Den spanske modellen

Av Isidro López, Emmanuel Rodríguez

2011-04

Før samanbrotet i 2008 var den spanske økonomien spesielt beundra av vestlege kommentatorar.
For å gjenta dei fargerike metaforane i finansmedia så gjorde den spanske oksen det mykje betre enn dei sløve løvene i «det gamle Europa» på 1990- og tidleg på 2000-tallet.

Isidro López og Emmanuel Rodríguez er økonomar. Dei driv undersøkingar for Observatorio Metropolitano i Madrid, ei militant aktivistgruppe som jobbar for å avdekke dei urbane og sosiale endringane som skjer i storbyen.

I tiåret etter 1995 vart det skapt 7 millionar jobbar, og økonomien voks med nesten 4 prosent per år. Mellom 1995 og 2007 vart den nominelle formuen til spanske hushaldningar tridobla. Spanias historiske spesialisering i sektorar som turisme og eigedeomsutvikling var tilsynelatande perfekt tilpassa globaliseringstidsalderen, som på si side såg ut til å smile til landet. Byggeindustrien hadde høgkonjunktur då husprisane steig, mellom 1997 og 2007 med 220 prosent, samtidig auka tallet på husvære med 30 prosent, eller 7 millionar. Alle kjensler av bare å vere det største landet i periferien av kontinentet vart blåst bort av eit nytt sjølvbilete med modernitet som ikkje bare var på høgde med, men på enkelte vis overgjekk vanleg europeisk tankegang – i det minste når dynamiske Spania vart samanlikna med «stivbeinte» kjerneland i Eurosonen. Når ein til dette legg at Sosialistpartiet under ein ungdommeleg José Luis Rodríguez Zapatero kom tilbake til makta i 2004, og verknaden av slike viktige «moderniserings»-lover som den om ekteskap mellom folk av same kjønn, så får du blandinga bouqueten til ein ung raudvin: ekstremt robust mot ganen.

I sterk kontrast har finanskrisa gitt landet eit heilt anna sjølvbilete, med verknader på Europa ein enno ikkje kan sjå rekkevidda av. Det siste året har Spania vore på grensa til å bli klassifisert som klar for ei euro-redningspakke, etter Hellas, Irland og Portugal.

Byggeindustrien som i 2007 stod for nesten 10 prosent av BNP har gått på ein enorm smell, med for mange bygde og uselde husvære, verre enn Irland. Den halv-offentlege sparebanksektoren er gjennomsyra av gjeld. Verknadene av kollapsen i bustadmarknaden har gitt gjenlyd i heile økonomien: arbeidsløysa er over 20 prosent, og over det dobbelte av det blant dei under 25 år. Ein djup resesjon blir forverra av drakoniske innstrammingstiltak som er meint å redusere eit underskot som no er meir enn 10 prosent til 3 prosent i 2013. Det politiske resultatet av krisa legg ytterlegare press på Spanias desentraliserte styringsstruktur, der sytten autonome område administrerer ein stor del av offentlege pengar; i Catalonia og elles går budsjetta i minus. Fallet til den spanske oksen inneber problem for eurosonen som eit heile. Med over 45 millionar er befolkninga i Spania nesten det dobbelte av Hellas, Irland og Portugal samla. Økonomien er den fjerde største i eurosonen, med BNP på 1.409 milliardar dollar, samanlikna med 305 milliardar dollar i Hellas, 204 milliardar dollar i Irland og 229 milliardar dollar i Portugal. Om Madrid skulle få vanskar med å finansiere gjelda si, ville nivået på ei spansk redningspakke truleg slå beina under eurosonens noverande taktikk for å handtere dei forgjelda utkantane sine – tungt avhengige av lån frå IMF– ECB som så langt er gjort tilgjengelege for Hellas, Irland og Portugal med mål om å «hjelpe dei gjennom», mens dei utsette store tyske, franske og britiske bankane blir sikra. Så langt har påstanden vore at den spanske økonomien etter ein dose med innstramming og arbeidsmarknadsreformar vil vere tilbake i ei slankare og meir tilpassa utgave enn før krisa. Er det ein truverdig påstand?

Falangist-arkitektar

Stamtavla til den spanske makro-økonomiske modellen er kompleks, ein kan jamvel seie ironisk. Opphavet ligg i moderniseringsprogrammet til Franco-diktaturet seint på femtitallet, basert på utviklinga av masseturisme frå nord-Europa og radikal utviding av bustadeigarskap. Denne «løysinga» for ein vedvarande lite konkurransedyktig spansk industri var ein merkverdig anomali samanlikna med produksjonsveksten som kjenneteikna etterkrigsboomen elles i Europa. Men som Francos bustadminister og falangist José Luis Arrese sa det i 1957:

Queremos un país de propietarios, no de proletarios – me ønskar eit land med eigarar, ikkje proletarar.

Denne før-Thatcherismen omforma den spanske bustadmarknaden: på 1950- tallet var leigde husvære framleis normen; i 1970 stod privat eige for over 60 prosent, 10 prosent over nivået i Storbritannia. (Sjå figur 1.)

Arven frå Franco-diktaturet og dei enorme manglane i landets industristruktur lova ikkje godt i eit scenario kjenneteikna av aukande konkurranse i internasjonale marknader. Krisa som byrja i 1973 var meir alvorleg i Spania enn i dei fleste andre europeiske landa, og fall saman med politiske endringar som følgte etter Francos død i 1975. Men innføringa av parlamentarisk demokrati førte ikkje til endringar i den makro-økonomiske politikken. Partido Socialista Obrero Español (PSOE) som under Felipe González sat samanhengande ved makta frå 1982–1996, hadde ingen alternativ modell å legge fram. Strategien for å få fart på økonomien igjen på 1980-tallet var faktisk bygd på å forsterke Spanias eksisterande «spesialisering» i turisme, eigedomsutvikling og byggeindustri, som «konkurransefordelar» nøye tilpassa dei nye grepa i den framveksande globale økonomien, det vil seie høg kapitalmobilitet og veksande konkurranse som grunnlag for finansielle inntekter.

