Nyliberalismen og byen – eksemplet New York (Økonomi)

Av David Harvey

Nr 4 2007

David Harvey heldt førelesing på universitetet i Windsor 25. september 2006; om byar som sosial, politisk og økonomisk organisasjon. Eksemplet er New York, som ekspanderte tidleg på syttitallet, lånte over evne – og gjekk konkurs i 1975, og vart sett under direkte administrasjon av finanskapitalen. Søpla flaut i gatene, og administrasjonsrådet laga logoen I love New York. Grunnplanet svarte med logoen Fear City, og atvåra turistar om at fly til New York fall ned, og at dei vart robba på gata. Så skjedde det ting. Den oppblåste økonomien på tidleg syttitall i New York er slåande lik økonomien til USA i dag.

David Harvey er professor i antropologi ved City University of New York.
Artikkelen er omsett til norsk av Einar Jetne, og utgitt av Rødt! med løyve frå forfatteren.


Eg har lenge vore interessert i spørsmål rundt sosial rettferd. Sosial rettferd og byen [Social Justice and the City] var ei av dei første bøkene mine. For meg var det ei overraskande bok å skrive, og eg håpar at ho ein dag også vil bli ei overraskande bok å lese. Men av og til, som i dette tilfellet, lærer du langt meir av å skrive ei bok enn av å lese ho. Boka mi var om byen og eg ville like å ta til med eit av favoritt-sitata mine om byar, eit sitat frå Robert Park, ein sosiolog som skreiv i Chicago på 1920-talet. Park sa det slik om byar:

«Byen er mennesket sitt mest gjennomførte, og i det heile mest suksessrike, forsøk på å forme verda han lever i etter sin eigen lyst. Byen er verda mennesket skapte, og derfor også den verda mennesket er dømt til å leve i. Og indirekte, utan eit klårt grep om karakteren til oppgåva, har mennesket omforma seg sjølv i det han formar byen.»

De må tilgje meg feil bruk av kjønn i sitatet, det var skrive på 1920-talet. For meg er det viktige ved denne forståinga noko vi bør tenke gjennom – fordi eg kan bli tillagt å like det, men også fordi det på fleire måtar er ein parallell til ei berømt utsegn av Marx. I Kapitalen skreiv Marx om den menneskelege arbeidsprosessen og peika på det dialektiske ved at vi ikkje kan endre verda rundt oss utan å endre oss sjølve, og at vi ikkje kan endre oss sjølve utan å endre verda rundt oss. Marx ser heile historia til menneska som skapt i den dialektiske omforminga av kven vi er og kva vi er, parallelt med omforminga av verda rundt oss, miljøet og alt anna. Park var sjølvsagt ingen marxist. Eg tvilar på om han nokon gong las Marx, men Park brukar det same argumentet. Underforstått hos Park kan spørsmålet «kva slag byar ønskjer vi å bu i», ikkje bli skild frå spørsmålet «kva slag folk ønskjer vi å vere», «kva slags humanitet ønskjer vi å skape blant oss», og «korleis ønskjer vi å skape han?» Det er den gjensidige samanfattinga av byen, av kven vi er og kva vi er, som er noko eg trur det er svært viktig å tenke gjennom. Spesielt gjeld det når vi ser bakover i historia, og spør om vi nokon gong var bevisst denne oppgåva. Var vi bevisst om at vi gjorde dette? Eg trur svaret er at i det byane endra seg, endra vi oss utan verkeleg å vere særleg bevisst det.

Av og til kjem nokon, vanlegvis ein utopist, og seier:

«Hei, vi bør lage ein annan slags by. Og denne andre slags byen skal bli den typen by der vi vil bli praktfulle menneske i staden for alle dei vonde og ekle folka som vi ser rundt oss.»

Det er altså ein utopisk tradisjon som prøver svare på Park sine argument gjennom å vere bevisst oppgåva og foreslå byformer, byfunksjonar og byvekst som på ein måte er knytt til ideen om å skape eit ideelt menneskesamfunn, ei ideell verd vi kan leve og bu i.

Dei fleste utopiske utkast og planar har aldri fungert særleg godt, av årsaker som eg ikkje vil gå inn på her. Men når vi ser bakover historisk og geografisk på måten New York vart bygd på, måten Toronto vart bygd, Birmingham vart bygd, Moskva vart bygd, Shanghai vart bygd, så synest det ikkje å vere slik at desse stadane vart bygd med ein svært klar ide om kva slags menneske vi ønska å vere. Men resultatet av urbaniseringa har vorte forminga av eit spesielt slag menneskesamfunn, og vi bør vere opptatte av kva slag menneskesamfunn dette er.

Det er eit svært gammalt ordspråk frå middelalderen som seier at «byluft gjer ein fri», og her startar ideen om byens fridom å bli viktig historisk. Eit spørsmål eg ønskjer drøfte i dag, er: «Kva slags fridom har vi i byen?» Akkurat no, viss vi seier «byluft gjer oss fri», kva slags fridom er forma av den urbane prosessen som finn stad rundt oss? Dette spørsmålet fører direkte over til spørsmåla: «Kva meiner vi med fridom?», «Kven kan fortelje oss kva denne fridommen er?», og «Korleis formulerer vi korleis denne fridommen er?» Sjølvsagt har vi eit veldig flott bilde av fridomsideen.

George Bush sine talar

Sørafor oss har ein mann med namnet George Bush nyleg skrive ein masse og halde mange talar med fridom som tema. Eg var nyssgjerrig på dette, og tok meg tid til å lese alle talane til George Bush på nytt – og dei er svært interessante. Han seier ein masse forskjellig. På årsdagen for 11.9 sa han:

«Vi står fast på verdiane som gav fødselen til denne nasjonen fordi ei fredfylt verd av veksande fridommar tener Amerika sine langsiktige interesser, avspeglar varige amerikanske ideal og smir Amerika sine allierte saman. For menneskeslekta er det muleg å fremje fridommens siger over hennar urgamle fiendar.»

