Debatt: Vekk med abortnemndene

Av Magnhild Nilsen

2019-01

Prinsippet om sjølvbestemt abort fram til og med svangerskapets veke 12 har stor støtte i befolkninga. Men kva er det som er grunnleggande annleis, som gjer at kvinna ikkje er den beste til å bestemme veka etter? Kvifor er ei nemnd av legar best skikka til å bestemme i veke 13? I veke 16? I veke 18?

Foto: Digitalt museum
Av Magnhild Nilsen,
medlem av kvinneutvalget i Rødt og sitter i landsstyret

I dag set abortlova ei absolutt grense for svangerskapsavbrot ved levedyktigheit1. Abortforskrifta angir at et foster blir rekna som, å vera levedyktig etter 22. svangerskapsveke, med mindre særlege forhold ved fosteret tilseier noko anna2.

Grensa for sjølvbestemt abort er eit politisk spørsmål, mens grensa for levedyktigheit er eit medisinsk-fagleg spørsmål. Eg meiner at det prinsipielle standpunktet til sjølvbestemming­ bør vera følgande: Dersom me meiner at kvinna er den beste til å bestemme sjølv fram til veke 12, må ho også vera den beste til dette også etter veke 12 – ja, så lenge det er lov å ta abort. Kvinna blir ikkje mindre i stand til det jo lengre ho kjem i svangerskapet. Tvert i mot kan ein rekne med at ei kvinne som bærer på eit foster som er ønska er den beste vernaren til fosteret.

To prinsipp for sjølvbestemt abort

To av prinsippa som var viktige i abortkampen fram til endringa i abortlova i 1978 som gav sjølvbestemt abort fram til veke 12, er framleis gyldige i diskusjonen om kvinna skal ha sjølvbestemming også etter veke 12. Det første prinsippet er: «Mangelen på sjølvbestemt abort betyr umyndiggjering av den gravide kvinna»3. Så lenge det finst ei grense for sjølvbestemt abort, så seier samfunnet at kvinna ikkje er ansvarleg nok til å bestemme etter den grensa. Samtidig, viss ho får avslag på søknaden, så er det ho som må ta ansvaret for dette barnet ho sjølv ikkje opplever at ho kan ta ansvar for.

Det andre prinsippet er: Det er «berre den enkelte kvinne som kan vurdere sin situasjon fullt ut»3. Ikkje eingong kvinna si lege kan dette, sjølv om seinabortar i dag ofte skjer etter råd frå legen. Nemnda som behandlar søknaden består av ukjende legar, og det er ikkje dei som etterpå skal ta ansvaret for barnet, dersom dei vurderer at søknaden ikkje oppfyller krava.

Kva rolle speler nemnda?

Ulike kvinner har ulike erfaringar med både dagens grense for sjølvbestemt abort og med nemnder. Nokon kvinner opplever press til å ta abort frå familie eller samfunnet rundt, og for desse kvinnene kan det vera positivt at det finns ei grense for sjølvbestemt abort på eit tidspunkt der ho kan halde det hemmeleg at ho er gravid. For dei som framleis opplever eit press etter denne grensa kan det vera positivt at det finns ei nemnd, som kan gi ho støtte i at ho ikkje får lov til å ta abort, dersom ho ikkje ønsker det.

For andre kvinner er mangel på sjølvbestemt abort etter veke 12 noko som gjer ei vanskeleg situasjon enno vanskelegare. For den unge jenta som enno ikkje har fått regelmessig menstruasjon og oppdaga graviditeten for seint. Sannsynlegvis vil ho få innvilga svangerskapsbrot, men først må ho blottstille seg for to framande. For rusmisbrukaren som har vorte utsett for vald, som har fortrengt symptoma på svangerskap, og kanskje får eit barn som kjem til å bli pleietrengande fordi ho har misbrukt rusmidlar. Som kanskje ikkje får ­innvilga­ svangerskapsavbrot i primærnemnd fordi det har gått for lang tid, eller ho bur ein stad der nemndene har ei strengare tolking av regelverket, og må gå ei ny runde i klagenemnda. Og for dei kvinnene (og para) som på rutinemessig ultralyd i veke 17–19 får den fryktelege beskjeden om at fosteret som dei så inderleg ønskjer seg er alvorleg sjuk. Dei må først ta det vanskelege valet om svangerskapet skal fortsette, eller kanskje leve i uvisse om fosteret vil overleve fram til fødsel eller døy nokre dagar etter fødselen. Og deretter må dei forsvare valet for ei abortnemnd?

