Kommunistar og parlamenta

Av Asgeir Bell

1996-02


Dei parlamentariske organa kan bare inntas for å hente informasjon om borgerskapet si maktutøving, avsløre dei borgarlege arbeidarpartia og gje massekampen ein talarstol.

Kommunistane har store oppgåver å løyse på den teoretiske fronten. Svært mange spørsmål i revolusjonsstrategien ligg innhylla i tåke. Og vi har lite samanfatta kunnskap om vilkåra for kommunisme i Norge og vår del av verden.

Men dei sentrale teoriane i marxismen om revolusjon, kommunisme og imperialismen si historisk avgrensa rolle, ligg nå an til å vinne fram. Det teoretiske arbeidet vårt vil først og framst bestemme kor vidt vi kan løyse ut eit opprør mot den kapitalistiske staten når høvet byr seg. Dinest om teoretiske mangler skal halde attende stabiliseringa av ei sosialistisk statsforfatning. Og vi kunne legge til: Utan grundig teoretisk arbeid vil vi kunne bukke under i ein politisk tilbakegang av typen vi opplevde på 80-tallet. Vi har som kjent ikkje garantier for tempo og utfall i denne striden.

Parlamentarisk arbeid har gjeve kommunistar i Norge mykje hovudbry siste tiåret. Truleg er det enkle grunnar for det. Den eine er mangel på teoretisk arbeid på feltet. Den andre er manglande grep om prinsippa vi skal forsvare i den politiske striden i til dømes RV.

AKP si line ligg ennå i botnen av RV sin plattform – så nær som i organisasjonslina. På det området har AKP teke utviklinga i RV til etterretning. Framtida til RV er uviss. Tendensen no er organisatorisk stagnasjon for partiprosjektet samstundes som stemmepotensialet utvides. Fortsatt kan nokon gå berserk i ein sving og kreve «eit endelig oppgjer» med ein annan part i alliansen. Det kan ende RV sine dagar. Likeeins kan forsøka på å smale inn RV, føra til at RV vert hengjande i baklegsa på eit tidspunkt der fronten kan og må utvidas. Og la det vera klart: Før var RV meir å rekne for eit «parti» i tydinga politisk einskap – og mindre ein allianse. Nå er det programmatisk å rekne for eit parti, men i gavnet ein allianse meir enn nokon gong. For alle som vil noko med RV, kan det vera lurt å legge seg dette på minnet.

Eg legg i denne artikkelen fram til debatt nokre punkter som eg meiner tek utgangspunkt i prinsippa våre for arbeid i parlamentariske organ sidan partiet vart stifta. Det omfatter analysen av dei parlamentariske organa, vårt høve til begrepet demokrati, forholdet til einskapsfronten og vår line for leiinga av dette arbeidet. Sist i artikkelen skal eg ta opp nokre områder vi må studere og utforske for å komme på høyden i det teoretiske arbeidet på dette feltet.

Det borgarleg-parlamentariske systemet

1) Utviklinga av dei parlamentariske maktorgana i Norge, i si form og innhald, er uløyseleg knytta til utviklinga av kapitalistiske produksjonsforhold og forminga av eit økonomisk herskande borgerskap. Følgjeleg må dei parlamentariske organa på den eine sida ivareta demokratiet i den økonomisk herskande klassen og på den andre sida heile tida gjenskape ein plattform som gjev klassen politisk handlekraft ut frå eit minimum av politisk legitimitet i folket.

2) Av desse grunnane følgjer at det parlamentariske systemet uavbrutt må evna å bryte opp arbeidarkulturen og demokratiet og handlekrafta i arbeiderklassen og alt det som kan utvikla kravet om politisk makt over staten for arbeiderklassen.

3) Det parlamentariske systemet framtrer som eit folkestyre, mens det i sitt vesen, dvs. i sin grunnleggjande funksjon, ivaretar borgerskapet si uinnskrenka makt over økonomien. Når denne makta trues, vil anten innebygde sanksjoner mot kreftene som truer, bli sett i verk, eller systemet vert oppheva til fordel for unntakslover eller fascistiske tilstander.

