Internetthøgre frå 4chan til Trump

Av Mass Soldal Lund

2017-04 Bokomtaler

Angela Nagle:
Kill All Normies. Online culture wars from 4chan and Tumblr to Trump and the alt-right.
Zero Books, 2017. s. 120.

Facebook har reglar for deling av bilete som mellom anna omfattar ein null-toleranse for nakenskap. Dette har gjeve nokre spesielle og mykje kritiserte utslag som sensur av ammande kvinner og det ikoniske bilete av Phan Thị Kim Phúc. (Det siste tilfellet kjent frå ein debatt i 2016 som ikkje minst viste at Aftenposten har endra den redaksjonelle lina si på Vietnamkrigen.) Om ein lurar på kvifor Facebook har så strenge reglar kan ein kanskje finne noko av svaret ved å vitje eit av dei heilt uredigerte foruma som finst på nettet som for eksempel biletedelingsforumet «4chan random» (boards.4chan.org/b/). Dette forumet er der hackarrørsla Anonymous har sitt historiske opphav (detaljert og ikkje særleg kritisk skildra av Gabriella Coleman[i]) og vert nokre gonger omtala som ein «meme-fabrikk» sidan det har gjeve oss mykje av den typen slang og biletebruk på internett som vert kalla «memes». Men det er også ein nettets kloakk der kvinnehat og rasisme har fritt spelerom, og som fungerer som eit samlingspunkt i trolle- og mobbekampanjar (som også kan knytast direkte til starten av Anonymous). Eit heimleg eksempel kan vere ei hending i 2014 som vert omtala som «The Snappening». Då servaren til Snapsaved, ein tredjepartsapp for å lagre Snapchat-bilete som var spesielt populær i Noreg og Sverige vart hacka og 200 000 bilete gjort tilgjengelege på internett, vart 4chan ein sentral for å finne og spreie nakenbilete mellom bileta som var på avvege.  

Angela Nagle følgjer i boka Kill All Normies ei ekstrem høgrerørsle frå internettgrumset representert ved 4chan til Donald Trump, Twittersjefstrollet sjølv som vart USAs 45. president. For kva skjedde eigentleg med det internettet og dei sosiale media med brukar-skapt innhald som vi framelska for det demokratiske potensialet som skulle gjere all verdas informasjon tilgjengeleg og gje alle ei plattform og ei røyst? Korleis vart det ein sump av falske nyhende der ei kvar kvinne som ytrar seg kan risikere trugsmål om valdtekt og drap? Ein kan sjølvsagt forklare med at «alle» faktisk tyder alle, men det er ikkje godt nok for Nagle.

I sentrum for denne utviklinga står alt-right, og kanskje spesielt alt-light, den litt meir fordøyelege varianten. Alt-right, det alternative høgre, omgrepet er fyrst og fremst ein eufemisme, er både ein alternativ internettbasert medieplattform i opposisjon til «mainstream media» og ein ekstrem høgrepolitikk som er anti-innvandring, anti-islam, anti-likestilling, anti-politisk-korrekt, og populistisk anti-establishment og difor i opposisjon til tradisjonell konservatisme og liberalisme, særleg i kulturspørsmål. Alt-light er den freshe og ungdommelege varianten, i Nagles framstilling personifisert med skribenten Milo Yiannopoulos. Det er høyreekstremisme med eit ironisk tilsnitt, ei kooptering av 90-talets ironi og 60-talets grensesprenging i symbiose med meme-kloakken frå 4chan kombinert med rasisme og kvinnehat frå eit kommentarfelt av avmektige menn som har mista mikroprivilegia sine i heimen, yrkeslivet og offentlegheita, kombinert med alle antipatiane til alt-right, kombinert med marknads-liberalisme, kombinert med ein fascinasjon for fascismens estetikk. Det er ein post-modernisme på speed med ein ekstrem individualisme der mi nyting er viktigare enn lidinga til andre, i opposisjon til både konservative familieverdiar og liberal politisk-korrektheit.

