Oljedollar og draumar – i Midtausten

Av Adam Hanieh

2014-03

Eit slåande trekk ved bortimot all politikk i den arabiske verda i dag er den sentrale rolla dei seks statane i Gulf Cooperation Council (GCC) har: Saudi-Arabia, Qatar, Kuwait, Dei sameinte arabiske emirata (SAE), Bahrain og Oman.

For å snu den nyliberalistiske utviklinga i Midtausten må ein utfordre dei mektige

Adam Hanieh har PhD i Political Science ved School of Oriental and African Studies (SOAS) i London, og er med i redaksjonen for Historical Materialism. Han har skrive boka Lineages of Revolt: Issues of Contemporary Capitalism in the Middle East. Artikkelen sto i det amerikanske magasinet Jakobin, og er omsett til norsk av Gunnar Danielsen.

Frå starten på dei arabiske opprøra seint i 2010 har GCC-statane (se bildet) – særleg Saudi-Arabia og Qatar – vore involvert i ei rekke finansielle, diplomatiske og militære initiativ. Dei har vist seg som dei viktigaste arabiske kanalane for midtaustenpolitikken til USA og Europa, og har arbeidd for å undergrave og styre retninga på kampane i regionen.

Tri Golf-statar – Saudi-Arabia, Oman og særleg Bahrain – opplevde omfattande protestar. Dei vart møtt med valdeleg statleg undertrykking og stille forsikringar frå vestlege regjeringar om støtte til status quo. Den vilkårslause vestlege støtta til dei oljerike monarkia vart gjengjeldt med Golf-statane si kjernerolle som støttar for USAs og Europas politikk i regionen, og viser korleis slike fellesinteresser styrer Midtausten i dag. Det er denne maktaksen som må vere i sentrum for å forstå politikken i Midtausten i vår tid.

Ein konsekvens av Golfens nye status er veksande interesse på venstresida for sosiale, økonomiske og politiske drag ved regionen. Det er eit velkomme brot med fortida, der Golfen fekk lite merksemd frå andre enn ei snever gruppe akademiske spesialistar, som alt for ofte var forelska i orientalistiske bilete av stammelivet på den arabiske halvøya. Men trass i større interesse kviler mange analysar av Golfen og rolla han har i regionen på forenkla teoriar om «renteniststatar», religions- og stammefaktorar, eller påstått sekterisme – tett krydra med sensasjonelle historier om kongeleg dekadanse og ryggeslaus rikdom.

Fråverande i desse fortellingane, som ofte ubevisst bringer vidare stereotypane frå media, er ei djupare forståing av dei djuptgåande endringane som har skjedd i den politiske økonomien i heile regionen. For å forstå og tolke korfor Golfen får meir makt, er det viktig å få grep om korleis den politiske økonomien i regionen fungerer.

Som så mykje anna i Midtausten i dag er tilpassinga til nyliberalismen eit nøkkel-punkt for å forstå. Dei arabiske regjeringane har tilpassa seg nesten fullstendig frå 1990-tallet av. Innverknaden av dette på ulike klassemessige og statlege strukturar er godt dokumenterte. Men det som er mindre forstått, er at denne politikken samtidig endra akkumulasjonsmønsteret i heile regionen. Den nyliberale omlegginga skjedde steg for steg samtidig med internasjonaliseringa av kapitalen i Golfen.

Stinne av oljepengar har investorane i Golfen freista ekspandere til nabomarknadene på 2000-tallet. Då dei arabiske landa opna for utanlandske investeringar og selde jordbruks- og byeigedommar, industri, hamnar, telekommunikasjon og finansielle institusjonar, utvida Golf-basert kapital virkefeltet sitt i regionen som resultat av liberaliseringa.

Verdien av direkte utanlandske investeringar frå arabiske Golf-investorar i Middelhavslanda oversteig alle andre område gjennom heile perioden 2003–2009. Meir enn 60 prosent av investeringane frå Golfen i Middelhavsområdet gjekk til Jordan, Libanon, Egypt, Palestina og Syria. I desse fem landa var verdien av investeringane i Golfen meir enn tri gonger dei frå EU, og meir enn tolv gonger dei frå Nord-Amerika. Denne investeringsstraumen gjekk saktare etter krisa, men Golfen stod framleis for dei største investeringane i Egypt, Libanon, Jordan, Palestina, Libya og Tunisia frå 2008 til 2010. Dessutan undervurderer desse talla sterkt korleis området er involvert i naboøkonomiane: dei inkluderer ikkje såkalla portfolio-investeringar i aksjemarknadene, eller direkte bilaterale lån eller hjelp til regjeringane.

