Derfor feila «sosialismen for det tjueførste hundreåret»

Av Eva María

2017-01

Den bolivariske revolusjonen forbetra livet til millionar, men klarte aldri å utfordre sjølve grunnlaget for kapitalismen.

Eva María er fødd i Venezuela, og medlem av International Socialist Organization (ISO) i USA, ein organisasjon med røter i trotskisme, leninisme og «sosialisme nedanfrå».
Artikkelen er frå Jacobin i august 2016. Omsett frå engelsk av Gunnar Danielsen. (Foto: Agência Brasil)

Dei siste seks månadene har venstreregjeringane i Sør-Amerika opplevd store tilbakeslag i val, der siger for høgresida kan peike mot slutten for den såkalla «rosa bølgja».

I Argentina vart den sjølverklærte konservative Mauricio Macri president; opposisjonen i Venezuela fekk to tredjedels fleirtal i parlamentet; Evo Morales tapte ei folkerøysting om å kunne stille til attval; og den brasilianske eliten viste makt ved å få Dilma Rousseff stilt for riksrett.

Fram til denne høgresvingen var Sør-Amerika eit lyspunkt for venstresida. Råvareboomen – kjent som det gylne tiåret – gav nytt liv til diskusjonane om korleis ein skulle oppnå sosial rettferd i heile Latin-Amerika, som historisk har vore ein av regionane i verda med størst forskjellar.

Først og fremst var det leiarskapet til Hugo Chávez som starta ein spennande og svært motseiingsfylt debatt om å innføre sosialisme for det tjueførste hundreåret i Venezuela og elles i verda.

Men no er regjeringane frå den rosa bølgja på vikande front, medrekna dei med meir radikale sosialistiske syn, som Venezuela. Råvareboomen er over, og med den har den store krisa utfordra heile prosjektet.

Me står framfor alvorlege spørsmål: Betyr desse tilbakeslaga slutten for venstredreiinga i regionen? Kva står på spel i Venezuela? Kva for rolle har USA spelt i alt dette? Kva med Kina? Og viktigast, betyr denne politiske og økonomiske krisa at sosialismen for det tjueførste hundreåret har feila?

For å kunne svare må me vurdere denne tida grundig, undersøke vilkåra som opna for den progressive perioden, dei klart uttrykte, og dei underforståtte måla, resultata, og stoda i dag.

Ved å sjå nærare på det Chávez har betydd for Venezuela – det viktigaste rosa-landet – kan me trekke meir allmenne konklusjonar om forsøka på å få bukt med nyliberalismen i regionen. Ei grundig vurdering av den bolivariske revolusjonen avslører at sosialismen til Chávez bare viste seg i ord: materielle framgangar som omfordeling av inntekt viste seg passe inn i den herskande kapitalistiske politikken.

Krisa i Venezuela

Alle som følgjer gjengs media kjenner til aukande uro for humanitær krise i Venezuela. Einaste løysinga på denne krisa – seier dei – er at regjeringa til Nicolás Maduro går av og gir plassen til det opposisjonelle koalisjonspartiet Demokratisk Einskap (The Roundtable of Democratic Unity) så dei kan stabilisere landet.

No i juni hadde New York Times ein artikkel som sa:

« Den økonomiske krisa i Venezuela – utløyst av eit fall i oljeprisen, etter eit tiår med overdriven pengebruk frå regjeringa, opptak av lån og korrupsjon – har ført til mangel på medisinar, mat og andre varer. Nicolás Maduro, som har militarisert byane som svar på krisa, slåst mot eit forsøk på å få gjennom ei tilbakekallingsrøysting. »

Artikkelen kjem etter mange overskrifter som speglar desperasjonen til dei venezuelanske middel- og lågare klassane, der dei står i lange køar for å komme inn i butikkar med tomme hyller og apotek utan medisinar.

Forbes magazine har au brått djup omtanke for folket i Venezuela. Dei siste vekene har dei trykt ei rad med artiklar med overskrift: «Gratulerer til den bolivariske sosialismen – Venezuela har matopprør»; «Gratulerer til den bolivariske sosialismen – Venezuela står framfor truande hungersnaud»; og sist «Gratulerer til den bolivariske sosialismen – 35 000 drar frå Venezuela for å skaffe seg mat».

