Debatt. Stutt steg i rett lei

Av Olav Randen

1999-04


«Morten Falck har rett i at forståinga for samanhengar i naturen har gått framover. Men i høve til naturens kompleksitet er vår kunnskapsløyse og uforstand meir sentral enn framgangane», skriver forfatteren i dette innlegget som diskuterer Falcks artikkel i Røde Fane 2-99.

Eg oppfattar Morten Falck sin artikkel, «Natur- og miljøvern og kampen for kommunismen», som ei skisse til eit miljøprogram for partiet og synest det er på høg tid. Mange av vurderingane deler eg. Men etter mitt skjøn vågar ikkje Falck å tenkje tankane til endes, kanskje fordi det å gå til botnar i spørsmåla inneber at han ikkje lenger kan hevde at han utfyller marxismen, men i staden kjem på kollisjonskurs med tradisjonell marxisme.

Marxisme og miljø

I arbeidsdelinga mellom Marx og Engels var det, som Falck skriv, sistnemnde som hadde hovudansvaret for naturvitskapane. Og fordi Marx døydde som 65-åring i 1883, måtte Engels leggje vekk desse viktige arbeida og i staden sluttføre Kapitalen. Dette er kanskje forklaringa på at for det om Engels har mange skarpe observasjonar om forholdet mellom natur og menneske, famlar han i grunntenking. Av og til skriv han at mennesket er ein del av naturen og underlagt naturen. Andre gonger skisserer han menneskets utvikling frå å vere underlagt naturen til å bli naturens herre: «Menneskene som nå endelig er blitt herrer over sine egne samfunnsmessige forhold, blir dermed også herrer over naturen, de blir herrer over seg selv, – de blir frie.» skriv han til dømes i «Sosialismens utvikling fra utopi til vitenskap».

Men ei anna forklaring er kanskje meir dekkjande: Engels (og Marx) var produkt av det tidlege, framveksande industrisamfunnet, hadde annamma mykje frå det mekanistiske natursynet som René Descartes først utvikla og hadde i si tid sjølvsagt ikkje hadde føresetnader for å sjå avgrensingane og mistaka med dette natursynet.

Det at mennesket går frå å vere ein del av naturen til å få kontroll med naturen, var ein synsmåte som høvde det framveksande industrisamfunnet, både i aust og vest. Slik vart tekniske nyvinningar, motoren, telefonen, bilen, atomreaktoren og alle andre, til uomtvistelege framsteg, til ledd i menneskets erobring av naturen.

Klarast har eg funne dette synet i den sovjetiske læreboka «Marxismen-leninismens grunnlag» frå 1958. Der skisserer ein professor kva for krav arbeidarklassen må kunne stille til framtidige styresmakter:

«Det må kreves følgende:

-at menneskenes levealder forlenges til i gjennomsnitt 150 til 200 år, at infeksjonssykdommene utryddes, og at andre sykdommer stadig begrenses;

-at alle naturkreftene, solenergien og vindens energi og varmen i jordens indre blir brakt til å tjene menneskene,- at atomenergien anvendes i industrien, transportvesenet og byggevirksomheten og at en finner fram til metoder for å kunne lagre opp energi og nytte disse lagrene på et hvilket som helst sted uavhengig av noe ledningsnett;

-at en kan forutberegne naturkatastrofer slik som oversvømmelser, virvel-stormer, vulkanutbrudd og jordskjelv og hindre at de inntreffer;

-at det ales opp dyreraser og avles fram planteslag som vokser raskere og kan gi mer kjøtt, melk, ull, matkorn, frukt, fibrer og tømmer til folke-husholdningen;

-at ugunstige områder som myrstrekninger, fjellområder, ørkenstrekninger, taiga og tundra blir trengt tilbake og innvunnet for livets behov, – og at en eventuelt også tar sikte på å innvinne havdypet;

-at en greier å mestre klimaet og å regulere vind og varme slik som en i dag greier å regulere elveløp; drive bort skydekket og etter eget forgodtbefinnende framkalle regn eller godvær, sne eller hete.»

Det er uttrykk for same grunntenkinga når Falck skriv:

«Biologien har gjort store framskritt. (…) Industrien blir biologisk og biologien blir produktivkraft på et nytt nivå. (I parentes bemerket ligger betingelsene for denne utviklinga i matematikken og datateknologien, som muliggjør beregninger og analyser som tidligere var praktisk uoverkommelige. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien skyver ytterligere på prosessen.)»