Verknadene av desse kapitalstraumane må med i alle vurderingar av nyliberalismen i den arabiske verda. Den dramatiske restruktureringa av klassetilhøva som skjedde i takt med nyliberale reformer, gjorde ikkje bare nasjonale kapitalistar rikare med støtte frå autoritære statar. Det bidrog au til å styrke Golf-statane sin posisjon innanfor heile regionen. I stor grad har kapitalen i Golfen blitt ein del av nasjonale klassestrukturar, og blitt dominerande i mange av dei viktigaste sektorane i den arabiske verda. Av den grunn bør ikkje Midtausten handterast som ei samanhoping av avgrensa og sjølvstendige statar der det nasjonale er skarpt skilt frå det internasjonale.

Det er kjenneteiknet på det som er kalla «metodologisk nasjonalisme», der ein tar utgangspunkt i nasjonen for å tolke sosiale fenomen. Problemet med ei slik tilnærming er at samfunnsmessige forhold ikkje er pent avgrensa innanfor nasjonsgrensene. Kapitalstraum og arbeidskraft, og dei ulike politiske strukturane som bind dei saman, bind au saman ulike område i eit heile som overskrid alle statar. Nasjonsgrensene har sjølvsagt som alltid ei viktig rolle, men dei sosiale tilhøva me er vante til å sjå som «nasjonale», må eigentleg sjåast som ein integrert del av eit overnasjonalt, regionalt heile.

Regional polarisering og ulik utvikling

Dette perspektivet avdekkar eit grelt drag ved den arabiske verda: den stadig meir ulike politiske økonomien i regionen, som skarpast viser seg i polarisering av makt og rikdom mellom Golfen og resten av den arabiske verda. Trass i at bustadbobla sprakk tidleg i byar som Dubai, har Golf-statane komme relativt heilskinna ut av krisa i 2008–2009. Etter det har dei halde fram med å akkumulere veksande meirverdi ved sida av ny vekst i prisen på hydrokarbonar frå 2010.

Stagnasjonen i verdsmarknaden – særleg for den viktigaste handelspartnaren EU – har saman med den politiske og sosiale krisa som øydelegg statar som Egypt, Tunisia og Syria, bidradd ytterlegare til å befeste hierarkiet i regionen. Dei ulike draga syner oss at kriser aldri blir opplevd likt, og utan politiske utfordrarar er dei ofte til fordel for dei som sit med makta.

Det er mykje statistikk som peikar på veksande motsetningar. Ein rapport nyleg frå Institute of International Finance (IIF), eit «hovudorgan» for dei største bankane og finansinstitusjonane i verda, seier at netto utanlandseigde aktiva (brutto utanlandseigde aktiva minus utanlandsgjeld) i GCC-landa steig frå 879 milliardar dollar i 2006 til 1,79 billionar på slutten av 2012. På slutten av 2013 er tallet venta å nå over 2 billionar, eit tall som svarar til meir enn 120 prosent av BNP i Golfen. På same tid har netto utanlandseigde aktiva for Egypt, Syria, Jordan, Libanon, Tunisia og Marokko falt frå eit overskot på 20,4 milliardar dollar til eit underskot på 24,3 milliardar.

Dei same motsetningane ser ein i handels-balansen. I 2012 hadde dei seks GCC-statane eit totalt overskot rett over 400 milliardar dollar, meir enn det doble av snittet frå 2006 til 2010. (Og avslørande nok, meir enn det doble av Kina i 2012.) Mens Golfen har slike rekordnivå, har resten av den arabiske verda opplevd enormt svekka handelsbalanse. Den samla handelsbalansen for Egypt, Syria, Jordan, Libanon, Tunisia og Marokko nådde eit estimert underskot på 35 milliardar dollar i 2012, meir enn det tridoble av snittet i perioden 2006–2010.

