Avvis sekstimarsdagen

Av Olav Randen

2015-01

I denne artikkelen vil eg vise at kravet om seks timars arbeidsdag for alle står i vegen for klar tenking om korleis verdas problem med miljøøydelegging, ulikskap og fattigdom skal løysast. Det står også i vegen for at venstresida, særleg Raudt, skal få tilslutnad.

Olav Randen er geitebonde og driv forlaget Boksmia.

Men før eg skriv meir om det, må eg nemne at eg ønskjer både å gjere arbeid lystbetont og at arbeidsfolk skal ha rikeleg fritid.

Eg deler Marx sitt ønske, uttrykt i Den tyske ideologi (1845), om eit samfunn der innbyggjarane kan gjere ein ting i dag og ein annan i morgon, jakte om morgonen, fiske midt på dagen, stelle krøtter om kvelden, kritisere etter middag, utan for det å bli jeger, fiskar, fjøsrøktar eller kritikar. Og eg meiner redusert arbeidstid er eit fornuftig krav for småbarnforeldre, at ein del av oss har funksjonshemmingar eller andre problem som gjer at me berre kan vere i arbeid stutte dagar, at ei utfasing av arbeidstida for eldre arbeidsfolk er klok politikk og at det finst arbeidsoppgåver som krev så sterk konsentrasjon eller fysisk innsats at den daglege arbeidstida ikkje bør vere meir enn seks timar.

Det følgjande handlar altså om normalsituasjonen og om mellom 30 og 40 av dei bortimot 50 arbeidsåra dei fleste av oss kan rekne med, ikkje om unntaksåra og unntakssituasjonane. Og det handlar om dei første femti eller hundre åra, lenger framover er det vanskeleg å sjå.

Ei sak for små parti

Frå sist på 1800-talet til 1920 pågjekk kampen for åttetimarsdagen i dei fleste vestlege land, med resolusjonar, demonstrasjonar, talar, avisinnlegg, tariffkrav, partimarkeringar og streikar. 1. mai var åttetimarsdagen hovudkravet. Presset nedanfrå, saman med redsla for at folket i fleire land skulle følgje eksemplet frå Sovjet i 1917 og ta makta, gjorde at åttetimarsdagen kom. I Norge vart åtte timars normalarbeidsdag ført inn i arbeidarvernlova i 1918 med verknad frå året etter. Idretts-, kultur- og organisasjonsarbeid skaut fart då arbeidsfolk fekk meir fritid.

Er ei liknande politisk mobilisering i gang no for seks timars arbeidsdagar? Kravet er eit Columbi egg i den faglege kampen, seier forkjemparane. Men sekstimarsdagen har ikkje vorte noko massekrav, ikkje i vårt land og ikkje i andre land. I dei mange åra dagen har stått på somme saklister i Norge, har det vore ei partisak for Raudt og ei halvhjarta sak for SV og i liten grad ei sak for fagrørsla. Raudt har vorte verande eit lite parti og SV har det siste tiåret vore eit parti i sterk nedgang.

I ei årrekkje har også eksempla vore dei same, Kelloggs produksjon av frukostblandingar i Michigan i USA frå 1930 og frametter og Tines ostelager på Heimdal i Trondheim frå 2007 og frametter.

Kvifor er interessa så laber? Arbeidet er ein del av oss

Noko av svaret er at seks timars dagleg arbeid blir oppfatta som ei nedvurdering av arbeid.

I mange samanhengar opplever me, gruppa folk flest, oss som brikker. Me kan høyre på Politisk kvarter eller Dagsnytt 18 eller sjå på Aktuell i NRK og veit at naboane eller arbeidskameratane eller me sjølve har minst like stor innsikt i politikk som aktørane i dei kringkasta debattane. Men vår innsikt vil aldri nå offentlegheita. Det er dei profesjonelle og filtrerte politikarane som styrer. Vår oppgåve er avgrensa til å stemme, å velje mellom dei.

Men arbeidet er framleis vårt. Om me er industriarbeidarar eller reingjerarar eller bussjåførar eller forskarar eller kunstnarar, har me ei forståing av at me gjennom arbeidet vårt gjer ein verdifull innsats for fellesskapet. Vårt liv, vår sjølvforståing og vår stoltheit er knytt til at me trengst.

