Landbrukssamvirket – som ideologi økonomi og klasse

Av Hans Olav Brendberg

1996-04

Hans Olav Brendberg er med i AKPs landbruksutvalg.


For bonden har samvirke vore ein måte å sikra stabil pris og leveranse, på stutt og lang sikt. Som eigar av bondesamvirke har han hatt eit ord med i laget – ogso etter at mjølka eller slaktelammet har fare frå garden. Og difor har og samvirkeideologien vore ein sjølvsagt del av norsk jordbruk.

Samvirkeideologien

Samvirkeideologien har vorte til saman med utviklinga av kapitalistiske marknader – og delvis som ein reaksjon på denne utviklinga. Samvirkeprinsippa, som går att i all samvirkeorganisering, er i grunnen svært enkle:

  1. Ope medlemsskap
  2. Mottaksplikt
  3. Fordeling av utbyte etter leveransar
  4. Opplysningsverksemd
  5. Samarbeid med andre samvirketiltak
  6. Eit medlem – ein stemme

Desse grunnleggjande prinsippa har vore so lettfattelege at samvirke har vore ei god løysing på ei rad oppgåver, og samvirke har vore ein del av ideologien både i bonderørsla og arbeidarrørsla. I bonderørsla var samvirke sjølve grunnsteinen i organiseringa – nett som fagforeininga var det i arbeidarrørsla.

Pionerane og smørprisen

Det sosialdemokratiske regimet i etterkrigstida hadde si Moses-myte i Menstadslaget, då rørsla gjekk over sivsjøen på veg mot etterkrigstidas Kaanan. Ogso i bonderørsla har ei hending liknande, mytiske dimensjonar: Tida då lastebilar gjorde vegen frå Gudbrandsdalen til Oslo so stutt at bønder frå langt borte kunne underby dei som låg nærare ned i tvangsauksjonar og krise. I denne perioden – tidleg i vårt hundreår – organiserte den austlandske bonderørsla seg som parti, samstundes som ho tømra samvirke for dei fleste jordbruksprodukt.

Mellomkrigskrisa vart prøvesteinen på samvirkeløysingane i jordbruket, og med kriseforliket mellom Hundseid og Nygaardsvold vart landbrukssamvirket ein del av den sosialdemokratiske orden. Faktisk i så stor grad at ein rett etter krigen dryfte kvar grensene mellom produsentsamvirke og forbrukarsamvirke skulle gå – privat kapital trongs jo ikkje.

No sende jo formell og mental Nato-medlemsskap snøggt slikt prat ned i arkivskuffene. Men landbrukssamvirke stod fast, sikra bonden marknadsmakt – og minnet om agrarkrisa sikra Loyaliteten. Og med den grunnfeste Loyaliteten på plass går vi inn i neste fasen av samvirke som ideologi: «Bygg Landet»-perioden. Gullalderen for det sosialdemokratiske, teknokratiske vekstregimet var òg ein gullalder for samvirke – men no i ei ny rolla.

Kapitalismen kjem under raude faner

I store landsluter vanta viktige kjennemerke på ein utvikla, kapitalistisk økonomi so seint som midt på femtitalet. Eit av dei viktigaste var at arbeidskraft ikkje var ein vare som vart omsett fritt på marknaden. Den kapitalistiske fridomen for arbeidaren – at han sel arbeidskrafta si som vare – krev sjølvsagt i utvikla form at han må selja arbeidskrafta som vare. Med det omfanget sjølveigd primærproduksjon hadde, fekk ein ikkje ein normalt fungerande arbeidsmarknad i til dømes Nord-Noreg. I landsdelen var omlag 50 % sjølvsysselsette i jordbruk og fiske, gjerne i kombinasjon. Tilgangen på arbeidskraft varierte difor etter onnene og sesongfiskeria – med underskot på arbeidskraft i lofotfiskemånadene, stort overskot utetter hausten. Men ein slik arbeidsmarknad var det særs vanskeleg å få ein utvikla, kapitalistisk industrisektor til å svara seg. Maskinane laut gå jamnt året rundt, skulle kapitalinvesteringane kasta av seg – og då sesongvariasjonane gjorde det uråd å få dette til, laut styresmaktene inn og subsidiera kapitalen til ei havgåande flåte og ein fiskeindustri med permanent arbeidskraftunderskot.

