Peak oil – om topp i oljeproduksjonen og energiimperialisme

Av

2009-02

Framveksten av open militarisme og imperialisme ved starten på det tjueførste hundreåret har stort sett si årsak i forsøk frå dei dominerande kreftene i verdsøkonomien på å vinne kontroll over dei minkande oljeforsyningane i verda.

John Bellamy Foster er professor i sosiologi ved University of Oregon og redaktør for tidsskriftet Monthly Review.
 

 

Frå 1998 vart det lagt fram ei rad strategiske initiativ i nasjonale tryggingsmiljø i USA som svar på at:

 
  1. USA no importerte over 50 prosent av olja.
  2. Ekstra produksjonskapasitet på verdsbasis blir borte.
  3. Persiagolfen får ein aukande del av alle resterande konvensjonelle oljeressursar.
  4. Den truande frykta for at oljeproduksjo nen ville nå toppen.
 

Svaret frå kapitalmakta på oljeforsyningskrisa var å lage det Michael Klare i Blood and Oil har kalla ein global «strategi for maksimal utvinning».(2) Det kravde at USA som hegemonisk makt, med støtte frå dei andre leiande kapitaliststatane, freista utvide kontrollen sin over oljereservane i verda for å auke produksjonen. Invasjonen og okkupasjonen av Afghanistan (den geopolitiske porten for vestleg tilgang til oljeog naturgassressursane i Kaspihavbassenget) etter åtaka 11. september, invasjonen i Irak i 2003, den raske utvidinga av USAs militære aktivitet i Guineagolfen i Afrika (der Washington oppfattar seg i konkurranse med Beijing), og dei auka truslane som blir retta mot Iran og Venezuela – sett i lyset av ein slik strategi signaliserer dei alle framveksten av ein ny og farleg æra med energiimperialisme.

 

Oljas geopolitikk

 

I april 1998 importerte USA for første gong størstedelen av råolja dei konsumerte. Steget over den terskelen viste at USA svært raskt blei avhengig av importert olje. På same tid vart frykta sterkare for at oljeproduksjonen snart ville nå toppen, og blei dominerande i diskusjonane etablissementet førte bak lukka dører. Ei nøkkelhending var publiseringa i Scientific American i mars 1998 av The End of Cheap Oil av dei pensjonerte oljegeologane Colin J Campbell og Jean H Laherrère. The End of Cheap Oil spådde at verdsproduksjonen av olje ville nå toppen «truleg innan ti år». Artikkelen til Campbell og Laherrère og spørsmålet om topp i oljeproduksjonen vekte straks interessa til OECDs energi-organ IEA, i deira World Energy Outlook frå 1998. IEA hevda at jamvel ut frå pessimistane si vurdering av oljereservane i verda og ein klokkeforma produksjonskurve (men utan den skarpe veksten i oljeprisane Campbell gjekk ut frå), og ut frå IEAs langsiktige forsyningsmodell, så «ville ikkje toppen bli nådd før rundt 2008–2009». Ut frå IEAs eigne vurderingar av reservane kunne ein skyve oljetoppen omlag eit tiår utover.(3) Men toppen var likevel ikkje fjernt unna. Toppen på den britiske oljeproduksjonen i Nordsjøen i 1999 (norsk produksjon nådde toppen to år seinare) gjorde saka enno viktigare.

 

Matthew Simmons, administrerande direktør i det Houston-baserte energi-investeringsselskapet Simmons and Company International, og medlem av det nasjonale petroleumsrådet og Council of Foreign Relations, publiserte ein artikkel i Middle East Insight i 1999 der han la vekt på den «langt raskare» tømminga av store oljefelt på grunn av høgeffektiv utvinningsteknologi. Framfor å utvide livslengda til oljefelta som ein tidlegare trudde, medførte introduksjonen av desse teknologiane sannsynlegvis at tømminga akselererte. Simmons viste til oljefelt «sett i produksjon etter 1970-åra», og sa at «mest alle desse nye felta har nådd produksjonstoppen og har no rask nedgang. … Og når den stabile basen av gamle, men store felt au byrjar bli tømde,» spør han, «kva vil det føre til for den gjennomsnittlege tømmingsraten?»(4)

 

I 2000 førte Simmons’ uro for minkande oljeforsyningar til at han blei energirådgivar for presidentkampanjen til George W Bush. Som han fortel det i eit intervju februar 2008, hadde han «trekt til sides» søskenbarnet til Bush tidleg i mars 2000 for å fortelle han om ein tidlegare samtale han hadde hatt med ein medarbeidar av energiminister Bill Richardson. Medarbeidaren hadde fått oppgava å undersøke ledig oljeproduksjonskapasitet i OPEC-landa. Som Simmons fortalte søskenbarnet til Bush:

Eg sa, «når ein som styrer oljepolitikken i USA ringer deg og(seier ’shit!’) omlag fem gonger på tjue sekund, er det mykje verre enn me er åtvara om.» Eg sa: «Om det slepp ut før valet og Bush blir feilinformert, kan han uttale namnet på alle statsleiarar i verda feil, men dette, dette vil knekke dykk.» Og det førte til at eg hjelpte til med å lage ein omfattande energiplan som Bush la fram i valkampen.(5)

 

Simmons var medlem av Bush-Cheneys Energy Transition Advisory Committee som gav råd om veksande oljemangel. Boka hans frå 2005, Twilight in the Desert: The Coming Saudi Oil Shock and the World Economy, som hevdar at saudisk oljeproduksjon når toppen snart, er blitt eit av dei mest innflytelsesrike verka som står på standpunktet at oljeproduksjonen vil nå ein topp.(6)

 

Energy Information Administration (EIA) i Energidepartementet i USA gjorde ein full gjennomgang av spørsmålet om topp i oljeproduksjonen så tidleg som juli 2000, og vurderte mange scenario. I motsetning til dei som såg toppen for seg «så tidleg som 2004», konkluderte EIA med at «den konvensjonelle oljeproduksjonen i verda kan auke to tiår eller meir før han byrjar gå ned». Men analysen sjølv gav ingen forsikringar, sidan ho gjekk ut frå at toppen kunne bli nådd så tidleg som 2021.(7)

 

Uroa for oljeforsyninga som byrja trenge inn i maktas korridorar i perioden 1998– 2001, førte til ein vidtgåande debatt i dei indre sirklane i USA om oljeutvinning og strategiske måtar å lette ho på. I aukande grad vart det knytt til det vidare spørsmålet om å ekspandere USA sitt imperium, reist av grupper som Project for a New American Century.(8)

 

I juli 1998 gav Center for Strategic and International Studies (CSIS) ut Strategic Energy Initiative på initiativ frå tidlegare formann i Senatets militærkomite Sam Nunn og tidlegare forsvarsminister (og tidlegare energiminister) James R Schlesinger. I november 2000 gav Strategic Energy Initiative ut ein rapport i tri bind – The Geopolitics of Energy into the 21st Century – med Nunn og Schlesinger som medforfattarar. Rapporten la vekt på at Persiagolfen måtte utvide produksjonen sin «med nesten 80 prosent i åra 2000–2020» i ei tid med stigande etterspørsel og synkande oljeproduksjon andre stader i verda for å møte behova for energi i verda.

