Eit samfunn nedanfrå

Av Olav Randen

2013-02

Me må snakke om underklassens samfunn, eller over tid heile folkets samfunn.

Oppgåva er at underklassen tek makta frå den vesle overklassen, og utviklar eigne prinsipp og metodar for samfunnet. Det er ein revolusjon i tydinga eit totalt maktskifte.

Olav Randen er geitebonde og driv forlaget Boksmia.

 

A er heimehjelp eller assistent i barnehage eller hjelpearbeidar hos eit byggjefirma. Ho veit at det er usikkert med arbeid neste år, og at rekningane kjem i alle fall.

A blir utsett for seksuell trakassering på jobben. Ho veit at om ho protesterer, blir jobben endå meir usikker.

Helsa til A skrantar. Kanskje er det hoftene eller ryggen som ikkje tåler påkjenningane. A går til dokter, som skriv ut sterke, smertestillande middel og seier at A bør slutte å røykje.

A meiner ho må betale for mykje skatt og klagar til likningsstyresmaktene. For dei framstår brevet eller besøket som nokså hjelpelaust og dårleg grunngitt. Klagen blir avvist.

Handverkar- eller bilverkstadrekninga til A er forbausande stor. A sit med den kjensla at firmaet utnyttar at ho er blant samfunnets sosialt veike til å leggje på prisane. Klagen blir ignorert.

Barnet til A har vanskar med å følgje med eller blir mobba på skulen. A ber om ein samtale med rektor og klassestyrar – og kjem attende frå samtalen med den oppfatninga at skuleleiinga meinte møtet var utidig og leksehjelpa heimanfrå for dårleg.

Naboen byggjer inn på As eigedom. A protesterer, men naboen har råd til advokat, og A veit at ei advokatrekning og ei eventuell rettssak fort kan koste sekssifra summar. Og ho veit at det ikkje alltid er rettferda som rår i retten. Det ulovlege bygget blir ståande.

Men ho skriv eit innlegg til lokalavisa om den urettvisa ho og folk av hennar slag opplever. Debattredaktøren svarar: Vi takker for deres innlegg, men på grunn av stor pågang … . Dagane etterpå les A alle lesarinnlegg og kjem til at dei fleste ikkje er betre skrivne enn det ho fekk refusert.

A oppfattar demokrati og ytringsfridom som verdiar for dei andre. Sjølv opplever ho audmjuking etter audmjuking. Ho ser seg som ein tapar. Hennar overlevingsstrategi blir å bite i seg nederlaga. Ho veit også at truleg blir barna hennar neste generasjon taparar. Difor lærer ho dei den same over-levingsstrategien.

B er likningsfunksjonær eller statsstipendiat eller lærar. B har trygt arbeid og ei trygg pensjonsordning. B veit at neste år blir omtrent som dette året, og kan optimistisk gå pensjonstida i møte. Samfunnet tek godt vare på oss norske, tenkjer B.

Om B blir utsett for seksuell trakassering på jobben, kan ho ta det opp blant kollegaene. Det får følgjer for han som trakasserer, og ikkje for B.

B går til dokter på grunn av helseproblem. Dokteren tek problema på alvor og ordinerer ei for samfunnet kostbar behandling.

B får, som A, ei forbausande stor bilverkstad- eller handverkarrekning. I arbeidet har B erfaring med klagesaker eller kontaktar som har det, slik at ho kan setje opp eit profesjonelt brev til Forbrukarrådet med tilvising til lover som er brotne. Ho får rekninga halvert.

Naboen byggjer inn på B sin eigedom. B har eller kjenner folk med advokatkontaktar, slik at ho kan finne ein dyktig representant for standen. Ein paragraf i jobben si innbuforsikring dekkjer delar av advokatkostnadene. B får stogga bygginga.

B skriv innlegg til lokalavisa om kor viktig det er å reagere i slike saker, og får som svar: Vi takker for ditt velformulerte og viktige innlegg, som kommer på trykk i morgen.

Barnet til B har skuleproblem, B ber om møte med skuleleiinga, og dei tilbyr spesialundervisning.

Slik betyr B noko i samfunnet. Ho er ein del av demokratiet. Påverknadshøvet inspirerer også til å engasjere seg vidare i samfunnsspørsmål. Ho opplever at ho får meir kunnskapar og blir meir verdt.

Så langt om A og B. Hovudtanken i denne artikkelen er at me som vil skape eit anna samfunn og trur det kan bli betre enn dagens, bør flytte fokuset frå B og over til A. Mellomklasserepresentanten B blir kanskje med i arbeidet på As premissar, men ikkje omvendt.

