Mindre utslepp gjev arbeid til fleire

Av Erik Solheim

2016-02

Vi skal skifte ut fossil energi med fornyeleg, og elles drive vidare om lag som før. Det ser ut til å vere utgangspunktet for debatten om ei framtid med lite eller ingen ting av utslepp frå karbonenergien. Men ingen har vist at det er mogeleg.

Erik Solheim har vore leiar i Noregs Naturvernforbund 1980–87 og 1993–97, og er æresmedlem i forbundet. Han er naturforvaltingskandidat frå Noregs Landbrukshøgskule og har arbeidd som m.a. lektor og restaureringssnikkar. an har småbruk i Flugedalen, Førde kommune, Sogn og Fjordane.

Det avgjerande spørsmålet er kor mykje fornyeleg energi som er tilgjengeleg. Fornyeleg energi i vind og nedbør er svært lite konsentrert samanlikna med fossil energi, som er innhaldet i enorme mengder organisk stoff konsentrert gjennom millionar av år. Å fange store krefter ut av vind og vatn, krev turbinar som gjer seg nytte av store areal. Å utnytte fallenergien i vatn, gjev relativt stort utbytte.

Fjell og vidde, medlemsbladet til Den norske Turistforening, har laga eit oversyn som viser at dei 1208 småkraftverka (mindre enn 10 MW installasjon) som er bygde, leverer ikkje meir enn sju prosent av den samla elektrisitetsutvinninga i vårt land. I mange område ligg dei så tett at der nesten ikkje er frittrennande elver igjen. NVE har framleis nesten 300 søknader å ta standpunkt til. Men dei beste verka, dei som gjev mest energi for pengane, er alt i drift.

Ved inngangen til 2015 var 62 prosent av vasskraftpotensialet på 214 TWh (milliardar kilowattimar) utnytta, 132 TWh. Den faktiske produksjonen varierer med nedbør og temperatur, i nokre år til godt over 140 TWh. Nesten 50 TWh er varig verna mot kraftutbygging. Att er ein rest på rundt 30 TWh, vel 20 prosent av dagens produksjon.

Innanlands i Noreg har vi alt i alt eit samla energiforbruk på 230–240 TWh. Vel 100 TWh er av fossile energikjelder. Om vi bygde ut alt av resterande vasskraft, er det rundt 70 TWh igjen å erstatte.

Med Rogaland som det tyngste distriktet, skal dei vindkraftverka som har fått konsesjon, kunne gje bortimot 13 TWh, mot lokale proteststormar i mange av sakene. Så langt har dette gjeve 2–3 TWh. Professor Sigmund Hågvar har kalla vindkraftutbygginga ei historisk øydelegging av norske og internasjonale naturverdiar (Aftenposten 16. 3. 2016). Om dei fleste av dagens konsesjonar vert utnytta, er enorme delar av norsk natur, først og fremst i kystfjella, omdanna til industriområde. Og likevel er det godt over 50 TWh fossil energi i bruk, halvparten av dagens nivå.

Det tredje alternativet som mange snakkar om er skogen, å gjere tre om til drivstoff for bilar og fly. Tilveksten i norske skogar er for tida historisk høg, rundt 25 millionar kubikkmeter kvart år. Hogsten tek nesten 10 av desse 25 millionane. Om vi tenkjer oss at resten, 15 millionar kubikkmeter, kan gå til energi, er det teoretisk mogeleg utan å redusere grunnlaget for seinare tilvekst. Brennverdien av tre varierer med treslag, vassinnhald og fleire andre faktorar, mellom anna om vi brenn sjølve stokken eller greiner og lauvverk, nåler. Det er ikkje lett å vere sikker på kor mykje nyttig brennstoff det er å få ut av skogen. I Nasjonal Transportplan opererer dei med eit mål om 1,7 milliardar liter biodrivstoff årleg innan 2030. Nokre meiner at dette er mogeleg å hente ut av norske skogar i staden for å importere palmeolje. Med det som utgangspunkt at 1000 liter gjev 36,2 gigajoule, vil 1,7 milliardar liter gje 62 PJ (petajoule), som tilsvarer vel 17 TWh. Til samanlikning går det med bortimot 250 PJ til norsk transport innanlands. Skogen kan etter dette dekkje 25 prosent, ein firedel. Andre har kome til liknande tal, mellom andre sivilagronom Øystein Heggdal, som rett nok endar på 20 prosent (Minerva nett 17.3. 2015). I desse overslaga er det ikkje rekna med den energien som går med til hogst og transport fram til foredling.

