Hisham Bustani er ein jordansk politisk aktivist og skribent. Han har vore medstiftar for Forum for sosialistisk tenkning og andre politiske initiativ i Jordan. Han argumenterer for å bygga ein felles arabisk identitet over dei kolonialistiske landegrensene i den arabiske verda. Bustani har også publisert tre novelle-samlingar på arabisk.
Omsett frå engelsk av Ingrid Baltzersen.
Det er ingen reell klassedanning i moderne arabiske samfunn. Den post-koloniale arabiske «staten» er eit politisk og økonomisk katastrofeområde som enno ikkje har gått inn i den industrialiserte tidsalderen. Skiljer og oppsplitting har blitt innført og forstørra, noko som har resultert i deformering av dei sosiale banda. Det har endra dei kollektive sjølvberga samanslutningane som har vore økonomisk basert på jordbruk og beite på landsbygda, plyndring og beite i ørkenområda, og handel, handverk og småindustri i byane. Kvar sosiale gruppe hadde sine eigne tradisjonar og reglar som gjaldt alle medlemmer. No har ein fått misdanna sosiale formasjonar basert på konsum i staden. Dei kjem i form av familie, klan, sekt eller etnisitet for å gje identitet, solidaritet og beskyttelse.
Desse sosiale formasjonane eksisterer i periferien av ein globalisert servicesektor, og er styrt av regime som i stor grad har øydelagt lokal økonomi i bytte mot ein økonomisk modell basert på utanlandsk bistand. Dette er ein modell avhenging av dei store selskapa, basert på serviceindustri, som gjer alt om til varer. Herskarklassen er representanten for dei transnasjonale selskapa, ein kompradorformasjon med interesser som står i mot lokal industrialisering og produksjon. I land der naturressursar er i overflod, har myndigheitene vald å eksportera råvarer i staden for å investera i å produsera varer med dei. I staden blir pengar trekt ut gjennom korrupsjon, og delar av det blir redistribuert tilbake til folk gjennom «gåver» frå den velgjerande herskaren.
Det er vanskeleg å identifisera eit klasseskilje basert på interesser eller motsetningar. Me finn ei veldefinert herskarklasse vanlegvis basert på statsleiaren, nære allierte og slektingar, businessfolk som representerer utanlandske selskap, og høgareståande sikkerheitspersonell (vanlegvis er alle involverte i den same veven av korrupsjon). Under ligg ei vagt definert middelklasse som består av profesjonsutdanna, og folk som er tilsette i service-sektoren. I tillegg finst eit forarma lag av dagsarbeidarar, handverkarar og ufaglærte arbeidarar. På botn finn ein dei arbeidslause, under sterk påverknad av lojalitet til stamme, religion, sekt og etnisitet.
Privatisering av offentleg sektor og opning av marknaden for utanlandske investorar har kvelt det litle av lokal produksjon som fanst. Når staten ikkje har noko anna å leve på enn ei stadig aukande skattlegging av varer og tenester og inntekt, har meir og meir av middelklassa falt ned i fattigdom i mange arabiske land.
Den viktigaste medisinen regima har bruka mot denne situasjonen, er å sprøyta små mengder gode og pengar inn i område der det var potensiale for protest, men ikkje meir enn at det så vidt haldt dei under terskelen for å eksplodera. Dette har blitt gjort gjennom å distribuera noko av oljepengane (i dei oljeproduserande landa) eller noko av dei utanlandske bistandspengane, og å distribuera gode gjennom «prosjekt». Denne mekanismen var effektiv lenge, og nøytraliserte folkeleg protest fram til den globale økonomiske krasjen i 2008 og den påfølgjande kollapsen av den nyliberale økonomien.
Viss det var ein enkelt katalysator for dei arabiske opprøra, så var det den globale kollapsen av pengemarknadane, og sjokkbølgjene som blei sendt verda rundt som følgje av den.
I den arabiske verda sendte sjokkbølgjene gradvis fleire utdanna ungdommar ut på gatene som arbeidslause, forarma og desperate individ. I tillegg blei rommet for opprør forma av inndraginga av politiske rettar (og dermed inndraginga av ei framtid), den enorme audmjukinga dei følte av sjølvkjensla si, kombinert med relativt frie og usensurerte nye verktøy for kommunikasjon.