Motsett av populære misoppfatningar er ikkje dei enorme kapitalmengdene i Golfen eigde bare av statlege institusjonar eller fond. Financial Times meldte i 2013 at bankane i GCC, private selskap og rike enkeltpersonar og familiar hadde aktiva for 3 milliardar dollar, eit tall som ikkje tar med det fond eig. Privateigd formue i Golfen steig med 7 prosent siste året, og er no 10 prosent høgare enn i 2007, som var toppen på høgkonjunkturen før krisa. Ein påfallande teikn på dette er Golfens del av millionær-hushaldningar. Ifølgje ein rapport frå Boston Consulting Group har GCC-landa fem av dei elleve plassane øvst på lista over millionærhushald i verda. Lille Qatar er sett som nummer ein i verda (14,3 prosent av hushalda).

Denne rikdommen er sjølvsagt ikkje fordelt jamnt i GCC-landa, og viktigast er at desse talla ikkje får med millionar av lågløna, midlertidige migrantarbeidarar som utgjør storparten av arbeidsstyrken i Golfen. Ein av hovudgrunnane til polariseringa av rikdommen i den arabiske verda er faktisk at desse arbeidarane finst. Med krisa i 2008–2009 og eigedomsbobla i Dubai og elles, kunne Golf-statane utnytte den tunge bruken av midlertidige migrantarbeidarar (tilsvarande minst halve arbeidsstyrken i GCC-landa), ved å lempe dei verste effektane av krisa over på desse nabolanda som forsyner regionen med lett utviste og svært utnytta arbeidskraft.

Tusenvis av midlertidige migrantarbeidarar vart sendt heim frå Golfen som følgje av krisa, og rekruttering av nye gjekk ned dramatisk. Frå 2008 til 2009 gjekk straumen av indiske arbeidarar til SAE ned med 62,7 prosent, til Bahrain 45 prosent, og til Qatar med 44 prosent. For Bangladesh fell talla for arbeidarar til Saudi-Arabia og SAE (målet for meir enn 60 prosent av alle migrantar frå Bangladesh) med 89 og 38 prosent i 2008 og 2009. For Pakistan fall tallet på registrerte arbeidarar i Golfen brått – arbeidarar til SAE (hovudmålet for pakistanske migrantar) fall med 36 prosent, til Qatar med 60 prosent, og til Kuwait med 75 prosent i 2008 og 2009. I den arabiske verda viser heimsending av pengar frå migrantarbeidarar korleis Golf-landa er i stand til å flytte verknadene av krisa over på periferien rundt. I 2009 fall heimsendte pengar til Jemen med 17,7 prosent og til Jordan med 5,2 prosent.

Desse talla stadfestar den spesielle måten kapitalismen i Golfen forma sitt svar på krisa i verda. Ulikt andre land i regionen som måtte handtere stigande arbeidsløyse og uttørka eksportmarknader, så kunne Golf-statane flytte dei verste effektane av krisa over på landa rundt som hadde forsynt dei med ein massiv midlertidig arbeidsstyrke, ein arbeidsstyrke som klasse-strukturen i Golfen er bygd på. Dette var fleksibilitet på arbeidsmarknaden med store bokstavar, eit teikn på den hyperkapitalistiske dystopien som skjuler seg bak Golfens sprudlande sjølvbilete som sandkasse for dei superrike.

Det politiske spørsmålet

Over desse særdraga i regionen ligg sjølvsagt den sentrale posisjonen Golf-statane har i den imperialistiske strukturen. Som fullt ut konsolidert oljebasert og globalisert kapitalisme etter andre verdskrigen, vart Golfen medvite gjort til nøkkelpillar i den USA-dominerte verda som vart bygd. To viktige trekk ved kapitalismen – internasjonaliseringa og finansialiseringa av kapitalen – gav vareeksporten og dei finansielle overskota i Golfen enorm strategisk vekt i den globale politiske økonomien. Av den grunn har kontroll og dominans over Midtausten vore eit kjernemål for Vesten heilt inn i det tjueførste hundreåret. USA, Storbritannia og andre gav klar militær, politisk og anna type vern til monarkia i Golfen i bytte for ein uhindra straum av hydrokarbonar ut på verdsmarknaden til rett pris, og ei jamn omdirigering av oljepengar til finansmarknadene i Vesten (viktigast statskassa i USA).