For Bloomberg magazine er det på same vis Maduros regjering som har skulda – særleg på grunn av dårleg oppførsel mot og fiendskap til USA. I ein artikkel siste månaden med tittelen «Eit lite steg frå katastrofe i Venezuela» skriv redaktørane:

«Borgarane i landet med verdas største oljereservar lagar opptøyar for mat og dør på grunn av manglande basismedisinar. Samtidig gjør president Nicolás Maduro alt han kan for å nøytralisere opposisjonen i nasjonalforsamlinga som vil kalle han tilbake frå embetet. Folkeleg frustrasjon trugar med å spreie seg til valdeleg uro, med følgjer for naboar fjernt og nær. »

Desse framstillingane av krisa i Venezuela kjem innimellom med framlegg. I Bloomberg-artikkelen gjør analytikaren til dømes eit forsøk på å sjå kva som vil skje:

Det som trengst er lure strategiar og nye spelarar som kan effektivisere diplomatiet. Kina – Venezuelas største velgjørar dei siste åra – har stor finansiell interesse av å overtale Maduro til å endre den økonomiske politikken.

På same tid bør USA roleg gjøre det klart for dei militære i Venezuela at avgrensa sanksjonar mot embetsmenn på grunn av korrupsjon og brot på menneskerettane raskt kan utvidast. Landet bør også trappe opp hjelpa til karibiske statar for å fri seg frå lågprisolja frå Venezuela som har påverka røystinga deira i OAS og FN.

Det er verkeleg den verste krisa etter at Chávez kom til makta. Butikkhyllene i dei fleste arbeidarområda er stort sett tomme, og landet manglar medisinar. Ifølgje nye rapportar frå IMF når hyperinflasjonen snart 500 prosent, og lønna til den store majoriteten dekker ikkje lenger det nødvendige.

Men det som au er klart er at verken regjeringa eller opposisjonen har reelle løysingar å by på. Maduro speler defensivt mot ein styrka høgreopposisjon, og prøver stanse tilbakekallingsrøystinga, og legg skulda for alle problem i landet på ein økonomisk krig ført av heimlege kapitalistar og USA-imperialismen.

Samtidig har opposisjonen konsentrert seg om å bli kvitt Maduro og sette fri deira såkalla politiske fangar. På andre sida ønsker borgarane i Venezuela reelle forslag, og dei trur ikkje nokon av partane er i stand til å løyse krisa.

Men korfor kan ikkje regjeringa løyse krisa? Er det bare på grunn av fallet i oljeprisane? Er det på grunn av den økonomiske krigen? Er det fordi – som media i USA seier – sosialismen har slått feil, igjen?

Duka for kamp

Lenge var det rekna som svært usannsynleg at Venezuela skulle bli landet der venstresida skulle få makt til å endre den økonomiske og politiske retninga. Med dei femte største oljereservane i verda og relativt nære band til USA har den herskande klassen i Venezuela vore fullstendig underordna interessene til sin imperialistiske granne.

Etter at diktaturet til Pérez Jiménez fall i 1958, gjorde det i namnet sentrum-venstre Acción Democrática (AD) og det konservative Christian Democratic Party (COPEI) ein avtale om å dele makta, ein avtale som varte i førti år.

Avtalen – betre kjent som punto fijo («fast punkt») – bestod av fredeleg maktskifte kvart fjerde år, med uttalt mål å halde kommunistpartiet utanfor. Partiet stod sterkt i arbeidarrørsla på den tida. Resultatet var at alle slags sosialistar sleit med å få gjennomslag i val, og venstresida blei lita og fragmentert.

Dette topartisystemet overlevde nesten utan utfordringar fram til tidleg 80-tal. Ei rad investeringar i infrastruktur – betalte med oljeprofitt – skapte ein illusjon om at landet kunne vekse i det uendelege og unngå skjebnen til andre utviklingsland i Sør-Amerika. Dei hadde alvorlege politiske og økonomiske kriser og ei bølgje med militærdiktatur på 70-talet.

Dette håpet vart knust med det dramatiske fallet i oljeprisane i 1982, som fall saman med gjeldskrisa i 1982–83. Brått var Venezuela i djup gjeld dei ikkje kunne betale tilbake, og blei derfor svært følsame for press frå IMF og den nyliberale bølgja som alt hadde slått inn i resten av Latin-Amerika.

Strukturtilpassinga som vart påtvinga av IMF, øydela regionen. Lønningane til dei fattigaste 40 prosenta fall frå 19,1 prosent i 1981 til 14,7 prosent i 1997, mens dei rikaste 10 prosenta auka sin del frå 21,8 til 32,8 prosent.

