2. Rolla til serbarane, Milosevic, og «Stor-Serbia»

Av

Nr 2a 2008

Eit nøkkelpunkt i mytane seier at Milosevic egga serbarane til vald ved å sleppe laus den serbiske nasjonalismeånden frå flaska den hadde vore stengt inne i under Tito. Under påtalemaktas opningserklæring ved rettssaka mot Milosevic, vart det vist ein video der han sa «ingen skal våge slå dykk» i Kulturhuset i Pristina i april 1987. «Det var den setninga … og reaksjonen frå andre på ho som gav den tiltalte smaken på makt, kan hende oppfylling av ein draum», sa aktor Geoffrey Nice til retten. Med desse orda hadde Milosevic «brote (Titos) tabu mot å påkalle nasjonalismen» skriv Dusko Doder og Louise Branson, «eit tabu som hadde stansa etnisk hat og heldt Jugoslavia saman i meir enn førti år … Det blei katastrofe frå første stund: rabiat etnisk nasjonalisme feide gjennom alle regionane i Jugoslavia som ein sjukdom.» [25]

Men verken fråsegnene til Milosevic eller talen hans 28. juni 1989 i samband med 600-årsjubileet for slaget om Kosovo var slik dei blei framstilte. Milosevic brukte i staden begge talane til ein appell om multietnisk toleranse, og ei åtvaring mot nasjonalismen som trua Jugoslavia – «som heng som eit sverd over oss heile tida». (1989) [26]

I talen i 1987 – orda «ingen skal våge å slå dykk» blei sagt som svar på at politiet hadde banka opp serbarar i området – sa Milosevic at «me ønskar ikkje dele opp folk i serbarar og albanarar, men me må skille mellom dei ærlege og progressive som slåst for brorskap og einskap og likeverdige nasjonar frå dei kontrarevolusjonære og nasjonalistane på den andre sida». Likeins sa han i talen i 1989 at «Jugoslavia er eit multinasjonalt samfunn og det kan overleve om alle nasjonane der har like vilkår», og ingenting i desse to talane stod i motstrid til desse fråsegnene – heller ikkje kan ein finne slike utsegner i talane og skriftene til Tudjman eller Izetbegovic. Men den vanlege framstillinga styrer klar av dei faktiske fråsegnene til Milosevic, forståeleg nok, ettersom den feilaktige framstillinga som setninga «ingen skal våge å slå dykk» er djupt rotfesta, og gjentatt av aktor i DIFJ, Silber og Little, Glenny, Malcolm, Judah, Doder og Branson, og mange andre; au av The Guardian og The New York Times, for å nemne to, som alle viser til desse talane som eggande serbisk-nasjonal-istiske, men som aldri brydde seg om å lese og gi att det faktiske innhaldet.

Den massive rettsaka mot Milosevic, med 295 vitne frå påtalemakta og 49 191 sider med rettsreferat, makta ikkje å framskaffe eit einaste truverdig prov på at Milosevic hadde snakka nedsettande om ikkje-serbiske «nasjonar» eller beordra drap som kan kallast krigsbrotsverk. Men dei såkalla Brioni-papira med talar som den kroatiske presidenten Franjo Tudjman heldt for sine militære og politiske leiarar 31. juli 1995, avslører at Tudjman instruerer generalane sine til å «påføre serbarane eit slag så dei i realiteten forsvinn». [27] Det som kom dagar etterpå var Operasjon Storm, eit massivt, godt planlagt militært åtak som bokstavleg talt fekk serbarane i Krajina til å forsvinne. Tenk deg for ei gavepakke ei utsegn som Tudjmans ville vore for Carla del Ponte, Geoffrey Nice, Marlise Simons og Ed Vulliamy om det hadde vore Milosevic som hadde uttalt seg så direkte og grovt om kriminell verksemd. Men sommaren 1995 var Tudjman ein alliert av Sambandsstatane, og Operasjon Storm vart godkjent og støtta av Sambandsstatane og enkelte av leigesoldatane deira. [28]

