“Når man gir seg ut for horekunde, får man finne seg i karakteristikken”

Av Magnhild Nilsen

Nr 1 2008

Kampar mot prostitusjon 1981–1991

Våren 2007 vedtok landsmøta i dei to siste regjeringspartia, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet, at dei ynskjer kriminalisering av sexkjøp. Frå før av har Senterpartiet si stortingsgruppe, Kristeleg Folkeparti og Raudt gjort liknande vedtak. Regjeringa har teke dette til etterretning, og dei planlegg å fremje eit lovforslag for Stortinget før sommaren 2008.

Magnhild Nilsen er studieleiar i partiet Raudt.


Det er altså fleirtal på Stortinget for å kriminalisere sexkjøp. Dei som har kjempa i tiår bak parolen Kriminaliser horekundene!, har vunne fram. Men det har ikkje vore ei aktiv folkeleg rørsle bak kravet om lovendring no. Det var det derimot på 80-talet. Kva metodar brukte dei, og kvifor kom ikkje lovendringsprosessen som eit direkte resultat av dette?

Fellesaksjonen mot pornografi og prostitusjon var ei tverrgåande allianse som samla alt som kunne krype og gå – og som var mot porno og prostitusjon; ikkje kun kvinneorganisasjonar som Kvinnefronten eller kristenmoralistiske parti og kyrkjelydar – men også fagforeiningar og husmorsfobund. Gjennom 1980-åra satte organisasjonen kampen mot porno og prostitusjon på dagsorden gjennom eliteaksjonar, masseaksjonar og opplysningsarbeid.

På 1980-talet vart det gjennomført mange ulike eliteaksjonar mot porno og prostitusjon. Det er spesielt to eliteaksjonar som fekk stor merksemd i samtida, og som i ettertida framleis blir trekte fram som viktige. Begge aksjonane «oute» menn som ville kjøpe sex – dei ønska å spreie frykt; å gjere det utrygt å kjøpe sex. Dei blei gjort for å kreve at menn som kjøper sex må stå for det – eller la vere, og ikkje minst blei dei gjort for å skape debatt og for å skape ei folkemeining mot å kjøpe sex. Den første fann stad april 1981: Ei aksjonsgruppe spraya «horekunde» på bilar då sjåføren prøvde å kjøpe sex. Den andre fann stad mars 1986: Ei anna aksjonsgruppe arrangerte eit «kafétreff» med ein mann som hadde send eit brev, med førespurnad om sex for betaling, til ei ung jente.

Omgrepet horekunde

Det var ved den første aksjonen omgrepet horekunde blei oppfunne. «Dei måtte ha eit kort og enkelt namn å spraye,» fortel Liv Finstad i dag. Bak aksjonen sto ei gruppe som kalla seg Aksjonsgruppa mot porno og prostitusjon. Klassekampen skreiv etterpå at «Aksjonen gruppa gjennomførte i løpet av 20 minutter torsdag kveld, var vellykket. Flere kjørte hjem med "horekunde" malt på bilen.» Vigdis var med på aksjonen og fortel:

«Først blei det gjort spaningsarbeid, for å finne ut kva som var prisane på dei ulike turane. Me kjørte bil rundt i det aktuelle området og observerte korleis kjøpet føregjekk i praksis. Aksjonen blei gjennomført ved at to og to jenter gjekk saman. Me var til saman tre–fire par. Alle hadde med ein fotograf kvar. Målet var ikkje å stoppe handelen, men å gjere ei mediesak, samt å spreie uvisse og frykt blant horekundane. Dei skulle vite at dei kunne bli avslørte når som helst. Eg gjekk saman med Kari og Ola. Rollene blei fordelte slik: Ei skulle snakke med han i bilen, og ho andre skulle male med spraymaling og sjablongar. Den som snakka med horekunden, skulle forsikre seg om at han var ute etter å kjøpe sex og så gi teikn. Klarsignal var viktig for å ikkje stemple nokon urettmessig. … Me gjekk slentrande fram og tilbake (i området Tollbugata, Kirkegata og Dronningens gate), bilar kjørte forbi og senka farten, men det var ikkje før ved Dronningens gate at ein bil stoppa heilt. Kari gjekk bort for å prate med han, mens eg venta litt nervøst bak.

