Om sosialisme

Av Ben Fine

2011-02

Ben Fine er professor i økonomi ved University of London og forfatter av Om kapitalen av Marx, utgitt av tidsskriftet Rødt!.

Ein kan ta for seg «utsiktene til sosialisme» på 5 ulike måtar. Ein er å lage utopiar. Ein annan er å bygge på erfaringar frå det som blei kalla den faktisk eksisterande sosialismen, ikkje minst den tidlegare Sovjet-blokka. Ein tredje er å finne fram til lommer med sosialistisk praksis innafor kapitalismen. Ein fjerde er å framskrive tendensar innafor kapitalismen i dag når han skaper vilkår for sosialisme, men hindrar gjennomføringa. Ein femte er å bygge på tidlegare og eksisterande kampar ut frå måla og prosessane dei inneber.

Desse fem metodane er ikkje heilt uavhengige av kvarandre, og alle speler dei si eiga rolle i ideologisk og/eller praktisk kamp avhengig av direkte mål og samanheng. Og motsett av vanleg oppfatning hadde Marx mykje å seie om utsiktene til sosialisme frå alle desse synsvinklane. Men med få unntak, viktigast i Kritikk av Gothaprogrammet, er synspunkta spreidde i skriftene hans og ikkje tatt opp til samla behandling.

Mi eiga drøfting vil primært konsentrere seg om dei siste tri måtane. Særleg når det gjeld den tredje, finst det uendeleg mange eksempel å trekke erfaringar frå, særleg – men ikkje bare – erfaringar frå oppgangstidene etter andre verdskrigen i dei utvikla landa. Her spelte staten ei viktig rolle i å sørge for helsestell, utdanning og velferd, i stor grad fritatt det direkte profittkravet. Det er industriar som vart nasjonaliserte, og den viktige rolla dei har spelt i økonomisk og sosial utvikling. Det er viktig å sjå kritisk på måten slike tiltak har vore drive, men likevel sjå dei som vellykka innafor kapitalismen ved at dei la til grunn andre prinsipp og metodar enn profittmotiv. Særleg er det viktig ettersom nyliberalarane har gått til åtak på offentleg sektor generelt dei siste tretti åra. Men ha i minnet at det bare er den historiske opprettinga av offentleg sektor som gjør at privatiserte tiltak kan lønne seg.

Marx sjølv konstaterte at me kan finne planlegging innafor næringslivet som ein normal del av kapitalistisk praksis, sjølv om tilsvarande tiltak på utsida fabrikkporten ofte blir like sterkt motarbeidd, som dei er velkomne og naudsynte på innsida. Internasjonal handel innafor produksjonslivet er eit slåande, meir moderne eksempel. For mens me blir bombardert med det naudsynte og effektive i frihandel, skjer så mykje som førti prosent av slik handel innafor det internasjonale rammeverket til dei same selskapa. Det er ikkje frihandel i det heile tatt, men planlagt produksjon innafor globalt plasserte selskap.

Meir generelt er det tri paradoksale sider ved moderne kapitalisme som eg vil rette søkelyset mot. Den første er at dei materielle vilkåra for kapitalakkumulasjon dei siste tretti åra eller så viser seg ha vore uvanleg fordelaktige, i aukande grad. Kort lista opp og forenkla: produktiviteten stig på grunn av eit vidt spekter av ny teknologi; svekka og dårlegare organisert arbeidarklasse og progressive rørsler, særleg fagforeiningar, politiske parti og anti-imperialistisk kamp; enorm auke i arbeidsstyrken på verdsbasis gjennom migrasjon, den kinesiske vegen til kapitalisme, og aukande kvinneleg deltaking i arbeidsmarknaden; antiimperialistisk samarbeid på høgt nivå under USAs hegemoni, ikkje minst etter samanbrotet av Sovjet-blokka; og nyliberalismens triumf, ikkje minst gjennom kontroll med levekåra sosialt og økonomisk. Paradoksalt då, med desse uvanleg positive vilkåra for kapitalismen, korfor har veksten på verdsbasis vore så låg og attpåtil blitt følgt av ei krise utan sidestykke?