Den ikoniske Mohammad Bouazizi, som sette i gong kjedereaksjonen i Tunisia, hadde alle elementa nemnt over. Han var eit utdanna, ungt og forarma individ som blei fornærma av ei politikvinne, som konfiskerte grønsaksvogna han dreiv handel frå utan lisens. Det at han sette fyr på seg sjølv, sendte eld gjennom det tørre graset i Tunisia og den arabiske verda. Dei desperate middelklasseungdommane i Egypt var initiativtakarane for 25. januar-opprøret, mens det var den utarma landsbygda som sette i gong opprøret i Syria.
Opprør eller revolusjon?
Viss me raskt ser på modellane frå den franske revolusjonen i 1789 og den russiske revolusjonen i 1917, finn me tre karakteristiske fundament dei er baserte på. For det første: Revolusjonar oppnår fullstendige økonomiske og sosiale endringar, og flyttar samfunnet frå ein tidsalder til ein annan (føderalistisk til borgarleg i Frankrike, føderalistisk til sosialistisk i Russland).
For det andre: Revolusjonar er innleia av teoretiske og filosofiske diskursar generert av avantgarde-filosofar og tenkjarar som reflekterer interessene til den oppstigande klassen eller gruppa. Desse diskursane fremjar framtidsvisjonar, løysingar, oppfatningar, spådommar, strukturar, verdiar og så vidare. Revolusjonane er deretter basert på dei, eller forsøker å gjennomføra dei (visjonane til Rosseau, Montesquieu, Voltaire og andre i Frankrike, visjonane til Marx, Engels og Lenin i Russland).
For det tredje: Det er ei revolusjonær klasse eller ei revolusjonær gruppe (eller parti) som stemner mot å oppnå klasseinteresser, eller fremjar den filosofiske diskursen som krevjar ein materiell eksistens uttrykt sosialt av klasseinteresser.
Desse kjenneteikna finn ein ikkje i dei noverande arabiske opprøra. Framtida kan bringa noko anna når det gjeld punkt ein, men det andre og tredje punktet gjeld absolutt ikkje.
Vidare så er ein revolusjon driven av klasseinteresser eller ideologien til eit revolusjonært parti, mens eit opprør er drive av sinne og frustrasjon. Ein revolusjon presenterer eit omfattande sosialt, økonomisk og politisk program for endring, som er gjennomtenkt og basert på filosofiske diskursar. Eit opprør har ikkje eit slikt program, og har ingen filosofisk diskurs. Ein revolusjon har ei ledande klasse og eit ledande parti, mens eit opprør har ikkje noko klart leiarskap.
Det me opplever i den arabiske verda, er fleire generelle opprør. Dei kan utvikla seg og modna til å bli revolusjonar, dei kan falla tilbake, og dei kan oppleva tilbakeslag, men me bør ikkje ha alt for store forhåpningar. Det avgjerande skrittet framover er oppnådd: Folk i den arabiske verda har reist seg mot sine korrupte og undertrykkande regime. Opprøret deira har blitt skrive i blod. Det er ingen veg tilbake. Desse opprøra er no rissa djupt inn i medvettet til folk, og dei vil ikkje bøya seg for framtidige undertrykkarar, kven dei no blir. Men fram til no har me ikkje sett ein fullstendig arabisk revolusjon.
Ettersom dei arabiske opprøra ikkje var klassebaserte, ikkje har nokon filosofisk ryggrad, og manglar eit revolusjonært parti til å driva momentum mot ei definert sosioøkonomisk og politisk endring, så var grunnlaget lagt for framveksten allereie eksisterande trendar med eit vesentleg omfang, hovudsakleg dei Muslimske Brørne og andre islamistiske rørsler.
Historisk har politisk islam tent som ein nær alliert til dei arabiske despotiske regima, spesielt på 1950- og 60-talet då det blei bruka som ein reiskap for å konfrontera den pågåande auka i nasjonalistiske og venstreorienterte rørsler. I Jordan blei for eksempel islamistane tilletne å få fortsetta med legal aktivitet i perioden med unntakslovar (1957–1989), mens alle andre parti blei gjort illegale. Dei blei tilletne å etablera institusjonar, foreiningar, bankar, sjukehus, skular, universitet, og eit stort nettverk av sosiale støtteorganisasjonar, i tillegg til at dei leiar fredagsbønnen, og har aktivteter i viktige offentleg institusjonar som Utdanningsdepartementet. Salafistørsla blei fullstendig oppfostra og støtta av USA og deira servile alliert Saudi Arabia under den kalde krigen. Den blei primært bruka i Afghanistan mot Sovjetunionen, og seinare spreidd verda rundt.
