Prisen for misbrukte sjansar

Av Shyam Shrestha

2014-02

Resultatet av vala til den andre grunnlovs-forsamlinga i Nepal i 2013 sjokkerte både verda og maoistane i Nepal.

Ingen hadde sett føre seg at partiet som vart det største i vala til grunnlovsforsamlinga i 2008 med 229 sete skulle ende med ein tredjedel i 2013, med bare 80 sete.

Kva gjekk galt? Kva ligg bak tapet?

Shyam Shrestha er politisk kommentator og aktivist i Kirtipur i Nepal. Omsett av Gunnar Danielsen.

Maoistane hadde fleire folkevalte enn den samla styrken til NC og CPN-UML* styrken til maoistane krympa til litt over halvparten av CPN-UMLs 175 sete.

Korleis kunne maoistane lide eit så audmjukande nederlag på så kort tid? Var det bare på grunn av «valfusk» som maoistane hevda etter nederlaget? Eller er det meir indre årsaker? Venstreorienterte over heile verda er djupt urolege og sjokkerte over det uventa resultatet, fordi maoistane i Nepal etter fredsprosessen i 2006 har oppnådd enorme og epokegjørande resultat. Nepal har vore sentrum for håp og tildraging for progressive og folk over heile verda.

Det dei har oppnådd

Alt er relativt i verda. Det store nederlaget til maoistane i vala til den andre grunnlov-givande forsamlinga i Nepal var desto meir forvirrande fordi det kom trass i alt det imponerande dei har oppnådd politisk etter aprilrevolusjonen i 2006. Det to tusen år gamle føydale monarkiet vart avvikla, og Nepal vart ein demokratisk republikk etter vedtak i den første sesjonen i grunnlovsforsamlinga i 2008. Og det skjedde så fredeleg, meir fredeleg enn nokon hadde sett føre seg, fordi det sto ein opprørshær og eit væpna maoistopprør i bakgrunnen som ei uovervinneleg kraft. Det svært sentraliserte og udelte Nepal var omgjort til ein føderal stat. Verdas einaste hindu-kongedømme var omgjort til ein sekulær stat.

Resultata etter innføringa av deltakande demokrati i Nepal var også forbløffande. Form og innhald var sosialistisk og inkluderande.

Den midlertidige grunnlova frå november 20061 slo fast at kvinner, dalitar**, etniske minoritetar, madhesi-område***, undertrykte grupper, arbeidarar, fattigbønder hadde rett til å delta i statstyret på alle nivå med forholdsvis representasjon. Det var ein grunnleggande sosial rett, og denne særretten vart likeins tatt samrøystes inn i det nye grunnlovsutkastet.2

Både den midlertidige grunnlova og det nye grunnlovsutkastet slo fast retten til arbeid, gratis vidaregåande utdanning, gratis helsestell, mat, trygd til barn, gamle, enker og fattige som grunnleggande rettar for alle borgarar. Med det var Nepal blitt ein sosialt demokratisk velferdsstat.

I tillegg til desse rettane var retten til skikkeleg husvære og retten til gratis høgare utdanning for dalitar og dei som ligg under fattigdomsgrensa tatt inn i det nye grunnlovsutkastet.3

Kvinnene fekk historisk eineståande rettar og politisk representasjon. Erklæringa frå det gjeninnsette parlamentet i 2006 der dei gav kvinnene 33 % representasjon i alle statlege organ var ein milepæl for kvinners likeverd i Nepal.

Den midlertidige grunnlova garanterte i tillegg tri viktige rettar for kvinner: lik arverett for døtrer og søner; retten til å ta mors namn (når dei var utan far, og fødde utanfor ekteskap) og retten til reproduktiv helseomsorg.4

Det nye grunnlovsutkastet gjør framlegg om nye progressive rettar for kvinner. Viktigast av alle er retten til å delta i statstyret på alle nivå etter deira del av befolkninga (opp frå 33 prosent til 50 frå no av). Det er også samrøystes vedtatt at leiaren og nestleiaren av den lovgivande forsamlinga må ha motsett kjønn. Mann og kone vil no ha like rettar og like mykje å seie når det gjeld familieeigedom og familiesaker.5

Ein av dei svært oppsiktsvekkande rettane arbeidarar og bønder har etter det nye grunnlovsutkastet, er retten til forholdsvis representasjon i statsstyringa og rett til å streike. I tillegg er dei sikra skikkeleg lønn og trygdeordningar.6

Dalitane har for første gong fått rett til forholdsvis representasjon i alle organ, instansar og sektorar i statsstyringa. Dei har fått rett til tilleggsplassar som kompensasjon for diskrimineringa og uretten dei har møtt i hundrevis av år – 3 prosent på føderalt og 5 prosent på provinsnivå. Jordlause dalitar har fått rett til å få jord av staten når den nye grunnlova er vedtatt. Rettane dalitane i Nepal er gitt i det nye grunnlovsutkastet, ser langt meir progressive og framskridne ut enn det dalitane i India har fått så langt gjennom dei siste seksti åra.

