Samane kom fyrst – i heile Norden

Av Leiv Olsen

2006-03

Var Lesjafjella samisk i jernalderen? I sommar grov arkeologar ut ein samisk buplass i Aursjøen i Lesja kommune. Funnet er oppsiktsvekkande og tvingar fram ein debatt om samane er urfolket – ikkje bare i Finnmark og på Nordkalotten, men i heile Norden.
 

Leiv Olsen er leiar for Rogaland RV og medlem av AKP
Har hovedfag i sørsamisk historie


Ikkje alle liker å innrømma samane status som urfolk, i alle fall ikkje dersom det skal forplikta juridisk, slik Finnmarkslova legg opp til. For eksempel nektar Jarl Hellesvik, tidlegare RV-politikar, for at samane kan kallast urfolk (Klassekampen 27.3.2006). Blant forskarane er dette ikkje diskusjonstema; ingen kan nekta for at samane heldt til over heile Finnmark lenge før både nordmenn, svenskar, russarar og kvænar. Men no, etter Aursjø-funnet, og etter ei nyleg publisert kartlegging av samisk genetisk avstamming, bør forskarane diskutera om samane er urfolket – ikkje bare i Finnmark, men i heile Norden.

Kva fann dei i Aursjøen?

Aursjøen ligg i Lesja kommune, ikkje langt frå grensa til Nordmøre. I sommar var sjøen demt ned. Då grov arkeologar ut fire eldstader på rekke, alle med ei utforming som særpregar samiske gammar, alle med såkalla båassjoe, "heilagdør", plassert der den skal vera i ein samisk gamme med bogestangkonstruksjon. Utgravingsleiar Espen Finstad seier at funnet stemmer med den samiske gammetypen, og at liknande funn til no er ukjende i norsk (ikkje-samisk) samanheng. Det er knapt mulig å tolka dette som noko anna enn ein samisk buplass.

Samisk gamme med bogestangskontruksjon. Kopiert frå Inger Zachrisson: Möten i gränsland (1997), side 123. Opphavleg er figuren henta frå Ernst Manker (1944): Lapsk kultur vid Stora Luleälvs källsjöar.

Samiske gammar var forgjengelege, dei skulle rasa saman med tida, slik at ein ikkje sette spor etter seg i naturen. Hadde den gamle gammen rasa saman når ein vende tilbake til ein buplass, bygde ein ny ved sida av. Buplassar som blei brukt over lang tid, viser derfor alltid eldstader på rekke – som i Aursjøen. Det blei tatt mange C14-prøver. Resultata er klare om få månader. Det ein kan sjå, tyder på at buplassen er minst 1.000 år gamal, frå vikingtid/middelalder. Det blei også funne asbestkeramikk på staden. Arkeologar reknar det som eit nokså sikkert teikn på samisk verksemd. Asbestkeramikk er som oftast frå det siste årtusenet før Kr.f.

Kort sagt: Her fann dei ein samisk buplass brukt over lang tid (alt før Kr.f.? fram til vikingtid?), enten samanhengande eller i fleire periodar, og det ved Aursjøen i Lesja, eit område der fagfolk lenge har hevda at samane fyrst kom som innvandrarar i nyare tid!

Fjella i Lesja har tidlegare vore grundig undersøkt av arkeologen Ellen Høigård Hofseth, som tok magistergraden på området. (1) Ho drøfta kven som hadde utnytta fjella, bønder frå fjordbygdene i vest eller frå dalbygdene i aust; andre var ikkje i tankane hennar. Alle funn blei derfor tolka som enten "fjordbygds" eller "dalbygds", også om dei mangla både i fjordbygder og dalbygder! Bare ved pilspissfunna skilde ho funn i høgfjell frå funn i fjord- og dalbygder, og då kom det fram at fleire av funna i høgfjellet mangla parallellar i bygdene. Nokre pilspissar minner heller om samiske piltypar, spesielt pilspissar der bladet har egghjørner og tangehalsen har sekssidig tverrsnitt. (2) Det peikar i retning av at det ikkje var to, men tre folkegrupper som jakta i Lesjafjella: fjordbønder, dalbønder og samiske veidefolk.