Først når dei islamistiske gruppene vaks seg for sterke til å bli manipulert av myndigheitene og blei ein potensiell trussel, så forsøkte regima å gå mot dei, utan hell.
Dei Muslimske Brørne i Irak (Det islamske partiet) tok del i USAs okkupasjonsregime som var leia av Paul Bremer. Det fortsatte også å delta i dei irakiske marionettemyndigheitene som blei sett opp under okkupasjonen. Leiaren i partiet, Tariq al-Hashemi, var visepresident. I Syria blei dei lokale Muslimske Brørne med i ein koalisjon med tidlegare visepresident Abdul- Halim Khaddam, ein provestleg syrisk renegatpolitikar. Den tidlegare leiaren frå dei Muslimske Brørne i Egypt, Abdel Moneim Abul Fotoh (som stilte som presidentkandidat etter Mubaraks fall), hadde ikkje noko problem med å erklæra at Muslimbrørne ville respektera alle internasjonale avtalar signerte av dei egyptiske myndigheitene, og at dei aksepterer Israels rett til å eksistera. Hamas (dei Muslimske Brørne i Palestina) deltok i valprosessen på Vestbreidda og Gaza basert på Osloavtalen, og etter at dei vann og tok over styringa i Gaza, har dei erklært mange gonger at dei vil akseptera ein palestinsk stat innanfor 1967-grensene. På den måten aksepterer dei legitimiteten til «Israel».
Eg har så langt tilbake som i 2007 skrive grundig på arabisk om at det at dei arabiske regima sitt angrep på islamistane er eit resultat av at dei oppfattar at islamistane blir mektigare. Islamistane presenterer seg sjølv til USA og Europa som eit potensielt meir effektivt alternativ til dei sittande regima. Arabiske regime fryktar at den ytre faktoren vil vera avgjerande, så dei har stadig PR-kampanjar mot islamsk ekstremisme, intoleranse, terrorisme osv. Dei arabiske regima var redde for den dagen islamistane vil ta deira plass, med velsigning frå USA og Europa. Dagen kom, men den ytre faktoren hadde lite med det å gjera.
Etter opprøra – islamistane tar over makta
Det islamistiske valskredet i vala som følgde opprøra, kom ikkje som eit resultat av nokon medviten vilje om det i opprøra, men det var likevel den logiske konsekvensen.
Når eit regime fell utan eit revolusjonært alternativ, vil den politiske krafta som tar makta, vera den som er mest organisert, mest opportunistisk og mest akseptert av verdsmaktene.
Ein av hovudfaktorane som førte til islamistisk vekst, var tiår med sponsing av politisk islam frå USA og dei arabiske regima. Dei tillet dei å veksa seg sterke, mens andre, progressive, strømmingar blei undertrykte under fana «kampen mot kommunismen». Til og med «krigen mot terrorisme» og det underliggande teoretiske grunnlaget («kampen mellom sivilisasjonane») styrka islamistiske strømmingar ytterlegare. Den gjorde det mogleg for dei å styrka den sosiale oppslutninga si gjennom å skapa ei propagandadriven identitetskrise, der løysinga blei ein mekanisk, defensiv, tilbake-til-røtenereaksjon.
Etterspelet: Eit steg fram eller tilbake?
Eit år etter dei arabiske opprøra er det generelle inntrykket i Egypt at regimet framleis held på makta. Først gjennom Øvsterådet for dei væpna styrkane (SCAF), seinare gjennom regimet leia av Den muslimske brorskapen. Den katastrofale undertrykkinga militæret, med støtte av Muslimbrørne, hadde av demonstrasjonane nær innanriksministeriet i januar 2012 vitnar om at dei held ved roret. For egyptiske revolusjonære så har ingen av måla dei har ønskja, blitt oppfylt enno.