Svaret er å finne i framveksten av finansialiseringa dei siste tretti til førti åra. Dette er eit nytt begrep, der marxistar har spelt ei leiande men langt frå eksklusiv rolle i utforminga, og dei har seg i mellom synt stor usemje om innhald og verknad. Eg kan ikkje gå gjennom litteraturen her, men eg vil framheve i kva grad finansnæringa har blitt klart leiande i økonomisk og samfunnsmessig reproduksjon, både horisontalt og vertikalt. Det har senka akkumulasjonsnivået ved at realkapitalen er underordna fiktiv kapital, slått ein kile mellom dei to; restruktureringa av realkapitalen har blitt mindre effektiv; og det har blitt skadeleg for dei sosiale, politiske og ideologiske vilkåra som akkumulasjonen har gått føre seg under. Eit slåande mål på finansialiseringa er at finansielle aktiva målt mot global BNP har blitt tridobla dei siste tretti åra. Korfor treng me tri gonger så mange aktiva per BNP-eining? Svaret er at det gjør me ikkje, og det viser at det kapitalistiske systemet under herredømmet til finansmakta er ekstraordinært dysfunksjonelt.

Det blei klart så alle kunne sjå det i den siste krisa, og på akutt vis. Ein konsekvens, unik etter mi erfaring, er at arbeidarklassen og dei fattige (særleg i starten), ikkje fekk skulda for krisa på grunn av for gode sosiale og økonomiske vilkår. Like fullt, som eit nytt paradoks, og særleg etter at søkelyset på finans er dempa gjennom freistnadene på å gå attende til business as (un)usual: det er arbeidarklassen og dei fattige ein ventar skal bere konsekvensane av krisa i form av tapte jobbar, lågare lønn, forverra arbeidsvilkår, reduserte velferdsordningar og andre offentlege tiltak. Kvinner vil sannsynlegvis bli særleg hardt ramma, men er minst knytt til finansielle kjeltringstrekar.

Eit tredje paradoks: trass i at krisa taler overbevisande for sosialisme (sjå seinare), så har svært få alternativ komme fram i kjølvatnet av ho. Det ser til og med ut som nyliberalismen har styrka grepet på både økonomi og tidlegare meir progressive parti, når dei i regjeringsposisjon og til og med utanfor underordnar seg oppgava å attvinne tiltrua til finansverda. Dette speglar tydeleg at arbeidar- og progressive rørsler er veike. Men det er mykje meir enn det: finansialiseringa har vore ein nøkkelfaktor og eit kjenneteikn for nyliberalismen, som har skapt og styrka finansielle elitar, som har utøvd sin påverknad i institusjonar og prosessar i styringsverk og i politikken allment. Det forklarer at så få sosialistiske alternativ har utvikla seg dei siste tretti åra. Og dei som har utvikla seg, har vore svært avgrensa i kva dei kan oppnå og korleis.

Men som nemnt kan ikkje behovet for alternativ vere tydelegare. Sjå følgande kommentar etter eit G20-toppmøte som skulle handtere krisa:1

Store summar er på kort varsel funne fram for å redde bankane, men pengar til å redde den fattigaste milliarden i verda vil aldri bli mobilisert. Sjå til dømes dei 50 milliardar dollar toppmøtet vart samde om til utviklingslanda opp mot overslaget på 8400 milliardar å redde bankane. Som Oxfam nyleg sa, det siste beløpet er nok til å fjerne ekstrem fattigdom på verdsbasis i femti år.

På liknande vis, mens eg skriv, har Obama nettopp lagt til nye 600 milliardar dollar med «kvantitativ lette», meir enn det dobbelte av det som trengst for å gi vatn og kloakk til det store fleirtalet av byar i tredje verda. Det er lettare å skaffe pengar til å leite etter spor av vatn på Mars enn til å forsyne folk med det på Jorda.