Førsteutkastet til den nye grunnlova har au gitt madhesiar, janajatiar* og muslimar rett til representasjon i statlege organ og styringsverk på alle nivå, forholdsvis etter kor mange dei er. Dei svært marginaliserte og utsette samfunna vil få særleg rettsvern og rett til å vere med på alle nivå i det føderale statsapparatet.

Den eksemplariske praksisen med inkluderande og deltakande demokrati kunne ein sjå i den første grunnlovgivande forsamlinga sjølv. Der var det 33 % kvinner, 8 % dalitar, 34 % madhesiar, 35 % janajatiar og 3 % muslimar, i seg sjølv eit stort gjennombrot.

Etter alle målestokkar var ikkje dette vanlege politiske resultat. Det var ein djup politisk revolusjon som endra kartet over det føydale regimet i Nepal fullstendig. Og denne revolusjonen var ideologisk leia av maoistane i Nepal.

Røttene til nederlaget

Då reiser spørsmålet seg: Om dei politiske resultata var så påfallande, korfor møtte maoistane eit så audmjukande nederlag? Ei av dei viktige årsakene var at maoistane ikkje på skikkeleg vis kunne forklare det store fleirtallet av folket dei revolusjonære resultata, og kva det betydde for livet og rettane deira.

Dei fire hovudfeila til dei maoistiske leiarane tærte på populariteten deira frå botn til topp og spela ei viktig rolle i det audmjukande nederlaget.

Den første feilen var at maoistane klarte å endre det politiske systemet i Nepal enormt, men dei mislykkast i å endre landet økonomisk, sosialt og kulturelt. Viktigast av alt makta dei ikkje levere noko kvalitativt svært viktig eller revolusjonært dei to gongene dei sat i regjering.

Politisk revolusjon vart ikkje følgt opp med sosio-økonomiske endringar på landsbygda. Det vart ingen progressiv jordreform, sjølv om det var eit punkt i fredsavtalen som sa at alle restar av føydalismen skulle fjernast gjennom ein systematisk jordreform. Dess meir ironisk var det at UCPN-M* gjekk med på å gi tilbake all jord og eigedom til godseigarar som ikkje sjølv budde på jorda, jord som vart tatt og fordelt mellom jordlause bønder og faktiske brukarar under det væpna opprøret som del av ein jordreform. Utan jordreform, industrialisering og sosio-økonomiske forandringar på landsbygda merka ikkje det store fleirtallet på bygdene, fattige bønder, arbeidarklassen og lågare middelklasse markante forandringar av den maoistleia politiske revolusjonen. Det var dei fremste klassane som hadde støtta maoistane under det væpna opprøret fram til den siste grunnlovsforsamlinga, og dei mista tilliten og håpa dei hadde hatt til dei. Resultatet vart at maoistpartiet vart skilt frå sjølve klasse-basisen sin.

Det andre store mistaket var at maoistane i regjering var ute av stand til å starte viktige reformer i det eksisterande statsapparatet i Nepal, som var svært korrupt og mot fattige og folk utan makt. Progressive reformer i statsbyråkratiet, hæren, rettssystemet og politistyrkane var nøkkelområda som kunne gitt vanlege menneske ei kjensle av reelle endringar. Og klare forordningar om reformer i hæren og administrasjonen var på plass i fredsavtalen. Då maoistane først kom til makta i 2008 under leiing av Prachanda, var det rett tid til sette i verk slike reformer i statsapparatet. Alle var klare for det på det tidspunktet, av frykt eller respekt. Prachanda hadde ein posisjon og popularitet så høg den gongen at ingen våga utfordre han. Men i dei viktige første månadene valte han justeringar av status quo framfor å sette i verk dei venta reformene. Strategien kan ha vore at han ville konsolidere grepet på statsapparatet først og starte reformer seinare. Men den strategien viste seg virke svært mot si hensikt. Ein stor sjanse til å endre og reformere statsapparatet gjekk tapt. Då han tok steg for å sparke den ulydige hærsjefen Rukmangagad Katuwal på feil tidspunkt (då han likevel skulle gå av to månader seinare), slo det tilbake. Prachanda sjølv måtte gå ut av regjeringa.