Likeins var hovudemnet til Alija Izetbegovic i Den islamske erklæringa, som først vart spreidd i 1970 men utgitt på ny i 1990 i samband med presidentvalkampen hans, det han kalla «at islam var uforeinleg med ikkje-islamske system». «Det er verken fred eller sameksistens mellom den «islamske religionen» og ikkje-islamske sosiale og politiske institusjonar» hevda Izetbegovic. «Med retten til å styre si eiga verd, utelukkar islam klart retten og høvet til å sleppe ein fremmend ideologi til på sitt territorium. Derfor er det ikkje grunnlag for eit sekulært styre, og staten må stå for, og støtte dei moralske prinsippa i religionen». [29] Igjen, ikkje noko av det Milosevic har sagt motsvarer eit slikt program for etnisk intoleranse. Men ettersom det var resepten til ein mann som blei ein nøkkelmann for Sambandsstatane, så blei haldningane til Izetbegovic ignorert av dei same journalistane som meinte at «ingen skal våge å slå dykk» opna for oppløysinga av heile landet. Istadenfor tok David Rieff dei bosniske muslimane til seg som si «rettferdige sak», fordi dei etter hans oppfatning hadde «eit samfunn bygd på multikulturalisme … og toleranse, og ei oppfatning av at nasjonal identitet hadde utspring i delt borgarskap heller enn etnisk identitet» – og dette sanningsvitnet hevdar å vise til «verdiane» og «ideala» som Izbegovics Bosnia stod for! [30]

I rekka av klagemål frå DIFJ mot Milosevic og andre står påstanden om at han arbeidde for å skape eit «Stor-Serbia» høgt som årsaka til krigane. Det er au den vanlege oppfatninga som dei intellektuelle og media stod for, uttrykt av Judah som «at alt byrja med slagordet ’Alle serbarar i ein stat’», og i dødsmeldinga i Washington Post i mars 2006, der me les igjen at «lovnaden (til Milosevic) om å samle alle serbarar i ein stat, fekk eit ironisk skjær». Og i ei omfattande samling med klisjeaktige løgnar, påstår Mark Danner i New York Review of Books: «På same vis som dei jugoslaviske krigane, sprang Dayton-avtalen ut av panna på Slobodan Milosevic, arkitekten bak Stor-Serbia, mannen som hadde bygd makta si på å initiere og utnytte serbisk nasjonalisme.» [31]

Eit alvorleg problem med påtalemaktas teori og grunnlag for å lage ei fortelling – at dei jugoslaviske krigane var resultatet av «krigersk nasjonalisme» (Marlise Simons), «blodtørst» (Mark Danner), og ubarmhjertig forakt for «blandingsrasane» (Ed Vulliamy) frå serbarane og Milosevic – er at Serbia, det påståtte kjerneområdet for dette «felles kriminelle prosjektet», sjølv ikkje vart utsett for «etnisk reinsing» i det heile tatt då krigane gjekk føre seg, men fekk ein nettotilgang av flyktningar frå dei andre republikkane. (Opplysningar om flyktningestraumen i tidlegare Jugoslavia, sjå del 9.) Dette dramatiske faktum vart lagt fram av Milosevic under rettssaka, under eksaminasjonen av forsvarsvitnet Mihailo Markovic, ein kjent filosofiprofessor, og ein av grunnleggarane av Praxis. Markovic stadfesta «paradokset i alle skuldingane» om «Stor-Serbia og «etnisk reinsing», og sa at «Serbia framleis i dag har same etniske struktur som på 1970-tallet», og at jamvel om «serbarar vart drive ut frå praktisk talt alle andre republikkar, så vart ikkje Serbia endra». Korfor skulle serbarane drive kroatar ut frå Kroatia om dei ikkje dreiv dei ut frå Serbia?», spørte Markovic retten. «Korfor skulle serbarane drive albanarar ut frå Kosovo om dei ikkje dreiv dei ut frå Beograd og andre delar av Serbia?» Kort etter retta Milosevic tilnærma same spørsmål tilbake til Markovic.

Milosevic: Ut frå at størsteparten av Stor-Serbia ville vore nettopp Republikken Serbia, som ikkje opplevde utdrivingar under krisa, finn du det logisk at Serbia skulle sette i verk utdrivingar frå territoria utanfor Serbia?
Markovic: Eg har alt sagt at det verkar ulogisk for meg. [32]

Det var openbart viktige spørsmål, og svara kasta skyggar over eit av hovudpunkta i den vanlege framstillinga. Om serbarane i Beograd, som dei påståtte opphavsmennene til den «kriminelle verksemda» å skape «Stor-Serbia», ikkje sette i verk konspirasjonen sin der dei hadde den udiskutable makta, i sjølve Serbia, kor sannsynleg var det då at det var grunnlag i det heile tatt for teorien til påtalemakta? Førsteaktor Geoffrey Nice hadde inga løysing på «paradokset». Og Marlise Simmons, Mark Danner, Ed Vulliamy, David Rieff og andre har ikkje behandla spørsmålet på anna vis enn med villeiande retorikk og strategisk teiing. Ordvekslinga vart ikkje gjengitt i nokon vestlege medier.