Nærmare heime: Banken Northern Rock blei redda av den britiske regjeringa. For litt meir enn ti år sidan gav dei husfinansiering på non-profittbasis. Så blei han omgjort til privat bank, gjekk inn i dårlege lån saman med Lehman Brothers, og hadde behov for 30 milliardar pund for å redde seg frå krisa. Det mest openbare spørsmålet er: kva er poenget i å fylle offentlege pengar i private bankar for å finansiere private bustader når dei same pengane kunne vore nytta til å bygge hus direkte? Hugs også at dei offentlege midla som skulle til for å redde det private banksystemet, langt overgjekk det staten totalt fekk inn på privatiseringa. Det viser at kapitalismen har evne til å mobilisere store ressursar, men bare for å redde finansnæringa, ikkje for å fremme velferd og utvikling. Tvert om, krisa fører til arbeidsløyse og økonomisk og sosial forverring når framsteg og levekår blir ofra på finansnæringas alter. Men det vil ikkje skje og har ikkje skjedd utan motstand, trass i kommentarane ovanfor om veike progressive krefter. Kampar vil oppstå spontant, stykkevis og fragmentert, og må følgast opp av styrka organisering og kampvilje for å nå utover krava frå finansverda. Jamvel nasjonalisering av finans er ikkje nok og kan fungere mot si hensikt fordi det har blitt eit våpen for å rehabilitere finanssystemet, ikkje reformere eller forby det. Slik det slåande blir vitsa: «Det er ikkje finansdepartementet som har nasjonalisert dei mislykka bankane, men dei mislykka bankane som har privatisert finansdepartementet.»

Ta klimaendringane og det prisverdige britiske framlegget om støtte til ein million grønne jobbar2 – spesifisert innafor transport, bustader og energi spesielt. Det står i skarp kontrast til finansialiseringa av miljøet og framveksten av ikkje bare handel, men framtidig handel med karbon. Det er i alle fall å handle med retten til å forureine minst like mykje, om ikkje meir i framtida, så lenge det i tillegg blir gjennomført somme truleg meir miljøvennlege tiltak.3

Likevel er ein million grønne jobbar oppnåelege under kapitalismen, sjølv om det er sannsynleg at dei vil møte motstand og hindringar: dei representerer ein annan måte å gjøre ting på som både utfordrar eksisterande maktforhold og skaper ein opinion for nye tiltak. Men generalane i industrien vil – sjølv om dei godtar grønne jobbar – bruke det som grunngiving for å forureine miljøet som før. Det peikar på at tekniske løysningar er naudsynte, men ikkje nok. Me treng alternativ politikk, ikkje bare alternative handlingsprogram og politikarar. Og me treng alternative styringsformer og ikkje bare alternative regjeringar i ei verd som er dominert av ein finansialisert og globalisert kapitalisme. Eit nyliberalt maktapparat og -metodar held beslutningsprosessane langt unna kontroll og deltaking for vanlege menneske, trass i den betydinga slike beslutningsprosessar har for dei.

Kort sagt vil kamp nedanfrå og jamvel tilfeldige progressive initiativ ovanfrå den kommande perioden utvikle seg spontant. Som alt peika på, kviler utfordringa og utsiktene for sosialisme på å styrke, spreie og sameine slike kampar og initiativ.

Viktige vurderingar av privatisering og jakta på alternativ kan du sjå her: http:// www.municipalservicesproject.org/

Vurderingar av finansialiseringa og rolla ho har i den noverande krisa finn du i Ben Fine og Alfredo Saad-Filho (2009) Om Kapitalen av Marx, femte utgave, på norsk, kapittel 15; og i kapittel 14 ei drøfting av staten, globalisering, sosialisme og miljøet.

Notar:

  1. Sjå W Naudé (2009) «The Financial Crisis of 2008 and the Developing Countries», UNU -Wider Discussion Paper, no 2009/01, http://www.wider.unu.edu/publications/workingpapers/ discussion-papers/2009/en_GB/dp2009- 01/_files/80843373967769699/default/dp2009-01. pdf
  2. Sjå «One Million Climate Jobs: The Economic and Environmental Crises», London: Campaign against Climate Change, http://www.climate-change-jobs.org/sites/default/ files/1MillionClimateJobs_2010.PDF
  3. Sjå Larry Lohman og Sarah Sexton (2010) «Carbon Markets: The Policy Reality», Global Social Policy, 10(1): 3-6.