Occupy i en overgangsperiode

Av Evan Sarmiento

2012-02

Occupy-rørsla er eit brot med venstresida. det er eit brot med at horisonten er liberalt demokrati, dogmatiske løysingar og kranglar om territorium. Occupy-rørsla har fødd eit nytt kommunistisk straumdrag, med teoretisk fundament i Paris 1968 og i Occupy-rørsla sjølv

Evan Sarmiento studerer arbeidsliv i Boston i Massachusetts og medlem av Freedom Road Socialist Organization.

Like før klokka 5 om morgonen den 10. desember 2011 vart Occupy Boston kasta ut frå leiren vår på Dewey Square. Raidet kom etter at dommar Frances A. McIntyre oppheva ei midlertidig rettsavgjerd som forbaud politiet å gjera noko med Occupy Boston. Omgrepa «leirområde», «protest» og «sivil ulydnad» er beskytta av grunnlova til USA. Delstaten Massachusetts valde likevel å sjå på omgrepet «okkupasjon» som medvite overtaking av privat eigedom.

Ironisk nok forstod rettsvesenet i Massachusetts okkupasjonen betre enn mange av okkupantane. Sjølv oppfatta dei leiren vår på Dewey Square meir som eit samlingsrop for dei 99 % enn som noko permanent. Endå meir interessant var det at delstaten Massachusetts meinte Occupy Boston ikkje kunne vera saksøkjarar ettersom kvart vitne hevda å ikkje representera Occupy Boston. Occupy Boston praktiserer flat struktur og konsensus, i tråd med heile Occupy-rørsla, og individa kunne berre representera seg sjølve

Etter utkastinga snakka eg i eit panelordskifte på Harvard med tittelen «Kva er Occupy-rørsla?». Emmanuel Telez, ein ung jurist, var ordstyrar. Vi diskuterte denne merkelege motseiinga etter møtet. Occupy Boston var så framand for staten og rettsvesenet at den ut frå lova ikkje ein gong kunne eksistera. For staten var Occupy Boston eit usynleg, traumatisk element, ei ikkje-eining som omdefinerte og overskreid dei borgarlege rettane i konfrontasjonen med staten. Nokre såg på det som «å nytta borgarlege rettar på ein ikkje-borgarleg måte»

Det vi tapte i utkastinga, var ikkje så mykje visjonen vår om å vera ustoppelege, om at ei anna verd er mogleg. Det vi tapte, var forståinga av vår heterodokse – ulikarta – stilling til staten. På Dewey Square stod vi og tok tilbake privat rom, og gjorde det om til eit politisk karneval, ein møtestad og eit senter for alle sosiale rørsler. Vi tente folket, objektivt sett. «Kost og losji»-komiteen sørga for mat og klede for om lag 200 000 dollar til heimlause familiar, ei gruppe som utgjorde ein stor del av okkupantane.

Forståeleg nok, kanskje, såg mange okkupantar på leiren som lite anna enn eit propagandastunt, ein umoden aktivitet som var mindre viktig enn å byggja ei «verkeleg rørsle». Dei var også perplekse i forsøka på å definera kva vi hadde oppnådd, og ikkje i stand til å sjå omfanget av dei ideologiske og politiske sigrane våre gjennom nesten tre månader på Dewey Square.

Det var valdsame ordskifte på allmøta våre. Occupy Boston splitta seg langs midten. Mange organisatorar og aktivistar tykte leiren var ei hindring. Dei argumenterte, med hell, for at det å halda på leiren, beskytta den mot politiet og utvida området ville vera umogleg. Dei såg for seg at Occupy Boston skulle spreia i ulike sfærar; til grupper som forsvarte huseigarar mot utkasting, til fagforeiningar og laga okkupasjonar rundt om i heile Stor-Boston. For desse var leiren eit hinder for å slå rot blant dei mest undertrykte og utbytta i byen. Kort sagt, korleis kan ein verkeleg bidra med leiarskap og organisering om ein er isolert til eit lite geografisk område.

Ein stor minoritet, som eg var del av, auste av våre hjarta og sjeler til den fysiske okkupasjonen av Dewey Square. Vi såg på det å tena folket og ekspandera forpostane som avgjerande for å lykkast med Occupy Boston og heile Occupy-rørsla. Denne trenden forstod kor viktig det Michael Hardt, Antonio Negri og Slavoj Zizek kallar ‘commons’, ‘allmenning’, er. Den felles substansen i vårt sosiale liv. Offentlege rom, husvære, mat og dei grunnleggjande behova i livet, alt dette er del av allmenninga, og bærer eksistensen vår som sosiale vesen. Det å føra ein politikk for allmenninga var ikkje ein uttalt del av Occupy Boston, men det var sentralt i Occupy Oakland. Fokuset til Occupy Oakland på eigedom skapte heite ordskifte om tenleg strategi og taktikk, om skjebnen til Occupy-rørsla og om dei kritiske manglane i vårt nyliberale, nesten dystopiske, samfunn.

