Grunnlova i USA – myter og verkelegheit

Av Judith Mirkinson

2013-04A

Judith Mirkinson bur i San Francisco, og har vore aktiv i kampen mot rasisme, i fredsrørsla og kvinnekampen i USA i over 40 år. Ho var med og stifta Gabriella Network, ein solidaritetsorganisasjon mellom kvinner i Filippinene og USA.
Artikkelen er omsett av Einar Jetne

Amerika fråssar i det landet kallar «unnataksituasjonen » sin. Ronald Reagan snakka om «Citadellet på bakketoppen» mens han gjekk til krig i Mellom-Amerika. Då Barack Obama snakka til FN i september, sa han:

Eg trur at Amerika er eit unnatak: Landet si evne til ‘å stå opp for interessene til alle’ er spesiell.

Mytologien er så kraftfull. Og mange amerikanarar trur framleis på han. Sjølvsagt kan ting bli rota til heime, men vi er framleis det friaste landet på jord. Og vi har retten til å invadere eitkvart land vi skulle ønskje slik at også det kan bli demokratisk.

Vurder derfor desse tre kritiske faktorane når de undersøker den amerikanske grunnlova:

For det første: Ho vart skriven av velhavande kvite menn for å konsolidere deira herredøme over ei ny regjering.

For det andre: Frå starten av var det som vart sagt og det som vart gjort – framfor alt når det gjaldt menneskerettar – ganske forskjellig. Som Shakespeare sa: «Meir heidra i brot enn i overhald.»

For det tredje: og kanskje viktigast er det at nokre og alle progressive endringar eller juridiske tolkingar av Grunnlova har kome etter at folk organiserte seg og kjempa for rettane sine. Med andre ord, då det var svære sosiale rørsler – slike som rørslene for å fjerne slaveri saman med opprøra til slavebundne menneske som ende i borgarkrig – då fann reelle endringar stad. Kvinnerørsla, borgarrettsrørsla og arbeidarrørslene har alle gitt resultat. Elles har dagsordenen vorte sett av konservatismen til eliten og for eliten.

Grunnlova, som vart ført i penn av Thomas Jefferson, er stappfull av motseiingar. Når ho erklærer at Alle menn-(eske) er skapt like, gjeld det verkeleg berre kvite menn. Slavebundne afrikanske menn var eigedom som ikkje vart sett på som menneske. Kvinner vart ikkje ofra ein tanke. Og i ein vidgjeten passasje rettferdiggjer Grunnlova opprør mot Storbritannia fordi Storbritannia har oppmuntra dei «nådelause indianske villmennene » til å angripe forsvarslause amerikanarar.

Grunnlova vart skriven som eit direkte svar på sosial konflikt. I det som vart kalla Shay-opprøret danna småbrukarar og arbeidarar i New England små væpna grupper for å styrte regjeringa i staten i raseri mot høge skattar og mangel på arbeid. Leiarar i Sambandsstatane som George Washington og Alexander Hamilton var rasande på pøbelen. Samstundes vaks redsla for slaveopprør i sør mens jordspekulantar og såkalla pionerar var opptatte av å få opna meir land mot vest. Handel var lidande, og det var vanskeleg å inngå avtalar. Alt dette peika mot veikskapar i Artiklane i Konføderasjonen, dei første retningslinjene for Sambandsstatane si regjering. Eigedomsklassane måtte gjere noko for å skape sikrare reglar.

Kven skreiv grunnlova?

Med mindre land har gått gjennom verkelege demokratiske revolusjonar, slik som i Sør-Afrika og Venezuela, er grunnlovene deira i hovudsak skrivne av elitane for å garantere interessene deira. Sambandsstatane var ikkje noko unntak. Dei 55 kvite mennene som underteikna Grunnlova, var så godt som alle rike og folk med eigedom (ikkje ulike dei som i dag sit i Kongressen). Tjuefem var slaveeigarar. Thomas Jefferson og George Washington eigde rundt 200 slavar kvar. Farmarane og forretningsmennene som ikkje sjølve var slaveeigarar, drog fordel av arbeidet til slavane, og sikkert er det at alle hadde rikdommen sin frå land rana frå urfolk.

