Oddaprosjektet for sekstimarsdagen

Av Terje Kollbotn

Nr 1 2015

Raudt Odda har tatt initiativ til å få utgreidd korleis sekstimarsdagen kan gjennomførast i industrisamfunnet Odda.

I arbeidsgruppa har det vore med kvinner og menn med erfaring frå ulike deler av fagrørsla og kvinnekampen.

Planutkastet vil bli presentert som eit debattgrunnlag i samband med kvinnedagen 8. mars.

Terje Kollbotn er bygg- og anleggsarbeidar, har m.a. vore leiar i Odda Bygningsarbeiderforening og leiar i LO i Indre Hardanger i fleire periodar. Har vore kommunestyrerepresentant for Raudt (tidlegare Raud Valallianse) sidan 1991, formannskapsmedlem sidan 2003 og fylkestingsrepresentant i forrige periode. Var leiar for Hardangeraksjonen mot EU 1992–1994 og den første faglege leiaren i RV (no Raudt) 1993–1997. Leiar i Raudt Odda sidan 2012.

Om Odda

Odda kommune ligg inst i Sørfjorden i Hardanger i Hordaland. Kommunen har i dag ca. 7000 innbyggjarar, medan folketalet var vel 10 000 for 50 år sidan. Ca. 5000 av innbyggjarane bur i industribyen Odda, eit regionsenter i Hardanger.

Odda vart eigen kommune i 1913, etter at den store kraft- og industriutbyggjing starta i 1906.

Dei første fagforeiningane starta og i 1906. Arbeidarrørsla har hatt ei sterk stilling i Odda. I dag er det to store industribedrifter, sinkverket Boliden Odda AS med ca. 300 tilsette og ilmenittsmelteverket TiZir i Tyssedal med ca. 200 tilsette. Her er det mykje industrikompetanse og store planar for å utvide produksjonen. Langsiktig og gunstig tilgang til fornybar vasskraft er ein nøkkelfaktor. I tillegg er det mange små og mellomstore industri- og håndverksbedrifter med over 500 tilsette.

Odda kommune er i dag den største arbeidsgjevaren, med ca. 650 årsverk, herav 80 % kvinner. Odda vidaregåande skule og Odda sjukehus er og store offentlege arbeidsplassar. I tillegg er det mange private verksemder innan varehandel og andre servicenæringar. Kulturbasert næring og reiseliv er i vekst. Sysselsettingsgraden og organisasjonsgraden er høg.

Så vil planutkastet bli sendt ut på høyring til fagforeiningar og andre interesserte fram til 1. mai. På grunnlag av innspel, vil eit heilskapeleg forslag til plan og strategi for å gjennomføre sekstimarsdagen i Odda bli utarbeidd. Prosjektet tar sikte på å halde fram til målet er nådd. Eit delmål er å få eit gjennombrot for saka innan 2018, 100 år etter at dei fagorganiserte Odda-arbeidarane reduserte den daglege arbeidstida frå 9,5 til 8 timar. I dette prosjektet har det vore lagt stor vekt på å studere og forsøke å lære av tidlegare kampar for kortare arbeidstid i Odda.

Oddaprosjektet for sekstimarsdagen ynskjer samarbeid med andre som set i gong tilsvarande prosessar andre stader i landet. Men først litt historie.

Kampen for 8-timarsdagen i Odda

Den internasjonale arbeidarrørsla hadde ei felles fanesak frå slutten av 1800-talet: Kampen for 8-timarsdagen. Retten til åtte timar arbeid – åtte timar fritid og åtte timar kvile ville revolusjonere kvardagen og livskvaliteten til det arbeidande folket. Då den storindustrielle revolusjonen gjorde sitt inntog i Odda frå 1906, vart 8-timarskravet etter kort tid reist med full tyngd. Dei første fagforeiningane i Odda fekk sydd ei raud fane for denne felles kampsaka. Denne fana var med kvar 1. mai og andre større faglege og politiske mønstringar fram til kravet vart gjennomført i Odda og ein del andre arbeidarbastionar i landet våren 1918, eitt år før kravet vart lovfesta i Stortinget. Dette skjedde året etter den russiske revolusjonen og i ein høgkonjunktur under den første verdskrigen. Eit massemøte i Odda 1. mai 1918 vedtok at den daglege arbeidstida i Odda vart kutta ned frå 9,5 timar til åtte timar over natta. Fagforeiningane hadde lagt ein plan for korleis denne forskotteringa av 8-timarsdagen skulle skje. Bedriftene avviste kravet og truga med total driftsstans og avskjed av aksjonsleiarane. Men 8-timarsplanen vart gjennomført. Bedriftene bragte saka inn for Elektrokjemisk Arbeidsgiverforening i Kristiania, som truga med søksmål mot fagforeiningane for å gjere dei økonomisk ansvarlege. Fagforeiningsleiarane svarte at aksjonen var sett i verk av arbeidarane på eiga hand, slik at erstatningskravet var grunnlaust. Utpå somaren 1918 reiste regjeringa eit framlegg om ei mellombels «8-timerslov», som vart gjort gjeldande frå august 1918. Søksmålet frå bedriftene og Arbeidsgiverforeningen vart lagt til side.

