Debatt: Spar oss for dogmatisk tompreik

Av Leiv Olsen

2019-03

Gnist nr. 2A/2019 har mange interessante artiklar. Med eitt unntak, artikkelen «Progressiv kapitalisme — ei sjølvmotseiing» er prega av påstandar som ikkje blir underbygde og drøvtygging på gamle dogme. Artikkelen, skriven av London-økonomen Michael Roberts, er ein polemikk mot nobelprisvinnar Joseph Stiglitz. Det er mulig at Roberts har rett i noko av kritikken han fører fram, men eg saknar dokumentasjonen.

( Michael Roberts svarte Leiv Olsen i Gnist 4/19. Se her: https://marxisme.no/category/2019/nr-4-2019/)

Av Leiv Olsen, var medlem av AKP og RV sidan partia blei stifta, no medlem i partiet Raudt. Har jobbet som lærar i vidaregåande, og var 2008–2014 fylkeshovudverneombod i Rogaland fykeskommune. Er nå pensjonert og leiar i Rogaland Nei til EU.

Roberts er tydeleg ironisk når han skal gjengi oppfatninga til Stiglitz:

Du skjønner, kapitalismen brukte vere meir «progressiv» … Det fungerte godt. Men så kom Ronald Reagan og Margareth Thatcher… Den progressive kapitalismen frå 1960-talet er øydelagd (Gnist nr. 2A/2019 s. 45).

Eg veit ikkje om dette er dekkande for synet til Stiglitz eller ei medviten overdriving frå Roberts’ side. Roberts ser elles ut til å meina at kapitalismen aldri kan fungera progressivt, aldri har vore progressiv, aldri var det i dei såkalla «gylne åra» 1945–1975 og slett ikkje kan vera det i dag:

Dei «gylne åra» etter 1945 opp til seint 1960-tal var unntaket i avanserte kapitalistiske økonomiar, og berre for desse. Ikkje for Latin-Amerika, Asia, Midtausten og Afrika. For størstedelen av kloden var desse åra prega av djup fattigdom og kamp mot imperialistisk utbytting.

Roberts prøver ikkje å dokumentera påstanden. Påstanden blir «sann» fordi den blir påstått. Og kanskje fordi Marx skreiv om pauperisme i Manifestet i 1848? Dette held ikkje om me vil føra fram truverdig kritikk av kapitalismen, då må me visa til tal og fakta. Så får me risikera at bildet kan bli meir nyansert.

Men fyrst bør me seia kva me meiner med å kalla eit samfunn «progressivt». Roberts gjer ikkje det. Eg vil seia at eit samfunn er progressivt dersom det (1) utviklar teknologien og (2) betrar levekåra for arbeidsfolk. Eg vil bruka denne definisjonen som eit mål, sjølv om faktisk samfunnsutvikling sjølvsagt er komplisert og motsetningsfylt. Har kapitalismen nokon gong vore progressivt, målt etter slike mål?

Forbetring eller forverring for arbeidsfolk?

