Ein økologisk politisk økonomi

Av Troy Vettese

2018-02A

Omsett av Gunnar Danielsen.

«Behold the liquid Thames now frozen o›er / That lately ships of mighty Burthen bore» kunne vore dei første linene i fantasiverda til ein poet, men dei er minner frå den verkelege tilfrysinga av Londons store vassveg i 1740.1 Sjølv om det er registrert isdekke på elva sidan 1400-talet, så auka frekvensen av slike kalde vintrar dramatisk på 1600-talet, til om lag ein gong per tiår. Det var ofte nok til at «is-festar» vart faste innslag i lokalmiljøa.2 Mellom London Bridge og Blackfriars spelte bybuarane kjeglespel, heldt bjørnekampar og festa oppå den underleg kompakte Themsen. Prov på desse bisarre klimaendringane vart registrert verda over; islendingane svelta då det frosne havet blokkerte hamnene deira, sveitsarane frykta breane som braste gjennom landsbyane deira, og folk på Manhattan kunne gå over den tilfrosne bukta til Staten Island.

Troy Vettese er doktorgradsstudent ved New York University.
Foto: Jialiang Gao

Tilbud til nye abonnenter: ETT ÅRS ABONNEMENT TIL 100 KR! Send kodeord gnist + e-postadresse til 2090. Obs! Husk e-postadresse!

Årsakene til denne to hundre år lange «lille istida» var kanskje tydelegast i spøkelsesbyane etter den øydelagde Mississippi-sivilisasjonen. I 1541 drog konkvistadoren Hernando de Soto langs elva og støtte på ei rad med folkerike busettingar langs breidda. Då europeiske oppdagarar kom tilbake halvtanna hundreår seinare var området folketomt. Det var sannsynlegvis utbrot av sjukdommar frå den gamle verda som hadde gripe inn i mellomtida. Den nye verda opplevde mange liknande endringar i den perioden; eit overslag på 100 millionar innfødde budde der i 1492, men midt på 1600-talet var det att bare 5 millionar, etter folkemord, epidemiar, slaveri og krig.

Dei økologiske implikasjonane var dramatiske. Millionar hektar med mais, potet, squash og andre vekstar blei liggande brakk etter dei innfødde bøndene, så skogen invaderte dei forlatne markene. Den grønne prakta som imponerte europearane var eit relativt nytt fenomen, ein konsekvens av at naturen erobra tilbake gammalt jordbruksland. Gjenveksten på det amerikanske kontinentet lagra om lag sytten gigatonn karbon (GtC)3, og senka karbondioksidinnhaldet i atmosfæren med 10 ppm. Det stod for ein vesentleg del av totalen, den gongen på 276 ppm (samanlikna med dagens 410 ppm4). Det var nok til å senke temperaturen på den nordlege halvkula med nærmare ein grad Celsius.

Me kan lære av den lille istida i klimakrisa i dag. Me blir minna ikkje bare om dei økologiske verknadene av imperialisme, men det antydar eit meir utopisk potensiale: naturleg geoteknologi (natural geo-engineering – NGE)5. NGE kan auke karbonlagringa gjennom slikt som skogplanting, som vil dempe effekten av global oppvarming. Vidare ville ei ublodig og demokratisk lita istid nummer to få oss til å forstå kor viktig bruken av jord er i den politiske økonomien. Knappe jordressursar fører økonomien attende til dei klassiske røtene, slik dei var grunnleggande for arbeidet til Adam Smith, David Ricardo og Henry George. Om det var fossilt drivstoff som let kapitalismen bryte seg laus frå lenkene til den britiske landsbygda og erobre verda, så vil slutten på æraen til det fossile drivstoffet avgrense den stadlause kapitalismen. Når det blir knapt med jordressursar igjen, kan det bli det endelege stengselet for økonomisk vekst i det tjueførste hundreåret.