Tanken har nok modna hos Høigård Hofseth òg. I eit seinare arbeid, "Når kartet ikke stemmer med terrenget … Et merkverdig funn fra Lesja", konkluderer ho: "Må det være et bondesamfunn som står bak byggingen av røysa? Jeg er fristet til å koble røysa ved Dyråtjørn til folk med en ren fangstøkonomi som hadde Dalsida som revir, til fangstfolk som hadde funnet sitt "Gosen"." (3) Men enno i 2001, i samband med ei utstilling om graver i fangstmarka, ville ho ikkje opna for at fangstfolket (som ho no skreiv heldt til året rundt i fangstmarka) kan ha vore ei anna etnisk gruppe enn bøndene i bygda. (4)

Sommarens funn av ein samisk buplass ved Aursjøen viser at det var to ulike etniske grupper i Lesja: "norske" bønder i bygda og samar i fangstmarka, og at slik må situasjonen ha vore gjennom heile jernalderen. Med dette funnet er den såkalla innvandringsteorien avliva.

Fangstmarksgraver (fjellgraver og innsjøgraver), bygd på Zachrisson (1997): Möten i gränsland (spesielt kart av Gollwitzer, side 32, og kart av Sundström, side 196); Skjølsvold (1980) i Viking 43, side 140-160. Grått område viser til kart hos Bergstøl (1997): Varia 42.

Innvandringsteorien og urfolksteorien

To teoriar har stått imot kvarandre når fagfolk har diskutert samisk historie: innvandringsteorien og urfolksteorien. Innvandringsteorien blei lagt fram av Yngvar Nielsen i eit foredrag i 1889: samane er eit framandt folk som forholdsvis seint hadde innvandra til Norden frå Asia, som etter svartedauden hadde nådd så langt sør som til Nord-Trøndelag, fyrst på 1700-talet så langt sør som til Røros, og fyrst på 1800-talet kom til Trollheimen, Hardangervidda og andre stader i Sør-Norge. Innvandringa pågår enno, og den går mot sør. Innvandringsteorien blei straks den rådande vitskaplege læra.

Samane sjølv har alltid hevda at dei er urfolket. Det trudde historikarane òg, på 1800-talet. Knut Bergsland tok opp igjen denne teorien rundt 1970, og møtte kraftig kritikk. Etter kvart har fleire forskarar komme fram til det same, fremst står arkeologen Inger Zachrisson. Teoriane hennar er enno omdiskuterte, sjølv om arbeidet hennar i dag blir anerkjent av dei fleste. Aursjøfunnet viser at urfolksteorien må vera rett: samar har halde til i Sør-Norge i uminnelege tider.

Dette er også kva som står i dei skriftlege kjeldene, men sidan omtalane av samane ofte var vage eller eventyrlege, valde forskarane lenge å sjå bort frå dei. Ottar (nordnorsk stormann som i 890-åra var hos den engelske kong Alfred) fortalde at samane var einerådande lengst nord, men sa òg at grensetraktene mellom Norge og Sverige var samiske. Adam av Bremen (saksisk kyrkjehistorikar, 1070-åra) fortalde at mellom Sverige og Norge budde värmländingar og samar. Historia Norvegiae (skriven av ein norsk geistleg ein gong på slutten av 1100-talet) fortalde at Norge var delt på langs i tre soner, og den austlege var skogane der samane heldt til. Snorre fortalde i kongesagaene om samar på Hadeland, Dovre og Opplanda. Han gjengav òg eit kvad av Sigvat skald om ei hærferd Heilag-Olav hadde hatt til Herdalar i Finnland ("sameland") – forskarane undrast kvar dette kan ha vore; Herdalar er norrønt for Härjedalen; var den samisk på 1000-talet? Dei gamalnorske kristenrettane frå Østlandet (Borgartingslagen og Heidsævatingslagen) sette strenge forbod mot å oppsøka samane (finnar i finnmarker) for å "spyrja spá" – slike finnmarker kan ikkje ha ligge langt frå dei austnorske bondebygdene. I tillegg til desse skriftlege kjeldene har me eit stort tal arkeologiske funn frå Midt-Sverige (stort sett nord for Dalälven) og Sør-Norge (stort sett i høgfjell og skogsdalar) som bør tolkast som samiske.