Skogsarbeidarane sin fremste poet, Hans Børli, var i skogen frå han var fjorten og arbeidslivet gjennom. Han budde i tronge koier med dårleg luft, ofte fem eller åtte mann i ei koie og våte klede og hesteselar i tillegg, med halm og lus attåt to tømmer-hoggarar i kvar tronge sengebenk, med utåleleg varme nær omnen og frost langs veggene så våte arbeidsklede fraus til veggen, med lange og kalde arbeidsdagar, der risikoen for arbeidsskadar var stor og gikt sannsynleg i alderdommen, med låg løn og usikker framtid, med trøyst i tobakk og kaffi og stundom heimebrent og med seks av sju dagar vekk frå kone og barn. Børli hadde evner i anna lei, han kunne ha gjort skrivinga til levebrød med stuttare og meir behagelege arbeidsdagar og ein alderdom med pensjon og utan gikt. Men om skogslivet skreiv han slik i diktet «Stål» (frå Dagene, 1958):

Jeg holder av dette livet!
Skogsarbeiderens takløse liv,
åpent for regnet og vinden
og stjernenes kloke blikk.

Morgenturene fram til hogstfeltet
når sol gyller skodda
så hele gryet skinner
som et blondt, utslått kvinnehår.
Kvilestunda ved elden. Kveldene
når trøtthet gror i kroppen
og du benker deg under lampen og bryter
brødet, hverdagens signede hostie – –

Ja! Jeg holder av dette livet!
Himmelen hviler på det
som på ei blå åsrand.
Gjennom de tunge dagsverk
skrår lys fra den evige sol.

Ber me eldre folk prate om det dei har opplevd, vil dei fortelje om barn og barnebarn og oldebarn, om turar og naturopplevingar, om politiske verv dei har hatt, storfisk dei har fått på kroken eller konsertar dei har lytta til, men dei fleste vil framom alt dette sjå attende på eigne arbeidsliv: – Mitt arbeidslag bygde rådhuset og mange gode bustadhus, eg teke meg av pleietrengande eldre, eg har lært barn å lese og skrive, eg har sprengt tunnelar slik at folk skal få elektrisk straum, eg var sveisar på Akers Mek, seier dei med stoltheit i røysta. Det var vi som bygde landet, seier dei.

Les me arbeidarhistorie og samanliknar med presentasjonane i dag, ser me ein vesentleg skilnad. Arbeidsfolk før la vekt på at dei hadde kvalifikasjonar og dugleikar andre ikkje hadde, og dei var stolte av det. I dag er arbeidaren berre eit nummer i rekkja.

Leitar me i fotoarkiv, finn me bilete etter bilete av arbeidslag, anleggsarbeidarar med eine foten på spaden og slegga over oksla til dømes. Dei visste kva dei var verdt, og dei ville markere det for omverda med bileta. I dag, med digitale bilete i milliontal, finst knapt nok foto av folk i arbeid og endå mindre av arbeidslag. Den slovenske filosofen Slavoj Žižek spissformulerer det når han skriv at i moderne massemedia er det fullt akseptabelt å vise samleie og onani, men å trø over ei grense å vise manuelt arbeid.

Når somme seier: seks timars dag med full lønnskompensasjon, kan det tolkast som at med dette får me til ei fundamental endring i forholdet mellom arbeid og kapital. I så fall ligg ein naiv tanke bak om at kapitalistar er lettlurde eller lette å presse. Ei meir nærliggjande tolking er likevel at etter agitatorane si vurdering kan Kari og Ali gjere ein dags arbeid på seks i staden for sju ein halv time, fordi dei då kjem til å arbeide meir effektivt. Skjøner dei ikkje det, er det dei og ikkje agitatorane som manglar innsikt. Men hadde agitatorane undersøkt føreåt, ville dei ha innsett at det arbeidet som no krev sju ein halv time, vanlegvis ikkje kan utførast på seks timar.

Kari og Ali på golvet i fabrikken veit det. Dei veit difor også at om seks timars dag skulle bli innført i vårt land og ikkje i konkurrerande land, ville norsk vareproduksjon og arbeidsoppgåver bli flytt til land der forholdet mellom lønn og arbeidstid er ulikt her. For det er ikkje lenger som i 1918, at det meste av vareproduksjonen skjer innanfor landets grenser og for landets behov. Difor står det reelle valet for Kari og Ali mellom vanleg arbeidstid og arbeidsløyse, ikkje mellom vanleg arbeidstid og seks timars dagar.

