Da kvinnene brukte stemmeretten dei ikkje hadde

Av

Nr 1 2013


Magnhild Folkvord er journalist i Klassekampen. Hun har skrevet boka, Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma?, sammen med Ebba Wergeland
Denne artikkelen er eit kapittel i boka Fredrikke Marie Qvam – rabaldermenneske og strateg, som kjem ut på Samlaget i april.

Knapt eit år etter at Fredrikke M. Qvam mista mannen sin, gjorde Stortinget det vedtaket som kom til å bety at unionen med Sverige var oppløyst, sjølv om det eigentleg ikkje skjedde heilt etter parlamentarisk oppskrift. Regjeringsmedlemmene la ned embeta sine, og etter grunnlova kunne ikkje kongen regjera utan regjering. Stortinget vedtok 7. juni 1905 samrøystes å påleggja den avgåtte regjeringa å utøva den makta kongen skulle ha etter grunnlova. Dermed hadde dei erklært unionen med Sverige for oppløyst.

For dei aller fleste nordmenn og -kvinner var det tid for jubel. Endeleg skulle Noreg bli eit heilt sjølvstendig land. Den legendariske kvinnesaksforkjemparen Aasta Hansteen kommenterte slik:

I Ny-Oslo, Norges hovedstad, er det nu godt at være. Idag 9de juni – promulgasjonsdagen!1 – blev det rene norske splittflag heist paa Akershus festning. Nu raader de nordmænd i Norge! – Og det staar kvinder bag dem!2

Fredrikke, som sia ho var heilt ung hadde vore så inderleg oppteken av «det norske» og norsk sjølvstende, jubla ikkje utan vidare over måten dette hadde skjedd på. Tankane gjekk til den nyleg avdøde ektemannen, og ho stilte seg mange spørsmål om korleis utviklinga kunne ha blitt om han hadde fått lov til å halda fram som norsk statsminister i Stockholm. I eit brev til Ann Margret Holmgren sommaren 19053 reflekterte ho over situasjonen. Ho var ikkje så lite uroleg, og kjende seg ikkje trygg på ein god utgang, førebels meinte ho det såg utrygt ut. Kunne det vore mogeleg at ting kunne ha blitt greidd ut på lempeleg vis, slik at Noreg litt etter litt, sjølv om det ikkje ville gått knirkefritt, kunne fått den rett som tilkom landet etter riksakta og grunnlova innafor unionen? Fredrikke meinte det «forstandsmessig seet» hadde vore betre å halda fram med unionen på like vilkår for begge rika enn det som no hadde skjedd. Ho såg fleire problem i den næraste framtida. Eigen konge var eitt av dei. Ho frykta at eit eige kongehus med hoff i eit så lite land ville framelska «Hykleri, Kryberi, Snobberi og Umoralitet.» Dessutan vart det dyrare å underhalda den slags luksus for kvart land for seg.

Men kva var alternativet? Ho var frå ungdommen av erklært republikanar, men såg ikkje det å gjera Noreg til republikk som løysinga – iallfall ikkje på kort sikt. Ho var redd ein overgang til republikk ville gjera at Noreg var ståande som det «sämre» folk mellom dei skandinaviske, og kanskje kunne det bli meir usemje mellom nordmenn med ei slik styreform. Ho såg også for seg at det kunne bli krig, noko som ville øydeleggja begge landa både moralsk og økonomisk.

Men dystre tankar og pessimistiske refleksjonar såg ikkje ut til å bremsa handlekrafta når det gjaldt å møta utfordringane i den faktiske situasjonen. Leiaren for Landskvindestemmeretsforeningen let seg ikkje passivisera av tunge tankar når det var tid for å handla.

Handlekraft og politisk avmakt

Fedrikke M. Qwam sitter på første rad nummer to fra høyre. Bildet er fra en internasjonal konferanse i 1909. cc-lisens: Nasjonalbiblioteket

Skulle kvinnene finna seg i å «stå bak» i desse historiske dagane? Det var sannsynleg at stortingsvedtaket skulle følgjast opp med ei folkeavstemning. Kven var folket? Kvinnene hadde i 1901 fått avgrensa kommunal stemmerett, men enno ingen statsborgarleg stemmerett. Kva for reglar skulle gjelda ved ei folkeavstemning – som det ikkje stod noko om i grunnlova? «Den [Folkeafstemningen] strider ikke mod Forfatningen, men ligger udenfor denne,» skreiv Dagbladet4, og slo fast at folkeavstemninga ikkje ville vera av juridisk, men «af rent moralsk Natur».