Det tredje store mistaket var at maoist-leiarane og -kaderen ikkje viste seg kvalita-tivt annleis og framskridne når det galdt moral, kultur, etikk og haldningar når dei kom inn i fredsprosessen og til makta. Dei viste seg leve like korrupte og ødselt som kva for helst styrande borgarleg parti. Den omfattande korrupsjonen og sløsete livsstilen til dei fleste maoistleiarane og kaderen minka populariteten til maoistane i heile samfunnet på kort tid. Simha Darwar har vore sete for den nepalske staten i eit hundre-år. Det er eit levande symbol på statsapparatet til den herskande eliten, borgarskapet i Nepal og godseigarane. Maoistane kom ut av jungelen for å forandre Simha Darwar. Men tragedien til revolusjonen i Nepal var at Simha Darwar blei som før, like korrupt og mot folket. Det var ingen endringar av kjerna i regimet. I staden var det Simha Darwar som endra maoistane kolossalt.

Den fjerde, men største feilen var at maoistane som største parti i grunnlovsforsamlinga og leiande parti i regjeringa ikkje klarte å lage og vedta ei ny grunnlov i tide. Det var ein kollektiv feil frå alle dei fire store politiske retningane: UCPN-M, NC, CPN-UML og madhesi-partia. Det er ingen tvil om at NCP-UML og NC hadde ei vital og aktiv rolle i oppløysinga av grunnlovsforsamlinga, då leiaren Subhash Newang kom frå CPN-UML, og leiaren for grunnlovsutkastkomiteen Nilamber Acharya kom frå NC. Dei kunne lett redda forsamlinga og gitt ho suksess i tillegg, om dei etter reglane hadde tatt opp dei omstridde spørsmåla i plenum innanfor tidsramma som var sett (då det ikkje var felles haldning mellom dei store), og stemt over det på demokratisk vis eller i ei folkerøysting. Men dei valte ikkje nokon av dei maulege alternativa innanfor tidsramma. Dei gav uavgrensa tid til eit dusin partileiarar for å få semje, og sette leiarskapet til grunnlovsforsamlinga i fare. Det gjekk føre seg til siste minutt då det ikkje var tid igjen. Subhash Newang som leia forsamlinga var ikkje med på siste plenumssesjonen 27. mai kl 1100, ein sesjon han sjølv hadde kalt inn til. Oppløysing av grunnlovsforsamlinga vart då uunngåeleg, fordi høgsterett hadde slått fast at ho ikkje kunne sitte saman etter 27. mai. To av dei store partia som var tilhengarar av status quo, leita faktisk etter påskot for å stanse kunngjøring av ein progressiv og grunnlov under leiing av maoistane. Det var eit spel om tillit og om frykt for progressive forandringar. Men idiotiet til maoistleiarane var at dei gav dei nødvendige påskota i dei siste og avgjørande timane i grunnlovsforsamlinga.

Hovudstridsspørsmåla i den første grunnlovsforsamlinga som førte til oppløysinga, var spørsmåla om namn, antall og grenser på føderale provinsar, pluss spørsmålet om kva form den føderale regjeringa skulle ha. Det var mauleg med eit kompromiss og ein avtale om desse spørsmåla 15. mai 2012 etter initiativ frå utvalet for å løyse stridsspørsmål som Prachanda sjølv leia. Kompromisset gjekk ut på at provinsnamna skulle avgjørast av provinsforsamlingane sjølve etter at dei var valte. Det skulle vere 11 provinsar, og grensene skulle avgjørast av det sittande parlamentet etter forslag frå ein ekspertkommisjon. Regjeringa skulle dannast etter blanda fransk modell med direkte valt president og ein statsminister valt av parlamentet. Det skulle vere klar maktdeling mellom dei to embeta.

