4. Forbrytardomstolen i NATOs teneste

Av

Nr 2a 2008

Den Internasjonale Forbrytardomstolen for tidlegare Jugoslavia (DIFJ) vart oppretta av Tryggingsrådet i mai 1993. [52] Dette vart gjort på grunnlag av kravet om at det var nødvendig med ein slik institusjon under Kapitel VII for å hjelpe til med å gjenopprette «internasjonal fred og tryggleik», trass i fråver av ein einaste paragraf i FN-traktaten som gav Tryggingsrådet fullmakter som inneheldt juridiske rettar. Ikkje berre var denne resolusjonen ultra vires. Det kan bli påstått at den verkelege bakgrunnen for å opprette DIFJ var ei påstått interesse for «rettferd» for å hindre fred, og for å fremje USA sine siktemål på Balkan. Alt dette kravde bruk av makt og bryting av freden.

Opprettinga av DIFJ kom berre fem månader etter talen til statsråd Lawrence Eagleburger i desember 1992 der han etterlyste eit «andre Nürenberg» for å kunne bringe namngitte skurkar for retten. I hovudsak gjaldt det serbiske leiarar, inkludert Milosevic. [53] Denne domstolen var i hovudsak organisert på initiativ frå USA med ein stab som viste til Madeleine Albright som «Domstolens mor». [54] Han vart finansiert og for ein stor del bemanna – og med toppersonell klarert – av USA og NATO. Han har konsekvent fungert som formar av falsk rettferd og moralistisk skam, mens han har tent som eit reelt talerør og politisk reiskap for NATO. Som NATO-talsmannen Jamie Shea peika på under bombekrigen i 1999, så «oppretta» NATO-land domstolen. Dei «er blant hovudfinansieringskjeldene» til domstolen og stør aktiviteten hans «dag for dag». Då Shea vart spurd om NATO godkjenner DIFJ sin rett til å dømme NATO si bombing, svara Shea at «når dommar Arbour tar til med undersøkingane sine, vil ho fordi vi vil tillate henne å …. Eg er sikker på at når dommar Arbour drar til Kosovo og ser på fakta, vil ho reise tiltale mot folk av jugoslavisk nasjonalitet, og eg ventar ikkje nokon andre….» Og då han vart pressa på den same saka dagen etter, svara Shea: «Det er vi som opprettheld internasjonal lov. Vi er ikkje overgriparar.» [55] Shea sine merknader om dette forholdet mellom NATO og DIFJ vart aldri nemnd av New York Times. Dei vart heller ikkje rapportert av noko anna dagsavis på den tid. [56]

Professor i internasjonal rett ved York Universitet, Michael Mandel, argumenterer overtydande for at hovudfunksjonen til DIFJ var å tillate ei kravd etterprøving av rettferd for å unngå å avslutta væpna konfliktar før NATO sine mål var nådd. Ved hjelp av DIFJ vart serbiske mål meir fullstendig demonisert, og leiarane deira erklært uakseptable ved forhandlingsbordet. DIFJ-presidenten Antonio Cassese skrytte ope av korleis DIFJ-tiltale hadde hindra den bosnisk-serbiske politiske leiaren Radovan Karadzic og general Ratko Madic å ta del i Dayton-forhandlingane i 1995. «La oss sjå kven som no vil sette seg ned ved forhandlingsbordet med ein mann som er skulda for folkemord», sa Cassese til avisa L’Unita. Ein så uforskamma politisert bruk av tiltale var det innleiande modus operandi til DIFJ. Det mest iaugefallande var tiltalen mot Milosevic og fire andre i mai 1999, midt under NATO sin sju dagars bombekrig mot Jugoslavia. Noko som gjorde det slik, var det at sjeftiltalar Louse Arbour så ope gav til syne det politiske målet med å blokkere Milosevic som muleg forhandlar. På pressekonferansen i slutten av mai 1999, for å annonsere innleiande tiltale for serbiske handlingar i Kosovo, stadfesta Arbour rett ut at «kjensgjerningane som denne tiltalen var grunna på, reiser alvorlege spørsmål om kor høvelege dei er som garantistar for noko avtale, og endå mindre ei fredsavtale.» [57] Men kanskje endå meir verdt ein merknad er det faktum at denne tiltalen var sett saman i all hast på bakgrunn av ikkje stadfesta «bevis», gitt til kontoret hennes av USA og Storbritannia, og lagt fram akkurat då NATO var i ferd med å kome under kritikk for å ha gått over til å ha den sivile infrastrukturen i Serbia som krigsmål. Slik dekte DIFJ over NATO sine krigsbrotsverk, utført innafor rammeverket til NATO si bryting av FN-traktaten: aggresjonsovergrep – det «høgste internasjonale brotsverket»!