 

Spørsmålet om ein topp i oljeproduksjonen i tiåret 2000–2010 blei au undersøkt, konsentrert om argumenta frå Campbell og Laherrère og Simmons. CSIS Strategic Energy Initiative avviste offisielt oppfatninga om at toppen ville bli nådd så tidleg som 2010. Likevel tok rapporten spørsmålet ekstremt seriøst. Som «einaste supermakt» erklærte dei, hadde USA «særleg ansvar for å halde oppe energiforsyninga i verda» og «open tilgang» til olja i verda. Gjennnom heile rapporten understreka den behovet for å finne måtar å auke oljeeksporten frå Irak og Iran som begge var utsette for sanksjonar frå USA på det tidspunktet.(9)

 

I 2001 støtta James Baker III Institute for Public Policy på Rice University og Rådet for utanlandssaker (Council on Foreign Relations) studien Strategic Energy Policy Challenges for the 21st Century, leia av energianalytikaren Edward L Morse. Arbeidsgruppa inkluderte både oljeoptimistar, som Morse og Daniel Yergin frå Cambridge Energy Research Associates, og oljepessimistar som Simmons, talsmann for at oljeproduksjonen vil nå ein topp. Rapporten la vekt på behovet for tilstrekkelege oljereservar i tiåra framover, men argumenterte for at oljeforsyningane ville «bli stramme» på grunn av «underinvesteringar» i ny produksjonskapasitet og «upålitelege statar». Ledig kapasitet var «tørka ut» til «minimale» mengder, dels på grunn av at oljeproduserande land brukte oljeinntektene på sosiale tiltak framfor investeringar i ny produksjonskapasitet.

 

Vippeprodusent

 

Her peika rapporten på at Irak hadde blitt ein viktig «vippeprodusent», godt under produksjonskapasiteten, som i åra før «skrudde kranene av og på når dei meinte det var strategisk lønnsamt å gjøre det». Det utgjorde ei veksande fare for den kapitalistiske verdsøkonomien, med «sjansen for at Saddam Hussein kunne fjerne irakisk olje frå markedet ein lengre periode». Rapporten streka under at «irakiske reservar» faktisk «representerte ein hovud-ressurs som raskt kunne gi auke i oljemarkedet og meir konkurranse i handelen med olje». Det var viktig med investeringar i forbetringar i irakisk produksjonskapasitet. Problemet var kva ein skulle gjøre med Saddam Hussein.

 

Generelt la rapporten frå Baker Institute/ Council on Foreign Relations vekt på at ekstremt mykje stod på spel, ettersom det var fare for at auke i oljeprisen og brist i forsyningane kunne få «USA til å stå fram meir likt eit fattig utviklingsland».

 

Svaret var at vestmaktene leia av USA måtte spele ei meir direkte rolle i utviklinga av oljeressursane i verda. Det måtte koplast med å bytte ut den noverande oljeøkonomien dominert av nasjonale selskap – som hadde utvikla seg saman med «ressursnasjonalismen » i tredje verda – med ein økonomi der dei multinasjonale oljeselskapa med senter i den avanserte kapitalistiske økonomien nok ein gong tok ansvaret for reservar og investeringar.(10)

 

Desse rapportane frå nasjonale tryggingsanalytikarar om strategisk energipolitikk fekk følge av National Energy Policy frå Det Kvite Hus i mai 2001, utgitt under leiing av visepresident Dick Cheney. Den rapporten la au vekt på behovet for å trygge oljeforsyninga til USA, ved å peike på at den totale oljeproduksjonen i USA hadde falle 39 prosent under toppåret 1970, og at USA kunne få behov for å importere nesten to tredjedelar av det totale behovet for bensin og brenselolje i 2020. Det at USA var avhengig av utanlandsk råolje la USAs «nasjonale energisikring » i hendene på «fremmende nasjonar, der enkelte ikkje deler våre interesser» åtvara president Bush i mai 2001.

 

Når det gjeld oljeforsyningane på lang sikt, såg energidepartementets International Energy Outlook i 2001 for seg behov for å doble oljeproduksjonen i Persiagolfen frå 1999 til 2020 for å møte venta etterspørsel i verda. Den optimistiske spådommen kunne ikkje oppfyllast utan massive investeringar i auka kapasitet i Persiagolfen i ein grad som var usannsynleg å vente frå nøkkelstatar som Irak og Iran, og jamvel Saudi-Arabia. Irakisk produksjon av råolje var 31 prosent lågare i 2001 enn i 1979, mens Irans hadde falle med rundt 37 prosent sidan 1976. Ein meinte begge nasjonane produserte for lite på grunn av for lite investeringar, og som resultat av sanksjonane. EIA vurderte det slik at statane i Persiagolfen måtte investere over ein halv billion dollar i nytt utstyr og teknologi for at produksjonskapasiteten i 2030 skulle møte planlagt nivå på oljeproduksjonen.( 11)

 

Tryggings- og energianalytikarar, energiselskap og Bush-administrasjonen hadde såleis komme til same konklusjon våren 2001 – det eksisterte vesentlege oljereservar, men kapasiteten var ekstremt stram, og varsla ei rad med prissjokk. Bare ein kraftig auke i oljeproduksjonen i heile Persiagolfen kunne hindre eit enormt gap mellom produksjon og etterspørsel dei neste to tiåra. Bak alt det spøkte toppen i oljeproduksjonen.

 

Framfor å freiste løyse problemet på etterspørselssida ved å minske forbruket vendte Bush-administrasjonen seg, som alle andre før dei hadde gjort, til militæret som siste garantist. Som Michael Klare skreiv i Blood and Oil:

I månadene før 11. september utforma Bushadministrasjonen ein omfattande strategi for amerikansk dominans i Persiagolfen, og for å skaffe seg stadig aukande mengder olje. Det er usannsynleg at strategien nokon gong vart formalisert i eit samla dokument. Administrasjonen la politiske linjer som saman forma ein plan for politisk, økonomisk og militær handling i Golfen. Denne framgangsmåten – eg kallar det ein strategi for maksimal utvinning – var primært retta mot å auke produksjonen hos dei store produsentane i Golfen. Men ettersom den etterlengta auken kunne bli ramma av konfliktar i regionen, omfatta strategien i tillegg militær intervensjon.(12)

 

Militært dreidde det seg om å støtte Saudi- Arabia mot veksande ustabilitet, gjennomføre regimeskifte i Irak, og utøve maksimalt press på Iran. Nøkkelpersonar i Bush-administrasjonen som Donald Rumsfeld og Paul Wolfowitz hadde pressa på for å få invasjon i Irak jamvel før valet. Då 11. septemberåtaka først kom, førte «krigen mot terrorisme » til invasjonen i Afghanistan, og gav USA geopolitisk opning (og oljeleidningsrute) til Sentral-Asia og Kaspihavbassenget, følgt av invasjonen av Irak i 2003. Frå ein oljegeopolitisk synsstad såg ein fjerninga av Saddam Hussein og okkupasjonen av Irak som ei trygging av olja i Midtausten, noko som opna for kraftig auke i irakisk oljeproduksjon og rydda grunnen for auka dominans frå USA militært, politisk og økonomisk i Golfen. Ein såg på USAs strategiske kontroll over Midtausten og olja der som nøkkelen til å legge grunnen for eit «nytt amerikansk hundreår».

 

Som tidlegare leiar for Sentralbanken Alan Greenspan, den viktigaste økonomen i USA i heile perioden, sa det i boka The age of Turbulence i 2007:

«Eg er lei for at det er politisk upassande å vedgå det alle veit: at krigen i Irak i hovudsak dreier seg om olje.»

 

Invasjonen i Irak, hevdar Greenspan, måtte ein sjå på bakgrunn av tidlegare vestlege intervensjonar for å sikre seg olja i regionen, for eksempel:

«reaksjonen på og omgjøringa av Mossadeqs nasjonalisering av anglo-iransk olje i 1951(som førte til at CIA fjerna den iranske statsministeren Mossadeq og sette inn att sjahen i 1953) og det mislykka forsøket frå Storbritannia og Frankrike på å gjøre om Nassers nasjonalisering av Suez-kanalen på grunn av oljeforsyninga til Europa i 1956.»