Jernalderens fangstmarksgraver

Aursjøen ligg sentralt i eit område med såkalla fangstmarksgraver; etter folk som blei gravlagde langt frå bondebygda, i norske høgfjell og svenske skogar. Slike er funne over det meste av Sør-Norge og Midt-Sverige gjennom storparten av jernalderen, dei aller yngste er frå høgmiddelalder (rundt1200). Arkeologar meiner dei må ligga etter ei folkegruppe som heldt til året rundt i fangstmarka, andre folk enn dei som heldt til i bondebygda, men dei fleste har ikkje ønskt å rekna veidefolk og bønder som to ulike etniske grupper. Inger Zachrisson har overbevist dei fleste om at i alle fall gravene på Vivallen i Sverige, like aust av Røros, var samiske. Vivallen blir no oppfatta som ein samisk middelalderbuplass (rundt 800-1200). Mange andre funn bør òg tolkast som samiske, spesielt ein runebommehammar, datert til 1100/1200, funnen ved Nordset i Øvre Rendalen. (5) Oversikter over arkeologiske funn som bør reknast som samiske finst hos Zachrisson: Möten i gränsland (1997) og i hovudoppgåva mi: Sørsamane: Urfolk eller nyinnvandra folk? (hovudoppgåve i historie, Universitetet i Bergen, 1998). Dei siste åra, etter at arkeologar har opna for at funn i Sør-Norge og Midt-Sverige kan tolkast som samiske, blir stadig fleire karakterisert slik; for eksempel er ei rekke funn frå Rødsmoen og Gråfjell i Åmot kommune tolka som samiske. (6)

Men om det var samar ved Aursjøen gjennom heile jernalderen, treng dei vel ikkje ha vore det einaste veidefolket? Me høyrer aldri om andre veidefolk i dei mange beretningane frå oldtid og middelalder, tvert om heldt alle fram det samiske leveviset som spesielt, som avvikande frå korleis andre folk levde. Derfor er det truleg samar som er gravlagde i fangstmarksgravene, både i Lesjafjella og dei andre gravene i Sør-Norge og Midt-Sverige.

Dei sørlegaste fangstmarksgravene ligg på Hardangervidda. Veidefolk som heldt til der sommarstid, måtte vera andre stader i vinterhalvåret – det var ikkje verande på vidda vinterstid. Då må dei ha halde til i låglandet rundt. I Rogaland? Telemark? Buskerud? Kort sagt: samar kan ha halde til kor som helst i Sør-Norge og Midt-Sverige. Alle funn i Sør-Norge og Midt-Sverige har ein til no tatt for gitt høyrer til norsk eller svensk kultur og historie. Me bør heller snakka om mulige norske eller svenske funn, og diskutera seriøst om dei kanskje heller er samiske.

Genetisk stamtre for samane

Tidlegare trudde folk at samane hadde komme frå Asia og var i slekt med mongolar og tyrkiske folk. Det kan me i dag slå fast er feil, men sikkert er det at samane genetisk står i ei særstilling blant europeiske folk. Genetikarane har utvikla metodar for å kartlegga avstamminga til folk; såkalla mitokondrisk DNA blir alltid arva frå mor, Y-kromosomar alltid frå far. I 2004 publiserte Kristiina Tambets m.fl. ein studie som samanliknar samisk mtDNA med materiale frå dei fleste folka i Europa og Nord-Asia, og samiske Y-kromosom med dei same folka (Tambets et al.; American journal of human genetics nr 74, 2004). Då dei rekonstruerte morsarven og farsarven, kom det fram eit interessant bilde:

Kartet over viser sannsynlege vandringsvegar for berarar av såkalla "haplogrupper" (arvemateriale). Det øvste kartet – avstamminga mor til dotter, rekonstruert ved hjelp av mitokondrisk DNA – viser følgjande:

  • Då istida tok slutt, innvandra berarane av haplogruppa V. Dei kom frå ein stad i Vest-Europa; dei kan ha innvandra over Danmark/Nordsjøen til Skandinavia, eller snarare via Aust-Europa, nordover gjennom Russland til Finnmark, og breidd seg over heile Norden.
  • Kanskje for like lenge sidan, i alle fall før den uralske språkfamilien blei splitta i enkeltspråk, vandra berarane av haplogruppa U5b1b1 frå Vest-Europa, via Aust-Europa, nordover gjennom Russland til Finnmark, og spreidde seg over heile Norden.
  • Langt seinare, med det fyrste jordbruket, kom berarane av gruppa H. Dei kom via Danmark til Skandinavia; gjennom folkeblanding blei også denne haplogruppa spreidd blant samane (spesielt blant norske samar).

Det neste kartet – avstamminga far til son, rekonstruert ved hjelp av Y-kromosomet – viser følgjande:

  • Berarane av haplogruppa N3 (og små innslag av R1a) innvandra frå austlege område i europeisk Russland til Finnmark, og spreidde seg vidare over heile Norden (mens små innslag av R1b kom frå Sentral-Europa, via Aust-Europa til Finnmark).
  • Berarane av haplogruppa I innvandra frå Sentral-Europa over Nordsjøen til Skandinavia og Norden.

Hovudinnslaga i den samiske genetiske arven ser ut til å ha komme med folk som innvandra til Norden då isen smelta. Desse folka kom frå tundraen som den gongen strekte seg frå Nordsjøen, gjennom Nord-Tyskland og inn i Polen og Russland. I den vestlege delen av tundraen snakkar me om Ahrensburg-kultur, lenger aust om Swiderien-kultur. Forfattarane konkluderte:

"… omtrent heile arven av mtDNA og Y-kromosom hos samar kan gis tilfredsstillande forklaring innanfor den europeiske genpolen. Denne genetisk baserte rekonstruksjonen (fig. 4) er i samsvar med den rekonstruerte spreiinga av dei mesolittiske Ahrensburg- og Swiderien-teknologiane i Nord-Europa, og knyt dei til folkevandringar slik me har grunn til å tru dei gjekk føre seg då isen smelta og folk rekoloniserte Nord-Europa." (7)

Dette er ein genetisk rekonstruksjon av avstamminga til eit stort utval enkeltmenneske; for heile folkegrupper blir bildet meir komplisert. Samtidig veit me at samane er genetisk eineståande blant europeiske folk, og forklaringa på dette må ligga i at dei gjennom svært lang tid (nokre titusenår) har hatt lite inngifte med andre folk. Noko inngifte har det sjølvsagt vore! Så viser òg mtDNA at ei av morslinjene til dei undersøkte går tilbake til jordbruksfolka som kom til Danmark i yngre steinalder.

Dagens skandinavar ser ikkje ut til å ha reine farslinjer og morslinjer tilbake til dei fyrste menneska som kom hit, slik samane har. Følgjeleg må Ahrensburg- og Swiderien-folka reknast som dei direkte forløparane til dagens samar (sjølv om dei ikkje kalla seg samar). Ahrensburg- og Swiderien-folka kan ha vore to greiner av det same folket som vandra langs kvar si rute, på jakt etter reinen som følgde isen som forsvann mot nord. Kva språk snakka dei? Truleg ei tidleg form for samisk – kva elles? Språkforskaren Kalevi Wiik har argumentert for at uralske språk (som samisk høyrer til) ein gong har vore snakka av alle folk i Nord-Europa.(8)

Ahrensburg- og Swiderien-folka, som slo seg ned i Norden då isen smelta, var direkte forfedrar og -mødrer til dagens samar, om me følgjer slektledda frå far til son eller frå mor til dotter, og det er denne avstamminga som gjer at samane står i ei genetisk særstilling blant folk i Europa i dag. Truleg snakka dei ei tidleg form for samisk. Det betyr at samane er urfolket i heile Norden; det var dei som kom hit då isen smelta, det er dei som er Komsa-Fosna-folket. Eldre steinalder i Norden og Baltikum er samisk steinalder, samisk forhistorie.