Men i ei enno meir øydeleggande utvikling i rettssaka mot Milosevic, under forsvarets del, vedgjekk aktor Geoffrey Nice at målet til Milosevic om å tillate serbarar å bu i ein stat «var noko anna enn ideen om Stor-Serbia …» [33] Nice svarte på spørsmål reist av rådgivande advokat David Kay og presiderande dommar Patrick Robinson om påtalemaktas påstand om at Milosevic & co hadde ein plan for å skape «Stor-Serbia», og kva ein slik plan eigentleg gjekk ut på – ei skulding som går att i alle dei tri klagemåla om Kroatia, i begge klagemåla om Bosnia-Hercegovina, og det er enten påstått eller underforstått i tallause nyhende og historiske framstillingar av krigane. «Eg hadde det klare inntrykket at dette var eit hovudpunkt for påtalemakta», påpeika dommar Robinson. [34] Kort etter bad dommar O-Gon Kwon Nice forklare for retten «skilnaden på ideen om Stor-Serbia og ideen om at alle serbarane skulle leve i ein stat». Nice svarte: «Det kan vere at målet til tiltalte var det som kunne kvalifisere som eit de facto Stor-Serbia … Om han fann grunnlag for synet sitt i det minste opent i den historiske ideen om Stor-Serbia; nei, det gjorde han ikkje. Han var … pragmatikaren som ville sikre at alle serbarane som budde i tidlegare Jugoslavia av konstitusjonelle eller av andre grunnar kunne bu i same område. Det betydde frå hans standpunkt som me historisk kjenner til først av alt attidlegare Jugoslavia ikkje skulle bli oppløyst …» [35]

Her avslører Nice det faktum at påtalemakta sjølv ikkje trur på dei best kjente skuldingane mot Milosevic & co, som grunnlag for at Jugoslavia braut saman: At leiande serbarar i Beograd og andre stader konspirerte for å skape livsrom eksklusivt for serbarar, og reinse ut andre («Stor-Serbia»); at dei starta konspirasjonen seinast 1. august 1991; og at dei var villige til å begå kva vondskap som helst, folkemord medrekna, for å gjennomføre konspirasjonen. I staden trur påtalemakta ganske enkelt at samanbrotet for Jugoslavia vart følgt av borgarkrigar; at det vikigaste brotsverket Milosevic & co har vore skulda for av vestlege makter var brotsverket å freiste halde Jugoslavia saman, mot freistnadene frå Vesten på å avvikle staten; og at då hendingar utanfor deira kontroll stengte for ei slik løysing, prøvde dei halde fast på ein mindre etterfølgarstat basert på same grunnlag som den større dei hadde mista. At dei ikkje streid for ein «etnisk rein» serbisk stat vart klargjort gjennom fråveret av etnisk reinsing i sjølve Serbia.

Sjølvsagt ville påtalemakta svare at når først Jugoslavia var gjennom prosessen med avvikling – og at Badinter-kommisjonen 4. juli 1992 erklærte i Rapport nr 8 «som eit faktum» at «oppløysinga av SFRY vist til i pkt 1… er fullført, og at SFRY ikkje lenger eksisterer» [36] – så var alle forsøk frå den serbiske minoriteten i Kroatia eller Bosnia på å gå ut av dei nye, internasjonalt godkjente statane for å slutte seg til «rest»-Jugoslavia ei opprørshandling, og all hjelp frå Milosevic til desse rebellane var innblanding i indre affærar i suverene statar, aggressive og kriminelle. Men Badinter gjekk hardt til verks med både den jugoslaviske konstitusjonen og grunnleggande prinsipp for sjølvstyre: Den første gav grunnleggarnasjonane retten til å bryte ut av Jugoslavia, ikkje til dei adminstrative einingane: [37] og Badinters stadfesting av sjølvstendeerklæringane til Jugoslavias slovenara, kroatar, muslimar og makedonarar, mens han avviste kravet frå serbarane, er blant dei største og verste uttrykk for dobbeltmoral i moderne tid. [38]