Han held fram og seier at «Sambandsstatane helsar sitt ansvar for å gå fremst med denne store nasjonen.» Desse kjensleytringane fann ein også hos George Bush i nokre av talane hans før 11.9. Dei var ikkje nye. Men det er ei interessant endring. Då Tony Blair kom for å tale til Kongressen i juli 2003, foreslo han eit vennleg tillegg til George Bush si vektlegging av amerikanske verdiar. Han sa:

«Det er ein myte, trass i at vi elskar fridom og andre ikkje gjer det, at våre band til fridom er eit produkt av kulturen vår, at fridom, demokrati, menneskerettar, styre ved lov, er amerikanske eller vestlege verdiar. Kongressmedlemmer, verdiane våre er ikkje vestlege, dei er universelle menneskelege verdiar.»

Bush aksepterte denne endringa. I den neste talen hans, som vart halden i Westminster som svar på Blair sin tale, sa han:

«Fremjinga av fridom er vår tids kall. Det er kallet til landet vårt frå dei 14 punkta (her refererte han til Woodrow Wilson), til dei 4 fridommane (i det han refererte til Roosevelt), til Westminster-talen (her snakka han om Ronald Reagan). Amerika har sett makta si i tenesta til prinsippet at fridom er naturskapt. Vi trur fridom er historia si retning. Vi trur at menneskeleg fullføring og storleik kjem med den ansvarlege utøvinga av fridom. Vi trur at den fridommen som vi prisar, ikkje berre er for oss, men retten og evna for heile menneske-ætta.»

I takketalen sin til Det republikanske nasjonale konventet i 2004 sa George Bush:

«Eg trur Amerika har fått kallet å leie fridomssaka i eit nytt hundreår. Eg trur at millionar i Midtausten i det stille ber inntrengande for deira fridom. Om dei fekk sjansen, ville dei omfamne den mest ærefulle styreforma som nokon gong er tenkt ut av menneske. Eg trur alt dette fordi fridom ikkje er amerikanarane si gåve til verda, men den Allmektige si gåve til einkvar mann og kvinne i denne verda.»

I innsettingstalen som president i januar 2005 sa han:

«Vi kan koste på oss fullstendig tiltru til den endelege sigeren i denne verda. Ikkje for det at historia rullar på det uunngåelege sine hjul – det er menneskelege val som skaper rørsle, rykker fram – ikkje for det at vi ser på oss sjølve som ein utvald nasjon. Gud rår og vel som han vil. Mens historia har eit drag av rettferd, har ho også synleg retning, gitt av fridom og av fridommen sin opphavsmann.»

Det er eit interessant sett av omdanningar i desse talane: Frå ideen om at fridom er amerikanske verdiar, til ideen om at dei er universelle verdiar, til ideen om at dei er verdiar forankra i naturen, til ideen at dei – sjølvsagt – er del av den Allmektige sin intelligente plan for jorda. Det som er interessant ved denne retorikken, er at han er hardnakka i Bush-administrasjonen. Vi kan ha to tilnærmingar til det. Ei er å seie at dette berre er hyklersk tullprat. Når vi ser på Guantanamobukta og Abu Ghraib, når vi ser på alt som skjer på bakken, er vi skrekkslagne over at det er ein utruleg mangel på samsvar mellom retorikken om fridom, og fakta om kva som skjer når den verkelege politikken faldar seg ut. Til og med i «the Patriotic Act» i USA, det autoritære som vi ser på alle nivå i forvaltninga – er denne retorikken komplett falsk og hyklersk, og dette er den gale måten å tolke det på. Eg trur det er feil av mange grunnar. Bush klyngar seg svært mykje til sine krav om fridom. Den konservative spaltisten David Brooks i New York Times kommenterte, og eg trur at eg til dels er einig med han når han seier:

«Vi skulle ikkje gå ut i frå at Amerika er den pengegriske, ressursøydande, TV-blaute, jordas ureflekterte dumrian, og at all denne høgtona ordbruken berre er eit dekke for leiting etter olje, for dei rike sine lystar, dominering eller krig.»

Eg trur verkeleg at Amerika er alt dette, men det Brooks har heilt rett i, er at det er ikkje nettopp alle desse tinga. Ideala til Bush er verkeleg djupt rotfesta i amerikansk historie, og dei er svært, svært avgjerande for korleis folk i USA bygger opp bildet sitt av verda. Vi treng å finne makta til denne retorikken, det viktige ved denne retorikken, og tradisjonen til denne retorikken. Då Bush for eksempel refererte tilbake til Woodrow Wilson, brukte han eit svært, svært sterk band. Woodrow Wilson (ein liberalar) var opptatt av fridom i verda. Samtidig stod han òg for meir skitne saker. Då Woodrow Wilson var president, ytra han seg for eksempel slik:

«Sidan handel ignorerer naturlege grenser og produsenten insisterer på å ha verda som marknad, må flagget til nasjonen vår følgje han, og dørene til den nasjonen som er stengt mot han, må vi kjempe ned. Konsesjonane som er oppnådd av finansfolk, må bli sikra av statsleiarar, dvs. det militære, også om suvereniteten til ein uvillig nasjon kan bli grovt krenka i prosessen. Koloniar må bli oppnådd eller oppretta, slik at ikkje noko nyttig hjørne av nasjonen blir oversett eller liggande ubrukt.»

Roosevelt hadde liknande globale konstruksjonar. Reagan sjølvsagt også. Eg ønskjer å peike på dette no fordi det rår ei feilaktig oppfatning av at Bush er eit avvik frå den amerikanske tradisjonen. Han er ikkje det. Han har fast feste i tradisjonen. Derfor kan vi ikkje leike med oppfatninga om at vi enkelt og greitt kan røyste Bush ut av embetet og sette nokon lik Clinton tilbake, og at problemet dermed er løyst.

