Kulturkrig med vått krut

Av Magnus Bernhardsen

2019-01

Steven Bannon, ein av hjernane bak Trumps siger i presidentvalet i USA, og som no prøver å byggja ei paneuropeisk høgrerørsle, har ofte vore sitert på at «politics is downstreams from culture». Politikken fylgjer av kulturen. Gjennom filmane han har produsert, nettstaden Breitbart og andre prosjekt har han prøvd å ta kampen om kulturen.

Foto: Fahrul Azmi
Av Magnus Bernhardsen,
er nordist og tilsett i bokhandel. Han bur i Moss.

Med dei politiske krisane Trump, Brexit og dei gule vestane er diskusjonen om elitane og makta deira kome for fullt. Kultureliten vert i stadig større grad peikt ut som fiende av folket. På venstresida har ein gjerne vore nøgd med å fastslå at det er eigarklassen og arbeidskjøparane som er den eigentlege fienden, og at snakk om «kultureliten» er ei avsporing. I periodar har også ytre venstre markert seg som eit opprør mot elitekultur og kulturelite, men det verkar som lenge sidan no. Kva skal eigentleg «vår» kulturpolitikk vera?

Berre ved å stilla spørsmålet vert eg redd for å skriva meir. Dette er verkeleg utanfor mi komfortsone. Det finst så mange omsyn å ta, så mange definisjonar å undersøkja, så mange teoretikarar ein skulle ha lese fyrst. Og kven skal ein snakka på vegne av?

Eg vil ikkje påstå at eg har tenkt mest og best om desse spørsmåla, men ettersom eg er så lite tilfreds med ordskifta våre om kulturpolitikk og kulturarbeid tek eg likevel sjansen på å skriva denne artikkelen.

Om ein vil vita kva den radikale venstresida meiner om kulturpolitikk, kan ein til dømes lese fylgjande på nettsida til partiet Raudt:

Kultur er et offentlig ansvar. Rødt ønsker et rikt og mangfoldig kulturliv, der ulike kunstarter, stilretninger og kulturer med både profesjonelle utøvere og et bredt folkelig kulturliv blir stimulert. Kultur er en viktig del av livet. Norge er et lite land med et mangfoldig kulturliv. Det er stor økonomisk usikkerhet rundt finansiering av både profesjonelle og amatørers kulturaktiviteter. Rødt ønsker å styrke den offentlige støtten til kulturen. Gjennom offentlig støtte kan man satse på mer kultur, støtte til profesjonelle og amatører og subsidiering av priser. Kunstner- og forfatterorganisasjonenes krav til økt bruk og vederlag må innfris.1

Det var det. Det står tilvisingar til politikk for bibliotek, målsak og liknande også, men dette er kulturpolitikken slik han vert presentert. «Kultur er et offentlig ansvar». Det lyder som ein parodi på Raudt frå ein høgreorientert satirikar, om noko slikt kunne eksistert. Fyrst og fremst er kultur eit offentleg ansvar, liksom. Men kultur er også ein viktig del av livet, det skal vi ikkje gløyma. Og så vil Raudt ha eit rikt og mangfaldig kulturliv, noko Noreg alt har, i alle fall mangfaldig. Det er nok ikkje så rikt, ettersom det trengst meir pengar frå det offentlege så vi kan få meir kultur. Den beste måten å få meir kultur på er kanskje å innfri kravet frå kunstnarar og forfattarar om auka bruk, som det står.

Meininga mi er ikkje å harselera med nettstaden til Raudt, eller dei som hadde ansvar for å samanfatta arbeidsprogrammet til ein snerten liten snutt. Kulturpolitikken er noko meir utfyllande skildra i arbeidsprogrammet og prinsipprogrammet, og eg kjem attende til det. Likevel, dette tyder jo på at ein ikkje har nokre store idear om kulturpolitikken som ein vil fremja for dei som søkjer kunnskap. Eg trur Raudt kunne fått stort fleirtal på Stortinget for det siterte avsnittet om kultur, men ikkje nett fordi ein hadde vunne fram med nokre nye idear.