Trass i påstandane om det motsette hadde påtalemakta gjennom heile rettssaka den oppfatninga at det politiske målet til regimet til Milosevic på den tida Slovenia, Kroatia og seinare Bosnia-Hercegovina braut ut, var å bevare SFRY. Om det ikkje kunne gjennomførast, at skulle så mykje som råd av det gamle SFRY halde fram som ein etterfølgarstat. Det var faktisk grunnen til at Sosialistpartiet til Milosevic fekk 65 prosent av dei serbiske røystene i desember 1990, i dei første fleirpartivala i republikken: Ikkje å skape eit «Stor-Serbia», men å bevare Jugoslavia. Fram til historia vedgår at det avgjørande brotsverket som låg til grunn for rekka av skuldingar mot Milosevic & co var freistnaden på å halde SFRY saman eller ein liknande etterfølgarstat, føderalt samansett, vil dei aldri forstå det uhøyrte Nice vedgjekk i retten 25. august 2005. Så langt me kan sjå, har ikkje den oppsiktsvekkande konsesjonen til forsvar for Milosevic og til historia, som innebar at påtalemakta de facto gjekk frå hovudklagemålet i DIFJ-saka, vore rapportert i dei viktigaste engelskspråklege trykte media.

Vidare er det heller ikkje sant at Milosevic slåst for å halde alle serbarar i ein stat. Han enten støtta eller slutta seg til ei rad med busettingar, som Brioni (juli 1991), Lisbon (februar 1992), Vance-Owen (januar 1993), Owen-Stoltenberg (august 1993), Den europeiske handlingsplanen (januar 1994), planen til kontaktgruppa (januar 1994), og til sist Dayton-avtalane (november 1995) – ingen av dei kunne samla alle serbarar i ein stat. [39] Han avviste å forsvare dei kroatiske serbarane då dei vart etnisk reinsa i to samanknytte operasjonar i mai og august 1995. Han støtta ei offisiell krymping av tidlegare SFRY til Den føderale republikken Jugoslavia (dvs Serbia og Montenegro), som reelt overlot serbarane i Kroatia og Bosnia til sin eigen skjebne utanfor noko slags «Stor-Serbia». Hjelpa hans til serbarane både i Kroatia og Bosnia var sporadisk, og leiarane deira oppfatta han som ein opportunistisk og upåliteleg alliert, meir opptatt med å få bort FN-sanksjonane mot Jugoslavia enn seriøst å hjelpe dei serbarane som var stranda andre stader.

Kort sagt kjempa Milosevic i rykk og napp for å forsvare dei serbarane som var forlatt og trua i fiendslege utbrytarstatar i eit gradvis avvikla Jugoslavia. Utan å kjempe hardt for det ønska han å halde oppe ein krympande jugoslavisk føderasjon som kunne samla alle serbarane i ein etterfølgarstat. At historikarar, journalistar, og DIFJ kallar det ei kampanje for eit «Stor-Serbia» er orwellsk politisk retorikk som omgjør eit veikt og mislykka forsvar for eit krympande Jugoslavia til ein vågsam og agressiv offensiv for å ta andres territorium. Det er au interessant at den klare offensiven frå kroatar og kosovoalbanarar for eit «Stor-Kroatia» og eit «Stor-Albania», og avslaget frå den bosnisk-muslimske leiaren Izetbegovic på avtale om ein løysing (med støtte frå Sambandsstatane) med håp om hjelp frå NATO til å styre alle tre «nasjonane» i Bosnia, har vore ignorert i den vanlege framstillinga som viktige årsaksfaktorar i dei etniske krigane på 1990-tallet.

Det må vere klart at dei sjølvsikre påstandane til Silber og Little, Glenny, Malcolm, Judah og Simmons (og det er bare nokon av svært mange) om kven som var ansvarleg for splittinga av Jugoslavia, er ideologi og myte forkledd som historie – lett å motbevise, men som del av den vanlege framstillinga er det uangripeleg i eit lukka system.

Notar:

25.Milosevic Trial Transcript, 12. februar 2002, 19; Dusko Doder & Louise Branson, Milosevic (New York: The Free Press, 1999), 3–4; og 43ff.