Fridom i praksis, i Irak

Ideen om fridom er svært viktig, men no må vi gje han handfast meining. Måten Bush gir ideen handfast meining på, er gjennom på ny og på ny i talane sine å la fridom bli assosiert med marknaden sin fridom og med handelsfridom. Kva Bush meinte med fridom, er best signalisert ved det Paul Bremer, leiaren av Koalisjonen av Mellombels Styre i Irak, gjorde før han gav frå seg makta. Han la fullstendig om det institusjonelle apparatet til den irakske staten. Det vart sett i verk privatisering av alt. Det skulle ikkje vere noko hinder for privat eigarskap. Det skulle ikkje vere noko hinder for at utanlandske investorar skulle kunne kome inn og gjere kva dei måtte ønskje, inga skjerming av landet sine eigedommar, ingen hinder for handel.

Det Paul Bremer gjorde før han gav frå seg makta, var å etablere eit heilt sett med arrangement innafor dei irakiske institusjonane, arrangement som samsvara med eit nyliberalt statsapparat. Eit fullkome samsvar med WTO og også med teorien om korleis eit nyliberalt statsapparat skulle sjå ut. Arrangementet omfatta noko slikt som 70–80 forskrifter, dekret som Bremer overførte til irakarane. Då den formelle regjeringsmakta vart overført til irakarane, var det ein føresetnad for overføringa at inga forskrift skulle bli endra. Irakarane vart altså invitert til å ta denne fridomsideen på ein heilt spesiell måte. For lenge sidan kommenterte kritikaren Matthew Arnold ideen slik: «Fridom er ein storslått ide, det er ein vidunderleg hest å ri under føresetnad av at du veit kor du rir han.»

Det som irakarane var invitert til å gjere, var å ri fridomshesten rett inn i den nyliberale hesteinnhegninga. Den irakske grunnlova som vart forma i 2003, var omtrent identisk med den grunnlova som ein nådde fram til for 30 år sidan, i 1975 for å vere eksakt, i kjølvatnet av kuppet i Chile, det kuppet som fjerna Salvador Allende og sette Pinochet i hans stad. I Chile var det eit to års mellomspel fordi spørsmålet var: Kva slag økonomisk program kunne få økonomien i gjenge igjen? Det dei gjorde i Chile, var å bringe inn Chicago-gutane som sa: «Privatiser alt, opne opp for utanlanske investeringar, utanlandshandel, ingen hinder for tilbakeføring av privat eigedom, ha ein eksportleidd vekstmodell.» Sjølvsagt trong dei ikkje disiplinere arbeidskrafta sidan alle arbeidarleiarane var døde og alle fagforeiningar var oppløyste. Alle helsestasjonar der radikal opposisjon hadde vakse fram vart oppløyste. Det var eit fullstendig nyliberalt regime som vart sett i verk i Chile i 1975, heilt identisk med det som USA tvinga på Irak i 2003.

Så igjen, det blir lagt vekt på ei spesiell oppfatning av fridom. Eg trur at det som hendte etter kuppet i Chile, og det som hendte i Irak, stør opp under ein heil historisk teori der sterke nyliberale prosessar har omforma verda, omforma oss til eit punkt der vi alle er nyliberalarar, enten vi likar det eller ikkje. Alle har vi tatt til oss nyliberalismen sitt livssyn, og som eit resultat av det, ytrar vi oss til kvarandre på svært ulike måtar. Mest slåande ser vi denne endringa på måten byane har vorte omdanna på gjennom denne perioden. Noko av det mest fascinerande for meg har vore å spore nyliberalismen bakover til New York City i 1975. Dette er nøyaktig den tida då kuppet skjedde i Chile.

1975: New York konkurs

New York City gjekk konkurs i 1975. Konkursen til New York City var ei eineståande hending som fekk dramatiske globale følgjer. I byrjinga var budsjettet til New York City eit av dei største offentlege prosjekta i verda. Det var enten det 14. eller 15. største offentlege prosjektet i verda. Konkurs for New York var jamgodt med konkurs for eit land som Italia eller Frankrike. Ideen var så potensielt øydeleggande at både den vesttyske kanslaren og den franske presidenten appellerte til Ford-administrasjonen, og sa at «du kan ikkje la dette skje». Men det skjedde, og det som skjedde deretter, var absolutt skjelsettande, avgjerande.

Korfor – og kva hendte? Gjennom 1960-åra hadde New York City mista arbeidsplassar, og selskap hadde flytta ut til forstadane eller til område lenger sør i USA (enno ikkje til Mexico, Taiwan eller Kina, men dei flytta ut). Som eit resultat minka industriell sysselsetting i New York City. Sjølvsagt skjedde dette i mange amerikanske byar på denne tida. Resultatet var at bysentera vart okkupert av utilfredse, arbeidslause, marginaliserte og svært ofte rasemerkte folkegrupper. Dette blussa opp i eit spekter av kriser i 1960-åra, og vart kjent som 1960-åra si urbane krise.

Opptøyar, spesielt dei som følgde etter drapet på Martin Luther King i 1968, skapte bråk i mange av dei sentrale byane. Den føderale regjeringa sette seg føre å gjere noko med dette. Ho vedtok å prøve hjelpe sentrale byar på beina igjen, ho oppretta eit gjenreisingsprogram.