Av denne analysen følgjer at dei parlamentariske organa i Norge må oppløysast og erstattas med ei nasjonalforsamling som utgår frå arbeidarklassen, og som kan gje landet ei sosialistisk forfatning og grunnlov. Den noverande forfatninga gjev ikkje makt til arbeidarklassen. Dei parlamentariske organa kan bare inntas for å hente informasjon om borgerskapet si maktutøving, avsløre dei borgarlege arbeidarpartia og gje massekampen ein talarstol.

Utan partier som frir til den radikale opinionen og arbeidarklassen, og som langt på veg talar deira sak i aktuelle politiske spørsmål, samstundes som dei forsvarer forfatninga og demokratiet, ville maktutøvinga miste eit av sine viktigaste stabiliserande element. Denne analysen er overlag viktig og må ikkje utelatast. Det tillegg dei sosialdemokratiske partia garantistansvaret for borgerskapet sitt diktatur i den borgarleg demokratiske forma. Sjølv revolusjonære parti og allianser vil bli dradd inn i denne rolla og må motvirka den gjennom meir enn å proklamera seg mot forfatninga.

Den parlamentariske institusjonen er ikkje statisk og laga ein gong for alle, den endrar seg heile tida for å gje borgarskapet det apparatet som gjev det mogleg å styre og sikre optimale akkumulasjonsforhold. Endringane tar form av strid mellom fløyer innan borgarskapet. Dette ventilerer systemet – gjev det skin av valfridom. Men først og framst er det ein nødvendig strid for å nedfelle ei line og ei leiing andsynes andre nasjoner og i striden mot dei arbeidande klassane.

Til dømes har det ført til endringer i den parlamentariske situasjonen og forskyving av makt innanfor ulike deler av statsapparatet etter at den leiande gruppa innan borgerskapet ga opp nasjonen og gjekk inn for innlemming i EEC (EU). Det har gjort partioppslutninga meir ustabil og gjeve ei stadig lågara valdeltaking i lokalval utover 80-talet. Og bak desse fenomena ser vi ei mykje sterkare sentralmakt med utvida fullmakter til byråkratiet og deira bånd inn mot borgarskapet. Lokalt er den statlege kontrollen styrka gjennom rådmannstillinga og budsjettdisiplineringa frå eit auka antal heildagspolitikarar.

For å ta opp i seg rørsler som kan utvikle eit revolusjonært program eller vera basis for revolusjonære strømninger, oppstår det anten partier for ei sak eller kampområde – som Pensjonistpartiet – eller så må partia og statsformene opne for rørslene i programma sine og gje dei posisjonar og taburettar. Dette var tilfellet andsynes kvinneeksplosjonen i nærings og samfunnsliv dei siste tiåra. Her vart det ikkje skapt eit kvinnepolitisk parti, mellom anna fordi kvinnekvotering og spissposisjoner som var godt synlege, kom kvinnerørsla midlertidig i møte.

Kampen for nasjonen og vår nasjonale sjølvråderett inneheld forsvaret av grunnlova og retten til å ha ei nasjonal forfatning. Men bare i denne samanhengen kan vi forsvare grunnlova og det gjeld konkret dei artiklane som vernar om suvereniteten. Elles er oppgåva vår å kritisere grunnlova og vise at ho er sjølve forsvarslina for privat eigedomsrett og kapitalens fridom.

Det borgarlege demokratiet og dei demokratiske rettane

4) Demokratiet er knytta til klassesamfunna og definerer styreforma for ein klasse over ein annan. Det vil verta oppheva med kommunismen og erstatta av menneska si direkte leiing og forvaltning av det livsnødvendige arbeidet og fordelinga av produkta.

5) Det borgarlege demokratiet er uløyseleg knytta til borgarleg rett og fridomsbegrep; nemleg kapitalens rett til å utbytte menneskeleg arbeid. Bare andsynes retten til fullt ut åselge arbeidskrafta si på marknaden, gjev det borgarlege demokratiet arbeidaren «demokratisk makt». I alle andre samanhenger gjev denne styreforma arbeidaren demokratiske rettar som kan settas til side. Den eksisterer difor bare når det tjener borgarskapet eller fordi arbeidarane har makt å setja bak forsvaret av dei.

