Venstrekvinna Betzy Kjelsberg prøvde å få til kvinnesamarbeid på tvers av klasse- og partigrenser frå tidleg på 1900-talet. Arbeidarrørsla sin parole om «klassekamp før kvinnekamp» sette grenser for samarbeid mellom den «borgarlege» kvinnerørsla og arbeidarkvinnene gjennom det meste av 1900-talet.
Kunne det gått annleis?
Magnhild Folkvord er tidlegare journalist i Klassekampen og har blant annet utgitt boka Betzy Kjelsberg: Feminist og brubyggjar. Oslo: Samlaget, 2016. Se bokomtalen til Gro Hagemann i bokseksjonen.
Da paraplyorganisasjonen som samla dei fleste kvinneorganisasjonane i Noreg, Norske kvinners nasjonalråd (NKN), vart danna i 1904, var Betzy Kjelsberg med frå starten. Ein slik «paraply» måtte til for å knytta den norske kvinnerørsla til Det internasjonale kvinnerådet, International Council of Women (ICW). Frå 1904 var 17 lokale kvinneråd og sju landsomfattande kvinneorganisasjonar med i NKN, blant dei Norske kvinners sanitetsforening, De høiere skolers landslærerinneforening, Kvindestemmeretsforeningen og Landskvindestemmeretsforening. Fleire kom til etterkvart. Det vart gjort forsøk på å få med arbeidarkvinnene frå starten, men dei stilte seg heilt avvisande. Det hindra ikkje at arbeidarkvinneorganisasjonar var med i lokale kvinneråd dei første åra.
Kvinneråd på tvers av klasseskilja
Alt i 1903 tok Kjelsberg initiativ til ein lokal «kvinneparaply», Drammens kvinneråd, som ho også vart leiar for. Det var ikkje ein freistnad på å dekkja over klasseskilja i ein by der dei sosiale skilnadene var minst like store som i andre byar med ein veksande arbeidarklasse og eit borgarskap som lenge hadde hatt den politiske makta, men bygd på ein tanke om at kvinner har felles interesser på tvers av klasseskilja.
Arbeidarkvinner, butikk- og kontortilsette, kvinnesakskvinner og sanitetskvinner hadde alle sine representantar i kvinnerådet i Drammen. Dei samarbeidde godt om felles saker, om tannklinikk for barn av «ubemidlede» foreldre, ferieheim for sjukelege skoleungar, offentleg toalett på Bragernes torg, kvinnerepresentasjon i ulike utval og komitear, kvinneleg politi og mykje meir, heilt fram til arbeidarkvinneforeiningane trekte seg ut omkring 1910.
Først klassekamp, så kvinnekamp
Arbeidarkvinnene fekk i 1909 ei landsomfattande organisering innafor Arbeidar-partiet. At dette var ei organisering som skulle tena heile partiet, ikkje berre kvinnene, går fram av ein appell i det nystarta bladet Kvinden:
La oss rekke våre mannlige kamerater hånden som stridsfeller, og la oss nu føre kampen sammen fram til felles seier.1
Eit tilsvarande syn på kvinnene si rolle i partiet vart uttrykt i ein tale Helga Karlsen, Arbeidarpartiet si første kvinne på Stortinget, heldt ved partijubileet i 1927:
Det norske arbeiderparti er også kvinnenes parti, det representerer hjemmenes politikk, men arbeiderne er ennå ikke helt klar over hvor nødvendig det er å ha kvinnene med i bevegelsen. (…) Arbeiderkvinnene er ikke kvinnesakskvinner, men vi forlanger plass i organisasjonen.2
Ho nemnde Christian Holtermann Knudsen, mannen som vart rekna som grunnleggjaren av Arbeidarpartiet, som eit førebilete:
Han hadde sin hustru med sig. Hun la på håndpressen da han drog den, og trofast fulgte hun sin mann da han gikk rundt og delte ut bladet!3
I Arbeidarpartiet rådde parolen om at klassekampen måtte komma før kvinnekampen, slik det hadde blitt slått fast av arbeidarinternasjonalen i Paris i 1889. For dei norske arbeidarkvinnene vart konsekvensen at dei ikkje skulle engasjera seg i kvinneorganisasjonar som kryssa klassegrensene. Dei viktige politiske sakene, inkludert det som var viktig for kvinner, skulle partiet ta seg av. Dermed var det like uaktuelt for arbeidarkvinnene å vera med i lokale kvinneråd som i NKN. Kjelsberg var av dei som beklaga dette. Som styremedlem, og seinare leiar, i NKN gjorde ho mykje for å få til samarbeid med arbeidarkvinnene, noko som av og til lykkast, andre gonger ikkje.