I juni året etter vedtok Stortinget samrøystes den endelege lova.

Kampen vidare for kortare arbeidsdag i Odda

Alt på 1920-talet vart parola «6 timars skift – 7 timars arbeidsdag» reist av den lokale fagrørsla i Odda, m.a. 1. mai. Dette førte ikkje til resultat. Kriseåra på 1920- og 30-talet gjorde dette vanskeleg.

Sidan den gongen har det skjedd mange endringar i arbeidslivet. Produktivitets-veksten og rasjonaliseringa i storindustrien starta for fullt på 1970-talet. Kvinnene, som då for alvor kom ut i arbeidslivet, endra både samfunnslivet og privatlivet i det mannsdominerte Odda.

Kravet om kortare dagleg arbeidstid og meir fritid vaks difor fram på slutten av 70-talet og utover på 80-talet. Både kvinne-rørsla og fagrørsla i Odda reiste kravet om seks timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon m.a. 8. mars og 1. mai. Kravet var eit sosialistisk svar på at mange fleire ønska seg ut i arbeidslivet, likestilling mellom kjønna og ein kompensasjon for den store produktivitetsveksten i form av meir dagleg fritid og deling av arbeid.

Storbedriftene produserte stadig meir med stadig færre folk, samstundes som fleire vart førtidspensjonert og uføretrygda. Mange var utslitt lenge før pensjonsalder. I Odda vart det og vist til at det var innført både fire timars skift for boltetrekkarane på det gamle aluminiumsverket i Tyssedal og fem timars skift for stripparane i den gamle elektrolysehallen på sinkverket. Dette var harde fysiske jobbar, som vart kompensert med kortare dagleg arbeidstid. Likevel var det få som klarte å stå i desse jobbane fram dei gjekk av med pensjon. Arbeidsmiljølova frå 1977 førte til mykje meir fokus på både det psykososiale og fysiske arbeidsmiljøet i industrien i Odda. Mange tillitsvalde og verneombod såg på seks timars arbeidsdag som ei løysing for at alle kunne stå i full jobb fram til pensjonsalder, og samstundes vere sikra ein god alderdom. I Odda var det diverre mange industri- og bygg- og anleggsarbeidarar som ikkje nådde pensjonsalder, eller døydde like etter at dei vart pensjonistar. I mange tiår har det difor vore ei stor overvekt av enker mellom dei eldre i Odda.

Kampen for 7,5 timars arbeidsdag

Under tariffoppgjeret i 1986 vart hovudkravet om ein halv times kortare dagleg arbeidstid med full lønskompensasjon reist med full tyngd frå LO-forbunda. Norsk Arbeidsgiverforening (NAF) svarte med full lockout innan m.a. verkstadsindustrien, prosessindustrien og byggfaga. I Odda vart nærare 1500 industriarbeidarar og bygg- og anleggsarbeidarar satt på porten. Som så mange andre stader, svarte dei fagorganiserte med full blokade og organisering som om det var streik. Kampviljen og solidariteten var stor. Dette var effektivt. Produksjonen på dei store industribedriftene i Odda stoppa, det same skjedde på dei mellomstore industribedriftene og på store byggeplassar og anlegg i distriktet. Fagforeiningane viste reell arbeidarmakt. Dei økonomiske tapa for bedriftseigarane var enorme. Bedriftsleiarane vendte seg mot toppane i NAF og truga med utmelding om lockouten heldt fram. NAF-sjefen Pål Kraby måtte gå og kravet vart innfridd. For dagarbeidarar vart arbeidsdagen 7,5 timar og arbeidsveka 37,5 timar. For rundskiftarbeidarar vart arbeidsveka i snitt 33,6 timar. Dette var ein stor siger for fagrørsla. Men fortsatt jobba mange skiftarbeidarar åtte timars skift (sidan døgnet har 24 timar), med nokon færre skift i skiftperioden. Innan store deler av bygg- og anlegg vart det framleis jobba åtte timars dag (07–1530, med ubetalt matpause) og avspasering kvar fredag frå 13 (dvs. noe lengre helgefri). Dette vart resultatet i mange mannsdominerte yrke. Så seks timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon kom ikkje særleg nærare for mange i Odda.