Arbeidsprogrammet inneheld fleire konkrete formuleringar, men det er ikkje mogleg å sjå noko revolusjonært eller spesifikt sosialistisk der. Støtte til betre arbeidstilhøve for kulturarbeidarar og kunstnarar, støtte til bibliotek, støtte til bokavtalen og så vidare. Det er eit program for meir kvantitet i kulturen, og seier lite om kva som skal vera innhaldet i kulturen. Den mest programmatiske formuleringa er kanskje denne:

Arbeide for eit ambisiøst, mangfaldig og utovervend kulturliv som markerer Noreg som ein kulturnasjon nasjonalt og internasjonalt.2

Kvifor skal det vera viktig for Raudt at Noreg markerer seg som ein kulturnasjon internasjonalt? Og nasjonalt er det vel endå meir overflødig?

I prinsipprogrammet er det ei langt betre formulering om kultur:

Då arbeidarklassen var på offensiven, og klassemedvitet var høgt, hjelpte arbeidarkulturen fram ei solidarisk haldning og klasseidentitet. I dag er denne kulturen kraftig svekka. Det er strategisk viktig å bruke arbeidarrørsla sine erfaringar på dette området, og utvikle ein arbeidarkultur for vår tid som ei sjølvstendig og mangfaldig kulturell kraft.3

Her er utviklinga av ein del arbeidarkultur strategisk viktig for å koma på offensiven for arbeidarklassen, og vinna tilbake klassemedvit, solidaritet og klasseidentitet.

No kan ein sjølvsagt og heilt korrekt innvenda at i arbeidsprogrammet bør ein setja opp politikken for partiet i det daglege arbeidet innanfor og utanfor folkevalde organ, medan prinsipprogrammet skal trekkja opp dei lengre linene. Likevel har ein altså skrive at det er viktig å markera Noreg som ein kulturnasjon internasjonalt i arbeidsprogrammet. Kunne ein ikkje ha skrive noko om korleis ein skal nå det strategisk viktige målet om å utvikla og styrkja arbeidarkulturen?

I det alternative statsbudsjettsframlegget til Raudt kjem det eit anna viktig poeng:

Kulturpolitikk overlatt til markedet vil kun skape den kunsten som de med mest penger vil ønske å løfte fram. Og det vil bare være folk med solid økonomi som kan ta seg råd til å være kunstner. Fordi kunst og kultur trengs for å fortolke, kritisere og utvide verdensbildet vårt er det et demokratisk poeng at markedet ikke skal rå.4

I arbeidsprogrammet er det formulert litt ulikt, der legg ein vekt på at det er kulturformene utan kommersielt potensial som skal gjerast synlege, ettersom kommersialiseringa svekkjer dei.

Raudt meiner at kommersialisering av kultur bidrar til å svekke dei kulturformene som ikkje har det største publikummet. Kulturformer utan kommersielt potensial, må gjerast synlege mellom anna ved langt meir støtte frå Norsk Kulturråd til kulturuttrykk knytt til minoritetar, ungdom og andre grupper.5

Men budsjettframlegget inneheld også det at kunst og kultur trengst for å fortolka, kritisera og utvida verdsbiletet vårt – det er ikkje berre kvantiteten ikkje-kommersielle kulturuttrykk som er viktig, men også kvalitetar ved dei.

Kulturminister Trine Skei Grande la 23. november i fjor fram ei ny kulturmelding, Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida. Her kan vi i opningsavsnittet lesa at

Kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og kulturpolitikken skal byggje på ytringsfridom og toleranse. […] Noreg står framfor ei stor økonomisk omstilling som vil krevje nytenking på mange felt, både i privat og offentleg sektor. Kreativitet er ein drivar for innovasjon og kan medverke til å styrkje den internasjonale konkurransekrafta vår. Kulturpolitikken skal vere med på å fremje læring og skaparkraft.6

Her vil eg spørja om det ikkje også er slik at det finst, og bør finnast, kunst og kultur som ikkje har samfunnsbyggjande kraft. Vonleg strekk ytringsfridomen og toleransen seg også til slikt. Målsetnaden om at kunsten skal styrkja norsk økonomisk tevlingsevne kjem att fleire gonger i teksten, til dømes slik:

Ein godt innretta kunstnarpolitikk er ei investering i nyskapinga som er nødvending for at vi skal etablere nye jobbar og finne nye løysingar framover.

eller slik:

Noreg har talent, innhald og produksjonar som held eit høgt internasjonalt nivå. Men samanlikna med dei nordiske nabolanda våre har vi framleis eit potensial for å utnytte dette meir til inntektsgivande verksemd.