Gjenreisingsprogrammet kvilde for ein stor del på utvidinga av offentleg sektor. Den offentlege sektoren ekspanderte fordi føderale budsjett strøymde inn til byane, svært raskt, og lokale styresmakter kunne starte med å utvide arbeidsstokken sin og utvide tenestene dei kunne by. Utdanningssektoren voks, helsesektoren voks, avfallshandtering voks, og talet på korttidsarbeidarar voks. Som del av stabiliseringsprogrammet ekspanderte den offentlege sektoren i New York City svært raskt gjennom slutten av 1960-talet og tidleg på 1970-talet. Dette programmet omfatta også integrering av etniske minoritetar i arbeidsstokken ved offentleg sysselsetting. Heile programmet kvilte på at byen hadde nødvendige finansar. Byen hadde ikkje nødvendige finansar, og starta derfor å låne tungt mot slutten av 1960-talet og på tidleg 1970-tal. Investeringsbankfolka elska det, fordi New York City hadde eit stort budsjett – og derfor var det ei sikker investering.

Investeringsbankfolka var svært glade for å kunne finansiere alt dette. Fakta er at dei til og med lærte New York City sleipe triks, kreativ bokføring og alt muleg, slik at dei kunne få ting finansiert på meir «sofistikerte» måtar. Men i 1973 tok mangt til å gå dårleg. Byen tok til å miste pengar, eigedomsskattar gjekk ned og inntekter minka. I 1973 fann den føderale regjeringa seg òg i ei finansiell krise. Eg vil for alltid minnest den dagen då president Nixon kom på radioen med si Melding om Tilstanden i Unionen, og sa: «Den urbane krisa er over.» Eg kikka ut av vindauga og sa: «Uff, for meg ser Baltimore ut som før.» Eg trudde at folk ville danse i gatene. Det var den same skitne, rotete og forferdelege staden, på nedtur som han alltid hadde vore. Det Nixon meinte med dette, var: «Vi vil ikkje gje dykk meir pengar». Dei stoppa overføringa av pengar til New York City. Budsjetta vart kutta ned idet føderale pengar ikkje lenger kom inn. Deretter starta New York City å låne endå meir.

I 1975 sa investeringsbankfolka: «Nei, no vil vi ikkje låne dykk meir.» Det var ein dramatisk augneblink, og byadministrasjonen sa: «Kva? Kva skal vi gjere?» Investeringsbankfolka sa: «Vi veit ikkje.» Dette er ein del av historia. Den andre delen av historia er denne: Gjennom 1960-åra og 1970-åra hadde det vore eit program for det eg kallar «overskotskapital». Det var for mykje kapital i omløp og ingen visste kva ein skulle gjere med det. Ein heil del gjekk til spekulasjon i fast eigedom. Det var ein enorm byggeboom i mange amerikanske byar, og spesielt i New York City. Dette er epoken som skapte World Trade Center, som igjen var ei økonomisk ulykke fordi ingen nokon gong ønska lokalisere seg i det, og det kunne aldri bli fylt opp med ordinære leigetakarar i det heile tatt.

Det var ein byggeboom, og den mest utrulege «overbygginga», særleg i kontorsektoren. Bystyremaktene gjorde òg alle slags grep, slike som å ettergje eigedomsskattar. Det gjekk føre seg eit regelrett spel blant utviklarar i eigedomsmarknaden. Eigedomsmarknaden braut saman i 1973. Rundt omkring fanst alle desse tomme bygningane som ikkje betalte skattar. Dette var også ein del av problemet til New York City. Mellom mangelen på sysselsetting og mangelen på eigedomsskattar hadde de denne krisa. Men det finst også ei anna sak: Korfor bestemte investeringsbankfolka seg plutseleg for ikkje å låne ut meir? Viss de ser på ein økonomi som stort sett sit i gjeld, som finansielt blir styrt på ein sjokkerande måte, der alle indikatorar seier at de ikkje bør låne dei noko meir, då ser de på dagens USA. Dei samla dataa om New York City i fortida var ikkje verre enn dei samla dataa om heile USA sin økonomi akkurat no. Og det tilsvarande på banksida akkurat no er Den kinesiske sentralbanken, Den japanske sentralbanken og Den sørkoreanske sentralbanken som plutseleg kunne avgjere: «No vil vi ikkje låne dykk meir pengar.» Då ville det ikkje vere meir pengar i USA til å føre krigen, ikkje meir pengar å bruke på denne eigedomsboomen, alt dette konsumeriet, ikkje pengar til å oppretthalde det enorme underskotet som vi har.

Spørsmålet er korfor investeringsbankfolka i New York City plutseleg avgjorde ikkje å låne ut meir. For meg synest dette å vere den verkelege historia bak finanskrisa til New York City. Rett nok var New York City sårbar. Kva gjorde New York City som investeringsbankfolka ikkje likte? Det dei gjorde, var å spele vennleg overfor fagforeiningane, dei fordelte pengane rundt omkring, og dei engasjerte seg i alle slags filantropiske prosjekt, og sant nok så var dei vennlege overfor minoritetar, svarte menneske og alle andre. Byen gjorde alt muleg som stod i vegen for ambisjonane til menn som David Rockefeller, som ønska at New York City skulle vere ei øy for borgarleg overflod. Samtidig som pengane flaut, fanst det ei mengd antibankierholdningar i byen og ei mengd antikonsern-kjensler. Husk at dette var den tida då studentane i Santa Barbara verkeleg gravla Chevy og brende ned bygningen til Amerikabanken. Det var ei mengd radikalisme, ei mengd antikonsern-politikk. Storkapitalen var i ferd med å bli nervøs tidleg på 1970-talet. Dei byrja arbeide saman for å gjenskape ein levedyktig konsernkapitalisme med omfattande makt. New York City utvikla seg i retning å bli ein sosialdemokratisk, nesten sosialistisk bykommune. Storkapitalen var politisk skremd. Og så sette han i verk eit finansielt kupp mot byen.

Kuppet i Chile og kuppet i New York

Argumentet mitt er at dette finansielle kuppet mot New York City var akkurat like effektivt som Pinochet sitt militærkupp i Chile. Men det som no måtte skje, var at New York City måtte bli disiplinert inn i ein ny type økonomisk framtid. Korleis kan slikt bli gjort demokratisk?