 

USAs intervensjon i Irak og den auka militære rolla til USA i Midtausten var for Greenspan – den leiande talsmannen for finanskapitalen på 1990- og først på 2000- tallet – rettferdiggjort av det faktum at «vekst i verda det neste kvarte hundreåret på linje med veksten det siste kvarte hundreåret vil kreve mellom ein fjerdedel og to femtedelar meir olje enn me brukar i dag.» Og denne store auken i oljeproduksjonen måtte komme først og fremst i Persiagolfen, som hadde to tredjedelar av oljereservane i verda og dermed mesteparten av evna til auka utvinning.(13)

 

Sjølv om Bush-administrasjonen kritiserte Greenspans fråsegner, var den sentrale rolla olja hadde i okkupasjonen av Irak, ikkje lett å nekte for. I ein fjernsynstale i beste sendetid 13. september 2007 erklærte Bush at om USA skulle trekke seg ut av Irak «kunne ekstremistar kontrollere ein hovuddel av den globale energiforsyninga».(14)

 

Topp i oljeproduksjonen: Eit globalt vendepunkt?

 

I dei fem åra som er gått sidan USA invaderte Irak, er oljeforsyningssituasjonen i verda drastisk forverra. Overslag over potensialet for auka irakisk oljeproduksjon gjort før krigen gjekk ut frå at Irak utan sanksjonar kunne auke rå-oljeproduksjonen innan eit tiår frå toppnivået i 1979 på 3,5 millioner fat om dagen (mfd) til 6 eller jamvel au 10 mfd.(15) I staden fall gjennomsnittleg årleg produksjon i Irak i 2007 til 13 prosent under nivået i 2001, frå 2,4 til 2,1 mfd. Oljeproduksjonen i Persiagolfen som eit heile auka med 2,4 mfd i snitt mellom 2001 og 2005 og fall så med 4 prosent i åra 2005–2007, saman med stagnasjon i oljeproduksjonen i verda som eit heile.(16)

 

På den tida USA-troppane nådde Bagdad, var topp i oljeproduksjonen alt ein lurande fare verda over. I dag er spørsmålet oppe overalt der makthavarane diskuterer oljestoda i verda. Topp i oljeproduksjonen er ikkje det same som å renne tørr for olje. Det betyr ganske enkelt at produksjonen når toppen med ein påfølgande endeleg nedgang, primært på grunn av geologiske og teknologiske faktorar. Utvinning av olje frå ein brønn har typisk fasong som ein symmetrisk klokkeforma kurve med jamt aukande utvinning, til dømes 2 prosent i året, til toppen blir nådd omlag når halvparten av tilgjengeleg olje er tappa. Ettersom oljeproduksjonen i eit land ganske enkelt er eit produkt av ei samling enkeltbrønnar, så kan ein vente at den nasjonale produksjonen likeins vil ta form av ein klokkeforma kurve. Geo-logar er blitt dyktige til å estimere når produksjonstoppen vil bli nådd på nasjonal basis. Pioneren her var oljegeologen M King Hubbert på 1950-tallet, som fekk ry for å spå at USA ville nå toppen i oljeproduksjonen i 1970. Derfor er topp i oljeproduksjonen au kjent som «Hubberts topp».

 

Toppen i oljeproduksjonen blir generelt sett som toppen for vanlege råoljeforsyningar, som hovudoverslaga for oljereservane er bygde på. Det finst au andre oljekjelder som kan utnyttast til langt høgare pris med langt lågare rate på energiutbytte på investert energi (EROEI). Det omfattar tungolje, råolje frå oljesand, og skiferolje. Når oljeprisen stig kan enkelte av desse kjeldene bli meir aktuelle, men au til høgare pris – i pengar og for miljøet. Ein går ut frå at det kostar to av tri fat olje å betale for energi og andre kostnader for å utvinne olje frå tjæresanden i Alberta. Det krev 28,3 mill kbm naturgass for å lage 1 million fat syntetisk olje frå oljesand. To tonn sand må gravast ut for å få eit fat olje. Å grave ut oljesand krev au store mengder vatn, og produserer 9,5 liter giftig væske per fat olje. Den giftige væska blir lagra i enorme og raskt veksande «avfallsdammar». Dei økonomiske og miljømessige kostnadene vil derfor vere eit hinder. Toppen på oljeproduksjonen signaliserer uunngåeleg slutten på billig olje.(17)

 

Ein nøkkelpunkt i påstanden om at oljeproduksjonen vil nå ein topp, er det faktum at oppdaginga av nye oljefelt nådde toppen i 1960-åra, og gjennomsnittleg har nye oppdagingar minka i storleik etterpå. Dei som hevdar at toppen blir nådd raskt, insisterer på at overslaga for kjende reservar er overdrivne av politiske grunnar, og at faktisk tilgjengelege reservar kan vere betydeleg mindre. Den vanlege oppfatninga om at det er førti års produksjon av råolje att med noverande utvinningstakt, oppfattar dei som misvisande fordi reservane i jorda er overdrivne og fordi kravet frå økonomien om at olje-etterspørsel og produksjon må auke, blir nedtona. Dei som analyserer topp i oljeproduksjonen, fokuserer derfor på produksjon framfor reservar.

 

Oljeproduksjonstoppen skaper ei skarpare definert krise enn den meir generelle energikrisa, ettersom olja ikkje bare er det mest allsidige drivstoffet, men det er au det dominerande drivstoffet i transportsektoren, som det ikkje finst enkle erstatningar for i tilstrekkelege mengder. Meir enn to tredjedelar av oljeetterspørselen i USA er bensin og diesel til bilar og lastebilar. Ein nærståande topp i konvensjonell oljeproduksjon rammar livsblodet i den eksisterande kapitalistiske økonomien. Det opnar for drastiske problem og nedgang i økonomien.(18)

 

Oljetoppdebatten som ofte har vore beisk det siste tiåret, har no endt opp i to hovudstandpunkt. Eitt er av dei er «early peakers» (vanlegvis sett som dei eigentlege oljetopptilhengarane). Desse argumenterer at toppen vil bli nådd 2010–2012, og at han alt kan vere nådd i 2005–2006. Det andre synet, representert av «late peakers» er at oljetoppen ikkje blir nådd før 2020 eller 2030.(19) Derfor er det veksande semje om at toppen på oljeproduksjonen er – eller snart vil bli – ein realitet. Hovudspørsmålet no er kor raskt, eller om det alt har skjedd.

 

Eit anna spørsmål er om oljeproduksjonen i verda står framfor ei klokkeforma kurve som kulminerer i ein slank rund topp, for å bli raskt følgt av nedgang (i det ein kan sjå som ein symmetrisk kurve) – eller om produksjonen vil stige til eit platå og bli der ei stund, før nedgangen kjem. Faktisk ser det ut som oljepforsyninga i verda alt har nådd eit platå dei siste tri åra på 85 mfd. Det har derfor gitt støtte til oppfatninga at det er forma som toppen vil ta i utgangspunktet.

 

Kurven på neste side viser oljeproduksjon/ -forsyningar frå 1970 til 2007. «Olje» ifølge IEA (og EIA som har ei mest identisk oppfatning) er definert å omfatte «alle flytande energikjelder målt på produksjonsnivå. Kjelda inkluderer flytande og kondensert naturgass, resultat av framsteg i raffineringsprosessen, og produksjon av konvensjonell og ukonvensjonell olje.» Konvensjonell olje eller råolje er lett tilgjengeleg olje «produsert frå hydrokarbonreservoar i grunnen ved hjelp av produksjonsbrønnar.» Ukonvensjonell olje er ekstrahert frå andre prosessar, slik som kondensert naturgass, oljesand, oljeskifer, kol-til-flytande-drivstoff(CTL: coalto- liquid – ein kan gjøre kol om til flytande drivstoff gjennom ulike prosessar. Men det frigjør langt meir CO2 enn konvensjonelle prosessar. Overs. anm.. Kjelde: Eng. Wikipedia.), biodrivstoff «og/eller(anna drivstoff som) … treng tilleggsprosessar for å gi syntetisk råolje.»(20) Nedre kurve i kurven, merka «råoljeproduksjon» (crude oil production, red.) viser ganske enkelt til produksjonen av konvensjonell olje. Den øvre kurva, merka «oljeforsyninga i verda» tar med ukonvensjonelle kjelder pluss netto raffineringsvinst (av tapet). Linja for råoljeproduksjon tippar litt ned i 2005–2007 og speglar at råoljeproduksjonen fall frå eit snitt på 73,8 mfd i 2005 til 73,3 mfd i 2007. Men «oljeforsyninga i verda» ligg jamt på omlag 85 mfd på grunn av at ukonvensjonelle kjelder steig og kompenserte for nedgangen i same periode, og førte til det som ser ut til å vere eit ganske utvetydig platå.

