Støtt den palestinske frigjeringskampen

Av Harald Haukaa Fjørtoft

Nr 4 2015

Ebba Wergeland har ein kommentar til min artikkel om Palestina i siste Rødt.

Eg kan ikkje sjå at me er grunnleggjande usamde.

Først; eg har ikkje hatt kontakt med PFLP og nemner dei berre i samanhang med andre organisasjonar, men med referansar til deira politiske vurdering av frigjeringskampen framover. Dei er ein av organisasjonane som står for væpna frigjeringskamp, noko som prinsipprogrammet til Palestinakomiteen stør. Er det dette reaksjonen grunnar seg på?

Når det gjeld kven som skal få støtte «som står for riktig politikk og aktiv motstand, var grupper som fikk 5 % oppslutning i siste valg – som PFLP boikottet." Dette meiner ikkje eg, men det er desse gruppene med utgongspunkt i Stop the Wall Campaign, som Palestinakomiteen har konsentrert sitt lokale støttearbeid om.

I mykje av det lokale motstandsarbeidet har Palestine People´s Party, det gamle Sovjet-orienterte kommunistpartiet, sentrale aktivistar og organisatorar til trass for at partiet mista svært mange tillitsvalde, medlemmar og folkeleg støtte då dei støtta Oslo-avtalene.

Land Defense Coalition har sitt utgongspunkt i aktivistane bak Stop the Wall Campaign. Dette er eit forsøk på å samle ei splitta motstandsrørsle. Sjølv om dei enno er små, er dette eit initiativ eg meiner det er rett å gje politisk og praktisk støtte til. Meiner ikkje Ebba Wergeland det?

«Norsk fagbevegelse bør ikke gi «praktisk og økonomisk støtte» til bestemte fløyer av den palestinske fagbevegelsen» seier Ebba Wergeland. Eg går ut frå at ho meiner det samme om Palestinakomiteen og deira aktivitet i Palestina. Motstandsrørsla i Palestina er splitta og prega av organisasjonssjåvinisme. I tillegg er den aktive motstandsrørsla i stadig sterkare opposisjon til styresmaktene og Abbas-regimet som mange ser som eit Quisling-regime. Med eit slikt standpunkt vert det umogeleg å støtte motstanden og å sende solidaritetsarbeidarar til Palestina.

Når det gjeld spørsmålet om at «Norsk fagbevegelse skal ikke styre Palestina", så er dette og både mitt og prosjektgruppa Workmates Norge-Palestina i Palestinakomiteen sitt faglege utval sitt standpunkt. Det eg og gruppa arbeidar for er direkte kontakt mellom palestinsk og norsk fagrørsle på den palestinske fagrørsla sine premissar. Den palestinske fagrørsla er svært samansatt og til dels med store motsetningar. New Unions som gruppa av tillitsvalde og medlemmar av den norske fagrørsla i Palestinakomiteen, Workmates har gjeve noko støtte til, er eit forsøk på å byggje opp ei aktiv og ukorrupt fagrørsle på tvers av og uavhengig av politiske parti og organisasjonar.

Fagrørsla til dei palestinske styresmaktene, PA, og Fatah, Palestinian General Federation of Trade Unions, PGFTU, er i stor grad eit organ for styresmaktene, har liten aktivitet for arbeidarklassen og deira løns- og arbeidsvilkår og får millionar i internasjonal støtte frå faglege organisasjonar. Mi røynsle etter å ha hatt spesielt fokus på fagrørsla, er at organisasjonen er prega av pampevelde og korrupsjon.

Ebba Wergeland påstår at eg «bygger på erfaringene fra et tre måneders opphold på Vestbredden som solidaritetsarbeider». I snart 50 år har eg støtta den palestinske frigjeringskampen og har vore i Palestina tidlegare. Dette liknar på ein hersketeknikk Ebba Wergeland med sitt mangeårige og viktige arbeid for palestinarane, burde vera for god til.

Harald Haukaa Fjørtoft