Grunnen er at i tillegg til NGE, så krev to av miljørørslas andre hovudmål – innføring av fornybare energisystem, og stopp i masseutryddinga – au ganske mykje plass. Det er nærmast allment antatt at om det skal vere sjanse til å stoppe klimaendringane, då må fossilt drivstoff heilt bytast ut med andre energiformer. Det er likevel ofte oversett at erstatningane – i hovudsak sol- og vindbaserte system – treng ganske mykje større plass. Fossilt drivstoff har mykje høgare arealeffektivitet (power density) enn fornybare, då dei krev meir energi i form av overflateareal, vanlegvis målt i watt per kvadratmeter (W/m2). Det er rett og slett ikkje nok plass til at energisystem kan ekspandere evig. Problemet blir skjerpa av det tredje målet til miljørørsla, å stoppe den «sjette utryddinga». Hovudårsaka til at dyr og planter dør i hopetal er ikkje klimaendringar eller tjuvjakt, men at menneska legg beslag på territorium; det ekspertane på blodfattig sjargong kallar «endra bruk av jord» (land-use change). Det tette bandet mellom landområde og utrydding betyr at det blir naudsynt å sette av halvdelen av verda for å sikre at dei fleste artane overlever. Edward Wilson6 er naturforskaren som utvikla «Halv-Jord»-ideen, og seier at viss ikkje forslaget blir gjennomført, då vil halvparten av flora og fauna vere utrydda i 2100.

Når knappe jordressursar blir røyndom igjen, gjer det kort sagt ein ny politisk økonomi synleg, den kunne kallast Half-Earth Economic Design (HEED – økonomisk plan for halv-jord). HEED er basert på tri mål med 1) å fremje NGE; 2) å bevare biomangfald; 3) overgang til eit fullstendig fornybart energisystem. Desse måla er vanskelege å nå – mykje vanskelegare enn dei fleste miljøaktivistar vil innrømme – men dei er framleis svært viktige. For alternativet til HEED er ein stadig meir brutal fossilkapitalisme. Tankeeksperimentet viser at miljøkrisa ikkje kan løysast under kapitalismen. Dei skarpe krava HEED stiller er nyttige for å tenke klart; det er nokre få val fordi HEED er så vanskeleg å nå, og dermed blir det mauleg å skissere heilt konkret korleis eit øko-marxistisk samfunn ser ut.

Alternativa

Om det ikkje finst raske overgangar frå fossile drivstoff, så blir kunstig geoteknologi (AGE – artificial geoengineering) uunngåeleg. Det er ulike former for AGE, men den mest sannsynlege forma er «styring av solinnstrålinga». Det krev utslepp av millionar tonn sulfatgass (sulphate aerosols) med ballongar eller kanonar opp i atmosfæren for å sende solstråling tilbake i rommet. På den måten etterliknar AGE vulkanutbrot ved å sleppe ut små svevande sulfatbaserte partiklar. Mykje av forskinga på AGE konsentrerer seg om det siste store vulkanutbrotet, Mount Pinatubo på Filippinane i 1992, som kjølte ned Jorda med ein halv grad celsius.

Når klimasystema er så komplekse, er det uråd å ha klare idear om effekten av AGE når dei først er sette ut i livet. Det kan kutte Golfstraumen, monsunvindane i Sør-Asia, auke

D-vitaminmangelen, og gjere himmelen kvit. Somme land kan sette seg på tverke på grunn av ulemper, og starte krigar for å forsvare seg, eller starte eigne AGE-opplegg med resultat som er uråd å sjå føre seg. AGE er au farleg fordi karbonforureininga sannsynlegvis ville halde fram uforminska under klimaskjoldet. Men om det skulle slå feil – til dømes i tilfelle krig – ville verda raskt bli svidd av. På same vis som med lagring av atomavfall krev AGE fleire tusen års framsyn. Det vart sett som farleg kvakksalveri for ti-tolv år sidan, og er gjort respektabelt gjennom støtte frå Nobel-prisvinnarar, eliteuniversitet og jamvel IPCC.