Grunnlova og slaveri

Grunnlova nemner aldri orda «slave» eller «slaveri», men konseptet er innebygd i dokumentet. Det etablerte eit «demokratisk» system som gjekk hand i hand med slaveri. Litt av ein prestasjon!

VI, FOLKET, inkluderte sikkert og visst ikkje slavebundne svarte menneske. For å garantere nasjonal kontroll over forretningsverksemd var folk frå nord – til og med dei som var mot slaveri – villige til å «inngå kompromiss». Sør ønska at slavar skulle bli rekna som fullverdige personar berre knytt til representasjon. (Elles var dei berre rein eigedom.) Nord ønska dei ikkje talde i det heile. Det heile skulle vere oppfatta som ugjort slik det gjorde 80 år seinare. Dermed kom eit kompromiss i stand. Slaveriet fekk lov til å halde fram, men i konsensusen låg det at slavar berre skulle kunne bli representerte som 3/5 av ein person. Dette er ikkje berre kodifisert slaveri, men det sikra og at slavestatane i sør fekk ugrunna tyngde i generasjonar framover. Det legaliserte også ideen om at afrikanarar i Sambandsstatane (enten dei var sleppte fri eller ikkje) ikkje var fullverdige menneske.

Grunnlova sanksjonerte importen av slavar fram til 1808, mens den interne slavehandelen vara ved fram til Borgarkrigen. Dette gjaldt ikkje berre i sør. Nordstatar hadde også tusenvis av slavar. Til og med der det fanst frie svarte menn og kvinner, vart dei ikkje gitt like rettar. Lover for rømde slavar – inkludert ei som var skrivne inn i Grunnlova – garanterte at ein kvar rømt slave skulle bli sett på som eigedom som måtte bli returnert. Slaveriet som omfatta fire millionar svarte menneske (i 1860) institusjonaliserte eit system av overlegne kvite, halde oppe med brutal tvang og lova si makt.

Slaveri – den legale eigedomsretten over menneske – vart til slutt eliminert som eit resultat av Borgarkrigen. Lovfestinga av den 13., 14. og 15. endringa gjorde slaveri illegalt og gjorde alle folk (med unnatak av indianarane) som var født eller naturalisert i Sambandsstatane, til statsborgarar. Alle menn eldre enn 21 år var kvalifiserte til å røyste, og kunne ikkje bli ekskluderte på grunnlag av rase. Alle statsborgarar hadde krav på rettstryggleik og likt vern av lova.

Slik situasjonen ofte er, var ordlyden til lova ein ting og realiteten noko heilt anna. I 1860 var 89 % av nasjonens afroamerikanarar slavar: Svarte utgjorde 13 % av landets befolkning og 33 % av befolkninga i Sør. Då dei vart frigjorde, var svarte statsborgarar i fleirtal i tre statar og 40 % av befolkninga i fleire andre. Dette vart sett på som eit alvorleg trugsmål som ikkje kunne bli tillate å vare ved.

I tilfelle etter tilfelle rettferdiggjorde domstolane diskriminering og terror. Rettnok var svarte kvalifiserte til å røyste, men viss dei ikkje bestod rasistiske leseprøver eller betalte koppskattar, var ikkje det eit brot på den 14. og 15. endringa i Grunnlova. Den 14. endringa vart heller brukt til å beskytte selskap enn til å beskytte svarte menn og kvinner. I ei av dei mest vidgjetne sakene i historia til Høgsterett utvikla Høgsterett i 1896 den lumske doktrina om «skilde, men like» for å rettferdiggjere legal segregering. Streng rasemessig apartheid – separate skolar, separate sjukehus, separate hotell, separate bussar, til og med separate vassfontener – vart legitimerte.