Plutselig snudde Kari seg mot meg, reiv plastposen med maling og sjablong ut av hendene mine og skubba meg fram, "Han vil snakke med deg," sa ho. Eg blei meir nervøs, eg hadde jo ikkje øvd på denne rolla, men spurte han i bilen: "Kva er det du vil?" "Sett deg inn i bilen," sa han. "Ja, kva er det du vil," spurte eg igjen. Og nett då høyrde eg lyden av spraying, Kari spraya bak på bilen – utan at eg hadde gitt teikn! Eg blei fortvila for eg høyrde lyden godt, men han inni bilen høyrde ingenting. Eg prøvde å hale ut samtalen, han hadde jo ikkje sagt klart kva han ville – men i etterkant var det jo klart kva han ville. Dersom han trengte vegforklaring, kunne han jo spurt Kari. Først sat Kari sjablongen speilvendt, så opp-ned. Tilslutt mista ho tolsemda og smalt den på bagasjerommet på bilen. Fotografen kom fram og fotograferte – og han i bilen forsto at noko føregjekk og kom ut. Kari la på sprang. Eg gjekk unna, og lata som om eg ikkje ana kva som føregjekk. Mannen i bilen skreik til fotografen, og ein gammal mann som venta på bussen lo og slo seg på knea og sa: "Dette var morosamt." Kari hadde sprunge rundt i kvartalet eit kvarters tid etterpå.

Etterpå gjekk me alle på kafé og oppsummerte. Mannen i bilen me hadde spraya på, hadde tørka vekk malinga. Men fleire andre hadde gjort dette umerka, og fleire oppdaga nok seinare at det sto "horekunde" på bilane deira. Dette kom heilt uventa på miljøet – difor fekk me ingen reaksjonar der og då.»

Dei tar brødet ut av munnen på oss

Klassekampen publiserte nokre av bileta, men det gjekk ikkje an å identifisere nokon. Fleire andre media plukka det opp, det blei ei veldig mediesak. Etterpå fekk me mange truslar frå anonyme kjelder, menn som var hallikar. Dei høyrtest alvorlige ut, som "neste gang de viser dykk i strøket, blir det knivar og syre". Det kom óg reaksjonar frå nokre prostituerte – dei opptredde som anonyme intervjuobjekt i nokre aviser. Dei sa ting som "Dei tar brødet ut av munnen på oss – dei øydelegg marknaden, dette er ikkje solidarisk."»

Klassekampen skreiv at «Samme kveld pågikk et møte om prostitusjon som Kristelig Folkeparti arrangerte. Da det ble orientert om aksjonen, høsta den trampeklapp. Og det fra mange eldre gråhåra damer med topp i nakken.» Men aksjonen blei også kritisert i ettertid, det blei hevda at uskuldige blei ramma, nokre av bileigarane hevda at dei bare hadde parkert i området og at dei var uskuldige. I debatten i Klassekampen etterpå blei aksjonen kritisert som hærverk og som eit resultat av (homofile) kvinners hat mot menn.

Målet med kaféaksjonane var å avsløre at kontaktannonsar var ein måte å rekruttere til prostitusjon. Arbeidsoppgåvene blei fordelte, nokon skreiv brev, nokon ringte, ei spelte prostituert. Den som blei mest omtalt, blei det fordi den enda i retten då horekunden saksøkte avisa Klassekampen.

NTB omtalte aksjonen slik:

«16-åringen "Siv" mottok et brev signert "Tom Leeman" som inviterte til posering og samleie med en gruppe menn i alderen 35–45 år. Piken informerte Kvinnefronten om brevet, og et av medlemmene sendte et svarbrev, signert 18-årige "Marianne". "Tom"s adresse viste seg å være saksøkers postboks. Et møte mellom "Marianne" og "Tom" ble avfotografert av Kvinnefronten, og historien ble trykket i Klassekampen

Samt at:

«Mannens versjon er at han ga seg ut for å være horekunde for å få tilbake et kontaktsøkende brev som en kamerat hadde sendt i hans navn. Da det kom svar på brevet fra 18-årige "Marianne", bestemte han seg for å møte jenta på en kafé i Oslo.»