Samisk forhistorie rekonstruert

Straks isen smelta, kom dei fyrste menneska hit på jakt etter sel og rein, dei følgde etter då dyra trekte nordover. Dei kom langs to ulike vandringsruter: nokre kom over Nordsjøen til Rogaland, og drog vidare nordover langs norskekysten, andre drog nordover gjennom Russland, og så vestover langs kysten av Kolahavøya, inn i Finnmark og vidare sørover langs norskekysten. Begge kom frå tundraen som under istida strekte seg frå Nordsjøen i vest, gjennom Nord-Tyskland og Polen og inn i Russland. Etter kvart som isen smelta, slo dei seg ned over heile Norden der det var isfritt. Dei var vande med å ferdast på hav, elver, på islagde vatn og snølagde vidder, og heldt lett samband over store område – i båt eller på ski. Derfor var heile Norden med Baltikum kulturelt nokså homogent i eldre steinalder: den såkalla Fosna- og Komsakulturen er ein og same kulturen som prega heile Norden med Baltikum. Gradvis blei kulturformene endra, men stor kulturell variasjon oppstod fyrst ved overgangen til neolittikum (yngre steinalder), då veidefolket som til då hadde vore einerådande i Norden, møtte jordbrukskulturar frå det sentrale og sørlege Europa. – Kven var dette steinalderfolket?

Me har to språkfamiliar i Norden: uralske språk og indoeuropeiske språk, og me har to genetiske grupper i Norden: samane, som skilde seg ut frå andre nolevande europeiske folk for nokre titusen år sidan, og dei indoeuropeiske folka. Alle indoeuropeiske folk, frå Island i nordvest til India og Bangladesh i søraust, er nært genetisk beslekta, med eit felles genetisk opphav for anslagsvis 6.000-9.000 år sidan. Suomi, estar og andre østersjøfinske folk står genetisk svært nær dei indoeuropeiske folka (og er samtidig dei som har mest genetisk slektskap med samane).

Uralske folk har så lenge me veit om, halde til i Nord-Europa, det vil seia innanfor området Norden/Nord-Russland og tilstøtande område. Genetiske studiar av samane viser at dei har halde til i Norden svært lenge. Dei siste 20.000 åra eller så har dei hatt minimalt med innslag frå andre folk i Europa og Asia. Studien til Tambets et al. antyder innvandring frå Mellom-Europa via to vandringsvegar. Samane, eller dei uralskspråklege forfedrane og -mødrene deira, er urfolket i Norden; det var dei som kom hit då isen smelta.

Ifølgje teorien til Colin Renfrew var det dei indouropeiske folka som brakte jordbruket til Europa. Det kan forklara den nære genetiske slektskapen mellom alle indoeuropeiske folk og stemmer med dateringar av når jordbruket kom til ulike delar av Europa. Til Danmark kom jordbruket for 6.000 år sidan (ca 4000 f.Kr), og spreidde seg raskt til Sverige og Norge, til Baltikum og Finskebukta kom jordbruket noko seinare (ca 2000 f.Kr). Det var folka som seinare blei kjende som germanarar som brakte jordbruket til Sør-Skandinavia, mens ei anna grein, dei slavisk-baltiske folka, brakte jordbruket til Finskebukta.

Arkeologar har diskutert om jordbruket kom ved innvandring eller ved at urfolket lærte jordbruk og gradvis blei indoeuropeisert. Her er det neppe snakk om enten eller, men både og. Genetiske studiar viser at det må ha skjedd ei innvandring, men det treng ikkje vera heile forklaringa; det er sannsynleg at enkelte blant urfolket sjølv gjekk over til jordbruk, i større eller mindre grad, og med tida blei assimilerte. Ein slik modell kan best forklara korfor det er så lite brot og så stor kontinuitet i det arkeologiske materialet. Med tida blei urfolket dels assimilert og dels fortrengt av indoeuropearane. I alle landsdelar må det ha vore overgangsperiodar der to ulike etniske grupper har levd side om side: samar og indoeuropeiske jordbruksfolk, og blant samane kan det ha vore både jordbrukarar og reine veidefolk. Med mindre ein trur at overgangane skjedde synkront i heile distrikt: med eitt slag gjekk alle samar over til jordbruk, og i samme augneblinken blei dei alle indoeuropeiserte, utan unntak. (9)

Dei same prosessane skjedde truleg både i Skandinavia og i landa rundt Finskebukta, men med noko ulikt forløp: i landa rundt Finskebukta forsvann aldri det uralske språket. Samar som blei bønder, må ha knytt seg tett til dei innvandrande baltiske folka og blei med tida dominert av dei genetisk, men heldt fast ved språket.