Først på 1950- og 1960-talet tvinga framveksten av militante «sivil rights»-rørsler fram domsavgjerder og lover som de jure erklærte segregeringa for illegal. Men de facto segregering eksisterer framleis med segregerte skolar, naboskap og i den massive fengselsindustrien. I dag sit meir enn to millionar menneske i fengsel. Det er fleire svarte menn i fengsel i dag enn talet på mannlege slavar under Borgarkrigen.

Grunnlova og kvinner

Kvinner si rettsstilling var ikkje, og er heller ikkje i dag, eksplisitt verna i Grunnlova. Sant nok finst det ingen spesifikk referanse til menn. Ein gjekk berre ut frå at slik var det. Kvinner, vart det sagt, høyrte til i heimesfæren og hadde derfor ikkje evne til klar politisk tenking. Fastsetting av røysterett vart overlate til statane og på den tida då Grunnlova vart skriven, fastslo statane (med unnatak for New Jersey ein kort periode) at berre menn med eigedom kunne røyste. Berre folk med røysterett kunne tenestegjere i juryane, noko som nødvendigvis ekskluderte kvinner. Den 14. grunnlovsendringa ga like rettar og likt vern til alle, men heldt fram med å utvide røysterettane berre for menn.

Gjennom hundreår fanst det ingen føderale lover som verna kvinner. I nokre statar kunne kvinner ha eigedom. I andre statar var regelen at etter inngått ekteskap vart alt eigedomen til mannen: frå ungane til teserviset og underkleda hennes. I nokre statar kunne kvinner vere yrkesaktive. I andre kunne dei ikkje. I alle statane var kvinner hindra i å arbeide like mange timar som menn, og dei vart betalt mindre enn menn, noko som ofte framleis er tilfelle.

Kvinner fekk røysterett i 1920, men det skjedde etter 70 år med agitasjon, tusenvis av arrestasjonar, sveltestreikar i fengsel og massedemonstrasjonar over heile landet under første verdskrig. I 1923 vart ei lovendring som skulle sikre like rettar (ERA=Equal Rights Amendment) lagt fram for Kongressen. Ho har aldri vorte ratifisert.

Blant rettane som er vunne gjennom masseprotestar, er ingen garanterte. Til dømes vart abort legalt i 1973 i heile USA. Etter dette har lov etter lov snevra inn definisjonen av legal abort, noko som har gjort abort nesten illegalt og i alle fall uoppnåeleg i mange av statane.

Menneskerettar eller menneskeurettar?

Sambandsstatanes «Bill of Rights» (forslag til lov om rettigheiter) – dei første ti endringane i Grunnlova – vart vedtekne for å få Grunnlova akseptert i alle dei 13 statane. Dette er endå eit dokument med opphøgde ideal som har hatt varig innverknad. Statsborgarar i Sambandsstatane kunne ikkje bli nekta talerett, religionsfridom.

  • Unionen har ingen offisiell statsreligion.
  • Pressefridom eller forsamlingsfridom.

Urimeleg tiltale, grusame og uvanleg straffer vart ulovleg. Retten til å bli dømt av ein jury og raske domsavgjerder vart også garantert saman med retten til å bere våpen (ein måtte ha gevær for å kjempe ned indianarane og opprørske slavar).

Viss eg skulle forme ei grunnlov i 2012, ville eg ikkje ta utgangspunkt i Sambandsstatane si grunnlov. Eg kunne kanskje sjå på grunnlova i Sør-Afrika. (Ruth Bader Ginsburg, høgsterettsdommar.)

Frå det siste tiåret i det tjuande hundreåret av har meir enn ein tredjedel av landa i verda enten endra grunnlovene sine eller fullt ut skrive dei på ny. Det store fleirtalet av desse landa har ikkje hatt grunnlova til Sambandsstatane som modell.