Bragda til alt-light er å fungere som brekkstang som har late dette grumset bryte gjennom til overflata og inn i «mainstreamen».  Ingenting er heilag og alt kan tøysast med har vi høyrd komikarane seie i to tiår no. Og medan det er effektivt for å bryte tabu i samfunnet, er dette kanskje den ytste konsekvensen: Ei legitimering og ufarleggjering av ekstrem ytre høgre, kvinnehat og fascisme som samtidig er immunt mot kritikk, for det er ironi ikkje sant? Vi har til dømes sett det då Thomas Seltzer og Trygdekontoret i ein «krenk-spesial» i 2015 nytta lisensbetalaranes pengar til å få laga hevnporno retta mot Kari Jaquesson.

Det vert ein mix som den liberale venstresida har problem med å forhalde seg til sidan ein del av elementa er så fordømt gjenkjennbare. Kulturell grensesprenging er tradisjonelt assosiert med venstresida, men provokasjon som verkemiddel er nøytralt og kan slå båe vegar. Kva er meir provokativt enn å flørte med nazisme? Problemet for venstresida er at den er samtidig anti-moralistisk, i tydinga bryte med undertrykkande normer/kultur/moralisme, og moralsk, i tydinga solidaritet med og støtte til dei svake/undertrykte/minoriteten. Men å freiste bryte ned alle normer og all moral er å spele ballen til ei grensesprengande høgresida som kan vere tilsynelatande alliert men som har absolutt ingen moral.

Vi står midt i ein online kulturkamp, skriv Nagle. Medan høgresida vann det økonomiske hegemoniet på 80-talet, vann den liberale venstresida det kulturelle hegemoniet på 90-talet, men med individet og ikkje økonomisk likskap som det grunnleggjande prinsippet. No er det revansje frå kulturkampane på 60- og 90-talet, men der alt-light har stole kleda til den liberale venstresida medan dei var ute og nakenbada og venstresida er vorte moralistane. For den liberale venstresida har utvikla ein online subkultur, som på trass av å vere grensesprengande mellom anna i si avvising av tradisjonelle kjønnskategoriar også har ei dyrking av offerrolla som er ultra-politisk-korrekt og hypersensitiv. Facebooks forsiktigheit (eller kva ein skal kalle det) kjem ikkje frå ingen stadar og dette er ein av dei. Også denne subkulturen har brote overflata, fyrst og fremst inn i amerikansk studentpolitikk med krav om trigger warnings –åtvaringar om innhald i pensum eller førelesingar som kan trigge traumar hjå studentane – og liknande. Men også her heime fekk vi tidlegare i år vår fyrste no-platforming då SVs kvinnekonferanse trakk tilbake invitasjonen til den britiske feministen Julie Bindel. Trass i sin sensitivitet står ikkje denne rørsla tilbake for kampanjar mot einskildpersonar dei er usamd med. Ei lissepasning til høgresida seier Nagle, vi skaper ei venstreside så lam at sjølv det mest smaklause høgre kan framstå attraktivt når det peikar på absurditeten.

Med ståstad på venstresida og i feminismen skriv Nagle polemisk, drivande og kompakt. Det er ikkje berre ein analyse og ei fordømming av ei høgreside om har mista alle hemningar, men òg ei utfordring til venstresida. For å kunne slå tilbake må ein kanskje leggje ifrå seg ideen om grensesprenging og normoppløysing for sin eigen del og kanskje leggje ifrå seg den oversensitive offerrolla. Nagle skriv om genuint subkulturelle online-fenomen, men som det no går opp for oss får større og større innpass i det vi oppfattar som mainstream. Dette er kanskje fyrst og fremst eit angloamerikansk fenomen (Nagle har base i Irland), men som vi ser finst det eksempel òg her heime. Kanskje er det ein debatt også vi treng å ta. 

Mass Soldal Lund er førsteamanuensis i informasjonssikkerheit ved Forsvarets Høgskole

[i] Gabriella Coleman. Hacker, hoaxer, whistleblowwer, spy. The many faces of Anonymous. Verso, 2014.