Under det neste store slaget om arbeidstidsforkorting, under hovedtariffoppgjøret i år 2000, vart innføring av den femte ferieveka prioritert av LO-forbunda i privat sektor – kombinert med lågtlønstillegg. Som i 1986, var NHO (tidlegare NAF) like avvisande. Men klok av skade, gjekk dei ikkje til lockout. Men fagrørsla i privat sektor var godt organisert, og gjekk til storstreik for å setje makt bak kravet. Resultatet vart etter få dager at den femte ferieveka vart innført (og ei ekstra veke for alle over 60 år). Men den daglege arbeidstida vart uendra.

Tida for å innføre sekstimarsdagen er overmoden

Både ut i frå økonomiske og miljømessige argument og reell likestilling er det på tide å utarbeide ein felles strategi for å få gjennomført dette kravet.

Då vil det vere viktig å konkretisere korleis dette kan gjennomførast i praksis i eit lokalsamfunn som Odda, kva fordeler dette kan gje både for arbeidsfolk og samfunnet som heilskap og kva utfordringar som må løysast – slik dette vart gjort før innføringa av 8-timarsdagen i Odda i 1918.

I dag er samfunnslivet i stor grad basert på at kvinner har mesteparten av omsorgsansvaret for ungar og hus og heim. Dette byggjer både på tradisjonar og kjønnsrolle-delinga i samfunnet. Difor jobbar mange kvinner i offentleg sektor og i serviceyrke berre seks timars dagleg (eller 30-timars arbeidsveke) med tilsvarande mindre løn for å få tid til å utføre oppgåver på «heimebane». I industrien i Odda jobbar stort sett kvinnene 7,5 timars dag eller fylgjer same skiftplan som mannfolka. Seks timars normalarbeidsdag for alle vil gjere det mykje lettare for alle å kombinere arbeid med omsorgsansvar med full løn.

Store menneskelege og samfunnsmessige fordeler

Folk vil få meir tid i lag, til kjærast, ungar, familie og vener. Dette vil redusere stress og dårleg samvit i kvardagen og tidsklemma som mange småbarnsforeldre og andre opplever, vil bli mindre. Dette vil betre folke-helsa, gje meir energi og overskot både på jobb, i fritida, og betre søvn.

Dette vil gjere det lettare å utvikle kollektive samværsformer gjennom meir dugnadsinnsats, frivillig arbeid innan idrett, kultur, helselag, politikk og fagforeiningsarbeid. Dette vil utan tvil auke samfunnskvaliteten. Fleire vil kunne ta del i kurs, anten vidareutdanning eller hobbykurs og få meir tid til husflid og annan nytteproduksjon for seg sjøl og andre. Gamle handverkstradisjonar og høsting av alle naturens gode vil kunne bli enda meir populært. Det er ingen grunn til å tru at 1,5 timar meir dagleg fritid vil gjere folk uvirksame og sitje heime og glo. Samfunnsproduktiviteten vil auke.

Sekstimarsdagen vil skape eit samfunn med meir overskot til kvarande som både kan gje meir overskot til erotikk og sexlyst – og lyst til å fø fleire ungar. Auke i folke-talet trengs jo for å utføre alle arbeidsoppgåvene i eit slikt samfunnskollektiv.

Mange som i dag jobbar deltid eller er utstøytt av det ordinære arbeidslivet, vil kunne bli fullverdige medlemar i eit arbeidskollektiv der det er plass til alle, i staden for passiv utbetaling av trygd eller sosialhjelp. Den gamle sosialistiske parola om å kunne yte etter evne og få etter behov vil få ei ny meining for mange som i dag blir uføretrygda eller går på sosialen.