Klassekampen gav att starten på brevet frå mennene:

«Dette brevet gjør deg sikkert litt overrasket, men vi håper at du tar det for hva det er, et komplimang til deg for din unge skjønnhet, fra oss. Vi er tre–fire voksne menn, alle gifte i alderen 35–45 år. Som alle andre liker vi unge pene piker, både å se og ta på dem.»

Marit fortel historia slik:

«Ei jente som jobba på eit gatekjøkken, fortalte til mora si at ho fekk ubehagelege henvendingar frå nokre menn, med tilbod om seksuelle tenester. Mora blei rasande og tok kontakt med Kvinnefronten. Dei tok igjen kontakt med nokre av oss jentene, som dei visste var aksjonsvillige. Me undersøkte og fann namn og adresse til nokre av mennene. Me forfatta eit falskt brev om at ei var interessert i å møte dei, og spurte om eit møte. Det var tre menn og me håpte at alle skulle møte opp, men det var ein som møtte opp. Eg var ho som møtte han, på den kafeen på 80-talet. Han begynte å diskutere prisar og kva eg var interessert i å vere med på og ikkje. Me hadde eit teikn, og då eg var overbevist om kva det handla om, så gjorde eg det teiknet, og då hadde me ein som tok bilete av oss. Etterpå gjekk me ut til aviser med det ogKlassekampen og fleire andre aviser trykte biletet. Både han og eg var sladda, men han påsto at han blei gjenkjent, og gjekk til sak mot Klassekampen på det, at han blei gjenkjent som horekunde.»

«Vi brukte metoden med direkte konfrontasjon og avsløring fordi vi ønska å rette søkelyset mot det konkrete overgrepet Siv var blitt utsatt for, og for å bidra til å stoppe lignende overgrep mot jenter. Vi vet at slike aksjoner hjelper,» sa leiaren for aksjonen til Klassekampen.

Denne andre aksjonen gjorde det legitimt å omtale menn som kjøper sex som horekunde. «Når man gir seg ut for horekunde, får man finne seg i karakteristikken,» sa Anne Robberstad, Klassekampen sin advokat, då avisa vart saksøkt for å publisere historia.

Fellesaksjonen mot pornografi og prostitusjon

I 1977 blei Kvinnenes fellesaksjon mot pornografi starta, då 30 ulike kvinneorganisasjonar møttest på initiativ frå Senterkvinnene. I mai 1981 skifta organisasjonen namn og søkelys til Fellesaksjonen mot pornografi og prostitusjon. Oslo-prosjektet (*) var forsking som gjorde at det kom eit søkelys på sambandet mellom pornografi og prostitusjon. Aksjonistane studerte pornografiske blad og fann ut at blada dreiv reklame og propaganda for prostitusjonsverksemd – så tok dei affære. Frå dette av gjekk det ikkje an å seie porno utan å seie prostitusjon – dei to orda høyrte samen, og kamp mot det eine innebar kamp mot det andre. Kvinnefronten blei den drivande krafta i Fellesaksjonen, men minst 40 andre organisasjonar var over lengre eller kortare periodar knytte til. Medlemsorganisasjonene strekte seg frå ulike politiske parti og ungdomsorganisasjonar til kristne organisasjonar til fagforeiningar og husmorforbund. «Det fins knapt noko anna eksempel på ein så tverrgåande allianse i nyare norsk historie,» seier Liv Finstad. På sitt største hadde Fellesaksjonen fleire hundre tusen medlemmar, og hadde stor påverknad på måten porno og prostitusjon blei prata om, og den skapte eit stort engasjement.

(*) I perioden 1979–1981 føregjekk «Oslo-prosjektet», eit forsøk på ungdomsprostituerte i Oslo. I 1982 oppsummerte Liv Finstad, Lita Fougner og Vivi-Lill Holter prosjektet i boka Prostitusjon i Oslo.