Dagen før vi vart kasta ut, pakka okkupantane saman mesteparten av eigedelane våre, og okkuperte vinteren som ei desentralisert rørsle. Occupy Boston som ein antikapitalistisk leir forsvann ideologisk lenge før politiet fjerna oss. Det fanst ikkje eit djupt ynske å halda på leiren, og rørsla klarte ikkje å utvida til nye område. Sjølv om eg var skuffa over at vi ikkje forplikta oss til å halda på leiren og også over den manglande forståinga vår av kva leiren representerte, så var eg framleis optimist.

Vinteren sendte Okkupasjonen inn i hundrevis av ny område. Occupy Boston sette ned ein komité for å kjempa mot kutt i offentleg transport. Okkupasjonar kom til i mange arbeidarklassestrok og til og med ein permanent leir i det einaste offentlege universitetet i Boston, University of Massachusetts. Vi vart omfamna i aktivistmiljø og fagrørsla, men det viktigaste som skjedde var at debatten om kva slags politikk som er mogleg, vart eit nasjonalt fokus for Occupy-rørsla. Skal vi gå vidare med okkupasjonar av privat eigedom? Skal vi flytta grensene? Korleis skal vi arbeida med veletablerte grasrotorganisasjonar og fagforeiningar? Eg vil gå inn på desse spørsmåla og gje et samandrag av arbeidet vårt i desse usikre, men spanande, tidene.

Dei hurtigveksande kommunane

«Kvifor skulle ikkje kommunar veksa fram overalt? I kvar fabrikk, kvar gate, kvar landsby, kvar skule. Endeleg skal vi få eit styre av basekommunar!» Eg har alltid sett på den Usynlege komiteens The Coming Insurrection som den grunnleggjande teksten for Occupy-rørsla. Om ein vil innrømma det eller ikkje så fylgjer Occupyrørsla den strategien. Framveksten av kommunar, organisasjonar og koalisjonar etter utkastinga frå Dewey-parken nådde eit høgdepunkt, og kulminerte med mange formasjonar. Occupy Quincy, Occupy Weymouth, Occupy Somerville, Occupy Allston/
Brighton, Occupemos El Barrio (Occupy The Barrio), Occupy the T, Occupy University of Massachusetts Boston, og Students Occupy Boston.

Men: Dei mest vellukka okkupasjonane har historisk sett ikkje vore knytt til nabolag, men til ressursar. Spesielt gjeld dette Occupy Our Homes – okkuper heimane våre, og Occupy the T – okkuper transportsystemet. Desse fann måtar å knyta allmenningspolitikken i ei spreidd rørsle med å slå djupe røter blant dei utbytta og undertrykte.
I 2007 kollapsa bustadprisane i USA samstundes med ein generell økonomisk nedgang. Mange huseigarar endte opp med å ha huslån som var langt høgare enn verdien av huset. Både nedgangstidene og eigedomsbobla låste huseigarar i ein uhaldbar situasjon. Mange var arbeidslause eller tente for lite, og kunne korkje betala ned lånet eller selja huset. Mellom 2007 og 2009 vart 2,5 millionar heimar tvangsselde. Bustadkrisa var verst for farga. Nesten 8 % av afrikansk-amerikanarar og latinoar har mista heimane sine, mot 4,5 blant kvite.

I min stat, Massachusetts, reknar Massachusetts Alliance Against Predatory Lending med at det i nokre område er over 50 % av huseigarar som lånte pengar det siste tiåret, som ikkje klarer å halda hovudet over vatnet økonomisk. Desse områda er hovudsakleg befolka av farga. Lynn er ein av dei mest ueinsarta byane i Stor-Boston, og har mista mange av innbyggjarane sine på grunn av tvangssal. MAPL reknar med at tvangssal kostar Massachusetts opp mot 4,1 milliardar dollar kvar månad.

