Sekstimarsdag i krisetider

Av Ebba Wergeland, Magnhild Folkvord

Nr 1 2010

Kan finanskrisa gi nye sjansar til å prøva sekstimarsdagen? Kva må i så fall til for at slike forsøk skal bli vellykka?
Kan sekstimarsdagen brukast til å dempa noko av skadeverknadene av den arbeidsløysa som følgjer av finanskrisa?

Ebba Wergeland er lege og spesialist i arbeidsmedisin.
Magnhild Folkvord er journalist i Klassekampen

Ideen om å dela på arbeid i krisetider er på ingen måte ny. På 1920- og 1930-talet vart krav om sekstimarsdag reist i fagrørsla. LO stod for full lønnskompensasjon, men somme stader oppmoda arbeidslause til at det ikkje skulle stillast krav om full lønnskompensasjon – ut frå ein tanke om at det ville gjera det lettare å få gjennomført arbeidsdelinga.

 

Aukande arbeidsløyse

 

Det er spådd ei arbeidsløyse i 2010 på 3,5 til 3,75 prosent. I oktober 2009 var den registrerte arbeidsløysa 3,2 prosent.

 

I desember 2009 var det registrert 20 000 fleire heilt arbeidslause hos NAV enn på same tid i 2008. I 2010 kan det i følgje spådommane bli 10–13 000 fleire heilt arbeidslause enn i 2009.

 

NAV opererer med tre kategoriar av arbeidslause: «heilt ledige», «delvis ledige» og «ordinære tiltaksdeltakarar». I desember 2009 var om lag 70 000 «heilt ledige» og vel 31 000 «delvis ledige», 11 000 fleire enn på same tid året før. («Delvis ledig» kan vera alt frå ein deltidsarbeidar som ønskjer meir arbeid, til ein som er «heilt ledig», men har registrert nokre timars arbeid på meldekortet til NAV for dei siste to vekene.) Vel 20 000 var «ordinære tiltaksdeltakarar», nesten 9000 fleire enn året før. Det er folk som går på kurs i NAV-regi eller som har ein jobb med ei eller anna form for lønnstilskott. Noko av dette kan føra vidare til ordinær jobb, men så lenge folk er «på tiltak» har dei ikkje ein ordinær jobb.

 

Legg vi saman desse tre gruppene, blir talet på arbeidslause i desember 2009 om lag 120 000 – vesentleg meir enn dei om lag 70 000 som var registrert som «heilt ledige». Og om dette talet aukar i same takt som talet på heilt arbeidslause, kan vi vera oppe i 140 000 i 2010.

 

Sprikande tendensar

 

Førebels har den internasjonale finanskrisa som vart synleg hausten 2008, hatt direkte konsekvensar for ein relativt liten del av arbeidsstyrken i Noreg, med bygg og anlegg og finans og eigedomsforvalting som dei viktigaste. Offentleg sektor, den største arbeidsplassen for kvinner, er mykje mindre konjunkturavhengig. Men for den som mistar jobben, er konsekvensane like alvorlege anten det er to eller ti eller tjue prosent som opplever det same.

 

Korleis arbeidsmarknaden kjem til å sjå ut i dei næraste åra er avhengig av mange sider ved utviklinga. På somme område kan det bli «overskott» av arbeidskraft, på andre område «underskott».

 

Internasjonal finanskrise påverkar etterspurnaden etter vissevarer, og kan raskt føra til nedtrapping i delar av norsk industri, oppseiingar og permitteringar. Produksjon av bildelar er eitt eksempel.

 

Redusert etterspurnad eller skjerpa internasjonal konkurranse kan føra til større vekt på automatisering og effektivisering, slik at det blir bruk for færre folk i produksjonen.

 

Konkurranseutsetjing av offentleg verksemd kan føra til meir utstøyting – eldre og ikkje hundre prosent friske arbeidstakarar blir utkonkurrerte.

 

Det at folk lever lenger, vil gjera at det trengst fleire folk i delar av offentleg sektor som driv tenesteyting til eldre. Dette vil krevja at arbeidskraft går frå privat til offentleg sektor eller import av arbeidskraft.

 

Klimakrisa må få følgjer for det overforbruket som pregar dei rikaste landa i verda, og produksjonen må leggjast om. Det kan vera rett å redusera noko produksjon, til dømes av bilar og fly, og auka anna produksjon, som til dømes sykkeldrosjar.