Alle ser at den russiske professoren var på viddene. Men er ikkje det Falck skriv, rett då? Jau, men noko anna er viktigare, at i høve til naturens mangfald, kompleksitet og kreativitet forstår vi framleis svært lite. Og mykje av det vi trur vi forstår, fungerer likevel annleis. Desse spørsmåla handlar resten av artikkelen om.

Om kunnskapar, sædceller og antibiotika

Den kanadiske genetikaren David Suzuki skriv:

«Bananfluga har vore ein favoritt for genetisk forsking i nitti år. Minst sju nobelprisar har vorte vunne på denne fluga. Milliardar av dollar og titusentals årsverk med forsking må ha vore brukte på bananfluga verda over. Så det er ikkje overraskande at vi har skaffa oss djupt innsyn i og enorm manipulerande kunnskap om denne arten. Til dømes kan vi i mitt eige laboratorium skaffe fram fluger med tolv føter i staden for seks (dei kan ikkje gå særleg bra, men dei ser spesielle ut), fire venger i staden for to (dei kan ikkje flyge, men dei ser ut som ein Boeing 747), ein fot i staden for snabel eller ein veng ut frå eit auge. Dette er forma for kontroll forskinga har gitt oss.

Men til dags dato har vi ingen ide om korleis bananfluga overlever kanadiske vintrar. Vi veit enno ikkje korleis eit egg blir ei larve, korleis larva blir ei puppe og korleis puppa blir til ei fluge. Artar av fluga er så nært i slekt med kvarandre at berre eit fåtal forskarar kan skilje dei åt, men sjølve har dei ikkje det minste problem endå dei manglar doktorgradar. (…)

Eg tok eksamen som genetikar i 1961 og tenkte då at eg forstod alt som var verdt å vite om genetikk og kunne setje verda i brann. Men når eg i dag fortel studentane kva eg visste i 1961, vil dei geispe eller le av vantru. Men når dei har vore professorar i tjue år og fortel sine studentar kva som var dei fremste ideane i 1997, vil desse studentane også le.»

I 1929 gjorde den britiske legen Alexander Fleming ei oppdaging som med rette vart kalla det største framsteget legevitskapen til dags dato har gjort. Han fann ut at somme stoff kunne drepe skadelege bakteriar. Stoffa vart kalla anti-biotika. Bios betyr liv, altså anti-livsstoff eller livsdreparar. I andre verdskrigen slo penicillinet og andre antibiotika gjennom i behandling av sår og bakteriesjukdommar, og dei har vorte brukte meir og meir, dei siste tiåra også i dyrefôr for å halde sjukdommar unna dyra og fremje vekst og avdrått. Utviklingsoptimistane trudde kampen menneska førde mot bakteriane, var i ferd med å bli vunnen.

Men i femtiåra viste det seg at somme typar antibiotika ikkje verka lenger. Dei fleste medisinarane forstod ikkje kvifor, men tok i bruk nye typar, og det gjekk bra. Så viste det seg at heller ikkje dei verka. Bakteriar har vorte resistente. Korleis det har skjedd, veit vi ikkje så nøye. Men la oss tenkje oss at 99 av 100 bakteriar av ein art vart drepne av antibiotikumet, medan bakterie nummer 100 overlevde fordi han var av eit ørlite anna slag. La oss tenkje oss ei ny behandling med liknande resultat og endå ei. Då har dei overlevande bakteriane veksthøve som aldri før, for dei har ikkje andre representantar for sin eigen art å konkurrere med. Etter nokre eller nokre tusen bakteriegenerasjonar er alle resistente.

Det neste som skjedde, var at resistente bakteriar overfører resistens, smittar på eit vis, til bakteriar av andre slag. Heller ikkje det veit vi korleis skjer. Men når forskarar legg to bakteriekulturar, ein resistent og ein ikkje-resistent, på ei skål, kan det vise seg dagen etter at dei ikkje-resistente har vorte resistente.

Det tredje som skjedde, var at bakteriar som hadde utvikla resistens mot ein type antibiotika, lettare vart resistente mot fleire typar. Dei vart multiresistente. Steget frå resistens mot eit slag antibiotikum til resistens mot mange og kanskje alle slag er altså stuttare enn steget frå ikkje-resistens til resistens.