 

Når han forklarer at eit platå er det mest sannsynlege resultatet globalt, skriv den leiande oljetopptilhengaren Richard Heinberg:

 

Korfor platå? Oljeproduksjon er avhengig av økonomiske vilkår (i økonomiske nedgangstider går etterspørselen etter olje ned) såvel som politiske hendingar som krig og revolusjon. I tillegg er forma på produksjonskurva modifisert av aukande tilgang på ukonvensjonelle oljekjelder (inkludert tungolje, naturgass frå planterestar, og tjæresand), så vel som ny utvinningsteknologi. Den samla effekten av alle desse faktorane er at toppen blir dempa og nedgangen forlenga.( 21)

 

Oppfatninga om at eit delvis geologiskteknologisk, delvis politisk-økonomisk platå er nådd har blitt det dominerande synet i industrien. I november 2007 rapporterte Wall Street Journal at stadig fleire leiarar i oljeindustrien stør ei oppfatning som lenge var reint marginal: Verda nærmar seg ei praktisk grense for kor mange fat råolje ein kan pumpe per dag … Tilhengarane(av oljetopp-synet) – som går frå toppleiarane i vestlege oljeselskap til noverande og tidlegare tjenestemenn i dei store eksportlanda – trur ikkje den globale oljetanken er halvtømt. Men dei deler oppfatninga om at me når eit globalt produksjonstak av andre grunnar: avgrensa tilgang til oljefelt, veksande kostnader og stadig meir kompleks oljeteknologi. Det vil skape eit produksjonsplatå, ikkje ein topp, hevdar dei, der oljeproduksjonen vil vere relativt konstant framfor å stige eller synke.

 

Artikkelen i Wall Street Journal viste til estimat frå Cambridge Energy Research Associates, som hevdar toppen først vil komme i 2030, og at det først vil manifestere seg som eit «bølgande platå». Men artikkelen i the Journal tok au seriøst opp synet til Simmons, som viste til at på grunn av synkande produksjon i oljefelta var det behov for auka dagleg oljeproduksjon tilsvarande ti gonger den noverande produksjonen i Alaska – «bare for å halde nivået.» I røynda kunne toppen i oljeproduksjonen «i beste fall» utsettast til 2008–2012. Mange leiarar i bransjen gir uttrykk for same uro når dei held fram spøkelset om at eit oljeforsyningstak på 100 mill fat (konvensjonelle eller ukonvensjonelle) ikkje vil dekke venta etterspørsel innan eit tiår eller mindre.(22)

 

Ut frå produksjonsplatået me har nådd, og med oljeproduksjonen tilsynelatande fast på 85 mfd er det ikkje overraskande at nokre analytikarar trur toppen alt er nådd. Derfor har både Simmons og oljemilliardæren T Boone Pickens frå Texas reist spørsmålet om toppen vart nådd i 2005. Mens Energy Watch Group i Tyskland, som omfattar både forskarar og medlemmer av det tyske parlamentet, hevdar at «oljeproduksjonen i verda … nådde toppen i 2006.»(23)

 

Offentleg har sjølvsagt spørsmålet om ein topp i oljeproduksjonen vorte karakterisert som eit «marginalt spørsmål» av folk i etablissementet og av media. Likevel har spørsmålet det siste tiåret blitt tatt opp systematisk med aukande alvor på høgste nivå i det kapitalistiske samfunnet: både innan statar og selskap.(24) I februar 2005 sendte energidepartementet i USA ut ein større rapport dei hadde tinga som var kalla Peaking of World Oil Production: Impacts, Mitigation, and Risk Management. Prosjektleiar var Robert L Hirsch frå Science Applications International Corporation. Hirsch hadde tidlegare leiande stillingar i atomenergikommisjonen i USA, Exxon, og ARCO. Hirsch-rapporten konkluderte med at toppen var litt over to tiår unna, eller nærmare. «Jamvel dei mest optimistiske spådommane» sa rapporten, «går ut frå at at toppen vil vere nådd på mindre enn 25 år.» Men hovudvekta i Hirsch-rapporten som energidepartementet bestilte var lagt på dei massive endringane som måtte til i økonomien og særleg i transportsektoren, for å lindre dei skadane slutten på billig olje ville føre til. Det enorme problemet med å konvertere tilnærma heile bilparken, alle lastebilane og flya i USA på bare eit kvart hundreår (i beste fall) blei sett som ustyrlege problem.(25)

 

I oktober 2005 skreiv Hirsch ein analyse for Bulletin of the Atlantic Council of the United States om The Inevitable Peaking of World Oil Production. Han erklærte her at «tidlegare energiovergangar (ved til kol, kol til olje etc) gjekk gradvis og evolusjonært; oljeproduksjonstoppen ville bli brå og revolusjonær. Verda hadde aldri stått framfor eit slikt problem. Utan massive lindringstiltak minst eit tiår på forhand, ville problemet omfatte alt og bli langvarig.»(26)

 

Likeins sleppte hæren i USA sjølv ut ein stor rapport i september 2005 som slo fast:

 

Doblinga av oljeprisen frå 2003 til 2005 er ingen anomali, men eit bilete på framtida. Oljeproduksjonen nærmar seg toppen; ein kan vente låg vekst i tilgangen dei neste fem til ti åra. Når oljeproduksjonen i verda når toppen, vil geopolitikk og markedsøkonomi føre til enno kraftigare prisauke og tryggingsrisiko. Ein kan bare spekulere på resultatet av eit slikt scenario når oljeproduksjonen går ned.(27)

 

I røynda var det liten tvil i herskarsirklar i 2005 om det sannsynlege i oljemangel og om at oljetoppen nærma seg snart eller snarare. I sin World Energy Outlook i 2005 reiste IEA spørsmålet om påstandane til Simmons i Twilight in the Desert: det superstore oljefeltet Ghawar i Saudi-Arabia, det største i verda, «kunne», med orda til IEA, «vere nær topproduksjon om det ikkje alt hadde nådd han.» Likeins med energidepartementet i USA, som i utgangspunktet hadde avvist Simmons vurderingar, dei snudde i åra mellom 2004 og 2006, og skreiv ned overslaget sitt for saudisk oljeproduksjon i 2025 med 33 prosent.(28)

 

I februar 2007 sendte Government Accountability Office (GAO – kontrollkomiteen til Kongressen) ut ein syttifem siders rapport om Crude Oil (råolje) med den treffande undertittelen: Uncertainty about Future Oil Supply Makes It Important to Develop a Strategy for Addressing a Peak and Decline in Oil Production. (Uvissa om framtidig oljeforsyningar gjør det viktig å utvikle ein strategi for å møte topp og nedgang i oljeproduksjonen.) Rapporten hevda at mest alle undersøkingar hadde vist at toppen i oljeproduksjonen i verda ville skje ein gong før 2040, og at føderale regjeringsorgan i USA ikkje hadde starta det nødvendige arbeidet å gjøre nasjonen klar til å møte den overhengande krisesituasjonen. For GAO blei trusselen om stor oljemangel forverra av politisk risiko primært knytt til fire land som stod for nesten ein tredjedel av konvensjonelle oljereservar: Iran, Irak, Nigeria og Venezuela. Det faktum at Venezuela hadde «nesten 90 prosent av reservane i verda av ekstra tung olje» gjorde det enno meir viktig å forstå at det utgjorde ein markant «politisk risiko» sett frå Washington.(29)

 