Korleis skulle kvinnene få sagt sitt? Å teia stilt var ikkje noko alternativ. Men det skulle visa seg at det i kvinnesaksorganisasjonane og blant kvinnene vart tenkt ulikt om kva som kunne vera mogeleg å gjera, og Fredrikke kom til å stå i spissen for den aller dristigaste planen.

Gina Krog, formann i Norske kvinders nationalraad (NKN), skreiv til styret, der Fredrikke var nestformann, og gjorde greie for sin plan om at NKN burde setja seg i sving for å få til «en adresse fra norske kvinder til statsmagterne med tilslutning til 7. junibeslutningen», og ho meinte det – om ein fekk tilslutnad frå dei ulike kvinneorganisasjonane – kunne bli «en kjæmpeadresse fra norske kvinder»5.

Omtrent på same tid skreiv Krog eit innlegg som kom på trykk i fleire aviser, mellom anna i Dagbladet, med overskrifta «Hvad siger Kvinderne i Anledning Folkeafstemningen?»6 Her sa ho at kvinnene «føler bittert sin politiske afmagt. De ønsker inderlig at kunne være med i Afstemningen og bekræfte den stedfundne unionsopløsning med sit Ja. Alligevel har de git Afkald paa enhver Henvendelse til Statsmagterne om Deltagelse.» Tok Gina Krog seg her ei fullmakt ho ikkje hadde? Ho hadde rett i at ingen hadde tatt til orde for protestar som ville hindra gjennomføringa av den såkalla folkeavstemninga. Men det var fleire som tenkte enda større og dristigare enn den «kjæmpeadressen» ho planla.

Straks det vart kjent at det skulle haldast folkeavstemning, 28. juli, dagen etter at Gina Krog skreiv sitt brev til styret i NKN, sende Fredrikke, som LKSF-formann, eit telegram til stortingspresident Berner, der ho spurde om ikkje kvinnene måtte reknast med til folket dersom det skulle haldast ei folkeavstemning. Ho minte om at ei folkeavstemning låg utanfor forfatninga.7 Eit liknande telegram til Stortinget vart sendt frå Trondheim dagen etter, avsendaren var Thora Storm, ei av dei markerte kvinnesakskvinnene i trønderhovudstaden.

Det var også menn som tok til orde for at kvinnene burde få vera med, mellom andre M. Greve8, direktøren ved Rikshospitalet, som i eit innlegg i Aftenposten9 stilte desse spørsmåla:

  1. Skal vi gaa til en Folkeafstemning i dette Land af den Art som foreliggende, uden at Kvinderne – vore Mødre, Hustruer, Døtre – de der først og fremst bygger Hjemmene og grundlægger Slegten, faar være med?
  2. Kan Storthinget ikke ved en saadan extraordinær Anledning udenfor de sædvanlige Former udstrække Stemmeretten, saaledes som vi Mænd har den, ogsaa til Kvinderne?
  3. Vil Storthinget isaafald ikke gjøre det?

Greve avslutta det korte innlegget med å seia at det nokså sikkert var mange menn som no tenkte og ønskte at så måtte og burde skje.

Redaksjonen hekta på ein belærande kommentar om kva ei slik folkeavstemning var til. Den skulle anten avklara om dei veljarane som hadde gitt stortingsmennene fullmakt, var einige i unionsoppløysinga eller ikkje, eller klargjera om eit nytt storting ville få mandat frå dei som etter grunnlova hadde stemmerett til å gå til eit steg som unionsoppløysing. Ikkje i noko tilfelle kunne kvinnene takast med – dei hadde som kjent ikkje statsborgarleg stemmerett. Aftenposten såg også grunn til å åtvara mot å kasta inn eit gammalt stridsspørsmål som enno venta på ei løysing. Det var ikkje tvil om at det ville bli ein varm strid om dette dersom kvinnene fekk høve til å vera med i folkeavstemninga.

Nokre dagar seinare hadde Dagbladet ein liten notis som viste at det fanst kvinner som ikkje hadde gitt opp å få sagt direkte kva dei meinte. Eit telegram til Dagbladet frå «Flere Kvinder» i Trondheim retta seg til kvinnesaksorganisasjonane, og spurde om det ikkje fanst ein utveg til at norske kvinner kunne få gi meininga si til kjenne ved folkeavstemninga 13. august. Tusenvis av utestengde ville gjerne vera med.10 På same tid fekk Gina Krog fleire brev som oppmoda til å finna ein utveg til at kvinnene kunne få vera med 13. august.11

Men ikkje alle var like godt i stand til å få gjort noko på kort tid. Styret i Norsk Kvindesagsforening beklaga i Verdens Gang12 at dei dessverre måtte gi avkall på å gå til eit sånt steg som ei masseadresse frå heile landet i denne landsviktige saka. Tida var for kort til at ein kunne rekna med eit tilfredsstillande resultat. Dei slutta seg elles til det Gina Krog hadde uttalt.