Noko som straks skjedde, var at all råderett over budsjettet vart tatt frå dei valde styresmaktene, og gitt til Bystøttestyret (The Municipal Assistance Corporation (MAC)), seinare kalla Det Finansielle Krisekontrollstyret. MAC vart styrd av investeringsbankfolka, eit par statsrepresentantar og eit par byrepresentantar. Det dei reelt gjorde, var å ta hand om alle inntektene som kom inn til byen, alle skattane, og dei sa: «Vi vil ta alle desse pengane, og det første vi vil gjere, er å betale ut alle som har obligasjonar, betale dei som har pengar til gode. Alt som blir igjen går til bybudsjettet.» De kan sjølvsagt sjå kva det innebar for arbeidsløyse og kutt i tenesteyting. Det var ei katastrofe. Dei insisterte til og med på at byfagforeiningane skulle legge alle pensjonsfonda sine inn på gjeldssida, slik at viss byfagforeiningane skapte noko slag problem og New York City gjekk konkurs, ville dei miste alle pensjonane sine. Det var eit svært dyktig trekk på den tid.

Det var her, trur eg, at eit ekstremt viktig prinsipp som vart eit globalt prinsipp, først vart forma som lov. Viss det er ei konflikt mellom velveret til finansielle institusjonar og folket sitt velvere, vil regjeringa velje velveret til finansinstitusjonane. Til helvete med folket sitt velvere. Dette vart sjølvsagt evangeliet til Det internasjonale pengefondet (IMF) og deira Strukturelle tilpassingsprogram (SAPs) som starta opp på 1980-talet med Mexico som ein av dei første. MAC disiplinerte byen, gjekk til angrep på arbeidsstyrken, og til angrep på alle slag sosiale utgifter. Men investeringsbankfolka hadde eit problem, og problemet var at dei rådde over all denne eigedomen. Derfor kunne dei ikkje dra bort frå byen og seie: «til helvete med det.» Dei var nøydde til å revitalisere byen og samtidig disiplinere han. Denne situasjonen ramma tenestene i stort omfang. Søppel vart ikkje samla inn, og dei måtte kome opp med ein strategi for å revitalisere byen slik at verdien av alle desse eigedommane som hadde vore negativ i 1970-åra, kom tilbake.

Korleis gjorde dei dette? Dei gjorde det på to måtar. Den første var ein internasjonal vri. Ei av hendingane i 1973 var ein sterk vekst i oljeprisane takka vere OPEC, og det var ein oljeboikott. Hoppet opp for oljeprisane førte til ei opphoping av petrodollar i Golfstatane. Saudi-Arabia fann seg sjølv med tonnevis av dollar, og det gjorde alle Golfstatane. Det store spørsmålet var: Kva skulle dei gjere med alle desse pengane? Putte dei under madrassen?

Frå britiske etterretningsrapportar som vart frigitt siste året, veit vi at britisk etterretningsteneste rekna det for svært sannsynleg at USA ville invadere Saudi-Arabia i 1973 for å okkupere oljebrønnane, og bringe oljeprisane ned. Vi veit at så langt gjekk planlegginga. Vi veit ikkje om dette berre var ein av fleire alternative planar, heller ikkje noko om kor alvorleg planen var. Ingen veit, og truleg får vi ikkje vite det på lenge. Men det vi veit, er at USA sin ambassadør til Saudi-Arabia drog til saudiane og reiste spørsmålet om kva dei ville gjere med petrodollarane. Dei forhandla seg fram til ein eksklusiv avtale med saudiane. Denne gjekk ut på at Saudi-Arabia skulle resirkulere petrodollarane sine gjennom amerikanske investeringsbankar. Om saudiane visste at dei kunne kome til å bli invadert eller ikkje, eller om dei visste at dei kunne bli bomba tilbake til steinalderen, det veit eg ikkje. Men vi veit at saudiane gjekk med på å sette alle desse petrodollarane inn i investeringsbankane i New York, noko som gav dei ein kjempeprivilegert posisjon innafor global finansnæring. Det sikra at New York vart verdas finanshovudstad.

Ofte trur vi at New York City er finanshovudstad fordi det er naturleg. Men det er ikkje naturleg. Til dels var det amerikansk militærmakt som sikra det. Men no hadde investeringsbankane i New York pengane, og dei hadde forretningane. Dei kom til å få ei mengd sysselsetting i finansielle tenester i New York City. Vareproduksjon i byen spela inga rolle. Dei måtte omforme byen rundt finansielle tenester og alt som følgjer med slikt. Og som ei følgje av det, søkte konserna og investeringsbankfolka saman rundt ideen om å revitalisere økonomien til New York City. I lag danna dei noko dei kalla «Downtown Business Partnership». Denne partnarskapen avgjorde at dei skulle selje New York City som eit reisemål for alle som måtte vere interesserte i kultur. Dei dreiv verkeleg fram kulturelle institusjonar som Museet for Moderne Kunst, Broadway og andre institusjonar som mål for konsum, som turistmål.

Dette er tidspunktet då dei kom opp med logoen som de alle har sett: «Eg elskar New York.» Dei skulle selje byen. Slik skulle dei revitalisere han. Men korleis kunne det vere muleg i ei tid då ingen samla saman søppel? Korfor skulle turistar kome til byen når gatene var fulle av søppel? Altså måtte dei starte med å sjå på korleis bystyresmaktene arbeidde. I denne prosessen møtte dei alvorleg motstand. Politiet og fagforeiningane til brannfolka var opprørte over at lønningane deira vart senka, over kontraktar som vart oppheva, og over at mange regelrett vart oppsagde.