Sjølv om det var alvorlege svake punkt i kompromisset med ein blanda regjeringsmodell (fordi Nepal kunne bli politisk ustabilt på grunn av krangel mellom dei to maktsentra), så var kompromisset om føderale spørsmål bra. Det hefta ikkje svært dårlege ting med det. Men maoistleiarane trekte seg straks frå avtalen etter press frå både madhesi-partia og janajati-leiarane. Å trekke seg frå avtalen i ellevte time viste seg vere ein politisk blunder fordi det ikkje var tid til å utforme ny avtale. Det gav tilstrekkeleg påskot til dei som ønska den venstredominerte og maoistleia forsamlinga oppløyst utan å ha vedtatt ny grunnlov. Dessutan var striden om namn og antall provinsar spørsmål ein kunne kompromisse om. Men den ideologiske forvirringa til maoistleiarane var at dei ikkje kunne skille klart mellom kva ein kunne kompromisse om og ikkje. Dermed vart dei som største parti og leiar for alle medansvarlege for oppløysinga av grunnlovsforsamlinga.

Det alvorlege mistaket den maoistiske leiinga gjorde i grunnlovsforsamlinga var også at dei mangla masselinje eller ein metode for å kjempe innanfor grunnlovsforsamlinga og ved forhandlingsbordet, med aktiv støtte frå heile plenum og det store fleirtallet av folket ute på gata. I grunnlovsarbeidet kjempa dei bare taktisk rundt forhandlingsbordet i eit lukka rom, til dei i siste minutt vart utmanøvrerte av svært erfarne, hendige og dyktige parla-mentariske politikarar. Dei informerte og mobiliserte aldri folket eller plenum i grunnlovsforsamlinga på desse svært viktige spørsmåla, kampane og hindringane dei møtte ved forhandlingsbordet.

Om NC og CPN-UML var motvillige, så kunne Prachanda og statsminister Baburam Bhattari ha kalt inn plenumssesjonen den siste dagen, lagt fram realitetane og problema i eit siste forsøk på å redde grunnlovsforsamlinga og det som var oppnådd. Dei fleste utsendingane var for å vedta ei ny grunnlov, samla seg der, og venta på toppleiarane. Om det hadde skjedd, kunne den politiske kursen i Nepal vore annleis. Maoistane forsømte den siste sjansen også, då dei ikkje gjekk til plenumssesjon i grunnlovsforsamlinga.

Tidlegare, då maoistane hadde vunne valet i 2008, kunne dei fått med seg NC og CPN-UML og tatt initiativ til å dele på maktstillingane, bydd NC presidentstillinga og CPN-UML leiaren i grunnlovsforsamlinga, og nokre postar som visestatsminister eller visepresident til madhesipartia. Eit slikt initiativ ville starta ein konsensusprosess i Nepal og grunnlovsarbeidet ville blitt lettare og ført fram. Maoistane ville ha etablert eit solid og uimotsagt leiarskap. Men vinnararrogansen til maoistane hindra dei i det. (Dei sveik også CPN-UML-leiaren Madhav Kumar Nepal, ved først å by han presidentstillinga og så nekte han den i siste augneblink.) Seinare fekk dei desse postane, ikkje som resultat av initiativ frå maoistane for å dele makta, men ein allianse av NC og UML mot maoistane. Resultatet vart at dei to store partia og leiarane der vart svært revansjelystne og aktive mot dei. Politikken vart fylt av motsetningar og hemn som drukna heile grunnlovsprosessen.

Slik er det audmjukande nederlaget for maoistane ikkje anna enn ein sint og blind reaksjon frå svært frustrerte menneske. Menneske som hadde store håp om ei progressiv grunnlov, varig fred og progressive sosio-økonomiske forandringar med maoistane i leiinga. For maoistane er nederlaget som ein sjokkterapi folket har gitt dei for å tvinge dei til å rette opp avvik og feil i ein partiorganisasjon som ideologisk og kulturelt er svært forureinsa og politisk avspora.

Nederlaget betyr ikkje at NC og CPN-UML er meir populære, ukorrupte eller ikkje har gjort same feila som maoistane har gjort. Framgangen dei har hatt, ser i hovudsak ut til å vere resultat av protest-stemmer i frustrasjon over maoistane, haldningar som kan forsvinne på kort tid. Dei hadde også andre fordelar. CPN-M*, utbrytarpartiet frå UCPN-M, røysta på desse partia over heile landet. Dei ville gi UCPN-M eit nederlag for ein kvar pris, sjølv om den offisielle linja var aktiv boikott. Hastige tilbaketrekkingar av maoistar frå opptellingslokala etter påstandar om valfusk gav også dei andre partia fordel.

