Kan opptrappa vestleg krigføring redde Palmyra frå IS-uhyret?

Av Neil Faulkner

Nr 2a 2015

Når arkeologi blir argument for opptrapping av vestleg krigføring, korleis skal arkeologar som er krigsmotstandarar svare, spør Neil Faulkner.

Neil Faulkner er arkeolog og historikar ved Bristol University. Han er forfattar av A Marxist History of the World og av Stop the War-pamfletten No Glory: the real history of the First World War.
Artikkelen sto fyrste gong på nettsida til Stop the War, http://stopwar.org.uk/news. Omsett frå engelsk av Gunnar Danielsen.

Palmyra, ein av dei viktigaste arkeologiske stadene i verda, er no kontrollert av IS. Som velståande karavaneby på Silkevegen var Palmyra ei kort tid hovudstaden i eit anti-romersk opprørsimperium i det tredje hundreåret e. Kr… Den uvanleg godt bevarte kunsten og arkitekturen vitnar om ein møteplass med ei kosmopolitisk blanding av kulturar og oldtidsfolk.

IS plar rane flyttbare antikvitetar og selje dei på den internasjonale kunstmarknaden, og øydelegge faste strukturar med sprengstoff, bulldosar og hammar. Det har alt blitt skjebnen til dei assyriske ruinane i Nimrod, dei partiske ruinane ved Hatra og det arkeo-logiske museet i Mosul.

Reaksjonen i fagmiljøa har vore som ein kunne vente. Leiande arkeologar, historikarar, kuratorar og museumsfolk har kravd handling for å redde stadene. Ifølgje Dan Snow, fjernsynsvert og president i Council for British Archaeology, er

Musea i London leiande når det gjeld å ta vare på fortida. Eg meiner London må spele ei stor rolle i å ta vare på arven deira [folka i Midtausten]. Det er folk i området som ønsker hjelpe til, og me bør legge til rette så mykje som råd.

Ikkje overraskande gjentar Tory-politikarar dette synet. Boris Johnson raste:

Om det ender så tragisk og brutalt i Palmyra, betyr det at me får ein grotesk modell for det som i siste instans kan føre til øydelegging av andre historiske område, same kor desse vandalane får fotfeste. Historikarar, akademikarar og politiske og kulturelle leiarar må komme saman for å finne ein måte å møte, og om nødvendig ta opp kampen mot, dette nihilistiske bandittvesenet.

Robert Jenrick, Tory-MP frå Newark og tidlegare direktør for Christies, var meir direkte:

Kva kan me gjøre for Palmyra? Presse på for å opprette ei forbodssone, og bruke britiske og allierte luftåtak over Irak og Syria for å hindre IS frå å erobre historiske område.» Arkeologi blir altså argument for å trappe opp imperialistiske krigar. Korleis skal arkeologar som er krigsmotstandarar, svare?

Opphavet til sinnet

Øydelegginga av kulturarven er ikkje det verste som har skjedd i Midtausten dei siste tolv åra – det bleiknar mot drapa, lemlestingane, fordrivingane og utarminga av millionar menneske i krigsrundane sidan 2003.

Men opphavet er det same. Det anglo-amerikanske åtaket på Irak i 2003 styrta Saddam Husseins regime. Kapital frå USA plyndra så den irakiske økonomien og utarma folket. Det irakiske samfunnet, uthola av imperialistisk krig og kapitalistisk utbytting, sank ned i sekterisk anarki og splitting.

Syrias tragedie har sitt umiddelbare opphav i den arabiske våren, men dei djupare røtene ligg i den vestlege oppstykkinga etter første verdskrigen. Då var målet å dele regionen i separate statar, først under direkte kolonistyre, så med klientregime for å hindre effektiv kamp mot imperialistisk dominans.