«En vovelig gjerning»

Kanskje var det ikkje svært overraskande at stortingspresidenten ikkje gav noko positivt svar på telegrammet frå Landskvindestemmeretsforeningen. Fredrikke understreka alvoret i situasjonen i årsberetninga for LKSF. Kvinnene i Noreg kjende seg djupt krenkte ved at dei ikkje no, når det gjaldt dei dyraste interessene for landet, skulle få vera med og utøva borgarretten sin, «den gjennem stemmegivning at værge sit land sammen med dets mænd»13.

Men om kvinnene kjende seg djupt krenkte, la det ingen dempar på handlekrafta, kanskje tvert om. I løpet av nokre få hektiske dagar med mange vurderingar og rådslag, som i all hovudsak må ha gått føre seg per telefon, sia Fredrikke på denne tida var på Gjævran, bestemte styret i LKSF 2. august å setja i gang den historiske underskriftinnsamlinga. Ei snau veke seinare vart eit opprop frå LKSF rykka inn i avisene14, og lister med denne teksten vart sette i sirkulasjon:

Norske kvinder ønsker herved at føie sit Ja til de mænds der har ret til at deltage i folkeafstemningen den 13de august, i det de med dyb overbevisning er med at slaa ring om 7de junibeslutningen.

Mange tykte dette var «en vovelig gjerning», det kunne bli til alvorleg skade for både Landskvindestemmeretsforeningen og landet, fordi dei trudde det ville vera umogeleg å få samla inn så mange underskrifter at det gjorde noko monn.

Det var derfor ikke let at bære ansvaret hverken for formand eller styre i de dage. Lister, navne, telefon, telegraf, post og bud la beslag paa dem næsten døgnet rundt.

Gina Krog, CC-lisens: Nasjonalbiblioteket

Fredrikke tok fullt ut sin del av det praktiske arbeidet som måtte til. På eit trykkeri på Steinkjer sat ho og Louise ein heil dag frå kl 9.30 til sju om kvelden og ekspederte lister etterkvart som dei kom frå trykkpressa, og det «uden andet at nyde end en Kringle».

Alt som fanst av organisasjonsnettverk vart tatt i bruk, og der det ikkje var ei stemmerettsforeining eller sanitetsforeining å senda underskriftslister til, var det kanskje presten eller lensmannen eller ordføraren eller ektefellane deira som fekk listene saman med ei oppmoding om å gi kvinnene ei handsrekning. Nokre dagar etter sjølve oppropet kunne ei påminning «Til Norges Kvinder» frå styret i Landskvindestemmeretsforeningen lesast i fleire aviser15:

Lad ikke den 13de August finde os «furtende» hjemme. Selv om vore Stemmer ikke kan tælles, saa kan de «veies».

Vidare følgde ei oppmoding til kvar einskild om å ta saka i si eiga hand, og gå med underskriftslister frå hus til hus, og å leggja ut lister på lett tilgjengelege stader slik som butikkar, postopneri, hotell, losjihus osv. I byane ville dette ikkje vera vanskeleg, men paa landet skulle det god vilje til. Her var inga tid å mista, listene måtte sendast inn seinast 19. august.

Utruleg mange var i stand til å handla raskt. Alt 10. august kunne Dagbladet melda at 1275 kvinner over 25 år i Haugesund hadde underteikna adressa til Stortinget med tilslutnad til 7. juni-avgjerda. Dagen etter hadde den same avisa ei påminning til alle kvinner over 21 år om å skriva seg på listene, med oversyn over ei lang rekkje stader der det var utlagt lister i Kristiania, i avisekspedisjonar, bokhandlar og trikotasjeforretningar.

Vent ikke forlænge. Her i Kristiania vil de udlagte Lister snart bli inddrat.16

Dagbladet følgde opp med fleire rapportar. I «Kristianssand, Omegn og Opland» var det teikna 9891 namn, av dei 5411 i sjølve byen. I Kragerø var det samla over 3000 underskrifter, i Porsgrunn over 3000, i Arendal og omegn 5539, og frå Kristansund og omegn vart det meldt at 4000 kvinner hadde underskrive, i Moss «ca 1026», og i Ringebu 52517.