I denne stoda hadde samvirke ei lita, men særs viktig rolla å spela: Å skapa ein marknad for landbruksprodukt. Jordbruket var innretta på naturalieproduksjon, med sal av overskot frå bruket. Difor var det vanskeleg å få eit spesialisert og effektivt jordbruk til å bera seg: Det fanst ikkje automatisk marknader for produksjonsveksten som fylgde med spesialisering og effektivisering, og slik modernisering føresette sikker avsetnad til stabile prisar om ikkje kapitalkostnadene skulle svi meir enn dei gav i ekstra inntekt ved auka produksjon. Samvirke si marknadsregulering, med stor ideologisk legitimitet og offentleg kapital i ryggen, var kort og godt heilt naudsynt for å bryta opp det naturaliebaserte samlivet mellom bonden i stakk og fiskaren i bukse. Og denne politikken var vellukka: Frå slutten av femtitalet byrja den gamle hovudnæringa i landsdelen, kombinasjonsnæringa, å møta veggen. Jordbruk og fiske vart heilårsnæringar, og arbeidskraftoverskotet som tidlegare fanst utom onnene, vart heilårs arbeidskraftoverskot som søkte inn til veksande byar i og utom landsdelen – der dei vart marknad for dei nye bygdenæringane – heilårs jordbruk og fiske. Dei mest utprega kombinasjonsområda vart raskt forgubba – delvis med drahjelp av fråflyttingstilskudd som rokk til å koma langt på nyhuset.

Denne utviklinga var mest synleg i Nord-Noreg, men prosessen finn ein att i heile bygde-Noreg. Omleggjinga av fiske og skogbruk var motoren, men samvirke si evna til å skapa og regulera marknader for hadde sikra sterk ideologisk legitimitet i bygdesamfunnet.

Hammarn til Edvart – eit slag i lufta?

Reaksjonen på «bygg landet»-perioden, då eit hopetal bygdesamfunn vart lagt øyde, kom mot slutten av sekstitalet. Med Ottar Brox si analyse av utviklinga under Nord-Norgeplanen som ideologisk ammunisjon, hammarn til Edvart som fast innslag i ynskjekonserten og eit kraftig nei-fleirtal i folkerøystinga i 1972, var det teknokratiske utviklingsregimet kraftig diskredittert berre på nokre få år. I landbruket fata gloa eit par år etter EU-striden, då nokre bønder på Hitra byrja setja skattepengane på sperra konto midt i agurktida. Og det var ein verkeleg eksplosjon som kom – truleg har det sosialdemokratiske regimet aldri vore so truga som kring midten av 1970-talet. Utkant-arbeidarklassealliansen som hadde ført Nygaardsvold til kongens bord midt på tredvetalet var gjenoppliva – utanfor andsvarleg, sosialdemokratisk kontroll.

Korleis sosialdemokratiet fekk dempa uroa i arbeidarklassen og mellom fiskarane er ei historie for seg. I jordbruket vart opptrappingsvedtaket, med Berge Furre som saksordførar, sluppe ut som oljepengar på opprørt hav.

Opptrappingsvedtaket er eit samansett stykke politikk. I åra etter var det truleg inntektsmålet, med vanleg industriarbeidarinntekt for gjenomsnittsbonden, som vart mest fokusert. Og på slutten av 70-talet hadde truleg dette inntektsmålet stor støtte mellom folk flest. Samstundes: I ly av opptrappingsvedtaket forsvann omlag helvta av norske gardsbruk. Og pengane som flaut inn i – og mesta like snøggt ut av – av næringa vart til siloar, driftsbygningar og anna som førde til at ein nådde sjølvforsyningsmøla som ein hadde prata om i 1975 tidleg på 80-talet. Men ein stogga ikkje med det. Produksjonen vaks, sjølv om ein ikkje hadde bruk for overskotet. For effektivt og moderne landbruk – det er jo produksjonskapasitet.

For å handtera denne stoda, med overskotsproduksjon, nye krav til effektiv omsetning og ikkje minst å vera kanal for ein stor pott av oljepengane som kom rennande, fekk samvirke igjen nøkkeloppgåver. Dei norske mjølkepakkane vart standardiserte, meieriselskapa vart regionaliserte og for fyrste gong fekk me i røynda ein nasjonal matvaremarknad. Men om gardsbruk og meieri forsvann: Denne politikken hadde stor legitimitet på bygdene. Med inntektsmål og oljepengar i ryggen såg det ut som om det berre var siste kneika att får ein var framme i framtidslandet når det galdt norsk jordbruk. I ly av dette inntrykket bygde ein opp ein bruksstruktur og eit foredlings- og transportsystem som mot slutten av 80-talet gjorde at norsk jordbruk var slaktemoge og i godt hold. Det trongst berre ein slaktar.