Marx hadde ikkje rett i alt

Karl Marx var truleg den vestlege verdas, kanskje heile verdas, fremste tenkjar fram til vår tid. Mange av hans tankar står seg framleis, men ikkje alt. «Hele samfunnet spalter seg meir og meir i to fiendtlige leirer, i to klasser som står direkte mot hverandre: borgerskap og proletariat», skreiv Marx og Engels i Det kommunistiske manifest. «De andre klassene sykner hen og går under i og med at storindustrien kommer.»

Dei andre klassane vil seie småborgarskapet i handel og sjølvstendige næringar, folk som sel sine intellektuelle dugleikar som lærarar, forfattarar og advokatar, sjølvstendige fiskarar og bønder og filleproletariatet. Den største gruppa er bøndene. Dei er eit godt utgangspunkt for å vurdere spådommen frå Marx og Engels, også fordi det i FAOs database ligg føre gode tal for yrkesbefolkning i landbruket. I 1980 var det 961 millionar bønder i verda. Desse utgjorde halvdelen av samla yrkesbefolkning. No er det 1312 milliardar bønder i verda, og dei utgjer snautt 40 prosent av samla yrkesbefolkning. Framleis veks talet på bønder i verda år for år.1

Det har altså ikkje gått slik dei spådde med bøndene. Bondestanden har ikkje sjukna og gått under, og dei har ikkje vorte proletarar.

Har det gått slik dei to spådde med proletariatet? I deira auge var proletariatet den framveksande og sterke klassen. Gjennom sentraliseringa og storfabrikkane, utbyttinga og arbeidskampane vil proletariatet uunngåeleg bli sterkare og meir bevisst som klasse. Når det skjer, vil det, like uunngåeleg, ta makta. Slik grev borgarskapet si eiga grav:

Med utviklinga av industrien formerer ikke bare proletariatet seg, det blir trengt sammen i større masser, dets styrke vokser, og det føler den bedre. … Stadig mer tar sammenstøtene mellom den enkelte arbeideren og den enkelte borgeren karakter av sammenstøt mellom to klasser. … Fra tid til annen seirer arbeiderne, men bare midlertidig. Det egentlige resultatet av kampene deres er ikke det umiddelbare utfallet, men at arbeidernes enhet griper stadig videre om seg. Den fremmes av de økende kommunikasjonsmidlene som storindustrien skaper og som setter arbeiderne på forskjellige steder i forbindelse med hverandre. …

Denne organiseringa av proletarene til klasse, og dermed til politisk parti, blir hvert øyeblikk igjen sprengt av konkurransen mellom arbeiderne sjøl. Men den oppstår stadig på nytt, sterkere, fastere, mektigere.

Denne tenkinga har stått sterkt i all kommunistisk politikk etterpå. Arbeidarklassen, «de rene og ranke, de faste og sterke menn», for å sitere Rudolf Nilsens Revolusjonens røst, vil bli «sterkere, fastere, mektigere» og den leiande krafta i folkets kamp mot urett og utbytting og for eit anna samfunn. «Som den eneste konsekvent revolusjonære klasse i det moderne samfunn må proletariatet være lederen, hegemonen i hele folkets kamp», skreiv Lenin.2

Vel 160 år etter manifestet og 100 år etter Lenin må me sjå i auga at det i liten grad har slått til. I svært mange land og svært mange situasjonar har proletariatet late seg leie av stat og overklasse, til dømes det tyske proletariatet til brutal krigføring i to verdskrigar og det US-amerikanske til alle intervensjonar etter andre verdskrig. Og i den grad forsøk på kommunisme eller sosialisme har vorte gjennomførde, er det ikkje i moderne industriland, men i land med små arbeidarklassar.

Globaliseringa dei siste tiåra har ikkje gjort arbeidarklassen «sterkere, fastere, mektigere», men i staden meir splitta. Me har proletariata innanfor nasjonane og regionane, i Norge, Sverige og Danmark. Så har me i dei same landa eit underproletariat av innvandrarar, polske bygningsarbeidarar, thailandske hjelpepleiarar og filippinske hushjelper til dømes. Under det att er me i ferd med å få eit lågkasteproletariat av papirlause innvandrarar, eit moderne slaveri. Når til dømes USA har sett gjennom fing-rane med ein del sør- og mellomamerikansk innvandring gjennom Arizona, er det fordi dei har nytte av det. Dei får hushjelper, tenarar og slavar utan rettar av noko slag, folk som ikkje vågar ha legitimasjon eller bruke bankkort eller bli sjuke eller opponere. Dei veit at viss dei protesterer eller valdar problem, treng dei som kjøper deira arbeidskraft, berre å løfte røyret av telefonen og slå nummeret til innvandringsstyresmaktene for å sende dei ut. Slik bidreg globaliseringa og sila innvandring til at framkjempa rettar blir borte og lønnene mindre. I svært liten grad har arbeidarklassen evna å stå mot dette.