Underhaldande er det at eit av dei mest opne bevisa for DIFJ si underkasting under NATO er kontrasten mellom den innleiande tiltalen for Kosovo og tiltalemakta si avvising av til og med det å undersøke NATO si framferd under bombekrigen. Etter statuttane sine er DIFJ pålagt å tiltale ein kvar part som opererer i det tidlegare Jugoslavia viss ein er presentert med plausible prima facie bevis for deltaking i krigsbrotsverk. Michael Mandel leverte inn tre saksmapper med slike bevis, når det gjaldt NATO, til DIFJ-tiltalemakta i mai 1999. Men i kontrast til «dagen etter tenesta» når det gjaldt dei påståtte serbiske brotsverka etter Racad-massakren i januar, [58] tok det tiltalemakta noko slikt som fjorten månader før ho kunne rapportere tilbake at «verken ei djuptgåande gransking knytt til bombekampanjen som eit heile eller undersøkingar rundt spesifikke hendingar, er rettferdiggjord.» [59] Den nye sjefsaktoren Carla Del Ponte sa at ho var «svært tilfreds med at det ikkje var noko tilsikta målretting av sivile eller ulovleg militær målretting utført av NATO under bombekampanjen …. Tiltalemakta vurderte desse til å vere genuine mistak på NATO-sida.» [60] Det er problematisk korleis denne konklusjonen kunne bli nådd utan ei undersøking. Det slår ein også i auga at NATO-talsmenn ope vedgår tilsikta innretting mot sivile mål, og rask opphoping av bevis for at slike mål i stort omfang var råka. Amnesty International hadde ingen vanskar med å identifisere NATO sine krigsbrotsverk.

Del Ponte hadde tinga ei intern undersøking av spørsmålet som ope vedgjekk tiltru til presseutspel frå NATO erklært pålitelege. Ei av dei meir interessante trekka var fastslåinga at med berre 495 døde og 820 såra sivile i «dokumenterte tilfelle» frå NATO-bombing, «er det enkelt og greitt ikkje noko bevis for nødvendig brotsverksgrunnlag for påstandane om folkemord eller brotsverk mot menneskja.» [61] Husk at «brotsverkgrunnlaget» for den opphavlege siktinga av Milosevic var 344 døde, uverifisert av DIFJ, men trass i det sett på som tilstrekkeleg til å bringe fram siktinga. [62] Vi har å gjere med ein institusjon som ikkje ein gong kan halde orden på eigen propaganda. Men han treng det heller ikkje: Dei etablerte media brydde seg aldri om denne komiske dobbelstandarden, eller dei godtok tenesta han ytte NATO ved å gje immunitet til utvidinga av bombekrigen til å gjelde sivile installasjonar. Carla Del Ponte vart heller ikkje diskreditert som ein autoritet og sanningsforteljar. I staden finn vi at magasinetNation sin FN-korrespondent Ian Williams forsikrar at ei tale av Del Ponte til Tryggingsrådet i seg sjølv var tilstrekkeleg til «å parkere spørsmåla rundt talet på dødsoffera [i Kosovo].» [63]