UCPN-M har hevda at det uventa val-resultatet er resultat av valfusk der valkommisjonen og hæren er involvert. Som protest gjekk dei så langt som å trekke alle partirepresentantar ut den andre dagen av opptellinga, over heile landet. Dei erklærte til og med at dei ikkje ville akseptere resultatet, og ikkje delta i grunnlovsforsamlinga om det ikkje blir sett ned ein uavhengig granskingskommisjon for å undersøke jukset. Det er no semje om at det nye parlamentet skal sette ned ein slik granskingskommisjon.

Ja, det er sant at ulike former for utstudert juks skjedde på enkelte stader denne gongen.

Sjølv om valet generelt var fritt, rettferdig og fredeleg, ser det ut til at jukset har skjedd etter avrøystinga og før opptellinga, då internasjonale og nasjonale valobservatørar var nesten fråverande. Årsaka var tipunktsdirektivet frå valkommisjonen som kom i ellevte time. Ulikt alle val før fekk ikkje partirepresentantar lov til å forsegle valurnene mange stader. Dei fekk ikkje lov å bli med urna til tellelokalet. Uvanleg nok var hæren med på å frakte urner, noko som førte til bruk av politi og væpna politi. Somme stader vart urnene oppbevart i militærbrakker fleire timar utan at partirepresentantar var der, og på fleire stader var dei som frakta urna borte i timevis sjølv om avstanden til tellelokalet var kort. Partirepresentantar fekk ikkje forsegle urnene og opphalde seg der urnene vart oppbevart før telling. Urner med brote forsegling, opent lokk, der signaturen til valfunksjonæren ikkje var stadfesta, eller urna var mindre eller større enn på forseglingstidspunktet – alt vart godkjent etter direktivet frå valkommisjonen.

Men det kan ikkje vere hovudårsaka til det overraskande nederlaget, fordi ikkje noko tyder på at slikt juks skjedde alle stader over heile landet. Det ser ut til å ha skjedd bare på svært spesielle og utpeika stader, om lag femti til seksti totalt. Maoistane hevda grovt hundre. Det ramma ikkje bare maoistane, men også andre parti. Det føderale sosialistpartiet leia av Ashok Rai, Rashtria Prajantantrapartiet leia av Pashupati Shamser og Surya Bahadur Thapa, madhesipartia og eit dusin andre mindre parti har lagt fram prov på same type juks.

Det er grunnen til at det er ganske feilaktig å konkludere med at årsaka til nederlaget for maoistane er valjuks. Ingen borgarlege val er frie for juks. Hovudgrunnen til nederlaget er den øydelagde partiorganisasjonen til maoistane. Valjuks kan bare vere ei underordna årsak. Faktisk var leiinga av den noverande byråkratiske regjeringa, leiinga av valkommisjonen, og avgjerda om å bruke hæren i valet biprodukt av forslag og initiativ frå maoistane sjølve. Som ein sår må ein hauste.

Hovudårsaka til det audmjukande nederlaget for maoistane er å finne i deira eigne organisatoriske feil.

I valet til grunnlovsforsamlinga var UCPN-M-leiarane og kadrane på landsbygda, og arbeidde aktivt blant dei undertrykte og arbeidande klassene. Leiarane i NC og CPN-UML var bare i hovudstaden og byane. Denne gongen var det ganske annleis. Dei fleste maoistleiarane var opptatt med å tene pengar, skaffe seg privilegium og leve i luksus i byane eller distriktshovudkvartera, og mange av dei har ikkje vore i landsbyane hos klassegrunnlaget sitt dei siste fem åra. Resultatet vart at maoistane sine grunnorganisasjonar på grasrota var nesten døde. Dermed var banda til klasse-basisen og vanlege menneske i hovudsak kutta.

Dei maoistiske leiarane har gjort ein svær organisatorisk tabbe når dei dei siste seks åra har latt svært korrupte, kriminelle og reaksjonære element slutte seg til partiet, i staden for å bygge eit parti av vel prøvde og ideologisk trente kadrar med basis i arbeidarklassen, småbøndene og undertrykte. Det har ført til at dei mista populariteten, og øydelagt det biletet folk hadde av dei raskare enn noko anna. I tillegg hindra dei enorme distrikts- og rikskomiteane med 300 til 600 medlemmar effektivt arbeid før og under valet. Dei kunne verken gjennom-føre eit vanleg meiningsfullt møte eller drøfte, planlegge eller evaluere sakene skikkeleg. Mange av komiteane brydde seg ikkje ein gong om veljarane deira hadde registrert seg eller ikkje til valet. I valkampen samla dei tusenvis av folk og var størst av alle. Men på valdagen vart det avdekka at ein tredjedel av dei ikkje hadde registrert seg som veljarar.