«Når dei såg kva porno innebar, blei dei forbanna. Eg hugsar under pornobålet på Egertorget kom ei beskjeden dame bort til meg. Først hadde ho sett skeptisk ut, men så gav hun 50 kroner og sa: "Kjøp dynamitt og blås opp heile dritten",» fortel Unni Rustad, ei av dei mest sentrale kvinnene i rørsla mot porno og prostitusjon.

Plattforma femnde breitt, og det var eit stort sprik mellom organisasjonane når det gjaldt kvifor dei var mot porno og prostitusjon. Men gjennom felles studiar og bevisstgjering om kva innhaldet i porno er og kva det uttrykte om kvinner, fekk ein etter kvart ein felles (radikal) analyse. Kvinnefronten blei teoretisk dominerande i denne analysen.

Plattforma frå 1984 seier blant anna at «Pornografien gir et forfeilet og forflatet syn på seksualliv og kjærlighet. Grunnholdningen i pornografi er at kvinner er seksualobjekt for menn», og at «Prostitusjon er et samfunnsonde som må bekjempes. Den er et uttrykk for sosiale problemer og kvinneforakt. For de prostituerte handler det om et liv i fornedrelse og elendighet. Å godta prostitusjonen forsterker synet på kvinnen som et mindreverdig kjønnsobjekt som kan kjøpes for penger, og fremmer en bruk- og kast-mentalitet i forholdet mellom mennesker.» Vidare gjekk dei inn for «tiltak for å begrense tiltangen av kunder. Vi ønsker derfor et lovforbud mot kjøp av seksuelle tjenester. Dette vil markere at samfunnet ikke godtar kjøp av mennesker. … Rekrutteringen til prostitusjonsmiljøene må stanses.»

Masseaksjonar

«Det er ei avgrensa verknad av aksjonar. Fellesaksjonen gjekk meir ut i breidda; den satsa på masseopplysning. Men det er gøy å drive med aksjonar, sjølv om det krev kjempemykje arbeid i forhold til kva ein får ut av det. Det er eliteaksjonar og krev eit stort grunnplan. Det mest effektive er ein kombinasjon av begge delar,» seier Vigdis. Meir eller mindre lause organiserte aktivistnett fanst mest i dei store byane og stod for eliteaksjonar. Dei levde godt saman med masseaksjonane og informasjonsarbeidet Fellesaksjonen dreiv med. Kvinnene på grasrota var hovudpersonane i Fellesaksjonen, og alle aksjonane i regi av Fellesaksjonen skulle vera mogleg for alle å gjennomføre – uansett om ein oppfatta seg sjølv som «ikkje-aktiv», om ein sat i rullestol, eller budde på ein plass med bare to andre kvinner. Først og fremst retta desse aksjonane seg mot porno – det var noko alle kunne ta tak i.

Medlemmer av Fellesaksjonen arbeidde internt i sine parti for å få endra pornoparagrafen i straffelova, og resultatet blei at det private Bøsterud-forslaget vart vedteke og sett i kraft i 1985. Den definerte pornografi som «kjønnslige skildringer som er egnet til å virke menneskelig nedverdigende». Fellesaksjonen meinte at denne lova ramma «direkte og etter sin lovlyd» Narvesen-pornoen, men sigeren viste seg å vera kortvarig då denne framleis var i sal eit halvt år etter lova vart satt i kraft. Etter dette starta Fellesaksjonen ei korrespondanse med Narvesen som varte fleire år. Parallelt med dette gjennomførte dei Narvesen-kortaksjonen, anmeld-Narvesen-pornoaksjonen og ein underskriftsaksjon for å be samferdselsministeren bruke eigarmakt gjennom NSB sin aksjepost i Narvesen.

Narvesen

Fellesaksjonen trykte opp 25 000 kort til Narvesenkort-aksjonen – og fleire vart trykte opp lokalt. Aksjonen innebar å sende eit postkort til Narvesen med kravet: «Respekter kvinners menneskeverd, stopp salg og distribusjon av porno.» Fellesaksjonen skriv i 1985 at «folk sto i kø for å skrive under på at de oppfattet Narvesen-pornoen som en krenkelse av kvinners menneskeverd og at de krevde stopp i salget og distribusjonen».

