Jenter som kommer (bokomtale)

Av Ingrid Baltzersen

Nr 1 2009

 

Ida Jackson og Maren Kristiane Solli: Jenter som kommer Spartacus 2008

 

Ida Jackson og Maren Kristiane Solli har laga den første norske sex-boka for kvinnersom har sex med kvinner.

Boka er ei typisk sjølvhjelpsbok, med lister og tips til alt frå korleis styrka bekkenmusklene til kva ein skal sjå etter når ein kjøper sexleiketøy, og kva slags nettlesar ein bør bruka viss ein surfar porno på nett. Boka plasserer seg samtidig tydeleg i ein feministisk ståstad. Forfattarane tar ikkje stilling til tema som feministar ofte er mot, til dømes porno, eller omdiskuterte tema, som BDSM, analsex og sexleiketøy. Men dei legg vekt på at det er ein sjølv som skal definera seksualiteten sin, både at det ein har lyst til å gjera er ok, og at det er ein sjølv som må bestemma kva ein ikkje vil flott bok, dei skriv opplysande og innsiktsfullt om dei fleste sidene av seksualitet, blanda med tips, teknikkar og trenings-oppgåver. Einaste eg har å innvenda er at boka ikkje er illustrert, viss ein ikkje har studert snittbilete av fitta, er det ikkje alle anatomiske omgrep som er så enkle å halda styr på, sjølv om forfattaraneer flinke til å forklara.

Forfattarane skriv at boka starta som ei bok for kvinner som har sex med kvinner, men dei endte med ein breiare innfallsvinkel, som det står på forsida: En bok for alle som har sex med damer, inkludert damer som har sex med seg selv. Det første kapittelet handlar difor om å bli kjent med kroppen sin, og få eit godt sexliv med seg sjølv. Forholdet til seg sjølv er eit gjennomgangstema i boka, både at ein sjølv må definera kva ein har lyst til, men også korleis ein skal handtera overgrepserfaringer hos seg sjølv eller partnaren. Kapittela om kroppen, smertefull sex og overgrep, legning og kjønnsroller handlar om viktige og ofte problematiske sider av seksualitet, noko som er med på å gjera boka til meir ennberre ei sextipsbok.

Boka avslutter med eit pulepolitisk manifest, som trekk trådar frå dei feministiske elementa frå resten av boka. Kravet i manifestet er: Ja til sex!. Kravet virkar jo ikkje kontroversielt i vårt sexfikserte samfunn, men forfattarane lister opp ein del viktige grunner til at målet faktisk ikkje er oppnådd. Dei nemner at ein av fire kvinner aldri onanerer, at ein av ti norske kvinner blir voldtekne, at mange jenter har eit dårlig forhold til kroppen sin og at mange jenter har problemer med å setta grenser. Jackson og Solli har også forslag på løysinger. Dei seier at me må fortella andre historier: aktive jenter som veit kva dei vil må bli synlege i bøker, filmar og i kvardagslivet. Det må bli eit betre tilbod til valdtektsofre. Og: Du må ta saken i egne hender, noko denne bokmeldaren vil hevdaat boka inspirerer til.

Ingrid Baltzersen