I absolutte tal betydde det ein auke på 83 millionar fattige i Latin-Amerika. I Venezuela var det utan sidestykke: BNP fall rundt 40 prosent.

Den økonomiske krisa følgde det som blei den første store sosiale rørsla mot nyliberalismen i heile Latin-Amerika. Den 7. februar 1989 gjekk tusenvis spontant frå slumstrøka til Caracas for å gjøre opprør, bråke og plyndre i det som blei kjent som El Caracazo.

Militæret drap rundt tri tusen for å slå ned opprøret. Trua på punto fijo-systemet og nyliberalismen var borte.

Denne folkelege oppstanden – så kraftig den var – vart ikkje omgjort til styrke for den organiserte venstresida. Berlinmurens fall same år og oppløysinga av Sovjetunionen bidrog til å forvirre og splitte venstresida i Venezuela. Dei tapte sjansen til å vende den sosiale uroa til ei varig masserørsle, og gav rom for at ein karismatisk person – ikkje ei organisert masserørsle – kunne spele hovudrolla.

Chávez entra den politiske scena i opposisjon til den hata nyliberale politikken. Han var offiser med urfolksbakgrunn, vakse opp med einsleg mor på landsbygda i Barinas. I 1992 iscenesette ei lita gruppe militære dissidentar kalla Revolutionary Bolivarian Movement-200 (MBR-200), leia av Chávez og tri andre, eit kupp mot president Carlos Andrés Peréz på vegner av dei fattige i landet.

Kuppet var mislykka, og Chávez gjekk i fengsel. Men frå då av vart han ein helt i kampen mot eit feilslått system.

Legitimitetskrisa i 1989 tvinga regjeringa til enkelte politiske reformer, og pressa Rafael Caldera – den nye presidenten – til å sette fri Chávez i 1994. Desse mindre endringane let au partia utanfor punto fijo-systemet stille til val. For første gong vann dei seter på lokalt og nasjonalt nivå.

Chávez, som framleis blei sett opp til etter kuppforsøket i 1992, vann presidentvalet i 1998 med 56,2 prosent av stemmene, med største margin nokon gong. Politikken var ikkje meir radikal enn politikken til dei andre populistiske og sentrum–venstre partia. Plattforma lova gjøre slutt på maktdelingssystemet ved å velje ei grunnlovsforsamling som skulle omfatte alle lag av folket, ikkje bare dei rike.

Dei herskande klassane – vande med å bestemme – såg planen om å ta med alle i dei politiske prosessane som ein trussel. Men frå starten var ikkje det bolivariske prosjektet meir radikalt enn det, ei grunnlovsendring som skulle få nye røyster inn i statsstyret og gjøre slutt på maktdelinga mellom dei to dominerande partia.

Mot ein ny sosialisme

På dette punktet var prosjektet til Chávez ikkje radikalt, og som sentrum–venstre-president hadde han enno ikkje støtte frå andre venstreorienterte regjeringar i regionen. Men han møtte raskt rasande motstand mot reformene, særleg dei som skulle ta PDVSA – statsoljeselskapet – ut av hendene på korrupte leiarar og påverknad frå USA. Eit av hovudmåla hans var å bruke oljeinntektene til å heve levestandarden for det fattige fleirtalet, men det innebar åtak på interessene til ein del av den herskande klassen som var knytt tett opp til USA.

I april 2002 synte høgresida i samarbeid med delar av militæret klør i eit kuppforsøk mot den bolivariske regjeringa. Trass i vilkårslaus støtte frå privateigde media og støtte frå USA, vart kuppet møtt på strålande vis av dei millionane som samla seg rundt presidentpalasset i Caracas for å krevje Chávez trygt attende i stolen. Massemobiliseringa sigra på bare førtiåtte timar.

Det var styrkeoppvisinga til folket i Venezuela som radikaliserte den bolivariske revolusjonen. Chávez forstod at dei herskande klassane ikkje hadde interesse av å stø prosjektet for eit meir rettferdig Venezuela, og i staden for å bruke energi på å pasifisere eliten byrja han bygge folkeleg makt med det fattige fleirtalet.

To andre åtak frå høgresida tvinga avgjort prosjektet lenger til venstre. Det første var sjefsstreiken i desember 2002, då leiinga i PDVSA stengde produksjonen i to månader, og kravde at Chávez måtte gå. Chavista-arbeidarar slo attende mot eliten, tok over leiinga av selskapet, og dreiv det utan dei.