Den første politimeldingsaksjon mot Narvesen starta kort tid etter. Medlemmene fekk ei rettleiing for korleis ein kunne levere ei politimelding. Og Fellesaksjonen oppmoda alle til å melde. Kva skala ein gjorde det i, spelte inga rolle. Ein kunne melde eitt bilete eller fleire bilete. Ein kunne invitere pressa når ein leverte meldinga personleg til politiet. Det viktigaste var å politimelde – for målet var å oppnå ein fellande dom over Narvesen-pornoen.

Då butikk etter butikk fjerna «voldspropagandaen og kvinneforakten fra hyllene, uavhengig av lovgivningen, men etter nitidig innsats fra pornomotstandere i nærmiljøene», svara Fellesaksjonen med å trykke opp klistremerke som blei klistra opp i butikkane saman med «roser og rosande ord». Klistremerka sa «Ros for pornofritt nærmiljø».

Ikkje minst stilte Fellesaksjonen opp i offentlege ordskifte. NRK laga ein dokumentar om Unni Rustad då ho reiste land og strand rundt, som blei vist første gang i 1983. Då den vart vist igjen i 1985 med ein påfølgjande debatt med representantar frå blant anna Narvesen, fekk Fellesaksjonen fleire henvendingar. Sjølv skriv dei i årsrapporten at «nå reagerte folk med raseri over at myndighetene ennå ikke hadde gjort noe for å stoppe pornoen, og over at Narvesen ikke hadde vært seg sitt ansvar bevisst … Folk forstår nå hva slags menneskesyn pornoen representerer, at porno ikke bare dreier seg om barn, dyr og vold, men at pornokampen i første rekke er en kamp for kvinners menneskeverd.»

Ein av reaksjonane var følgjande lesarinnlegg:

«Kjære Unni Rustad! Etter debattprogrammet i går, 8. januar, gikk jeg rystet og skamfull til sengs. Skamfull over å være mann. Rystet over den virkelighet som du og programlederen viste oss. Dere gjorde begge en storartet innsats. Rystet kunne man også være over Narvesens representanter. De forlangte attpåtil takknemmelighet og ros for det. Hvordan kunne de våge? Måtte du få krefter til å holde ut. Du kjemper en kamp for menneskesak.»

«Sex og myter» – ei vidareføring eller brot?

Utstillinga «Sex og myter» vart først vist i Kvinnefronten i Stavanger i mai 1989, etter inspirasjon frå ei liknande svensk utstilling eit halvår tidligare. Den inkluderte guiding av skuleelevar, vising av Kvinnefronten sin lysbileteserie, fotoutstilling, erotisk kunstutstilling, multimediashow og debattmøte. Målet med utstillinga var å presentere innhaldet i «kiosk- og daglegvareporno», og den vart ein publikumssuksess.

Både Fellesaksjonen og Kvinnefronten i Oslo gjorde vedtak om at utstillinga måtte sladdast etter at leiaren i Kvinnefronten fekk telefonar frå som hadde lagt prostitusjonsverksemda bak seg, og følte seg uthengd. Dermed starta sladdedebatten, skulle modellane si identitet skjulast på utstillinga og generelt i bruken av porno mot porno? Og denne debatten blir trekt fram som ein av dei viktigaste faktorane for at det neste landsmøte i Kvinnefronten enda i brot. Unni fortel:

«Me hadde reist rundt og vist desse bileta for all verden, me hadde vore på tv … – me hadde brukt desse kvinnene for å vise fram for heile folket. Nina fekk henvendingane frå desse kvinnene som hadde vore med i pornoblad. Då Nina kom og sa, og ho sa berre ei setning, og det slo ned som eit lyn i meg kva eg hadde gjort, for desse kvinnene hadde sagt ja til å bli tatt bilde av ein eller annan gong i livet sitt, eg visste ingenting om desse damene, anna enn det pornomafiaen sa til meg, og eg klinte dei opp på veggen i kjempeformat og lot alle sjå dei.»