Desse grepa vart i røynda lagt til grunn av dei andre europeiske maktene i forhandlingane som gjekk føre Spanias medlemskap i EEC. I avtalane som i røynda utgjorde ein strategisk plan for landet, godtok Gonzálezregjeringa den delvise avindustrialiseringa i bytte med ekstremt rause subsidiar, som utgjorde eit snitt på 1 prosent av spansk BNP mellom 1986 og 2004. Som me skal sjå, skulle desse pengane spele ei nøkkelrolle i å bygge infrastrukturen – transport, energi osv – som låg til grunn for den seinare byggeboomen, og slukte meir enn halvparten av dei totale subsidiane. Siste tida før integrasjonen i EEC 1. januar 1986 gjekk det føre seg eit investeringsvanvidd då europeisk kapital såg marknadene som opna seg då dei iberiske landa gjekk inn i EEC. Tyske, franske og italienske multinasjonale selskap sikra seg nøkkelposisjonar i den spanske produksjonsstrukturen, kjøpte opp mesteparten av dei store selskapa i næringsmiddelindustrien, og privatiserte offentlege selskap tok over mykje av supermarknadssektoren og skaffa seg det som var att av store industriselskap. Bare bankane, byggeindustrien og dei statseigde elektrisitets- og telekommunikasjonsselskapa stod mot oppkjøpsgalskapen.

Utfallet av investeringsbølga – som gav den første perioden med varig vekst sidan 1973 – var rask overoppheiting av marknadene. Madridbørsen hadde ein auke på 200 prosent mellom 1986 og 1989 og eigedomsmarknaden i hovudstaden vart ein av dei mest profitable på planeten. Som ein parallell til reaganismen i USA og thatcherismen i Storbritannia, var den økonomiske perioden i Spania frå 1985 til 1991 under González det første forsøket på det europeiske kontinentet på vekst utan vesentleg støtte frå industriell ekspansjon. Ein vekst basert på ei finansiell og eigedomsprisboble som skulle ha ein positiv dominoeffekt på innanlands forbruk og etterspørsel.2 Men euforien varte ikkje lenge, det veksande handelsunderskotet og mangelen på solid vekstfundament utløyste spekulative åtak mot den spanske pesetaen, som regjeringa var forplikta til å halde ved like for ein kvar pris. Ein massiv reklamekampanje med pomp og prakt rundt dei olympiske leikane i Barcelona og verdsutstillinga i Sevilla i 1992 kunne ikkje hindre krakket. Til slutt følgte ei rad aggressive devalueringar av valutaen. Tidleg på 1990-talet stod spansk økonomi igjen framfor problemet med å finne ein veg til vekst.

Euro-oppsving

Men frå no av skulle spansk makroøkonomi i aukande grad bli bestemt på europeisk nivå, innanfor rammeverket konvergenskrava sette for pengeunionen og den nyliberale truslæra som vart konsolidert med Maastricht-traktaten og seinare avtalar. Desse fekk full støtte av regjeringane til både PSOE og PP. Reduksjon i offentlege utgifter, inflasjonsmåla og dereguleringa av arbeidsmarknaden lagt til grunn i Maastricht gav grunnlag for finansiell profitt igjen, men skapte nye problem med å stimulere etterspørselen i Europas heller slakke økonomiar. Farta i den spanske økonomiens opphenting etter 1995 – som aksellererte frå 1997 med å vekse 5 prosent i snitt per år mellom 1998 og 2000 – kan derfor ikkje forklarast med at nyliberale oppskriftar blei tatt i bruk i Spania. Det var heller nye rundar med eigedomsutvikling og finansielle påfunn for å løyse om bare midlertidig mange motsetningar som låg innebygde i dei kaotiske nyliberale oppskriftene sjølve.

Fire faktorar var avgjørande her:

Først, låg rente. Maastricht og kontrollen med offentlege underskot førte til eit kontinuerleg fall prisen på kreditt. Det verka saman med krava frå store finansselskap som var meir interesserte i å kapre kundar til sine nye produkt (som pensjons- og investeringsfond) enn å styrke stoda for dei typiske kreditorane frå 1980-talet. Slik byrja Spania ei lang reise som skulle føre landet frå ein posisjon der dei roste seg for den høgaste renta i Europa til å bli landet med det høgaste gjeldsnivået på kontinentet.

For det andre garanterte pengeunionen og inkorporeringa i eurosonen i 1999 til 2002 den spanske økonomien ein internasjonal paraply, og forsynte han med sterk oppkjøpsevne utanlands og marginaliserte tyngda av handelsunderskotet ut frå EUs relative overskot.

For det tredje EUs liberaliseringspolitikk som sørga for privatisering av offentleg eigde sektorar som elektrisitet og telekommunikasjon.

Til sist privatiseringa av dei tilsvarande selskapa i offentleg sektor i Latin-Amerika, ofte påtvunge desse landa av IMFs tilpassingsplanar, som opna for internasjonalisering av leiande spanske selskap. Med hjelp av kjøpekrafta til euroen gjekk det spanske storborgarskapet ut i verda og rekoloniserte marknadene i Latin- Amerika som var ramma av krisa i åra 1998–2001, og snappa til seg selskap til spottpris. Dei to store spanske bankane – BBVA og Banco Santander – vart dei største i det iberiske Amerika, slik som Telefónica og Madrid-baserte elektrisitetsselskap vart dei største i sine sektorar i same region. Med andre ord opna rammeverket etablert av Maastricht og euroen døra for finansiell reposisjonering av spansk økonomi innanfor den internasjonale arbeidsdelinga og au til det som skulle bli det sentrale elementet: eigedomsutvikling.

Eigedomsbobla blei motor i den innanlandske økonomiske ekspansjonen, og slik kunne ein unngå problemet med manglande etterspørsel på grunn av nyliberal innstrammingspolitikk. Mekanismane her ligg utanfor fatteevna til ortodoks økonomi. «Eigedoms-keynesianisme», for å låne eit forsøksvis omgrep frå Robert Brenners analyse av USAs økonomi mellom 1995 og 2006, gir eit meir fruktbart perspektiv.3 Eigedoms-keynesianisme kan saman med mekanismane som knyttar auka verdi på privat eigedom til veksten i innanlandsk privat konsum, forklare den relative suksessen til spansk økonomi i denne perioden. Motoren låg nettopp i den såkalla «formueseffekten » skapt av verdiauken på hushaldas finans- og eigedomsformue. Så lenge dei heldt fram med å stige, kunne dei halde ved like ein dobbel «sunn sirkel» med stigande etterspørsel og finansiell profitt utan at lønningar eller offentlege utgifter steig.

I denne samanhengen kan ein sjå det spanske tilfellet som eit internasjonalt laboratorium. Ulikt tidlege forsøk på finansialisering av hushaldsøkonomiane andre stader, var det nye i det spanske eksperimentet omfanget, som frå starten av var basert på omfattande bustadeigarskap. I 2007 eigde 87 prosent eigne bustader. I kontrast steig aldri same talla i USA og Storbritannia over 70 prosent. I tillegg eigde rundt 7 millionar spanske hushald – dei 35 prosenta som utgjør den «verkelege» middelklassen – to eller fleire husvære. Den vedvarande prisauken på husvære, til eit snitt på 12 prosent per år i boomtiåret 1997–2007, og ein rekordarta kredittvekst, støtta opp under ein historisk auke i privat forbruk hos dei eigedomseigande sjikta, som i Spanias tilfelle utgjorde det store fleirtalet. (Sjå figur 2.)