Antibiotika vart altså med rette utropt til eit veldig framsteg for legevitskapen. Men om sjukdomsfremjande bakteriar viser seg i stand til å utvikle resistens mot alle antibiotika i år eller om eit tiår, har samtidig kunnskapane om andre behandlingsmåtar ikkje vorte utvikla og ofte vorte borte. Difor kan dette framsteget snu til eit tilbakesteg.

La oss så bruke litt plass på sædceller. Hjå dagens 20-åringar kan det vere 60 millionar i ein milliliter sæd. Men hjå 50-åringane er det nesten dobbelt så mange. Ei undersøking tyder på at talet på sædceller minkar med 2 prosent for kvart årskull. Kvifor? Ingen ting gir grunn til å tru på at talet på sædceller veks med «eigars» alder. Det må vere faktorar utanfor som påverkar celletalet. Men til no har 20-åringen vorte utsett for 20 års forureining, medan 50-åringen har vorte utsett for mykje meir. Så med ei slik forklaring skulle 50-åringen ha færre og ikkje fleire sædceller.

Truleg er det meir komplisert. Truleg er forklaringa at dei unge ved fødselen er disponerte for færre sædceller fordi mødrer dei siste tiåra har vore utsette for syntetiske stoff som i livmora blir oppfatta som østrogen, og som hemjar veksten av dei cellene som organiserer og regulerer sædproduksjonen. I så fall vil vi leve med dette problemet, som i verste tilfelle kan vere ei form for massesterilisering, i minst ein generasjon til. Viss det då ikkje blir ført vidare genetisk, så vi, den skjøre dyrearten homo sapiens, aldri blir kvitt det.

Korkje antibiotika-resistens eller nedgang i sædcelletal er det eine problemet med stor P. Dei er to av mange problem. Det samanfattande problemet er at dagens konkurranseindustrielle samfunn på område etter område gamblar med naturen i staden for å innordne seg.

Difor veit vi heller ikkje kva for forsvarsvåpen naturen vil setje inn i neste omgang. Vi veit berre at det vil skje. Når menneske tek i bruk PCB eller DDT eller DØS eller penicillin eller vancomycin og trur dei skal rydde unna problem, treng naturen stundom litt tid for å byggje opp eit forsvar. Men i konflikten mellom menneske og mikrobar tyder mykje på at mikrobane er sterkast. Mikrobar som kan vege ein milliondels gram, kan drepe både blåkval og elefantar og menneske. Framom alt har dei ein stor fordel med at dei formeirar seg så snøgt. Under gunstige vilkår kan ein bakterie bli ein million bakteriar på eit døgn. Medan menneske har minst 15-20 års generasjonsintervallar.

Eit tidsperspektiv

Falck skriv: «Utvikling av genmodifiserte planter (og dyr) krever omfattende forsøk i stor skala gjennom mange år – industrien regner med ti vekstsesonger, altså fem år hvis de kan dyrke både nord og sør for ekvator.»

La oss vurdere dette, men først sjå på eit anna tidsperspektiv. Kloden har bestått i 4,5 milliardar år. I kanskje 3,5 av desse har det vore liv her, medan menneska har eksistert i mellom 200 000 og 500 000 år, altså i ein ørliten del av klodens tid.

På ein brøkdel av denne tida att, dei 60 åra frå andre verdskrigen byrja, har menneska gjort meir for å endre livet på kloden enn på heile tida føreåt. Med nedbryting av det tynne matjordlaget som finst her og der, med fleirdobling av talet på eksemplar av homo sapiens, med forørkning, forureining av jord, luft, vatn og hav dit at det ikkje er råd å ta ut ein liter vatn upåverka av menneske, med nedbryting av grenser mellom økosystem og på alle dei andre måtane lesarane kjenner og dei måtane korkje lesarane eller eg som skriv enno kjenner.

Vi kan tenkje oss klodens tid som ein film, der lerretet er omtrent likt i dei to timane førestillinga varar, like til ein veldig lysblink i siste tusendels sekundet.