Liv skyt inn:

«… og det hadde me gjort heilt ubevisst, sidan første gong me laga pornoutstillinga her på Kriminologisk institutt i 1977. … Det er i ettertid lett å sjå korleis også me objektiviserte disse kvinnene.»

Unni fortset:

«Dette er grunnen til at det blei splitting, for meg er det mykje meir radikalt og kvinnepolitisk og kvinnesolidarisk rett å tenke at desse kvinnene faktisk er menneske sånn som meg, og eg ville aldri gjort det med Liv. Kvifor skal eg gjere det med dei? Det hadde eg ingen rett til! Nokon av desse kvinnene som henvendte seg til Nina hadde jo lagt det bak seg! … Det tok meg ikkje tre sekund ein gong å sjå at dette kan me ikkje gjere. Og viss det er sånn, at det er i augo sanninga om porno ligg, så er det sånn at da må me finne andre måtar å gjere det på. Og det var det me gjorde, me begynte å sladde augo, og etter mi meining tar ikkje dette bort noko av bodskapen.»

Liv avsluttar:

«Kvinnefronten la vekt på at kvinnene må ikkje vera skadelidande i desse aksjonane, kvinnene skulle vera i fokus. Men [dei som seinare vart] Ottar ønska å gå meir drastisk til verks. Det blei mykje baluba.»

Asta Håland og Ane Stø skriv derimot i Kampen fortsetter at:

«i 1989 ble den nye ledelsen i Kvinnefronten positive til både Cupido og "feministisk pornofilm". Kvinnefrontens ledelse tok også avstand fra den store alliansen med de tradisjonelle folkelige organisasjonene. Puritanismen og kristenfolket ble igjen definert som hovedfienden. Å aksjonere mot porno og prostitusjon ble sett som et overgrep mot kvinnene i kjønnshandelen, og som uttrykk for for puritanisme. På samme tid ble hovedformen for arbeidet i over 10 år – porno mot porno – forkastet av samme ledelsen. Grunnlaget for dette var igjen at metoden ble ansett som et overgrep mot de kvinnelige pornomodellene, først ble de bretta ut i pornobladene, og så skulle liksom vi vise dem fram på nytt!

Vi som sto på den gamle linja, var ikke villige til å gi opp en så effektiv metode. Vi mente det var viktig å få fram øynene, som viser at de ofte er rusa og redde, sjelden glade, og at de er ekte personer. Sladdedebatten handlet om grunnlaget for vårt politiske arbeid, veldedighet eller solidaritet».

Usemja om framgongsmåter var ikkje direkte ny. I Fellesaksjonen sin årsrapport frå 1984 står det: «Enkelte aksjonsformer har vakt diskusjon, men vi har ikke merket noe negativt resultat av de meir militante aksjonene. De har tjent pornokampen, og resultatet er nå at det er pornoindustrien som har lidd store tap.» Liv Finstad seier om dei tidlege motsetnadene at «dei [som var ueinige] uttrykte ikkje noko som sådde tvil om pornokampens misjon eksternt, men det var jo diskusjon internt om type strategi og aksjoner.» Men etter kvart blei altså motseiingane så store at eininga sprakk.

Eliteaksjonane var grunnlag for diskusjon frå starten av. Aksjonistane hadde ulike tiltak for å sikre at dei ikkje skulle stemple uskuldige. Samtidig hevda enkelte av aksjonistane at kvinner er rettslause fram til horekunden er kriminalisert, og at dersom menn ikkje ville bli uthengde, burde dei halde seg heime, og at det var mennene som var ansvarlege dersom det gjekk ut over familiane deira. Motstandarane meinte at om han som blei stempla, ikkje var uskuldig, hadde han som regel ein familie som var uskuldig og at det var det viktigaste omsynet.

Fellesaksjonen viste i lysbildeshowa sine usladda porno gjennom heile 80-talet, på tur rundt i heile landet, for skuleklassar, på tv. Det var eit brot med dei andre aksjonane som retta søkelyset på kunden eller dei som sto bak enten spreiinga av pornografi eller tilrettelegginga av prostitusjon. Kva standpunkt og analysar folk har tatt rundt spørsmålet om bruk av porno mot porno, kjem an på kva etisk posisjon ein legg til grunn, og om målet heilager middelet, eller om middelet må tilpassast vegen til målet.