Dette forholdet til Golfen er styrande i dag, særleg når det gjeld potensielle rivalar til USA. At desse framveksande statane er så avhengige av olje frå Golfen (og gass og petrokjemikaliar) betyr at USAs dominans i regionen får eit enno meir tydeleg uttrykk i dag. India importerte til dømes 44 prosent av råolja frå Saudi-Arabia, Kuwait, Qatar og SAE i juli 2013, opp frå 36 prosent i 2011. Kina må no stole på Golf-statane for fjerdedelen av sin import, mot 21 prosent i 2007. USAs og Kinas økonomiar er gjen-sidig avhengige, og tilhøvet dei imellom kan ikkje reduserast til rein rivalisering. Men vedvarande USA-dominans i Midtausten gir dei utan tvil stor potensiell makt om behovet skulle vere der.

Golfen er framleis svært viktig som marknad for vestlege statar, særleg våpensal og ulike bygnings- og ingeniørkontraktar. I 2011 vart USAs våpensal tridobla til 66, 3 milliardar dollar, eit tall som representerte meir enn tri fjerdedelar av våpenmarknaden i verda. Viktigaste grunnen til spranget i salet var Golf-statane, der Saudi-Arabia underteikna ein avtale på massive 33,4 milliardar dollar for våpen frå USA. Det gjør dei til USAs største kunde (Saudi-Arabia gjør 99 prosent av våpenhandelen sin i USA). Same året kom SAE på tredjeplass med kjøp for 4,5 milliardar dollar frå USA. Frå 2008 til 2011 var Saudi-Arabia nummer ein i våpenkjøp blant alle landa i Sør, og stod for meir enn ein fjerdedel av alle våpenavtalar desse fire åra.

USA er ikkje einaste vestlege land som drar fordel av denne enorme våpenmarknaden. Tyske aviser meldte i august 2013 at tysk våpensal til Golfen, først og fremst Qatar, ville nå rekordnivå det året. Storbritannia har au fått hard kritikk for sal av utstyr til å kontrollere folkemassar, skytevåpen og ammunisjon til Bahrain då kongedømmet var opptatt med å slå hardt ned på protestane innanlands.

Navlestrengen som bind Golf-statane til Vesten, er ikkje skilt frå den nyliberale omforminga av regionen som er drøfta ovanfor. Begge er ulike måtar å integrere Midtausten i verdsmarknaden på. Golfens eksistensielle interesse i å halde oppe både banda til imperialismen, og ei utvikling mot større skille i regionen har djupe politiske implikasjonar. Det er grunnen til at dei leiande Golf-statane – særleg Saudi-Arabia, Qatar, Kuwait og SAE – har blitt meir aggressive i forsøka på å styre opprøra som har skaka den arabiske verda dei tri siste åra.

Vestlege interesser i regionen kjem no i hovudsak til uttrykk gjennom Golf-statane både i politisk og økonomisk forstand. Det betyr ikkje at det ikkje finst rivalisering og avvikande syn mellom Golf-statane og Vesten, eller innanfor Golfen sjølv. Men denne rivaliseringa må settast inn i ei ramme der dei har felles interesser, der ein ser at Golfens posisjon på toppen av hierarkiet i regionen er ein konsekvens av dei same prosessane som skapte vilkåra for masseopprør.

Egypt og Syria

Den dynamikken kan ein sjå tydeleg i Egypt og Syria. I begge landa har opprøra mot autoritære regime same rot: frårøving og utestenging av folkefleirtalet som resultat av nyliberale reformer, og det tynne elitesjiktet som har gjort seg rike. Dette sjiktet er nært knytt til autoritære regime, og den globale krisa bakanfor har forsterka polariseringa av makt og rikdom kraftig.