Kva med dei ti prøvesesongane, som Falck rettnok synest meine er utilstrekkeleg? Den genmodifiserte planta eller dyret skal brukast til menneskemat. Tåler menneska denne maten? Vi kan teste på rotter eller myser, men føreset då at menneske reagerer på same måten som rotter og myser. Vi testar mange gonger dosane, gjerne hundre gonger og trur oss då trygge, men føreset då at risikoen er avhengig av storleiken på dosen. Når det gjeld hormonhermande syntetiske stoff av det slaget som reduserer sædcelletalet i mannleg avkom, viser det seg at det ikkje er mengda det kjem an på i det heile, for ørsmå dosar er tilstrekkelege. Det er signalet som trengst. Neste spørsmål er korleis den nye maten verkar i ulike kombinasjonar med dei mange kjemikala menneska har i seg? Det finst rundt 70.000 i handel og er uråd å teste alle kombinasjonar. Korleis verkar maten inn på immunforsvaret til dei som et han, på menneske i ulike livsfasar, på gravide, på avkommet? For å gjennomføre ei forsvarleg testing treng vi svar på desse spørsmåla. Då treng vi ikkje berre ti vekstsesongar, men ti generasjonar menneske.

Fasiten seier framgang

Gong på gong møter vi framstegstrua hjå Falck:

  • «Biologien har gjort store framskritt. (…) Industrien blir biologisk og biologien blir produktivkraft på et nytt nivå.»
  • «Kunnskapene har økt enormt og gir oss muligheter til å unngå katastrofer.»
  • «Bioteknologien representerer et kvalitativt kjempesprang i utviklinga av de biologiske produktivkreftene.»
  • «Genteknologien har potensiale til å bli en enorm velsignelse.»
  • «Bioteknologiens nyeste dramatiske gjennomslag er suksessen med kloning.»Etter denne utmålinga av framsteg kjem ikkje argument og ikkje grunngiving. Falck går rett over til å skrive (konkret og skikkeleg) om problema kombinasjonen bioteknologi og profittjag fører med seg. Det får ein til å undrast på om framstegstrua hjå Falck er reell eller berre programmatisk. Altså at Falck skriv at vitskap og teknikk går raskt framover fordi han er innanfor ein tradisjon der han skal tru det. At han må gi fasitsvaret.Men la oss sjå litt meir på denne framgangen. La oss sjå på om han går på rett spor, om det er slik at alt går framover eller også at somt blir borte og kva vi forstår i høve til det vi ikkje forstår.

Langs feil spor?

Falck skriv altså: «Biologien har gjort store framskritt. (…) Industrien blir biologisk og biologien blir produktivkraft på et nytt nivå. (I parentes bemerket ligger betingelsene for denne utviklinga i matematikken og datateknologien, som muliggjør beregninger og analyser som tidligere var praktisk uoverkommelige.)»

I matematikk og datateknologi møter vi den mekanistiske tenkinga. Det gjeld, meinte René Descartes (1596-1650) med rette, å løyse opp alle spørsmål i deira minste delar. Desse delane påverkar så kvarandre, og ein kan gå frå enkeltdelen til det kompliserte. Dei avgjerande delane i organismen er, seier Descartes etterkomarar, gena. Med hjelp av avansert matematikk og datateknologi har vi lært å knekke DNA-koden. Denne lærdommen gjer at vi kan endre organismar og artar frå grunnen. Når ein byter ut eit gen i poteten med eit gen frå arktisk flyndre, som tåler meir frost, vil ein få poteter som tåler meir frost. Logisk og greitt.

Men i naturen er det ikkje nødvendigvis slik som i matematikken at B følgjer av A. Det er i staden, for å bruke eit sitat frå Gro Harlem Brundtland (i ein heilt annan samanheng, men også blinde høner kan finne korn), slik at alt heng saman med alt anna. Altså at ikkje berre gena, men dei ustanselege vekselverknadene er med og avgjer. Det finst lover og samanhengar vi ikkje kjenner, og truleg er det stundom også slik at naturen er kreativ og uforutsigbar og altså ikkje følgjer reglar i det heile. Det som kjem ut av at vi erstattar eit gen i poteten med eit flyndregen, avheng altså av dei enkeltorganismane vi tuklar med, av miljøet dei eksisterer i og av alle andre organismar og stoff dei kjem i kontakt med – og truleg av dei uforutsigbare «sprella» naturen gjer.

Altså er ikkje naturen som matematiske likningar med tre eller fire eller fem ukjende, men heller som likningar med eit ukjent tal millionar ukjende. Som uløyselege likningar.

Difor gjer ikkje matematikk – og datateknologi – oss i stand til å forstå kompleksiteten i naturen. Dei gjer oss berre i stand til å forstå somme enkle prosessar. Dersom vi trur at desse enkle prosessane er heilskapen, går det lett ille.