Aller raskast var kanskje eit par kvinner i Trondheim, Thora Storm, ei markert kvinnesakskvinne, og Gyda Haabjørn, leiar for LKSF i Trondheim. Dei møttest, laga planar og sette i gang si eiga underskriftsinnsamling alt før oppropet frå styret i Landskvindestemmeretsforeningen kom i avisene. Dei var alvorleg skuffa over at ikkje Gina Krog, som NKN-formann, hadde tatt eit skikkeleg initiativ. I brev til Fredrikke skreiv Thora Storm at ho syntest Krog hadde tedd seg høgst merkeleg, ho hadde ikkje handla, og hadde ikkje villa handla. Storm trudde ikkje Krog var i stand til å starta noko, aller minst ville ho starta noko «hun ikke selv har udruget».18 Men det hindra ikkje aktiviteten i Trondheim. 150 lister vart sette i sving, og aktive kvinner gjorde sitt. Ei sette seg på trappa utanfor butikken sin, og spurde alle som kom forbi. Var det nokon som var i tvil, fekk dei eit lite foredrag om kva det dreidde seg om. Ved folkebiblioteket gjekk det føre seg på liknande vis, med ein aktiv bibliotekar som hadde hjelp av nokre venninner.19

Også Betzy Kjelsberg i Drammen, som var sekretær i Nasjonalrådet, hadde etterlyst eit initiativ frå Krog, og beklaga seg til Fredrikke. Kjelsberg sette i gang ei eiga underskriftsinnsamling i Drammens-området før meldinga kom frå Landskvindestemmeretsforeningen.

Dei lokale initiativa fekk litt ulik form, mellom anna var fleire opptekne av om dei skulle følgja aldersgrensa for stemmerett. Betzy Kjelsberg i Drammen sette 21 år som grense på dei listene ho sette i sving, og i Trondheim hadde dei sett 25 år. Fredrikke spurde kvifor dei hadde set aldersgrense. Dette var ikkje ei lovpålagt avstemning, og det var ikkje tilfeldig at oppropet frå Landskvindestemmeretsforeningen retta seg til «alle voxne Kvinder».

Men sjølv aldersgrenser kunne omgåast. Ei ungjente som var for ung til å skriva seg på lista i Trondheim, fekk råd om å samla underskrifter blant venninnene sine på ei eiga liste og senda til Fredrikke. Det vart 17 lister med tilsaman 756 namn21. Ho bad dei skriva opp alderen sin, og overlet til Fredrikke å stryka dersom ho meinte nokon av dei var for unge.

Betzy Kjelsberg, CC-lisens: Trondheim byarkiv

Underskriftslistene vart samla i Kristiania, men det var også mange som i tillegg sende rapportar til Fredrikke, meldingar som fortel mykje om engasjementet blant kvinnene i landet, langt utover dei som var medlemmer av nokon av kvinneorganisasjonane. Ei kvinne i Solør skreiv til Fredrikke og takka for det initiativet ho hadde tatt, og fortalde at ho var skuffa over Gina Krog. Sjølv låg ho dessverre til sengs med halskatarr og feber, men svigerdottera hadde lovt å bruka telefon, hest og brev og gjera det ho kunne for å samla underskrifter. Eit lite brev frå ei kvinne i Inntrøndelag fortel også sitt:

Da min datter, Fru Pastor Lunde er afgaaet ved Døden, har jeg besørget den til hende sendte Liste og fik paa denne 34 Kvinders Underskrifter.22

565 kvinneorganisasjonar

Om Gina Krog skuffa dei som venta at ho skulle ha stilt seg i spissen for den store underskriftsinnsamlinga, gjorde ho noko. 7. august møttest 30 representantar for ulike organisasjonar heime hos fru Randi Blehr, under Gina Krog si leiing. Dei vart samde om å arbeida for å få til ei «foreningsadresse », som skulle underskrivast av ein representant for kvar foreining. Tidsfristen var knapp, resultatet skulle vera klart til datoen for mannfolkavstemninga – 13. august. Det var ingen liten jobb, og resultatet – tilslutnad frå 565 kvinneorganisasjonar – var sannsynlegvis meir enn nokon kunne spå på førehand. Kven visste at det fanst så mange kvinneorganisasjonar i landet? Her var alle med, arbeidarkvinner, avholdskvinner og misjonskvinner av alle kategoriar i lag med dei meir borgarlege kvinneorganisasjonane. Inga lokal kvinneforeining var for lita til å telja med.

13. august møtte ein deputasjon frå Nasjonalrådet opp i Stortinget for å overlevera foreiningsunderskriftene. Stortingspresidenten og regjeringsmedlemmene tok imot. Gina Krog heldt ein kort tale, og sa mellom anna:

Vi kvinder tilhører ikke det norske vælgerfolk, og kan ikke lægge vort ja i urnen, men vi tilhører det norske folk, og kan udtale vor tak paa denne stadfæstelsens dag. Vi retter vor tak for hvad som er udrettet til Norges storting.