Det finst mange anekdotar og lite forskingsbasert kunnskap om kvinner sine erfaringar med abortnemnder. Men erfaringane i det siste eksempelet blir bekrefta i ein artikkel frå 20094. Den er basert på intervju med 22 kvinner som under svangerskapet fekk indikasjon på og/eller bekrefta ein alvorleg diagnose på fosteret. Dei rapporterte om at dei opplevde prosessen med behandling i nemnd som ei krenking av deira integritet. Det er eit politisk spørsmål kva erfaringar som skal vektleggast mest. Men eg meiner ein bør legge vekt på og stole på at kvinner kjenner best sin eigen situasjon og er den beste til å bestemme sjølv, uansett om ho er i veke 10 eller i veke 20.

Sjølvbestemt abort gir ikkje fleire abortar

Det er ingen grunn til å tru at det vil bli ei straum av gravide som vil ta seinabort dersom nemndene forsvinn. Realiteten er at av dei som blir gravide og finn ut at dei ikkje kan eller ønsker å få eit barn, så tar 80 prosent abort før veke 9. I 2017 skjedde omtrent fire prosent av abortane etter veke 12 og desse fire prosentane har heldt seg stabilt dei siste ti åra5.. I Sverige, der grensa for sjølvbestemt abort er veke 18, skjedde omtrent seks prosent av abortane etter veke 126.

I 2017 var det snakk om 623 kvinner som bad om svangerskapsavbrot etter grensa for sjølvbestemt abort. 543 av desse vart innvilga av primærnemnd. Av dei 47 som fekk avslag, møtte 38 i klagenemnd og av desse var det berre 7 som fekk avslag. Me veit ikkje om dei 77 som søkte om, men ikkje gjennomførte, svangerskapsavbrot i staden gjennomførte svangerskapet, hadde ei spontanabort eller drog til utlandet for å få gjennomført aborten dei ønska.

Vekk med nemndene!

Over 90 prosent av dei som søkte før veke 18 fekk innvilga søknaden hos primærnemnda i 2017. Av dei 79 som søkte om svangerskaps­avbrot i vekene 20 og 21 fekk 77 prosent innvilga abort. I praksis er abort for dei fleste sjølvbestemt allereie.

Kva skal ein då med nemndene? Dei er eit unødvendig byråkratisk ledd. Ei forhistorisk rest frå ei tid der kvinner ikkje var vurdert som myndige nok til å kunne bestemme over eigen kropp og eige liv. Nemndene innvilgar abort til dei fleste som søker og nettopp dette er ei anerkjenning av at kvinna er den beste til å bestemme. Difor: Så lenge abortlova tillèt abort, må det vera den gravide kvinna som bestemmer. Ingen andre. Kvinna er den mest kvalifiserte. Me kan sei det med Katti Anker Møller sine ord: «Vi elsker moderskapet og vil dets vel, men i full frivillighet og under vort eget ansvar».

Hausten 2018 brukte statsminister Erna Solberg abortlova som lokkemiddel for å få Kristeleg Folkeparti inn i regjeringa. Nok ein gong har folk tatt til gatene for å forsvare abortlova mot innskrenkingar, men me burde også nytte høvet til å krevje forbetringar i lova. Det er på tide å la kvinner bestemme sjølv ved å fjerne nemndene.

Kjelder

1. Abortloven. Lov om svangerskapsavbrudd. Lovdata. [Internett] 13 06 1975. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1975-06-13-50.

2. Abortforskriften. Forskrift om svangerskapsavbrudd. Lovdata. [Internett] 15 06 2001. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2001-06-15-635.

3. Bjerck, Birgit. Perspektiv i abortspørsmålet. I B. Grünfeld og Nyfeministenes og Kvinnefrontens arbeidsgruppe. Selvbestemt abort. En kvinnerett. Oslo : Pax Forlag, 1973.

4. Sommerseth, Eva og Sundby, Johanne. Kvinners erfaringer i møtet med abortnemnda ved sene svangerskapsbrudd. Sykepleien. [Internett] 05 03 2009. https://sykepleien.no/forskning/2009/03/kvinners-erfaringer-i-motet-med-abortnemnda-ved-sene-svangerskapsbrudd

5. Folkehelseinstituttet. Faktaark. Fakta om abort. [Internett] 21 03 2018. https://www.fhi.no/hn/statistikk/statistikk3/abort—fakta-med-statistikk/.

6. Socialstyrelsen. Ny statistik om aborter presenterad. [Internett] 22 05 2017. https://www.socialstyrelsen.se/nyheter/2017/nystatistikomaborterpresenterad.