Kvinnesakspioneren Aasta Hansteen meinte i 1890 at sosialistane, når dei ville ta kommando over kvinnekampen, viste at dei hadde gått i skole hos dei gamle undertrykkjarane sine. No ville dei gjera seg til herrar over kvinnene si sak. Hansteen sin konklusjon var at kvinnene snarast måtte nekta å anerkjenna sosialdemokratiet som ein førar for menneskerettssaka – «men vi agter det som en dygtig medarbeider»4.
Kvinnene og nattarbeidet
Klassemotsetningar har blitt brukt til å forklara manglande samarbeid mellom arbeidarkvinnene og dei andre kvinneorganisasjonane på 1900-talet. Ein kan ikkje sjå bort frå at klasseidentifiseringa hos både arbeidarkvinner og ein del av dei borgarlege kvinner har gjort sitt til å skapa avstand. Men den grunnleggjande skilnaden ligg i at arbeidarkvinnene kom til å organisera seg ut frå klasse, og med det vart innordna i eit partiapparat styrt av menn, medan dei andre kvinnene organiserte seg ut frå kjønn.
Haldninga til forbod mot nattarbeid for kvinner har vore brukt som eitt eksempel på kor ulike interesser dei ulike kvinneorganisasjonane hadde. Både Norsk kvinnesaksforening og NKN såg på eit slikt forbod som kjønnsdiskriminering, og la mykje kraft i å protestera mot det. Tolv kvinnelege legar uttalte at nattarbeid ikkje var meir skadeleg for kvinner enn for menn. Kvinnesakskvinnene argumenterte mot alt unødvendig nattarbeid, men meinte det skulle vera same reglar for kvinner som for menn. Arbeiderpartiets Kvindeforbund, som i 1915 hadde om lag 3000 medlemmer, fordelte på 70 politiske og faglege avdelingar, var for forbodet.
I den grad kvinner hadde nattarbeid, var det – om ein ser bort frå helse, pleie og omsorg – i typiske arbeidaryrke. Diskusjonen kunne gi inntrykk av at arbeidarkvinnene stod saman om å ønska forbod mot nattarbeid, medan den borgarlege kvinnerørsla var deira motstandarar. Men så enkelt var det ikkje. For somme kvinner var nattarbeid det einaste arbeidet dei kunne få, og eit forbod ville ta frå dei både arbeid og inntekt.
Som fabrikkinspektør møtte Kjelsberg kvinnene i malmsorteringa i gruvene i Sulitjelma. Dei ønskte ikkje noko nattarbeidsforbod. Dei hadde åtte timars skift – før åttetimarsdagen vart innført – og dei tykte dei hadde bra lønn. Kvinnene i dei grafiske yrka ville heller ikkje ha forbodet. Den statistikken Kjelsberg hadde tilgang til i 1910–1911 viste at det ikkje var meir enn 284 kvinner i industrien i Noreg som hadde nattarbeid. Av desse arbeidde 118 i bergverksindustrien, 81 i papirindustrien og 44 i næringsmiddelindustrien.5
Framlegget om forbod mot nattarbeid for kvinner vart nedstemt i Stortinget, både i 1909 og i 1915.
På den første internasjonale arbeidskonferansen (seinare ILO) i Washington i 1919 var framlegg om forbod mot nattarbeid for kvinner eitt av fleire tema. Kjelsberg var med som rådgivar for regjeringsutsendingane og heldt eit innlegg der ho forklarte kvifor ho var imot eit slikt forbod, medan regjeringsdelegaten Johan Castberg argumenterte for forbodet.
