La oss rydde i debatten!

Av Gyro Fjordheim Fjermedal

2024-01

Er det sånn at viss ein stør transkvinners rettar så må ein vera mot sexkjøpslova? Artikkelforfattaren ønsker å rydda opp i debatten, ønskjer å skilje mellom debatten om sexkjøpslova og det å inkludera transkvinners rettar. For eit transinkluderande 8. marstog som tar standpunkt mot sal av kropp!


Av Gyro Fjordheim Fjermedal, psykolog, småbarnsmor og tidlegare leiar i kvinnepolitisk utval i Raudt

Etter eit par rundar med parolemøter og 8. marsarrangement, i tillegg til andre diskusjonar om kvinnesak, er det ein debatt, eller eit tema, som eg har tenkt meir og meir på. Det dreier seg om diskusjonen rundt transinkludering, og korleis den har ein tendens til å bli blanda saman med diskusjon om og standpunkt til sexkjøpslova. Til 8. mars kjem dette blant anna til syne gjennom diskusjonar om kva parolar ein skal vedta. Det verker å vere ein del variasjon i korleis desse debattane er rundt om i landet, men det som tar mest plass i media er som regel diskusjonane rundt 8. mars i Oslo.

Og for å ta utgangspunkt i Oslo. Både i 2022 og 2023 var det fleire medieoppslag om 8. mars, innsendte parolar og parolemøtet. Det er ikkje første gonga det har blitt store debattar rundt 8. mars, transinkludering og sexkjøp. I 2018 var dette òg oppe som tema. Seinare same året hadde tidsskriftet Fett eit nummer der dei intervjua blant anna FRI, Kvinnefronten, Kvinnegruppa Ottar og PION. Her er det spørsmål om nettopp sexkjøp og transinkludering som blir tatt opp. Det kan verke som at ein av årsakene til at det har blitt ein større debatt igjen dei siste to åra er ei vedtektsendring der det gjekk frå at alle som ikkje var menn hadde stemmerett på parolemøtet, til at det blei alle som identifiserer seg som kvinner. I debatten i etterkant blei det påpekt at dette stenger ute ikkje-binære, som kan dele både sosiale og kroppslege erfaringar med kvinner (cis og trans).

Mi oppfatning av debatten dei siste to åra er at denne vedtektsendringa var ein del av det som utløyste ein større debatt, men der det på eit meir overordna nivå blei ein debatt om 8. marsbevegelsen si inkludering av transpersonar. Resultatet har blitt at det har gått to 8. marstog i Oslo dei siste to åra. Det eine er det offisielle 8. marstoget som vi kjenner til med kvinneorganisasjonar, parti, fagforeiningar, solidaritetsforeiningar, og mange, mange fleire. Og så har det komme eit nytt alternativt tog, første året som eit initiativ frå ulike interesseorganisasjonar og i 2023 arrangert av den nystarta gruppa Inkluderende Feminisme.

Nokon vil seie at det ikkje er eit problem om det går to tog, det har det gjort tidlegare òg. Og det har dei nok på ein måte rett i. 8. marsbevegelsen består av eit stort mangfald av både folk og organisasjonar. Det er ikkje noko nytt at det er ueinigheiter om retning eller politiske saker. Med eit meiningsmangfald og ein bevegelse av den størrelsen som utgjer 8. mars er det naturlig med politisk ueinigheit, og kanskje ikkje anna å forvente enn at det i periodar vil vere splittingar som kan resultere i fleire tog. Men eg meiner det er ein måte å argumentere på, eller sette ulike saker i samanheng på, som blir tydeleg i denne splittinga, og som eg meiner kan vere til skade for kvinnekampen og kvinnebevegelsen.

I diskusjonen om ulike tog, og elles i debatter om feminisme og trans, kjem nemleg fort sexkjøp og sexkjøpslova inn. På ein eller annan måte har det blitt til at ein ser desse spørsmåla i samanheng. Det kan verke som ein må velje mellom to sider der det ein meiner om den eine saka tilseier kva ein skal meine om den andre. Enten er ein kritisk til for mykje inkludering av transpersonar i 8. marstoget og for sexkjøpslova, eller så er ein for meir inkludering av transpersonar og mot sexkjøpslova. Og det blir framstilt som at det er desse to gruppene som no etterkvart har kvart sitt tog.

Eg trur for det første ikkje at denne oppdelinga stemmer med korleis folk faktisk plasserer seg i debatten, og for det andre meiner eg at å sette likskapsteikn mellom to ulike standpunkt er skadeleg. Eg meiner at ved å lage desse to «sider» så skader ein ikkje berre debatten, men òg den vidare utviklinga av kvinnekampen.