Dei siste tiåra har verdas industrielle vareproduksjon vorte meir spreidd og ikkje, slik Marx og Engels spådde, meir sentralisert. Dei veldige industribedriftene, der tusentals arbeidarar kunne snakke med ei stemme og om dei ønskte det lamme produksjon og profitt med streikar, er langt på veg fortid. I staden skjer vareproduksjonen i mindre og spreidde einingar. Bilfabrikanten produserer ikkje bilar, og datafabrikanten ikkje datamaskinar. Dei kjøper berre komponentar frå ei rekkje underleverandørar i ei rekkje land, set komponentane saman og marknadsfører dei med sitt fabrikkmerke. Dette nye produksjonsmønsteret svekkjer arbeidarklassens kampkraft.

Marx tok altså feil då han spådde at mellomlaga, iallfall bøndene, ville bli desimerte. Og Marx, og endå meir dei som seinare skulle setje tenkinga ut i livet, tok feil då dei spådde at verdas proletariat ville vekse og bli alle andre overlegen i kampkraft. Når me innser dette, ser me også at me i arbeidet for eit anna samfunn må vri tenkinga vekk frå arbeidarklasse mot borgarskap og meir over til den store underklassen mot den vesle overklassen.

Gir me avkall på ideen om arbeidarklassen som absolutt leiande i det nye samfunnet, må me også gi avkall på tanken om proletariatets diktatur. I staden bør me snakke om underklassens samfunn, eller over tid heile folkets samfunn. Oppgåva er at underklassen tek makta frå den vesle overklassen og utviklar eigne prinsipp og metodar for samfunnet. Det er ein revolusjon i tydinga eit totalt maktskifte. Om det også blir ein væpna revolusjon, kjem an på dei som mågi frå seg makta.

Folk flest er bra folk

Utgangspunktet er, i tre korte punkt:

  • Fleirtalet av våre 7 milliardar medmenneske er av natur dyktige, kunnskapsrike, arbeidsglade og usjølviske individ.
  • Me har på vår klode tilstrekkeleg med ressursar. Ikkje overflod, men tilstrekkeleg.
  • Me har eit kunnskapsnivå og eit teknologisk nivå som gjer at me kan sikre nok mat, bustader og helsestell for alle.

Av dette følgjer at me, sju milliardar menneske no og ni-ti milliardar om eit par generasjonar, kan leve gode liv på denne kloden.

Men dei fleste av oss gjer det ikkje. Ein milliard lever under sveltegrensa, meir enn to milliardar under fattigdomsgrensa og fleirtalet i uvisse for eiga og barns framtid.

Dei seks milliardane av oss, eller fire millionar i Norge, som høyrer til underklassen og som difor ikkje har meir politisk makt enn at me får lov til å leggje ein stemmeseddel i ei urne med nokre års mellomrom, er, dei fleste av oss, ikkje suspekte individ med rasistiske holdningar som ignorerer miljøet og som må styrast i eitt og alt. Me er i staden bra folk. Me er menneske med kunnskapar, analyseevne og vilje til å stille opp for våre medmenneske. Me kan jobbe hundretals og tusentals dugnadstimar dersom det framstår som meiningsfylt. Om det viser seg nødvendig for våre etterkommarar, er me villige til å jobbe hardare, risikere eigne liv i krigar, og å godta redusert levestandard. På same viset som folk i mange land i krigsåra var villige til å prioritere kampen mot nazismen framfor eigne interesser og eigne liv.

Og me er villige til å endre levemåte og forbruk, dersom det kan berge miljøet. Men så lenge politikarane går framom, ikkje i miljøkampen, men med å auke utslepp og forureining, tenkjer me at våre individuelle åtferdsendringar er nokså bortkasta.

Fellesinteressene i fokus

Marx skriv, blant anna i Teser om Feuerbach, om korleis kapitalismen framand- eller umyndiggjer arbeidarane. Fordi oppgåva deira er å produsere profitt for kapitalistar, ikkje å produsere nyttige varer eller gjere annan innsats for fellesskapet, blir dei også reduserte frå dei allsidige og ressursrike individa som menneske er fødde som, til å bli passive og mekaniske delar av produksjonsprosessen.

Dei sju milliardane menneske er klodens viktigaste ressurs. Og liksom høgresida vil fostre barn og ungdom til å bli individualistar og egoistar, er oppgåva til det nye samfunnet å fostre dei til samfunnsindivid.

