Samtale med ein frisørassistent

Av

2010-04

På 1930-tallet utvikla Wilhelm Reich – kanskje best kjent som forfattaren av Den seksuelle revolusjonen – teorien om at det var mauleg å forklare dei grunnleggande ideane i den marxistiske økonomiske teorien utan kompliserte økonomiske omgrep og argument.
Som eksempel på det trykker me her ein artikkel han skreiv i 1935 under psevdonymet Ernst Parell for Zeitschrift für politische Psychologie und Sexualökonomie (vol 2, No 1), frå eksil i Danmark.

Assistenten: Forme eller bare hårklipp?

Kunden: Hårklipp, takk, men rett, ikkje avrunda.

(Pause)

Assistenten: Kva meiner du om stoda i dag?

Kunden: Forferdeleg. Kor skal det ende?

Assistenten: Rampen kjem til å kutte strupen på kvarandre, og me får li same kven som vinn. Kommunistane og nazistane er like ille.

Kunden: Kanskje du har rett. Eg forstår ikkje politikk.

Assistenten: Eg er glad eg har jobb og får endene til å møtest. Ut over det vil eg bare leve i fred.

Kunden: Kan eg spørre kor mykje du tjener?

Assistenten: 100 mark i månaden.

Kunden: Kan du leve av det?

Assistenten: Så vidt. Eg vil gjerne gifte meg, men det vil ta lang tid for meg og forloveden min å spare nok til å leige eit husvære. Eg har jobba ti år her og har ikkje spart nok enno.

Kunden: Korleis er sjefen din?

Assistenten: Han er ein hyggeleg mann. Innimellom er han litt humørsjuk, men eg kjem ganske godt ut av det med han.

Kunden: Kor mange kundar har du per dag?

Assistenten: Ti til femten. Fleire på lørdagane.

Kunden: Så det betyr at femten kundar betaler inn 15 mark til butikken. Men du får bare 3,50 mark per dag. Kva skjer med resten?

Assistenten: Du har ikkje rekna med utgiftene i bransjen vår. Lys, telefon, forsikring, utstyr, leige – dei tar ganske mykje.

Kunden: Eg skulle gjerne visst kor mykje.

Assistenten: (tenker ei stund) Eg trur nok minst 8 mark.

Kunden: OK, men då er det framleis igjen 9–10 mark.

Assistenten: Ja, men forretninga må gi eit overskot ettersom sjefen tar ein stor risiko. Til dømes når det enkelte dagar er færre kundar, eller i dårlege tider.

Kunden: Betyr det at du får meir når det går ekstra godt?

Assistenten: Nei, korfor skulle eg det? Eg har fast lønn.

Kunden: Det forstår eg ikkje. Du får ikkje betalt meir om du jobbar meir? Og det du får inn gjør at sjefen kan legge til sides eit fond til dårlege tider?

Assistenten: Heilt rett.

Kunden: Om eg forstår deg rett, skaffar du han rundt 10 til 12 mark kvar dag etter at alle kostnader er betalt, og av det får du 3 til 3,50 mark. Og om det blir dårlege tider for forretninga, sparkar han deg, og då er ikkje reservefondet til hjelp for deg. Så nøyaktig kva brukar han pengane til?

Assistenten: Vel – til dømes må sjefen skaffe moderne maskiner. Akkurat no erstattar me manuelle handklipparar med elektriske.

Kunden: Kva inneber det?

Assistenten: (overraska) Kva, forstår du ikkje det? Det er ganske enkelt. No kan eg klare 10 kundar per dag, etterpå vil eg vere i stand til å klare 20 fordi klippinga vil gå mykje raskare.

Kunden: Og alle desse 20 vil betale 1 mark som før. Og du, kor mykje vil du få då?

Assistenten: (enno meir overraska) Eg får naturlegvis framleis mine 100 mark.

Kunden: Orsak at eg er så nyfiken. Eg dett litt av lasset og er ganske forundra. Med dei nye og betre maskinene vil du få inn 20 mark til sjefen, men du sjølv vil framleis få bare 3,50 mark. Det betyr at overskottet har vakse frå 8 til omlag 13? Kor går dei pengane?

Assistenten: (klør seg i hovudet) Du har faktisk rett. Det er eit godt spørsmål; du veit det at eg blir så trøytt av jobben at eg ikkje har mykje energi til å tenke. Eg er glad om eg kan bli og halde på jobben. Neste veke blir 2 av dei 5 arbeidskameratane mine overflødige, og eg må sikre meg at ikkje eg også får sparken.

Kunden: Det må vere ganske ille å stå 10 timar om dagen i butikken – kva med ferie?

Assistenten: Å ja. Eg får fjorten dagar i året, men dei andre tar au ferie, og når dei gjør det, må eg jobbe meir. Og no blir sjefen borte i 2 månader.

Kunden: Korleis får han pengar til å vere borte så lenge?

Assistenten: Han har ein villa i Dahlen.

Kunden: Å, korleis fekk han den?

Assistenten: Han har eigd denne forretninga i 30 år no.

Kunden: Eg forstår. Arbeider han?

Assistenten: Å nei, bare enkelte gonger hjelper han til. Men det er ei framgangsrik forretning.

Kunden: Høyr no. Eg forstår ingenting av slikt, men for meg ser det ut til at denne villaen og sommarferien hans er betalt av dei 8 eller 13 marka som du får inn som «forretningsoverskot».

Assistenten: Å, eg trur ikkje det. Men kanskje du har rett, det er merkeleg. Eg vil gjerne snakke meir om det ein gong. Du seier mykje fornuftig.

I denne samtalen er det ikkje sagt eitt politisk ord, men frisørassistenten har utvikla teorien om meirverdi, om rasjonalisering og om arbeidsløyse ut frå sine eigne erfaringar. Og ut over det har han utvikla tillit til «kunden». Du treng ikkje lære han kva rasjonalisering eller utbytting er, det har han sjølve framstilt. Det han manglar, er å forstå knyttinga mellom kunnskapen om arbeidet sitt og meirverdi, og villaen til arbeidsgivaren. Heller ikkje er han i det heile tatt medviten om det faktum at han identifiserer seg med sjefen sin. Og han er fullstendig ute av stand til å sjå knyttinga mellom politikk, som han er mot og redd for, og livet han lever. På dette punktet vil det vere lett å gjøre han medviten om det fordi det ligg inne i det han sjølv har sagt og opplevd; alt ein må gjøre er å utvikle det.

(Samtalen er oversatt av Gunnar Danielsen)