendige endringar i levemåte og tenking

Framtidssamfunnet må byggje på andre verdiar enn dagens marknadsbaserte samfunn, på at me skal underordne oss naturens rammer framfor at me skal setje oss ut over desse rammene, på varsemd, audmjukskap og respekt for det me ikkje veit framfor trua på at me beherskar alt, på stabilitet og langsiktig tenking framfor "vekst" og "utvikling". Eg set dei sistnemnde orda i hermeteikn fordi vekst og utvikling samtidig handlar om nedgang og øydelegging.

Pål Steigan, som var utgangspunktet for denne artikkelen, bruker uttrykket økokommunisme. Eg synest ikkje uttrykket er heldig. Det gir inntrykk av at økologi og samfunnsformasjon er to sidestilte spørsmål eller to spørsmål som kan smelte saman til eitt. I staden må me sjå det slik at økologien handlar om det overordna, dei rammene me menneske må handle innanfor – og som altså Marx i svært liten grad analyserte. Kommunisme er ein måte å organisere menneskeleg hopehav på innanfor desse rammene.

Om både Steigan og eg ser sterke argument for eit klasselaust samfunn, er virkelegheita at mange andre ikkje gjer det, og at også desse må ha ein plass i kampen for eit berekraftig miljø i ei brei folkerørsle, ubunde av politiske grunnholdningar, og der diskusjonen om samfunnsorganisering går innanfor rørsla. Det får me til berre med å halde dei to temaa fråskilde einannan.

Så til kommunisme: Også eg meiner altså at kommunisme er den beste måten å organisere menneska på. Kanskje er kommunisme den einaste måten som vil fungere innanfor naturens rammer og difor ein nødvendig føresetnad for at verdas framtidige innbyggjarar skal overleve. Dette fordi ein konsekvent planøkonomi må til for at framtidssamfunnet skal fungere, og ein konsekvent planøkonomi vil neppe fungere i andre samfunn enn kommunistiske. Men bak Marx sin grunntanke:Frå einkvar etter evne og til einkvar etter behov, må det liggje ein tanke om å ikkje hente meir frå naturen enn det naturen kan avsjå. Viss ikkje, kan det gå like ille med eit klasselaust samfunn som med eit klassedelt samfunn.

I kommunistisk propaganda, frå Marx og Engels via Lenin og Mao og til våre heimlege AKP-leiarar, har kommunistiske samfunn vorte framstilte som paradis på jord. Då vil arbeidstida bli stutt, folk ha tid og høve til å dyrke fritidssyslar og fridommen til å velje eigne livslaup vere så å seie uavgrensa. Alt dette følgjer av trua på at folk står over naturen og kan vere i stand til å meistre naturen.

Virkelegheita er annleis. Om framtida skal sikrast for dei ni eller ti milliardane menneske som truleg vil bebu Tellus i 2100, vil det krevje hardt arbeid, forsakingar og slit. Det vil krevje samfunn fokuserte på det nødvendige, mat og bustader og omsorg og samkvem mellom menneske, meir og ikkje mindre manuelt arbeid og åtte og ikkje seks eller fire timars arbeidsdagar.

I vår del av verda vil det innebere at nødvendig produksjon, særleg av mat, vil fylle meir av folks arbeidsliv og kvardag, at mangfaldet av varer skrumpar inn, at reklame og marknadsføring må reduserast til eit minimum, at profesjonell kultur blir trappa ned fordi utøvarane si arbeidskraft må brukast til nyttigare ting, at flyreisene truleg må ta slutt, at biltransporten blir redusert til ambulansar og utrykningsbilar og kanskje utkantbuarar, at folk får lov til å varme opp det som trengst av buplass og må la resten, hyttene og dei mange bustadromma, stå kalde vintertid, at industriproduksjonen blir meir lokal og at maten blir mindre variert og også får eit meir lokalt preg.

Det vil altså krevje store offer. Det tunge argumentet for slike endringar er at alle alternativ er verre.

Skal det lykkast, føreset det at endringane skjer i heile samfunnet. Dersom dagens eller morgondagens over- og middelklasse slepp unna, vil heller ikkje dei lågare i samfunnet godta restriksjonar.

Ein grunnleggjande likskap i levekår betyr ikkje at alle skal ha det likt. Tvert om er menneskas evne til å dra nytte av variasjonane på kloden, i matproduksjon, samfunnsorganisering og levemåte, avgjerande for framtida. Men det betyr like rammevilkår og forbod mot å sanke profitt.

Me langt ute på venstresida må også endre tenking på ein annan måte. Me må etter mitt skjøn gå vekk frå ideen om proletariatet som den leiande klassen. Éi sak er at kjerneproletariatet, særleg i vår del av verda, dei siste tiåra har vorte oppsplitta og fått svekka kampkraft. Ei anna er at verdas matprodusentar, småbønder og fiskarar, vil spele ei svært sentral rolle i framtidssamfunnet. Dette fordi dei står for den viktigaste produksjonen, produksjon av mat, og fordi dei sit med nødvendige kunnskapar om matproduksjon og naturforvaltning, kunnskapar som må variere frå område til område og som difor ikkje kan bli dekte av lærebøker og professorar. Ei tredje sak er at dei utgjer verdas største yrkesgruppe, med 40 % av yrkesutøvarane og langt fleire kvinner enn menn. Ei fjerde er at småbønder i mange land, som nemnt tidlegare, har teke i bruk moderne teknologi og moderne organiseringsmåtar. For bønder, som bur og arbeider spreidd, er dette eit langt større framsteg enn for proletarar i flokk.

I Ludvig Bonapartes 18. Brumaire karakteriserte Karl Marx franske parsellbønder slik:

"den franske nasjons store masse (dannes) ved addisjon av ensbenevnte størrelser, på samme måte som en sekk poteter til sammen danner en potetsekk. … De kan ikke representere seg selv, de må representeres."

Om skildringa var dekkjande i 1850, skal eg ikkje diskutere, men på vår tids småbønder i Sør høver karakteristikken dårlegare for kvart år som går. Det er tvert om sannsynleg at det blir denne yrkesgruppa som kjem til å gå i spissen for ei anna verd.

Om eg skal kalle meg kommunist, er det altså ikkje fordi eg trur kommunismen blir eit paradis på jord. Det er fordi eg ser på eit kommunistisk samfunn som ein del av ei løysing – og så langt eg ser det ein nødvendig del – for at menneskeheita skal overleve. Eg er med andre ord kommunist meir av tvang enn av lyst.

Olav Randen