I vårt alternativ, i skuleverk, fritid og samfunn, må fokuset flyttast frå individet til fellesskapet, frå eliten til fleirtalet, frå karakterar til viktige kunnskapar, frå individuell karriere til fornuftig arbeid, frå konkurransekraft til produksjon av samfunnsnyttige varer og frå profesjonelle synsarar til reflekterte synsmåtar. Eller med nyleg avdøde Hugo Chavez’ ord:

Me må gjenreise sosialismen som ein teori, eit prosjekt og ein veg framover, men ein ny type sosialisme, ein humanistisk sosialisme som set menneska og korkje maskinane eller staten i sentrum.3

I dagens samfunn får menneska i liten grad utnytta sine evner. Om me er i arbeidslivet, er det vanlegvis som spesialistar. Me utfører ein liten del av kompliserte arbeidsprosessar, andre gjer resten, og samfunnseliten avgjer kva som skal gjerast. Også politikk har meir og meir vorte ein spesialitet og eit yrke. Media flest vurderer ikkje artiklar og bøker og intervjuobjekt ut frå om innhaldet er interessant eller ikkje, men ut frå kven som skriv eller snakkar. Det gjer at me får eit fåtal rikssynsarar i kraft av at dei er sentrale politikarar, redaktørar (som ikkje er valde) eller pengefolk som Trygve Hegnar og Petter Stordalen. Dei politiske vala skal gjerast mellom deira synsmåtar, vår oppgåve som samfunnsborgarar er avgrensa til å lytte og å velje mellom stemmesedlar. Men resonneringsevna til A er eller kan bli like god som resonneringsevna til Hegnar og Stordalen. Debattane på kaféane og i kjøkkena er ofte like skarpe som i Dagsnytt 18. Problemet for samfunnet, men desse skarpe debattane i svært liten grad når ut gjennom media. Vår oppgåve i annleissamfunnet er å finne fram til korleis tenkinga til A og hennar like kan bli ein del av samfunnets tenking.

Oppsummert:

Me må erstatte dagens sorteringssamfunn med eit samfunn som verdset og er i stand til å nyttiggjere seg alle innbyggjarar, begge kjønn, innfødde og innvandrarar og alle aldersgrupper.

Me må fokusere på menneske i samfunn framfor mennesket som enkeltindivid.

Arbeids- og samfunnsliv må gjennomsyrast av at me menneske er mangsidige vesen med evner i mange leier samtidig.

Eit sidesteg til la Via Campesina

La Via Campesina (småbrukarane sin veg) er truleg verdas mest suksessrike organisasjon nedanfrå dei siste tiåra. Frå starten i 1993 har organisasjonen fått tilslutnad frå 150 lokale og nasjonale småbrukarorganisasjonar i 70 land med bortimot 200 millionar medlemmer. Dei har vorte ei kraft som det internasjonale samfunnet ikkje kan ignorere. Dei organiserer småbrukarar, bønder, landarbeidarar utan jord, kvinnebønder, urfolk, flyktningar og arbeidsvandrarar med tilknyting til matproduksjon og ungdommar med interesse for landbruk, i fattige og rike land. Medlemene er såleis i svært ulike livs- og arbeidssituasjonar. Korleis får Via Campesina til det andre, såleis fagorganisasjonar for industriarbeidarar, vanlegvis ikkje lykkast med?

Det første svaret er den politiske tenkinga rundt nokre få, skarpt formulerte tema, matsuverenitet, lokal bruksrett til jord, vatn, såfrø og biologisk mangfald, verdien av smålandbruk, berekraft, konsekvent jamstelling kvinne/mann og kamp mot all vald mot kvinner. Desse plattformspørsmåla blir diskuterte og avklara før nye organisasjonar eller medlemmer går inn. I alle publikasjonar og alle talar blir til dømes kvinneperspektivet framheva.

Det andre svaret er ein desentralisert struktur. La Via Campesina er ein organisasjon nedanfrå og opp meir enn ovanfrå og ned. Vitaliteten og styrken oppstår gjennom arbeidet på lokalt og nasjonalt nivå. Det internasjonale sekretariatet roterer mellom ni regionar etter avgjerder tekne på dei internasjonale konferansane. Sekretariata er små. Alle verv går på omgang. 70 prosent av verdas bønder er kvinner, og minst halvparten av dei tillitsvalde skal vere kvinner. Det aller meste av organisasjonsarbeidet blir utført av aktive bønder og ikkje, som i mange faglege organisasjonar, av sympatiserande medlemmer av middelklassen.

Dette gjer også at sekretariatarbeidet stundom blir tilfeldig og amatørmessig. Det er, seier leiarar, ei ulempe som blir vegen opp av fordelen ved at dei tillitsvalde kjem frå eiga yrkesgruppe.

Eit tredje svar er at la Via Campesina ikkje vik unna konfliktspørsmål. Mange organisasjonar for bønder unngår å ta opp til dømes konfliktar mellom bønder og landarbeidarar, mellom kvinner og menn i landbruket og problem med miljøskadeleg produksjon eigne medlemmer står for. La Via Campesina går rett inn i slike spørsmål med mål å løyse dei. Eit slikt spørsmål er også dagens rådande, marknadsliberalistiske politikk.