Summen av desse tala for meir av vasskraft, vindkraft og skogsenergi er store. Ei rekkje kvalitetar ved dette landet, gode som folk opplagt set pris på, vil vere borte. Skadane i naturen ville bli enorme sjølv om ikkje alt vart noko av. Likevel rekk ikkje alternativa til meir enn rundt 60 prosent av det fossile forbruket på 100 TWh. Tala er ikkje nøyaktige svar, men det er uvisst i kva retning det dreg, det som er usikkert. Det kostar atskilleg energi å byggje opp ny produksjonskapasitet og å omstille samfunnet på nye energiformer. Den kjemisk bundne energien i ved får vi mest ut av som varme frå ein god omn. Å gjere veden om til bildrivstoff kostar bortimot halve energiinnhaldet berre i omdanninga. Dette er realitetar som er ein konsekvens av naturlover, og som altså ikkje let seg endre vesentleg av meir avansert teknikk. Mange som seier dei er teknologioptimistar, let til å tru at teknikken kan fikse meir enn naturlovene tillet.

Å omdanne sollys til elektrisitet er mogeleg, også i vårt land. Men det skal store areal til, og svære mengder av metall som er sjeldne på jorda. Solenergi har nådd stor prosentvis vekst, men volumet er likevel ikkje stort, fordi utgangspunktet er så lågt. Tilskotet til den globale forsyninga er forsvinnande lite.

Vår tekniske utvikling har vore mogeleg berre fordi vi kunne setje inn meir energi, mest fossil, til å drive teknikken. Med maskinell hjelp kan kvar person utføre meir arbeid enn før. Det er difor vi er så rike, vi i den globale overklassen. På 1800-talet var husmennene ein viktig energiberar i norske bygder og slavar på amerikanske plantasjar. Med dampmaskin og eksplosjonsmotor vart kol og olje meir effektivt å ta i bruk.

Vi kjem raskare fram med bil enn med sykkel, og vaskemaskina gjev oss reint tøy på mindre tid enn vi ville bruke til å gjere arbeidet for hand. Men å utføre meir arbeid krev alltid meir energi. At bilen i dag krev mindre drivstoff per mil enn før, kompenserer vi med å køyre meir. Datateknikken skulle redusere forbruket av papir, var reklamen. Vi skulle spare både energi og trefiber. Utviklinga har vist det motsette. Forbruket av papir til utskrifter stig bratt, og det går veksande mengder elektrisitet til å drive dei enorme databasane.

Om skog til drivstoff kjem, så er spørsmålet om nettoeffekten for innhaldet i atmosfæren av storstila skogshogst og frigjering av CO2 som trea har samla gjennom 100 år eller meir. Bjart Holtsmark ved Statistisk Sentralbyrå har i sitt doktorgradsarbeid hevda at i lange tider vil utsleppa gå opp, ikkje ned. Hans motstandarar ser ut til å ha sterkare meiningar enn argument.

Truleg er det slik at skogen har si mest klimavenlege evne i å fange CO2 frå lufta og lagre desse molekyla i treverket. Etter alt å dømme utnyttar vi skogen best ved å byggje meir i tre, i staden for stål og betong, som kostar mykje energi å framstille og frakte, for det meste kolkraft.

Vindkraft er ustabil energi, og det same gjeld vasskraft utan reguleringsmagasin. Å basere seg på ustabil produksjon av energi er vanskeleg utan å godta usikker forsyning. Vi har ikkje magasinkapasitet til å meistre eit mykje større forbruk av elektrisitet utan å byggje ut eit større volum, montere større generatorar, og i tillegg la mykje kraft gå med til å pumpe vatn i motbakke for å halde nivået høgt nok bak demningane. Dette kan bli vanskeleg nok, og dyrt, i Noreg. At vi skal kunne hjelpe andre land med stabiliteten, er nok ein illusjon.