Fryktbyen New York

Derfor reiste dei ein kampanje mot «Eg elskar New York»-ideen. Dei produserte eit flygeblad med tittelen «Fryktbyen». Dette delte dei ut til turistane på Kennedy-flyplassen. Flygebladet sa slikt som: «Dra ikkje til byen, for viss det tar til å brenne på hotellet ditt, då må du hoppe ut av vindauget. Det finst ikkje brannfolk som kan hjelpe deg ut.» «Ikkje spaser i byen.» «Bussar kan du berre bruke mellom klokka 9 om føremiddagen og klokka 5 om ettermiddagen.» «Reis aldri med metroen, for der vil du bli slått ned og rana.»

Dei sette ut i livet denne «Fryktby»-kampanjen, ein kampanje som også fekk effekt i Europa, og reisande frå Europa tenkte: «Eg trur ikkje at eg kan dra til New York.» Dette var tidsrommet der også anna skjedde, «Sam-sommaren», uhyggelege mord og slikt noko. Det var klart at «Downtown Business Partnership» hadde eit imageproblem. Derfor forhandla dei med politiet og med fagforeiningane til brannfolka, og sa: «Stopp denne kampanjen, og vi vil ta mange av dykk i arbeid igjen.» Og dei sa «OK», og avslutta kampanjen, og mange av dei fekk jobbane sine tilbake. Men dei vart sett til å arbeide i Manhattan. Så brann Bronx ned, og store delar av søppelet i Queens vart aldri plukka opp, og over alt der vart det verande mykje kriminalitet. Men dei «forsegla» Manhattan, og gjorde bydelen til eit privilegert område. Manhattan vart så trygg som det var muleg å gjere bydelen. Han var ikkje svært trygg på 1980-talet. Han var heller tøff, men bit for bit skjedde ei gjenerobring av Manhattan.

Til helvete med befolkninga!

Dette var det andre prinsippet: Bystyremaktene var ikkje lenger til for å tene befolkninga. Bystyremaktene måtte konsentrere seg om å skape eit godt forretningsklima. Og viss det er ein konflikt mellom det å skape eit godt forretningsklima og det som tener den eine eller det andre delen av befolkninga, så til helvete med dei siste. New York City vart ein delt by på 1980-talet. Ei utruleg krimbølgje tok over. Viss du vil privatisere alt, korfor ikkje også privatisere omfordeling ved hjelp av kriminell aktivitet? Det var verkeleg det som var i ferd med å skje.

Det einaste problemet var, gitt korleis forsvarsverka vart sett opp, at det i aukande grad vart vanskeleg å privatisere dei svært rike. Det kunne berre bli gjort med fattigfolk eller med middelklassefolk. Det andre problemet var sjølvsagt at det andre New York, det som ikkje hadde vorte privilegert, hadde ein samanbrotsepidemi, ein AIDS-epidemi og ei krise innafor offentleg helsestell. Halve byen levde i elende, mens den andre halvdelen stadig vart bygd opp av forretningspartnarskap og ei privilegert oppfatning av at «dette er eit Manhattan som vi kjenner og elskar». No er vi ved slutten av det, akkurat no under Bloomberg-administrasjonen. Her har vi ein mann som er milliardær, ein som har kjøpt seg billett til «Fleirtalsposisjonen», men likevel er han ingen dårleg borgarmeister. Han er ikkje så dårleg som nokre av dei borgarmeistrane som har funnest, og han er verkeleg opptatt av å prøve gjere New York City konkurransedyktig i den globale økonomien. Men konkurransedyktig for kva?

Noko av det første Michael Bloomberg sa, var «Vi vil ikkje by noko konsern subsidiar for å kome hit». Han vart referert slik: «Viss eit konsern treng pengestøtte for å lokalisere seg i denne vedunderlege New York City, kjenneteikna ved høg kostnad og høg kvalitet, viss dei treng pengestøtte for å kome hit, då ønskjer vi dei ikkje. Vi ønskjer berre konsern som kan klare å bli verande her.» Dette sa han ikkje om folk, men reelt blir denne politikken overført til folk. Det går føre seg ei flytting av folk med låg inntekt, særleg folk av spansktalande opphav, ut av New York City. Dei flyttar til små byar i Pennsylvania og øvre del av staten New York fordi dei ikkje lenger maktar å bu i New York City. Levekåra deira i New York City er skremmande. Samtidig er livet til dei svært, svært rike heilt vedunderleg. Dette er den typen by som eg bur i no. På ei side kan du nyte livet i omgivnader som Manhattan, som er relativt trygg no, der tenester i det heile slett ikkje er dårlege. De kan nyte det, men vanskane er at for mellomklassefolk som meg sjølv er det i ferd med å bli umuleg å bu meir på Manhattan, og dette har delvis med utviklingsretninga til nyliberalismen å gjere.

Pengar frå Saudi-Arabia

Eg nemnde investeringsbankfolka som fekk alle desse pengane frå Saudi-Arabia. Spørsmålet er: Kva ville dei gjere med pengane? Økonomien til USA var nede. Til kva og kven skulle dei låne ut pengane? Dei kunne ikkje bli plassert i nye bygningar på Manhattan. Der var det alt for mange bygningar. I 1975 stod ein verkeleg overfor eit problem med overskotskapital. Kor på jorda skulle dei plassere overskotspengane? Ein av investeringsbankfolka, Walter Wriston, sa at «det er enkelt – vi lånar ut til land, for land drar ikkje sin veg, så vi kan alltid finne dei». Så starta dei med å låne ut store pengesummar til Mexico, Brasil, Argentina, til og med til Polen. Dei lånte ut til forholdsvis låge renter sidan rentene var svært låge på 1970-talet. Men på bakgrunn av auka inflasjon i 1979 heva Paul Volcker plutseleg alle rentene. Når utlånsrentene auka, måtte Mexico plutseleg betale tilbake til høgare renter – og så kunne dei ikkje betale.