Innsikt som blir borte

Eg driv som gardbrukar. Kårkallen på garden her gjekk på landbruksskole i 1939-40. Framleis har vi dei fleste lærebøkene han brukte. Jordbrukslære I, Jordkultur og gjødsellære, (Aschehoug 1937) er konkret og grundig om planteslag, om grøfting, vatning, dyrking, kamp mot ugras, jordarbeiding, gjødsling med natur- og kunstgjødsel og mykje anna. Landbruksskoleelevane den tid lærde mykje som dagens elevar ikkje får med seg og som er avgjerande for eit berekraftig landbruk. Kunnskapane i boka finst sjølvsagt framleis, men finst kunnskapane rundt temaa? Når eg vil ha meir informasjon, kan eg spørje kårkallen og lære. Spør eg derimot ein Ås-kandidat, oppdagar eg at vedkomande rett nok kan meir om å pøse på med kunstgjødsel, men forstår langt mindre av kva som gir plantevekst. Somme kunnskapar er prioriterte unna, andre har vorte borte.

Australske botanikarar har oppdaga at dei innfødde, aboriginane, i sine språk er i stand til å skilje mellom planter botanikarane ikkje ser skilnaden på i sine mikroskop og med sine laboratorie-analysar. Dei må difor lære seg språka til dei innfødde for å forstå australsk flora betre.

La oss sjå på Falcks påstand om framstega biologien har gjort, ein gong til. I eit fullstendig bilete høyrer det altså også med at viktige kunnskapar, frå matprodusentar, frå urfolk, frå legar, medisinmenn, forskarar og andre, samtidig har vorte borte og er i ferd med å bli borte. I det fullstendige biletet høyrer det med at menneska sant nok har vorte mykje dyktigare til å analysere og utnytte enkeltvekstar og enkeltorganismar, men ikkje til å tenkje på heilskapen. Dei har vorte flinkare til å få til produksjonsauke, men ikkje til å forvalte på langsiktig vis.

Eit døme viser praktiske konsekvensar. Irlendarane lærde om poteter, tok i bruk den mest effektive sorten og vart råka av tørråte og difor An Gorta Mor, Den store svolten, i 1845. Trass denne katastrofen som gjorde at kanskje ein million menneske svalt i hel og at ein annan million irar laut emigrere, har dyrkingsmåten, monokulturen, vorte stadig meir vanleg når det gjeld dei fleste planter. Men dei som har drive lenge, kanskje hundre generasjonar, med poteter, har større innsikt. Under marginale forhold i landsbyen Uchucmarca i Andesfjella i Peru dyrkar dei rundt femti potetslag. Desse er ikkje femti stabile sortar ein kan skilje mellom, men eit genetisk spekter under stadig endring. Nye sortar kjem heile tida til gjennom kryssing mellom dyrka, ville og halvville sortar. Om ein bonde i Andes-fjella mister avling på grunn av ekstremt vêr eller insektåtak eller soppsjukdommar, kan han finne og byggje vidare på ein ny potetvariant som har overlevd vanskane.

Men no blir det aller meste av verdas landbruk drive som monokultur, altså som den irske og ikkje den peruanske potetdyrkinga. 20 planteslag utgjer visstnok 80 prosent av maten vår.

Alt det vi ikkje forstår

La oss bruke litt tid på eit tankeeksperiment: Frå individ på ein planet i eit fjernt solsystem får vi spørsmål om korleis ein forbrenningsmotor (eller ei klokke eller ein datamaskin eller ein atomreaktor) fungerer. Dei har vårt tekniske utstyr, kan like mykje om materialar som vi og forstår våre språk, men dei har ikkje forbrenningsmotoren. Vi forstår motorens totalitet og kan gi dei ei fullstendig skildring av denne, slik at dei også vil forstå han og kan byggje sine eigne motorar om dei meiner det er eit fornuftig tiltak.

La oss så tenkje oss at dei same individa ber oss forklare naturen på Tellus. Ikkje fordi dei skal byggje ein natur som på vår klode, det er uråd, men fordi dei vil forstå korleis vår natur er og fungerer. Vi samlar alle verdas naturforskarar og bønder og fiskarar og jegerar og hagebrukarar og vil likevel vere i stand til å skildre berre ein liten flik av naturen. Rett og slett fordi vi forstår berre ein liten flik. Vi forstår noko av det store og synlege og det som liknar oss, men dei fleste artane på denne kloden er mikrobar og ikkje makrobar, og mikrobe-livet er i all hovudsak ukjent.