Islamistane kom til makta gjennom val i både Tunisia og Egypt, og dei ville truleg vinna liknande val i Syria. Islamistane i Egypt støtta SCAF mot demonstrantane perioden før presidentvalet. Egyptiske, tunisiske, irakiske og marokkanske islamistar har allereie begynt å undertrykka fridomar, spesielt når det gjeld kultur og media.
Men dette betyr ikkje at opprøra var eit steg tilbake. Tvert i mot, det å bryta forbanninga frykta har skapa, det å innsjå folkets makt, å fryktlaust ta til gatene og velta langvarige diktatorar, det å betala prisen med blod for frigjering, verdigheit, grunnleggjande rettar, sosial rettvise og politisk deltaking har brote fortidas lekkjer. Det vil bli innbygd i den kollektive medvetta til folk i mange generasjonar framover. Erfaringa er uutsletteleg i eit historisk perspektiv, og folk vil reisa seg igjen i møte med ein framtidig undertrykkar, det vera islamistar, NATO eller militærapparatet. Fridom oppnådd ved blodoffer, er vanskeleg å overvinna.
Det at me enno ikkje ser det andre steget i revolusjonen, forkastar ikkje det første steget mot endring. Det betyr heller ikkje at framsteget aldri vil komma. Forut for revolusjonar er det vanlegvis uro og turbulens, og dei treng tid for å modnast.
Folk i den arabiske verda har aldri hatt sjansen til å modnast som sosial struktur. Den gjekk frå osmansk dominans til kolonialistisk underordning og til splitting under styret til dei arabiske regima. Dei indre sosiale mekanismane blei hindra og deformerte. Tida har kome for at eit nytt sosialt og politisk medvett no som det endeleg har blitt rom for ein offentleg diskurs etter tiår av autoritær undertrykking. Framveksten av islamisme vil bli fulgt av framveksten av ein opponerande sekulær trend som klart vil verna sine rettar og overbevisingar. Det vil ikkje lengre vera ein allianse mellom islamistane og progressive mot imperialisme og sionisme. Islamistane har gått inn for dialog med imperialismen, og dei har få eller ingen motførestillingar mot den kapitalistiske økonomien. Faktisk er den såkalla «islamske økonomien» ikkje noko anna enn kapitalistisk økonomi med islamsk krydder, som Maxime Rodinson klart har gjort reie for i si bok Islam and Capitalism. Der det arabiske opprøret har sine røter i økonomisk frustrasjon frå eit arabisk folk, som har fått mindre å rutta med, så gir det islamistiske alternativet lite økonomisk endring som kunne betra dagleglivet deira. Det blir no kravd av islamistane at dei skal levera himmel på jord, ikkje i himmelen, og sidan dei ikkje har noko alternativt program vil dei til sjuande og sist feila.
Så kvifor skal me frykta framvoksteren av islamismen? La islamistane styra, og feila. La dei eksponera den opportunistiske posisjonen dei har til imperialismen og Israel. La islamistane motseie seg sjølv, la dei snakka om fridom og samtidig undertrykka sosial fridom, kultur og litteratur. La islamistane halda på den kapitalistiske modellen som ikkje gjev den utarma arabiske befolkninga noko håp. Å eksponera islamistane sine manglar, vil bidra til danninga av ei sann, frimodig, sekulær, venstreorientert og antikapitalistisk rørsle. Denne rørsla vil bli tvungen til å legga fram teoretiske argument, konfrontera realiteten og levera svar og program.
Sosial og politisk modning vil ta tid i ein region der moderne politisk kultur er i ferd med å bli fødd. Utviklinga vil ikkje koma utan ein pris, men viss ikkje islamistane kan oppfylla dei ekstremt høge forventingane til eit opprørt arabisk folk, så ser framtida lovande ut for dei venstreorienterte.
For at folket i den arabiske verda skal vinna fridommen sin, treng dei ein einskap som går på tvers av grenser, etnisistet, religion og religiøs sekterisme. Dei treng ein einskap av dei undertrykte, sosial fridom på utsida av og forbi den kaptialistiske modellen: verkeleg fridom til å tala, verkeleg fridom for kultur og litteratur, saman med sosiale fridommar.
Berre venstresida kan levera. Så det er på tide å setta i gong arbeidet.