Så kan ein tenkja seg at kritikken frå venstre må vera at den opprørske, kritiske, antikapitalistiske kunsten må få offentleg støtte, slik at den overlever mot den kommersielle kulturindustrien. Den reine kunsten, den som ikkje ser til innteningspotensial eller bryr seg om å fremja jobbskaping og moderne løysingar, den er det vel vi må syta for. Men er det verkeleg slik at det kritisk kunst som bed oss fortolka verda på nytt ikkje får støtte frå marknaden og dei med mest pengar?

Klassekampens kunstkritikar Tommy Olsson oppsummerte kunståret 2018 med å skriva om Banksys sjølvdestruerande måleri og ­«analpluggnomen» som vart plassert i ei rundkøyring i Gamlebyen i Oslo. Båe døme på kritisk kunst som skal hjelpa oss å fortolka verda på ein ny måte, men som vart kjende fordi nokon betalte millionar for måleriet til Banksy før det byrja å makulera seg sjølv – og auka i verdi, og fordi Christian Ringnes kan betala seg fram for å få plass til verka han eig i Oslo. Julenissen med ein rompedildo vart presentert av ein Johan Andresen som i fylgje Dagbladet framsto pønka fordi han kalte forsamlinga som var møtt fram «motherfuckers».

Samtidig prøvde jeg fortvilt å slå vekk en paranoid tanke: Muligheten for at Paul McCarthys «Santa» var blitt kjøpt inn på pur faen. At den var kjøpt for å provosere frem kvalme og harme hos dem som er profesjonelt pripne og morsomme når de blir opprørt. Og at beistet så ble plassert midt i veien for å irritere livskiten ut av dem som tar denne veien når de kjører bil til jobben hver morgen. En saftig rød langfinger til alle som tror de er noe fordi de jobber, og derfor ser ned på de utstøtte sjeler som bare eier usannsynlig masse greier og har ubegrensede midler. Motherfuckers! Føkk janteloven! […] Det er altså, nesten uten unntak, et særdeles dårlig tegn når representanter for stat og kapital – de som besitter reell makt, tilegner seg antikapitalistiske strategier. Ikke primært fordi manglende kjennskap til de opprinnelige referansene kortslutter potensialet for noe annet enn posering, men fordi konsekvensen av en herskerklasse som dyrker ungdommens aggresjon historisk sett indikerer, vel, den snare etableringen av et diktatur. Makt i sin aller reneste form.7

Eg tykkjer Olsson har mykje rett her, og dette er jo ikkje ein trend i vår lokale andedam. Den danske kunsthistorikaren Mikkel Bolt Rasmussen skriv om samtidskunst i boka After the Great Refusal: Essays on Contemporary Art, Its Contradictions and Difficulties. Der peiker han på at

Den relative autonomien som kunst og akademia har hatt dei siste 200 åra er under eit valdsamt press, både innanfrå og utanfrå. Innanfrå pressar løftet om lukke kunsten til avantgardistiske overskridingar eller revolusjonær deltaking i dei pågåande kampane mot makt og kapital. Utanfrå trugar kulturindustrien med å snu kunsten opp-ned som ein utvida deltakande opplevingsøkonomi. Når det kjem til akaemia er omdanninga av utdanning, forsking og kunnskap til varer nesten fullført. […] Etter at Berlin-muren fall, og serleg sidan slutten av 1990-talet, har kunstmarknaden ikkje berre gått mot å få hegemoni i samtidskunsten, men samtidskunsten har også vorte del av ein utvida opplevingsøkonomi, der kunsten har blanda seg saman med kulturturisme, popkultur og gentrifisering. Eksplosjonen i talet på biennalar og reisinga av det eine museumet meir spektakulært enn det andre er dei mest synlege uttrykka på denne utviklinga. […] Samtidskunst er ikkje lenger berre ei forskings- og utviklingsavdeling i avansert kapitalisme. Det er i staden for vorte ein altomfattande opplevingsøkonomi på nivå med reklame, mote, musikk, TV og spel.8