Ifølgje Dagbladet uttalte utanriksminister Jørgen Løvland at «Kvindernes Optræden dannet et af de smukkeste Blade i Norges Historie 1905.»23

Nær 300 000 underskrifter

Vel ei veke seinare fekk Stortinget fleire besøk av kvinner med enda meir imponerande dokumentasjon av kvinnene sitt engasjement for unionsoppløysinga. Det som hadde blitt kalla «en vovelig gjerning», hadde gitt resultat som ingen hadde grunn til å skamma seg over. 21. august kom ein deputasjon med Betzy Kjelsberg i spissen til Stortinget og overleverte til stortingspresident Berner og statsminister Michelsen ei adresse frå 12 379 myndige kvinner i Drammen, Buskerud og Nordre Jarlsberg. Stortingspresidenten sa det var beklageleg at kvinnene ikkje hadde kunna vera med ved avstemninga, men han meinte «den Form, de havde valgt for sin Tilslutning og det Frivillighedens Præg, som laa over den vilde gjøre, at Mændene vilde forstaa og sætte Pris paa den nationale Interesse, som gav sig Udtryk gjennem deres Adresse».24

Delegasjonen frå Drammen kan sjåast som ein prolog til det som følgde neste dag, 22. august, da Stortinget hadde det første møtet etter folkeavstemninga, vart det oversendt 18 pakkar med lister ordna fylkesvis, og ei pakke med spreidde lister. På same tid møtte styret i LKSF opp i Stortinget, og formannen overrekte til stortingspresidenten ei mappe av raudt skinn, der det var trykt i gull: «Tilslutning til 7de junibeslutningen fra norske kvinder ved Landskvindestemmeretsforeningen.» I mappa var skrivet frå foreininga innbunde i lag med ei liste over kor mange underskrifter det var frå dei ulike amta. Formannen overrekte mappa til stortingspresidenen, og bad om at Stortinget måtte få vita at organisajonen hadde æra av å overlevera 4275 lister som inneheldt 244 765 namn25 på kvinner som med sine underskrifter hadde ønskt å føya sitt ja til svaret frå dei mennene som hadde hatt rett til å delta i folkeavstemninga 13. august. Alle ville med djup overtyding vera med på å slå ring om 7. juni-avgjerda. Dei beklaga berre at tida hadde vore for knapp og avstandane for store til at dei kunne nå alle dei kvinnene som ville ha vore med, om underskriftslistene berre hadde nådd dei i rett tid.

Også formannen for Sarpsborgs kvinneråd, fru Johnsen, var møtt fram, og overleverte stortingspresidenten underskrifter frå eit par tusen kvinner i Sarpsborg.26

Stortingspresident Berner takka for den offervilje og det fedrelandssinn norske kvinner hadde vist. Ved slutten av stortingsmøtet same dag refererte han for stortingsrepresentantane kva som hadde komme inn av adresser frå kvinner, både frå organisasjonane ved NKN, frå over 12 000 myndige kvinner i Drammen og omegn, frå meir enn 244 000 kvinner, som hadde teikna seg på Landskvindestemmeretsforeningen sine lister. Vidare sa han til stortingsrepresentantane som høyrde på talen ståande, at han var sikker på dei alle sette pris på den varme interessa og den djupe fedrelandskjærleiken som dette var uttrykk for. Det var lett å forstå at dei norske kvinnene i ein så alvorleg situasjon som den ein no stod i, hadde eit levande ønske om å gi uttrykk for si oppfatning. Dei hadde ikkje kunna gjera det på same vis som dei røysteføre mennene, men dei hadde etter forholda valt ein veg som «forekommer mig naturlig». Det dei hadde uttalt var eit fulltonande uttrykk for den oppfatninga alle norske kvinner delte. Dette fortente dei takk for, og den ville han med dette ha uttalt.27

Sannsynlegvis hadde kvinnene sitt engasjement også ein tilleggsverknad som ikkje let seg måla – det fekk fleire av mennene til å bruka stemmeretten. Det var Fredrikke ikkje i tvil om, og ho kommenterte denne sida av saka på eit møte i LKSF i desember 1905:

I mellem os sagt mine Damer tror jeg vi vil være enige i at der den 13de August ikke vilde mødt saamange Mænd ved Urnerne som det gjorde dersom ikke Kvindernes iherdige Arbeide hadde bragt dem derhen.28

Kvifor ikkje fleire?

Dagbladet sin kommentar «Kvindernes Ja»29 viser at kvinnene, og ikkje minst Landskvindestemmeretsforeningen, hadde sett seg i respekt på ein måte som imponerte:

I et Antal af over 272 000 har de tegnet sine Navne paa Masseadressen, og skjønt de fleste vil si, at Resultatet er glimrende, kan der vel være dem, som synes det er underligt, at Kvindestemmerne er færre end Mannsstemmerne.