Me kan ikkje forsvare småbøndenes interesser utan å utfordre det nyliberale systemet som heilskap. Småbøndene vil ikkje overleve viss ikkje heile samfunnsstrukturen blir endra, seier ein av leiarane, Paul Nicholson.4

I botnen

Eitt av fellestrekka mellom globalt arbeid for små matprodusentar og arbeid for eit klasselaust samfunn er at noko må liggje i botnen, ei felles plattform folk samlar seg om når samfunnet skal byggjast. Denne plattforma bør gjerast så tydeleg som råd, slik at me veit kva me i tilfelle går til. Den bør også vere så snau som råd, slik at mest mogeleg av samfunnsutforminga skjer under vegs. Utgangspunktet me bør ta, er det vanskelegaste, byrjande og famlande kommunisme i eitt land i ei omverd av kapitalistiske land, der desse landa fryktar smitteeffekten og vil gjere alt dei kan for å få det eine landet attende på kapitalismens veg.

Medan dagens norske grunnlov har 112 paragrafar, kan me truleg avgrense oss til åtte tema som er så fundamentale at dei bør inn i den nye grunnlova:

Alle er like viktige. »All people are created equal,» som dei ignorerte innleiingsorda i den US-amerikanske grunnlova lyder. Det gjeld vaskehjelpa og universitetslæraren og den arbeidsledige og pensjonisten og flyktningen og romfolk som kjem for å tigge.

For at dette skal realiserast, må det i første omgang, til dess skiljet mellom dei på botnen og dei på toppen er svekka, vere eit samfunn der dei på botnen blir prioriterte, der altså A er viktigare enn B.

Retten til anstendige liv.

For det andre må grunnleggjande behov tilfredsstillast for alle innbyggjarar, behova for mat, utdanning, sosialt liv, helsestell etc. Den viktigaste av alle menneskerettar er retten til å overleve og kunne leve anstendige liv, det som er formulert slik i paragraf 25 i FNs menneskerettserklæring:

Enhver har rett til en levestandard som er tilstrekkelig for hans og hans families helse og velvære, og som omfatter mat, klær, bolig og helseomsorg og nødvendige sosiale ytelser, og rett til trygghet i tilfelle av arbeidsløshet, sykdom, arbeidsuførhet, enkestand, alderdom eller annen mangel på eksistensmuligheter som skyldes forhold han ikke er herre over.

Økologisk berekraft

For det tredje må økologisk berekraft leggjast til grunn. Det må ikkje takast meir ut av naturen enn den byggjer opp att, ikkje brukast meir fossilt brensel enn det blir danna på nytt, ikkje sleppast ut meir karbondioksid og andre drivhusgassar enn det naturen bind, ikkje byggjast ned matjord i større tempo enn naturen byggjer opp matjord og ikkje utryddast artar i større tempo enn naturen skaper nye artar.

Det er krevjande. Ikkje fordi kloden manglar ressursar og kapasitet til å fø sju (no) eller ni milliardar (i 2050) menneske, men fordi så mykje av planeten er øydelagd eller i ferd med å bli øydelagd. Det fossile brenslet må erstattast med mindre forbruk og meir rasjonalitet (sjå neste punkt), men også med meir manuell arbeidsinnsats. Sjølv om fleire hender og hjernar vil kome i arbeid, er det, iallfall i første omgang, til dømes neppe grunnlag for å redusere normalarbeidsdagen for andre enn småbarnforeldre.

Eit rasjonelt samfunn

Menneskes primærbehov er ikkje, som i Norge no, 75 bilmerke og mange titals variantar av kvart merke å velje mellom. Dette mangfaldet gjer bilisme tungvint, kostbar og ulik for folk, når det må importerast, haldast lager, reservedelar og reparasjonskunnskapar om alle variantane. Den som har økonomi til ein tre tonns SUV, kjøper seg også tryggleik på kostnad av den som køyrer ein liten bil i kollisjonar mellom dei to. Menneskes primærbehov er ikkje å ha hus på 500 kvadratmeter og hytte på 300 kvadratmeter, der alt må haldast vintervarmt og landets elektriske kraft byggjast ut for denne bustadmassen.

I eit fornuftig samfunn har alle akseptable bustadforhold, men ingen familie meir enn 100 eller 150 kvadratmeter. I eit fornuftig samfunn på vårt teknologiske nivå har truleg dei fleste utanfor storbyane bil, men lette og difor lite drivstoffkrevjande bilar. I eit fornuftig samfunn blir reklame erstatta med vareinformasjon, og det blir importforbod mot jugl. I eit fornuftig samfunn blir vaskemaskinen reparert og ikkje bytt ut om ein komponent ryk, for maskinar og utstyr skal vare lenge.