Ein av hovudgrunnane til dette er den amerikanske grunnlova sin mangel på merksemd retta mot sosiale menneskerettar eller det som no blir kalla «positive rettar». Det finst ingen garantiar av rett til grunnleggande tryggleik for helseomsorg, bustad, mat, sosial tryggleik eller utdanning. Det finst inga sikring av lik rett for kvinner og sjølvsagt ikkje for homoseksuelle eller funksjonshemma.

Sambandsstatane har vedtatt mange lover mot diskriminering, men alle desse har kome gjennom lovgjevingsprosessen for deretter å bli rettsleg prøvde. Slik er ratifiseringa av kvar av desse nye lovene på sett og vis vorte avgjort av ni høgsterettsdommarar som oftast er ekstremt høgreorienterte. Jobben deira er trass alt å oppretthalde status quo – ikkje å endre. Vi bur i ein avansert kapitalistisk stat, så vi har ulike «fridomar», men grunnleggande tryggleiksordningar blir på ny og på ny kutta.

Dette fører oss til dagen i dag. Vi har ein massiv tryggleiksstat som spionerer på verda (inkludert Angela Merkel) og på sine eigne statsborgarar. Vi har dronekrig ført hemmeleg av ein president som ikkje må stå til ansvar overfor nokon. Vi har ein stat i evigvarande krig trass i at fleirtalet blant amerikanarar er imot det. Vi har røysterett for afroamerikanarar, ein rett som blir motarbeidd over alt i Sør. I løpet av dei siste fire åra har over ein million immigrantar vorte deporterte.

Du kan ikkje ha ein permanent krigstilstand utan å ha eit militarisert samfunn. Og du kan ikkje ha eit militarisert samfunn utan undertrykkande lover og praksis: utan eit kontrollert folk. Til og med konsernmedia klagar i dag på at dette er ein av dei mest undertrykkande administrasjonane når det gjeld pressefridom.

Framleis er det 166 fangar i Guantánamo, og det er framleis ukjent kor mange andre det er som blir haldne fengsla på hemmelege stader rundt omkring i verda. Blant dei millionane som sit i amerikanske fengsel, er tusenvis haldne i isolat, noko FN stemplar som tortur. Dødsstraff eksisterer framleis, og fengselsdommar varer no jamt i fleire tiår.

Alt dette skjer i det «mest demokratiske landet i verda», slik leiarar i USA likar slå fast på ny og på ny.

Dette lyder ekstremt deprimerande.

Men som vi veit, så hender det at endring finn stad. Etter den enorme organiseringa og dei sosiale omveltingane på 1930-talet vart Sosial Tryggleik styrka og mange arbeidarlover kom til. I kjølvatnet av borgarrettsrørslene på 50- og 60-talet vart det vedtatt lover som gjorde segregering ulovleg og som garanterte røysterettane til ikkje-kvite. Rettar for homoseksuelle, kvinnerettar, rettane til immigrantane – lista er lengre – dei er alle produkt av reell og langvarig kamp.

I det han i 1987 talte i høve feiringa av tohundreårsjubileet til Grunnlova, sa den store afroamerikanske juristen og menneskerettskjemparen Thurgood Marshall:

I dette året der vi feirar tohundreårsjubileet, kan vi ikkje alle ta del i festivitetane med flaggviftande og brennande iver. Nokre kan meir roleg minnest lidingane, kampen og offera som har ført til at dei har vunne over mykje av det som var gale i det opphavlege dokumentet, og sjå på jubileet med håp som enno ikkje er realisert og lovnader som ikkje er fullførde.

I det progressive og radikale aktivistar i Sambandsstatane no organiserer for ein ny runde med sosial rørsle og protest, stoler vi ikkje på Grunnlova, men på eksempla til dei som har kjempa på grasrotnivå for verkeleg og fundamental endring.