Akkumulasjonen av kapital i USA held fram trass i krisa, ikkje ved produksjon men ved ekspropriasjon hovudsakleg frå den farga arbeidarklassen. Den britiske marxistiske geografen David Harvey kallar dette «akkumulasjon ved fordriving». I denne situasjonen har Occupy ein spesiell og umiddelbar politisk rolle. Organisasjonar som City Life/Vida Urbana i Boston har organisert militante forsvar av heimar og okkupasjonar i eit tiår. Framveksten av Occupy har styrka og endra dette arbeidet, mellom anna med mobile lenkegjenger som forsvarer heimar, og innimellom gjer om tvangsselde heimar til basar for møte og allmøte. 7. desember 2011 i New York, til dømes, deltok over 400 i å gjenokkupera eit tomt hus, og gje det til ei heimlaus familie. Okkupantane pussa opp, fjerna mugg og reparerte huset.
I Boston ynskjer transportselskapet MBTA å auka prisane på T-bane og buss med 43 %, kutta line E i helgene, og kutta tilbodet til forstadene. MBTA reknar med at desse endringane vil råka mellom 9 og 13 % av brukarane, der ein stor del er farga bydelar som mister kveldsruter og rutetilbod i sine nabolag.

Occupy Boston, saman med T-Riders Union, hadde ein demonstrasjon ved hovudbiblioteket i Boston 13. februar. Demonstrasjonen samla over 500, med ein stor del elevar frå vidaregåande skule. Etter demonstrasjonen gjekk dei og fylte ei offentleg høyring om kutta i MBTA.

Det som er nytt her, er ikkje kampen mot kutt i offentlege ordningar, men samarbeidet mellom grupper som tidlegare ikkje hadde mykje med einannan å gjera. Grasrotgrupper som A.C.E. (Alternatives for Community and Environment), The Boston Carmens Union and Occupy the T arbeidde godt saman, med motseiingar, og hadde ei vellukka kampanje. Denne nye samla blokken av sosiale krefter – organisatorar, arbeidarar og okkupantar – er det som gjer denne overgangsfasen så unik. Men, som med ein kvar slik sosial blokk kjem motseiingane fram og revirtenkinga tek over for solidariteten. Eg vil nytta eit døme frå vestkysten for å syna kva utfordringar vi står andsynes. Occupy-rørsla søkte samarbeid med den historisk sett militante hamnearbeidarfagforeininga ILWU, International Longshore and Warehouse Union.

Okkuper fagrørsla

Black Orchid Collective, svart orkidé-kollektivet, er et kommunistisk kollektiv innanfor Occupy Seattle. Dei har slagordet «fagorganiserte og dei 89 % -stå saman». I USA er det bere 11 % av arbeidarane som er fagorganiserte. Dei gjenverande 89 % er i svært fleksible,  usikre jobbar, og er til vanleg ikkje representerte av fagrørsla. Som fylgje av dette er det to tilnærmingar til arbeid med fagrørsla i Occupy-rørsla. Den eine tilnærminga, som er typisk for Boston, er å sameina okkupasjonane som eit tilskott til fagrørsla, og arbeida med krefter som Jobs with Justice, Community/
Labor United, the Massachusetts Nurses Association og Service Employees International Union. Ei anna tilnærming, som Occupy Oakland er eit døme på, sameinar ikkje berre fagorganiserte arbeidarar, men også massen av andre arbeidarar og arbeidslause, ei kraft som historisk sett ikkje har vore nytta.

Den 2. november 2011 stengte Occupy Oakland hamna i Oakland, med atterhalden aksept frå fagforeiningstoppane og sterk støtte frå grunnplanet. Den 12. desember gjekk Occupy Oakland og Occupy Seattle i lag med Occupy-grupper i andre byar på vestkysten for å stengja dei respektive hamnene sine. Kravet var at EGT, eit multinasjonalt shipping-selskap, skulle slutta med forsøka på å tilsetja uorganisert arbeidskraft i Longview hamn i Seattle, og slik sett få uorganisert arbeidskraft inn i ein organisert arbeidsplass. Sjølv om ein fekk stengt hamnene førte stengingane til mykje usemje. På ei samling før hamnestenginga kravde eit medlem av ILWU at Occupy Seattle ikkje skulle blokkera hamna, ettersom ILWU sentralt ikkje støtta det. Mange i Occupy-rørsla såg på hamneblokadane som adventuristiske og som brot på retten fagforeiningane har til å styra sitt eige felt, men dei oversåg samstundes alle grunnplansaktivistane frå ILWU som var involvert i kampanjen frå starten av. Ein okkupant på samlinga sa: «Eg vaks opp i ‘hood’en og fagførsla var der aldri for oss, det minste de kan gjera no er å støtta blokaden vår.» Dette seier svært mykje om Occupy-rørsla.
I arbeidet mitt med Occupy Boston såg eg dei forskremte ansikta til folk i NGOmiljøet og fagrørsla då Occupy Boston tok ei uavhengig retning, og byrja arbeida med saker NGOane rekna som «sine». Det er svært viktig at Occupy ikkje berre vert eit haleheng til fagrørsla og demokratane. Vi må ha Occupy for Occupy, ikkje for å fylla opp andre kampanjar med kjøtvekt.