 

Frå krisetiltak til velferdsreform

 

Vårt utgangspunkt er ikkje at sekstimarsdagen i seg sjølv kan hindra kriser, men vi ønskjer å sjå om krisa kan gi eit ekstra pådriv til å gjera nye erfaringar med sekstimarsdagen. Motiveringa er at vi meiner seks timars normalarbeidsdag bør bli den neste store velferdsreforma, heilt i tråd med kva forbundsleiar Jan Davidsen i Fagforbundet har uttalt ved fleire høve (mellom anna i VG 29.6.2009).

 

For å styrkja det politiske kravet om seks timars normalarbeidsdag er det viktig å skaffa fram mest mogeleg erfaringsmateriale. Sekstimarsdag som kriseløysing kan gjera livet lettare for den som elles ville bli arbeidslaus. Og di fleire som får sjå at sekstimarsdag er mogeleg, di større trur vi sjansane er for at det blir reist som eit velferdskrav.

 

Vi vil sjå på tre døme der vi meiner mellombels innføring av sekstimarsdagen kunne ha gjort ein vesentleg skilnad.

 

Omstilling med utstøyting

 

I løpet av 90-talet og dei første åra etter 2000 førte omstilling og privatisering til at fleire tusen tidlegare statleg tilsette vart arbeidslause.

 

Fafo-forskarar har mellom anna sett på kva omstillingane i Posten, Statens vegvesen/ Mesta, Skatteetaten og politiet førte med seg av utstøyting frå arbeidslivet.

 

Det tidlegare Postverket gjennomførte den mest omfattande nedbemanninga – frå om lag 32 400 tilsette ved inngangen til 1990-åra til om lag 24 400 i konsernet Posten i 2004. Mesta gjennomførte ei omfattande nedbemanning i 2003. I Skatteetaten og politiet førte omstillingane ikkje til mykje nedbemanning.

 

Fafo-rapporten viser at tilsette i Posten hadde større risiko for å bli arbeidslause enn andre, og større risiko for å komma på attføring enn gjennomsnittet av arbeidstakarane. I Posten ser forskarane ein direkte samanheng mellom omstillingsprosessane og omfanget av uføretrygding, men også i Mesta er det mykje som tyder på ein slik samanheng.

 

I 2003 var det 33 prosent større sjanse for at ein posttilsett ville bli ufør enn ein tilsett med tilsvarande utdanning og arbeidsoppgåver elles i arbeidslivet.

 

I 2004 hadde nesten 1400 tidlegare tilsette i Posten rett til ventelønn. (Ventelønn er eit tryggingsnett for tenestemenn som blir oppsagde fordi arbeidet fell bort, som ved nedbemanning og omorganisering.) Kvinner og tilsette med låg utdanning vart hardast ramma av dei ulike formene for utstøyting.

 

Ikkje noko tyder på at helsetilstanden i Posten og Vegvesenet i utgangspunktet var dårlegare enn elles i arbeidslivet. Men når du held på å mista jobben, kan ein helsesvikt som tidlegare var til å leva og arbeida med, gjera deg arbeidsufør i høve til nye jobbar, slik at du ender på uføretrygd etter arbeidsløyse, sjukmeldingar og attføringsperiodar. Det går også fram av Fafo-rapporten at både tilsette og tillitsvalde oppfatta at produksjonspresset auka etter omstillingane. Dei som heldt fram i jobben kunne bli funksjonshemma i høve til strengare jobbkrav og havna på uføretrygd i neste runde.

 

Kva om Posten og/eller Vegvesenet/Mesta hadde nytta sjansen til å prøva sekstimarsdag? Det ville gitt jobb til ein heil del av dei som vart overtalige og seinare støytte ut av arbeidslivet. Sannsynlegvis kunne fleire stått lenger i arbeid, noko som i andre samanhengar blir sett på som ei høgverdig målsetting.

 

Ei innvending frå arbeidsgivarsida ville vera at sekstimarsdag ville kosta så mykje at det ville eta opp mykje av innsparingsgevinsten ved omstillinga. For private arbeidsgivarar er kostnader med uføretrygding og auka arbeidsløyse ikkje eit problem, dei må det offentlege bera. Desse tidlegare statlege verksemdene tenkjer som ein privat arbeidsgivar.

 

Kva om nokre av dei millionane som gjekk til ventelønn og utbetalingar til arbeidslause og uføretrygda, var brukt til å subsidiera ei utprøving av sekstimarsdagen?

 

Om dette vart gjort med grundige førebuingar i samarbeid med dei tilsette, ville det høgst sannsynleg gitt positive resultat: mindre utstøtying, fleire i arbeid, færre på trygd.