Notar:

52. UNSC Res. 827, 25. mai 1993. § 2 slår fast at Tryggingsrådet sitt «einaste siktemål» med å opprette DIFJ er «å saksøke personar som er ansvarlege for alvorlege brot mot internasjonal humanitær lov på territoriet til det tidlegare Jugoslavia …»

53. Elaine Sciolino, «U.S. Names Figures It Wants Charged with War Crimes», New York Times, 17. desember 1992.

54. Gabrielle Kirk McDonald, «Remarks at the United States Supreme Court», Press Release, DIFJ, 5. april 1999.

55. Daglege pressemeldingar frå NATO, 16. og 17. mai 1999, www.nato.int.

56. Bortsett frå sirkuleringa av avskrifter av NATO sine daglege pressekonferansar, mottatt over M2-pressetenesta, er den einaste samtidige rapporten som har sitert nokon del av Jamie Shea sine kommentarar om forholdet mellom NATO og DIFJ Farhan Haq, «Milosevic indictment Heralds New Era», Inter Press Service, 27. mai 1999. Haq siterte også Robert Hayden: «Herr Shea veit sjølvsagt at den som betalar for gildet set tonen.»

57. Sjå Mandel, How America Gets Away with Murder, særleg 117–46; Antonio Cassese sitt intervju med L’Unita var omtalt I «Karaczic a Pariah, Says War Crimes Tribunal Chief», ANP English News Bulletin, 27. juli 1995; «Statement by Justice Louse Arbour, Prosecutor» (JL/PIU/404-E), DIFJ 27. mai 1999.

58. Den 16. januar 1999, dagen etter at FRY-styrkar hadde organisert ein operasjon i den KLA-dominerte byen Racak i Kosovo, følgd av inviterte observatørar frå OSCE og fotografar frå AP, og hadde kjempa eit slag der med KLA-styrkar, vart 40–45 kroppar funne på ulike stader, omtrent tjue av dei i ei kløft. USA og OSCE sin offisielle talsmann William Walker var raskt på arenaen og erklærte dette for å vere ein massakre, og fekk aktor ved DIFJ, Louse Arbour, til same dag å annonsere at ho hadde «sett i verk ei gransking av den aller ferskaste massakren i Kosovo» utan at ho hadde sett kroppane eller mottatt nokon utfyllande informasjon. Det er alvorleg tvil om dette i det heile tatt var ein massakre sidan ingen bevis for noko slikt vart funne av observatørane frå OSCE, AP-fotografane eller ein fransk reporter som var til stades kampdagen, og lika vart først funne etter at KLA hadde vendt tilbake til Racak. For drøfting av denne kontroversen, sjå Edward S. Herman og David Peterson, «CNN: Selling NATO’s War Globally», i Philip Hammond og Edward S. Herman, Degraded Capability: The Media and the Kosovo Crisis (Sterling, VA: Pluto Press, 2000), 117–19; Johnstone, Foolsæ Crusade, 238–44; og Mandel, How America Gets Away with Murder, 72–80; 134–36.

59. Mandel,How America Gets Away With Murder, 176–206; Carla del Ponte, Final Report to the Prosecutor by the Committee Established to Review the NATO Bombing Campaign Against the Federal Republic of Yugoslavia, DIFJ, juni 2000, § 90.

60. Barbara Crossette, «U.N. War Crimes Prosecutor Declines to investigate NATO», New York Times, 3. juni 2000.

61. Del Ponte, Final Report, § 90.

62. Louise Arbour, Prosecutor of the Tribunal Against Slobodan Milosevic et al.(IT-99-37), DIFJ, 22. mai 1999. Sjå lista A–G med 344 «personar kjent ved namn», hevda å ha vorte drepne i Kosovo.

63. Ian Williams, «Revisjonisme, Talspelet i Kosovo». Toronto Star, 23. november 1999.