Også i likelønnsspørsmålet viste det seg at standpunkta kunne gå på tvers av klassegrensene i ei tid da det oftast var stor skilnad mellom kvinnelønn og mannslønn. Lik lønn for likt arbeid var eit sjølvsagt krav for kvinnesakskvinnene. Også mange kvinner i arbeidaryrke protesterte mot underbetaling når menn fekk betre betalt for tilsvarande arbeid. Men i dei grafiske yrka protesterte kvinnene mot å krevja lik lønn. Dei rekna med at om dei kravde like mykje betalt som mannfolka, ville dei mista jobben. Dei våga ikkje – og hadde kanskje heller ikkje grunn til – å lita på at det fanst ein arbeidarsolidaritet på tvers av kjønn som kunne hindra ein slik praksis frå arbeidsgivarane.
Stemmerett for arbeidarar og kvinner
Stemmerettskampen var også ei sak der kvinnene hadde vanskeleg for å samla seg over klassegrensene. På 1880-talet var stemmeretten for menn knytt til inntekt og sosial status, arbeidarane var utan stemmerett. Dermed vart «stemmerett på same vilkår som menn», slik dei borgarlege stemmerettsaktivistane kravde, heilt uinteressant for arbeidarkvinnene. For arbeidarrørsla var det opplagte kravet på den tida allmenn stemmerett, og fag- og arbeidarrørsla arrangerte store stemmerettstog på 17. mai. Først etter at allmenn stemmerett for menn var vedtatt i 1898, kunne «stemmerett på same vilkår som menn» omfatta kvinner på tvers av klassegrensene.
Men så snart målet om alminneleg stemmerett for menn var nådd, slutta arbeidarrørsla å arrangera demonstrasjonstog for den stemmeretten som enno mangla. Da var det arbeidarkvinnene som tok ansvar, og det første stemmerettstoget for kvinner gjekk i Kristiania 17. mai 1899, med om lag 2000 deltakarar. Arbeidarkvinneforeininga hadde invitert nokre av dei borgarlege kvinne-organisasjonane til samarbeid om dette toget. Landskvindestemmeretsforeningen (LKSF), den største stemmerettsorganisasjonen, med Fredrikke Marie Qvam som leiar, takka nei til å slutta seg til som organisasjon, men oppmoda einskildmedlemmer til å vera med i toget. For LKSF var det viktig å halda på partipolitisk nøytralitet, tilslutting til det som vart oppfatta som ein partipolitisk organisasjon, kunne gi trøbbel i eigne rekkjer. Om det kunne vore gjort meir for å få det til å bli eit samarbeid mellom ulike organisasjonar om felles sak, og ikkje berre ei tilslutting til arbeidarkvinnene sitt initiativ, får vi ingen gode svar på så lenge etterpå. Men ein skal heller ikkje sjå bort frå at somme av dei borgarlege stemmerettskvinnene opplevde så stor politisk avstand til arbeidarkvinnene at rein «berøringsangst» gjorde dette vanskeleg.
Ugifte mødrer, prevensjon og abort
Da Katti Anker Møller frå tidleg på 1900-talet og utover heldt sine foredrag om kva dei ugifte mødrene hadde å stri med, og etterkvart konkretiserte krav om rett til både prevensjon og abort, vart det «for mykje» for ein del av dei borgarlege damene, særleg for dei med sterke kristelege interesser. Tiltak til beste for dei ugifte mødrene kunne bli ei direkte oppmoding til «synd». Møller lykkast etterkvart i å få eit godt samarbeid med arbeidarkvinneforeiningane og Arbeidarpartiet, medan det tok lang tid før NKN kunne støtta opprettinga av mødrehygienekontor. I abortspørsmålet kom NKN i Kjelsberg si tid som leiar ikkje lenger enn til å seia at det trongst lovendringar, men uttalte seg ikkje konkret om korleis lova skulle endrast.
Lønna fødselspermisjon
Betzy Kjelsberg lykkast godt med å gripa tak i ein bit av den same problemstillinga da ho tok opp dei mangelfulle ordningane med barselpengar som særleg ramma dei ugifte mødrene, og fekk NKN til å ta opp denne saka. Det kravde både informasjon og diskusjon, og skjedde ikkje utan ein viss intern motstand. Men NKN sitt framlegg til ei forbetra ordning med «mødreforsikring», det vil seia lønna barselpermisjon, vann fram og vart vedteke i Stortinget i 1915. Dermed fekk dei kvinnene som var i arbeid og var innmelde i sjukekassa, rett til sjukepengar under to vekers permisjon før fødselen, og seks veker etterpå. Dei kvinnene som var gifte med menn som var medlemmer av sjukekassa, fekk ein eingongssum ved kvar fødsel.