Nyliberalarane på høgre fløy likar ikkje IMF. Første året under Reagan-administrasjonen forma James Baker ein plan for effektivt å avvikle IMF, og Reagan-administrasjonen ønska gjere det. Bortsett frå at Mexico var konkurs, fanst det eit reelt problem: Viss ein let Mexico gå konkurs, ville desse låna bli råka og Citibank, Chase Manhattan og alle New York sine bankar ville verkeleg bli alvorleg råka av konkursen til Mexico. Det var på dette stadiet at dei vedtok å redde Mexico. Dei måtte redde Mexico. OK, statskassa i USA kom på banen, og då sa James Baker plutseleg: «Ah, det er her IMF kan hjelpe, dei kan gjere skitjobben for oss!»

Vanskane akkurat då var knytt til at IMF var samansett av Keynes sine disiplar, så det første Baker no sa, var: «La oss oppnemne nokre som er verkelege blå monetaristiske nyliberalarar og sette dei inn der.» Så gjennomførde dei det som Joseph Stiglitz kalla «utrenskinga av alle keynesianarar i IMF og Verdsbanken i 1982». Inn sette dei alle desse andre økonomane som tenkte innafor rammene til monetarisme og nyliberale prinsipp. Deretter sa dei: «La oss gjennomføre Mexicosaka.» Det IMF tok til med, var å gå inn i prosessen, og seie: «Måten å få pengane tilbake frå mexicanarane på, går gjennom å sette tommeskruen på det mexicanske folket.»

På ny ser vi det prinsippet som vart skapt i New York City: Viss det er ei konflikt mellom finansinstitusjonane og folket si velferd, slå til mot velferda til folket i Mexico, slå til mot velferdsytingane til folket i Brasil, slå til mot velferda til folket i Ecuador, slå til mot velferdsytingane kor det enn måtte vere. Strukturell tilpassing gjer nettopp dette. Og samtidig insisterer ein på institusjonelle reformer: «Bli kvitt sterke fagforeiningar, innfør fleksibilitet i arbeidsmarknaden, og reformer pensjonsordningane.» «Gje spelet namnet strukturtilpassing!» Slik begynte IMF å arbeide globalt, og investeringsbankane i New York – i sentrum av dette – vart sjølvsagt utruleg velståande. Og endå viktigare: Dei har vorte engasjert i finansieringsprosessen globalt.

Nye instrument, nokre av dei heilt overraskande, har byrja vekse fram, blant desse hedgefond (*). For 15 år sidan fanst det 200 hedgefond. No finst det noko slikt som 3000 av dei. Vi har nyleg sett at eit av dei havarerte, men framleis tar dei leiande hedgefond-adminstratorane personleg ut noko slikt som 250 millionar dollar kvar. Det vil seie: Kvar av dei hadde ei personleg inntekt på 250 millionar dollar på eitt år. Eg veit no at de alle har ambisjonar om å bli administratorar av hedgefond, men ver på vakt, ver på vakt! Det er ikkje uvanleg i finanstenestenæringa. På Manhattan har vi ei mengd slike folk som bur på plassen, i eit privilegert senter for ein overnasjonal kapitalistklasse, om de likar det omgrepet – eg likar det ikkje. Den overnasjonale kapitalistklassen er der for å nyte seg sjølv, for å manipulere fiktive verdiar.

Siste veka hadde New York Times informasjon om nokre interessante tal som nyleg har kome fram. Noko som blir kalla rentenivå og valutaderivat. Vi kan snakke om kva dei er, og viss de veit kva dei er, fint, og viss ikkje, er det de treng å vite at i 1988 var desse null. No er dei 250,8 tusen milliardar dollar. Det er noko som blir kalla «credit default swap», og volumet av slikt uteståande var lik 0 i året 2000, men no er volumet på 26 tusen milliardar dollar. (Oversettaren sin merknad: Gjeld truleg handel med forfallne/misleghaldne krav.) Uteståande «equity derivat» i 2002 var på rundt 2 tusen milliardar dollar, no er dei rundt 6,4 tusen milliardar dollar. Artikkelen kommenterer at summen av alle desse uteståande «swaps» og derivatar ved utgangen av juni var på 283,2 tusen milliardar dollar. Det samla brutto nasjonalproduktet til USA, EU, Canada, Japan og Kina er på 34 tusen milliardar dollar. Desse folka lagar enorme mengder pengar ut av å spele desse spela, desse fiktive spela, og det skjer over heile byen. New York City er no dominert av den typen rikdom som er generert ut av denne typen aktivitet.

Sjølvsagt dryp mykje av denne rikdommen ned, ikkje til folk som meg, men han dryp ned på finansielle tenester allment. Han dryp ned på advokattenester og skattemanipulering. Eg kjenner ein som nettopp gjekk ut av yrket, og som tener 400 000 dollar i året av deltidsarbeid. Kva gjer han? Han gir folk råd om korleis dei skal spele skattespelet internasjonalt. Sjølvsagt er det dette nyliberalismen har dreidd seg om. Når du ser på dei oppsummerte tala, så er dei absolutt forbløffande: Den øvste 1 prosent av innbyggarane i USA har dobla delen sin av nasjonalinntekta over dei siste 20 åra. Dette har også skjedd både i Storbritannia og andre stader der nyliberalismen har fått fotfeste. Den øvste 0,1 prosenten har firedobla sin del av den nasjonale inntekta over dei siste 20 åra. Men når du går til den øvste 0,01 prosenten, så har dei auka inntektene sine med 497 prosent over dei siste 20 åra. Alt de treng gjere, er å sjå på desse tala – og de vil innsjå at det skjer ein utruleg konsentrasjon av rikdom i eitkvart land som har starta på den nyliberale vegen, delvis eller i stort omfang. Akkurat no har Kina gått ein spesiell nyliberal veg. Mengda av rikdom som har vorte konsentrert på få hender i Kina er også absolutt overraskande.