Mange miljøforkjemparar avskyr AGE og vil framleis ha karbonfrie energisystem, men dei er klar over manglane ved fornybar energi. Derfor tyr dei til det einaste andre alternativet: atomkraft. Det er vegen folk med plettfrie miljømerittar vel, som George Monbiot7, James Lovelock8 eller James Hansen9. Lettsindig stør dei massiv auke i talet på kjernekraftverk, og tonar ned den store risikoen ein slik plan inneber. Hansen, berømt klimaforskar frå NASA, oppmodar verda til å bygge sekstiein kjernereaktorar i året fram til 2050 – rundt 2 135 nye reaktorar, langt over talet i dag på 44410. Og det ville bare erstatte fossilt drivstoff til produksjon av elektrisitet, og dermed ikkje ein gong røre olja som går til transport, eller metanforbruket til oppvarming av bygningar. Bygging av endå fleire reaktorar, som er vanskeleg å sjå føre seg, ville auke risikoen for både materielle skader i form av avfall og varig radioaktiv stråling lokalt, og betydeleg trussel for nedsmelting av reaktorar.

Det har vore nok uhell dei siste femti år til å diskreditere kjernekraft, men me treng ikkje sjå på alle desse eksempla som viser ulik grad av overmot og inkompetanse. Det er nok å sjå på den nyaste. Oppryddingsmannskapa på Fukushima-Daiichi-verket veit ikkje ein gong kor brenselstavane etter dei tri øydelagde reaktorane er. Seks hundre tonn uran som framleis spaltar seg smelta gjennom kara sine, og deretter djupt ned i jorda under verket. Det finst ingen måte å hente det tilbake på; robotane må først finnast opp. Fem robotar på leit etter uranet «døydde» då strålinga øydela leidningsnettet deira11. Bare å få opp brenselstavane kan ta førti år og koste tjue milliardar dollar12. Dei totale kostnadene for katastrofen er anslått til 188 milliardar dollar13.

Delvis er grunnen til vanskane med å rydde verket at 150 000 liter sjøvatn dagleg flaumar inn og blir til giftig avfall gjennom kontakten med dei radioaktive ruinane. Men om dei ikkje hadde bestemt seg for å drukne verket, då ville katastrofen vore uoverskueleg meir øydeleggande. Då ulykka skjedde trong ein sjøvatnet for å kjøle ned og stabilisere dei skadde reaktorane. Det stansa nedsmeltinga i kjerna. Kostnadene ved den operasjonen var øydelegging av anlegget, som eigarane TEPCO egoistisk prøvde hindre trass i risikoen. Om TEPCO hadde fått det slik dei ville, var ein nesten garantert ei større nedsmelting, som hadde sendt ut meir stråling, og over eit større område. Statsminister Kan Naoto frykta dette resultatet, og gav nesten ordre om å evakuere Tokyo og områda rundt – rundt 50 millionar menneske14. TEPCOs inkompetanse gjorde nesten verdas største by til ein spøkelsesby. Men det kan bli to, tri, mange Fukushima. Ifølgje den «største statistiske analysen av atomulykker som nokon gong er gjort» vil ei ny ulykke på nivå med Fukushima i 2011 eller Pripyat i 1986 med femti prosents sjanse skje før 205015. Ein kan sjå at slike odds ville forverre seg tilsvarande om atomkraft skulle bli ein større del av ein karbonfri energipolitikk, slik Hansen og andre går inn for.

Så er det alle dei materielle problema med kjernekraft, medrekna høge kostnader og plassering av avfall. Kvar kilowattime produsert på Storbritannias nye Hinkley Point C vil koste det doble av gjennomsnittsprisen, ein karikatur når prisen på vind- og solenergi held fram med å gå ned16. Ingen veit kva ein skal gjere med det giftige avfallet som kjem frå alle atomkraftverka. Ikkje eit einaste land har permanente lagringsområde, sjølv om den første reaktoren vart bygd i 1942. Millionar tonn radioaktivt avfall som har samla seg i mellomtida ligg i utrygge midlertidige lager.