Kort sagt vart underskotet i åra 1997– 2007 overført frå den spanske staten til dei private hushalda som dei siste åra i perioden hadde netto etterspørsel av finansiering. (Denne negative sparinga, parra med høge investeringar i husvære og infrastruktur, er igjen problematisk å tolke for ortodokse økonomar.) Parallelt med dette blei private hushalds nominelle rikdom meir enn tridobla på grunn av den oppsiktsvekkande prisauken på bustader, kredittveksten og den raske veksten i bustadmengda.4 Ifølge IMF tilsvarte den spanske «formueseffekten» ein årleg auke på 7 prosent i privat konsum mellom 2000 og 2007, samanlikna med 4,9 prosent i Storbritannia, 4 i Frankrike, 3,5 i Italia og 1,8 prosent i Tyskland. Samtidig hadde sysselsettinga som vart styrt av både byggeindustri og forbruk, ein rekordvekst på 36 prosent, høgare enn nokon gong før og over veksten i andre EU-land. Og alt dette mot eit bakteppe der reallønna fall 10 prosent, slik at nye 7 millionar sysselsette i arbeidsmarknaden bare førte til 30 prosent auke i dei totale lønnskostnadene.

Den spanske økonomien tilpassa seg fordelaktig til ein deregulert internasjonal økonomi. Den relative stagnasjonen i produktiviteten gjennom heile tiåret 1997–2007 og den stadige mangelen på internasjonal konkurranseevne i industrien hindra ikkje veksten. I den grad størsteparten av den økonomiske utviklinga skjedde i sektorar der varene ikkje kan flyttast, som eigedomsutvikling og personleg tjenesteyting, blei produktivitet og konkurranseevne tvert om i praksis irrelevante variablar. Ein kan seie at den spanske suksessen var basert på ei faktisk underkjenning av Schumpeters klassiske strategi for inntekt frå innovasjon. Samtidig spelte det David Harvey kallar sekundær sirkelakkumulasjon ei nøkkelrolle i den spanske modellen.6 Somme har nytta formelen «profittvekst utan investeringar»7 for å samanfatte finansialiseringa av dei sentrale økonomiane, men han er mindre passande på Spania. Faktisk kan ein bare forstå det spanske «miraklet» som ein kombinasjon av gjenoppretta profitt og etterspørsel gjennom finansialisering, med rundhanda islag av akkumulasjonsmekanismar i byggebransjen og husproduksjonen.

I bobleåra har Spanias rolle i eurosonen vore å forsyne nord-europeisk kapital med rekordutbytte, framfor alt i Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Mellom 2001 og 2006 investerte utanlandsk kapital eit årleg snitt på 7 milliardar euro i spansk eigedomsmarknad, eller tilsvarande nesten 1 prosent av Spanias BNP, mykje av det i feriebustader eller investeringar for britiske og tyske borgarar. Høg innanlands etterspørsel forsterka av eigedomskeynesianismen var au viktige marknader for tysk eksport. Saman med Italia, Hellas, Portugal og Irland fekk Spania eit veksande underskot, som gjekk over 9 prosent av BNP mellom 2006 og 2008, mesteparten på grunn av import frå Europa.8 Det var grunnen til den paradoksale effekten av ein overvurdert euro frå 2003: Samtidig som det undergravde eurosonens eksport ut av sonen sikra det faktisk kjøpekrafta i dei perifere og sørlege landa, ikkje minst Spania. Ifølge Eurostat var Spanias per capita-inntekt høgare enn Italias, nesten lik Frankrikes og bare 10 prosent lågare enn den i Tyskland og Storbritannia. I liten grad samanlikna med pengestraumen mellom Kina og USA vart det oppretta ein symbiose i eurosonen mellom over- og underskotsområde i Europas kapitalisme. I dette tilfellet blei import til sørlege land, i hovudsak frå Tyskland, delvis finansiert gjennom oppkjøp frå nord av finansiell eigedom i desse landa, særleg i Spania. I ein slik samanheng er det ikkje overraskande at den vanlege oppfatninga i Spania var at dei hadde forlatt periferistatusen for godt. For dei yngre generasjonane var det nok å reise Europa rundt for å sjå at skilnadene hadde blitt marginale og at velstand og modernitet om dei i det heile eksisterte, like mykje eksisterte på spansk side av Pyreneane som utanfor.

Statleg hjelp

Statleg intervensjon spelte ei avgjørande rolle i å smøre dei ulike delane av eigedomssirkelen for å vedlikehalde ei permanent forsyning av bustader. Tomtelova av 1998, meir vanleg kjent som «bygg overalt»-lova, sette kolossal fart på prosessen med å skaffe byggeløyve og gjorde enorme landområde tilgjengeleg for utbygging. Likeins blei politiske tiltak for å redusere offentlege eigde bustader og leigebustader, og skattelette for bustadkjøp viktigaste grunnlaget i bustadpolitikken dei 25 åra før. Påfølgande reformar på lånemarknaden og i lovverket la au til rette for utvida verdipapirmarknad, eit område der bare Storbritannia ligg foran Spania. Dei store investeringane i transportinfrastruktur har gitt Spania relativt fleire mil motorvegar og lyntogbane enn noko anna land i Europa, og har spelt ei viktig rolle i å opne store område som tidlegare ikkje hadde reell marknadsverdi for byutvikling. Om ein til dette legg slapp miljøpolitikk, lite retta mot å hindre urbanisering, og subsidiar for sløsing med energi og vatn og ineffektiv eigedomsutvikling, er ringen slutta. Staten garanterer og regulerer så den finansstyrte eigedomsutviklinga går knirkefritt.

Bustadbobla var avhengig av økonomisk vekst og det har hatt stor effekt på sosiogeografien i landet. (Sjå figur 3.) Spania har ein svært desentralisert adminstrasjonsstruktur. Autonome regionar og kommunar har vidtrekkande makt over byutvikling, miljø og transport, og lokalsamfunn har operert som vekstmaskiner i tevling med kvarandre. Lokale styresmakter har vore talerøyr for områda sine, og annonsert mirakuløse fordelar for både befolkning og investorar, ofte på grunnlag av skeiv eller dårleg planlagt vekst. For å illustrere tallrike tilfelle der irrasjonell oppblåsing av investeringar er kombinert med urealistiske framtidsvyar, er det nok å nevne planane (som framleis gjeld) om å bygge eit mega-kasinokompleks etter modell av Las Vegas i det regnfattige innlandet i Ebro-dalføret. Eller utviklinga av åtte superhamner med respektive logistikksenter, på ei kystlinje som på det meste har rom for to slike anlegg.

