Det urbane verdivenstre ryddar vegen for FrP

Av Erling Folkvord

2007-02A

Eg veit ikkje kven som først tok i bruk ordet «FrP-koden». I dagsavisene synst eg det går inflasjon i bruken av uttrykket. Men den vesle boka Folkepartiet? inneheld heldigvis artiklar som går litt djupare enn berre å gruble over dette mystiske eller mytiske ordet.

Folkepartiet?
Av Håvard Nilsen, Bernt Bull, Magnus Marsdal, Ottar Brox, Øystein Rian, Chr. Anton Smedshaug, Marte Nilsen.
Utgitt av Res publica/Forlaget Aktuell, 2007. 136 sider.


Bernt Bull, som vaks opp på vestkanten i Oslo og som i mange år var gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Oslo bystyre, peiker på ein årsakssamanheng som partisekretær Martin Kolberg sjeldan snakkar om.

«I en e-post til Arbeiderpartimedlemmer i desember 2006 avviser Kolberg fullstendig og totalt de sosiologiske dimensjoner når det gjelder FrP,» skriv Bull og meiner det er grunn til å få med seg sosiologiske dimensjonar i vurderinga av Arbeidarpartiet og. Bull, som har arbeidd med samferdselspolitikk for Ap i Oslo i over 30 år, er lågmælt i kritikken av sitt eige parti, men det går an å lese litt mellom linjene og. Han skriv at Ap har «fått en politisk elite, som i stor grad har røtter i lavere middelklasse, med en sterk ’medfødt’ drive for sosial mobilitet, og som oppfatter seg selv som likeberettiget med det klassiske arbeiderpartimedlem. Samtidig flagger den uhemmet sin sosiale vellykkethet. Dette til forskjell fra den gamle overklasse/øvre middelklasseeliten i Arbeiderpartiet, som var seg bevisst sin manglende representativitet og så seg selv mer som folkets tjenere enn som dets ledere.»

Bull er diskré og nemner korkje Trond Giske eller andre med namn. Han meiner «problemet er at dette inntrykket av en sosialt dynamisk gruppe som nå dominerer Arbeiderpartiet, blir forsterket hver dag av Noveau Riche-takter (fransk ord for ny-rike) som spektakulære fødselsdager og moteshow.» Bull avsluttar slik: «Et viktig svar på koden ligger derfor dessverre i Arbeiderpartiet selv.»

Magnus Marsdal går djupare inn på det som Bull peikar ut som medverkande årsak til auka oppslutning om FrP. Han gir oss eksempel frå utviklinga i USA, Danmark og Norge, og oppsummerer: «Som i resten av Vesten, vender arbeiderne i Norge venstrpartiene ryggen fordi venstrepartiene har vendt ryggen til arbeiderne. Som i resten av Vesten, er det ytre høyre som raker inn gevinstene når den såkalte venstresida skyver alle ord som kapitalisme, klassekamp og arbeidermakt under teppet for å få plass til å fylle det politiske rommet med ’globalisering’, ’individualisering’ og ’nettverk’. Ingen bruker disse ordene oftere enn det urbane verdivenstre, som forlenger tradisjonen etter Bygdøys store datter Gro Harlem Brundtland: Knefall for Høyre i økonomisk politikk, kompensert med kraftfull verdimobilisering,»

Marsdal gir oss konkrete eksempel frå valkampen 2005 som viser korleis både Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen har gjort sitt for å leggje vegen åpen for FrP.

Eg trur dei eksempla Marsdal trekker fram, kan vere nyttig for nokon kvar. Eitt av dei mest ekstreme utsagna han trekker fram er frå ein leiarartikkel redaktør Steinar Hansson (1947–2004) skreiv i Dagsavisen i 2000: «Ved neste valg burde vi få anledning til å velge et nytt folk. Det vi har, er blitt pinlig å skilte med.»

«Lær av Australia» er titelen på bidraget frå Ottar Brox. Men han og er innom dei same heimlege forholda som Bull og Marsdal skriv om. Brox hevdar at: «Hagens politiske motstandere, enten de er høyre- eller venstreorienterte, konfronterer ham aldri med konsekvensene av hans prinsipielle arbeidsmarkedspolitikk, kanskje fordi de i praksis er lite uenige med ham?» Sjølv hugsar eg korleis RV i åra 1993–1997 var einaste opposisjon i Stortinget mot den såkalla «arbeidslinja» og mot den Thatcher-inspirerte linja med såkalla målretta tiltak (targeting) istadenfor ålmenne velferdsordningar.

Forfattarane i denne boka skriv som om RV ikkje har eksistert i norsk politikk, bortsett frå at Bull nemner at RV og Anders Langes parti første gongen vart vald inn i Oslo bystyre i 1975. Eg trur likevel det nystifta partiet Raudt har ein del å lære av kritikken fleire av forfattarane rettar mot Ap og SV. Det er ei dødslinje å leggje seg tett opp til desse to partia. Eit arbeidarparti kan ikkje vinne oppslutning utan sjølv å ha ein politikk som gir svar på dei viktigaste spørsmåla arbeidsfolk slit med. Overflatisk kritikk av FrP vil i seg sjølv ikkje gi oppslutning til andre enn nettopp FrP.

Elles er det bra å bli minna om at apartheidregimet i Sør-Afrika i dei første åra var ein viktig bidragsytar til det som i dag er partiet til formann Siv Jensen. Partistiftar Anders Lange skreiv i 1963 at «alle som går inn for sort flertallsstyre i Syd-Afrika er forrædere av den hvite rase». Som svar fekk han pengar frå apartheidregimet. Håvard Nilsen minnar oss om at Echel Rhoodie, som arbeidde i det sør-afrikanske informasjonsdepartementet, i 1983 fortalde korleis forløparen til Fremskrittspartiet vart finansiert: «Vi finansierte Langes parti slik at de kunne lansere en ukeavis. Deretter gav vi dem mer penger slik at han var i stand til å kjøre en brukbar kampanje i valget samme år. (…) Til vår store forbauselse – noe vi delte med resten av Norge – endte vi opp med et politisk parti med fire representanter i Nasjonalforsamlingen. (…) Det var en operasjon som virkelig gledet (statsminister) Vorster.» Denne informasjonen om finansieringa av startfasen til det som er Norges nest største parti, er henta frå sjølvbiografien til Echel Rhoodie. I Norge vart opplysningane om finansieringa av 1973-valkampen publisert i Verdensmagasinet X i 2003. Men det skader så visst ikkje at dette blir gjentatt.

 

Av Erling Folkvord