6) Arbeidarklassen si organisasjonsform går utapå det borgarlege demokratiet fordi det bare kan verkeleggjera interessene til arbeidarklassen dersom det dialektiske sambandet mellom sentralisme og åpne diskusjoner (demokrati) vert svært aktivt og har ein praktisk karakter (alle tek del i prosessane). I konsolideringa av ei stabil, proletarisk statsmakt er difor høvet til statleg byråkrati ein tilsynelatande akilleshæl.

Dei reformistiske partia hyllar ofte det borgarlege demokratiet. Særleg når dei angrip revolusjonære og stiller seg i rekka til dei som har funne at sosialismen og kommunismen er avgått ved døden. Det vitner for det første om kor innvevd dei er i statsmakta til kapitalistklassen. Men det inneheld også to andre viktige årsaker: Den borgarlege styreforma framtrer både gjennom posisjonen og opposisjonen og er heilt avhengig av denne splitta framtoninga. Difor kan media vera fulle av kritiske merknader til overgrep i klassesamfunnet. Men kritikken er oppsplitta og gjev ikkje samanhengen til klassediktaturet. Reformistane trur difor langt på veg at dei i opposisjon bekjempar systemet. Realiteten er at dei ventilerer det. Dinest så er det innafor ramma av det borgarlege samfunnet ikkje mogleg å «feste tiltru» til eit revolusjonært program. Det synes heile tida utopisk. Kritikken av den borgarlege økonomien og demokratiet kan difor bare forankras i marxismen si analyse av kapitalismen si historiske og forbigåande rolle med andre ord ein revolusjonær teori.

Kjennetegna for eit fullt utvikla borgarleg parti – eit systemlojalt parti – er strategien med å vinne oppslutning i val, ein partiøkonomi basert på statsstøtte og organisatorisk tyngdepunkt knytta til dei parlamentariske organa. Når desse kjennetegna er til stades, er medlemsdemokrati og fraser om ålegge vekt på utenomparlamentarisk kamp, bare eit skilje mellom opne borgarlege partier og venstresosialdemokratiske partier. Slike parti vert byråkratiske i lengda og treng eigentleg ikkje medlemmar. Dei er ikkje demokratiske i den forstand vi krev for eit parti til arbeidarklassen, men det vil kunne ivareta eit minimum av den borgarlege demokratiske retten.

Valallianser som eit kommunistisk parti deltar i, utviklar seg også spontant i retning kjennetegna til borgerlege partier. Åerstatte fleksibel organisering og begrensa målsettinger for alliansen, fastlagt gjennom avtaler mellom partane i alliansen – og ut fra deira styrkeforhold – med medlemsbasert, demokratisk organisasjon, kan bety at alliansen legg seg åpen for denne utviklinga. Alliansen vert ein arena for å løyse ideologiske konfliktar mellom partane og vil etterkvart misse evna til å få valgt revolusjonære talspersoner inn i storting og kommunestyrer.

Einskapsfronten og oppgåvene for kommunistane i dei parlamentariske organa

7) Vilkåra for ei revolusjonær omveltning er mellom anna knytta til at masseorganisasjonane veks i styrke og at dei knytter seg til en revolusjonær einskapsfront. Det parlamentariske arbeidet til kommunistpartiet må følgjelig bli underlagt heilskapen i partiet sin politikk. I denne motseiinga og bare ved å ta utgangspunkt i denne motseiinga, er det mogleg å analysere den konkrete politikken for det parlamentariske arbeidet.

8) Den nasjonale kampen – forsvaret av nasjonen – samlar ein breiare front med støtte i borgerskapet. Denne fronten sine oppgåver, politiske som organisatoriske, fastset også dagsorden for revolusjonære parlamentarikarar.