Miljøkostnadene med denne vekstmodellen er uoverskuelege. Verknadene av urban bustadbygging i tradisjonelle turistregionar – kysten og dei to øygruppene Kanariøyene og Balearane – har skapt striper med samanhengande urban struktur langs kysten, mellom to og fem kilometer brei og utan avbrot i 100 km eller meir langs Costa del Sol og Alicante-kysten. Sjølv i relativt marginale område har bygginga av ferieheimar og grønn turismekompleks øydelagt område med stor økologisk verdi, som ved foten av Pyreneane og fjellområde i innlandet. I arealbruk har såkalla kunstig overflate auka med 60 prosent mellom 1986 og 2006.9

Boblepolitikk

Åra med boom har forsterka ubalansen og problema i det alltid vanskelege spanske puslespelet. Eit resultat av eigedomsbobla er fornya flytting til kysten og dei store byane, mens nær 75 prosent av innlandsterritoriet held fram med å miste innbyggarar. Eksisterande urbane hierarki har blitt styrka: Madrid hadde størst fordel av vekståra, og er no sentrum i ein storbyregion med meir enn 6 millionar innbyggarar, og er blitt den tredje største byen i Europa i demografiske og økonomiske termar. I tillegg til Madrids sentrale posisjon i den «sekundære sirkelen» i den spanske finansielle akkumulasjonen, er byen hovudkvarter for dei fleste store spanske multinasjonale selskapa som opererer i Latin-Amerika og Europa, ein oppstigande «global storby». I kontrast har dei fleste andre spanske storbyane blitt forviste til sekundære posisjonar som legg energien sin i ulike strategiar for «urbant entreprenørskap» for å kapre avkasting frå internasjonal turisme.10 Barcelona har blitt eit internasjonalt døme på denne strategien: Politikken frå før og etter 1992-olympiaden har blitt «eksportert» til Latin-Amerika, spesielt som modell for urban attreising, og kopiert med motstridande resultat i Medellín og Valparaiso. Men Barcelonas relative suksess på denne fronten er framleis ein Pyrrhos-siger når ein tar med den langvarige tilbakegangen for byen, som Spanias leiande industrisenter. 11

Politisk har effekten au vore forsterka rivalisering mellom ulike område og fyrt oppunder særkrava frå ulike nasjonale grupper i spørsmål som skatt, transport, regionstruktur og vatn, som er mangelvare i to tredjedelar av landet. Samtidig var det full semje mellom dei store partia om den økonomiske modellen. Dei spanske politikarane har historisk vist seg uvanleg sjølvgode i dette spørsmålet; det vart sett som ei statleg oppgave å oppmuntre til vekst i eigedomsprisane, etterstrevd av regjeringane til både PSOE (1982–96; 2004 til i dag) og PP under Aznar (1996–2004). På regionalt nivå var sosialiststyrte og autonome Andalusia like djupt involvert i å dele ut lån og byggeløyve til eigedomsutviklarane som dei hardbarka PP-administrasjonane i Murcia og Valencia, eller dei storkapitalistiske nasjonalistane i Konvergens- og unionspartiet i Catalonia. Då CiU mellom 2003 og 2010 vart bytta ut med ein koalisjon mellom Catalanske sosialister og to mindre parti – republikanske venstre og miljøinitiativet for eit grønt Catalonia – heldt denne politikken fram uendra.

Dei store utlånarane var landets 45 cajas de ahorros, halvoffentlege sparebankar styrte av innskytarane, tilsette og lokalt utpeika representantar. Regionale og distriktsråd kunne skaffe seg store inntekter ved å omregulere grøntområde til byutvikling og selge jorda til eigedomsutviklarar som betalte med lån frå ein cajas, drive av dei same kommunestyremedlemmene eller vennene deira. Med ein gjennomsnittleg auke i bustadprisene på 12 prosent per år verka det som ein god handel. Den tverrpolitiske prosessen blei illustrert i Valencia, der PP-administrasjonen tok i bruk svært aggressive lovtiltak for å ekspropiere små jordeigarar for å få så store pakker som utviklarane kravde. Lovforslaga vart lagt fram av den føderale PSOE-regjeringa og brukt av mange andre autonome område der PSOE hadde styringa. Korrupsjon og nepotisme fekk fritt løp: Venner og familie av PP i Valencia og av PSOE i Andalusia var blant dei mest kjente som skaffa seg støtte. 12

Men om begge dei store partia PSOE og PP er innblanda i den spanske eigedomskeynesianske modellen, så er det José Luis Rodríguez Zapateros talante (metode, framgangsmåte) som særleg har kjenneteikna først boom-åra og så krakket. Spania er det einaste europeiske landet der mobilisering mot USAs, Storbritannias og Spanias invasjon i Irak i 2003 hadde – forsinka – verknad på regjeringsnivå. For året etter provoserte Aznars freistnad på å skulde baskiske ETA for eit islamistisk bombeåtak på jernbanestasjonen i Madrid med 192 drepne fram ei stor massemobilisering direkte knytt til mobiliseringa året før mot spansk deltaking i Irak-krigen og Aznarregjeringas autoritære narsisisme. Dei to partia bytta plass på meiningsmålingane, og Zapatero vart feid inn i regjeringskontora. Mobiliseringa var eit uttrykk for veksten i akademiske og fagopplærte grupper takk vere landets aksellererande modernisering, og særleg yngre grupper som hadde større eller mindre grad av utrygge jobbar, meir utdanna og sekulære enn foreldra.

Det progre13 biletet av Zapateros Spania fekk næring frå slike ting som «dialog» med fagforeiningane, symbolsk lønn for omsorgsarbeid, ei kjønnsnøytral ekteskapslov og innleiande tiltak for våpenkvile med ETA. Utanrikspolitisk gjennomførte Zapatero løftet om å trekke spanske troppar ut av Irak, men veide opp det ved å sende dei til Afghanistan. Han fall i unåde hos den mektige mediegruppa PRISA (El Pais, Digital+, Cadena SER) som fram til då hadde støtta sosialistane, og måtte støtte seg på ei ny avis (Público) og fjernsynskanalen La Sexta. Frå starten hadde Zapateros’ suksess mykje å gjøre med medvite bruk av politisk marknadsføringsstrategiar; den nye regjeringas talante var i hovudsak kosmetisk. Sosiale utgifter auka litt, men ikkje slik at det sette profitten i fare, eller superinntektene til leiarane i multinasjonale selskap basert i Spania. Det vart ikkje utvikla alternativ til den føderale statsmodellen som var låst av spenningar mellom nasjonale grupper og sentralisert spansk nasjonalisme, i eit samspel som blei stadig meir spent, men som likevel fungerte for lokale eigedomsmaskiner sin del. Heller ikkje kom det forsøk på å kontrollere den stadig meir oppheita bustadmarknaden, for ikkje å snakke om å utvikle ein alternativ modell. I vala i 2008 auka PSOE stemmetala sine noko med 43,6 prosent mot 42,6 i 2004, men det kan i hovudsak ha komme frå venstrepartiet Izquierda Unida som fall frå 5 prosent i 2004 til 3,8 i 2008, mens PP steig frå 37,7 prosent i 2004 til 40,1 prosent i 2008.