Knappe landressursar igjen

Trass i dei mange grunnane til gi opp atomkraft og fossilt drivstoff til fordel for sol- og vindbasert energi, har dei to siste ekstremt låg arealeffektivitet. Dei mest effektive solenergiverka har ein arealeffektivitet på omkring 10 W/m2, men 2 – 4 W/m2 er meir vanleg. Det er usannsynleg at dette talet blir særleg forbetra, iallfall ikkje vesentleg. Den skrøpelege arealeffektiviteten blir skrikande samanlikna med fossilt drivstoff og kjernekraft. Dei vansira og djevelske øydemarkene som gruvedrift, boring og utslepp skaper er relativt sett små. Sjølv den mest ineffektive forma for utvinning av fossilt drivstoff, som tjæresandutvinninga i Alberta, har ein arealeffektivitet på 1 000 W/m2. Fukushima-Daiichi briska seg med respektable 1 300 W/m2. Dei rikaste kol- og oljefelta kan ha utrulege 20 000 W/m2. Det er éin grunn til at bare ein prosent av landarealet i USA er sett av til energiproduksjon. I tett befolka land, som Storbritannia og Tyskland, måtte heile territoriet vore dekka med vindturbinar, solpanel, og planter til biodrivstoff for å halde oppe dagens produksjonsnivå. Sjølv eit land så stort som USA måtte ofre mellom ein femdel og halvparten av landområdet, avhengig av om bilane gjekk på elektrisitet eller biodrivstoff. (Det siste har jamvel lågare arealeffektivitet, rundt 0,2 W/m2.)

Heldigvis forsterkar HEEDs mål om biomangfald og NGE kvarandre, men dei krev framleis enorme landområde. Biomangfald sørger for at NGE er effektiv. Slik er Wilsons mål om å bevare artane absolutt nødvendig for at NGE skal fungere. Studiar har for eksempel vist at tareskog – som lagrar enorme mengder karbon – treng rovdyr for å verne seg mot planteetarar. Då oterpopulasjonen i det nordlege Stillehavet tok seg opp, reduserte dei talet på sjøpinnsvin, noko som i sin tur førte til at tareskogen tok seg opp igjen. No tar han til seg ein tidel av dei årlege karbonutsleppa i Britisk Columbia. På same vis vernar ulvar boreale skogar mot plyndrande karibu (nord-amerikansk villrein) som elles ville ete bark og svekke trea. Ulv blei sett inn igjen i nasjonalparken Yellowstone i USA så seint som i 1995, men verknaden på økologien er alt merkbar.

Som med effekten av ulv og oter har det vore andre hendingar dei seinare åra som viser at NGE kan påverke klimasystemet ganske raskt. Etter at kommunismen kollapsa i 1991, krympa landbruket i Russland drastisk på 1990-talet, eit tiår der skogane i vestlege regionar auka med ein tridel og fanga opp markant meir karbon. Kina har lenge hatt eit ekstremt effektivt statleg skogplantingsprogram. Siste firedelen av 1900-talet vart karbonfangsten i skogane deira femdobla som resultat av treplanting og utvida verna urskogsområde. Kinesiske vitskapsfolk har funne at naturlege økosystem lagrar meir karbon per hektar enn tilsvarande menneskestyrte. Det relative tempoet på NGE er viktig, då det er naudsynt å motverke dei verste utslaga av klimaendringane som skjer no, nylege hendingar har alt vist kor destruktivt det endra klimaet er.