Men i eit anna samfunn? Det kjem eg attende til.

På vegner av …

Ville dei helst ha jobba seks timars dag, dagens forkjemparar for sekstimarsdagen? Eg trur at dei i arbeidslivet, som dei fleste av oss, har vore opptekne av å gjere skikkeleg arbeid, også om arbeidsdagen stundom blir både åtte og ti timar. Eg trur ein hovudtanke i deira arbeidsliv har vore det slagordet som står på mange norske arbeidarfaner: «Gjer di plikt, krev din rett».

Viss det er slik for dei, blir neste spørsmål kvifor det er annleis for andre. Det er ikkje å kome unna at bak ligg ein tanke om at eins eige arbeid er viktig, medan dei andre sitt arbeid, dei stakkars hjelpepleiarane og reingjerarane og industriarbeidarane og butikkekspeditørane sitt, ikkje er så viktig. Bak ligg ein tanke om den lidande arbeidarklassen og eit ønske om å redusere lidinga. Men den som tenkjer slik, at arbeid, iallfall fysisk arbeid, berre skjer motvillig og er ubehageleg, er heller ikkje i stand til å bidra til å gjere arbeidslivet meiningsfylt, variert og interessant. Og ikkje til å byggje opp att den forståinga av eigenverdi som gjennom historia har prega arbeidsfolk og vore noko av grunnlaget for politisk mobilisering.

Eg som skriv dette, er bonde. Er du berre bonde eller?, spør folk frå åndseliten meg. Svarar eg som sant er, at det å vere bonde sanneleg ikkje er berre, skulle ein tru at spørjaren blir nyfiken og vil høyre meir om kva bondeyrket inneber. I staden har eg gong på gong opplevd at eit slikt svar stengjer for samtale. Svarar eg at eg ikkje er berre bonde, eg driv med somt anna i tillegg, eg skriv, redigerer og gir ut bøker innimellom utearbeid og fjøsstell, blir eg ein frå den interessante delen av menneskeheita.

Nei, nei, for meg er alle arbeidsfolk og alle arbeidsoppgåver like viktige, og det er usakleg å plassere meg i dette selskapet, vil forkjemparane for sekstimarsdagen innvende. Kanskje med rette. Men neste spørsmål er korleis bodskapen blir motteken. Den blir sett inn i samanhengar. For bussjåføren eller hjelpepleiaren eller industriarbeidaren er ein av samanhengane at dei er berre. Deira oppfatningar er uinteressante. Blir arbeidsplassen borte eller dei får helseproblem, løyser samfunnet det med å gi dei uføretrygd, ikkje med ny arbeidsplass, ikkje med seriøs behandling av helseproblema og ikkje med tilpassa arbeid.

Arbeidets plass i folks liv

Me har tre hovudoppgåver å fylle dagane med mellom barndoms leik og læretid og alderdoms kvile, arbeid, sosialt liv og fritid. «8 hours labour, 8 hours recreation, 8 hours rest», som det stod på arbeidarfaner i mange land hundre år attende.

Me kan gjere utrekninga noko meir detaljert: Ei veke på 168 timar. Om gjennomsnittsmennesket søv 8 timar i døgnet eller 56 timar i veka, bruker 3 timar om dagen eller 21 timar i veka til personleg hygiene, eting, husstell, stell av klede og slike ting og 3 timar om dagen eller 21 timar i veka til sosial kontakt med familie og omgangskrins, er det att 70 timar til arbeid og fritid. Tek arbeidsreisa tur/retur ein time om dagen eller fem timar i veka, har me att 65 timar. Med ei arbeidsveke på 37 ½ timar har me framleis att 27 ½ timar til å lese romanar, trene, spele piano eller gå turar i skog og mark.

Reknar me på årsverk, utgjer eit år 8760 timar og eit normalårsverk i arbeidslivet 1750 timar. Om me er i arbeid frå 17 til 67 år eller frå 20 til 70 og lever i 80 år, inneber det at me arbeider 20 prosent av tida i 50 av desse åra eller 12,5 prosent av livet. Med seks timars dag blir arbeidstida redusert til 16 prosent av tida i arbeidsåra eller 10 prosent av livet.