EU-landa har nytte av rundt 1800 TWh elektrisitet av fossile kjelder. Om vi leverte all vår vasskraft, vel 130 TWh, til EU, er det rundt sju prosent. Den kjemisk bundne energien i alt forbruk i EU, er rundt 22 000 TWh. Sjølv med alt rennande vatn i røyr, har Noreg ingen ting å stille opp med dersom EU skal redusere sitt fossilbål. Det er i det heile uråd å tenkje seg å halde moderne og rike samfunn gåande og samstundes redusere utsleppa av CO2 vesentleg. Eit lågutsleppssamfunn er eit lågenergisamfunn.

Å klare seg med mindre energi, krev omleggingar som ikkje berre er politisk vanskelege, men som krev store investeringar. Så langt har innsatsen og pengane gått med til å gje oss eit overskot av elektrisk kraft, utan at det viser på statistikken over utsleppa. Å halde fram med slike feilinvesteringar gjer det vanskelegare å finne pengar til ombyggingar som kan føre til målet: mindre forbruk av fossil energi. Milliardane til nye vegar for raskare transport krev større utslepp for å vere til nytte. Ein stagnerande økonomi i den rike verda gjer at den mislukka pengebruken vert endå meir tydeleg.

At ei framtid med vesentleg mindre utslepp til atmosfæren, er ei framtid med mindre energi, det er også konklusjonen i ein grundig gjennomgang av David JC MacKay, fysikkprofessor i Cambridge. I boka Sustainable Energy – without the hot air (Cambridge 2009) kjem han fram til at Storbritannia reint fysisk kan skaffe nesten like mykje fornyeleg energi som dagens forbruk, i det vesentlege fossilt, dersom alle kjelder vert utnytta. Men frå dette må han fjerne mykje av potensialet, mellom anna fordi britane treng å utnytte solenergien til å lage mat på markene, og difor ikkje kan dekkje dei med solcelleplater. Hans estimat er at den realistiske tilgangen alt i alt er stor nok til knapt halvparten av det biltrafikken krev. Det tilsvarer 14 prosent av det daglege energikonsumet hos kvar brite. Hans overslag er likevel høgare enn det fleire kommisjonar kom fram til etter å ha leita etter det som er tilgjengeleg.

Den viktigaste konsekvensen er enkel å komme fram til, men ikkje å gjennomføre: Vi må klare oss med langt mindre energi dersom vi skal fase ut ein vesentleg del av dei fossile drivstoffa. Mindre energi brukt vil seie mindre arbeid utført, over tid, og mindre effekt, i praksis mindre tempo i mangt. Mange snakkar om at nye bilar som går på fornyeleg energi, skal avløyse dei som har diesel og bensin på tanken. Problemet er at den nye teknikken krev meir energi. Hydrogendrivne er kanskje verst. Nokre tal avslører eit krav på 80–200 prosent meir energi per kilometer enn ein gjennomsnittleg europeisk bil i dag. Skal vi dempe ulempene i framtida, må vi leite etter løysingar som krev mindre energi enn no, ikkje tekniske konstruksjonar som krev meir energi.

Realiteten blir, når vi ikkje kan setje inn stadig meir kommersiell energi på alle felt, frå elektrisk tannkost til transport, at vi må gjere meir av arbeidet sjølv. Då vil vi tene mindre enn no, sidan det er den fossile energien som har gjort oss rike. Men vi vil òg ha mindre tid til å bruke på eit heseblesande konsum av alle slag. På den andre sida vil ein overgang til mindre energiforbruk gje arbeid til fleire, ei utvikling som millionane av arbeidslause i Vesten kanskje vil setje pris på. Vi kjem ikkje vekk frå at energien som driv alle maskiner og apparat, er ein arbeidstjuv. Så langt har dei fleste hatt nytte av det, for stigande rikdom har styrkt evna til å kjøpe stadig meir etter som effektiviteten over alt har gått opp. Denne utviklinga har fått alvorlege skot for baugen, og ingen har oppskrifta på korleis det er mogeleg å få samfunnet inn på gamle spor igjen, inn på vegen til ny vekst. Det er i alle fall ikkje mogeleg dersom klimapolitikken skal bli noko meir enn ambisiøst prat.

Og det er ikkje lett å vite korleis situasjonen vil utvikle seg med mindre tilgang på energi. Men starten må vere å gå laus på utsleppa, direkte. Å byggje seg ut av fossilsamfunnet ved å stimulere konvensjonell vekst, fører vekk frå det målet som står høgt i den politiske retorikken. Heller ikkje sterke illusjonar kan hindre det.