 

Noko av dette kunne ein måla i kroner, som lågare utbetalingar på trygdebudsjettet. I tillegg kjem den mindre målbare, men ikkje mindre viktige verdien i at folk får høve til å delta i arbeidslivet istadenfor å bli støytte ut.

 

Ikkje alle ville lika smitteeffekten. Hundrevis av menneske ville gå omkring og snakka til venner og kjente om kor fint det var med seks timars arbeidsdag, kor fint det var å ikkje vera utsliten når ein kom frå jobben, å ha tid til å vera meir i lag med barn, barnebarn og andre viktige personar, meir tid til å vera ute, til å trena, og kva dei no elles måtte ha lyst til å bruka meir fri tid til.

 

Frå industri til barnehage

 

Krisa kan føra til at tusenvis blir arbeidslause på same tid som det trengst nye tilsette i tusental i kommunane, særleg i barnehagar og i pleie- og omsorgssektoren.

 

Vi har høyrt at det er meiningslaust å snakka om sekstimarsdag, problemet er mangel på arbeidskraft. «Da må folk jobba meir, ikkje mindre!» Vi trur tvert om at sekstimarsdagen kan løysa noko av dette. Ser vi privat og offentleg sektor under eitt, er ikkje det største problemet mangel på arbeidskraft, men fordelinga av arbeidskrafta. Det er «overskott» av arbeidskraft somme stader og «underskott» andre stader.

 

Ein del av dei som blir arbeidslause i privat sektor, finn sjølve fram til ledige jobbar i offentleg sektor, slik som ein industriarbeidar Aftenposten fortalde om 4. januar i år. 33-åringen som akkurat hadde mista jobben på Follum bruk ved Hønefoss på grunn av oppseiingar, sa han godt kunne tenkja seg å arbeida i barnehage. Men slike eksempel er sjeldne.

 

Skal folk skifta beite, må ein ikkje gløyma at dei fleste vil ha bruk for å læra seg eit nytt fag. For somme kan det vera ei alvorleg hindring, for andre ein spennande sjanse til å prøva noko nytt. For det store fleirtalet er det rimeleg å tru at det trengst motivering på fleire vis. Der kan sekstimarsdagen vera ein nøkkel.

 

Dersom ein innfører seks timars normalarbeidsdag i dei delane av offentleg sektor som mest treng arbeidskraft, vil det for svært mange vera eit godt argument for å søkja seg akkurat dit.

 

Men kostnadene vil auka. Kommunane som treng meir arbeidskraft til eldreomsorg og barnehagar vil seia at dette har dei ikkje pengar til.

 

Statlege tilskott må til. Også her er det eit spørsmål om å sjå ting i samanheng. Det som etter bedriftsøkonomisk tenking blir for dyrt, kan bli lønnsamt i ein samfunnsøkonomisk samanheng.

 

For å få fart på slike tiltak, kan ein tenkja seg ein spesiell krise-pakke frå staten til dei kommunane som ønskjer å gå nye vegar: Eit tilskott må dekkja ein vesentleg del av kostnadene med å redusera arbeidsdagen. Vilkåret må vera at kommunen legg til rette for at folk som har blitt arbeidslause i andre sektorar, får høve til ny jobb. NAV har ordningar med både tilskott til opplæring (arbeidsmarknadsopplæring) og lønnstilskott der det trengst for å hjelpa til med å skaffa arbeidslause ny jobb. Slike ordningar kan både utvidast og gjerast meir skreddarsydde, dersom det politisk er ønskjeleg. Samansettinga av arbeidsmarknadsopplæringa varierer «ut i fra behov i arbeidsmarkedet », heiter det på NAV sine heimesider.

 

Er det politisk vilje til det, kan ein tenkja seg at det blir lyst ut nokre få slike krisepakkar, og dei fem eller ti kommunane som leverer dei beste søknadene, får vera med på eit nyskapande forsøk. Gode røynsler ein stad vil gi andre mot på det same.

 

Sekstimarsdag eller firedagarsveke?

 

Det siste eksemplet handlar om dei verksemdene som på grunn av krisa vel å redusera produksjonen i ein periode, til dømes ved å gå ned til fire dagars veke, eller ved å permittera ein del av arbeidsstokken.

 

Desse kriseløysingane kostar minst for arbeidsgivaren, men det kostar mykje for arbeidstakarane. Slik reglane for dagpengar er no, må arbeidstida vera redusert med minst 50 prosent for at du skal få dagpengar for dei dagane du ikkje er på jobb.