Uvisse

Så lenge kredittilgangen var uhindra og husprisane heldt fram med å bli boren oppe av bobla, var det eit lite problem at sosiale utgifter var ekstremt låge, at lønningane hadde stagnert eller falle, eller at den spanske arbeidsmarknaden hadde ein av dei høgaste delane av midlertidig arbeidskraft i Europa. (Spanias kronisk høge arbeidsløyse – mellom 8 og 12 prosent i mesteparten av starten på 2000-åra – er uttrykk for høg del midlertidig arbeidskraft som rammar ein tredjedel av arbeidsstyrken, og høg deltaking i sesongarbeid som turisme. Med andre ord: rask rotasjon med utrygge tilsettingar, og ikkje strukturell arbeidsløyse.) Stigande eigedomsverdi blei eit supplement til dårlege pensjonar og ein inntektsgaranti for alderdommen. Unge menneske som ofte var tvunge til å vente med å flytte heimanfrå, kunne likevel håpe på fordelar av stigande verdi på familieeigedom, enten gjennom arv eller foreldrehjelp for å få lån.

Manglande skikkeleg offentleg omsorg vart mildna av ein gigantisk hær på mange millionar transnasjonale heimearbeidarar. Desse kvinnene som oftast var utan opphaldsløyve, tok over omsorgen for barn, eldre og uføre, og utførte husarbeidet i mange millionar middelklasseheimar. I 2010 var det nesten 6 millionar utlendingar i Spania, og befolkninga auka frå 39,5 millionar til nesten 47 millionar på 10 år, eit hopp på meir enn 18 prosent. Av nykommarane var 2,67 millionar EU-borgarar, stort sett frå dei nye medlemsstatane: nær 800 000 frå Romania aleine; 2 millionar frå Latin-Amerika, primært Ecuador, Colombia og Bolivia; ein million frå Afrika og Maghreb (Landa vest for Nilen og nord for Sahara. Overs. anm.), inkludert 650 000 marokkanarar. Kva kunne betre vise at Spania hadde forlatt den tradisjonelle periferistatusen enn første bølge med masse-innvandring? Som venta fekk migrantane hovudsakleg lågtlønna jobbar i bygningsbransjen, landbruket, heimearbeid og også seksuelle tjenester. Eit samansett system med opphaldsløyve, jobbkvotar og grenser innanfor og ut av EU som på dyktig vis innordna desse arbeidarane til behova den veksande økonomien hadde, skapte langvarig, ofte livslang utestenging frå medborgarskap og gjorde dei forsvarslause på arbeidsmarknaden.14

Men då migrantane gradvis etablerte seg og familiane frå tidleg på 2000-talet, vart dei like fullt inviterte inn i eigedomsbonanzaen. Saman med ungdom fødde i 1970-åra – fødselsboomen etter Franco-tida – stimulerte dei og heldt ved like bobla dei siste åra: Spanias «råtne lån» bestod av minst ein million lån gitt til sårbare delar av samfunnet mellom 2003 og 2007. Naturligvis var omfattande forgjelding ein av sideverknadene av den spanske eigedomsrusen – gjelda målt mot inntekt steig i 2007 til det høgaste nivået i noko OECD-land. Risikoen var tungt konsentrert i hushald med låg inntekt og mindre eigedom. Som i USA var magisk refinansiering på grunnlag av stabil auke i bustadprisane sett som tilstrekkeleg garanti for kredittrisikoen. Men ulikt USA ser ikkje spansk lov eigedommen som ligg til grunn for lånet, dvs bustaden, som tilstrekkeleg garanti om lånaren ikkje kan betale. Det betyr at lånegarantiane kan omfatte heimane til låntakarens slekt og venner. Det vil gi ein urovekkande kjedereaksjon med eigedomsoverdrag om bustadbobla sprekk.

Krakket

Dei første som merka at bobla nærma seg slutten, var eigedomsutviklarane. Etter nær 900 000 igangsette bustadprosjekt i 2006 – meir enn Frankrike, Tyskland og Italia samla – byrja salet falle. Prosjekta på Middelhavskysten var særleg hardt ramma av den britiske bustadbobla som sprakk midtvegs i 2007, og skapte problem for britiske feriehuseigarar. Omregulerte landområde som venta på å bli utvikla, kjøpt då bobla var som størst med lån frå sparebankane, byrja bli sett som dårlege investeringar. På slutten av 2008 var det ein million uselde bustader på marknaden, og spanske hushaldningars gjeld hadde komme opp i 84 prosent av BNP. Ruinerte eigedomsutviklarar byrja å fylle sparebankane med enorme haugar dårlege lån: i juli 2008 slo byggeselskapet Martinsa-Fadesa seg konkurs med gjeld på over 5 milliardar euro. Zapatero-regjeringa forsøkte i utgangspunktet å kalle krisa eit globalt fenomen som bare hadde marginal effekt i Spania, samanlikna med det langt større samanbrotet på grunn av råtne lån i USA. I verste fall rekna Madrid med at det ville bli nødvendig å gi sparabankane noko hjelp – tanken om eit hjelpefond på 50 milliardar euro vart lufta i oktober 2008 – og kortsiktig offentleg bruk av pengar saman med resten av G20-landa. Men desse vurderingane viste seg raskt å vere håplaust optimistiske då arbeidsløysa dobla seg til nesten 20 prosent på slutten av 2009. Raseringa av jobbar var ikkje avgrensa til byggeindustrien, men ramma også produksjonen av konsumvarer og tjenestemarknaden. Den gode eigedomskeynesianske sirkelen hadde gått i revers, med alvorleg «fattigdomseffekt» som saman med mindre tilgang på kreditt reduserte det private forbruket drastisk. På grunn av høg del korttidstilsette og midlertidige kontraktar kunne næringslivet redusere arbeidsstokken raskt og utan store kostnader, som svar på fallande etterspørsel som så falt igjen på grunn av stigande arbeidsløyse, over 40 prosent blant dei under 25. Offentlege inntekter bråstupte då BNP minka med 7,7 prosent, og overskotet på 2 prosent av BNP i 2006 blei eit underskot på 11 prosent i 2009.