I april 2008 uttalte Jeroen van der Ver, administrerande direktør i Royal Dutch Shell, at «me ikkje blir forbausa om denne (lette) olja når toppen dei neste ti åra.» Som resultat av ein kombinasjon av faktorar som produksjonsunderskott og synkande dollar, nådde oljeprisen over 135 dollar per fat i mai 2008 (snittet var 66 dollar og 72 dollar i 2007). Same månad sjokkerte Goldman Sachs kapitalmarkeda i verda med å hevde at oljeprisen kunne stige til så mykje som 200 dollar fatet i løpet av dei neste to åra. Vestlege oljeinter-esser var særlege frustrerte over at den første produksjonen frå Kashagan-feltet i Kasakhstan (vurdert som det største feltet i verda utanfor Midtausten) var åtte år etter planen, delvis på grunn av frosne innsjøar halve året. I mai 2008 budde IEA seg ifølge analytikarar i New York Times på å senke vurderingane sine av oljeproduksjonen i verda i 2030 frå tidlegare 116 mfd til ikkje meir enn 100 mfd.(30)

 

Det var uro rundt bensinprisen og nasjonal energisikring (og utan tvil spøkte oljeproduksjonstoppen) som førte til at Bushadministrasjonen i 2006 tok ei meir aggressiv haldning til å køyre fram maisbasert etanolproduksjon som brenselserstatning. I 2007 vart 20 prosent av maisproduksjonen sett av til etanol til bildrivstoff. Prisen på korn steig rett opp verda over, delvis på grunn av det. Som miljøforkjemparen Lester R Brown skreiv i sin Plan B 3.0:

«Brått stod verda framfor eit moralsk og politisk spørsmål som var heilt nytt: Skal me bruke korn til å drive bilar eller til å fø menneske?… Markedet seier: La oss lage drivstoff til bilar.»(31)

 

Den nye energiimperialismen

 

 

Svaret frå nasjonale tryggingskretsar i USA på det openbare platået i olje-produksjonen, på at ledig produksjonskapasitet er blitt borte, og på aukande frykt for topp i oljeproduksjonen, kom raskt. I oktober 2005 sendte CSIS ut ein ny rapport, denne gongen om Changing Risks in Global Oil Supply and Demand, skriven av Anthony Cordesmam (i lengre tid nasjonal tryggingsanalytikar for forsvarsdepartementet i USA, no leiar for Arleigh A Burkes Strategi-studiar ved CSIS) og Khalid R Al-Rodhan (strategianalytikar spesialisert på Golf-spørsmål). Cordesman og Al-Rodhan siterte IEAs spådom i 2004-utgava av World Energy Outlook om at oljeproduksjonen ikkje ville «nå toppen før 2030 om nødvendige investeringar blir gjort.» Det var heller slik at det umiddelbare problemet var «forseinka investeringar» i Midtausten. Likevel vart ikkje spørsmålet om topp i oljeproduksjonen heilt avskrive. Cordesman og Al-Rodhan skreiv at «enkelte analytikarar har stilt spørsmålet om(det saud-iske) kongedømmets evne til å møte brå stigning i etterspørselen på grunn av mangelen på ledig produksjonskapasitet, og andre – som Matthew Simmons – har vurdert det slik at saudisk produksjon kan gå mot ein periode med varig nedgang.»

 

 

«Stabiliteten i oljeeksporterande regionar», legg Cordesman og Al-Rodhan til, «er i beste fall svak. Algerie, Iran og Irak har alle umiddelbare tryggingsproblem, men siste tida har vist at eksportland i Afrika, Kaspihavet og Sør-Amerika ikkje er meir stabile enn Golfen. Det har vore sabotasje på oljeleidningane i Nigeria, streikar i Venezuela, påstått korrupsjon i Russland, og sivil uro i Usbekistan og andre TSU- (Tidlegare Sovjetunionen-) land.»(32)

 

Enno meir sentral enn CSIS-studien var ein rapport frå Council on Foreign Relations frå 2006, leia av tidlegare CIAdirektør John Deutch og Schlesinger, med tittelen National Security Consequences of U.S. Oil Dependency. Rapporten til Deutch og Schlesinger sikta seg inn på for liten produksjonskapasitet for olje, der OPEC ikkje lenger hadde ekstra kapasitet som kunne halde prisen under kontroll. Produksjon frå konvensjonelle oljefelt verda over «gjekk ned i snitt med 5 prosent per år (grovt rekna 4,3 mfd) og slik vil det bli enormt vanskeleg å oppretthalde det noverande konsumet.» Vidare at «tømminga av konvensjonelle kjelder, særleg dei nær dei store markeda i USA, Vest-Europa og Asia betyr at produksjon og transport av olje vil bli enno meir avhengig av ein infrastruktur som alt er sårbar.» Hovudprodusentar som Russland, Iran og Venezuela brukte olja for å oppnå innanlandske og geopolitiske mål, framfor å reinvestere oljeavkastninga. Saudi-Arabia, Irak og Vest-Afrika var alle senter for ustabilitet. Kina freista «låse fast» oljeforsyningar i Afrika, Kaspihavet og andre stader.

 

Jamvel om rapporten til Deutch og Schlesinger drøfta nokre tiltak på etterspørselssida for å redusere oljeforbruket i USA og gjøre landet mindre avhengig av olje, la dei vekta på militæret si rolle for å sikre oljeforsyningane. Rapporten erklærte at «USA må ha ei sterk militær stilling(spesielt i Persiagolfen) som tillet rask spreiing i regionen, om det krevst … Alle nasjonar (eller nasjonale grupper) som vurderer vald på noko nivå må ta høgde for at USA kan gå til forkjøpskrig, intervensjon eller hemn.»(33)

 

Ikkje mindre viktig var ein «politikkrapport » frå april 2007 frå James A Baker III Institute for Public Policy om The Changing Role of National Oil Companies in International Energy Markets. Med vekt på at nasjonale oljeselskap no kontrollerte 77 prosent av dei totale reservane i verda, mens vestlege multinasjonale oljeselskap bare kontrollerte 10 prosent, hevda rapporten at det var nøkkelspørsmålet i å handtere oljeforsyningsproblemet. «Om USA kunne ønske fram ei verd der deira handelsregime og supermaktstatus vart favorisert», gjekk rapporten så langt som å seie, ville alle NOCar( nasjonale oljeselskap) bli privatiserte, utanlandske investorar ville bli behandla på same vis som lokale selskap og OPEC ville bli oppløyst, og gi frihandel og konkurrerande marked lov til å levere energi som er naudsynt verda over til prisar som bare er avgjort av markedet. Men det er vanskeleg å sjå for seg korleis store oljeland skulle gå med på det … I lys av den realiteten må USA akseptere det faktum at NOC-ar eksisterer, men oppmuntre steg som gjør dei meir businesslike, oversiktlege og – i den grad det er mauleg – fri frå tyngande regjeringsinnblanding.