Falck har altså rett i at forståinga for samanhengar i naturen har gått framover. Men i høve til naturens kompleksitet er vår kunnskapsløyse og uforstand meir sentral enn framgangane.

Vi tenkjer oss at det, teoretisk, er mogeleg å forstå naturen til botnar. Altså kjenne og kunne identifisere alle protozoar og alle spretthalar og alle nematodar og alle virus og alle dei andre, kanskje 5 og kanskje 50 millionane artar, vite korleis dei varierer, korleis deira intelligens er, korleis dei formeirar seg, overlever, interagerer med andre artar (som menneske) under ulike naturvilkår og klimaforhold og kan endre seg, å kjenne alle grunnstoff og alle syntetiske stoff og alt prion og korleis liv reagerer på desse. Vi tenkjer oss vidare, for å illustrere med tal, at i 1899 forstod menneska ti prosent av naturens totalitet og at vi i 1999 forstår 15 prosent. Det er sjølvsagt ein enorm framgang, i det har Falck rett.

Om framgangen går vidare i same tempoet, vil våre etterkomarar om 1.000 år forstå ikkje berre ein flik, men meir enn halvdelen. Slik at dei vil vere i stand til å forklare naturen så nokolunde for eventuelle individ på planetar i fjerne solsystem. Og slik at dei kanskje kan føreseie følgjene av til dømes bioteknologiske endringar.

Kunnskap og behov for kunnskap

Men eit spørsmål til må kommenterast: Kva aukar snøggast av ny kunnskap om naturen og behovet for ny kunnskap om naturen? La oss tenkje oss at du som les og eg som skriv bur åleine på ei isolert Stillehavsøy. Kvar morgon ristar vi ned ei kokosnøtt frå ei av palmene, skjer hol i henne og drikk den næringsrike og velsmakande kokosmjølka. Attåt et vi litt urter og fangar ein fisk eller eit dyr om vi ønskjer eller føler vi treng variasjon i kosten. Fordi det er rikeleg med palmer, dyr og fisk, har vi nok kunnskapar til å livberge oss og kan bruke tida til å streife rundt, fortelje kvarandre historier eller ha seksuelt samkvem. La oss så tenkje oss at hundre nye personar kjem flyttande til øya. Då blir det for lite kokosnøtter, urter, fisk og vilt. Vi treng langt større kunnskapar om å hente meir ut av naturen, om økonomisering med ressursar, om forvaltning for framtida, om virus og bakteriar og smittsame sjukdommar og alt slikt. I denne situasjonen kunne vi sjølvsagt oppsummere som eit framsteg at vi hadde lært å temje geiter og å nytte husdyrgjødsla for å få større plantevekst. Men i høve til behovet for innsikt i naturen ville dette framsteget vere for lite. Trass i kunnskapsauken ville vi få meir svolt og sjukdom.

Der står vi i global målestokk i dag. Vi har altså, som Falck poengterer gong på gong, tileigna oss ein del nye kunnskapar. Men vi har også, med 6 milliardar menneske no og mellom 10 og 12 om 100 år, med nedbryting av grenser mellom økosystem og stadig frakting av organismar verda over, med tømming av fossilt brensel og øydelegging av matjord, kome i ein situasjon der behovet for økologisk innsikt er mykje større enn før. Spørsmålet er altså ikkje om kunnskapane aukar, det gjer dei, men om kunnskapsauken held tritt med behovet for kunnskapsauke.

Ta sjukdommar og dødsratar som døme. I tredelen av verda, Afrika sør for Sahara, mange asiatiske land og delar av Aust-Europa, går gjennomsnittleg levealder no ned. I Botswana har levealderen falle frå 62 år i 1990 til 44 i 1998, i Zimbabwe frå 61 år i 1993 til 49 år i 2000 og i Russland (blant menn) frå over 70 til under 60 år, for å nemne nokre tal. Matmangel, vassmangel, feilernæring og sjukdommar, i Afrika først og fremst AIDS, er forklaringane. Dels kjem det av politiske prioriteringar (vatn til golfbanar og symjebasseng framfor jordbruk), men også av mangel på kunnskap. 30 år attende visste ingen om AIDS, rett og slett fordi naturen i sitt enorme laboratorium enno (truleg) ikkje hadde utvikla sjukdommen. Om nye 30 år har vi kanskje gode vaksinar. Men då kan den globale flyten av varer og menneske gi vekstgrunnlag for nye massesjukdommar, som menneska står like hjelpelause overfor.