Perioden 1945–1975 var åra då dei europeiske kolonivelda fall saman og frigjeringsbølgja rulla over den tredje verda, spesielt Asia og Afrika. Det var ei tid prega av skarp rivalisering mellom det kapitalistiske Vesten, no under leiarskapen til USA, som reduserte dei gamle koloniherrane til underdanige støttespelarar, og Sovjetblokka, «den faktisk eksisterande sosialismen». For å vinna i dette økonomiske kappløpet måtte Vesten gjera innrømmingar, ikkje bare til arbeidarklassen i vest, men også i mange tredjeverda-land. Det var no grunnlaget blei lagt for «tigerøkonomiane» i det austre Asia. Korleis det slo ut i leverkåra for arbeidsfolk i landa, var sikkert ymist – eg har ikkje tal, og Roberts gjer ikkje forsøk på å legga fram tal. I tiåra etter «dei gylne åra» fekk arbeidarklassen i mange av desse landa auka levestandard. Korleis var det i Afrika? Parallelt med frigjeringsbølgja skjedde ei omfattande utbygging av skolar og helsevesen og forsøk på å utvikla landa økonomisk. Tida frå midt på 1950-talet til midt på 1970-talet var ein vekstperiode, med klart betra kår for folk flest på kontinentet, inntil Verdsbanken og Pengefondet klarte å få nakketaket på dessse landa på slutten av 1970-talet. Dei to tiåra som då følgde, 1980- og 1990-talet, blei tapte tiår for Afrika, mange land blei sette under adminstrasjon av Verdsbanken, blodige borgarkrigar – før det på nytt gjekk mot noko betre tider etter 2000. Og i Latin-Amerika? Depresjonen i USA på 1930-talet letta presset på dei latinamerikanske landa. Folk i mange land opplevde derfor økonomisk framgang gjennom 1940- og 1950-talet, ein framgang som blei stansa då USA på nytt greip inn med militærkupp frå 1950-1960-talet av (sjå Egil Fossum: Latin-Amerika mellom revolusjon og kontrarevolusjon, 1970). I dei nye militærdiktatura, som dominerte i Latin-Amerika særleg frå 1970-talet, akselererte dei økonomiske forskjellane. Alt dette tyder på at arbeidsfolk kan ha opplevd framgang også i mange tredjeverda-land i dei såkalla «gylne åra».

Den einaste statistikken eg har sett som viser den økonomiske utviklinga i Latin-Amerika, Afrika og Asia i perioden 1945-1975 er frå The Emperor has no Growth. Declining Economic Growth in the Era of Globalization frå 2000, skriven av Mark Weisbrot, Robert Naiman og Joyce Kim. Rapporten viser at i 1960–1980 auka økonomien per capita kraftig både i dei arabiske landa, i det sørlege Asia, Søraust-Asia og stillehavsområdet, det austlege Asia, Latin-Amerika og Afrika. Kort sagt over heile den tredje verda. Dei neste to tiåra, derimot, opplevde Afrika sør for Sahara ein nedgang per capita; i mindre grad skjedde det same i dei arabiske landa(!), og i Latin-Amerika stupte veksten nesten ned til null. Bare i Kina og resten av det austlege Asia skaut veksten fart i åra 1980–2000 (The Emperor has no Growth. fig. 1, s. 9). No seier ikkje tala noko om korleis veksten var fordelt internt i landa, dessutan kan grunnlaget for statistikken vera usikkert og tvilsomt. Men saman med det me veit om politisk utvikling og utbygging av skolar og helsevesen, styrkar det inntrykket av at dei fyrste tre tiåra etter 1945 var ei tid med framgang for folk flest og betre livskår for arbeidsfolk i dei fleste landa i verda. Dersom Roberts kan dokumentera noko anna, bør han gjera nettopp det – legga fram dokumentasjonen.

Trur Roberts på sine eigne påstandar? Han skriv at aukande økonomiske forskjellar ikkje kan ha forårsaka krisene kapitalismen har opplevd dei siste tiåra sidan dei starta då forskjellane ifølgje Piketty var som minst (Gnist 2A/2019 s. 48). Skal argumentet ha vekt, må Roberts gå god for Pikettys påstand om at dei økonomiske forskjellane var minst på 1970-talet, og det må gjelda for verdskapitalismen, ikkje bare enkeltland. Av det følgjer at kapitalismen fram til 1970-talet må ha vore gjennom nokre tiår der dei økonomiske forholda til arbeidsfolk ikkje bare blei betre, men at dei tok ein større del av «kaka», at levestandarden for folk flest i verda auka meir enn produksjonen.