 

Framfor alt må hovudmålet for USA vere å «bryte opp» overalt det er råd «monopolmakta til oljeprodusentane» og bruken deira av oljeressursane for å nå nasjonale mål utover reint kommersielle. Kroneksemplet på slik statleg innblanding i oljeproduksjonen, seier rapporten, er Venezuela under leiarskap av Hugo Chávez. Ikkje bare hadde den bolivariske revolusjonen prioritert «regjeringas nasjonale utviklingspolitikk» og «sosiale og kulturelle investeringar» framfor «kommersiell utviklingsstrategi», dei hadde au brukt olje som reiskap i «utanrikspolitisk aktivisme». Det kunne ein sjå i dei geopolitisk grunna avtalane med Bolivia, Ecuador, Nicaragua, og dei karibiske nasjonane. Eit anna tilfelle av geostrategisk bruk av olja som våpen var Iran som hadde trua med at dei «kunne stenge oljetransportvegen Hormuzstredet», om dei stod framfor eit åtak frå USA. Ein fare USA måtte verje seg mot var ein «fiendtleg» allianse mellom store oljeprodusentar/konsumentar, slik som Russland, Kina, Iran og dei sentral-asiatiske statane. Eit anna nøkkelspørsmål i geopolitikken til olja, streka rapporten under, var den vedvarande politiske ustabiliteten i Irak. Trass i freistnadene frå Washington på å stabilisere landet heldt det fram med politisk uro og krig, som hindra oljeutvinninga i vestlege ørkenområde.(34)

 

Den stramme oljesituasjonen har ført til den raske veksten i USAs energiimperialisme på bakken, ut over dei pågåande krigane i Irak og Afghanistan. Tryggleiken til Saudi-Arabia er eit overordna spørsmål. Washingtons planar for massiv investeringsog produksjonsauke i Saudi-Arabia – som ifølge Energi-departementet treng å doble oljeutvinninga i 2030 – heng på at eit føyødalt kongedømme blir sittande. I mellomtida er det stigande sosial spenning som skriv seg frå den sterkt ulike fordelinga av oljeutbyttet i landet. 90 prosent av jobbane i privat sektor går til utlendingar. Kjønnsskillet er totalt. Den repressive strukturen i samfunnet skjuler massiv folkeleg harme. Ei kvar destabilisering av samfunnet vil sannsynlegvis føre til militær intervensjon frå USA. Som James Howard Kunstler skreiv i The Long Emergency, «ei desperat supermakt kan tenke dei ikkje har anna val enn å freiste kontrollere dei største gjenverande oljefelta på planeten for ein kvar pris» – særleg om dei i veksande grad møter konkurranse frå andre statar.( 35) USA har prøvd motsette seg ein energi-allianse mellom Russland, Kina, Iran og sentralasiatiske oljestatar ved å utvide militær-basane sine i Afghanistan og Sentral-Asia, særleg Manas-flybasen i Kirgisistan på grensa til det oljerike Kasakhstan.

 

Truslar om militære «forkjøps»-intervensjonar frå USA retta mot Iran har i mellomtida komme fortløpande, på grunn av påståtte forsøk frå Iran på å skaffe seg kjernevåpen ved aggressiv jakt på kjernekraft, og «innblandinga» deira i Irak. Irans jakt på kjernekraft, stadfesta i ein studie frå 2007 publisert i Proceedings of the National Academy of Sciences, kjem på bakgrunn av ein nedgang i oljeeksporten på 10–12 prosent ut frå aukande energietterspørsel innanlands og rask uttømmingsrate på oljefelta, og manglande investeringar i større produksjonskapasitet. Det førte nyleg til at Iran ikkje kunne oppfylle eksportkvoten tildelt av OPEC. Den noverande tendensen gjør det sannsynleg at oljeeksporten frå Iran går til null i 2014–2015. Sett frå vestleg energi- og tryggingssynsstad så har Iran lagt seg til med ein monopolistisk politikk med å underinvestere i olje, senkar produksjonen med overlegg fordi dei ventar kontinuerleg stigande prisar, og held derfor attende livsblodet til verdsøkonomien.(36)

 

Dei siste fem åra har USAs militære dramatisk auka tallet på basar og operasjonar i Afrika, særleg i Guineagolfen. USA ventar å få 20 pst av oljeimporten sin frå Afrika i 2010, og 25 pst i 2015. Militæret i USA oppretta ein eigen kommando for Afrika i 2007 for å styre alle militære operasjonar i Afrika (utanfor Egypt). Washington ser seg i direkte konkurranse med Beijing om olja i Afrika – ein konkurranse ikkje bare i økonomisk men au militær-strategisk forstand.(37)

 

Dei dominerande interessene til USA har ført til at truslane retta mot Venezuela, Ecuador, Bolivia og andre latin-amerikanske statar har auka på, dei skuldar dei for «ressursnasjonalisme » og held dei fram som truslar mot den nasjonale tryggleiken til USA. Washington har gjort eine forsøket etter det andre på å velte den demokratisk valte presidenten i Venezuela Hugo Chávez, og på å styrte Venezuelas bolivariske revolusjon for klart å få til regimeskifte. Det har inkludert opptrapping av ein massiv militærintervensjon i Colombia og støtte til militæret i Colombia og deira inntrenging i naboland. I 2006 gjennomførte sørkommandoen i USA ei intern gransking som erklærte at Venezuela, Bolivia, Ecuador og sannsynlegvis Mexico (som då stod framfor eit val med mauleg folkeleg vinnar) utgjorde alvorleg fare for energitryggleiken til USA. «I påvente av positive endringar i investeringsklimaet,» sa rapporten, «er utsiktene for langsiktig energiproduksjon i Venezuela, Ecuador og Mexico i dag i fare.» Den militære trusselen var openbar.(38)

 

Alt dette er i samsvar med historia til kapitalismen og svara frå synkande hegemoni-statar på globale krefter som er utanfor deira kontroll. Den nye energiimperialismen frå USA fører alt til omfattande krigar, som reelt kan bli globale, når Washington freistar sikre den eksisterande kapitalistiske økonomien og hindre sin eigen tur ned frå hegemoniet. Som Simmons har åtvara, «Om me ikkje får til ei løysing på det enorme potensielle gapet mellom det opparbeidde behovet me har for energi og tilgangen på energi, så får me den styggaste og siste krigen me nokon gong kjem til å kjempe. Eg meiner krig bokstavleg.»(39)

 

I januar 2008 sleppte Carlos Pascual, visepresident i Brookings Institution og tidlegare direktør i Bush-administrasjonens kontor for gjenoppbygging og stabilisering ein analyse av The Geopolitics of Energy som sette søkelyset på at USA faktisk var avhengig av oljeproduksjonen i «Saudi- Arabia, Russland, Iran, Irak, Venezuela, Nigeria og Kasakhstan» – alle utgjorde store tryggingstruslar. «På grunn av kommersiell usemje, labilitet lokalt, eller ideologi, så investerer ikkje Russland, Venezuela, Iran, Nigeria og Irak i ny langsiktig produksjonskapasitet. » Det var både eit økonomisk og militært problem for Washington.(40)

 

Særleg urovekkande i den nye fasen med energiimperialisme er mangelen på motstand frå grupper innanfor dei sentrale kapitalistiske landa sjølve. Venstre-liberale publikasjonar i dei rike nasjonane speler ofte på fordommane til lesarane sine (som er ramma av aukande bensinpris), oppmuntrar dei til å støtte oljeimperialismen som skal sikre vestleg kapitalisme. David Litvin som skriv om Oil, Gas and Imperialism i 2006 for the Guardian i London, hevdar at «me må vedgå det uunngåelege i moderne energiimperialisme.» Truslar frå Russland, OPEC, Venezuela og Bolivia vart framheva. USA invaderte Irak, blei me fortalt, delvis for «å trygge olja». Med klar sympati for den typen energiimperialisme som «inneber at forbrukarstatar sett i verk politiske og militære» intervensjonar «for å sikre forsyningane», konkluderer Litvin: «Energi-imperialisme er her for å bli, og ein bør(derfor) konsentrere seg om å gjøre han til ei meir godarta kraft».(41)

 

Likeins Joshua Kurlantzick, bidragsytar i Mother Jones, som skreiv eit stykke med tittelen Putt ein tyrann på tanken til maijuni- utgava i 2008 som la skylda for oljeforsyningsproblema på nasjonale oljeselskap, og argumenterte – med referanse til rapporten frå Baker Institute om The Changing Role of National Oil Companies – at olja ville vere betre sikra om multinasjonale selskap fekk kontrollen igjen som før i tida. Det siste, fekk lesarane vite, «kan pynte på stygge regime… men selskapa er i det minste forplikta til å reagere på offentleg kritikk.» Kurlantzick kritiserte stadig Hugo Chávez i Venezuela for «ressursnasjonalisme », og gjekk så langt som å samanlikne Venezuela med Burma og Russland, med sitat frå nykonservative Freedom House (som i hovudsak er betalt av regjeringa i USA) som «autoritær og korrupt». Artikkelen i Mother Jones gav au kreditt til den interne granskinga Sørkommandoen i Pentagon gjennomførte i 2006, som peika ut ressursnasjonalismen i Venezuela, Bolivia og Ecuador som nasjonal tryggingsrisiko for USA. Andre oljestatar som vart utsette for skarp kritikk var Iran, Russland, Kasakhstan, Nigeria og Libya. Statlege kinesiske oljeselskap blei framheva for den aggressive jakta på olje verda over og for manglande miljøengasjement. Energiimperialismen til USA vart slik sett gjort rettferdig av det i utgangspunktet progressive Mother Jones – med håp og tru plassert hos oljekapitalen og Pentagon.(42)

 

Verdsbrann?