DDT som døme

Når noko går framover, er det lett å la seg blende og gjere framgangen større enn han er. Dersom vi gjer det i forholdet menneske/natur, kan vi kome til å gjere store feilsteg.

Vi kan bruke DDT, klorert hydrokarbon, som døme. Like før andre verdskrigen oppdaga den sveitsiske kjemikaren Paul Müller at DDT drap insekt som mygg, fluger, biller og mange larver. Det trengde gjennom huda og inn i nervesystemet til insekta, slik at dei vart lamma. Stoffet gjorde at mange allierte soldatar unngjekk malaria, gulsott og flekktyfus, og det vart teke meir og meir i bruk i landbruket verda over. I 1948 fekk Müller nobelpris i medisin for sitt store arbeid for helse og rein mat.

Men etter kvart viste det seg at DDT vart brote ned svært sakte, at det samla seg opp i næringskjeda og at det reduserte dyrs forplantingsevne. Som nemnt tidlegare nærmar forskarane seg ei forklaring på det siste. DDT og endå meir det endra stoffet DØS blir av ein dyrekropp oppfatta på linje med det kvinnelege kjønnshormonet østrogen og set i gang prosessar som endrar kroppsfunksjonar. I verste fall kan massesterilisering av menneske og dyr bli det langsiktige resultatet.

Dei fleste hagebrukarar og frukt- og grønsakdyrkarar brukte DDT. Mange brukte DDT innandørs for å halde plagsame insekt unna. Framleis blir stoffet nytta i mange land, ikkje minst der presset for valutainntekter er større og leseevna mindre enn hjå oss. Det inneber at med fri vareflyt gjennom WTO får alle det i seg.

I dag veit vi at DDT ikkje var eit framsteg. Men i 40-åra hadde dei ikkje føresetnader for å spå om skadane. For dei var eit syntetisk stoff eit syntetisk stoff og eit hormon eit hormon. For dei var nedkjemping av insekt eit stort framsteg. Og forskarar hadde stor tiltru til eigne kunnskapar, fordi dei forstod mykje som var framandt for førre generasjon.

Kva kunne ha hindra lanseringa av DDT i ein periode då samanhengane var ukjende? Grundigare risikoanalysar, fleire forsøk med mus og rotter til dømes? Nei, forsøka ville neppe ha avdekt skadeverknadene, for dei hadde ikkje vist korleis stoffet flytter seg oppover i næringskjeda og truleg heller ikkje korleis det kan endre avkommet i mors liv. Ingen kom den tid på tanken om at syntetiske stoff kunne verke som hormonhermarar.

Difor var det berre ei anna grunntenking som kunne ha stoppa DDT. Ei vurdering av naturen som heilskap, risikoane ved å tukle med han og av alt vi ikkje veit kunne ha stoppa lanseringa. Altså eit heilt anna natursyn enn det Falck står for.

Det tok eit par tiår før DDT for alvor vart eit problem. Det tok eit par nye tiår før forskarane tok til å bli i stand til å forklare kvifor DDT var eit problem. Det tek (i beste fall) endå eit par tiår før bruken av DDT tek slutt. Og ingen veit kor mange tiår det tek før skadeverknadene er borte. Eller om dei blir borte eller bruken har sett i gang nye, irreversible prosessar.

Men no veit vi og har forbode DDT i vår opplyste del av verda, og mistak av den typen vil ikkje bli skje oftare, tenkjer kanskje lesaren. Då blir neste spørsmål: Kor mange stoff, organismar og biologiske prosessar er lanserte dei siste tiåra som vi vil sjå skadeverknadene av først om nokre år eller generasjonar? Og kor mange vil bli lanserte dei neste åra og godkjende av all verdas forureinsingstilsyn og mattilsyn og EØS-organ og Codex Alimentarius fordi vi ikkje kan påvise skadeverknader?