I gryta hennar Gro

Med det har vi kome fram til stoda i dag. Då opptrappingsfesten tok slutt mot slutten av 80-talet, fekk samvirke andsvaret for å nytta ut den kapasiteten som var bygd ut i foredlingsindustrien på mest mogleg rasjonellt vis. Fyrst reiste tilsette og tillitsvalde rundt på møte etter møte og argumenterte for kor rasjonelt det var med sterke, regionale samvirke i staden for den gamle småstrukturen. Med regionalt i staden for lokalt eigarskap var resten av løpet greitt: Ved å slakta anlegg eitt for eitt, sikra ein stabile fleirtal hjå dei som såg von for sitt anlegg ved å leggja ned hine. Og dei som hadde mist sine lokale meieri og slakteri, dei gav ofte fan i alt anna enn utbetalingspris etterpå. For samvirkepampane var jo dèt det beste som kunne skje – tilsynelatande. Då kunne jo avgjerdene overlatast til presumtivt kompetente folk i styre og administrasjon – i staden for til kverulantar på meieriårsmøta. Men å gje fan er definitivt ikkje ein del av samvirkeprinsippa. Og det er dei me no kjem attende til.

Samvirkeprinsippa er ikkje nokon garanti, korkje for det eine eller det andre. Samvirke kan brukast, og har vorte brukt, til å løysa ei rad med oppgåver under omskapinga av Noreg i kapitalismen sitt bilete. Men det er heller ikkje tvil om at den norske småbonden si oppslutning om samvirke har vore solidaritet i praksis – og samvirke har gjeve han noko att for solidariteten. Men i dag har mammutsjuka kome so langt at ideologien og solidariteten blir flisa opp. Når det blir like meiningsfullt å reisa på årsmøte i regionmeieriet for å forsvara sitt lokale meieri, som det er å gå til åtak på ei vanleg veivals med berre turre nevane, då blir folk vonbrotne og byrjar gje fan. Og når bønder flest gjev fan, er sjølvsagt ikkje Kåre Syrstad i stand til å forsvara ei mjølkeomsetjing bygt på samvirkeprinsippa. Tida har soleis kome for å sprenga samvirke – og eggsamvirke ser ut til å verta pionerprosjektet i den litt spesielle forma for «union busting» vi vil få i norsk landbruk.

Samvirke som økonomi

Med det avsluttar eg denne stutte skissa til ei politisk soge for det norske landbrukssamvirket. Men samvirke er sjølvsagt ikkje berre ideologi og politikk. Samvirke er ogso butikk – tonn på tonn med kjøt, mjølk og egg på veg frå garden til matbordet. Nøkkelen til å skjøna samvirke si rolla i norsk landbruksøkonomi er marknadsreguleringa. Det er her skiljet går mellom Noreg og EU-landa, og Noreg og USA.

Produksjon av mat har sine særtrekk. Eit av dei viktigaste særtrekka er at folk skal ha jamn tilførsel av mat, og at marknaden ikkje svingar opp og ned på same viset som når det gjeld andre vareslag. På hi sida er produksjonen i landbruket avhenging av naturen, med dei sesongvekslingane som fylgjer med. Og for mange vareslag må ikkje tidsavstanden mellom fjøs og matbord verta for stor – ein må ha foredlingsanlegg og transport som kan handtera sesongvekslingar, og planleggja for dei. Og ikkje minst: Med dei kapitalkostnadene ein har på ein vanleg gard i dag, må gardbrukaren vita at han får selt produkta sine til ein brukbar pris, ogso om 5-6år, om han i det heile skal våga å investera. Summen av alle desse omsyna gjer at marknadsbasert jordbruk er, og må vera, planøkonomi. Og det sentrale i landbruket sin planøkonomi er marknadsreguleringa. Utan marknadsregulering vil matproduksjonen verta ustabil. Det kan på eine sida fåra til tome butikkhyller, eller på hi sida til at bonden vert sitjande med slakt eller mjølk ingen vil kjøpa. Båe delar vil svekka tilliten til omsetningssystemet – utan at eg her skal gå inn på kva det kan føra til.