 

 

Den største ironien i oljetoppkrisa er sjølvsagt at verda er raskt på vegen som heiter klimaendringar på grunn av bruken av fossilt brensel, som i løpet av tiår truar den menneskelege sivilisasjonen og livet på planeten. Om ikkje utsleppa av karbondioksid frå slikt drivstoff blir drastisk redusert, ventar ei global kata-strofe. For miljøforkjemparar er oljeproduksjonstoppen derfor ikkje ein tragedie i seg sjølv, ettersom den avgjørande utfordringa me står framfor i dag må tvinge verda bort frå å vere overdrive avhengig av fossilt drivstoff. Øydelegginga av balansen i solenergitilførselen som hydrokarbona har ført til, har skapt et bio-sfærisk brot som vil øydelegge framtidig liv om me ikkje handlar raskt.(43)

 

Men konsum av store mengder fossilt brensel og særleg olje er bygd inn i strukturen til den noverande kapitalistiske verdsøkonomien. Det umiddelbare svaret frå systemet på at det er slutt på lett tilgjengeleg olje er derfor å gripe til ny energiimperialisme – ein strategi bygd på maksimal utvinning med alle tilgjengelege middel: for å roe det Rachel Carson ein gong kalla «profitt- og produksjonsgudane.»(44) Det skaper trusselen om mange verdsbrannar: global oppvarming, oljeproduksjonstopp, raskt aukande sult på verdsbasis (delvis som resultat av aukande produksjon av biodrivstoff ), og kjernefysisk krig – alt for å sikre eit system innretta på veksande ulikskap. Framfor dei umåtelege farane som truar livet på jorda treng verda desperat ei ny retning; mot felles velferd og global rettferd: ein sosialisme for planeten. Ein må forstå at den gigantiske faren som menneskeslekta står framfor ikkje først og fremst kjem av grensar i naturen, verken geologiske eller klimatiske, men frå eit irrasjonelt sosialt system som skjer ut av kontroll, og meir spesifikt USA-imperialismen. Det er vår tids utfordring.

 

(Artikkelen er en av to artikler av John Bellamy Foster som står i boka Ødeleggelsens økonomi, tidsskriftet Rødt!, 2008. Artikkelen sto første gang i Monthly Review, vol 60/nr 3 2008. Se tidsskriftets nettside www.monthlyreview.org. Den er oversatt av Gunnar Danielsen.)

 

Notar:

 

 