9) Allment vil oppgåvene til parlamentarikarane vera:

  • Å forbinde og synleggjera dei opprørske og revolusjonære masse og interesseorganisasjonane i arbeidarklassen og folket.
  • Å fremja krava til dei fattigaste og mest undertrykte i samfunnet og bidra til at dei organiserer seg. Kommunistane tek ikkje ansvaret for budsjetta i staten sin rekneskap – korkje lokalt eller sentralt.
  • Å avsløre rolla til dei borgarlege arbeidarpartia. Dette krev svært ulike metoder ut frå ei konkret vurdering av styrken til dei revolusjonære og opportunistane i masseorganisasjonane.
  • Å leggja fram kommunistane sitt maksimalprogram der det er mogleg.

Ofte vert politikken for einskapsfronten blanda med parlamentarisk arbeid. Det rår i det minste forvirring. Særleg kom dette til uttrykk i partikampane seint på 80-tallet.

For det første er einskapsfronten dei samfunnsmessige kreftene som politisk, økonomisk og til sjuande og sist militært, er i stand til å styrta kapitalismen – som kan oppløyse parlamentet og etablere ei forsamling som kan vedta ei sosialistisk forfatning. Dette er ikkje den parlamentariske fronten. Snarare tvert imot. Det er masseorganisasjonene og dei organa som bind dei saman.

For det andre er ikkje einskapsfronten noe som vert laga. Det er ein front som er, og som bare unntaksvis og i enkelte faser har ei særskilt form eller navn. Fronten vil sprenges og gjenoppstå, og vil vera underlagt ulik leiing og linje for kampen.

Teorien om einskapsfronten er veldig skremmande for borgerskapet og særleg for dei sosialdemokratiske partia. Det rokker ved deira stilling. Deira styrke i norsk politikk er kjennetegna ved den makta dei får ved å dreie eitkvart opprør inn i parti, inn i dei parlamentariske organa. Derfor oppstår det tankar om nye partiskipnader ved eitkvart oppsving i klassekampen (og den nasjonale kampen). Denne kampen utspelte seg i organiseringen av kampen mot EU, og vil fortsatt gjera det. Strømninger i RV er i ferd med å innynde seg hos Hågensen eller underlegge seg hans leiing og taktstokk. Det skyldes blant anna at dei ikkje ser for seg at folk kan kaste av seg slike leiarar. Samtidig drømmer dei om masseoppslutning omkring eit nytt RV som har kasta frå seg kommunistane.

Når vi studerer einskapsfrontpolitikken og utvikler den, vil vi også styrke det revolusjonære parlamentariske arbeidet. Rolla blir tydelegare. Både fordi det ut frå sitt formål styrker einskapsfronten – underlegger denne sine oppgåver – og det at det avslører dei andre partiene si systembevarande rolle. For kommunistane kan ikkje spørsmålet om å delta i det parlamentariske arbeidet stillas som eit anten eller. Det er eine sida i ein dialektisk einskap og vert difor bare fastlagt i samband med å analysera oppgåvene i einskapsfronten.

Vilkår for deltaking i val og leiing av det parlamentariske arbeidet

10) Dei tre viktigste vilkåra for å stille til valg (ved eigne lister eller i allianser) er:

  • A. At den revolusjonære masseorganiseringa ikkje har nådd eit nivå som gjer den istand til å ta den politiske makta.
  • B. At kommunistpartiet har ein styrke som tilsvarar:
    • 1. forankring i arbeidarklassen
    • 2. har eit minimum av programmatisk einskap og
    • 3. har overskrede fasen som studieorganisasjon.
  • C. At de parlamentariske organa ikkje er under kontroll av framande makter.

11) Partiet sitt sjølvstende. Partiet kan inngå alle typer valtaktiske alliansar som:

  • A. Ivaretar arbeiderklassen sine grunnleggande interesser.
  • B. Ivaretar partiet sitt sjølstende innafor alliansen og retten til å legge fram sitt maksimalprogram offentleg.

12) Leiing av det parlamentariske arbeidet. Medlemmar av kommunistpartiet innvalgt på eigne lister eller lister i allianse med andre partier og organisasjoner, er ansvarlege ovafor minimumsplattformen i programmet og elles underlagt partiet si leiing. Dette svarer til partiet sin politikk under sosialismen med å sikre at leiing og organisasjon vert forankra i arbeidarklassen og folket og ikkje i statsapparatet.