Etter dei «gylne åra»: nedgang for arbeidsfolk over heile verda

Det er ingen tvil om at kapitalismen etter krisene på 1970-talet har skapt større forskjellar og forverra kår. I leiande land i vest, som USA og EU-landa, har arbeidarklassen opplevd nedgang eller i beste fall stagnasjon i levestandarden etter 1980, samtidig som dei superrike har blitt mykje rikare (Rune Skarstein: «Rettferdig fordeling», Klassekampen 3.7.2019). Det er anslått at den rikaste tidelen av befolkninga i USA rådde over 8,9 % av nasjonalinntekta i 1975, men heile 22,5 % i 2012 – og dermed var tilbake på nivået frå 1929: 23,9 % (Ole O. Moen: «USA i politisk og kulturell krise», Dagsavisen 13.7.2019). Så vidt eg veit, er bildet mykje det same i Latin-Amerika: dei økonomiske forskjellane har auka. I Afrika var som nemnt tiåra 1980–2000 katastrofale, med fall i økonomien og blodige krigar. Det store unntaket er Kina, der det faktisk ser ut til at breie lag av folket har fått betre levekår dei siste tiåra, som nødvendige konsesjonar frå dei styrande for å halda oppe produksjonsveksten og unngå (for mykje) uro. No når USA har starta handelskrig, er det dessutan nødvendig for Kina å utvikla ein større heimemarknad, men då må vanlege folk ha meir å rutta med. Sidan kvart femte menneske i verda bur i Kina, har utviklinga der bidratt til å dempa den globale forskjellsutviklinga. Det er mulig at det kan få ringverknader for tredjeverda-land som maktar å balansera mellom Kina og Vesten; det kan sjå ut som det er positiv økonomisk utvikling i fleire afrikanske land, men statistikken er usikker.

Kva for eit system gir teknologisk utvikling?

Teknologisk utvikling må vera ein del av bildet om me skal vurdera om eit samfunn er progressivt eller ikkje. Me kan snakka om klassekamp til me blir blå i trynet, det er den teknologiske utviklinga som bestemmer kva klassar som oppstår, korleis dei blir omforma, og set rammene for kva som er mulig å oppnå. Lenin hevda i 1917 at kapitalismen hadde utspela si progressive rolle sidan den hadde utvikla seg til imperialisme. Han tok feil. Khrusjtsjov hevda at dei sosialistiske landa ville vinna over kapitalismen i fredeleg kappestrid. Han kunne feira nokre triumfar: Sputnik og Gagarin. I ettertid er dommen likevel klar: mens det kapitalistiske Vesten opplevde ei rivande teknologisk utvikling, stagnerte teknologien i sovjetblokka. Den fantastiske teknologiske utviklinga i Vesten må vel kallast progressiv?

Samtidig ser me òg at det ikkje er eintydig positiv samanheng mellom kapitalisme og teknologisk utvikling. Det blir sett inn mye energi på å få kontroll over den teknologiske utviklinga og hindra slik teknologi som dei dominerande kapitalistane ikkje ønskjer. Samtidig fører strevet for å halda oppe profitten, i prosent av investert kapital, til at investeringar i aukande grad går til ikkje-produktive føremål: eigedomshandel, råtne lån, aksjespekulasjon, valutahandel – og til å skapa nye marknader for selskap som skal erstatta offentleg velferd, selskap som har skote gullfuglen fordi dei får profitten betalt, og garantert, av skattepengane. Baksida av slikt blir at det blir investert mindre i å utvikla ny teknologi. Kanskje er det derfor Kina er i ferd med å ta leiinga i utviklinga av G5-teknologi i telekommunikasjon?

Til no har kapitalismen inspirert til ei teknologisk utvikling verda elles ikkje har sett maken til. Ein må vera ideologisk forblinda om ein påstår at dette ikkje har vore progressivt. Men me ser òg at den kapitalistiske utviklinga i dag trugar sjølve livsgrunnlaget på kloden. Dei reaksjonære trekka i kapitalismen er i ferd med å ta overhand, kanskje har dei alt gjort det – eller kanskje er ikkje det progressive potensialet i kapitalismen enno heilt uttømt – men verdas framtid er i fare.

Korleis kan me forklara krisene i kapitalismen?