Det inneber også at mykje unødvendig arbeidsinnsats kan sjaltast ut eller erstattast med annan arbeidsinnsats. Annankvar vaske-maskinseljar kan omskolere seg til vaskemaskinreparatør. Somme av reklamefolka kan bli informasjonsarbeidarar, andre gå over til praktiske yrke.

Eit sjølvforsynt samfunn.

Då Sovjetunionen braut saman i 1989, ramma det cubansk matproduksjon. Det kom ikkje lenger traktorar, olje og reservedelar, kunstgjødsel og plantegifter frå Sovjet. Og USA forsterka den handelsblokaden dei hadde innført alt i 1962. Tanken frå Pentagon var at når cubanarar til dømes opplever at dei ikkje har tilgang på medisinar, vil dei reagere med misnøye med eigne styresmakter og eige styresett. Kvart år sidan 1992 har FN stemt for at blokaden skal hevast. Men i staden for å følgje FNs tilrådingar har USA, som i andre samanhengar er verdas fremste frihandelsforkjempar, reagert med å stramme inn sanksjonane.

Dette viser kva problem eit kommunistisk land i ei kapitalistisk og globalisert omverd må førebu seg på. Land som elles snakkar varmt om menneskerettar og som forkynner globalt like ordningar for handel og vareutveksling, kan på kynisk vis velje varemangel, sjukdom og naud for dei som vel ein annan veg. Berre dersom nødvendige varer kan produserast innanlands , har eit kommunistisk land i ei kapitalistisk omverd sjansar til å greie seg. Eit land som Norge må ikkje berre produsere mat til eiga befolkning, men også nødvendige industrivarer, reservedelar til maskinar av alle slag, medisinar og undervisningsmateriell. Landet må ha ein fleksibel industriproduksjon og allsidige og høgt kvalifiserte fagmiljø av dei mest ulike slag.

Det inneber ikkje nødvendigvis at til dømes vaskemaskinar skal produserast innanlands, men at dersom importen av vaskemaskinar eller delar til vaskemaskinar skulle ta slutt, kan industri leggjast om slik at innanlandsk produksjon kjem i gang.

Eit demokratisk samfunn

For det sjette må demokratiet gjerast reelt. Det inneber at avgjerder må takast på ulike nivå og at me må utvikle arenaer for meiningsbryting og prinsipp for avgjerder på alle desse nivåa, ut frå den grunntanken at alle menneske er like viktige og skal ha innverknad på samfunnets gang.

La oss sjå på tre spørsmål knytt til demokrati, lokalsamfunn som debatt- og handlingsarenaer (1), ytringsfridom (2) og illojalitet (3).

Eit reelt demokrati krev ei god organisering rundt kollektiva av ulike slag, frå familien via det som før i tida kallast bedelaget og grenda eller lokalsamfunnet og til kommunen, regionen, staten, nærliggjande statar, verdsdelen og det globale. EUs uttrykte, men langt frå realisterte nærleiksprinsipp er eit godt prinsipp: Alle avgjerder skal takast så nær dei dei gjeld, som råd er.

I det meste av historia og i dei fleste land har grenda eller lokalsamfunnet vore den naturlege og mest sentrale sosiale eininga for folk. Ein enkel definisjon er at lokalsamfunnet er så lite at innbyggjarane kjenner eller iallfall veit om kvarandre og så stort at dei kan ha sitt eige fotballag og sine eigne grendediskusjonar. Men i vårt land og i mange land har styresmakter ignorert det lokale som handlings- og vedtaksarena. Det at lokalsamfunnet skal ha sitt grendehus, sin skule, sin idrettsplass og sin kafé, og eit stykke på veg sin felles produksjon, er avgjerande for eit fungerande demokrati.

Absolutt ytringsfridom inneber at folk må kunne kritisere alle trekk ved det nye samfunnet eller dette samfunnet som system, ikkje berre utan at dei blir stoppa, men også utan at det får negative konsekvensar for dei. Berre om folket vil behalde det nye samfunnet og difor forsvarar det mot kritikk, har det livsrett.