To år seinare freista høgresida få til ei tilbakekallingsrøysting. På grunn av grunnlovsreformene til Chávez kan presidenten i Venezuela kallast tilbake halvvegs i hans eller hennar termin i ei folkerøysting.

Opposisjonen hadde tapt to rundar med udemokratiske åtak på styresmaktene, og bestemte seg for å ta den konstitusjonelle vegen og krevje ei slik avrøysting – akkurat slik dei prøver i dag. Chávez og tilhengarane hans vann med største margin til no, og slik konsoliderte han seg som leiar – ikkje bare i landet, men i regionen.

Innverknaden hans vart understreka på Verdas sosiale forum i 2005, eit vendepunkt for kontinentet. Der erklærte Chávez at den bolivariske revolusjonen no var ein sosialistisk revolusjon. Ikkje sosialismen frå Sovjetunionen, sa han, men ein ny type, med latin-amerikanske drag og tilpassa nye sosiale krefter – sosialismen for det tjueførste hundreåret.

Det nye sosialistiske Venezuela, hevda han, måtte bli til gjennom ei gradvis omforming frå kapitalisme, ved ei sakte oppbygging av folkelege krefter nedanfrå. Hovudtanken var slik: å lage små lommer med autonom makt baserte på solidaritet, sjølvstyrte arbeidarar, og samvirke, som sakte skulle ta over for den kapitalistiske staten, fram til at eksistensen av denne staten vart overflødig og utan meining.

Ettersom Chávez hadde statsmakta, kunne prosessen starte straks. Han ville nytte posisjonen sin til å gi arbeidsfolk dei tilgangane dei trong til å ta politisk og økonomisk kontroll over samfunna sine. Han oppmuntra andre latin-amerikanske statsleiarar til å gjøre det same.

Han kalla prosessen «dei fem motorane til sosialismen i Venezuela», som skilde han frå den revolusjonære sosialistiske tradisjonen der statsmakta vart tatt gjennom ein arbeidarrevolusjon. Ifølgje Chávez var den viktigaste motoren – og den som framleis blir diskutert i dag – nummer fem: eksplosjonen av «fellesmakt» (communal power), det siste steget mot sosialismen, der rådsorgan på lokalnivå styrer samfunna sine, og til slutt erstattar den kapitalistiske staten.

Ifølgje Chávez og den marxistiske mentoren hans Istvan Mészaros – forfattar av den vidgjetne boka Beyond Capital – er nøkkelen til ein vellykka sosialistisk revolusjon i det tjueførste hundreåret at han ikkje inneber at ein klasse undertrykker ein annan, men at sosialistane vinn over fleirtalet ved å vise korleis systemet verkar i praksis frå dag til dag.

Og slik plasserte den venezuelanske presidenten målet sosialisme – ein gong forkasta – som det einaste alternativet til nyliberalismen og USA-imperialismen. Den bolivariske prosessen tok ei meir radikal vending, med den mest karismatiske og beundra leiaren i teten.

Det vart danna rådsorgan på grasrotnivå, somme uproduktive selskap vart nasjonalisert og omgjorte til kooperativ, Den nasjonale arbeidarunionen erstatta arbeidarunionen som var kontrollert av høgresida, som hadde vore med på det feilslåtte kuppet, og dei sosiale programma for å gi slumbyane helsestell og utdanning var på sitt beste.

Denne prosessen heva i stort mon livskvaliteten til dei folkelege klassene, meir enn i land Chávez var alliert med, som Brasil eller Argentina. Som Lee Sustar skriv:

Framstega omfattar reduksjon i fattigdom frå 55 til 34 prosent av folket; skrive- og lesekunnskapar til 1,5 millionar vaksne; så godt som utrydda svolt gjennom subsidierte butikkutsal for 13 millionar menneske; medisinsk omsorg frå kubanske legar i gratisklinikkar i slummen, som dekker 18 millionar, nær 70 prosent av folket; tilgang til høgare utdanning for arbeidarklassen og dei fattige; og tiltak med positiv særbehandling for urfolk.

Det var unektelege framsteg – men enkelte hevda dei bare var maulege på grunn av oppsvinget i oljeprisane.