«Dette var den type aksjonar som tiltrekte oss då. Om eg ville gjort det i dag er ei anna sak,» seier Marit i dag.

Nei til sal av kvinner!

Kvifor skjedde det no og ikkje for 16 eller 20 år sidan?

Felleaksjonen opplevde oppturar og nedturar i kampen mot porno og prostitusjon. Kampen førte til Bøsterud-forslaget som endra pornoparagrafen i straffelova. Aksjonane og opplysningsarbeidet førte til ei haldningsendring. Unni Rustad fortel at «karane på vår alder gjennomgjekk ei ganske turbulent haldningskampanje – ei skuleringskampanje, som råka dei på veldig forskjellige vis», og Liv Finstad avsluttar: «som dei ikkje kunne la vere å forhalde seg til, for det var ei veldig brei rørsle, som fekk veldig mange uttrykk og diskusjonar». Dette heng igjen, ei undersøking Reform og Amnesty gjorde i april 2007, viste mellom anna at «mens 50 prosent av den eldste aldersgruppen (45–60 år) definerer vold mot kvinner som et samfunnsproblem, gjør bare 23 prosent av den yngste aldersgruppen (18–29 år) det».

Men pendelen begynte å svinge motsatt veg frå slutten av 80-talet. Tross kamp; pornolova frå 1985 fekk ingen konsekvensar for dei som laga eller selde porno. Samstundes med dette blei Fellesaksjonen svekka organisatorisk og fleire av organisasjonane som var tilknytta, trakk seg. Kvinnefronten sitt landsmøte i 1991 enda med splitting, og etter dette viser årsrapportane frå Fellesaksjonen dalande aktivitet. Då eg gjekk på vidaregåande på slutten av 90-talet, var «det er porno» synonymt med «det er kult».

Pornoen er i dag grovare enn han var for 20 år sidan. Likevel er han meir utbreidd og akseptert i samfunnet, sjølv hos uttalte feministar. Når Grethe Nestor i Feministhåndboka ramsar opp ulike hint om at du er feminist, tar ho med både «du er mot porno» og «du er for porno» – rett nok i den rekkjefølgja.

Prostitusjonen har også blitt grovare, eller «me» aksepterer ein del av den som grovare med djupare naud, større fattigdom og sårbarhet; dei som har vorte trafikkerte til landet. Men framleis lever myta om den lykkelege hora, og det synest vanskelig å skilje mellom dei to: kven som er eit verdig offer, og kven som ikkje er det.

I Sverige blei sexkjøp forbode i 1999. I Noreg er ei aukande mengde prostituerte ikkje-norske. Skiljet mellom «kome til Noreg på eiga hand», menneskesmugla og menneskehandla er grumsete. Menneskehandel for prostitusjon er ei enorm inntektskjelde; der smugling av våpen eller narkotika berre gir eingongsinntekt, gir prostitusjon bakmennene inntekter dag etter dag, år etter år.

Desse nye ytre faktorane, har gjort at pendelen har kome tilbake og gjort det mogleg å fortsette kampen, sjølv om den ikkje har føregått i ei tverrpolitisk rørsle som på 80-talet. For Fellesaksjonen slutta å eksistere ein gong på 1990-talet, men over ti års samla kamp mot porno og prostitusjon påverka samfunnet, og spesielt dei som deltok i kampen. Fram til landsmøta våren 2007 kunne ein lese lesarinnlegg i aviser, skrivne av folk frå til dømes Kristeleg Folkeparti, med argumentasjonen til radikalfeministar.

Dei avgjerande politiske vedtaka våren 2007 som enda i kriminalisering av kjøp av sex, skjedde ikkje den gongen ein stod saman i kampen i ein etablert front, ein front som blei stor fordi mange ulike faktorar drog i same retning. I mange tilfelle vil det ta lang tid å få til endringar – og ofte må det nye hendingar til for å få styresmaktene til å gripa problemstillinga. Kamp er viktig sjølv om det ikkje fører til resultat på kort sikt.