Det må bli frå beiteområde den nye øko-spartanske verda skal ta nødvendig land til NGE. Nær halvparten av landarealet utan fjell er alt sett av til jordbruk. Av desse 5 mrd hektar er 3,5 mrd beitemark (som veganarar ikkje har behov for i det heile tatt), og av dei resterande 1,5 mrd er 400 mill hektar nytta til å dyrke dyrefôr. Det gir bare 800 mill hektar til å dyrke mat som direkte før menneske17. Ein studie meiner at om 800 mill hektar land får tilbake skogen, vil millionar nye tre lagre 215 GtC det neste hundreåret. NGE på dette nivået ville senke karboninnhaldet i atmosfæren med 85 ppm, og få det ned på det langt tryggare 300-talet ppm18. Denne prestasjonen ville vere relativt lett å utføre i ei tilnærma vegetar-verd, jamvel om skoggjenvinning i ein slik skala er fem gonger større enn gjenvinninga som skapte den lille istida.

Eit karbonfritt energisystem som gir nok plass til NGE og ein Halv-Jord-økonomi kan bare komme på plass om det globale borgarskapet gjør drastiske kutt i energiforbruket sitt. Ei brukbar ramme for denne diskusjonen er «2000-wattssamfunnet»19 som er lagt fram av Federal Institute of Technology i Zürich. To tusen watt er ein sats for basisforbruk av energi per person tilsvarande 17 500 kWh per år eller 48 kWh per dag. Dette målet bind saman miljømessig og global rettferd fordi det lar dei fattigaste auke sitt forbruk, samtidig som det krev ein tilsvarande reduksjon for dei rikaste. Ein gjennomsnittleg borgar i USA brukar 12 000 W, dobbelt så mykje som motstykket i Europa og tolv gonger meir enn i India. Det er ei nyttig ramme som lett kan inkorporerast i den politiske økonomien til Halv-Jord. Det passar faktisk perfekt, for når først energiforbruket i den rike verda er redusert mange gonger, så er det brått nok plass til alle desse vindturbinane og solpanela, sjølv i tett befolka industriland. Det skal au seiast at sjølv om desse krava kan vere spartanske i det globale Nord, kan det snautt kallast innstramming då det tillét ei dobling av forbruket for fattige menneske.

Sveitsiske teknokratar trur dei kan nå målet ved større energieffektivitet. Men framsteg på dette området er truleg ikkje nok20. Dei ser bort frå Jevons paradoks, som seier at større effektivitet faktisk aukar totalforbruket fordi energien relativt sett blir billegare. For å nå 2000 W må ressursane rasjonerast; askese må bli meir enn ein «livsstil». Marknaden kan ikkje løyse problema han skaper – det kan bare planlegging. Folka bak 2000-wattssamfunnet vik unna desse politiske problema. Uansett understrekar planen deira at det gode livet er mauleg når først sløsing er lagt bort. Å møte utfordringa krev at alle bur i bygg som treng lite oppvarming eller nedkjøling, og bruker kollektivtransport eller går eller syklar for å komme seg fram. Alle må i hovudsak ha eit vegansk kosthald. Desse forandringane er ikkje så vanskelege som dei kan høyrast ut.

Mesteparten av verda lever alt no som vegetarianarar eller nesten-vegetarianarar. Bare eit mindretal av menneska står for den bisarre økologiske ubalansen i dag, som det faktum at det er tjuefem gonger fleire husdyr enn ville pattedyr. Landbrukssektoren produserer faktisk ein firedel av dei globale utsleppa av karbondioksid. Det er meir enn alle former for transport, og mesteparten av det kjem frå kjøttproduksjon. To tridelar av jordbruksarealet er sett av til beitedyr. Ein veganar krev bare ein tidel land samanlikna med ein kjøttetar. Nesten halvparten av landarealet på Jorda som ikkje er dekt av fjell er landbruksjord, eit forhold som ville minke monaleg i eit kjøttfritt samfunn. Då ville det brått opne seg nok plass for fornybare energisystem, biomangfaldige NGE-effektive økosystem og eit vegansk landbruk.