Denne måten å argumentere på, der inkludering og politikk rundt sexkjøp blir tatt saman, verker å komme frå begge «sider» (om ein kan kalle det det). Og årsakene til at det blir slik er nok mange. Ein av organisasjonane som har vekst fram dei seinare åra er nettopp dei som i 2023 sto bak det alternative 8. marsarrangementet i Oslo, Inkluderende Feminisme. Ein rask kikk på både deira eiga facebook-side og arrangementssida frå 2023 viser at dei står for eit ganske annleis syn på sexkjøpslova enn det offisielle 8. marsarrangementet gjer. Det er ikkje noko nytt at parolemøter i Oslo har hatt diskusjonar om kva syn ein skal ha på sexkjøpslova. Det er kanskje heller ikkje rart at ulike grupper som har følt seg utanfor 8. marsmarkeringa finn saman i eit alternativt arrangement. Men dei av oss som er opptatte av å støtte toget og arrangementet som 8. marskomiteen står bak, kan ikkje blande saman desse sakene av den grunn. Det vil isåfall gjere det vanskeleg for dei av oss som ikkje passer inn på ein av desse to sidene som det nokon gonger kan virke som ein må velje mellom. Og det er her eg trur at det å forsterke denne assosiasjonen mellom for/mot sexkjøpslova og for/mot transinkluderande parolar er å gjere oss sjølv ei bjørneteneste.

Når eg skriv dette er det jo med utgangspunkt frå der eg sjølv står, det er jo argumenter for det 8. marstoget eg ønskjer. Eit tog der ikkje kjønnsidentiteten skal påverke om ein føler ein kan delta, og som samtidig er eit tog som tar standpunkt mot sal av kropp. Så kanskje er dette mest ein appell til alle andre der ute som sitt med same ønskje. Dersom vi skal komme dit så må vi gjere noko med debatten. Det er her eg tenker det er vårt ansvar å sørge for ein betre debatt framover, og då tenker eg på alle oss som på ulike måtar har bidratt til eller vore del av 8. marsmarkeringer, både i Oslo og alle andre stader.

Så treng vi sjølvsagt også å bruke tid på å snakke om sexkjøp og sexkjøpslova, spesielt etter straffelovrådets utredning der de foreslår avkriminalisering av sexkjøp. Men det er ein heilt eigen debatt, som ikkje treng å henge saman med diskusjonar om inkludering i kvinnebevegelsen og på kvinnedagen.

Når 8. mars er ein kampdag så er det naturleg at det vil være diskusjonar og mange ulike meiningar om kva parolar som skal ha plass i toget. Men uavhengig av kva politiske saker som blir inkludert i parolegrunnlaget må det vere mogleg å ha både parolemøte og tog der ein kjenner seg velkommen uavhengig av kjønnsidentitet. Så vil det nok ikkje vere mogleg, på eit møte av den størrelsen som parolemøtet i Oslo er, at absolutt alle skal vere einige i at møtet har gått bra. Men det bør vere eit mål at så mange som mogleg på møtet opplever det som ein grei debattarena, der ueinigheiter blir behandla på ein god måte. Ikkje minst bør det vere eit møte ein kan komme på som ny, og bli inspirert til å fortsette å engasjere seg i 8. marsarbeidet. Vi som ønskjer stor oppslutning rundt 8. marsarrangementa tener på at hovudinntrykket er at ein har gode møter, der det kan være mykje diskusjon, men der det er ok å vere. Slik har det ikkje alltid vore, og det kan verke som vi framleis ikkje er der.

Når eg skriv dette er vi framleis i 2023, og fleire veker unna både parolemøter og 8. mars. Så kanskje er situasjonen endra når dette er på trykk. Men basert på kor lenge denne debatten har vart så langt, så trur eg det vil ta lengre tid før ein har landa den. Eg er uansett sikker på kva eg ønsker meg; eit 8. marstog der ein er, og føler seg, velkommen uavhengig av om ein er cis, trans eller ikkje-binær. Det trur eg vi er mange som ønsker. Ein kan få inntrykk av at debatten har blitt hardare i løpet av dei siste åra, og på mange måtar har den nok det. Samtidig er det kanskje òg eit uttrykk for at diskusjonar som nokre av oss har hatt over mange år i større og større grad også blir tatt i media. Til tross for dette er eg optimistisk med tanke på vegen vidare. Som nemnt har det blitt slått opp saker om «bråk» på parolemøter i Oslo dei siste åra, men i 2023 var også desse to parolane med, «Oppfyll transkvinners menneskerettar – stopp hets mot transkvinner!» og «Ingen er fri før alle er fri – internasjonal solidaritet med alle skeive kvinner!». Men dette kom sjølvsagt ikkje av seg sjølv, det var blant temaa som blei diskutert mest på parolemøtet. Og la oss også kaste eit lite blikk til andre plasser i landet. I Bergen var det fleire parolar som konkret tok opp transrettar, Tromsø si markering tok òg opp transkvinners rettar, mens Trondheim ikkje hadde nokon parolar som omhandla transpersonar. Så situasjonen er nok ulik, men eg trur temaet likevel er mogleg å kjenne igjen for mange som over tid har deltatt i debatter om kvinnepolitikk og 8. mars.

Så er det kanskje berre å sparke inn opne dører å ta til ordet for å skilje mellom diskusjonen om sexkjøp og diskusjonen om transinkludering i kvinnebevegelsen. Men eg trur det er ei påminning som fleire av oss kan ha nytte av for å bidra til debatter både i kvinnebevegelsen og på venstresida i åra framover.