 

Men kva må til for at ein i staden skal nytta høvet til å prøva ut sekstimarsdagen? I arbeidstimar er det det same som fire dagars veke. Kven vel sekstimarsdag framfor firedagers veke? I hovudsak har permitteringar og oppseiingar som følgje av krisa til no komme på mannsdominerte arbeidsplassar der sekstimarsdagen tradisjonelt ikkje har stått øvst på ønskelista. Dersom arbeidstida først skal kuttast ned, er det i slike miljø tradisjon for å tenkja at lengre helg er eit gode. Det gjeld enno meir dersom arbeidstakarane har lange arbeidsreiser. Men det burde ikkje hindra at nokre kan ha ei anna fordeling av arbeidstimane.

 

Anten det er firedagarsveke eller sekstimarsdag, vil arbeidsgivar i utgangspunktet betala same timelønn som før.

 

Også her kan ein tenkja seg statlege krisepakkar som oppmodar til å gå nye vegar.

 

Fagorganiserte har ved fleire høve stilt krav om at dagpengereglane blir endra til slik det var tidlegare. Da vart det utbetalt dagpengar når arbeidstida var redusert med minst 20 prosent. Det vil opna for sekstimarsdag med delvis lønnskompensasjon. Er arbeidsgivar villig til å betala mellomlegget (den siste tredelen) mellom dagpenger og full lønn, blir det sekstimarsdag eller firedagarsveke med full lønnskompensasjon. Sekstimarsdag som alternativ til kortare veke vil uansett krevja ein aktiv innsats frå fagrørsla.

 

LO stadfesta på kongressen i 2009 målsettinga om å skaffa meir kunnskap om og erfaring med sekstimarsdagen, og har alt laga eit rettleiingshefte om forsøk med sekstimarsdag (Seks timars arbeidsdag 30 timars arbeidsveke. Ei rettleiing. Oslo 2009).

 

Kva med ei spesialgruppe frå LO (sentralt eller lokalt) som kan rykkja ut der det finst vilje til å prøva sekstimarsdagen? Spesialgruppa kan i første omgang bidra med innspel i ein diskusjon om dagleg arbeidstidsforkorting. Det er gjort gode erfaringar med sekstimarsdag også på mannsdominerte arbeidsplassar, noko mellom andre skiferarbeidarane hos Minera på Oppdal og Otta kan fortelja om.

 

Skal eit forsøk med sekstimarsdag lykkast, må det vera noko arbeidstakarane verkeleg har lyst til å prøva, iallfall for ein periode. Sekstimarsdagen som eit pålegg ovanfrå har langt mindre sjanse til å bli vellykka. Går ein først inn for å prøva, er det viktig å finna ut korleis arbeidstida skal plasserast i døgnet. Er det bra å starta tidleg? Er det nokon som treng eigne ordningar på grunn av levering og henting av barn i barnehage? Må det vera lik start og slutt for alle, eller er det rom for litt fleksibilitet?

 

Erfaringane må samlast – og nå ut til andre

 

Kven skal ta ansvar for ei systematisk registrering av erfaringane? Verksemdene kan gjera det sjølve eller få hjelp utanfrå, til dømes frå forskingsinstitusjonar. For fagrørsla må det vera viktig å vera med i utforminga av slike oppdrag.

 

Dess fleire vellykka forsøk, dess større smittefare. I Trondheim parkering vart eit vellykka forsøk med sekstimarsdag for parkeringsbetentane avslutta i 2008. Ordninga vart ikkje vidareført, sjølv om det ikkje hadde kosta arbeidsgivar ei krone ekstra. Dei tilsette var godt nøgde med sekstimarsdagen. Tilsette i andre delar av bedrifta, som også gjerne ville ha sekstimarsdag, hadde forståing for at det kunne ta tid før ein kunne gjennomføra ordninga for alle. Kanskje var det smittefaren som gjorde at korkje bedriftsleiinga eller styret for bedrifta gjekk inn for å vidareføra ordninga?

 

Kjelder:

  • Fafo-rapport 530 Sissel Trygstad, Thomas Lorentzen, Espen Løken, Leif Moland og Nina Skalle: Den nye staten Omfang og effekter av omstillingene i staten 1990–2004 Hovedrapport. Oslo 2006
  • Fafo-rapport 537 Sissel Trygstad og Espen Løken: Den nye staten. Kortversjon. Oslo 2006.
  • Magnhild Folkvord og Ebba Wergeland: Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma. Oslo 2008.
  • LO: Seks timars arbeidsdag 30 timars arbeidsveke. Ei rettleiing. Oslo 2009