26. Sjå «Speech by Slobodan Milosevic in Kosovo Polje», BBC Summary of World Broadcasts, 28. april 1987; og «Slobodan Milosevic addresses rally at Gazimestan», BBC Summary of World Broadcasts, 30. juni 1989.

27. Når det gjeld referansen til Brioni Transcripts frå 31. juli 1995, sjå Milosevic Trial Transcript, 26. juni 2003, 23200 (linje 1–10).

28. Ken Silverstein siterer ein skribent i magasinet Soldier of Fortune, som påpeika at så tidleg som i 1995 «bestod (det kroatiske militæret) av kriminell pøbel, ein helvetes bande taparar. MPRI (dvs. det Virginabaserte Military Professional Resources Incorporated) blei til noko som likna ein hær.» Private Warriors (New York: Verso, 2000), 173.

29. Alija Izetbegovic, Islamic De-claration, 1970, 1990, 30,

som det vart lagt ut på nettsidene til Balkan Repository Project, http://www.balkanarchive.org.yu.

30. David Rieff, Slaughterhouse, 2. utgave. (New York: Simon & Schuster, 1996), 10.

31. Daniel Williams & R. Jeffrey Smith, «Crusader for Serb Honor Was Defiant Until the End», Washington Post, 12. mars 2006; Mark Danner, «Endgame in Kosovo», New York Review of Books, 7. april 1999.

32.Milosevic Trial Transcript, 16. november 2004, 33460–63.

33. Sjå Milosevic Trial Transcript, 25. august 2005, 43223ff; her 43225, linje 9–10.

34. Milosevic Trial Transcript, 25. august 2005, 43224, linje 11–12.

35. Milosevic Trial Transcript, 25. august 2005, 43227, linje 6 til43228, linje 3, mi utheving.

36. Sjå note 15 over om kjeldene til Badinter-kommisjonen.

37. Med opningsorda i innleiingskapittelet til konstitusjonen til SFRY frå 1974: «Nasjonane i Jugoslavia, ut frå retten alle nasjonar har til sjølvbestemmelse, medrekna retten til å bryte ut, på grunnlag av ønske slik det fritt kom til uttrykk i den felles kampen til alle nasjonane og nasjonalitetane i den nasjonale frigjøringskrigen og den sosialistiske revolusjonen …» Sjå Snezana Trifunovska, red.Yugoslavia Through Documents (Boston: Martinus Nijhoff Publishers, 1994), 224–33, her 224. Ikkje noko i grunnlovas 10 prinsipp eller 406 artiklar seier mot det innleiinga eintydig proklamerte, og det tidlegare grunnlovstekstar (td 1963 og 1971) hadde med: At «subjekta» som hadde retten til sjølvbestemmelse og til å bryte ut utrykkeleg var definert som nasjonar – folk av kjøtt og blod, ikkje republikkane i føderasjonen – der Jugoslavia godkjente seks som likeverdige: Kroatar, makedonarar, montegrinarar, bosniske muslimar, serbarar og slovenar.

38. Sjå Peter Radan, The Break-up of Yugoslavia and International Law (New York: Routledge, 2002), 216–22. Her legg me til at dei slovenske og kroatiske sjølvstendeerklæringane frå 25. juni 1991 kvar for seg slo fast «retten den slovenske nasjonen har til sjølvbestemmelse» og «retten den kroatiske nasjonen har til sjølvbestemmelse». Frå dei to som utløyste oppløysninga av Jugoslavia, understreker det overtydinga som rådde i Jugoslavia, at det var nasjonane som hadde retten til sjølvbestemmelse og til å bryte ut, og ikkje republikkane slik Badinter-kommisjonen seinare avgjorde (dvs reine administrative einingar innanfor SFRY). SjåTrifunovska, Yugoslavia Through Documents, a) Republic of Slovenia Assembly Declaration of Independence, Ljubljana, 25. juni 1991, 286; og b) Constitutional Decision on the Sovereignty and Independence of the Republic of Croatia, Zagreb, 25. juni 1991, 299.

39. Sjå td Owen, Balkan Odyssey; Woodward, Balkan Tragedy; Lenard J. Cohen, Broken Bonds, 2. utg. (Boulder: Westview Press, 1995); og Steven L. Burg & Paul S. Shoup, The War in Bosnia-Herzegovina (Armonk: M. E. Sharpe, 1999)