Samfunnets behov for arbeid

Men er det behov for at me alle jobbar 7 ½ timars dag? Ny teknikk, aller mest digital teknikk og mekatronikk, gjer mykje manuelt arbeid overflødig. Dessutan har dette landet snart 100 000 arbeidsledige og altfor mange på uføretrygd, og i dei fleste land er arbeidsløysa langt større enn hos oss. Det nødvendige arbeidet bør rasjonaliserast så mykje som råd og fordelast så godt som råd, og gjennom det har me eit stort innsparingspotensial. Og profitten til dei få bør bli mindre og helst borte.

Alt i føregåande avsnitt er etter mi oppfatning rett. Men det er også slik at mange arbeidsoppgåver blir forsømte. Difor trengst grundigare analyse av forholdet mellom arbeidsbehov og utført arbeid, der det følgjande berre er ein ufullstendig gjennomgang. Eg startar med innsparingspotensialet:

For det første blir det altså utført mykje arbeid som er unødvendig og skadeleg. Nedgang i forbruket må til. Særleg bør det ramme overklassen og øvre middelklasse. I mitt heimeområde Hallingdal har tusentals pengefolk luksushytter dei bruker berre rundt skihelgene vintertid, og då oftast med sine Audiar og Mercedesar inn til hytta torsdag kveld og attende sundag ettermiddag. I realiteten har dei to bustadhus, eit i byen og eit her, og kanskje også eit tredje ved kysten eller i Spania. Det burde vere forbod mot å ordne seg slik, og det burde vere rasjonering på drivstoff til bilar, alternativt svært høge prisar, slik at forureiningskostnaden hadde vorte betalt av brukaren og ikkje av fellesskapet og komande generasjonar. Det finst eit stort innsparingspotensial med å unngå fabrikasjon/import av unødvendige og skadelege produkt og med å skjere vekk marknadsføring og sal av desse produkta.

For det andre gjer ny teknologi og framgang i arbeidsrutinar at mykje arbeid kan reduserast eller fjernast. Ein sveiserobot kan erstatte mange sveisarar, og ein mjølkerobot kan vaske og mjølke mange kyr. Det må likevel føyast til at dette ikkje er ein nettogevinst, fordi roboten må fabrikkerast, treng tilsyn og slitst ned. I vårt land, der arbeidslønningar og andre kostnader med arbeid er høgare enn i så å seie alle andre land, blir robotar kjøpte inn til mjølkeproduksjon, og gardar/fjøs blir planlagde – ikkje ut frå kor mykje jord garden har, men med eit tal mjølkekyr som kan delast på 60, fordi kapasiteten til ein mjølkerobot er 60 kyr. Så må gras og kraftfôr køyrast, ofte mange mil, til fjøset, og møkka må køyrast like mange mil vekk viss ho skal brukast til gjødsel og ikkje dumpast. I Danmark, som i utgangspunktet har langt gunstigare forhold for stordrift i mjølkeproduksjon enn Norge, går utviklinga når det gjeld robotar andre vegen. Norske mjølkebønder kjøper nokre år gamle robotar derifrå, ikkje fordi danske yrkeskollegaer skal skifte ut mjølkerobotane sine, men fordi dei har kome til at økonomien blir betre om dei går attende til maskinmjølking.

Truleg er den største innsparinga å setje heile folket i arbeid. I staden for å realisere det som står i paragraf 110 i grunnlova, at «Statens myndigheter skal legge forholdene til rette for at ethvert arbeidsdyktig menneske kan tjene til livets opphold ved arbeid eller næring.», er det enklare, iallfall for overklassen, om samfunnet bruker trygder for at folk skal overleve. Dagens regjering synest ha blåse støvet av eit rundskriv om kommunale plikter som kommunaldeparte-mentet sende kommunane i 1932 om at pliktene i høve til dei fattige «går ikke lenger enn til å hindre at vedkommende forkommer». Vidare heitte det:

Det kan på ingen måte kreves, og det må heller ikke skje, at vedkommende får understøttelse i sådan utstrekning at han lever på omtrent like fot med den som klarer å forsørge seg selv.