Som sine europeiske motpartar fokuserte Zapatero-regjeringa på å sosialisere tapa for oligarkane i landet. Det omfattar dei store spanske byggeselskapa, enkelte som ACS, FCC og Ferrovial er globale spelarar og har fått raus hjelp til å bli feite i 25 år med ekspansive infrastrukturbudsjett. No krev dei at kontraktane med det offentlege blir ivaretatt same kva det måtte koste. Dei store privatbankane med Santander og BBVA som dei største viste seg vere betre rusta enn somme britiske og amerikanske konkurrentar fordi dei hadde sikra seg sparepengane til middelklassen i Latin-Amerika. Dei gjekk faktisk no på kjøpefest. Santander la særleg britiske byggeselskap og sparebankar i USA til sine alt omfattande interesser i Latin-Amerika og Asia, og skapte ein monster for stort til å mislykkast – og kanskje for stort til å bli redda.

Sparebankane var for sin del gjennomsyra av gjeld. Overslag på den totale kapitalmangelen varierer frå 15 milliardar euro (tall frå den spanske nasjonalbanken) til rundt 100 milliardar euro, som ville utgjøre nær 10 prosent av BNP. I mars 2009 fekk sparebanken Castilla-La Mancha aleine ei redningspakke på 9 millardar euro.15 I juni 2009 kunngjorde Zapatero planar om eit redningsfond (FROB) på 99 milliardar euro, og eit fusjonsprogram som vil redusere dei 45 sparebankane til 17. Dei fekk også ordre om å auke eigenkapitalen til 10 prosent innan september 2011. Det vil kreve 20 til 50 milliardar euro ekstra i kontantar. For å unngå dette har den spanske nasjonalbanken også oppmuntra sparebankane til å bytte gjelda til eigedomsutviklarane i fast eigedom, jord og bustader, verdsett noko fingert 10 prosent under toppnotering – alt for å betre balansen og unngå teknisk konkurs. Men som i Irland har gjelda hatt ein tendens til å overstige dei første overslaga: I mars 2011 førte avsløringar av større enn venta-problem for Alicantebaserte Caja de Ahorros Mediterráneo, fjerde største spare-banken i Spania, til at fusjonen dei var involvert, i blei stansa. Etter rekordarta vekst har spanske bustadpriser så langt falle litt meir enn 10 prosent. (Sjå figur 4.)

Midtvegs i 2009 skifta presset i EU eller meir spesifikt eurosonen frå redningspakker for bankane – totale tilsagn kan vere 2,5 billionar euro frå heile EU – til innstrammingstiltak fordi tapa for finanskapitalen var overførte til det offentlege. Frå tidleg i 2010 blei budsjettnedskjeringar, lønnsfrys og nedbygging av velferdsordningar introduserte i det eine landet etter det andre. Ein såg krisa eksplisitt som eit høve til «strukturtilpassing» etter velkjente oppskriftar. Rolla til dei øvste institusjonane i EU i krisa kunne ikkje vore tettare knytt til finansielle interesser. Denne sekvensen med statleg gjeldskrise, særleg der Hellas og Irland er involvert, må ein sjå som ein enorm opning for business for dei store europeiske, tyske, franske og britiske bankane som er dei store eigarane av europeiske statsobligasjonar. Med hjelp frå rating-byrå og kunngjøringar om insolvente eller skrøpelege finansar i underskotslanda i eurosonen – Hellas, Portugal, Irland, Spania og Italia – kunne dei samle seg enorme profittar på gjeldsobligasjonsrente. Renta var kunstig blåst opp på ei tid det var uråd å hente profitt i hushaldningssektoren i same skala som før krisa.

Zapateros kuvending

Då den greske gjeldskrisa utvikla seg i april 2010, vart Zapatero sett under auka press frå Berlin, Brussel og ECB for å sette i verk innstrammingstiltak og omstrukturering av arbeidsmarknaden. Det ville bety ein offensiv mot offentleg tilsette som framleis hadde fast tilsetting og forhandla lønnsavtalar. Zapatero drog det i langdrag fordi han var uvillig til å angripe nøkkeldelar av veljarane sine, og ute av stand til å mobilisere dei for ei alternativ løysing. Til slutt, etter det som tydeleg var meir nakketak frå Obama si side, kunngjorde han 12. mai drastiske innstrammingstiltak: offentlege lønningar kutta med 5 prosent, kutt i velferdsordningar og pensjon, avlyste investeringar, heva pensjonsalder, innskrenka lønnsforhandlingar, enklare å sparke tilsette. Resultatet vart eit bråstup på meiningsmålingane: frå å ligge jamt med PP fall PSOE 7 prosent under og fall så vidare. Fagforeiningsleiarar vart fanga mellom presset frå grasrota og eiga redsle for å framkalle regjeringsskifte. Ein generalstreik 29. september 2010 var hovudreiskapen for opposisjonen mot Zapateros tiltak, men leiarane hindra nokre av dei best organiserte sektorane, som transportarbeidarane, frå å slutte seg til, og mobiliserte ikkje den store massen arbeidarar med kortidskontraktar i tjenestenæringar og detaljhandel. Fagforeiningsleiarane underskreiv så straks ein avtale om nedskjeringar i pensjonsutbetalingane og auka pensjonsalder.

Biletet av ein moderne progressiv republikk ramla då Sosiallistpartiet stilte seg solidarisk med den hegemoniske finansblokka. Etter oppskriften for den noverande fasen av krisa har den ekstra offentlege gjeldsbyrda for Spania ført til tiltak heilt på linje med dei mest ortodokse strukturtilpassingsprogram. Det betyr at finanssektoren har underlagt seg og har kontroll over offentlege utgifter. Resultatet er at store delar av veljarmassen til PSOE er borte, partiet har rekordlåg oppslutning i meiningsmålingane. Med himmelhøg arbeidsløyse (sjå figur 5) og sosialistane på 16 prosent, så kunngjorde Zapatero 2. april 2011 at han ikkje stiller som partileiar ved vala i mars 2012. Presset mot han kom frå partiet, særleg frå sosialistkandidatar ved regionalvala i mai 2011 som ønska distansere seg frå den politiske arven hans. Kandidaten som ligg best an til å ta over er Alfredo Pérez Rubalcaba, veteran på høgresida i PSOE som starta den politiske karriera under Felipe González. Rubalcaba har vore innanriksminister sidan 2006, og er berykta for eit tøffare «krig mot terror»-svar til separatistane i ETA enn PP. Som resultat av denne sterk mann-haldninga fekk han to andre posisjonar i Zapateroregjeringa: visepresident og talsperson for regjeringa. Som ein av den gamle felipistagarden er Rubalcaba støtta av den mektige PRISAgruppa og det leiande talerøyret deira El Pais. Den leiande kandidaten for zapaterista-fløyen i PSOE, forsvarsminister Carme Chacón, trekte seg då ho såg kva veg vinden bles.