Det sentrale er altso marknadsreguleringa, og makta over marknadsreguleringa. Den som sit med handa på rattet i høve til denne mekanismen, kan i stor grad avgjera kva som løner seg, og ikkje løner seg, i matproduksjonen. I USA er det store monopolselskap, til dømes korngigantar som Cargill, som kontrollerer marknadene so mykje at dei kan styra planøkonomien i landbruket. Amerikansk landbrukspolitikk vert soleis i stor grad avgjort på styreromma i desse selskapa. I EU er det den sams landbrukspolitikken – CAP – som syter for det same. CAP byggjer på eit system med garanterte minsteprisar til produsent. So lenge fellesskapet garanterar for ein viss pris, er det ingenting som held attende om produksjonen veks ut over forbruket. Dette gjev kroniske strukturvanskar knytt til lagring og overskotsproduksjon, og 2/3 av det samla EU-budsjettet går til å handtera dei strukturelle vanskane som fylgjer med CAP. I særs liten grad går desse pengane til bøndene. Dei forsvinn i transportstøtte, lagerstøtte, eksportstøtte og liknande – alt saman støtte retta inn mot marknadsaktørane.

I samanlikning er den norske marknadsreguleringa mesta gratis. Marknadsreguleringa skjer via jordbrukstingingane, som fastset maksimalprisar for landbruksvarer. Faglaga, som tingar for jordbruket, overlet so til samvirke å nå desse prisane. Marknadsreguleringa er stabil, avdi samvirke har so stor marknadsdel at ein har dominerande marknadsmakt. Heile mekanismen er soleis ei blanding av offentleg marknadsregulering – staten som tingingspart i jordbrukstingingane – og privat marknadsregulering: Samvirke. Avdi samvirke er bondeeigd, og interessert i å få prisar for varene sine, får ein ikkje same overproduksjonsmekanismen som i CAP, sjølv om ein sjølvsagt har overproduksjonsproblem.

Meieridrifta i Noreg er kanskje det beste dømet på kor sinnrikt det norske systemet for marknadsregulering fungerer. Mjølk går til ei rad produkt: Konsummjølk, ost, smør, turrmjølk, yoghurt og fleire. Målet til meierisamvirket er å selja mest mogleg av mjølka – avdi overproduksjon ein ikkje får betalt for, er reint underskot so lenge ein sit med mottaksplikt. Difor er økonomien i dei ulike produksjonane særs ulik. Fyrst og fremst er det konsummjølk som gjev pengar i kassa. Smør går berre i balanse, turrmjølk er reint underskot.

Ut frå rein bedriftsøkonomi kan ikkje turrmjølkproduksjon i Noreg forsvarast. Men for NML er det betre økonomi i å turka mjølka, og få selt ho, enn å lata ho rotna på tank – eventuelt nytta henne til får. Og ved å la konsummjølkproduksjonen subsidiera dei andre produksjonskjedene, får ein pengar for meir av mjølka – og større samla inntekter. Men dette verkar sjølvsagt berre so lenge all mjølka går gjenom NML. Det er sårs lett å sprenga akkorten ved å sleppa andre til på konsummjølk – slik at NML må kutta ned prisen på konsummjålka, eventuelt får mottaksplikt på meir mjølk ein ikkje får selt. Om styresmaktene vil, er det svært lett å skapa ubalanse i heile dette fint avvegde reguleringssystemet. Greier ein skapa store ubalansar, vil konstnadene koma på rekneskapen til dei som sit med reguleringsandsvar og mottaksplikt – i praksis samvirke. For å handtera desse auka kostnadene, kan NML snart koma til det punktet der dei lyt divisjonera dei ulike produksjonsløypene for å sikra bedriftsøkonomisk lønsemd i kvar einskild del av systemet sitt. Turrmjølk til matvareindustrien vil då stiga so mykje i pris at det vil vera heilt urealistisk å halda oppe grensevernet – og NML vil her og andre stader sitja att med for mykje mjølk. Utan at eg kjenner talet, kan truleg mellom 1/3 og helvta av norsk mjølkeproduksjon verta overskot som det ikkje finst marknad for, om ein slepp laus desse mekanismane.

I denne stoda har samvirkeleiarane sytt for å koma seg i posisjon mellom borken og veden. I lang tid har dei samhandla med staten og landbruksdepartementet, og lojalt fylgd den landbrukspolitikken som har rådd der i garden. Når eigne medlemer har vore i vegen, har dei visst å utmanøvrera dei. Når staten i dag knapt har serlege skruplar med å avvikla heile samvirkesystemet i matvareindustrien, veit samvirkeleiarane at staten har all verda med biletkort på handa – so lenge dei torer å setja marknadsreguleringsmekanismen på spel. Samvirke sit med svarteper, samfunnsandsvar, mottaksplikt, fraktutjamning m.m. – utan dekning på kontoen om ikkje staten gjev dei høve til å ha den marknadsposisjonen dei treng.