Plattforma til Fellesaksjonen

(Plattforma blei revidert fleire gongar, den eldste eg har funne er frå 1984.)

Fellesaksjonen mot Pornografi & Prostitusjon er tverrpolitisk. Vi har som mål å samle flest mulig organisasjoner i kampen mot de holdninger som pornografi og prostitusjon bygger på og skaper. Vi vil avsløre og bekjempe pornoindustrien og hallikvirksomheten. Pornografien har økt i omfang, har blitt mer og mer preget av vold, og når ut til et stadig større publikum gjennom bøker, blader, filmer og videokassetter. Av videoproduksjon, som er i rask vekst, er det en stor del vold og/eller porno.

Pornografien gir et forfeilet og forflatet syn på seksualliv og kjærlighet. Grunnholdningen i pornografi er at kvinner er seksualobjekt for menn.

Pornografien har kun økonomiske profitt som motiv. Flere nye undersøkelser viser klart at voldsporno fører til økt vold mot kvinner, og at barneporno inspirerer til overgrep mot barn. FA vil arbeide for et naturlig forhold til spørsmål angående seksuallivet.

FA vil verne trykkefriheten, men denne friheten må bli brukt under sosialt ansvar. Fellesaksjonen kan ikke godta at trykkefriheten brukes til å fornedre kvinner.

Vi vil arbeide mot krenkelser av menneskeverdet. Dette gjelder også aksjonens syn på prostitusjon. Prostitusjon er et samfunnsonde som må bekjempes. Den er et uttrykk for sosiale problemer og kvinneforakt. For de prostituerte handler det om et liv i fornedrelse og elendighet. Å godta prostitusjonen forsterker synet på kvinnen som et mindreverdig kjønnsobjekt som kan kjøpes for penger, og fremmer en bruk- og kast-mendalitet i forholdet mellom mennesker. Erfaringer fra bl.a. Malmø viser at prostitusjonen kan bekjempes. Der satte sosialomsorgen og politiet i gang en aksjon rettet mot prostitusjonsmiljøet. De prostituerte ble gitt all mulig praktisk støtte for å kunne bryte med miljøet, samtidig som politiet ble satt inn mot halliker og kunder. Fellesaksjonen går inn for tiltak for å begrense tiltangen av kunder. Vi ønsker derfor et lovforbud mot kjøp av seksuelle tjenester. Dette vil markere at samfunnet ikke godtar kjøp av mennesker. Fellesaksjonen krever at myndighetene går inn for å kartlegge prostitusjonsproblemet grundigere. Større kunnskap er nødvendig for å kunne bekjempe prostitusjonen effektivt. Myndighetene må ta initiativ til en prostitusjonsutredning. Rekrutteringen til prostitusjonsmiljøene må stanses. Dette krever innsats for meningsfylte nærmiljø for barn og ungdom. Fellesaksjonen går inn for tiltak som kan bedre ungdoms og kvinners muligheter til lønnet arbeid.

På bakgrunn av dette vil vi arbeide for følgende krav:

  • 1. Nei til salg av kvinnekroppen
  • 2. Vi krever forbud mot kvinnediskriminerende ytringer på lik linje med forbud mot rasediskriminering
  • 3. Vi krever en effektiv håndheving av forbud mot kjønnsdiskriminerende reklame i markedsloven
  • 4. Ja til seksualopplysning, nei til porno
  • 5. Stans salget av pornografiske blader også gjennom Narvesen og dagligvarehandelen
  • 6. Steng håndheving avforbudet mot porno
  • 7. Nei til pornoens utnytting av lesbiske og andre minoriteter
  • 8. Stopp videovolden
  • 9. Konsesjonsordning for import og omsetning av videokassetter
  • 10. Støttetiltak for prostituerte i likhet med Malmø-prosjektet
  • 11. Håndhev forbudet mot hallik- og koblervirksomhet
  • 12. Kjøp av seksuelle tjenester må forbys ved lov
  • 13. Nei til sex-reiser
  • 14. En statlig prostitusjonsutredning
  • 15. Stans rekrutteringen til prostitusjonsmiljøene