Diktatur og sekterisme har vore faste innslag i dei dysfunksjonelle statane som vart konstruerte i regionen. Det har også tilpassinga til dei skiftande prioriteringane til internasjonal kapital. Dei «statskapitalistiske» nasjonalistregima frå 50-, 60- og 70-talet er borte. Nasjonalisert industri er selt ut, økonomiane opna for «den frie marknaden», og statleg helsestell, utdannings-, velferds- og utviklingsprogram skore ned. Fattigdom og arbeidsløyse har sett hundrevis av millionar i regionen på bar bakke.

Det er dette sosiale rommet IS fyller. Det er uttrykk for eit kollektivt raseri mot ei verd som er riven frå kvarandre av krig og nyliberalisme. Utholinga av staten og det sivile samfunnet skaper eit vakuum. Ei lita, reaksjonær og sekterisk rørsle kan ekspandere raskt med vald og terror i tomrommet. Det relativt låge talet på IS-soldatar er eit mål på det – kanskje ikkje meir enn 30 000 ved frontane, men likevel nok til å ta halve Irak og Syria.

IS er blotta for progressiv politikk eller potensiale. Drapa på sjiamuslimane og andre minoritetar, valdtektene og mobbinga av kvinnene, og den massespreidde valdsdyrkinga er nok prov på det. Det er også trusselen mot arkeologiske område.

Kulturøydelegginga

Ikonoklasmen – den tekniske termen for overlagt øydelegging av kulturgjenstandar med ideologisk formål – er ikkje ny. Dei kristne knuste statuane i romerske tempel i det femte hundreåret. Dei katolske kjerkene vart endevendte under reformasjonen. Soldatane til Cromwell knuste glassmaleri under den engelske revolusjonen. Statuar av Lenin vart velta over heile Aust-Europa i 1989.

Ikonoklasme kan vere reaksjonær eller progressiv. Han er alltid reaksjonær når måla er kulturminne. Det er tilfellet med IS, som vil utradere historie, forby andre kulturar, og fostre vankunne, trongsyn og sekterisme.

Men IS er ikkje aleine om dette. Israelsk arkeologi er medviten blind for Palestinas islamske fortid, dei bruker bulldosar for å slette prov på dei siste 1400 åra, og prioriterer utgravingar som skal legitimere den sionistiske okkupasjonen i dag. Til dømes ved Silwan, rett utanfor gamlebyen i Jerusalem, øydela israelske arkeologar ein middelaldergravlund frå det abbasidiske kalifatet. Målet er å skape «Davids by», eit arkeologisk område med eit «museum for jødisk historie» og ein «jødisk nasjonalpark».

Den amerikanske hæren har også spelt ei rolle i øydelegginga av fortida. I to år hadde dei leir i gamle Babylon. Dei grov grøfter, fylte sandsekkar med arkeologisk materiale, eit 2600 år gammalt vegdekke vart knust av militære køyretøy, og glaserte murstein tatt ut av den vidgjetne Ishtar-porten. Ein rapport frå Britisk Museum om skadane var eintydig:

Dette er det same som å opprette ein militærleir rundt pyramidane i Egypt, eller rundt Stonehenge i Storbritannia.

Når det gjeld sal av stolne antikvitetar, utnyttar IS ein internasjonal kunstmarknad som er blåst opp av ein nyliberal økonomi som har tatt opphoping av rikdom for dei på toppen til ukjente nivå. Det ser ut til å vere mykje lettare å krevje militære åtak på Syria og Irak enn krevje stenging av auksjonslokala i New York, forby sal av antikvitetar i London, eller konfiskere dei groteske formuane til dei globale oligarkane, som lagar private samlingar av det som skulle vore offentleg eigedom.

IS er ein dødeleg trussel mot folka i Midtausten. Dei har vakse fram i dei splintra sosiale romma etter valden og fattigdomen den nyliberale æraen har skapt. Det er eit monster skapt av vestleg imperialisme. Det er ein slags massepsykotisk raseri sleppt laus av ei verd som er blitt vanvittig. Det absolutt siste regionen treng er vidare opptrapping av rundane med bombing, drap og fordriving som har gjort det mauleg for IS å vekse fram