Medlemmer av den maoistiske raude hæren som vendte tilbake til landsbyane, var misnøgde etter ein krenkande integrasjon i hæren, og hadde inntrykk av at pengane dei fekk frå regjeringa var misbrukt av partileiinga. Dette skada au i stor grad det biletet folk i landsbyane hadde av maoistane. Mange av dei ser ut til å ha vore aktive for å gi dei korrupte leiarane sine eit nederlag.

I tillegg svekka splittinga av partiet til ein viss grad maoistane.

Spørsmålet om ein etnisk stat som maoistane reiste skada dei også mykje.

Slik sett var ikkje nederlaget eit resultat av ein eller to feil, som alle overalt naturlegvis kan gjøre. Det var konsekvensen av mange samanfallande faktorar, toskeskap og feil.

Konklusjon

Maoistane var ein revolusjonær frigjørar i fredsprosessen. Dei siste sju åra har dei endra seg og tilpassa seg status quo. Ein stor revolusjonær sjanse til å endre landets regime og sosio-økonomi vart ille misbrukt. Det utenkelege nederlaget var prisen for den misbrukte sjansen.

Nederlaget er ei viktig melding frå folket i Nepal til maoistane: gjør ein seriøs, total og ærleg sjølvkritikk her og no. Legg om og reparer frå topp til botn ideologisk, kulturelt og organisatorisk. Dere går i heilt feil retning no. Den rette vegen er vegen mot sosialisme og revolusjon, ikkje tilpassing til status quo.

Eit nederlag i eit borgarleg val er ikkje slutten for ei revolusjonær kraft, men det kan bli eit høve til å legge om og forbetre seg og finne rett veg. Det er bare eit slag, ikkje sjølve krigen som er tapt. Vegen til neste siger ligg i å gå til rota til nederlaget, ikkje i å skulde andre for det. Å skulde andre, skaper bare unnskyldningar for å dekke eigne mistak og feil.

Framleis, om me vurderer organisatorisk, er maoistane den største politiske krafta i Nepal, og større enn NC og CPN-UML til saman. Politikken i Nepal i dag dreier seg i hovudsak om dei og den sakslista dei set. Det politiske rommet for revolusjonær politikk med basis i arbeidarklassen, småbøndene, folkefleirtalet av utestengte og undertrykte er framleis ledig. I dag er ingen andre politiske krefter i stand til å rive til seg det rommet. Åtti er ikkje eit lite tall om dei blir organisert på meiningsfullt vis. Maoistane må gå inn i den nye grunnlovsforsamlinga og arbeide hardt for å få med så mange revolusjonære resultat som råd i den nye grunnlova. Men dei må ikkje gjøre same blunder denne gongen: dei må ikkje slåst isolerte ved forhandlingsbordet, men med støtte frå og ved å mobilisere dei undertrykte klassane og folket i gata som er langt meir progressive enn noko politisk parti i Nepal.

Notar:

1 UNDP (United Nations Development Programme) Nepal, 2009. The Interim Constitution of Nepal, 2063(2007), paragraf 21, s 72.

2 The Secretariat of Parliament 2013. Sambidhan Sabha Darpan (The Mirror of Constituent Assembly) s 354.

3 Som ovanfor: The Secretariat of Parliament 2013, s 351–55

4 UNDP Nepal. 2009. The Interim Constitution of Nepal, 2063 (2007). Paragrafane 20, 8 og 20 s 72 og 60.

5 The Secretariat of Parliament. 2013. Sambidhan Sabha Darpan (The Mirror of Constituent Assembly) s 352 og 3546 Som ovanfor: Secretariat of Parliament 2013 s 352.

* NC: Nepali Congress – Kongresspartiet; CPN-UML: Communist Party of Nepal (unified marxist-leninists) (Wikipedia)

** Dalit: kastelaus. “Dalit” betyr direkte «dei undertrykte». (Wikipedia)

*** Madhesi er fellesnamnet som blir nytta på dei fleirnasjonale befolkningane som tradisjonelt bur på det tropiske slettelandet Tarai på grensa mot India. (Wikipedia)