Kjelsberg kombinerte i denne saka den kunnskapen ho hadde frå jobben som fabrikkinspektør med den organisatoriske krafta i NKN for å få gjennom forbetringar som var viktige for dei fleste kvinner, men aller mest for arbeidarkvinnene.
Kunne det gått annleis?
Korleis kunne det ha gått dersom dei ulike organisasjonsprinsippa hadde vore praktiserte annleis? Vi kjem ikkje lenger enn til gjettingar og tankespinn, men kanskje kan nokre hypotetiske spørsmål gi nyttige innspel til kvinnekamp og klassekamp i våre dagar? Det er ikkje alltid klasse- og kjønnsinteressene samsvarer. Det kan vera direkte motstridande interesser, eller det kan vera totalt manglande engasjement for viktige kvinnespørsmål hos dei mannfolka – av ulike politiske fargar – som sit med makta. Dersom arbeidarkvinnene sine interesser ikkje fell saman med arbeidarmennene sine interesser, kven vinn og kven taper på at kvinner står saman på tvers av både parti- og klasseinteresser?
Kan vi sjå for oss at arbeidarkvinnene for hundre år sia kunne ha vore med i dei lokale kvinneråda og vore likeverdig representerte i NKN-styret? Kunne det gitt breiare støtte til Katti Anker Møller sitt arbeid for mødrehygienekontor og prevensjon? Kunne det gitt ein annan diskusjon om retten til lovleg abort da det spørsmål kom opp for fullt i 1930? Sjølvsagt får vi aldri pålitelege svar på slike spørsmål, men for å vurdera spørsmåla, er det eit poeng å hugsa at NKN på 1920-talet omfatta organisasjonar som tilsaman representerte eit relativt breitt spekter av klassebakgrunn. Kjelsberg var ein pådrivar for NKN sitt engasjement for kvinners lønns- og arbeidsvilkår, og ei rekkje yrkesorganisasjonar for kvinner slutta seg til NKN, vilkåret var at dei måtte vera landsomfattande organisasjonar. I 1929 var åtte av dei 24 tilslutta landsorganisasjonane yrkesorganisasjonar, mellom dei Kvinnelige Telegraffunksjonærers Landsforening, Norges Damefrisørers Landsforbund, Kvinnelige Systuechefers Forening og Norsk Sykepleierskeforbund.6 Betzy Kjelsberg gjorde sitt beste for å få til samarbeid med arbeidarkvinnene, og beklaga det – gjerne offentleg – når det ikkje lykkast. I eitt av dei siste avisintervjua som vart gjort med henne, i 1950, eit knapt halvår før ho døydde, uttalte ho seg slik:
Det er noe som gjør meg ondt: At vi ikke kan få arbeiderkvinnene med oss i Norske Kvinners Nasjonalråd. Selv om de har sine egne organisasjoner, så håper jeg vi kan komme så langt at arbeiderkvinnene kan samarbeide med oss i saker som ikke er av politisk karakter.7
Notar:
- Skribenten var Helga Nitteberg, sekretær og forretningsførar for Kvindeforbundet. Kjelde: Syvertsen, Sigrid og Thina Thorleifsen (1960): Kvinner i strid. Historien om Arbeiderpartiets kvinnebevegelse. Utgitt av Arbeidernes Opplysningsforbund.
- Sitert etter Kongsvinger Arbeiderblad 1.9.1927.
- Holtermann Knudsen starta avisa Vort Arbeide, seinare kalt Social-Demokraten og Arbeiderbladet, i dag Dagsavisen.
- Nylænde nr 3/1890.
- Aarsberetning fra den kvindelige fabrikinspektør for 1910 og 1911.
- Koht, Karen Grude (1929): Norske kvinners nasjonalråd 25 år. Oslo: Steen.
- Vestlandske Tidende 30.5.1950.