Krisa har stilt Spania ansikt til ansikt med ein skjør økonomisk struktur som fundament for det lange tiåret med velstand, og PSOE med motseiingane som var grunnlaget for politikken. Finansielle konstruksjonar førte vidare fiksjonen om at ein utvida og bustadeigande majoritet av middelklassen var blitt permanent velståande. Kollapsen i bustadbobla har rive sløret av eit svært polarisert samfunn, med store delar av befolkninga djupt forgjelda, mange utan arbeid og avhengige av offentlege tjenester som er dobbelt ramma av nedskjeringar og privatisering. Om me legg til at dei hardast ramma er ungdommen som kan sjå fram til langt dårlegare utsikter enn eldre grupper, og utanlandsfødde arbeidarar, ser ein korleis kostnadene ved krisa er lagt på dei mest sårbare. Spania har lenge vore det mest eurofile av EU-landa, europeismen var i folks oppfatningar tett knytta til demokratisering og modernisering etter Franco-tida, og spanske veljarar har historisk vore nesten totalt ukritiske til EU. Slik ugrunna hovmod er no borte.

Ja, me stiller spørsmål ved dette demokratiet

Svar frå ein indignada på Puerta del Sol til ein TV-vert som ba dei protesterande «ikkje stille spørsmål ved demokratiet»:
Jau, me stiller spørsmål ved dette demokratiet. Det gjør me fordi dette demokratiet ikkje støttar folkesuvereniteten: Marknaden tvinger gjennom vedtak til eigen fordel, og partia i parlamentet går ikkje mot dette globale faktum. Verken i vårt land eller i Europaparlamentet slåst dei for å gjøre slutt på finansspekulasjon i valuta eller statsgjeld.
Me stiller spørsmål ved dette demokratiet fordi partia ved makta ikkje ser til det kollektivt beste, men etter det som er godt for dei rike. Fordi dei forstår vekst som meir profitt for næringslivet, ikkje meir sosial rettferd, omfordeling, offentlege tjenester, tilgang til bustad og andre naudsynte ting. Fordi partia ved makta bare bryr seg om å bli sittande i posisjonane sine, gjør avtalar for å behalde makta og unnlet å oppfylle valløfta sine. Fordi ingen politikarar treng leve med det dei legg på sine «undersåttar»:
utrygge levekår, lånegjeld og uvisse. Me stiller spørsmål ved dette demokratiet fordi det er fylt med korrupsjon, tillet politikarane å ha stillingar i det private næringslivet samtidig som dei har offentlege verv, å profittere på priviligert informasjon, å gå til jobbar som næringslivsrådgivarar når valperioden er over, og gjør det svært profittabelt å vere politikar.
Me stiller spørsmål ved dette demokratiet fordi det gir all makt i hendene til politikarar som blir nominerte på lukka lister, som me ikkje har nokon innverknad på. Det er heller ikkje noko samsvar mellom røyster og seter. Me stiller spørsmål ved dette demokratiet fordi det er absurd at einaste måten å «straffe» eit parti på, er å stemme på eit anna som ein ikkje er samd med. Me stiller spørsmål ved dette demokratiet fordi partia ved makta ikkje eingong held seg til krava i grunnlova: lova er ikkje lik for alle, det er ikkje skikkelege jobbar eller bustader til alle, utanlandsfødde arbeidarar blir ikkje behandla som medborgarar. Unnskyldningar er ikkje godt nok for oss. Me ønskar ikkje velje mellom det reelt eksisterande demokratiet og diktatura frå fortida. Me ønskar eit anna liv. Verkeleg demokrati no!
– Beatriz García –

 

 

Den 15. mai, i tida før regionalvala 22. mai og nøyaktig eitt år etter at Zapatero kunngjorde sine sviande kutt gjekk ei stor protestbølge over landet. Titusenvis av unge demonstrantar tok til gatene, sette opp leirar på sentrale torg i mange spanske byar medrekna Plaza Catalunya i Barcelona og Puerta del Sol i Madrid: studentar, arbeidarar, folk med og utan arbeid kravde tilgang til det offentlege rommet, med ei helsing til dei unge arabiske demonstrantane på Pearl Roundabout og Tahrir-plassen. (Sjå boks). På Puerta del Sol oppretta okkupantane ei permanent folkeforsamling som dagleg røysta over alle vedtak. Mellom slagorda til 15.mai-rørsla var: «For overgang til demokrati!» . «Me er ikkje varer i hendene på politikarar og bankfolk.» – PPSOE: PSOE og PP, begge same skiten» – «Verkeleg demokrati no!» 20.mai-manifestet vedtatt av Sols folkeforsamling går til åtak på korrupsjonen, det lukka vallistesystemet (der bare partinamnet og namnet på leiaren står på vallista), makta til ECB–IMF og det urettvise i måten den herskande klassen har svart på krisa. I skrivande stund har leirfolket halde torga i nær to veker i ein periode der PSOE har fått juling som aldri før, mista kontrollen i Barcelona, Sevilla og fire autonome regionar, saman med kommunestyre over heile den tidlegare høgborgen Andalusia16. Men om Mariano Rajoys PP tar over makta i vala om mindre enn eitt år vil dei møte styrkane til 15.mai-rørsla, indignados og «ungdom utan framtid»: «Utan hus, jobb og pensjon – utan frykt!»