  1. Den innflytelsesrike politiske analytikaren (og tidlegare strateg for Nixon i Det Kvite Hus) Kevin Philips har nyleg argumentert at olja i Midtausten og andre stader har blitt den enkeltståande viktigaste strategiske (ikkje-monetære) faktoren i «den globale krisa til den amerikanske kapitalismen», nært knytt til verdas behov for «eit nytt energiregime». Sjå Philips Bad Money: Reckless Finance, Failed Politics, and the Global Crisis of American Capitalism (New York: Viking, 2008), 124–27. I røynda kan ein sjå kampen om kontroll over olja i verda som høgdepunktet i den nye geopolitikken til USAs imperium, som på same tid skal kjempe mot USAs hegemoniske nedtur. Sjå John Bellamy Foster, A Warning to Africa: The New U.S. Imperial Grand Strategy, Monthly Review 58, nr 2 (juni 2006): 1–12.
  2. Michael T Klare, Blood and Oil (New York: Henry Holt, 2004), 82.
  3. Colin J Campbell og Jean H Laherrère, The End of Cheap Oil, Scientific American (mars 1998): 78–83; International Energy Agency, World Energy Outlook, 1998 (Paris: OECD, 1998), 94–103.
  4. Matthew R Simmons, Has Technology Created $10 Oil?, Middle East Insight (mai-juni 1999), 37, 39.
  5. Matthew R Simmons, An Oil Man Reconsiders the Future of Black Gold, Good Magazine, 11. februar 2008. Innskotet i hakeparentes er originalt.
  6. Matthew R Simmons, Twilight in the Desert: The Coming Saudi Oil Shock and the World Economy (Hoboken, New Jersey: John Wiley and Sons, 2005).
  7. John Wood og Gary Long, Long Term World Oil Supply (A Resource Base/Production Path Analysis), Energy Information Administration, U.S. Department of Energy, 28. juli 2000.
  8. Sjå Klare, Blood and Oil, 13–14.
  9. Sam Nunn og James R Schlesinger, redaktørar, The Geopolitics of Energy into the 21st Century, 3 volumes (Washington, D.C.: Center for Strategic and International Studies, november 2000), vol. 1, xvi–xxiii; vol. 2, 30–31; vol. 3, 19.
  10. Edward L Morse, redaktør, Strategic Energy Policy Challenges for the 21st Century, støtta av The James A. Baker III Institute for Public Policy of Rice University og The Council on Foreign Relations (Washington, D.C: Council on Foreign Relations Press, april 2001), 3–17, 29, 43–47, 84–85, 98; sjå au Edward L Morse, A New Political Economy of Oil?, Journal of International Affairs 53, no. 1 (hausten 1999), 1–29.
  11. White House, National Energy Policy (Cheney report), mai 2001, http://www.whitehouse.gov/ energy/National-Energy-Policy.pdf, 1–13, 8–4.; Department of Energy, Energy Information Administration, International Economic Outlook, 2001, http://www.eia.doe.gov/oiaf/archive/ieo01/ pdf/0484(2001).pdf, 240; International Petroleum Outlook, april 2008, tabell 4.1b og 4.1d; Klare, Blood and Oil, 15, 79–81.
  12. Klare, Blood and Oil, 82–83.
  13. Alan Greenspan, The Age of Turbulence (London: Penguin, 2007), 462–63.
  14. James A Baker Institute for Public Policy, The Changing Role of National Oil Companies in International Markets, Baker Institute Policy Report, nr 35 (april 2007), http://www.bakerinstitute.org/ publications/BI_PolicyReport_35.pdf, 1, 10–12, 17–19.
  15. Fareed Muhamedi og Raad Alkadiri, Washington Makes It’s Case for War, Middle East Report, nr 224 (våren 2002), 5; John Bellamy Foster, Naked Imperialism (New York: Monthly Review Press, 2006), 92.
  16. U.S. Department of Energy, Energy Information Administration, International Petroleum Monthly, april 2008, tabell 4.1b og 4.1d.
  17. Richard Heinberg, The Party’s Over (Garbiola Island, B.C: New Society Publishers, 2005), 127–28; Michael Klare, Rising Powers, Shrinking Planet (New York: Henry Holt, 2008), 41; Greenpeace, Stop the Tar Sands/Water Polluton, http://www. greenpeace.org/canada/en/campaigns/tarsands/ threats/water-pollution.
  18. Energy Watch Group, Crude Oil: The Supply Outlook, oktober 2007, 33–34.
  19. Skillet mellom tilhengarar av «tidleg» og «sein» oljetopp kan ein finne i Richard Heinberg, The Oil Depletion Protocol (Garbiola Island, B.C: New Society Publishers, 2006), 17–23. Nokre representative arbeid frå «tidleg topp» -perspektiv – sjå Kenneth S Deffeyes, Hubbert’s Peak (Princeton: Princeton University Press, 2001); David Goodstein, Out of Gas (New York: W. W. Norton, 2004); og Heinberg, The Party’s Over. Cambridge Energy Research Associates er den leiande uavhengige representanten for «sein topp» -synet. Sjå http:// www.cera.com/aspx/cda/public1/home/home.aspx.
  20. International Energy Agency, World Energy Outlook, 1998, 83–84. Auka betydning for ukonvensjonell olje har ført til fleire referansar til «væsker» i motsetning til «olje» i rapportane frå Energidepartementet. Sjå Michael T Klare, Beyond the Age of Petroleum, The Nation, 25. oktober 2007.
  21. Richard Heinberg, Power Down (Gabriola Island, B.C.: New Society Publishers, 2004), 35; James Howard Kunstler, The Long Emergency (New York: Atlantic Monthly Press, 2005), 67–68. I ein viktig artikkel om følgene av oljeproduksjonstoppen for den globale oppvarminga har Pushker Kharecha og James Hansen frå NASAs Goddard Institute for Space Studies og Columbia University Earth Institute ein graf (i eitt scenario) over eit platå i oljebasert CO2-utslepp som strekk seg frå omlag 2016 til 2036. Pushker A. Kharecha og James E. Hansen, Implications of ‘Peak Oil’ for Atmospheric CO2 and Climate, Global Biogeochemistry (2008, trykt utgave), figur 3.
  22. Oil Officials See Limit Looming on Production, Wall Street Journal, 11. november 2007; Klare, Beyond the Age of Petroleum.
  23. Phillips, Bad Money, 130–31, 153; Energy Watch Group, Crude Oil: The Supply Outlook, oktober 2007, 71.
  24. Phillips ser misforholdet mellom analysane gjort på toppen og dei offentlege erklæringane frå Washington i stor grad som resultat av ønsket om å skjule for folket at systemet i USA i seg sjølv har nådd ein topp. Sjå Phillips, Bad Money, 127.
  25. Robert L Hirsch, prosjektleiar, Peaking of World Oil Production: Impacts, Mitigation, and Risk Management, U.S. Department of Energy, februar 2005, 13, 23–25. Eit ulikt og meir offisielt syn kom frå EIA i 2004-2005 i form av ein presentasjon om When Will World Oil Production Peak? av EIAdirektøren Guy Caruso på den 10. årlege olje- og gasskonferansen i Kuala Lumpar, Malaysia, 13. juni 2005. Men det sentrale scenarioet meinte at oljeproduksjonstoppen i verda ville komme i 2044, eit overslag for hinsides alle andre studiar til å vere truverdig. Sjå http://www.eia.doe. gov/neic/speeches/Caruso061305.pdf.
  26. Robert L Hirsh, The Inevitable Peaking of World Oil Production, Bulletin of the Atlantic Council of the United States 16, nr 2 (oktober 2005): 8.
  27. Daniel F Fournier og Eileen T Westervelt, U.S Army Engineer Research and Development Center, U.S. Army Corps of Engineers, Energy Trends and their Implications for U.S. Army Installations, september 2005, vii.
  28. International Energy Agency, World Energy Outlook, 2005 (Paris: OECD, 2005), 510-12; Simmons, Twilight in the Desert, 170–79; Klare, Rising Powers, Shrinking Planet, 38.
  29. United States Government Accountability Office, Crude Oil: Uncertainty about Future Oil Supply Makes It Important to Develop a Strategy for Addressing a Peak and Decline in Oil Production, februar 28, 2007, 4, 20–22, 35–38.
  30. Bloomberg.com, Goldman’s Murti Says Oil ‘Likely’ to Reach a $150–$200 (Update 5), 6. mai 2008; The Cassandra of Oil Prices, New York Times, 21. mai 2008; ; Klare, Rising Powers, Shrinking Planet, 121–22; Joroen van der Veer (interview), Royal Dutch Shell CEO on the End of ‘Easy Oil’; Not Enough Oil is Lament of BP, Exxon on Spending (Update 1), Bloomberg.com, 19. mai 2008; Mike Nizz, Market Faces a Disturbing Oil Forecast, The Lede (New York Times blog), 22. mai 2008.
  31. Lester R Brown, Plan B 3.0 (New York: W. W. Norton, 2008), 41; Fred Magdoff, The World Food Crisis, Monthly Review 60, nr 1 (mai 2008): 1–15, og The Political Economy and Ecology of Agrofuels i same nummer.
  32. Anthony H Cordesman og Khalid R Al-Rodhan, The Changing Risks in Global Oil Supply and Demand, Center for Strategic and International Studies, 3. oktober 2005 (første utkast), 8, 13–19, 55–59, 79, 83.
  33. John Deutsch og James R Schlesinger, redaktørar, National Security Consequences of U.S. Oil Dependence, Council on Foreign Relations, 2006, http://www.cfr.org/publication/11683/, 3, 16–30, 48–56.
  34. James A Baker III Institute for Public Policy of Rice University, The Changing Role of National Oil Companies in International Oil Markets, Baker Institute Policy Report, nr 35 (april 2007), http:// bakerinstitute.org/publications/BI_PolicyReport_ 35.pdf, 1, 10–12, 17–19.
  35. Kunstler, The Long Emergency, 76–84; Baker Institute, Changing Role of National Oil Companies, 12.
  36. Roger Stern, The Iranian Petroleum Crisis and the United States National Security, Proceedings of the National Academy of Sciences 104, nr 1 (2. januar 2007): 377–82.
  37. Foster, A Warning to Africa; Michael Watts, The Empire of Oil: Capitalist Dispossession and the New Scramble for Africa, Monthly Review 58, nr 4 (september 2006), 1–17; Klare, Rising Powers, Shrinking Planet, 146–76.
  38. U.S. Military Sees Oil Nationalism Spectre, Financial Times, 26. juni 2006; Council on Foreign Relations, The Return of Resource Nationalism, 13. august 2007; Eva Golinger, Bush vs. Chávez (New York: Monthly Review Press, 2008).
  39. Simmons, An Oil Man Reconsiders the Future of Black Gold.
  40. Carlos Pascual, The Geopolitics of Energy, Brookings Institution, januar 2008, http://www.cfr. org/publication/15342/brookings.html, 3–4.
  41. Daniel Litvin, The Guardian (UK), Oil, Gas and Imperialism, 4. januar 2006.
  42. Joshua Kurlantzick, Put a Tyrant in Your Tank, Mother Jones 33, nr 3 (mai-juni 2008), 38–42, 88–89.
  43. Sjå Richard Heinbergs framifrå kapittel om Bridging Peak Oil and Climate Change Activism i boka Peak Everything (Gabriola Island: New Society Publishers, 2008), 141–57. Om begrepet revne i biosfæren sjå Brett Clark og Richard York, Carbon Metabolism: Global Capitalism, Climate Change, and the Biospheric Rift, Theory & Society 34, nr 4 (2005): 391–428. I artikkelen sin om oljeproduksjonstoppen og global oppvarming presenterer Kharecha og Hansen eit startpunkt for å stabilisere karbonutslepp i atmosfæren der oljebasert CO2-utslepp når toppen i 2016 hovudsakleg på grunn av at oljeproduksjonen når toppen (på grunn av økonomiske og sosiale og geologiske faktorar). Om ein slik topp skulle komme, hevdar dei, ville det fremme stabilisering av karbon i atmosfæren på (eller under) det vitskapsfolk ser som det høgaste sikre nivået på 450 ppm (knytt til ein auke i gjennomsnittstemperaturen på rundt 2°C over før-industriell tid). Men stabilisering av CO2 i atmosfæren på dette nivået ville au kreve at CO2- utsleppa frå kolfyrte kraftverk når toppen i 2025 og at kolfyrte kraftverk utan unntak blir utfasa fullstendig «før midten av hundretallet». Pusher og Kharecha, Implications of ‘Peak Oil’ for Atmospheric CO2 and Climate.
  44. Rachel Carson, Lost Woods (Boston: Beacon Press, 1998), 210.