Bokomtaler: Den nye krigsmaskinen – eit monster

Av Harald Dyrkorn

2019-02 Bokomtaler

Hans Husum:
Skjult. Ny krigsmaskin
Larvik: Forlaget Rødt!, 2018, 224 s.

Av Harald Dyrkorn,
pensjonist og bur på Skarnes. Han er samfunnsvitar med bakgrunn i samfunnsgeografi og sosialantropologi.

Hans Husum, forfattar av Skjult, er ein krigskirurg med 40 års erfaring frå mellom anna Afghanistan  der han arbeidde for Afghanistankomiteen. Han har medisinsk doktorgrad i krigsskadar og har publisert ei rad artiklar i internasjonale tidsskrift. Han har skrive fagbøker om emnet som er utgjevne på 12 språk. Saman med den kurdiske filmskaparen Zaradasht Ahmed laga han i 2016 dokumentarfilmen Nowhere to hide frå krigssonene i Irak. Delar av boka Skjult byggjer på materiale frå denne filmen.

Du merkar det med ein gong du får denne boka i handa: Dette er ei annleis bok. Berre ved å bla gjennom henne merkar du at ho verkar kroppsleg eller affektivt på deg. Der er bilete av menneske som står midt oppe i krigen, kombinert med vitnemål frå kirurgens kvardag i feltsjukehusa der nesten sundsprengde kroppar blir borne inn på operasjonsbordet og kirurgen og hjelparane hans fortvila freistar å bøte skadane. Men trass i denne håpløysa greier Husum å gje lesaren innsikt i korleis krigen har endra seg frå å vere den gamle krigen mellom statar om klårt definerte territorium, til å bli ein hyperkrig der fienden er uspesifisert og dehumanisert.

Den nye krigsmaskinen er eit monster. Dette er ikkje den type krig Carl von Clausewitz skreiv om i si kjente bok Om krigen (Vom Kriege) frå 1832. Under lesinga av Skjult kan det likevel vere nyttig å ta med seg ei viktig påminning frå Clausewitz – at krigen er eit framhald av politikken med andre middel. Den reint militære oppgåva til hyperkrigen viser Husum oss ved å sitere US Air Force general Horner (Nasjonalt Militæruniversitet, 1998):

Oppgava er å ødelegge, nedkjempe og kastrere fiendens vilje til motstand. Målet er å levere ei ferdig pakke av ferdigheter som forårsaker sjokk og avmakt til en slik grad at fienden blir gjort varig impotent.

Du startar kanskje å lese framanfrå – som du elles gjer når du les ei bok – men så oppdagar du desse små myggane som Husum har plassert i margen. Det er interne referansar til andre stader i boka. Ved å følgje desse oppdagar du at boka ikkje er ei vanleg lineær bok, men ein hypertekst. Slik skjønar du at du eigentleg kan starte lesinga kvar som helst i boka, noko Husum også tilrår. Boka er såleis eit rhizom – ein bokmodell Husum nok har henta frå dei franske filosofane Gilles Deleuze og Felix Guattari. Husum bruker også rhizomet som tankereiskap fleire stader i boka. Rhizomet er eit omgrep frå botanikken: ein underjordisk stengel som det stendig dukkar opp nye plantar frå. For å få overblikket kan vi ikkje nøye oss med berre det som stikk opp over bakken.

Husum skriv:

Langsomt gående har du mulighet til å lese skjulte mønstre. Se, teppet av hvitveis i vårskogen, så vakkert! Du plukker en blomst, og en til, og du tror du plukker blomster. Men så enkelt er det ikke. Du napper noen vitale skudd fra et rhizom, en svær rotvev av energi, under bakken. Hvitveisen i handa di er like stor som heile skogen.

I ein handteikna illustrasjon på side 132 har Husum erstatta kvitveisen med uttrykk og termar frå hyperkrigens verd – som jo også er eit rhizom, eit skjult mønster som boka til Husum hjelper oss å avdekke.

Hyperkrigen er ikkje berre ein krig mot konvensjonelle militære installasjonar og avdelingar. Det har utvikla seg til ein bykrig der det handlar om å sprenge kroppar, og framfor alt sivile. I dei store verdsbyane forskansar overklassen seg no i sosiale tilfluktsrom åtskilt frå dei store massane som etter kvart blir til overs. I eit lengre avsnitt om sprengkrafta i moderne bykrigsvåpen med sterke illustrasjonar, viser Husum korleis desse våpna er tilpassa føremålet: sjokk og avmakt. Nye våpen særleg designa til å drepe folk heime. Vi får vite at også i Norden blir det produsert våpen som til dømes på Gaza er blitt brukte mot sivile. Nordic Ammunition Company (NAMMO) med hovudkvarter på Raufoss er verdsleiande i å utvikle nye våpen til moderne krigføring.

Korleis finn hyperkrigsmaskinen sine mål? Husum siterer General Fogelman (US Air Force, 1997): «Tidlig i det 21. århundre skal vi kunne finne, spore og i samme sekund ta ut hva som helst som beveger seg på jordas overflate». I boka blir vi gjort kjende med PRISM, det enorme overvakingsnettet til krigsherrane. Amerikanarane kallar det Obamas søppelsil. Det er eit filter som skal skilje ut uønska menneske. Systemet har mellom anna 500 datastasjonar på bakken – ein av dei på Eggemoen ved Hønefoss. Eit slikt system har vi ikkje sett før. Det er basert på at det imperialistiske krigsmaskineriet ikkje veit kva menneskekroppar kan finne på. Det er eit overvakings- og kontrollregime som opererer i notida med eit blikk på framtida. Det har ein ambisjon om å førutsjå og kontrollere kva desse kroppane i det heile teke kan kome til å gjere.

Frå Tidsskrift for Den norske legeforening 21. juni 2016, har eg saksa frå eit intervju med Hans Husum:

Han peker opp i fjellsiden: – Du vet, ­afghanerne har et uttrykk som jeg lurte på i lang tid. ‘Du vinner ikke en krig uten en god fjellbase’, sa de. ‘Fjellbase, fjellbase, hva er det?’ spurte jeg, og lærte at en fjellbase er et sted hvor du er trygg, har ro, hvor du kan tenke og hvor du har dine nærmeste. Hvis ikke du har en fjellbase, kan du ikke vinne en langvarig fight, forklarer han.

Kva tyder dette for oss? Kva kan vere vår fjellbase mot kreftene bak hyperkrigen? Hans Husum fortel at han har ei «storesyster» – vi treng alle ei slik når vi er utafor og fortvila. Storesystra, Swee Chai Ang, politisk flyktning frå Singapore, krigskirurg og overlækjar på Royal London Hospital seier:

– Gå, og gjør godt, Hans. Gode gjerninger kvalifiserer deg.

– Gjør godt?  Men de dreper jo til og med biene!

– Hvem de?

– Veit ikke.

– Så, se nå til å finne det ut.

– Ja. Vi må vel det.

Fjellbasen – det er solidariteten og samhaldet mellom alle som kjempar mot imperialisme, krig og undertrykking. Til det treng vi slike bøker som denne, og vi må ta oss arbeidet med å lese, følgje vegane som myggane i margen viser oss, bli uroa og prøve å forstå.