Det er rom for noko optimisme fordi det alt er gjennomført eit stort eksperiment for å skape eit nesten fossilfritt samfunn. Kubanarane måtte klare seg med langt mindre på 1990-talet i den spesielle perioden, då sovjetisk olje forsvann saman med supermakta sjølv. Det var ein vanskeleg overgang, fordi Cuba på 1980-talet – kjent som «den feite kuas år» –var avhengige av ein enorm eksportretta sukkerindustri. Dei dyrka lite matvekstar, og hadde ein svært kjøttbasert diett. For å klare seg utan olje eller oljebaserte innsatsmiddel (til dømes kunstgjødsel eller insektmiddel), vart dei tvinga til det største og raskaste eksperimentet i økologisk og urban dyrking i historia. Sidan tidleg 1990-tal har det vore 26 000 offentlege hagar bare i Havanna. Byen er omgjort til eit stort urbant gardsbruk som produserer nok til å dekke rundt halvparten av næringsstoffa byen treng21. Trass i alvorlege økonomiske tilbakeslag og innstramminga på blokaden frå USA, vart det offentlege helsestellet og skolevesenet halde ved like, og mange måltal jamvel forbetra22. I den spesielle perioden kjøpte Cuba over ein million syklar frå Kina for å erstatte bussar og bilar utan drivstoff. Mindre kjøtt og meir grønsaker saman med sykling eller gange betra den allmenne helsetilstanden til kubanarane23. Plantasjebaserte monokulturar kunne ikkje overleve utan mengder med fossilt drivstoff, så kubanarane dyrka meir intensivt på mindre areal. Det gav om lag ein tridel av landbruksjorda tilbake til naturen.24 Det har bidradd til at Cuba har tatt vare på det utrulege biomangfaldet sitt – landet er faktisk på Wilsons globale referanseliste. WWF seier Cuba er den einaste «berekraftige» landet i verda25. Alt dette var mauleg sjølv om kubanarane hadde langt mindre enn 2 000 W per person. Med sin effektive og billige sosialpolitikk og post-fossile drivstofføkonomi kan ein sjå omrisset av HEED i praksis i Havanna.

Vegan-kommunisme

Fornybar energi, biomangfald, og jordbevaring må sjåast som samanknytte politiske mål. Andre miljøaktivistar har strevd med å sameine grønne mål under eitt banner fordi dei manglar ein klar teori for den politiske økonomien. Forslaget som er skissert her kan lage raud-grønne svar på mange spørsmål, og opne ny mark for utopiske politiske program. HEED gir ei ramme for å realisere fundamentale miljømål, samtidig som alle blir sikra gode husvære, helse, utdanning og transport – kort sagt det gode livet.

Det globale borgarskapet kan ikkje lenger læst at deira samfunn kan løyse sine eigne problem: det kan ikkje samtidig øydelegge og redde naturen. Grønne og venstreorienterte treng nye idear, mål og taktikkar. Radikal reduksjon av forbruket er verdt å betale om det hindrar kapitalismen frå å gjere nokre få rentenistar rikare mens milliardar menneske blir utarma, og planeten omgjort til ei søppeldunge. Om miljøforkjemparane skal realisere ambisjonane sine, er det vanskeleg å sjå føre seg ein annan måte å gjere det på fordi landarealet er avgrensa. Vegan-kommunisme ser ut til å vere det tryggaste og mest gjennomførbare valet. Kanskje kan London-buarane, etter at HEED er sett i verk, ein dag gle seg over ein ny is-fest.

«This transient scene, a Universe of Glass / Whose various forms are pictur’d as they pass / Here future Ages may wth wonder view / And wt they scarce could think, acknowledge true.»26

Teksten er ein forkorta versjon av ein artikkel frå New Left Review utgåve 111.