Styrken til Occupy-rørsla ligg ikkje berre i kampen mot dei 1 %, men i endå større grad i den utilsikta deterritorialiseringa av revolusjonen. Occupy-rørsla har brote ned grensene mellom lokalsamfunn og fagrørsle, mellom bustadskamp og utdanningskamp. Etablerte organisasjonar, sjølv dei med ei radikal historie som IWLU, må handskast med ei ny sosial rørsle av ikkje berre organiserte arbeidarar, men også arbeidarar som ikkje har noko å mista. Arbeidarar som er ghettoisert, arbeidslause, midlertidig tilsette, nasjonalt undertrykte, og som historisk har sett lite til solidaritet frå fagforeiningane. Hamneblokadane på vestkysten var ikkje berre ein solidaritetsstreik, men ein politisk streik frå dei 99 % mot rasisme, fattigdom og politivald.

Den teoretiske oppsummeringa frå Oakland Commune av aksjonane ser hovudsakleg på leiarrolla til dei utrygge, uorganiserte arbeidarane. IWLU klarte ikkje på eiga hand å forhandla med EGT. Den tradisjonelle streiken viste seg å ikkje vera effektiv. Men, som Oakland Commune merka seg, det å forstyrra varedistribusjonen og taktikken med mobile blokadar var effektivt! Occupy-rørslene på vestkysten stengte ikkje berre ned hamnene i dei respektive byane sine, men også sjølve by-funksjonane. Dette stadfesta teorien til Oakland Commune om at ein streik ikkje lenger kan karakteriserast med å halda tilbake arbeidskraft, men ved å avbryta flyten av kapital. Alain Badiou, ein fransk post-maoistisk filosof, hevdar at politikk er å grundig knyta opp alle band. Og er det ikkje slik at Occupy-rørsla i sine eksperiment med nye former for solidaritet og organisering eksemplifiserer krisa i alle etablerte band, spesielt i formen for fagforeining vi kjenner? Politikken til Occupy løyste opp grensene mellom fagforeiningar, lokale organisasjonar, partia på venstresida, og smidde ein folkeleg og frivillig disiplin. Dette tyder ikkje at eg er mot desse gruppene eller fagforeiningane. Tvert i mot, handlingane våre må styrkja grunnplanet der det er mogleg.

Det eg vil kritisera, er vektlegginga av «respekt». Respekt er i seg sjølv ikkje solidaritet. Solidaritet går begge vegar, og ein ukritisk, underdanig respekt for etablerte organisasjonar kan ikkje vera grunnleggjande for frigjerande politikk. Det er ikkje det same som å seia at Occupy-rørsla er utan skuld eller politisk moden, men Occupy har avdekka og overkome avgrensingane til venstresida i USA. Desse avgrensingane kjem likevel til syne i Occupy-rørsla sjølv, ikkje berre i tilhøvet til andre sosiale krefter, men også i måtane å forstå ikkje-vald på.

Vald og ikkje-vald

Occupy-rørsla vart starta som uttalt ikkjevaldeleg. 1. desember på Dewey-plassen vart ikkje-vald og vald blanda med einannan. På det tidspunktet kunne vi ikkje vaska opp i leiren. Det var slaget om oppvaskkummen.
Boston kommune ville ikkje tillata noko utstyr inn i leiren som trong straum og varmt vatn. Logistikk-komiteen bygde ein sereigen vask. Denne vasken var, vil eg hevda, magisk. Den nytta store vasstankar og gjenbrukte skittent vatn i eit stengt kretsløp. I tråd med restriksjonane politiet måtte arbeida etter, kunne dei ikkje fjerna noko utstyr frå leiren som ikkje braut med reglane. Logistikk-komiteen bar stolt inn super-vasken inn på allmøtet den 1. desember, men vart stoppa av to politifolk.

