Sjølvforsvar (novelle)

Av Øyvind Bremer Karlsen

2009-04

Sikre seg. Tenkte mannen. Han kikka ut gjennom vindaugsruta i forretninga si. Han hadde gått til og frå. Kikka ut i mørket. Halve kvelden. Såg stadig ikkje noko. Det var ikkje mykje trafikk i denne sidegata.

Den sveitte, fyldige mannen gikk pesande bak disken igjen. Han kasta eit raskt blikk ned i skuffen der pistolen låg. Så talte han langsamt opp pengane i kassaapparatet.

 

Han sveitta.

 

Dagen hadde vori lang.

 

Dagen hadde vori heitare enn dagen før. Ørkenlufta, tung og kvelande, klemte byen ned. Mørket gjorde heten bare enda meir til stades.

 

Ein bil kjørte langsamt forbi forretninga i den sparsamt opplyste gata, og så ein til. Lyktene glimta som gule prærieulvauge i mørket.

 

Fleire spritbutikkar enn vanlig hadde blitt robba i det siste. Som alltid når varmen ikkje sleppte taket. Sjokoladebutikkar hadde blitt robba. Strøket var ikkje av dei tryggaste.

 

Men her kunne dei bare prøve seg. Mannen tørka sveitten frå panna.

 

Ungdomsbandar. Tvangsarbeid. Hadde vori passe for dei. Men dei kunne bare prøve seg mot han. Ein ærlig butikkeigar som hadde arbeidd all si tid. Bygd opp forretninga si. Men mannen visste å vakte eigedommen sin.

 

Mannen, opprulla skjorteermar, hadde store sveitteflekkar under armane, han kikka på klokka. Om fem minutt stengte han. Fem minutt, og han kunne setta seg i bilen, kjøre heim til ei tryggare verd der ein kald dusj og eit par iskalde øl venta. Om fem minutt var det ingen som fekk kjøpe meir sjokolade eller fleire sigarettpakker, ikkje fleire pornoblad, ikkje meir å drikke, og mannen skulle akkurat til å lukke døra og stenge byen ute, helvetet, kva skulle nå den djevla gutungen her? Mannen peika bryskt mot døra, men den tynne, brunhuda guten tok raskt eit par sjokoladar frå hylla idet han sendte eit kjapt blikk ut av døra. Mannen bak disken, hjertet slo raskare, såg fleire der ute i mørket, ulveauga glimta gult.

 

Mindreårig var guten, faen om dei ikkje bare blei yngre og yngre; gutungen sendte brått ein liten neve, han hadde noko i handa?, mot disken, men mannen var raskare, greip lynsnart etter pistolen i den halvopne skuffen, faen om han ikkje var mann for å forsvara eigedommen mot ein helvetets gutunge som ikkje hadde hår på pikken eingong, mannen trekte kvikt.

 

Gikk så rundt disken og plukka opp dei to sjokoladane frå golvet, la dei tilbake i hylla. Krampetrekningane til guten gav seg mens mannen telefonerte etter politiet som fann ein brunhuda gut, trulig meksikanar, trulig ulovlig innvandrar, liggande livlaus på golvet i den vesle forretninga.

 

Sjølvforsvar, mannen (52, kvit) sa at det blei bare verre og verre i dette strøket. Faen så mange ran i det siste.

 

Yeah, nikka den eine politimannen (39, kvit), bad kollegaen ringe etter ambulanse, tok ein sigarett frå pakka som butikkeigaren heldt fram, fekk fyr. Så bøygde han seg ned, plukka opp ein mynt frå golvet, her! gav han mynten til mannen bak disken, nokon som hadde mista ein kvartdollar. Den sveitte, mellomaldrande forretningseigaren tok pengestykket, putta det i skuffen i kassaapparatet.

 

Dei tre slo av ein prat, varmen, tru når varmen endelig ville sleppe taket? mens dei venta på sjukebilen.

Øyvind Bremer Karlsen