Det er i dette perspektivet vi må vurdere bioteknologien. Heller ikkje eg er prinsipielt imot bioteknologi. I ei knapp verd trengst nye tiltak for å produsere meir mat og halde sjukdommar unna. Men vi veit så lite, og forsøk og satsing blir gjort av folk som ikkje berre er for profitt, men som attåt trur at dei forvaltar innsikta og at naturen er enkel, og som på naivt og menneskeleg vis let seg blende av små framgangar. Om vi erstattar eit potetgen med eit gen frå flyndre, er vi ikkje i stand til å føresjå korleis den genmodifiserte organismen blir. For dei arveeigenskapane som blir kombinerte, er så mange, så uoversiktlege og så varierande ikkje berre frå art til art, men frå organisme til organisme, at våre spinkle matematiske modellar og (i høve til naturens kompleksitet) enkle dataprosessorar ikkje er i stand til å spå resultata med nokon grad av sikkerheit.

Kommunisme er kanskje ein føresetnad, men ingen garanti

Kapitalismens profittbehov står i vegen for utvikling av dei biologiske produktivkreftene ut frå vanlege folks behov, skriv Falck. Men når kommunismen kjem, då blir det annleis. For i samfunnet «i pakt med de rammene den fysiske verden setter: Frihetens rike», vil behova bli dekte og dei biologiske ressursane kunne brukast fullt ut.

I opningsartikkelen i same bladet, skrive av leiar Gulbrandsen og politisk sekretær Bell i AKP, les vi at «AKP er for ubegrensa frihet for arbeidsfolk og de fattige millionmassene i verden».

Uavgrensa fridom altså. Men virkelegheita er ikkje like enkel. La oss tenkje oss at vi to, lesaren og eg som skriv, er i same rommet, at den eine av oss røykjer ustanseleg og den andre har astma som blir utløyst av tobakksrøyk. For røykjaren er uavgrensa fridom til å røykje viktig. For astmatikaren av oss er uavgrensa fridom til røykfri luft minst like viktig. Vi ser at uavgrensa fridom for ein kan vere til stor skade for ein annan.

La oss ta eit anna døme: A har dårleg hjarte. Mykje talar for at i løpet av eit par år er han død. Men mennesket og grisen har relativt lik anatomi. A kan få transplantert hjarte frå grisen. Om transplantasjonen er vellykka, vil A kunne leve i fleire tiår. Men det eksisterer ikkje berre ein risiko for at transplantasjonen skal bli mislykka og A li same lagnad som grisen, det eksisterer også ein risiko for at organtransplantasjonar frå grisar til menneske kan gjere sjukdommar grisane blir råka av, til menneskesjukdommar og difor bli til dramatisk skade. Kven sin fridom, A sin eller alle andre sin, skal vi i så fall ta omsyn til? Når uavgrensa fridom for ein kan vere til stor skade for mange andre.

Alt nøkternt naturinnsyn fortel oss at eit berekraftig framtidssamfunn ikkje blir noko jordisk paradis. Om det blir kommunisme aldri så mykje, blir det slett ikkje eit samfunn med to timars arbeidsdag og uavgrensa fridom for alle. Det blir eit samfunn som må stille harde krav om nøysemd og arbeidsinnsats til innbyggjarane. Det blir eit samfunn med motsetnader mellom folk. Og det blir eit samfunn der individa må innordne seg under det bitre faktum at vi lever på ein klode som er i minste laget til ti eller tolv milliardar menneske og difor må akseptere knappheitas diktatur.

Difor er det også slik at kommunisme ikkje løyser miljøproblema. Aller minst gjer ein kommunisme som blir lansert som «ubegrensa frihet for arbeidsfolk og de fattige millionmassene» det. Det finst argument, gode argument endåtil, for at kommunisme er eit nødvendig vilkår for eit berekraftig samfunn. Men ikkje for at det er ein garanti. Kommunisme med det gamle synet at mennesket forstår og står over naturen, endåtil i Falcks modererte variant, vil ikkje vere ei samfunnsform som kan overleve.

Difor kan etter mitt skjøn Falcks framlegg i beste fall kallast eit stutt steg i rett lei. Det er positivt at han vil utforme eit miljøprogram, men om målet er at menneske i det talet vi har grunn til å vente, skal kunne leve i mange hundreår og tusenår på denne vesle kloden, trengst ei anna grunntenking, eit meir audmjukt og respektfylt syn på naturen, ei større varsemd overfor naturendringar og ei langt meir radikal tenking i høve til vår tids miljøfiendtlege politikk og vitskapssyn enn den vi møter i dette innlegget.