Var Thrane marxist?

Av Håkon Brimsø

2021-03 Bokomtaler

Harald Berntsen:
Marcus Thrane – en foranskutt sosialdemokrat – Et portrett i politisk idéhistorie
(2021)
Norge: Svein Sandnes bokforlag. 384 s.
Av Håkon Brimsø, historieutdanna bibliotekarstudent

Marcus Thrane (1817-1890) er ein sentral, men på enkelte punkt ein uhandgripeleg figur i norsk arbeidarhistorie. Som leiar av landet sin første reine arbeidarorganisasjon la han ned grunnarbeidet som den norske arbeidarrørsla framleis byggjar vidare på. I eit før-industrielt Noreg presterte Thrane på få år å mobilisere ei folkerørsle som lett kunne måle seg med tilsvarande organisasjonar i resten av verda. Denne rørsla har blitt skildra i fleirfaldige bøker og avhandlingar i ettertida, men eit aspekt med Marcus Thrane er det knapt nokon som har prestert å lage eit heilskapleg portrett av: Arbeidarleiaren sin plass i den politiske idéhistoria.

Harald Berntsen har tidlegare skrive omfattande biografiar om bla. Johan Nygaardsvold og Per Borten, samt fleire bind om eigen oppvekst, erfaringar og politisk utvikling. Med Marcus Thrane -en foranskutt sosialdemokrat – Et portrett i politisk idéhistorie kjem Berntsen med ein grundig gjennomgang av ideane og folka som forma mannen bak den tidlege arbeidarrørsla. I tillegg til Thrane sjølv, handlar boka minst like mykje om filosofane og teoretikarane som inspirerte (og ikkje inspirerte) han, spesielt i tida etter revolusjonsåret 1848. Ein får òg servert kvasse portrett av både kameratar og krasse motstandarar av Thrane, både i og utanfor hans eiga rørsle.

Det sentrale spørsmålet Berntsen går inn for å få svar på er i utgangspunktet enkelt: «Var Marcus Thrane på nokon måte marxist»? Svaret frå Berntsen er eit klart «nei». Trass i at Thrane levde, agiterte, og skreiv samstundes som den jamgamle Karl Marx (1818-1883), finnes det ifølgje Berntsen få bevis på at den vellærde og verdsvande nordmannen nokon gong kom i kontakt med den banebrytande filosofen.

Som tittelen kanskje avslørar, var Marcus Thrane ifølgje Berntsen ein «foranskutt sosialdemokrat». Kort sagt var ikkje Thrane ein revolusjonær som ville velte heile den rådande samfunnsordninga. Han hadde som mål å innføre progressive og omfattande reformer for å gje den veksande arbeidarklassen ein plass rundt bordet i styringa av samfunnet, i første omgang gjennom innføringa av allmenn røysterett. Trugselen om revolusjon skulle vere eit verktøy for å presse fram desse reformene. Val av denne taktikken var òg grunna i ei uro for den rådande kontrarevolusjonen i Europa, som blant anna jobba hardt for å velte den andre franske republikken av 1848. Dette uttalte målet om fredeleg overgang til arbeidarstyre hindra ikkje det norske statsapparatet, med statthaldar Løvenskiold i spissen, frå å fengsle leiarane i Thranittarrørsla i 1851, og på denne måten lamslå den norske arbeidarrørsla dei neste 20 åra.

Berntsen drar konklusjonane sine ut ifrå ei god del spekulering, men grunnar desse konklusjonane med ein grundig og omfattande analyse av tilgjengelege kjelder. Med utgangspunkt i oversikta over Thrane sine lån hjå Universitetsbiblioteket, samt nøye saumfaring av Arbeider-Foreningernes Blad (1849-1856), puslar Berntsen vidare på det store biletet av Marcus Thrane som andre biografar har byrja på, no med nye brikker.

Thrane leste før og under fengslinga i 1851-1858 fleire verk av før-marxistiske radikalarar som William Godwin, Max Stirner og Pierre-Joseph Proudhon, samt borgarlege naturrettsfilosofar som John Locke og Adam Smith. Thrane sin vyrdnad for Proudhon får særskild merksemd i boka, noko som legg grunnlaget for mykje av Berntsen sin vidare analyse. Trass interessa for den franske anarkisten sine skrifter, er det ifølgje Berntsen ein forsvinnande liten kjangs for at Thrane nokon gong fekk med seg Karl Marx sin kritikk av Proudhon sine økonomiske analysar og foreslegne metodar, for eksempel i Das Elend der Philosophie frå 1847. I skildringa av Proudhon sine tankar og korleis dette påverka Thrane, skriv Berntsen ut ifrå Marx sin kritikk av Proudhon, noko som på godt og vondt blir symptomatisk for analysen i resten av boka. Desse reint teoretiske delane av boka kan nok fort møte lesaren som eit brått gir-skift om ein ikkje har marxistisk teori eller filosofisk terminologi heilt under huda, men Berntsen klarer til slutt å runde av på ein klar måte.

Lite tydar på at Thrane var heilt samd med eller i det heile tatt merksam på Marx sin arbeidsverditeori og historiske materialisme. Berntsen peiker på at Thrane sin analyse av økonomien og samfunnsordninga i utgangspunktet baserte seg på det reint sanselege, og det ein enkelt kan kalle sunn fornuft og kristen moral. Thrane meinte at kapitalismen strida mot den naturlege ordenen, men gjekk aldri så langt at han ville oppheve eigedomsretten som den borgarlege staten han kritiserte vart bygd på. I seinare tid skjerpa Thrane retorikken og skiljelinjene mellom arbeidarar og kapitalistar i artiklane sine, men braut ifølgje Berntsen aldri heilt med den før-marxistske sosialismen. Thrane var ein eklektisk idealist, som kunne vere tilsynelatande sjølvmotseiande til tider, noko som i det heile er talande for den brytningstida han fann seg sjølv i.

Då det frå før av ikkje finnes mangel på litteratur om Marcus Thrane og folkerørsla han starta, kan ein fort gjere feilen å tenkje at dette er eit tilstrekkeleg dekka interessefelt innan norsk historieskriving. Harald Berntsen klarar å vekke ny interesse for både gamle og nye spørsmål som andre Thrane-biografar samla sett har latt gå under radaren. Trass lett diskutable val av metode, har Berntsen prestert å setje saman eit verk som bidrar sterkt til vidare diskusjon rundt den tidlege arbeidarrørsla i Noreg, og som på fleire måtar er eit viktig supplement til den tidlegare eksisterande Thrane-litteraturen.