Det gylne tiåret

Høgkonjunkturen i 2003, driven av etterspørsel frå nye marknader som India og Kina, gav Latin-Amerika nye sjansar. Prisen på koppar, soya, jernmalm, og viktigast olje steig, og alle landa som kunne dra fordel av slik eineståande sjanse til økonomisk vekst, gjorde det.

Perioden skulle bli kjent som det gylne tiåret. Mellom anna kunne dei rosa regjeringane – leia av Chávez (og seinare Maduro) i Venezuela, Lula (og seinare Rousseff) i Brasil, Evo Morales i Bolivia, José Mujica i Uruguay, Rafael Correa i Ecuador, og Nestor Kirchner (og seinare Cristina Fernández Kirchner) i Argentina – i varierande grad gjennomføre populære sosiale tiltak utan direkte konfrontasjon med borgarskapet. Veksten minska spenningane og roa konflikten mellom sosiale lag, og gav desse regjeringane naudsynt stabilitet til å gjennomføre progressive tiltak.

I tillegg til å gi grunnlag for sosiale utgifter, gav oppsvinget også dei latin-amerikanske regjeringane meir musklar mot USAs imperialistiske kontroll, særleg då USA konsentrerte seg om dei kostbare nederlaga i Irak og Afghanistan.

På same tid som USAs makt svann, resulterte Kinas svolt etter latin-amerikanske råvarer nye handelssamband – Kinas handel med regionen auka med 1 200 pst frå 2000 til 2009.

Venezuela viser denne trenden: før Chávez investerte ikkje Kina meir enn 500 millionar dollar i året. I 2009 nådde dei 7,5 milliardar dollar, og Venezuela vart største mottakar av kinesiske investeringar.

Men etterspørselen er svekka med dei økonomiske nedgangstidene – medrekna i Kina, der veksten var mindre enn på tjuefire år, og i Europa som framleis møter økonomiske og politiske kriser. Og kombinert med ei overproduksjonskrise på grunn av den tidlegare boomen gav det eit drastisk fall i råvareprisane, viktigast på olje.

Prisane no er dei lågaste på tolv år, det forklarer langt på veg korfor eksportavhengige latin-amerikanske land har sett BNP-veksten falle frå eit snitt på 4–6 prosent mellom 2003 og 2013 til 1,2 prosent i 2014 og endå lågare i 2015. Det gylne tiåret med sterk økonomisk vekst ser ut til å vere slutt.

Køyrd fast i kapitalismen

I Venezuela utvikla Chávez og hans allierte ein ny sosialistisk teori som inspirerte millionar av menneske til å tru at ein ny veg til sosialismen hadde opna seg. Men i dag, med krise og forvirring, kan ikkje landet sjå mindre sosialistisk ut.

Somme på venstresida legg skulda på Nicolás Maduro, etterfølgjaren til Chávez, og regjeringa hans for forræderi mot revolusjonen med korrupsjon og økonomisk vanstyre. Men problema starta med leiarskapet til Chávez og ideen om at sosialismen kunne vere eit statsleia føretak.

To år etter kunngjøringa på Verdas sosiale forum kravde Chávez danninga av Det sameinte sosialistpartiet i Venezuela (PSUV), for å samle alle kreftene som ville fremme den bolivariske revolusjonen. Sosialistar som støtta presidenten, men som var kritiske til byråkratiet som alt var skapt rundt han, kom i klemme: enten gjekk dei med i eit toppstyrt parti som hadde støtte frå millionar av arbeidarar, eller ende i eit politisk vakuum.

Dei fleste sosialistiske organisasjonane gjekk med, og PSUV svulma opp over natta. Men partiet var ikkje bygd på aktiv deltaking frå medlemmene same kor mykje Chávez lika hevde det. I staden tok ein byråkratisk struktur over, der kritikk, opne debattar og grasrotmakt var unntaka og ikkje regelen.

Partiet formaliserte det byråkratiske sjiktet som var chavistas i namnet, dei som vart sett i leiinga for ulike statlege sektorar. Den nye kasten byrja straks med korrupt oppførsel, mens dei brukte sosialistisk retorikk. Regjeringas idear om økonomisk støtte til folkeleg makt fungerte ikkje i praksis.

Med Maduro ser dette byråkratiske sjiktet ut til å ha konsolidert seg med meir makt, ved å knytte somme folk i somme av dei sosiale tiltaka til seg med korrupte band, dei same tiltaka som skulle bygge folkeleg makt.