Eit grunnleggjande spørsmål er kva verdiar som er viktigast i dag – å ta ut enda meir i kjøpekraft eller å ta ut meir i fritid i komande tariffoppgjer. Realløna har nesten tredobla seg i Norge (i snitt) sidan 1970. Sjølsagt skal vi utjamne dei store lønskilnadane (t.d. mellom kvinner og menn). Men vi treng vi fleire bilar, TV og hytter for å leve eit lukkeleg liv? Er det ikkje på tide at vi erstattar kjøpepresset og jaget etter status og materielle verdiar med andre samfunnskvalitetar – t.d. sekstimarsdagen?

Organisering av seks timars normalarbeidsdag – nokre forslag

Arbeidslivet må sjølsagt organiserast på eit anna vis. Vi må få slutt på unødvendig byråkrati og inneffektive leiarmetodar og møtekulturar i arbeidslivet, slik at tid og ressursar blir frigjort til sekstimarsdagen. Dette krev betre planleggjing, tilretteleggjing og organisering av den tida folk er på jobb. Det kan t.d. skje ved at nokon startar ein time før andre (og sluttar ein time før) for å førebu arbeidsoppgåvene – og nokon begynner på jobb ein time seinare og jobbar ein time lenger for å gjere etterarbeid og klargjere for neste dag. Slike oppgåver kan gå på omgang. Kjernetida, som er det normale, bør likevel vere kl. 8–14.

Normalarbeidsdagen bør forsvarast og styrkast. Alt arbeid bør i hovedsak vere mellom kl. 7–17 eller 8–16, med ei kjernetid mellom kl. 8–14, mandag til fredag.

Sjåførar som skal frakte folk til og frå jobb, må sjølsagt og jobbe før eller etter kl. 8–14, det same gjeld folk som jobbar innan handel og offentlege kontor (slik at folk kan få gjort sine ærend før eller etter jobb). Men samstundes vil det frigjere mykje arbeidstid og menneskelege ressursar om «handlefriheten» til å halde butikkar ope døgnet rundt blir innskrenka til t.d. kl. 9–18 på kvardagar og laurdag og stengt på søndag. Søndag bør vere ein kviledag, med tid for turar og vere saman med familie og vener.

Nokon har i dag betalt matpause (for å vere tilgjengeleg) , andre har ikkje og kan nytte matpausen som fritid. Men dette er blitt nokså vilkårleg og må ryddast opp i innanfor dei ulike overenskomstane. Når folk som ikkje har betalt matpause i dag nyttar ubetalt matpause til å gjere eit ærend på eit offentleg kontor mellom kl. 11 og 1130 er det ofte stengt. Fleksibiliteten bør vere på arbeidsfolk sine premisser. I utgangspunktet bør målet vere at alle er på jobb og får betalt for seks timar. Så får spisepausar organiserast slik at verksemda fungerer heile tida. Med seks timars dag kan folk i større grad gjere ærend utanfor arbeidstida.

I Odda jobbar mange skift og turnus. På rundskift er arbeidsveke 33,6 timar i snitt (mot 37,5 timar på dagtidsarbeid) for å kompensere for ubekvem arbeidstid.

Ved å innføre sekstimars skift (t.d. frå 06–12, 12–18, 18–24, 24–06) er det naturleg at arbeidsveka blir i snitt mindre enn 30 timar. Ved ei slik skiftordning vil det vere mogleg for folk i større grad å kunne ta del i samfunns- og familieaktivitetar (når du t.d. er ferdig på ettermiddagskift kl. 18 i staden for kl. 22.

I Odda kunne det vore satt i gong eit prøveprosjekt på ei avdeling på sinkfabrikken (privat), på ein sjukeheim (kommunen) og på sjukehuset (staten) for å kunne samordne skift- og turnusplanar mellom industrien og offentleg sektor.

Sjølsagt vil det vere unntak frå hovud-målet om seks timars arbeidsdag. Når folk må bu vekke på anlegg eller plattformar i mange dagar eller fleire veker, er det naturleg at dei vil jobbe lengre dagar og ha lengre friperiodar. Men dette må ikkje bli regelen i ordinære jobbar t.d. i prosess-industrien og sjukeheimar med tolv timars skift eller turnus i helgene. Dei nødvendige unntaka i form av særordningar og særavtalar i spesielle bransjar må ikkje bli nytta mot hovedregelen seks timars normalarbeidsdag.