Men det er også arbeid som ikkje blir gjort eller blir gjort på utilstrekkeleg vis. Aller mest gjeld det omsorgsarbeid, for sjuke, eldre og barn i og under skulealder. Me treng fleire lærarar, førskulelærarar, helse- og omsorgsarbeidarar. Det trengst også meir vedlikehald, til dømes av offentlege bygningar som skular og sjukehus og av verneverdige bygningar. Landet med store beiteressursar vel i staden å importere mat eller dyrefôr, og me har mindre og mindre industriell vareproduksjon. Og det å produsere mat til alle innbyggjarar på forsvarleg vis krev langt meir arbeidskraft enn me bruker no.

Så langt har eg kommentert dette på nasjonalt nivå. Men både miljøet og imperialismen er globale. Drifta av Norge og av Vesten er basert på øydelegging av natur og miljø. På nokre generasjonar tappar me kloden for fossil olje og bruker store delar av kol-lagera, me utryddar hundretusentals artar, og me driv eit helsestell og eit landbruk der det største framsteget legevitskapen til no har gjort, oppdaginga av antibiotika, snart kan gå om inkje fordi overforbruket gjer at bakteriar som er multi- og panresistente mot antibiotika, tek overhand.

Alternativet til antibiotika er tid, rom og andre behandlingsmåtar. Tid og rom til at den sjuke kan vere på sjukehuset eller borte frå arbeid til han blir frisk, framfor at han skal pøse i seg antibiotika for å drive attende infeksjonar raskt og kome seg ut av sjukehuset og attende på arbeidsplassen. Tid til at foreldre med sjuke småbarn kan vere heime med dei. Tid og rom til at husdyra ikkje treng stå tett i tett slik at bakteriesjukdommane får spelerom. Tid og rom til å observere husdyra så nøye at røktaren registrerer sjuke dyr og behandlar dei individuelt. Med 10 000 grisar eller ein halv million kyllingar og få røktarar er det uråd. Metoden blir i staden å tilsetje antibiotika i fôret. Og å ta ein runde for å fjerne døde og døyande dyr. Minst 15 prosent av smågrisane og 20 prosent av kyllingane i agroindustrien lir den lagnaden.

Innanfor naturens tåleevne og skikkeleg betalt

Både de som les og eg som skriv ønskjer eit land og ei verd innanfor naturens tåleevne og der arbeidsfolk får skikkeleg betalt. Korleis vil reknestykket for vårt arbeidsomfang bli då? For å svare trengst grundigare analysar enn det desse avsnitta utgjer. Som ein inngang skriv eg om vaskemaskinar og om transport.

Vaskemaskinar veg mellom 40 og 80 kilo og er bygde av jern, stål, aluminium, plast og elektronikk. Jernmalm til stål, olje til plasten og andre råvarer er knappheitsvarer, og energiforbruket ved å utvinne desse materialane er enormt. For å produsere, teste og pakke inn ein vaskemaskin trengst mange timars arbeid. Råvarene må fraktast til fabrikkane i Kina og Korea, og maskinane må sendast vidare til Norge og fordelast i landet.Om maskinen kostar oss 3000 kroner, er 600 av kronene moms til den norske staten og endå meir profitt og kostnader til marknadsføring og salsarbeid for kjede og butikk. No kostar vaskemaskinen oss to–tre dagars arbeid. I eit samfunn som framleis er marknadsstyrt, men der arbeid blir betalt nokolunde likt om det skjer i Norge eller Zambia, og der prisen på energi og forureining dekkjer skadane, ville den truleg ha kosta oss minst ein månads arbeid.

Vårt samfunn er basert på transport av personar og varer over lange avstandar. Bak ligg frihandelstenkinga om at det er bra med ei internasjonal arbeidsdeling, der somme produserer maten, somme industrielle råvarer og andre ferdigprodukta, og så kan alt fraktast frå produsent til forbrukar. Bak ligg også ein tanke om at stordrift i dei aller fleste tilfelle er meir effektivt enn smådrift. Og bak ligg den føresetnaden at transport er billig. Eit land som Norge har basert seg på import og langtransport av industrivarer, bussfrakting av barn og ungdommar fordi få og store skular er det billigaste, frakt av pasientar til sjukehus langt unna fordi få og store sjukehus er det billigaste, fiske langt til havs i staden for å vente til fisken kjem inn mot fjøra for å gyte fordi me med havgåande fabrikktrålarar kan ta opp større mengder fisk på kortare tid, fôring av husdyra med soya frå Brasil medan graset i nærområdet rotnar, og meir av same slaget.