Men for å kunna vurdera dette rett, måtte ein vera klar over at kvinnene mangla heile det administrative, formelle apparatet som for mennene var ordna med lovgiving og manntal og praksis i nitti år, og at kvinnene si stemmegiving ikkje var sett i verk av administrasjonen, men av Landskvindestemmeretsforeningen, som ikkje hadde høve til gratis bruk av embetsverk eller statleg post, telegraf og telefon. Store avstandar, tidkrevjande postgang og ferietid måtte også takast med i vurderinga.

Først naar man hører, hvilke Vanskeligheder denne Hurtigafstemning har været forbundet med, vil man se Resultatet i den rette Belysning.

At det blir oppgitt litt ulike tal på kvinneunderskriftene, har å gjera med at det kom ein heil del lister etter den høgtidelege overleveringa, mellom anna 1000 namn frå Røros, 10 000 frå Bergen og 10 000 frå Trondheim. Ifølgje LKSF sine eigne tal kom 35 113 underskrifter til seinare, ialt vart det 279 878. I tillegg kom listene frå Drammen og Sarpsborg, som hadde blitt overleverte direkte til Stortinget – så tilsaman vart det nær 300 000 underskrifter.30 Resultatet var betre enn nokon optimist kunne venta på førehand. Fredrikke var stolt og lykkeleg over resultatet, over at

vi kunde faa lægge vore Følelser for vort Land som et Lod i Vægtskaalen, da det gjaldt Fædrelandets Uafhængighed. Vi vilde ikke lade Mændene staa alene, men trolig hjælpe dem, om det kom til at kræves,

har ho sjølv skrive om underksriftsinnsamlinga, som ho karakteriserte som noko av det beste ho hadde vore med på.

Av mennene stemte 368 211 ja, og 184 nei. Både for menn og kvinner viste avstemninga og underskriftsinnsamlinga ei høgare valdeltaking enn i ordinære val på denne tida. For mennene låg deltakinga på 85 prosent i folkeavstemninga, medan berre knapt 53 prosent av mennene hadde stemt ved stortingsvalet i 1903. Først ved stortingsvalet i 1915, det første etter at kvinner fekk allminneleg statsborgarleg stemmerett, var det ei valdeltaking frå kvinnene som kan samanliknast med oppslutnaden om underskriftsinnsamlinga i 1905 – da stemte vel 304 000 kvinner.

Siste nummer av Rødt! Les mer her

Kommentaren i Dagbladet peikte på at det kunne synast «underligt» at det var færre kvinnestemmer enn mannsstemmer. Dette gjeld dei samla tala for heile landet. Men samanliknar ein tala for kvart amt, viser det seg at det er fleire stader at kvinnestemmene er i fleirtal. Det gjeld til dømes Jarlsberg og Larvik Amt (no Vestfold), der det vart registrert vel 12 500 mannsstemmer og om lag 22 500 kvinneunderskrifter, Nedenæs (no Aust-Agder) med vel 9 000 mannsstemmer og 11 500 kvinneunderskrifter, Lister og Mandals Amt (no Vest-Agder) med om lag 11 000 mannsstemmer og om lag 15 700 kvinneunderskrifter, og Bratsberg Amt (no Telemark) med nær 14 000 mannsstemmer og 16 500 kvinneunderskrifter. I nokre amt var mannsstemmene i stort fleirtal, og i somme var det nokså jamne tal. Denne samanlikninga er basert på oversyn over stemmeresultat i dagspressa31 og dei kvinneunderskriftene som vart overleverte til Stortinget 22. august. Seinare kom ein heil del kvinneunderskrifter til. Ei fullstendig samanlikning er vanskeleg å gjera, men desse eksempla gjer det rimeleg å tru at ulik grad av organisering og variasjonar i kor mange lokale eldsjeler som stod på for å samla underskrifter, kan forklara at ikkje fleire kvinner fekk skrive seg på på listene. På same tid er det uråd å tenkja seg at underskriftsinnsamlinga kunne gått føre seg med eit så godt resultat utan det omfattande organiseringsarbeidet som var gjort gjennom NKS sia 1896 og LKSF sia 1898.

Ny mannfolkavstemning

Etter mannfolkavstemninga i august følgde ei ny seinare i 1905. Den kommande kongen, prins Carl av Danmark, ville gjerne vita om han var velkommen i Noreg, og det vart tillyst folkeavstemning 12. november om styreforma i landet. Skulle det sjølvstendige Noreg vera republikk eller kongedømme?

Etter kjempeinnsatsen frå kvinnene i august var det naturleg å spørja om dei no var verdige til å bli rekna med som borgarar. På ny vende styret i Landskvindestemmeretsforeningen seg til Stortinget med ei høfleg oppmoding:

Til Storthinget!