Utsiktene til økonomisk oppsving i Spania er framleis dystre. Nivået på bustadbobla; den sentrale rolla eigedoms-keynesianismen hadde for veksten sidan 1990-talet; omfanget av nedgangen etter krakket forsterka av drakoniske innstrammingstiltak; den sterke euroen (dels takk vere kvantitativ lette frå US Federal Reserve) som rammar turismen frå land utanfor EU; og kredittinnstramming frå ECB – alt dette peikar mot at det er svært langt igjen til vekst i den spanske økonomien. Dei umiddelbare utsiktene er nokså sikkert fleire nedskjeringstiltak og dermed auka spansk underskot. Det gir alvorlege dilemma for forsøka i eurosonen på å framstille krisa som eit midlertidig likviditetsproblem ein kan handtere med lån frå ECB-IMF til landa det gjeld, i den tida det vil ta for dei å vekse seg ut av gjelda. I røynda er det ei krise for dei store tyske, franske og britiske bankane som er svært utsette etter bustadboblene sprang i utkantane. (Sjå figur 6.) Framfor å møte ei traumatisk bankkrise i full skala heime, så har Berlin, Paris og London drive det ein sentral bankmann har kalla pyramidespel med det offentlege, «bare levedyktig så lenge nye pengar er tilgjengelege for å halde fiksjonen ved like»:

Somme av dei opprinnelege obligasjonane er betalte med dei offentlege låna som også finansierer dei gjenverande underskota. Når det viser seg at landa ikkje klarer innstrammings- og strukturtiltaka dei er pålagt, og derfor ikkje kan gå attende til den opne marknaden, vil desse låna til slutt bli forlenga og utvida av medlemmer i eurosonen og internasjonale organisasjonar. Europeiske regjeringar ser det enklare å utsette oppgjørets time og halde fram med å kaste pengar inn i landa i utkanten, framfor å møte det finansielle samanbrotet heime. 17

Kollapsen for den spanske modellen truar dette pyramidespelet frå fleire kantar: For det første er tyske og franske bankar meir utsette i Spania enn i Hellas og Irland.

For det andre omfanget på problema for sparebankane har ein knapt nøsta opp i. For det tredje sosiale problem – ei befolkning som har auka med 18 prosent siste tiåret, i hovudsak ved immigrasjon. Nær 1 av 2 av dei yngste utan arbeid er potensielt meir eksplosivt når sosial- og velferdsutgifter blir kutta meir frå nivå som alt er låge samanlikna med dei i sentral-Europa. Ei spansk gjeldskrise kan endeleg EU3s forsøk på å la befolkningane i periferien redde dei ramma bankane, som haustar ublu og kunstig oppblåst rente på statsobligasjonar for å kompensere for manglande profitt i privat sektor. Av den grunn vil dei utan tvil ta i bruk alle middel for å unngå krise.

(Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen, har stått i New Left Review og trykkes med NLRs tillatelse.)

Notar:

  1. Denne artikkelen samlar hovudfunna til granskings- og aktivistgruppa Madrid Metropolitan Observatory, utgitt som Fin de ciclo. Financiarización, territorio y sociedad de propietarios en la onda larga del capitalismo hispano (1959–2010), Madrid 2010. Forfattarane vil takke Brian Anglo for omsettinga.
  2. Sjå José Manuel Naredo, La burbuja inmobiliariofinanciera en la coyuntura económica reciente (1985–1995), Madrid 1996.
  3. Robert Brenner, The Economics of Global Turbulence, London 2006, pp. 293–4, 315–23.
  4. Mellom 2003 og 2006 steig bustadprisane i Spania med forbløffande 30 prosent i året. Kjelde: INE (National Statistics Institute).
  5. Eigedom som speler ei sentral rolle i sterkt finansialiserte økonomiar er framleis ikkje prioritert statistisk i dei fleste OECD -land. I Spanias tilfelle, må ein ta i bruk overslag frå uavhengige forskarar som José Manuel Naredo, Óscar Carpintero og Carmen Marcos, Patrimonio inmobiliario y balance nacional de la economía española 1995–2007, Madrid 2008.
  6. Formelen blir brukt av Michel Husson, Un pur capitalisme, Lausanne 2008.
  7. Ifølge Harvey, når ein får problem med overakkumulasjon, skiftar kapitalen over frå den «primære akkumulasjonssirkelen (produksjon av meirverdi i utvida reproduksjonsplanar) til den «sekundære akkumulasjonssirkelen: kapitalsirkulasjon i menneskeskapt miljø. Dei ulike formene dette kan ta varierer frå store offentlege prosjekt til bustadbygging. David Harvey, The Limits to Capital, London 1999, pp. 235–8.
  8. Det eine landet i eurosonen som fekk motsett betalingsbalanse var sjølvsagt Tyskland som gjekk frå eit moderat underskot seint på 1990-talet til eit overskot tilsvarande 7 prosent av BNP i 2007.
  9. Data frå CORINE (Coordination of Information on the Environment) landoversikt, tilgjengeleg på nettsidene til European Environment Agency.
  10. Sjå David Harvey: From Managerialism to Entrepreneurialism, Geografiska Annaler, Serie B, Human Geography, vol. 71, no. 1, 1989, pp. 3–17.
  11. Så iherdig har denne typen propaganda blitt at eit leiande satirisk blad i Buenos Aires har kalla seg «Barcelona: Una solución europea a los problemas de los argentinos — Barcelona: ei europeisk løysing på Argentinas problem.»
  12. Byggevanviddet gjekk ikkje utan motstand. I somme av dei hardast ramma områda klarte miljøgrupper som kritiserte både øydelegginga av naturen og korrupsjonen rundt han å kaste lokale styresmakter og jamvel styresmakter i autonome regionar (Aragon i 2003, og Balearane i 2007.) Mellom 2005 og 2007 vart dei store spanske byane skaka av ein fantasifull serie med protestar mot stigande bustadprisar, rundt slagord som V de Vivienda, etter modell av «V for vendetta» (“vivienda» er det spanske ordet for bustad) og samla demonstrasjonar på titusenvis av folk.
  13. Progre er eit halvt morosamt, halvt hånleg diminutiv av progresista, eller progressiv. Det kjenneteiknar kommunikasjonsstilen og retorikken til den etablerte sentrum-venstre middelklassen, basert på det som i kjerna er ukritisk, velmeinande sosialliberalisme.
  14. I åra 2000-2001 og 2004-2005 var det ei rad mobiliseringar av papirlause migrantar, som sittestreikar i kjerker og offentlege bygg, og streikar i dei agro-industrielle distrikta i sør-aust.
  15. The Economist har laga eit «dommedagsscenario» på 270 milliardar euro, det er mindre enn underskota i irske bankar i forhold til BNP: «Under siege», 13. januar 2011.
  16. PSOE fekk bare 28 prosent av røystene i regionalvala 22. mai, ein tilbakegang på 7 prosent; men PP gjekk bare 2 prosent fram, til 38 prosent. Samtidig fekk Izquierda Unida 6,3 prosent, opp frå 5,5 i 2007. Men dei vart delvis straffa for koalisjonar med PSOE på lokalnivå, og fekk bare 210.000 av dei 1,5 millionane røyster sosialistane tapte.
  17. Mario Blejer, ‘Europe is running a giant Ponzi scheme’, ft, 5. mai 2011.