Transport er billig fordi drivstoff- og maskinkostnadene blir belasta andre. Verdas lager av fossile brensler, bygde opp gjennom hundretals millionar år, blir brukte opp på nokre generasjonar. Luft og jord blir forureina, aller mest atmosfæren, slik at temperaturen stig, is og snø smeltar, havnivået stig og det blir varmare, villare og våtare vêr. Rekningane for dette må betalst av folk i fattige land og av generasjonane etter oss. Med all rett snakkar folk i fattige land om at Vesten står i ei økologisk gjeld til dei.

Når oljen tek slutt eller oppvarminga blir for sterk eller begge delar skjer samtidig, må me attende til meir lokalt og manuelt arbeid. Det må skje i eit to til fem grader varmare Norge i ei to til fem grader varmare verd, der kanskje hundretals millionar menneske må flytte fordi leveområda og matgrunnlaget tørkar ut eller blir øydelagt av flaumar og erosjon eller blir sett under vatn når havnivået stig.

I ei kapitalistisk omverd

Tenkjer me oss eit annleis-Norge i ei kapitalistisk omverd, må me bu oss på økonomiske vanskar. Landet vårt vil bli ei øy i eit omland av fiendar. Me får ikkje lenger vaskemaskinar og anna utstyr som gjer livet lettare, til spottpris fordi me er øvst i det imperialistiske hierarkiet, me må kjøpe dei til overpris eller produsere dei sjølve.

Cubanarane veit mykje om dette. Etter revolusjonen i 1959 la den mektige naboen USA ned forbod mot å selje så vel mat, medisinar og industrivarer til dei, og USA-lojale land gjorde som storebror. Det hjelpte ikkje om svolt eller sjukdommar ramma Cuba, embargoen var viktigare. Cubanarane støtta seg til Sovjet i staden. Dei bygde opp eit næringsliv basert på å selje sukker og rom og sigarar til Sovjet og å importere korn, traktorar, traktordelar og olje derifrå. Etter samanbrotet av Sovjetunionen i 1991 datt det saman. Cubanarane må greie seg sjølve i ei omverd der dei mektige, dei som i andre samanhengar agiterer for fri handel, framleis hindrar handel med dei. Cubanarane erstattar monokulturar i landbruket med multikulturar, bruker mangfald og rovinsekt i staden for sprøytemiddel mot ugras og oksar i staden for traktorar til trekkraft i landbruket. Det går det også, og det står stor respekt av måten dei kjem seg gjennom problema på. Det står også stor respekt av at Cuba trass i embargo og isolasjon har vorte ei humanitær stormakt, som til dømes har gjort ein kjempeinnsats i kampen mot ebola i vestafrikanske land i 2014. Det hadde ikkje late seg gjere om arbeidsdagane hadde teke slutt etter seks timar.

Tenkjer me oss ein heilt annan situasjon enn dagens, ei sosialistisk eller kommunistisk verd, må me løyse fattigdoms- og miljøproblema innanfor ei ramme av global utjamning. Då kan me ikkje tenkje at i vår skjerma del av verda kan folk arbeide seks timars dag same korleis det er i andre land. Me må i staden spørje om problema kloden er inne i, kan løysast innanfor ei global arbeidstid på seks daglege timar og 10 prosent av folks liv. I dag kan me ikkje sannsynleggjere det.

Oppsummert

Arbeidsføre menneske flest ønskjer å bruke ein vesentleg del av livet til arbeid til gagn for fellesskapet.

Kombinasjonen av naturøydeleggingar og folkevekst i vår tid gjer at framtida, iallfall dei første femti eller hundre åra, vil krevje stor arbeidsinnsats.

Seks timars arbeidsdag er, så langt me i dag har kunnskapar om framtida, ikkje gjennomførbar som ei global løysing.

Seks timars arbeidsdag er heller ikkje gjennomførbar som ei nasjonal løysing i vår del av verda. Kravet er gjennomførbart berre innanfor den miljøraseringa og den utbyttinga av andre land og folk som går føre seg i vår tid.

Ei stuttare oppsummering: Kravet om seks timars arbeidsdag står i vegen for skarp tenking for oss sosialistar og kommunistar, og det står i vegen for ein politikk for å gjere arbeid innhaldsrikt og meiningsfylt.