International league of peoples’ struggle

Av Magnus Bernhardsen

2001-02BFilippinene

Utanfor den vesle nederlandske byen Zutphen vart Det internasjonale forbundet for folkekampane stifta 25.-27. mai. Dette forbundet er eit stort steg på vegen for eit antiimperialistisk svar på «globaliseringa». Over 300 delegatar frå nærare 200 masseorganisasjonar møtte, frå heile verda og alle kontinent. Tyrkiske og filippinske organisasjonar dominerte, og det var dei gruppene som hadde teke det største finansielle og praktiske andsvaret.

Målsetjinga med konferansen var å skapa eit felles grunnlag for å sameina folkelege rørsler, og å skapa eit forum for ordskifte og handling. 15 emne var i utgangspunktet lista opp, og desse vart utvida til 17 med rettane til eldre og seksuelle minoritetar. For kvart av emna vart det laga ei fråsegn som peika på kva sams oppgåver forbundet skal ta på seg. Arbeidet med å mobilisera til Göteborg-toppmøtet fekk overveldande støtte frå salen, og mange gav uttrykk for at dei kjende seg inspirerte av den norske EU-motstanden.

Det er etter kvart meininga at kvart land skal laga sine eigne avdelingar av forbundet. Frå Noreg var Kalayaan og Kvinnefronten representerte.

Les meir her: www.geocities.com/ilps2000