Finn-namna: minne om samar?

Mykje er det òg som tyder på at samar her og der dreiv jordbruk i svært gamle tider. På Rødsmoen og i Gråfjellet i Åmot kommune, i Finndalen i Alvdal og ved Kongsvinger har arkeologar oppdaga låge terrassar der det i eldre jernalder var små åkrar – lenge før det blei etablert gardar i dei gode jordbruksområda lenger nede i dalen. Jostein Bergstøl meiner det var fangstfolk i Østerdalen, samar, som her dreiv jordbruk i liten skala. (10) På garden Hedningagärdet i vestre Härjedalen har arkeologar avdekt ein gard, datert til 900-1100-talet, med små åkrar og tamdrift – med reinsdyr! (11) I Härjedalen og Dalarna er det mange stadnamn på Hedning-, og tradisjonen knyt dei ofte til samar. Antropologen Bertil Lundman viste til gamal tradisjon i Dalarna, særleg i grenseområda mot Norge:

"Lindén framhåller (muntl.) hur folkemeningen i Dalarna ofta sätter likhetstecken mellan "finne" och "hedning" i betydelsen av för bygden främmande "urbefolkning". Så berättes till exempel sägner om undanträngde finnar, anknutna till ortnamn på Hedning- belägna uppåt skogarna … Någon sammanblandning av traditionen om dessa "hednafinnar" (mitt uttryck) med den om finlandsfinnarna från 1600-talet anse Lindén (muntl.) och andra åtminstone i de flesta fall omöjlig …" (12)

Frå middelalderen har me to-tre omtalar av bufinnar, samar – i alle fall i Valdres og på Helgeland – som dreiv jordbruk og fiske. Over heile Norden finst det meir enn 200 stadnamn på Finn– som går tilbake til urnordisk eller norrøn tid; i nord, sjølvsagt, men i sør òg. Mange av namna viser tilknytting til jordbruk, og mange ligg i område der forskarar ikkje trudde det var samar: på Romerike, i Østfold, Sør-Sverige, Danmark … I hovudoppgåva mi påviste eg at dei fleste namna er uforklarlege, med mindre dei viser til samar som ein gong var her. (13) Kanskje bufinnar frå urnordisk tid, samar som seinare blei germaniserte?

Var det samar som skapte all bergkunsten?

Over heile Norden finst det imponerande og vakre helleristingar, eller bergkunst, som forskarane kallar dei. Dei er vanskelege å datera, men dekker truleg heile den perioden me kallar steinalder i Norden (ca 9000-1800 f.Kr), dei yngste kan vera frå bronsealderen (ca 1800-500 f.Kr). Dei fleste bilda har motiv knytt til jakt, men blant dei yngre felta er det mange med motiv henta frå jordbruk. Kven skapte desse bilda, og korfor? Og korfor slutta dei med det?

Den nærmaste parallellen er holemaleria i Sør-Europa. Dei flottaste holemaleria høyrer til den såkalla Magdalenien-kulturen frå slutten av istida, og ein utløpar av denne var Swiderien – folka som fyrst slo seg ned i Norden då isen smelta, og som er forfedrar og -mødrer til samane. Straks dei spreidde seg over Norden, tok dei til å dekorera bergveggane, særleg bergveggar som vende mot hav, fossar og vassdrag. Mest kjent er det store bildefeltet i Alta; andre store bildefelt har me i Ausevik i Flora, Vingen i Ytre Nordfjord, Nämsforsen i Ångermanland og ved Ladogasjøen. Mindre felt finst over heile Norden.