Roberts er ikkje utan poeng. Han har undersøkt korleis profittraten har utvikla seg dei siste 50 åra, og tala er interessante. Han skriv som sagt at aukande økonomiske klasseforskjellar ikkje kan forklara at krisene slår inn når dei gjer, sidan det viktigaste omslaget kom nettopp når forskjellane var på det minste. Derimot er det tydeleg samsvar mellom svingningar i profittrate og konjunkturar; krisene ser ut til å slå inn når profittraten fell. Dette er i samsvar med kva Marx skreiv om strevet for å unngå ein fallande profittrate under kapitalismen, og ser ut til å bekrefta at kriser er innebygd i sjølve kapitalismen, heng saman med motsetninga mellom kapitalismens samfunnsmessige produksjonsform og private tileigning. Her trur eg Roberts har rett. Men det treng ikkje bety at aukande økonomiske klasseforskjellar er utan betydning for det økonomiske velvêret i eit samfunn, og det betyr definitivt ikkje at aukande økonomiske klasseforskjellar er uinteressant for eit parti som vil vera talsfolk for arbeidarklassen. Det er fullt mulig at aukande forskjellar er sand i maskineriet som bremsar den økonomiske veksten i kapitalismen, sjølv om dei ikkje er nok til å utløysa kriser. Det er ikkje bare mulig, det er gjort undersøkelser som tyder på det. I åra 1980–2015 blei den årlege veksten i Europa og USA halvert jamført med 1950–1980 (Slagstad, referert ovafor).

Roberts polemiserer mot Stiglitz. Men kanskje har også Stiglitz litt rett, kanskje verkar aukande økonomiske forskjellar som ein bremse på økonomien. Corbyn i Storbritannia, Bernie Sanders i USA og Rødt i Norge kjempar alle for å minska klasseforskjellane. Det er ikkje mulig under kapitalismen, skriv Roberts. Det veit me ikkje før me har prøvd.

Den som ikkje prøver å betra levekåra under kapitalismen, vinn ikkje folk for sosialisme.

200 år med kapitalisme – har folk fått det betre?

Samanliknar me leveforholda i dagens verd med korleis folk over heile kloden hadde det på 1700-talet, før kapitalismens gjennombrot, er det vanskeleg å skjønna anna enn at folks levekår er blitt kraftig betra. Heller få vil i dag føretrekka å leva slik formødrene gjorde på 1700-talet. Då kan det knapt vera tvil om at kapitalismen har medført betre leveforhold for arbeidsfolk flest, delvis som resultat av ei fantastisk teknologisk utvikling. Utbyttinga har truleg auka, då det er grunn til å tru at kapitalistane rår over ein større del av «kaka» enn kva overklassen gjorde på 1700-talet, men folks levekår er neppe forverra i forhold til 1700-talet. Utviklinga har vore ujamn, periodar med framgang for arbeidsfolk har veksla med periodar med skjerpa utbytting på verdsbasis, og med endå større variasjonar frå land til land. Periodar med eksplosiv teknologisk vekst har veksla med periodar med noko langsommare utvikling, og ulike grupper av folket har ikkje opplevd framgang (eller forverring) samtidig. Alle slike nyansar er viktige å få fram.

Kva med dagens kapitalisme? Kan me slå fast at kapitalismen i dag har blitt eintydig reaksjonær? Det er for tidleg å seia. Mykje tyder på at dei reaksjonære sidene er langt meir framtredande enn for 50 år sidan. Men me veit ikkje kva som vil skje dersom programmet til folk som Stiglitz, eller Storbritannias Corbyn og USAs Bernie Sanders, hadde blitt prøvd gjennomført. Me skal vakta oss for å fella dommar for tidleg, ut frå ideologisk hovmot, men me kan peika på dei store motsetningane som rir kapitalismen og gjer at kriser vender tilbake med jamne mellomrom. Me kan peika på korleis kapitalismen i dag fremmar sosial dumping og trugar heile klodens livsgrunnlag. Og me kan peika på misforholdet mellom kapitalismen samfunnsmessige produksjonsform og private tileigning. Kapitalisme betyr utbytting. Utbyttinga kan bare opphevast dersom me maktar å avskaffa kapitalismen. Der er eg einig med Michael Roberts.