Vi kjenner mønsteret godt. Det er bare eit spørsmål om tid før stortingsgruppa «veit best». Eller representanten i kommunestyret. I dei reformistiske partia er det instituert. Dei flyttar gjerne leiinga av partiet til Stortinget fordi det er den viktigste arenaen for deira politiske arbeid. Vi hugsar bikkjeslagsmålet for å få Erik Solheim inn i Stortinget. Og vi har sett unge politikarar ta avgårde til Stortinget med feiande ord og uttrykk – heilt forsvarslause – ettersom dei partia dei representerer, har som line å omforme dei i systemet sitt bilde.

Systemdisiplineringa må aktivt motverkas og i utgangspunktet fastsette kor avgjerda skal ligge når det tårner seg opp til strid mellom partiet og gruppa – eller mellom einskapsfronten sine krav og dei parlamentariske krava. Ein legitim form for åoppkaste seg til leiing over feltet har i våre rekker vore at partiet forsømmer parlamentarikarane. Ergo veit dei best sjølv. Sjølsagt er ikkje dette ein legitim grunn for å flytte leiinga. Det er eit sjukdomstegn i partiet sin heilskaplege politikk. Oftast ikkje som eit «venstreavvik», men rett og slett fordi partiet sine grunnorganisasjoner forsømmer livsinteressene til arbeidsfolk i bydelen og dermed ikkje finn bruk for parlamentarikarane.

Erling Folkvord har gjeve oss ein forbilledleg praksis på kor viktig det er å «gå på tvers inn i galehuset». Utan erfaring med arbeid innafor Stortinget har det truleg vore avgjerande åverne seg mot etiketten for å få tid til å utvikle gruppa sitt arbeid etter ein revolusjonær strategi.

Gjennom åttiåra vart det ofte klaga over det manglande demokratiet i RV. Dette var med å sikre gjennomslag for at AKP måtte gje frå seg dei juridiske rettane i RV. Det tvilsame i denne omlegginga må mest av alt vurderast opp mot analysen av demokratiet som er handsama tidlegare i artikkelen. Men kravet om fristilling vart sett fram i ei tid då AKP handsama RV som ein front med demokrati og utstrakt sjølvstende innafor dei arbeidande delane av RV – kommunestyregruppene. AKP samrådde seg gjennom landsmøterørslene med dei som ville ta aktiv del i valkampen og i dei parlamentariske gruppene. Elles holdt partiet kommandoen over området når det kom til prinsippa. Historia om AKP og RV kunne lett vore annleis: AKP kunne i 1973 vorte godkjend som navn på vallistene. Det er truleg at det rundt valarbeidet ville bli utvikla samarbeid med uorganiserte – nettopp fordi denne lina for parlamentarisk arbeid direkte støtter enkeltpersoner og organisasjoner. Ville kravet om demokratisering eller oppløysing av partiet blitt framsett då? Kanskje ikkje, men merk at korleis vi enn hadde organisert denne typen arbeid, så tenderar det til å ville frigjera seg frå partiet si leiing.

Dersom leiinga av det parlamentariske arbeidet følgjer prinsippa ovafor, vil bruken av dei statlege midlene som staten pøser ut til partia, få ein svært positiv funksjon. Statlege midler betaler eit informasjonsnettverk som arbeider saman med masserørsla som ein trojansk hest innafor borgerskapet sin stat. Det er valuta for skattekronene.

Nokre utfordringar

Erling Folkvord har i mange samanhenger – i skrift og tale – tatt opp problema og utfordringane til dei revolusjonære andsynes Storting og kommunestyrer. Særleg drøfter Erling problema med å mobilisere og organisere folk slik at dei får tiltru til eigne krefter og riv til seg makt over eigen lagnad. Sjå mellom anna innleiinga hans på folkevaldkonferansen gjengjeve i Opprør nr 2, 1995. Samstundes greier Erling å formidle den enorme makta og arrogansen som ligg i aksen mellom det statlege byråkratiet og stortingspartia. Dette er del av ein nyvunnen kunnskap som vil få stor tyding for RV si oppslutning om det vert popularisert og ligg føre i god tid før neste valkamp.