Eit par døme kan illustrere skilnaden mellom vårt samfunn og eit samfunn med ytringsfridom: Sommaren 2012 vart Trond Ali Linstad innstilt til Kongens fortenestmedalje i sølv for sosialt og humanitært arbeid blant innvandrarar i Oslo. Avisredaktørar, som gjerne ser seg sjølve som ytringsfridommens mest brennande forsvararar, kritiserte Linstads politiske holdningar. Eit stykke på veg deler eg kritikken. Men det rokkar ikkje ein tøddel ved at Linstad har gjort eit viktig sosialt og humanitært arbeid og difor heller ikkje ved grunngivinga for medaljen. Kampanjen mot Linstad lykkast, det vart ingen medalje på han. Hausten 2012 vart bloggaren Ole Jørgen Anfindsen oppsagt frå jobb i Det Norske Veritas, visstnok fordi han hadde vitna i 22.-juli-saka. Anfindsens syn på innvandring, såleis at me om nokre tiår kan få islamsk fleirtal i Norge og at ulike rasar har ulik intelligens, er både dårleg fundert og samfunnsskadeleg. Men metoden må vere å drive tilbake dårleg funderte og samfunnsskadelege synsmåtar, korkje å forby dei eller å behandle dei som har desse synsmåtane, dårlegare enn andre.

Solidaritet ja, lojalitet nei, skriv Jan Myrdal i ei av sine skriftställningar.5 Det er ein god parole og ein illustrasjon på at me treng ein debattkultur der saker, kunnskapar og argument er det einaste viktige, og lojalitetsband irrelevante, ein debattkultur der me kan føle oss trygge på at aktørane tek stilling og argumenterer ut frå kva dei meiner er rett og gale og ikkje ut frå kva for argument som tener det miljøet dei er eller vil bli delar av.

Eit stabilt samfunn

Dette sjuande punktet vil somme stusse på. For utilfredsheit med rådande tilstandar og idear om forandring er ein del av det felles tankegodset mellom kapitalisme-forsvararar og tradisjonelle kommunistar. Honnørorda om forandring står i kø, vekst, utvikling, modernisering, omstilling, omstrukturering, endringsvilje.

Også eg som skriv dette, meiner samfunnet treng nytenking og omstilling. Men i forholdet mellom stabilitet og forandring er stabilitet det viktigaste. Og endringar innanfor naturens tåleevne handlar vanlegvis om dei mange små stega meir enn dei store, om å levere gardsbruket eller industribedrifta eller lokalsamfunnet i litt betre stand til neste generasjon enn det var då ein overtok. Det at verdas folketal er i ferd med å stabilisere seg, gjer at det også blir langt enklare å forvalte kloden i tråd med dette målet.

Eit samfunn der ingen berikar seg på andre sitt arbeid

»Arbeiderpartiet er for rettferdig lønn. Derfor er vi for … utjevning av lønnsforskjeller », les me på partiets heimesider. Me kan ta Olav Thon som døme. Ifølgje Dagens Næringsliv eig han 25,5 milliardar kroner. Viss Thon, som snart er 90 år, har hatt 70 arbeidsår, kvart på 300 dagar, betyr det at han har tent ein og ein kvart million kroner om dagen desse 70 åra. Ikkje fordi han har vore hundre gonger flinkare arbeidar enn dei som har reidd sengene på hotella hans eller vaska kontorgolva, men fordi han har tileigna seg ein stor del av verdien av dei andre sitt arbeid. I 50 av dei 70 åra har Arbeidarpartiet hatt regjeringa, dei siste 8 saman med SV og Sp.

Blant totalforboda i det nye samfunnet, saman med forbod mot undertrykking av kvinner og fattige, mot bruk av vald mot svake og mot øydelegging av natur, bør me innføre forbod mot å berike seg på andre sitt arbeid. Ein første start kan vere å oppheve arveretten for eigedommar eller verdiar på meir enn fem millionar kroner. Med det vil me få 25 545 av Thons 25 500 millionar til bruk for samfunnets beste.

Noko meir om vanskane

Nokre år sidan møtte eg ein av dei sentrale i opprøret på Sri Lanka i 1971. Etterpå hadde han sete mange år i fengsel og vorte nedbroten psykisk og fysisk, men kome seg att og vorte småbrukar og småbruksaktivist. – Eg har framleis dei same grunnholdningane og kan framleis kalle meg maoist, men likevel meiner eg det var bra me i Folkets frigjeringsfront ikkje lykkast, sa han. For me hadde neppe makta å byggje eit betre samfunn.

Russland, dei andre austblokklanda, Kina, Albania, Nord-Korea og fleire, har ikkje vorte til velsigning for folk flest. Dei fleste har ikkje vorte øydelagde utanfrå av imperialistiske okkupantar og heller ikkje av ein kontrarevolusjonær kapitalistklasse, men innanfrå gjennom nye maktapparat. Truleg hadde det gått like eins om Norge i 1920 eller i 1974 hadde gått gjennom ein sosialistisk revolusjon.