Ut frå motivvala er det vanleg å skilla mellom veidefolkets og bondens bergkunst. Eit problem har vore å forklara korfor bondens bergkunst dukkar opp, for den finst bare enkelte stader og manglar heilt i langstrekte mellomliggande område; der finst bare veidefolkets bergkunst. Forfedrane og -mødrene til samane, dei som kom hit då isen smelta, skapte veidefolkets bergkunst. Då forfedrane våre kom hit med det fyrste jordbruket, rundt 4000-3000 f.Kr, kan enkelte av urfolket (les: samane) ha tatt etter og blitt bønder. Var det samar som blei bønder som skapte bondens bergkunst? Og slutta dei med det fordi dei blei heilt germaniserte?

Bergkunst finst også i Aust-Europa og Sibir, alle stader der det er folk som snakkar uralske språk – språkfamilien som samane høyrer til. I områda der dei indoeuropeiske folka kom frå, er det ikkje bergkunst. Bildeverda i bergkunsten har slåande likheter med bildeverda på dei samiske runebommene. Er runebommer og helleristingar den same kunsten, skapt for dei same formåla? Kanskje alle helleristingane, også i Stavanger, på Lista, i Oslo, Østfold, Bohuslän og alle andre stader der desse imponerande bilda dukkar opp, ligg der som minne etter samane som ein gong heldt til her.


Notar

1) Fjellressursenes betydning i yngre jernalders økonomi. AmS-Skrifter 5, Stavanger 1981. [Attende]

2) Same skrift, side 49f. [Attende]

3) Viking 1991, side 48. [Attende]

4) Viking 2001, side 133-161. [Attende]

5) Gutorm Gjessing: To hamrer til samiske runebommer. Studia Septentrionalia 2, side 100-115; Festskrift til Konrad Nielsen. Leif Pareli: "Runebommehammeren fra Rendalen – et minne etter samer i Sør-Norge i middelalderen?" Åarjel-Saemieh/Samer i Sør. Saemien Sijte Årbok nr 4, side 21-24; 1991. [Attende]

6) Lars Narmo: Oldtid ved Åmøtet; Åmot historielag, Rena 2000. Jostein Bergstøl: "Etnisitet og kulturmøter med utgangspunkt i materiale fra Østerdalen"; Varia 59, Oslo 2005. [Attende]

7) Mi omsetting. I originalen står det: "… nearly all of the mtDNA and Y-chromosomal heritage of the Saami can be adequately explained within the European pools of the two haploid systems. This genetics-based reconstruction (fig. 4, se figurene på side 88 og 89, Red.) is in agreement with the reconstruction of the spread of Ahrensburgian and Swiderian Mesolithic technologies in northern Europe, linking it with population expansion that can be likely traced back to the post-Last Glacial Maximum recolonization of the European north" (Tambets et al. 2004, side 678). [Attende]

8) Kalevi Wiik: Eurooppalaisten juuret. Jyväskylä 2002. [Attende]

9) Tidleg i 1970-åra diskuterte arkeologane Anders Hagen og Eigil Bakka om Vestlandet hadde vore kulturelt homogent eller todelt i yngre steinalder; Bakka "vann" striden. I ein språkleg glitrande artikkel avviste han at Vestlandet nokon gong hadde vore todelt kulturelt (Omkring problemet om kulturdualismen i Sør-Noreg, Bonde-veidemann, bofast-ikke bofast i nordisk forhistorie, side 109-127; Universitetsforlaget 1973). I dag må me slå fast at Bakka tok feil. [Attende]

10) Jostein Bergstøl: "Etnisitet og kulturmøter med utgangspunkt i materiale fra Østerdalen: Status og problemstilinger – jernalder og middelalder", side 118f. Varia 59. Oslo 2005. [Attende]

11) Anders Hansson: Vikingar i fjällen, side 122f. Jämten 1997. [Attende]

12) Bertil Lundman: Dala-allmogens antropologi. Uppsala 1945. [Attende]

13) Leiv Olsen: Sørsamane – urfolk eller nyinnvandra folk? Hovudoppgåve i historie, Universitet i Bergen, 1998. [Attende]