Syria — En stor krig i en liten verden

Av Ingrid Baltzersen

2017-01 Bokomtaler

Cecilie Hellestveit
Syria – En stor krig i en liten verden
Pax Forlag A/S, Oslo 2017, 339 s

Syria-krigen snudde håpet mange hadde til den arabiske våren, til forvirring og sorg. På internett og i media blir det kjempa harde kampar om kven som har absolutt rett og kven som er forrædarar. Og på bakken overgår partane kvarandre i grusomme gjerningar, i ein konflikt andre enn syrarane sjølv har tatt over.

Cecilie Hellestveit har stor kunnskap om folkerett og borgarkrigar, og kjenner både Midtausten og stormaktene godt. Ho har også forskaren sin distanserte haldning, ispedd eit engasjement for dei avtalane og reglane som er laga for samhandling mellom statar, og for dei lidingane folk opplever i Syria. Ho argumenterer godt for at det er verda si innblanding som har ført til at det som var spede opprør mot regimet, har blitt ein storkrig.

Dette er ei viktig bok å lesa av to grunnar. For å få ei prinsipiell forståing av og diskusjon om innblanding i andre statar. Og å få betre innsikt i Syria som land, både kva som har skjedd under krigen, men også politikk, økonomi og demografi som har lagt det historiske grunnlaget for krigen.

Boka er delt inn i to hoveddelar, den første handlar først og fremst om Syria, men siste kapittel i den delen handlar likevel om verdssamfunnets rolle. Og den andre delen handlar om verda i Syria, korleis det etter kvart har blitt ein stedfortrederkrig for regionale stormakter og Russland og USA. Det er ein del hendingar som blir skrive om fleire gongar, forfattaren skriv sjølv at det er for at same hending må skrivast om frå ulike perspektiv, eller som ei påminning for lesaren.

Syria er eit land få har visst mykje om før krigen kom. Etter Bashar al-Assad tok over som president i år 2000, har det vore ei viss økonomisk oppmjukin og auke i turismen. Då eg var der første gongen litt tidlegare det året, var det framleis få synlege vestlege selskap og produkt, og Internett var svært begrensa. Det var lite synleg sosial naud, sjølv om standarden kunne vera enkel. I åra etter blomstra den delen av økonomien som hadde kontakt med utanlandske investorar, men dei fattige blei fattigare takka vera både kutt i subsidier på basisvarer, men også økologiske problem og den økonomiske krisa i verda frå 2007. Hellestveit skriver om korleis den økonomiske oppmjukinga også blei fulgt av eit kort blaff med politisk oppmjuking, men at Bashar al-Assad fort gjekk bort frå dette igjen. Det har vore lite kjent politisk opposisjon i Syria før den arabiske våren, den har stort sett vore i fangekjellarar eller i eksil. Det er difor merkelig for underteikna å sjå korleis delar av venstresida i Noreg stør Assad, når eg til dømes sjølv har sett i Hama i 2002, 20 år etter at Hafez al-Assad slo ned eit brorskapsopprør og jevna ein heil bydel med jorda med bebuarane inni og drap rundt 20000 folk, at det framleis var ein open plass der husa hadde stått. Eit klårt signal om at dette vil skje igjen viss nokon trugar regimet. Hellestveit beskriver korleis regimet har hatt omfattande overvaking og kontroll av befolkninga, med vilkårlige fengslingar og forsvinningar. Dette forklarer hatet mot regimet, men også kvifor det har vore vanskelig å bygga ein effektiv indre opposisjon, folk har vore for redde. Dette har vore ein av grunnane til at andre har kunna ta over opprøret.

Hellestveit innleiar boka med at ho vil visa kva motkrefter som låg under overflata og gjorde at revolusjonen i Syria ikkje kunne handla om berre Syria. Og kvifor dei unge i Syria var dømt til undergang frå dag ein.

Boka har fått oppslag i blant anna Klasse­kampen fordi Hellestveit er så tydelig på at anerkjenning av opposisjonen auka konfliktnivået fordi regimet då prioriterte å knusa dei, og lot Den Islamske Staten (IS) vera meir i fred. Hellestveit skriver at før møta i sikkerhetsrådet hadde opposisjonen interesse av å dokumentera mest mogleg grusomhet. Her kritiserer forfattaren dei sosiale media sin eigen dynamikk i å forsterka skillelinjer og hat når ein viser forferdelige overgrep og krigsforbrytingar. Men kva skulle ein ellers ha gjort?

Hellestveit argumenterer med at Vesten sin halvhjerta støtte til opprørarane gjorde at dei pressa på for å auka konfliktnivået for å få utanlandsk innblanding, men ingen ville gå inn i Syria på same måte som Libya. Dette er fordi Syria er eit land med stor militær styrke, mykje større befolkning enn i Libya og regimet har eit sterkt statsapparat med stor kontroll av samfunnet. Dei er også viktigare for veto-maktane i Tryggingsrådet, nærmare bestemt Russland. Mange av landa i FN er også skeptiske til intervensjon som i praksis er regimeendring, spesielt etter Libya. Så sjølv om mange i opposisjonen ønska inngripen så viser Hellestveit kvifor det var lite truleg at den ville komma.

Eksilopposisjonen mangla kontakt med grasrota inne. Dette gjorde at sjølv om ein anerkjente opposisjonen hadde ein ikkje ein reell forhandlingspart på bakken. Samtidig fekk IS bygga seg opp.

Dei siste åra har krigen i Syria i stor grad vore ein stedfortrederkrig. Boka viser alle dei ulike maktene som er involverte, både regionalt og internasjonalt. USA sine interesser er kanskje ikkje skildra i så stor grad som ein kunne ønska, det same gjelder Russland. Kurdarane har plass i boka, men ikkje så stor som opprettinga av Rojava kunne gitt. Men det er befriande å lesa ei analyse som viser dei regionale maktene si rolle på ein nyansert måte, at dei har sjølvstendige agendaer og ikkje berre er vasallstatar for anten USA eller Russland.

Eit problem med boka er at den er skjemma av små faktafeil. Egypt og Israel inngjekk fredsavtale i 1979, ikkje 1976. Libanon har nok større befolkning enn 3,3 millionar, sjølv om ein verken reknar med palestinske eller syriske flyktningar. Victor Jara fekk fingrane knust eller brukke, ikkje kutta av. Og historia om den syriske songaren Qashush, som fotfattaren bruka den chilenske visesongaren som inngong til, er omstridt. Ein mann fekk kutta opp halsen, men det er ikkje sikkert han var den syriske nattergalen som hadde laga protestsongar mot Bashar al-Assad. Her burde forlaget ha rydda opp, då boka nettopp er viktig fordi den skriver om korleis fakta blir misbrukt i denne konflikten, og då hadde det vore greitt å stola på at det som står der er korrekt.

Forfattaren forklarer godt kor ting går gale, og kva som bidro til forverring, men det er vanskelegare å sjå kva ho meiner ville vore riktig å gjera i utgangspunktet. Det har jo vore ein vanskelig diskusjon på venstresida også, som denne boka i alle fall gir grundig bakgrunnskunnskap til.

Ingrid Baltzersen
Redaktør i Gnist