Populisme einaste vegen for venstresida i Italia?

Av Monica Quirico

2016-04

Lokalvala i juni i år markerte eit vendepunkt i italiensk politikk, der Femstjerners-rørsla overtok styringa av viktige byar som Roma og Torino (Gramscis by) etter Det Demokratiske Partiet.

Femstjernersrørsla klarte dei siste åra å bygge seg opp på populistiske kjensler som er resultatet av skandalar og korrupsjon gjennom mange år. Dei har stått fast på behovet for meir demokrati (i røynda eit internettbasert fåmannsvelde), og at sivilsamfunnet står over den politiske eliten, og slik har den populistiske rørsla skaffa seg mange veljarar frå venstresida også.

Kva så med venstresida? Resultatet for det nye venstrepartiet «Italiensk Venstre» i lokalvala blei elendig (4,7 % i Roma og 3,7 % i Torino. Partiet blei støtta både av «Kommunistisk attreising» og «Venstre, fridom og økologi», og mange venstreveljarar oppfatta det enten som del av etablissementet, eller som ineffektive.

Venstresida er svært fragmentert. Det er viktige sosiale rørsler (først av alle den mot lyntogbanar, i Susa-dalen i Piedmont) som både utfordrar nyliberalismen og er mottakelege for varselropet frå populismen. Men som eit heile, ulikt Hellas, Spania og Frankrike, har ikkje dei ulike protestrørslene i Italia fødd ei sterk og meir eller mindre samla rørsle. Ikkje eingong då Arbeidslova (Jobs Act) vart vedtatt under Renzi-regjeringa i 2014–2015, lova som underminerte grunnleggande arbeidarrettar.

Kva er til venstre for Venstre (orsak ordspelet) i Italia: eit mangfald av grupper (kalla «kollektiv» på italiensk) med antikapitalistisk profil (medrekna mange feministgrupper) som klagar over at sjølvorganisering ikkje har fungert, som held fram fordi dei manglar ein organisasjon som kan stille spørsmålet: korleis vende kampen til direkte demokrati, autonomi, mot-makt, og til sist til vegar mot revolusjon?

Ein gong var alt saman ei oppgåve for arbeidarklassens parti – og no? Etter å ha fjerna orda «klasse» og «kommunisme» frå ordtilfanget sitt, kjenner den italienske venstresida seg uvel ved sjølve tanken på «parti». Men alle forsøk på å bygge alternative former for samordning (nettverk, føderasjonar osv) har slått feil fram til no i Italia: kvar gong fell venstresida tilbake til illusjonen om at ein ny «boks» med nytt namn (men gamalt politisk personale) vil trekke til seg veljarar igjen.

På andre sida må ein ha i mente hendingane i Hellas. Ei rørsle bygd på sjølvorganiserte kampar førde til siger i valkampen og samordning lokalt og nasjonalt, men blei så snytt med EU-diktata – det syner at utan ei internasjonalt retta plattform og samordning så vil jamvel ei sterk rørsle vere dømt til å tape.

Med Luxemburgs ord er sosialistisk politikk å vise sambandet mellom dei store spørsmåla, og utforme slagord. Men i dag, når sjølve orda kommunisme/sosialisme er diskreditert, så er ikkje uformelle nettverk – ofte på lokalnivå – nok, sjølv om dei er grunnlaget for å starte kampar. Samordna aksjonar både innanfor og mot institusjonar, retta mot å erobre og reorientere stat og overnasjonale krefter er viktig, og må hente lærdommar frå erfaringane til radikale parti over heile Europa og arven etter Europas Sosiale Forum.

Teorien til Nicos Poulantzas om statens relative autonomi og den uferdige samansettinga av både den herskande og underordna klassen – og det skiftande tilhøvet dei imellom – kan vere til noko hjelp til å redefinere omfanget for kampane (den vanskelege balansen mellom sjølvorganisering og erobring av politisk makt), og potensielle alliansar mellom ulike sosiale rørsler, og mellom dei og politiske organisasjonar.

Den underordna klassen må møte ikkje bare utbytting basert på kjønn og etnisitet, men også eit skilje mellom produktivt og reproduktivt arbeid, mellom folk i arbeid og arbeidslause, mellom arbeidarar med fast arbeid og dei med midlertidig arbeid.

Alle marxistar verdt namnet må ta tak i spørsmålet om korleis ein skal sameine alle desse kategoriane og omsette krava deira til eit felles antikapitalistisk program.

Om me ikkje kan finne opp sosialismen, bør me i det minste prøve å sjå han for oss (men vere opne for korreksjonar og nye vegar) om me vil vere truverdige når me snakkar til det store fleirtalet av folk, som har akseptert kapitalistisk utbytting og underordning av kvinner som naturlover. Me treng ein klassebasert politikk, og eit prosjekt for sjølvorganisering retta mot sjølvstyre om me ønsker snu herskande oppfatningar. Det betyr at me kunne forklare kva me meiner med «klasse» og «sjølvstyre».

Elles vil venstresida halde fram med enten å snakke til seg sjølv, eller løpe etter populisme og identitetsorienterte rørsler, og gløyme at etterlikningar alltid er mindre tiltrekkande enn originalane.

Monica Quirico

(Omsett frå engelsk av Gunnar Danielsen.)