Noko av det same ser me når det gjeld fellestiltak innanfor vårt land. Eit samarbeid og ei prioritering av fellesskapet framfor den enkelte kan fungere innan familien – og gjer det truleg i større grad no enn for femti eller hundre år sidan i vår del av verda. Det kan også ofte fungere innan lokalsamfunnet eller organisasjonen, der folk kan bruke hundretals eller tusentals dugnadstimar for å tene fellesskapet. Men når samvirkebedriftene eller organisasjonane blir store og nasjonale, får dei også direktørar og styreleiarar og lokale styringsfolk som ser det å tene toppsjiktet som si viktigaste oppgåve. Difor er den viktigaste skilnaden mellom COOP og Rema 1000 eller mellom Tine Meierier og Q-meieriene at direksjonane i COOP og Tine har eit lojalt tillitsmannsapparat å spele på.

For alle som vil fremje sosialisme eller kommunisme, er det freistande å sjå bort frå dette. Det gjeld å selje bodskapen, og då fokuserer ein på det positive og ikkje på det negative. Det er som med andre varer, cola eller mjølk eller bilar eller pc-ar. Seljaren seier ikkje at i denne bilen har fabrikanten lagt inn ei rustlomme her og ei rustlomme der, slik at bilen i løpet av ti-femten år skal bli nedbroten og bytast ut med ein ny bil, eller at colaen inneheld store sukkermengder, slik at coladrikking skal bli vanedannande. Difor har også marknadsføringa, av så å seie alle varer, i hovudsak som målgruppe dei som er lite i stand til å reflektere sjølve. Men desse, dei mest korttenkte eller lettlurde blant oss, er heller ikkje i stand til å gå fremst i å utvikle eit anna samfunn.

Argumentasjon for kommunisme må i staden ha dei reflekterte som målgruppe. Difor må metoden også vere å vere tydeleg: Det valet me står overfor, er mellom dagens samfunn, med alle sine veikskapar og negative utviklingstrekk, og eit klasselaust samfunn som lett kan bli eit oligarki med minst like sterk utbytting av folk. Berre viss me lykkast i å hindre eit slikt forfall og byggje noko heilt anna, er det forsøket verdt.

Kan A mobiliserast?

Innleiingsvis presenterte eg underklasserepresentanten A. As mål for eigen del er å overleve. Draumen kan vere ei delvis uføretrygd frå NAV til ho blir minstepensjonist, eller i noko verre fall at ein suppestasjon blir opna i nærmiljøet. A har ikkje mål for samfunnet, ho meiner samfunnet og politikken er for dei andre, for mellom- og overklassen.

Når folk i det politiske venstre snakkar om at arbeidarklasse og mellomklasse er i same båt, kjenner ikkje A seg att. Ho opplever at det er milelangt mellom hennar og B sin samfunnsposisjon.

For A er heller ikkje avsløringar av kapitalismens uvesen, av kameraderi og korrupsjon og sløsing med offentlege midlar, så oppsiktsvekkjande. A opplever så å seie dagleg at samfunnet sorterer folk i viktige og uviktige og held seg med eitt regelsett for dei viktige og eit anna for dei uviktige.

A møter altså kapitalismen med resignasjon. Dette samfunnet er slett ikkje bra, tenkjer ho, men det er det MINST ILLE av dei samfunnstypane me har å velje mellom. Og historia så langt tyder altså på at ho har rett. Dersom me skal evne å mobilisere A, kan me korkje basere oss på hennar illusjonar eller naivitet, me må byggje på realtenkinga. Me må for det første presentere eit betre alternativ. For det andre må me vise i praksis at me meiner alvor.

Sjansen for å mobilisere A og å få gjennomslag for anna tenking er større no enn han har vore dei siste tiåra. For marknadsøkonomien er i ferd med å bryte saman. Verda, og den vestlege verda mest, har kome inn i ein turbulent periode. Etter 500 års verdsdominans er Vest-Europa/USA i ferd med å miste verdshegemoniet. Den økonomiske krisa blir djupare månad for månad, arbeidsløysetala stig, og fattigdom og svolt aukar, medan rikfolk flest vassar i meir og meir pengar. I slike situasjonar vil folk tenkje andre tankar. Dei vil opplever urettvisa og meiningsløysa. Dei vil reflektere over om dagens kriseherja kapitalisme er den einaste mogelege samfunnsforma. Dei vil protestere og gjere opprør, lære av røynsler og bli klokare og fleire.

Notar:

  1. FAOSTATs database
  2. V. I. Lenin: Marx-Engels-marxisme, norsk utgåve 1952, side 195.
  3. Sitert frå Michael Lebowitz: Socialism for the 21st century – re-inventing and renewing the struggle. Nettsidene LINKS international journal of socialist renewal, 9. januar 2013.
  4. Referert i Walden Bello: «The Food Wars», London 2009, side 133.
  5. Jan Myrdal: Skriftställning 3, side 132–133.