Rikdommen dei høge oljeprisane gav i det gylne tiåret kunne dekke over dette uhaldbare opplegget, men det dramatiske fallet i oljeprisane har brakt dei djupare problema i Venezuela fram i lyset.

Men motsett av det gjengs media seier, var det ikkje sosialismen som skapte krisa, men det motsette: dei populære tiltaka som vart sette ut i livet i dei rikaste åra til revolusjonen var aldri sosialistiske, men heller forsøk på å fikse på kapitalismen, og unngå full konfrontasjon med den herskande klassen.

Den doble faste vekslingsraten – som skulle subsidiere produksjon og distribusjon av mat i landet – viser det. For at alle skulle ha tilgang til mat, laga finansministeren ein plan som prioriterte dollar til bedrifter som importerte slike basisvarer og selde dei til subsidiert pris i butikkane.

Frå starten samarbeidde gamle kapitalistar med det nye byråkratiet om å dra fordelar av systemet. Enkelte stal pengane direkte, og importerte aldri varene dei gav opp. Andre importerte det dei lova, men smugla så varene gjennom Colombia for å få betre pris, eller selde dei direkte på den svarte marknaden der fortenesta var mykje høgare.

Alle kapitalistiske system er bygde på denne profittsøkande logikken, men dette tilfellet er spesielt ille fordi dei som hadde ansvaret for å finansiere «sosialismen for det tjueførste hundreåret», var dei same som aktivt dreiv denne svindelen.

Denne situasjonen, kombinert med låg oljepris og høgresidas taktikk for å sabotere alle progressive tiltak, førte til ei krise som ramma det fattigaste fleirtalet hardast, som alltid.

Over heile kontinentet er folkelege, venstreorienterte regjeringar på vikande front. Brasils Dilma Roussef er nettopp stilt for riksrett klaga for korrupsjon, og hennar Arbeidarparti har ikkje vore i stand til mobilisere medlemmene til å forsvare ho eller etterfølgjaren hennar. Kirchners parti hadde ikkje ein valbar kandidat, og konservative Macri vann det siste valet. Evo Morales tapte for første gong i Bolivia – denne gongen ei folkerøysting som kunne gitt han løyve til ein fjerde valperiode.

Men denne høgrevendinga betyr ikkje at fleirtalet er konservative. Det er proteststemmer mot venstreparti som manglar evne til å gi svar som på eit eller anna vis kunne løyse krisa. Desse partias nøling med å føre kampen mot kapitalismen som system heilt ut har køyrd fast prosessen, og gjort den progressive perioden eine og aleine avhengig av diktat frå marknaden.

Jakt på alternativ

Feilslaga til den høgt utbasunerte «sosialismen for det tjueførste hundreåret» går attende til kjende diskusjonar i den sosialistiske rørsla. Den bolivariske modellen satsar for mykje på at sosialismen kan skapast ovanfrå gjennom godvilje frå leiarar som Chávez. Same kor trufast desse leiarane blir til ideala sine, så må sosialismen komme frå arbeidarklassens medvitne kamp for eiga frigjøring.

For det andre tilslører han at kapitalismen ikkje kan reformerast bort. Så lenge landet er rikt kan tiltak for å bygge folkeleg makt og hjelpe dei fattige sameksistere med kapitalismen. Men så snart kapitalismen kjem i krise – noko han alltid gjør – og pengane tørkar inn, då vil omfordeling av rikdom komme i direkte konflikt med behova til den kapitalistiske klassen.

Ein liknande prosess var i spel i det europeiske sosialdemokratiet: Viss ikkje eit system tar maktmidla frå kapitalistane og legg dei i hendene til arbeidarane, vil framstega alltid bli fjerna igjen.

Framfor desse motseiingane, og eit uhandterleg parti og statleg byråkrati, ser Maduro ut til å ha køyrd seg fast. Skulle han takle korrupsjonen, måtte han konfrontere borgarskapet så vel som folk frå sitt eige parti som bruker staten til å samle seg opp enorme rikdommar.

Sjølv om høgresida er oppsplitta, kjenner dei bare til den vanlege nyliberale oppskrifta: Bli kvitt Maduro, privatiser det statlege oljeselskapet, devaluer valutaen, og ønsk velkommen USA og USA-støtta institusjonar som IMF.

Det tvingande behovet for eit alternativ er grunnen til at så mange på venstresida i Venezuela – og over heile Latin-Amerika – orienterer seg bort frå sentrum–venstre-partia som førte an i den rosa bølgja.