Introduksjon: Erik Ness 70 år!

Av Ingrid Baltzersen

2019-01A

Ingrid Baltzersen, redaktør
Foto: Erik Ness, 3 år gammel

Aktivist, redaktør og lesar Erik Ness blir 70 år 11. mars 2019. Redaksjonen i Gnist Marxistisk Tidsskrift vil markera det med eit festskrift for han. Å laga tidsskrift er ei oppgåve for eit kollektiv. Men det er ikkje til å komma utanom at Erik Ness sidan tidsskriftet starta opp igjen, har spelt ein nøkkelrolle i arbeidet. No når han har gått av som redaktør, og i tillegg fyller 70 år, tenkte me det var eit god høve til å løfta fram nokon av de temaene Erik har vore opptatt av i sitt politiske virke.

Han er opptatt av å læra meir sjølv, og å spre politikk og kunnskap. Så me har prøvd å finna artiklar om det han er opptatt av som han kan læra av eller tipsa andre om å lesa. Og me har funne folk som kan skriva om Erik sin metode, fordi me trur at det også er noko me andre kan læra av. Ein metode som har bestått av å bruka livet som eit sosiologisk studie. Ei motsett klassereise som først gjekk til Kaldnes Mek. i femten år, der han nysgjerrig observerte kor mykje sukker dei andre hadde i kaffien. Så som barn av kvinneopprøret i AKP og partisekretær under Siri Jensen kunne han ikkje gå tilbake til industrien etter det, men begynte som omsorgsarbeidar.

Sjølv som pensjonist og nesten syttiåring har han den siste tida likevel jobba nesten femti prosent i bufellesskapen for psykisk utviklingshemma. Han har aldri hatt ambisjonar om å bli leiar, han vil ikkje vera for langt unna bleieskift. Han lærer framleis av å høyra om kollegaene sitt liv: Korleis dei syr saman mange deltitsstillingar til ei lønn det nesten går å leva av, dobbeltarbeidet. Men også om ganske gode liv i ein viktig jobb.

Me har laga dette nummeret av Gnist heilt utan at han har fått greie på det. Fordi det er gøy med overraskingar, men også som en demonstrasjon på at det kollektivet han har bygd opp rundt tidsskriftet kan vidareføra prosjektet han har lagt ned så mykje arbeid i, og til og med lage eit nummer heilt utan at han sjekkar korrektur, finner stoff og passar på at ting blir gjort. Hadde du trudd det Erik? God lesing!