Men desse erfaringane gjev også material til nokre viktige teoretiske floker vi har forsømd. Den eine er maktgrunnlaget for sosialismen. Vi må studera etableringa og utviklinga av Sovjetstaten svært nøye – saman med andre historiske eksempler – for å finne ut kva politikk vi kan legge fram for korleis arbeidarklassen kan skifte ut det borgerlege statsapparatet og kontrollere «sitt eige byråkrati». Dette spørmålet har ei metodisk side. Korleis løyser ein det i praksis?. Dinest har det ei materiell side: Kva utgangspunkt vil arbeiderklassen ha for maktovertakinga? Dette spørsmålet kan vi nærme oss gjennom klasseanalyse og analyse av utviklinga i imperialismen. Men vi kan truleg bare operere med sannsynlege og usannsynlege utfall. Til sist vil vi gjennom klasseanalysen kunne seie noko om kva sannsynlege kortsiktige krav revolusjonen må løyse for folk sine nære livsinteresser. Kven må vi rekne med at i kraft av styrke og konsentrasjon vil føre an i revolusjonen og gje den karakter.

Og vi må ta fatt på kritikken av grunnlova – dette lille skriftet som i teksten mest av alt handsamer høvet mellom kongen og gud(sic!). Det er skreven i eit kansellispråk slik at det bare er embetsmenn og jurister som kan forstå teksten. Vi må bryte koden for å finne dei vesentlege trekka i grunnlova, og halde dei opp mot liknande lover i sosialistiske stater. Ein slik debatt peiker framover og endrar forestillingane våre om kva retter vi faktisk har under dette regimet. Kor mykje av dei som er illusjonar?


Lenin om staten

«Det noverande samfunnet» er eit kapitalistisk samfunn som finst i alle kulturland. Det er meir eller mindre fritt frå mellomaldersk tilsetjing, meir eller mindre forma til av den særskilde historiske utviklinga i kvart land, meir eller mindre utvikla. På den andre sida endrar «den noverande staten» seg med landegrensene. Han er ein annan i det prøyssisk-tyske keisarriket enn i Sveits, og ein annan i England enn Sambandsstatane. «Den noverande staten» er difor er difor ein fiksjon.

Trass i den brokute skilnaden mellom dei i form, har dei ulike statane i dei ulike kulturlanda like fullt det sams at dei alle grunnar seg på det moderne borgarlege samfunn. Difor har dei og ein del vesentlege kjenneteikn sams. I denne tydinga går det an å snakka om «den staten som er no» i motsetning til framtida, då den rota han no har – det borgarlege samfunnet – vil ha døydd bort.

Så reiser spørsmålet seg: Kva samfunnsfunksjonar vil verta att som ein kan sidestilla med statsfunskjonar no? Dette spørsmålet kan berre svarast på vitskapleg, og ein kjem ikkje eit høneføt nærare problemet om ein så finn tusenvis av måter å setje ordet folk saman med ordet stat.

(Henta i utdrag frå Lenins Staten og revolusjonen, Oktober forlag, side 105.)


Lenin om demokrati

Engels uttrykte dette framifrå i brevet sitt til Bebel då han, som lesaren hugsa, sa at «proletariatet treng staten, ikkje til beste for fridomen, men for å halda motstandarane sine nede. Og så snart det vert mogleg å tala om fridom, sluttar staten som slik å vera til.»

Demokrati for det store fleirtalet av folket, og undertrykking med makt, dvs. utestenging frå demokratiet, av dei som utbyttar og held folket nede det er forandringa som skjer med demokratiet gjennom overgangen frå kapitalisme til kommunisme.

