Ukategorisert

Leder: Opprørsk

Ingrid Baltzersen,
redaktør
Foto: Brage Aronsen

 

Rødt har hatt landsmøte og vedtatt at partiet er for det klasselause samfunnet. Det er naturlig for eit revolusjonært, sosialistisk parti. Marx var også for det klasselause samfunnet og kalte det kommunisme. Sånn sett er alt ved det gamle.

Marx kan me ikkje gjera noko med og landsmøtet valde å ikkje gjera noko med formuleringane på dette punktet i prinsippprogrammet.

Men noko er nytt, og det er den enorme oppslutninga og antall nye medlemmar i Rødt. Kanskje passerer partiet 10 000 til hausten? Mange av desse nye medlemmane var på sitt første landsmøte i livet. Det var ei positiv oppleving for desse og partiet. Dei nye medlemmane fortel at dei blei høyd og tatt på alvor, og dei stemte uten å ha plassert seg sjølv eller blei plassert av andre i ein bås. Det var ei samling av veldig sjølvstendige landsmøtedelegatar. Det skal partiet vera ekstremt glad for. Uansett kva ein måtte meina om det som ble vedtatt.

Sjølvstendige og tenkande medlemmar er det Rødt nå trenger. Den politiske kvardagen er krevjande anten det er som fagforeiningsaktivist, kvinneaktivist eller 2. vara til kommunestyret. Ikkje minst er det hardt arbeid å bygga opp fungerande lag, jobba fram lokalprogram – og delta i opprøret nedanfrå.

Der me bur – i kommunane – er offentleg velferd slik me har blitt vant til, trua. KommuneNorge går på ekstremt sparebluss. Opprørarar i kommunestyret saman med opprørarar utanfor er dynamitt. Vanlege folk er hovudkrafta til forandring.

I dette nummeret av Gnist fortel fleire om erfaringar med kommunalpolitisk arbeid. Artikkelen om Hjelmengutvalget er meint for å forstå det som er på gang, korleis makta vil gjera velferd om til profitt. Gnist vil gi bakgrunn og analyse for at me skal forstå samfunnet betre. For utan å forstå, kan me ikkje forandra.