I Egypts tilfelle har Golf-statane spela ei leiande rolle etter at Hosni Mubarak vart fjerna i februar 2011, som freistnad på å dempe rekkevidda av politiske og økonomiske endringar. I den første fasen skjedde det med klønete støtte frå Qatar til Den muslimske brorskapen (MB). Leiinga i MB freista halde fram langs same nyliberale spor som Mubarak-regimet, og forbaud streikar, demonstrasjonar og andre aksjonar. I neste fase, etter at MB vart kasta av det egyptiske militæret i midten av 2013, heldt straumen av hjelp og politisk støtte frå Saudi-Arabia, SAE og Golf-statane fram med å underbygge den militære undertrykkinga av MB-tilhengarar og all sosial og politisk aktivisme. I begge fasane har politiske og økonomiske tiltak frå Golfen opent vore retta mot å få Egypt tilbake til status quo, ved å avvise alle forsøk på å ta opp klagane som utløyste opprøra.

I Syrias tilfelle forsøker Golf-statane med Saudi-Arabia i spissen å bygge opp støtte og innflytelse blant dei som freistar velte Assads regime. No sist vart det synleg gjennom rapportar som seier at det saudiske monarkiet skal ha gått med på å betale og organisere opplæringa (via Pakistan) av Army of islam, ein hær oppretta sist september då over førti syriske opprørsgrupper samla seg.

Trass i at Saudi-Arabia, Qatar og andre Golf-statar konsekvent har prøvd å utvide sin innflytelse over ulike syriske væpna grupper, kan ein ikkje påstå at opprøret i seg sjølv bare er ein forlenga arm av desse statane (og enno mindre av USA-imperialismen). Dei som vil kaste Assad-regimet, med «islamske fundamentalistar» som ein minoritet (som rett nok ser ut til å vekse), må møte både den væpna makta til regimet og forsøka på å skape sekteriske skille.

Golfen er ein nøkkelaktør på det siste området, og slik må det syriske opprøret kjempe to svært vanskelege kampar – ein mot sjølve regimet, og ein mot den øydeleggande innflytelsen frå dei som er allierte med Golfen. I den samanhengen betyr den bevisste strategien frå regjeringa med brutalisering og fordriving at tida ikkje er på opprørarane si side. Det kan forklare den tilsynelatande tilnærminga mellom USA og Russland i haldninga til Assad-regjeringa, der begge ser ut til å jobbe for ei eller anna forlenging av regimet, i det minste i nær framtid.

På lengre sikt er det sannsynleg at alle ytre krefter pressar på for å få sine eigne versjonar av det som kom ut av opprøret i Jemen – i hovudsak kosmetiske endringar som fjernar Assad, men opprettheld kjerna i den undertrykkande staten og evna til å forsvare interessene både til den innanlandske eliten og maktbalansen i regionen.

Rivalisering

Vevd inn i den klare semja mellom Golf-statane og Vesten i Midtausten – i siste instans rotfesta i måten regionen har utvikla seg i den nyliberale perioden og den sentrale rolla han har i maktbalansen globalt – er rivaliseringa som like fullt held fram mellom ulike statar. Innanfor GCC sjølv er det komme skarpast til uttrykk i den politiske sparringa mellom Qatar og Saudi-Arabia, der begge statane støttar ulike konkurrerande islamistiske rørsler i regionen (Qatar stør MB, og Saudi-Arabia ulike retningar av salafisme).

Hendingane i 2013 i Egypt var ein klar indikasjon på denne interne rivaliseringa i GCC, der Qatar fordømte at Mohammed Mursi frå MB vart kasta av militæret, mens Saudi-Arabia, Kuwait og SAE heia kraftig på det militære. Den nye militærregjeringa fekk faktisk over 12 milliardar dollar i ulike former for hjelp straks etter kuppet av dei tri siste Golf-statane.

Likeins, når det gjeld USA og Golfen, har det tilsynelatande tinande tilhøvet mellom USA og Iran dei siste vekene blitt møtt med misnøye frå saudiarabiske tenestemenn (og frå Israel, som ein klar demonstrasjon av den andre sida av dei felles interessene som eksisterer på tvers av regionen). Desse konfliktane vart kraftig markerte då Saudi-Arabia avviste eit toårig sete i Tryggingsrådet i november 2013. Saudiske tenestemenn peika på manglande internasjonal intervensjon i Syria, og at USA tok opp igjen forhandlingane med Iran som grunn for å avvise plassen.