Notar

1. Ukjend diktar. «Skrive på elva Themsen i månaden januar 1740», i Charles Dickens, William Harrison Ainsworth og Albert Smith, red, Bentley’s Miscellany bind 7, London 1841, s 134. Noko slikt som «Sjå den flytande Themsen som no er frosen til / ho bar nyleg tunge skipslaster.»
2. Siste gongen elva fraus til i London var 1824, sjølv om øvre delen av Themsen fraus til så seint som i 1963.
3. https://www.sciencenews.org/article/columbus-arrival-linked-carbon-dioxide-drop
4. https://www.scientificamerican.com/article/we-just-breached-the-410-ppm-threshold-for-co2/
5. https://e360.yale.edu/features/how_natural_geo-engineering_can_help_slow_global_warming
6. https://www.theguardian.com/environment/radical-conservation/2016/jun/15/could-we-set-aside-half-the-earth-for-nature
7. https://www.theguardian.com/commentisfree/2011/mar/21/pro-nuclear-japan-fukushima
8. https://www.independent.co.uk/voices/commentators/james-lovelock-nuclear-power-is-the-only-green-solution-564446.html
9. https://www.theguardian.com/environment/2015/dec/03/nuclear-power-paves-the-only-viable-path-forward-on-climate-change
10. http://theguardian.com/environment/2015/dec/03/nuclear-power-paves-the-only-viable-path-forward-on-climate-change
11. http://www.sciencealert.com/the-robots-sent-into-fukushima-have-died
12. Aaron Sheldrick og Minami Funakoshi, «Fukushima’s Ground Zero», Reuters, 11. mars 2016.
13. Yuka Obayashi og Kentaro Hamada, «Japan Nearly Doubles Fukushima Disaster-Related Cost to $188 Billion», Reuters, 8. desember 2016.
14. http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/asia/japan/12184114/Fukushima-Tokyo-was-on-the-brink-of-nuclear-catastrophe-admits-former-prime-minister.html
15. https://www.technologyreview.com/s/536886/the-chances-of-another-chernobyl-before-2050-50-say-safety-specialists/
16. Jamvel the Economist er skeptisk. «Hinkley Pointless», 4 August 2016. «What’s the (Hinkley) Point?», 25. februar 2016.
17. Resterande 300 000 hektar er brukt til industrielle formål, som biodrivstoff og bioplast.
18. Sebastian Sonntag et al. «Reforestation in a High-CO2 World-Higher Mitigation Potential than Expected, Lower Adaptation Potential than Hoped for» Geophysical Research Letters, vol. 43, 2016, p. 6548.
19. https://www.good.is/articles/inside-the-2-000-watt-society
20. http://www.iaea.org/inis/collection/NCLCollectionStore/_Public/40/092/40092025.pdf
21. Wright, «Cuba», 138.
22. Dette er hovudargumentet i arbeidet til Emily Morris, der ho samanliknar Cuba positivt framfor dei post-kommunistiske «overgangs»-økonomiane i Aust-Europa. «Unexpected Cuba», NLR 88, juli 2014. Men hovudproblemet i perioden var den kubanske nevropatien (lommelegen.no: «lillebror til MS»). I 1992 mista 30 000 synet på grunn av feilernæring, men då først styresmaktene hadde funne årsaka til epidemien, var dei – på grunn av eit solid system i primærhelsetenesta – i stand til å reagere raskt og sende ut vitamintilskot. Christina Mills, «In the Eye of the Cuban Epidemic Neuropathy Storm», MEDICC Review, vo. 13, no. 1, januar 2011, pp. 10-15.
23. Sarah Boseley, «Hard Times behind Fall in Heart Disease and Diabetes in 1990s Cuba» Guardian, 9. april 2013.
24. Elisa Botella-Rodriguez, «Cuba’s Inward-Looking Development Policies: Towards Sustainable Agriculture», Historia Agraria, no. 55, desember 2011, p. 160.
25. World Wildlife Fund, Living Planet Report 2006, Gland 2006, p. 19.
26. Sjå note 1. Noko slikt som: «Eit flyktig bilete, ei verd av glas / i former som blir skapte når ho glir forbi / Her kan framtidige generasjonar undrande sjå / det dei snautt kunne tenke seg bli verkeleg.»