Sjøl jobba eg som anleggsarbeidar med lang reiseveg og fellestransport til og frå arbeidsplassen då eg var småbarnsfar. Sidan kona og var i full jobb, ønska eg å kunne vere meir i lag med ongane og gjere meir husarbeid. Sidan det var uråd å søkje om kortare dagleg arbeidstid (sidan vi hadde fellestransport til og frå arbeidsplassen med buss og båt), søkte eg om fri ein dag i veka, fortrinnsvis fredag. Dette vart kontant avvist, sidan det ville kunne få «ringverknader» og «statuere eit eksempel». Arbeidsgjevar var Statens Vegvesen. Andre småbarnsfedrar fekk same svar. Dette var i Odda på 1980-talet. Med seks timars normalarbeidsdag, bør folk som jobbar på anlegg t.d. kunne jobbe ti timars i tre dagars (30 timars arbeidesveke) og så kunne reise heim til familie og ungar. Med to arbeidslag, vil jobben likevel kunne bli gjort.

Kva med skule, SFO og barnehagar?

Skulekvardagen bør og vere seks timar, i kjernetida i tidsrommet kl. 8–14. Ved at lærarar og får redusert undervisningstid, får dei høve til å gjere meir førebuings- og etterarbeid på skulen.

Barnehagar og SFO må likevel vere tilpassa behovet for dei som jobbar utanfor den daglege kjernetida. Dei som jobbar toskift eller rundskift må ha høve til å ha SFO- eller barnehageplass etter behov. Foreldra vil uansett få meir høve til og overskot til å vere i lag med ongane i fritida enn i dag. Dei tilsette i barnehagane og SFO må leggje opp arbeidstid og arbeidsplanar som dekkjer dei reelle behova for innbyggjarane-.

Toskift på arbeidsplassane?

På industribedrifter og verkstader bør det vere aktuelt å jobbe 2-skift, både av omsyn til kundane og for å få nytta produksjons-utstyret på ein best mogleg måte.

TIl dømes vil ein bilverkstad kunne ha ope frå kl. 07–1830, der arbeidarane har ein halv times overlapping kl. 1230–13. Då vil kundane kunne levere og hente bilen før eller etter jobb, og få jobben utført raskt og effektivt og arbeidstida er frå 07–13 og 1230–1830. I ein slik modell kan ein innafor ein skiftplan og bytte innbyrdes om ein har behov for det.

Dette vil og vere aktuelt i kommunane. Mange reagerer sterkt på at offentlege kontor, bankar og serviceinstitusjonar stenger kl.15, når folk stort sett ikkje er ferdig på jobb. Med seks timars dag, kan nokon jobbe frå kl. 08–14 og nokon frå kl. 12–18 både for å sikre overlapping av arbeidsoppgåver og sikre at serviceinstitusjonar yter service når folk har fri.

Det same må gjelde t.d. frisørar og tannlegar. I dag må mange ta fri frå jobb for å klippe håret eller til ordinær tannlegetime. Dette kan lettare ordnast på fritida med sekstimarsdagen. Produktiviteten på arbeidsplassane og i heile samfunnet vil bli meir fornuftig.

Har vi råd?

Vi har i dag ei verdiskaping per innbyggjar som er kraftig auka berre sidan forrige daglege arbeidstidsforkorting frå 1987. Dette gjeld både den private og offentlege rikdommen. Men denne blir altfor skeivt fordelt. Mange har enno ikkje ein reell rett til arbeid (dvs. fast og full jobb med ei løn å leve av), slik Grunnlova seier. Klasseskilnadane har auka, uansett regjering.

Vi treng eit samfunnsrekneskap der både offentlege og private midlar blir kanalisert inn for å finansiere sekstimarsdagen, vil dette fint la seg løyse.