Landskvindestemmeretsforeningen tillader sig herved at stille en indtrængende anmodning om, at Norges kvinder maa blive regnet med i de stemmeberettigedes tal, hvis folkeafstemning besluttes angaaende Norges fremtidige statsform.32

Oppmodinga vart referert for Stortinget, men det kom ikkje så mykje som «en forstaaende ydring» frå herrane i stortingssalen.

LKSF fekk fleire oppmodingar om å laga ei ny avstemning lik den om 7. juniavgjerda, men styret fann at det av fleire grunnar ikkje ville vera rett å gi seg i kast med det. Ei slik avstemning måtte gi rom til å velja mellom to statsformer, det ville krevja to slag lister, og ville stilla større krav til offentleg kontroll, noko LKSF ikkje såg seg i stand til å få til. Og kanskje ville ei slik avstemning få fram meiningsskilnader som kunne føra til splitting. Det ville ikkje LKSFformannen bruka krefter på å leggja til rette for. Målet for henne og LKSF var «… at samle kvinderne om det, vi alle er enige i»33.

Og dessutan var kassa tom.

Politisk kraftprestasjon

Meir enn hundre år etterpå kan ein undrast på at den kjempemessige underskriftsinnsamlinga i det heile let seg gjennomføra med den tids infrastruktur, og heilt utan alle nymotens kommunikasjonsinnretningar. Det kravde både pågangsmot, organisasjonstalent, energi og ei usvikeleg tru på at det «umogelege» var mogeleg.

Her vart to kampar ført på same tid – og til fordel for begge – kampen for den nasjonale frigjeringa og kampen for kvinnestemmeretten. Dei kampanjane som vart sette i verk, gav kvinnene høve til å visa at dei var like mykje engasjerte i det nasjonale spørsmålet som mennene var, på same tid som dei kravde sin rett til å bli behandla som fullverdige borgarar. Kvinnene tok saka i eigne hender, og praktiserte politiske rettar før dei formelt hadde fått desse rettane.34

Det skulle også visa seg at denne innsatsen frå kvinnene vart eit viktig argument i den vidare kampen for stemmeretten. Kvinnene hadde vist at dei meinte alvor, dei hadde meiningar om unionsopløysinga, og dei tok ansvar for å få sagt sitt, sjølv når dei som styrte ikkje gjorde noko for å leggja til rette for det.

Både stortingspresident Berner og utanriksminister Løvland knytta kvinnedeltakinga i 1905 til den vidare kampen for stemmeretten. Da dei tok imot underskriftene frå kvinneorganisasjonane 13. august, sa Berner at han forstod det var tungt for kvinnene ikkje å kunna vera med og leggja sitt ja i urna.

Men Kvinderne har den kommunale Stemmeret. Brug den og brug den godt! Det vil være den beste vei til at opnaa de fulde Borgerrettigheder, Kvinderne stræber efter. Den Holdning, som Kvinderne har intat i disse Dage og under Afstemningen vil ogsaa bidrage til, at Kvinderne kan opnaa statsborgerlig Stemmeret.35

Utanriksminister Løvland følgde opp og stadfesta at dette var eit viktig steg på vegen til full stemmerett:

Norske Kvinders Holdning i By og Bygd i disse Dage er et smukt blad i Norges Historie og vil mægtig bidrage til at skaffe dem den Ret, de forlanger.

Carl C. Berner og Jørgen Løvland var begge venstremenn, og på denne tida støtta dei fleste venstremennene kravet om full stemmerett for kvinner, sjølv om partiet enno ikkje hadde programfesta kvinnestemmeretten, det skjedde først året etter.

I ettertid er det ikkje urimeleg å tolka det som vidare skjedde i tråd med Løvland sine ord – at underskriftsinnsamlinga i 1905 vart eit mektig bidrag «til at skaffe dem den Ret, de forlanger». Men sjølv om dei framstår som positive og velvillige, er det noko underleg patriarkalsk over desse mennene som formanar kvinnene om bruka stemmeretten godt. Berner hadde heller ikkje full dekning for å seia at «Kvinderne har den kommunale Stemmeret». Vedtaket i 1901 gav stemmerett til dei kvinnene som anten sjølve hadde betalt skatt av ei viss inntekt, eller var gifte med menn som betalte tilsvarande skatt. Med vedtaket om allminneleg kommunal stemmerett som kom i 1910, vart talet på kvinner med stemmerett meir enn dobla – frå vel 233 000 i 1901 til nesten 520 000 i 1910.