Samtidskunsten, det ein gjerne ser for seg som kunsten med minst kommersielt potensial, med størst rom for kritikk og ny fortolking, den har berre vorte ein del av ei opplevingsøkonomi, hevdar Rasmussen. Den revolusjonære, eller kritiske, eller antikapitalistiske, kunsten vert teke inn i galleria og institusjonane, og kjøpt av verdas rikaste. Det sjølvstendige og uavhengige i kunsten er med på å gjera kunsten verdifull, det er eigentleg det som gjer objekta til kunst og til noko ein kan investera i.

Spørsmålet venstresida står andsynes er eigentleg kva vi vil med ein kulturpolitikk. Er det berre å auka løyvingane? Bør kulturpolitikk ha målsetjingar om å styrkja Noregs økonomiske tevlingsevne eller marknadsføringa av Noreg i utlandet? Er det likegyldig kva kultur som får støtte, så lenge kulturlivet er mangfaldig og rikt?

Eg tykkjer dette er vanskelege spørsmål, og det enklaste er kanskje å berre ynskja seg meir pengar til bibliotek, kunstnarstipend og meir pengar til friviljug kulturarbeid. Eg skulle likevel vona at målsetnaden om å skapa ei ny arbeidarkultur fekk meir merksemd. Kva vil det seia å attreisa arbeidarkulturen? I den flotte antologien Alt skal bli forandra. Snart – 100 norske dikt om fellesskap og kamp har Anne-­Marit Godal og Leif Høghaug samla 100 arbeidardikt i vid tyding. Dei avsluttar etterordet slik: «Dette er sanninga om nederlaget. Thranittarrørsla tapte, dei franske kommunardane tapte – men i tapet finst kimen til den komande revolusjonen. Sanninga om nederlaget er sanninga om ein kunst: kunsten å snu nederlag til siger.» 9

Eg er i utgangspunktet heilt samd. Og vi har stort sett nederlag å læra av. Likevel, det å læra av fortida og tidlegare nederlag er ikkje akkurat utan risiko. Nostalgi og romantisering er ikkje ukjent på venstresida, der ein kan oppleva at spørsmål om historiske vegval i soga til arbeidarrørsla/sosialismen/kommunismen kløyvar oss opp til stadig mindre grupper. Det finst knapt eit standpunkt som ikkje er representert blant nokon på venstresida. Og då må eg nesten telja med folk som Mikkel Bolt Rasmussen, som helst vil avskaffa heile venstresida.

Motstandarane våre, fiendane våre meiner dei er i ein kulturkrig. Utan at vi finn ut av kva vi faktisk vil med kulturpolitikk, med kunst, med dei fellesskapa vi ynskjer å byggja er eg redd vi vert ståande med vått krut.

Sluttnoter

1. Raudt. (u.d.). Raudt. Henta 9. januar, 2019 frå Kultur: https://rødt.no/kultur

2. Raudt. ([2016]). Raudt sitt arbeidsprogram 2017-2021. [Oslo]: Raudt, s. 85

3. Raudt. (2014). Raudts prinsipprogram. Oslo: Raudt, s. 30.

4. Raudt. (2018). Fordi det er mulig – alternativt statsbudjett 2019. [Oslo]: Raudt, s. 33.

5. Raudt. ([2016]). Raudt sitt arbeidsprogram 2017-2021. [Oslo]: Raudt, s. 84.

6. Kulturdepartementet. (2018). Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida (Meld. St. 8 2018-2019). Oslo: Det kongelege kulturdepartement.

7. Olsson, T. (2019, januar 8.). Å vanne det ut en gang til. Klassekampen.

8. Rasmussen, M. B. (2018). After the Great Refusal: Essays on Contemporary Art, Its Contradictions and Difficulties. Winchester: Zero Books.

9. Godal, A. M., & Høghaug, L. (Red.). (2018). Alt skal bli forandra. Snart – 100 norske dikt om fellesskap og kamp. Oslo: Res Publica, s. 249.