Eit par døme:

På den største industribedrifta i Odda (no Boliden Odda A/S) blir det i dag produsert tre gonger so mykje zink med halvparten so mange folk som for 40 år sidan. Det er rett nok investert fleire milliardar i meir moderne produksjonsutstyr som både betrar produktiviteten og arbeidsdagen (inkludert arbeidsmiljøet). Samstundes har kraftprisen meir enn tre-dobla seg på grunn av marknadsliberaliseringa av kraftpolitikken og EØS-avtalen. Dette utgjer ein meirkostnad for bedrifta på langt over 100 millionar i året for den reine vasskrafta. Utan denne meirkostnaden hadde sinkverket fint kunna auka bemanninga for å sikre både sekstimarsdag og ei rekkje gode miljøtiltak. Denne verdien går no ut av Odda-samfunnet til Statkraft (eigd av staten). I Odda går det årleg milliard-verdiar frå kraft- og industriproduksjonen ut av lokalsamfunnet for å gjere bedriftseigarane og staten enno rikare. Stadig mindre del av verdiskapinga blir verande i Odda. Difor er kampen for sekstimarsdagen og ein kamp om fordeling av verdiane som blir skapt av arbeidsfolk – på same vis som kampen for åttetimarsdagen for 100 år sidan.

Odda kommune har framleis ansvar for å kreve inn all forskot- og etterskotskatt og avgifter frå bedrifter og alle innbyggjarar, sjøl om den nye regjeringa har foreslått å sentralisere dette og. Langt over halvparten av dette blir sendt vidare til staten for at den søkkrike staten skal bli enno rikare. Om 20 prosent meir av det beløpet som Odda kommune krev inn av skattar og avgifter lokalt ikkje blir vidaresendt til staten, men nytta til full kompensasjon for seks timars normalarbeidsdag for alle kommunen sine tilsette, kunne kravet vore fullfinansiert. Samstundes ville dette redusert utgifter både til sjukefråvær (som i dag er over 8 prosent), uføretrygd og sosialhjelp for dei som i dag ikkje har jobb.

Strategi framover

Skal ein nå målet om sekstimarsdagen, må det utviklast ein felles slagplan (strategi) mellom kvinner og menn, mellom kvinne-rørsla og fagrørsla og mellom fagrørsla i både privat og offentleg sektor. Heile den politiske venstresida må og prioritere denne kampen.

Då vil det vere fornuftig å utvikle dei konkrete strategiane nedanfrå, slik Oddaprosjektet for sekstimarsdagen er eit forsøk på.

Men saka må samstundes løftast opp på nasjonalt plan, på landsmøte i forbunda, i partia og i andre organisasjonar. Eit viktig strategisk delmål er å få LO-kongressen i 2017 til å gå aktivt inn for sekstimarsdagen. Då vil den neste daglege forkortinga av arbeidstida (sju timars dag) – kunne skje i hovedoppgjeret i 2018, hundre år etter at åttetimarskravet vart kjempa gjennom mange stader.

Den kollektive styrken vil avgjere om dei neste etappane før kravet er innfridd, er tariffoppgjeret i 2020 og 2022. Dette kan og kombinerast med ein politisk offensiv for å få lovfesta kravet i Stortinget, slik det skjedde med 8-timarslova i 1919.

Nokre lærdomar

Kampen om arbeidstida har alltid vore ein kamp om fordeling av verdiane i samfunnet og kamp om livskvalitet og rettferdig samfunnsorganisering. Kampen har berre vunne fram gjennom samla og sterk fagleg organisering og ein felles strategi. Skal vi lukkast med kampen om seks timars normal-arbeidsdag, må fagrørsla og den politiske venstresida utvikle ein felles fanesak og ein felles strategi for korleis samfunnet kan organiserast på arbeidarane sine premissar. Slik sett er det ein del å lære av kampen for åttetimarsdagen. Det vart ei felles fanesak over lang tid , både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I ein situasjon med krig, høgkonjunktur og arbeidarrørsla på offensiven, med revolusjonære perspektiv, innførte dei åttetimarsdagen med makt og pressa deretter gjennom kravet i lovs form. Når dei innførte åtteimarsdagen t.d. i Odda, bygde det og på ein konkret plan for korleis dette kunne gjennomførast. Fagforeiningane hadde sjøl utarbeidd arbeidsplanar og skiftplanar for 1,5 timar kortare dagleg arbeidstid som var fullt mogleg og fungerte godt, trass alle trugsmål og åtvaringar frå arbeidsgjevarane. Dette gjorde både arbeidsdagen og livet lettare for alle arbeidsfolk. Det vart ein milepæl i kampen mellom arbeid og kapital dei siste hundre åra som bør inspirere oss i den vidare kampen for kortare dagleg arbeidstid. Vi treng eit arbeidsliv der folk ikkje er utslitt når dei ein dag pensjonerer seg, og eit samfunnsliv der alle har tid og overskot til kvarande.