Fyrst i det kommunistiske samfunnet, der motstand frå kapitalistane har vorte fullstendig knust, der kapitalistane har forsvunne, der det ikkje lenger er klassar (dvs. der det ikkje lenger er noko skilje mellom samfunnsmedlemmene når det gjeld tilhøvet dei står i til produksjonsmidla i samfunnet), fyrst då «slutter staten å vera til» og «det vert mogleg å tala om fridom» – Fyrst då vil eit verkeleg fullstendig demokrati ta til å visna bort, som fylgje av den enkle røyndommen at når folk har vorti fri frå kapitalistisk slaveri, frå den uhorveleg mengda redsler, villskap, vanvit og vondskap som fylgjer den kapitalistiske utbyttinga, då vil dei etter kvart verta vane med å halda seg til dei grunnleggjande omgangsreglane i samfunnet som har vorte kjende i hundreår og tekne opp at i tusenår i alle regelverk for skikk og bruk. Dei vil verta vane med å halda seg til dei utan maktbruk, utan tvang, utan underordning, utan det særskilte apparatet for tvangsbruk som vert kalla staten.

Uttrykket «Staten visner bort» er særs godt vald, for det peikar både mot at prosessen går smått om senn, og at han går fram av seg sjølv …

(Frå Lenin: Staten og revolusjonen, side 109, Oktober forlag.)


Frå AKP sine program

AKP har handsama dei parlamentariske organa og politikken andsynes dei, ulikt i programma sine frå 1973 og fram til idag. Her er nokre kutt frå fire av programma:

1973

Det parlamentariske systemet som finnes i Norge i dag er et system som i hovedsak er bygd opp på en slik måte at det hindrer det arbeidende folket i å kunne delta i og ha innflytelse på det.

I den nåværende situasjonen deltar likevel kommunistene i valg til storting og kommunestyrer, dels for å benytte de begrensede muligheter til å støtte folkets kamp som finnes der, dels for å avsløre at de parlamentariske organene – særlig Stortinget – ikke kan fungere som noe annet enn en sandpåstrøingsmaskin overfor avgjørelser fattet i monopolkapitalens apparat.

(Utdrag punkt 17, Parlamentariske organer, side 77.)

1976

Dei parlamentariske organa, storting og kommunestyra, har ingen verkeleg makt. Dei er sette til å strø sand på dei avgjerdene kapitalen eller staten tek. Men av di dei er folkevalde og folk har illusjonar om dei, er dei ein viktig lekk i det borgarlege diktaturet – for borgarskapet. Desse organa kan berre nyttast som talarstolar om kommunister vert valde inn i dei. Partiet må aldri gje folk illusjonar om at dei kan oppnå noko gjennom desse borgarlege klasseundertrykkingsorgana.

(Siste avsnitt av punkt 13.)

1984

2.2.5. Parlamentsval kan ikkje føre til sosialisme.

Dersom eit fleirtal røystar for sosialisme ved val, så avskaffar herskarane parlamentet og undertrykkjer fleirtalet med vald. Derfor kan sosialismen aldri sigra så lenge arbeidarklassen trur at «den fredelege og parlamentariske vegen» kan føre til sosialisme.

(Sjå og punkt 4.5.6 på side 43.)

1990

Klassekamp og folkelig organisering må samtidig forbindes med kampen om innflytelse i folkevalgte organer. Valg og representasjon i kommunestyrer, fylkesting og Storting må brukes for å fremme sosiale, økonomiske og politiske krav, øke kunnskapene om offentlig styring og samtidig synliggjøre hvor udugelig det kapitalistiske systemet er når det gjelder å ivareta folks rettigheter og velferd. Korrupsjon og kameraderi i det politiske systemet må avsløres. Folkevalgte organers makt og innflytelse må forsvares mot angrep fra kapital, statsbyråkrati og organisasjonseliter.

Parlamentariske valg er derfor en viktig gradmåler på den politiske strømningene i folket. Men den herskende klassen vil aldri akseptere at folket gjennom valg og parlamentariske vedtak truer kapitalismen eller innfører et sosialistisk samfunnssystem. Det finnes ingen parlamentarisk vei til sosialismen.»

(Dei siste avsnitta i punkt 5.1, side 16.)