Hendinga var typisk for forvirringa rundt ikkje-vald. Ein av leiarane i logistikkkomiteen gjorde ein mic-check, og forsikra politiet om at vi ikkje er valdelege, og bad oss til og med ta eit steg tilbake, mens vi omringa vasken. Han bad politiet grunngje kvifor dei konfiskerte vasken, og kravde å snakka til ein høgare offiser. På det punktet, medan vi framleis var forvirra og desorganiserte, slengte politiet vasken inn ei vogn. Nokre av oss prøvde å koma i stilling og omringa vasken, men politiet trakka over oss og skadde nokre av oss.

Vi samla oss raskt rundt vogna. Nokre okkupantar fornærma politiet, vart aggressive, og ropte «Fuck the police» eller alternativt, «Vi vil ta oppvasken!». Gruppa splitta seg. Nokre stod på sidelinene og ropte at vi var valdelege i ord, at vi var valdelege for å prøva og slå ring om vasken vår, og føysa politiet unna. Det var ein tydeleg splitt i rekkjene våre.
Vi tok opp att allmøtet, med vasken vekke. Båe sider gjekk opp til mikrofonen. Nicole K Sullivan, ei ung dame som hadde vore aktiv i Occupy Boston sidan starten, hadde eit sannferdig og rørande bidrag: «Korleis kan kroppen min og røysta mi vera vald? Kroppen min og røysta mi er det einaste eg eig. Korleis kan du fornærma meg og splitta oss for å bruka det?»

Nyleg har spørsmålet om vald kome attende. I januar prøve Occupy Oakland å sikra seg ein ny møtestad ved å marsjera til eit aude konferansesenter. Okkupantane var betre budde etter systematiske politiovergrep, og hadde med seg skjold. Nokre såg på det å bruka skjold som ei valdshandling eller som politisk umodent, men dei må ha gløymt at krigsveteranen Scott Olsen nesten døydde etter at eit politiprosjektil trefte ham i hovudet. Oakland-politiet gjekk til åtak på okkupantane med gummikuler, tåregass og mace. Nokre okkupantar kasta steinar tilbake, og anarkistar storma og vandaliserte rådhuset. Dette fekk Chris Hedges, ein velkjent liberalar som støtta Occupy-rørsla, til å kalla alle radikalarar og anarkistar for ein «kreft i rørsla». Linene vart trekte. Mange var samde med Chris Hedges. Men: Samanlikna med den hyppige volden og trakasseringa i undertrykte lokalsamfunn, samanlikna med det daglege strevet til dei 99 % for å overleva, kva er nokre steinar og knuste ruter?

Occupy-rørsla i Oakland, som i Boston, gjekk frå å vera altruistisk pasifistisk, der ein til og med såg på skjellsord som vald, til å forsvara seg sjølv og det å kasta stein på politiet. Kvifor? Occupy-rørsla såg meir eller mindre på politiet som del av dei 99 %. Etter å ha sett kva politiet faktisk gjer, hadde ikkje lenger tanken om at politiet skulle vera del av dei 99 % nokon kredibilitet. Eg ville aldri karakterisert handlingane til Occupy Oakland som ultra-venstre. Dei er absolutt splittande, ved at dei avdekkjer motseiingane blant dei 99 %, og opnar opp for ein «kamp mellom to liner», men dei var også på tide. Det er framleis problem med ultravenstrisme og eventyrisme i Occupy som er langt meir viktige enn nokre knuste vindauga eller politiuniformar merkte av steinar.

Ein lokal debatt

Eit vanskeleg ordskifte braut ut i Boston innanfor ei kvinnegruppe i desember, etter at vi vart kasta ut. I tida i leiren hadde overgrepsmenn på nivå 3, dei som er mest tilbøyelege til å gjera valdelege, seksuelle brotsverk, sett opp telt på Dewey Square og gått til åtak på kvinnelege okkupantar. Responsen frå Occupy-rørsla var heller treig. Kvinnegruppa forsøkte å få vedteke å stengja ute alle nivå 3 overgrepsmenn frå Occupy Boston. Dette vart blokkert av ei gruppe menn på allmøtet. Heile kvinnegruppa storma ut. Der eg ikkje vil seia at streikane og okkupasjonane til Occupy Oakland var symptom på «ultravenstrisme», meiner eg dette vedtaket i Boston var det, og at det illustrerer problema som ligg i horisontalisme og konsensus der privilegerte individ med mannskropp kan underminera arbeidet til kvinnene.
Framlegget til vedtak om å stenga overgriparane ute, var nok ikkje mogleg å handheva. Det ville ikkje vore mogleg og heller ikkje fornuftig å gjera ein sjekk av rullebladet til kvar einaste person som deltok i Occupy Boston. Denne praktiske innvendinga var likevel ikkje hovudinnvendinga mot framlegget.