Det er unekteleg reelle spenningar, men ein må ikkje sjå bort frå det klare faktum at alle Golf-statane og USA framleis har eit felles perspektiv på regionen som eit heile. Det er ingen teikn på at nokon av Golf-statane grunnleggande avviser den nyliberale politikken i Egypt, enten den er styrt av MB eller ei militært leia regjering, eller innhaldet i den regionale ordenen som Vesten har bygd opp dei siste tiåra. Me må ikkje mistolke vilkårlege, midlertidige meiningsskilnader, eller nasjonal rivalisering som fundamentale strategiske meiningsforskjellar om framtida til regionen som eit heile. På mange måtar fungerer sameksistensen av ulike taktiske orienteringar i alt sitt mangfald hos desse ulike statane til å forsterke ein felles veg. Det set aksen USA–Golfen i stand til å reprodusere seg som hegemonisk kraft.

Golfen må utfordrast

Ein hovudkonklusjon av dette er at ei omstøyting av den nyliberale utviklinga i Midtausten, og regionens underordning under Vesten, nødvendigvis må vere knytt opp til å utfordre Golfen sjølv. Av den grunnen er politiske kampar i Golfen umåteleg viktige, og direkte knytt til kampar andre stader i Midtausten. Bahrain er eit klart eksempel på dette, der protestar held fram med å mobilisere over heile landet, trass i hard undertrykking frå al-Khalifaregimet. I 2011 og 2012 braut det også ut demonstrasjonar i Saudi-Arabia, Oman og Kuwait som drog med bybefolkning som kjente seg politisk og økonomisk utelukka frå den enorme rikdommen i desse statane.

Desse kampane har fått alt for lite merksemd (og solidaritet) både innanfor og utanfor regionen. Men ut over desse rørslene må det bli eit kjerneelement i kampen mot kapital og stat å forsvare migrantarbeidarane i regionen. Utbyttinga av desse arbeidarane er ein integrert del av klassesamfunna i Midtausten, og er svært viktig for måten kapitalismen i Golfen utviklar makta si, og korleis dei handterer kriser.

Det trengst seriøse forsøk på å bygge kampanjar på tvers av regionen med arbeidarane som kjem utanfrå, bygd på utvida borgarrettar, organisasjonsrett og arbeidsvilkår. Arbeidarar frå India og Filippinane er ein del av arbeidarklassane i regionen – ikkje utlendingar, «gjestearbeidarar» eller «tenestefolk». Det er store hindringar for slike kampanjar: språk, kultur og politikk – for ikkje å nemne rotfesta rasisme mot migrantarbeidarane som ein finn i store delar av den arabiske verda. Men å avstå frå denne kampen vil bare bidra til å forsterke fragmenteringa av klassesolidariteten i regionen. Det er verdt å merke seg at drapa på to migrantarbeidarar i Saudi-Arabia tidleg i november i samband med deportasjonar der tusenvis av migrasjonsarbeidarar vart arresterte, ikkje førte til nemneverdige kommentarar verken innanfor eller utanfor Golfen. Overslagsvis utrulege ein million migrantarbeidarar er tvinga til å dra frå Saudi-Arabia (verdas nest største kjelde for heimsendte pengar etter USA, frå 2006 til 2012) bare dei tri siste månadene.

Det er ingen langsiktige nasjonale løysingar på problema i eit Midtausten som legg kontrollen av slik umåteleg rikdom i hendene på så få. Det betyr sjølvsagt ikkje at revolusjonære rørsler straks må starte på regionalt nivå utan å gå gjennom ein fase med å konfrontere dei nasjonale herskande klassane. Men poenget er å sjå desse ulike kampnivåa som uskillelege. Utan regionalt innretting som strategisk peikar mot å takle makta til Golf-monarkia, vil det ikkje bli grunnleggande endringar i regionen.

I 2014 kan tanken på pan-regional kamp verke utopisk. Men hendingane dei siste åra viser at det er nødvendig – og det er nettopp dette spøkelset som har utløyst så stor uro i maktas korridorar i Washington, Riyadh og Doha.