Og styrer og administrasjon har sytt for å få så stor avstand til eigarane sine, at dei ikkje trur på at norske bønder vil ofra noko for å sikra samvirke, om det kjem til open kamp. Dei har i så mange tiår halde på med medlemsfordelar at dei trur det einaste som bønder ser, er kortsiktig eigeninteresse. At også bønder kan sjå langsiktige utviklingsliner i landbruket – nei, den tanken er fjern. Utan å få makt i råmelover og fullmakter frå departementet, og utan å sjå den makta som kan liggja i mobilisering av eigne medlemer, skal altso dei ulike samvirkeverksemdene gå inn i samhandling med hinmannen sjølv – den vidunderlege, nye marknadsliberalismen, og dei særs sjølvmedvitne daglegvarebaronane. Nett i den stoda er kommandohøgda i norsk landbruksøkonomi i dag.

Samvirke og klasse

Samvirkeverksemdene i landbruket er eigd kollektivt av ein klasse i det norske samfunnet, dengamle småborgarskapen – bøndene. Som klasse har desse vorte meir og meir eins i etterkrigstida. Rett etter krigen var bønder alt frå rein naturalieproduksjon til jordeigarar som i hovudsak administrerte bruket, og eigna til seg meirverdi frå andre sitt arbeid. Sjølvbergingsbøndene bygde anten ut eller forsvann, den norske storbonden kjøpte seg maskinar i staden for landarbeidarar – og med det forsvann høvet til å leva beinveges på meirverdien frå andre sitt arbeid. Det er denne gruppa av meir og meir like bønder som eig samvirke – i jussen og teorien.

I praksis er samvirke storindustri – meieria omset for over 10 milliardar i året. Og samvirkeorganisasjonane har etterkvart vorte slik at dei gjev administrasjonen på toppen den handlefridomen ein vanleg industrikapitalist treng. Tillitsverva nedetter er fyllt av folk som veit at alt godt kjem ovanfrå.

Med andre ord: Dei som i praksis eig milliardverksemder i norsk matvareindustri, er i alle meiningsfyllte tydingar av ordet borgarskap. I hovudsak vil det vera festtaleretorikken som skil dei frå andre borgarar. Samvirkeborgarskapen har vakse fram innanfor råmene av det sosialdemokratiske etterkrigsregimet, med fullmakt til å laga omsetningssystem for matvarer som har vore tenlege for systemet som heilskap. Detta er det ålmene. Men det er òg desse borgarane som melder seg ut or NHO, og gjev millionar til Nei til EU. Det særskilde er soleis ikkje uviktig, om me skal dryfta klassar og klassealliansar. For borgarane i landbrukssamvirke sit truleg på dei minst omsettelege verdipapira i norsk industri – tillitsverv i ein bondeeigd industri som einast gjev overskot so lenge det er politisk oppslutning om at det skal bu folk i heile Noreg.

Kva gjer me?

Slaget om norsk landbrukspolitikk i åra frametter, vil truleg bli slaget om marknadsmakta til samvirke. Utan samvirke kan me truleg gløyma den norske bruksstrukturen, busetnadsmål og levedyktige lokalsamfunn i utkant-Noreg. Samsstundes er det slett ikkje berre-berre å forsvara samvirke – til det har dei fleste norske samvirkeverksemder alt for mange svin på skogen. Skal ein snu dagens krise til ei nyoppvekking av samvirketanken blant norske bønder er medisinen i prinsippet enkel nok å skriva ut: Skarp kritikk – og klår solidaritet mot samvirke. Korleis detta skal gjerast i praksis – det vert ei heilt onnor sak. Men det lyt gjerast. Samvirke gjev høve til å gjera matvareomsetning til politikk, til medvitne vegval, til produsentkontroll og utjamning. Greier ein sprenga samvirke, er bønnebrev til Reitan det næraste ein kjem det same. Det er eit dårleg byte. Åtaket mot samvirke er ein del av ein heilskapleg politikk for å byta ut røystesedlar med pengesedlar. I den stoda burde det ikkje vera vanskeleg å velja.