Venstremennene var ikkje åleine om å stilla krav til kvinnene i 1905. Avisa Social-Demokraten hadde også ei spesiell oppmoding til kvinnene om å visa «at de fortjener stemmeret». Her gjekk det ut på å sjå til at mennene brukte stemmeretten sin i avstemninga 13. august:

Skab saadan interesse for valget 13. august – enhver i sin kreds – at hjemmene blir tomme for stemmeberettigede mænd den dag. Som I kvinder værner om eders hjem indad, skal I forlange af alle stemmeberettigede unge og gamle mænd, at de udad skal værne om vort fælles hjem, Norge. Til forberedelsesarbeidet hermed er alle kallede. Med «ja»-sedler skal fremtidens Norge reise sig paa demokratiets grund – ikke til skræk for Sverige, men til efterfølgelse».36

Kvinnene var ikkje berre ansvarlege for å oppdra ungane så dei skikka seg vel, dei fekk også ansvar for å passa på at mennene brukte den stemmeretten dei sjølve ikkje hadde.

Kvifor kravde politikarane at kvinnene skulle bevisa at dei var verdige til å få full stemmerett? Kvifor skulle kvinnene bli pålagde å ta eit større ansvar for å kjempa fram sine eigne borgarlege rettar enn menn nokon gong hadde gjort? Hadde desse leiande politikarane ikkje nok tru på si eiga evne til å vinna fram i denne saka? Kven skulle overtydast?

Noter:

  1. Refererer til 9. juni 1880 da Stortinget gjorde det som vart kalla promulgasjonsvedtaket – dei vedtok at når eit vedtak var gjort tre gonger i Stortinget, var det gyldig, sjølv om kongen nekta å godkjenna det, jfr s x i kap 7.
  2. Nylænde nr 12 1905.
  3. Koht 1955, s. 77–80.
  4. Dagbladet 28.7.1905.
  5. Brev frå Gina Krog 27.7.1905. Eske 19, Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket NTNU .
  6. Dagbladet 29.7.1905.
  7. LKSFs årsberetning for 1905. Eske 59A i Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket, NTNU .
  8. Mathias Sigwardt Greve (1832-1912), lege og direktør for Rikshospitalet frå 1883 til 1911.
  9. Aftenposten 28.7.1905, kveldsutgåva.
  10. Dagbladet 31.7.1905.
  11. Nylænde 17/1905.
  12. Verdens Gang 4. 8.1905.
  13. Same stad.
  14. Dagbladet 5.8.1905.
  15. Mellom anna i Dagbladet 9.8. og Social-Demokraten 10.8.1905.
  16. Dagbladet 11.8.1905.
  17. Dagbladet 18. august 1905.
  18. Brev frå Thora Storm 9.8.1905. Eske 19 i Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket NTNU .
  19. Brev til Fredrikke frå Gyda Haabjørn 15.8.1905.
  20. Brev til Gyda Haabjørn frå Fredrikke 8.8.1905. Eske 19 i Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket NTNU .
  21. Brev frå Vilhelmine Darre Buchholdt 16.8.1905. Eske 19 i Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket NTNU .
  22. Brev frå Henriette Astrup 16.8.1905. Eske 19 i Qvamarkivet, Universitetsbiblioteket NTNU .
  23. Dagbladet 14.8.1905.
  24. Verdens Gang 22.8.1905.
  25. Dei 244 765 underskriftene fordelte seg slik på dei ulike amta:
    Christiania og Akershus Amt 58 206
    Smaalenene 13 673
    Hedemarken 18 868
    Kristians amt 17 488
    Buskeruds amt 6 225
    Jarlsbergs og Larviks amt 22 462
    Bratsbergs amt 16 504
    N edenæs amt 11 572
    Lister og Mandals amt 15 669
    Stavanger amt 12 388
    Søndre Bergenhus 1 227
    N ordre Bergenhus amt 2 451
    R omsdals amt 12 108
    S Trhjems amt 6 589
    N ordre Trondhjems amt 12 379
    N ordlands amt 6 356
    Tromsø amt 4 906
    Finmarkens amt 598
    Spredte lister 5 096
  26. Nylænde 17/1905.
  27. Social-demokraten 23.8.1905.
  28. Manus til innleiing på LKSF-møte 8.desember 1905. Eske 46 i Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket, NTNU .
  29. Dagbladet 24.8.1905.
  30. Årsberetning for LKSF 1905. Eske 59A i Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket, NTNU .
  31. Mellom anna i Social-Demokraten 18.8.1905.
  32. Årsberetning for LKSF 1905. Eske 59A i Qvam-arkivet, Universitetsbiblioteket, NTNU .
  33. Same stad.
  34. Melby 2000, s.90: «They practiced political rights before they obtained formal rights.»
  35. Dagbladet 15.8.1905.
  36. Social-Demokraten 2.8. 1905.