Legg ned våpnene!

Av Eva Marie Mathisen

2016-02 Bokomtaler

Kalle Holmqvist:
Fred med Norge
Stockholm: Murbruk förlag, 2015, 183 s.

Det er godt kjend at unionsoppløysinga mellom Sverige og Noreg i 1905 skapte ei opphissa krigsstemning i båe landa. Men dei færraste veit kven som stod for krigshissinga, kva for argument som vart brukte og kven som var pasifistane. Fred med Norge fortel ei ukjend historie for oss nordmenn – og sannsynlegvis også for dei fleste svenskar. Men i ei ny bok fortel Kalle Holmquist nå historia om korleis den svenske arbeidarrørsla argumenterte med «Ned med vapnene!» i tida før og under unionsoppløysninga, og korleis pasifistarbeidet glir saman med oppbygginga av arbeidarrørsla på tidleg 1900-tal. Det er ei interessant og godt skrive framstilling av eit ukjent stoff for dei fleste.

Krigsfare

Samfunnsdebatten sprikte i 1905. Det var slett ikkje alle som var pasifistar. I Noreg hadde vi til dømes miljøet kring norskdomsavisa Den 17de mai med oberst Henrik Angell i spissen; ivrige krigshissarar som samanlikna nasjonalkjensle med forsvarsevne. I Sverige var dei ivrigaste krigshissarane konservative, og spesielt miljøet kring den kristenkonservative avisa Vårt Land hadde ein aggressiv retorikk.

Vi veit i dag at trugsmålet var reelt, ikkje berre retorisk. Det var ei reell krigsførebuing på gang sommaren 1905. 7. juni går Stortinget inn for å oppløyse unionen med vedtaket som seier at Kong Oscar II har slutta å fungere som norsk konge. I Sverige reagerer unionstilhengjarane med å samle 30 000 demonstrantar til støtte for unionskongen. Spontant bryt kafegjestar i Stockholm ut i Kongesangen til støtte for unionskongen og på «restaurang Concordiaträdgården i Malmö ska alle hurra för Sverige och när en person i stället ropar ’lefve Norge’ blir han överfallen.» Dette er berre nokre få av mange døme på ei opphissa stemning om unionsspørsmålet. 14. juni skriv den svenske generalstaben til regjeringa at dei treng tre veker på seg for å planleggje krigen før ordrane om allmenn mobilisering kan gå ut.

Krigen kunne altså ha starta i byrjinga av juli.

Rettmessig del av Sverige

Den svenske overklassen såg på Noreg som ein del av Sverige. Noreg hadde ein avtale med Sverige og ein krig var derfor ein naturleg og legal forsvarsmåte for å opprettholde den lovlege inngåtte unionsavtalen, meinte mange svenskar. Statsminister Johan Ramstedt fordømmer Stortingets «revolutionäre åtgärd» som han meiner «på det djupaste kränker Sveriges rätt», og kallar inn til eit ekstraordinært riksdagsmøte 20. juni som skal ta stilling til krigsspørsmålet. Eit fritt og sjølvstendig Noreg var eit trugsmål mot den svenske staten, og medførte at Sverige fekk ei lengre grense å vakte. I bakgrunnen spøkte tsar-Russland med sin interne uro. Økonomiske argument var det også: Den viktige Ofotbanen med utløp i Narvik måtte ikkje bli norsk.

Den svenske arbeidarrørsla hadde Noreg som eit demokratisk ideal. Sjølv om ikkje alle menn og ingen kvinner hadde røysterett, var det likevel langt fleire enn i Sverige. Forfattaren Kalle Holmquist viser også at det var eit gjennomgåande argument for arbeidarrørsla at nordmennene hadde rett til sin fridom og til sitt nasjonale sjølvstende. Argumentet var at kongeunionen av 1814 måtte oppløysast, men den internasjonale, sosialistiske unionen måtte få vekse fram.

Massemobilisering mot krig

Gjennom slutten av 1800-talet hadde den svenske hæren blitt stadig større, og innføringa av verneplikt provoserte arbeidarrørsla. Den svenske hæren vart stadig utvida, og for arbeidarklassen vart det tydeleg at overklassen kom til å bruke arbeidarungdom mot nordmennene og mot Russland om det skulle bli aktuelt. Derfor var også argumentasjonen på løpesetlane som Socialdemokratiska ungdomsförbundet spreidde i hundretusenstal eksemplar, at om det skulle kome ei eventuell mobiliseringsordre, måtte arbeidarungdommen leggje ned arbeidet for å forhindre krig og organisere seg i massemøter.

Det var nettopp gjennom storstreik og å nekte mobilisering at arbeidarrørsla hadde sine våpen. Dei blir i tida etter 7. juni og fram mot riksdagsmøtet 20. juni sett inn for fullt. Over heile Sverige blir det arrangert demonstrasjonar, massemøter og markeringar til støtte for antikrigslinja. Det blir rapportert om alt frå 600 i Ludvika til 20 000 i Malmø. Flygeblad og agitasjonsmateriell blir spreitt i stort opplag, og dei sosialdemokratiske organisasjonane tek ut sitt massepotensial. Fredstilhengjarane framstår som så sterke og så store at Kong Oscar II rår nasjonalforsamlinga til at ein ikkje skal gripe til våpen mot Noreg. Riksdagen gjev regjeringa fullmakt til å forhandle med Stortinget om ei avvikling av unionen. Resten av historia er godt kjend.

Gryande vår

Boka Fred med Norge er ei lettlest bok. Språket har noko enkelt over seg; forfattaren forklarer fenomen på ein enkel måte. Ofte tykkjer eg at slike forklaringar kan bli det motsette av sympatiske, nærmast irriterande når forfattaren trur at lesarane er dummare enn det han/ho er. Eg tykkjer at Holmqvist meistrar denne balansegangen godt. Til dømes oppsummerer Holmqvist ei lengre utgreiing med om krig og klassespørsmål med samanfatninga: «Krig har ofta varit en lönsam overksamhet för den svenske overklassen.» Enkelt og greitt.

Eit anna sympatisk trekk med denne boka er at ho skildrar så godt den optimismen ein fann i mange miljø rundt førre århundreskifte. Det er «gryande vår» og ei stemning der ein trur på ungdomen, på at ting kan endrast. «Våren då allt var möjligt» heiter eitt av kapitla. Kalle Holmquist skildrar korleis den kjende agitatoren Kata Dalström reiser rundt i «den nye samfunnet». Trua på at ein sjølv kunne byggje opp nye samfunn, der arbeidarklassen legg sin infrastruktur på veg til eit samfunnet med faglege og politiske organisasjonar, dei stiftar aviser og trykkerier, startar kooperative butikkar og byggjer arbeidarbibliotek. Arbeidarrørsla og arbeidarungdomen skulle utdanne seg sjølve som aktive deltakarar i eit nytt samfunn.

Kalle Holmqvist let oss få kjenne på at 1905 var eit brytningsår og på stemninga som fanst i åra kring førre århundreskifte. Derfor er boka vel verdt å lese.

Eva Marie Mathisen