Mange i Occupy-rørsla såg på å stenga overgriparar ute som statisme. Dei såg på det som motivert av å kunne bringa politi og rettsvesen inn i rørsla, og kritiserte nemninga «nivå 3 seksuelt overgrepsmann» som ei tilfeldig merkelapp sett på individ av ein gjennomkorrupt statsmakt. Mange anarkistar og antikapitalistar såg på staten, heilt udialektisk, som ein monolittisk undertrykkjande eining. «Staten er lik undertrykking», noko som er sant, men som ikkje tek opp i seg forståinga av at staten sjølv endrar seg som resultat av folkelege rørsler som borgarrettskampen og kvinnerørsla. Dei såg på karakteriseringa av overgriparar som praksisen til ein stat som kriminaliserer borgarane, heller enn som eit resultat av kvinnekampen.

I USA vert ein av fem kvinner valdtekne. Utsegna frå kvinnegruppa var ikkje meir enn eit krav om respekt og tryggleik, noko som gjekk tapt i tankane til radikale antikapitalistar og anarkistar som ofte går seg bort i forsøk på ideologisk reinskap. Det er verkeleg ultravenstrisme i Occupy-rørsla, ein fare som er langt større enn den såkalla ultravenstrismen til black bloc eller tilfeldige og uunngåelege åtak på eigedom. Kampen mellom to liner i Occupy-rørsle
Overgangsfasen har fått nokre nøkkel-motseiingar i Occupy-rørsla fram i lyset. Skal rørsla okkupera for seg sjølv, eller skal ein vera eit vedheng til tidlegare etablerte organisasjonar? Skal vi halda fram med å overta eigedom, militante aksjonar og utvikla nye former for politisk organisering, eller skal vi oppretthalda oss sjølve som spreidd og symbolsk protest?

Nokre kameratar er fast bestemte på å «okkupera venstresida», men eg er usamd. Occupy-rørsla er eit brot med venstresida. Det er eit brot med at horisonten er liberalt demokrati, dogmatiske løysingar og kranglar om territorium. Occupy-rørsla har fødd eit nytt kommunistisk straumdrag, med teoretisk fundament i Paris 1968 og i Occupyrørsla sjølv. Black Orchid Collective i Seattle og Oakland Commune er eksempel frå vestkysten. I Boston arbeider ein ny kommunistisk gruppe, Red Horizon, som prøver å stilla spørsmål heller enn å lata som dei har alle svara.
Occupy Communist Current har nyleg dukka opp, og har gjort svært viktige teoretiske og praktiske bidrag til kampen, frå ei forståing av streik som restriksjon av kapitalsirkulasjon til behovet av å byggja kommunar overalt. I USA ser kommunistar ofte behovet for gjenoppbygging av den kommunistiske rørsla både teoretisk og praktisk. Vi ser no ei gjenoppbygging som ikkje kjem frå samanslåingar eller konferansar, men frå nye forsøk med politisk arbeid innanfor ei masserørsle med nye og spanande karakteristikkar.

Konklusjon

Occupy-rørsla er no karakterisert av utspreiing, av stadig nye kommunar og koalisjonar, og djupe, splittande ideologiske konfliktar. På den eine sida ser ein ikkje på Occupy-rørsla som noko anna enn ein pressgruppe eller eit vedheng som skal veva sine trådar av kamp inn med meir dominerande organisasjonar som AFL-CIO eller det demokratiske partiet. På den andre sida ser ein på Occupy-rørsla som ein distinkt okkupasjon, som praktiserer politikken til allmenninga, reapproprierer offentleg rom, tener folket, og gjer mange feil undervegs.
I denne overgangsfasen har eg og dei fleste andre av oss opplevd å bli forvirra og å mista retninga, men vi har brakt Occupyrørsla djupare inn i kvardagslivet til folk frå arbeidarklassen. Spreiinga av Occupy til ulike stader, inn i spørsmålet om offentleg transport og til og med inn i heimane til folk har sementert ein ny allianse av krefter som er villige til å delta, også når vinteren er over. Vi er framleis på byrjinga av byrjinga og med nytt klårsyn og evne til å gå i mot sterke politiske overtydingar innanfor dei 99 %. Eg er overtydd om at dette vil verta ei permanent rørsle.

 

(Artikkelen er oversatt av Magnus Bernhardsen)