«Interessant at dei rike vart rikare»

Det som dette fører til, er den allmenne ideen om at nyliberalismen, alt frå starten av handla om gjenreising av klassemakt, og framfor alt gjenreisinga av klassemakta til ein svært privilegert elite, dvs. investeringsbankierane og toppsjefane i konserna. Fakta viser dette gong på gong. No må de kunne seie at dette var ein bevisst politikk. Dette var ikkje eit uhell! På ein måte er det moro når ein les alle desse rapportane til folk som Stiglitz på 90-talet, og han sa: «Vel, vi sette ut i livet den ene og den andre politikken, og det er interessant at dei rike tilfeldigvis vart rikare og dei fattige tilfeldigvis vart fattigare, men det var eit biprodukt av det som hende.» Nei, det var det som denne politikken var forma til heile vegen, det er akkurat det dei gjorde i New York City.

Då Mexico fullt ut vart nyliberal etter at IMF hadde gått gjennom alt i fleire rundar saman med Verdsbanken, vart landet verkeleg nyliberalt mellom 1988 og 1992. Fem år seinare er det noko slikt som 20 mexicanarar på lista over verdas rikaste. Eg trur at den tredje eller den fjerde rikaste mannen i verda er ein som heiter Carlos Slim, og han er mexicanar. Mexico har fleire milliardærar enn Saudi-Arabia. Til de av dykk som har vore i Mexico, har de registrert at det er fattigdom der? Har de lagt merke til at det er mykje arbeidsløyse der? Har de lagt merke til at det er ei mengd elende der? Mykje dårleg helse og ingen offentlege tenester, vatnet er skittent. Det er nettopp dette nyliberalismen handlar om, og det han gjer med byar, er verkeleg fascinerande.

I tilfellet New York vart nyliberalismen følgd av ei enorm bølgje av kriminalitet og ei bølgje av dårleg helse, som igjen vart følgd av undertrykkinga til Giuliani. Viss de i dag ser på alle latinamerikanske byar i den nyliberale perioden, har alle hatt ein auke i det absolutte fattigdomsnivået, bortsett frå Santiago. Alle, inkludert Santiago, har hatt ein utruleg auke i sosial ulikskap. Resultatet av dette er at vi no har delte byar, inngjerda og vakta samfunn her, utarma samfunn der. Byen har vorte løyst opp i mikrostatar av rike og fattige. Vi har det i New York City, framleis med Manhattan versus borough-ane.

Det andre som fakta viser om urbanisering i Latin-Amerika er ei enorm kriminalitetsbølgje som har pint byane til eit punkt der kriminelle gjengar periodevis hadde tatt over gatene i Sao Paulo dei siste få månadane, og vist at dei kan drive byen. De finn kriminell aktivitet, væpna ran. Eg drar regelmessig til Argentina fordi kona mi er frå Argentina. Sist jul hadde vi gleda av å ligge på golvet med ansiktet ned og med gevær peikande på oss, mens dei tok alt. Og dette er normalt, dette er ikkje unormalt, det er normalt. Dette er privatiseringa av omfordelinga av inntekt. Eg trur de må forstå det på den måten.

Den store oppgåva er, gjennom utviklinga i desse byane, å sjå kva som skjer. Det finst litteratur som Mike Davis sin Slumplaneten [Planet of Slums], og vi snakkar om det. Vi må gripe prosessen, kor han kjem frå, kven som gjer det, og kva som gjer det. For å få eit grep må vi tilbake til nokre enkle strategiar. Viss det ser ut som klassekamp og kjennest som klassekamp, då er det for Guds skuld klassekamp! Og den einaste måten de kan handtere det på, er å slåss tilbake på klassekampen sine vilkår. Men akademiske vener har fortald meg at klasse ikkje lenger er nokon gjeldande kategori. Andre har fortald meg for lenge sidan at det er forstyrrande. Viss du snakkar om klassar, får du «båten til å slingre». Wall Street Journal snerrar til einkvar som snakkar om denne omfordelinga og seier: «Åh, dei ønskjer å sette i verk ein avgjerande klassekamp,» som om vi alle var i same båt. Vi er ikkje alle i den same båten. Eg er ikkje i den same båten som dei som tar heim 250 millionar dollar i året. Så det synest meg at det er nettopp der vi er.

For å kunne gjere noko med det, trur eg vi må vedgå at byar alltid har vore senter for konflikt, endring og omforming. Det er verkeleg rørsler i arbeid i ulike byar, rørsler som prøver endre forholda. De kan sjå på slikt som skjer i ulike brasilianske byar, og slikt som skjer i nokre europeiske byar. Byar kan vere smeltediglar der ny politikk kan bli skapt og får vekse fram.

Den største vansken akkurat no er at byar har vorte delt opp i mikrostatar. Til og med akkurat no blir eg fortald at «byen» heller ikkje er eit høveleg omgrep lenger. Svaret mitt til dette er at vi må ta attende eit byomgrep, slik Park brukar det, som ei form for politisk eining som vi kan bruke til å forme på ny, ikkje berre byar, men rekonstruere mellommenneskelege forhold og oss sjølve. Vi må tenke gjennom det i desse termane, og vi må forstå at dette er eit politisk prosjekt, eit klasseprosjekt. Viss ikkje, vil vi berre gå gjennom neste runden med omstrukturering og finne oss sjølve som passive medspelarar til det som skjer.


(*) Hedgefond er et samlebegrep for en profesjonell forvaltet fondsinvestering, som har relativt frie rammer for investeringsaktiviten sammenlignet med ordinære verdipapirfond. Den vesentligste forskjellen ligger i forvalterens frihet til å selge seg short (en strategi for å profittere av nedgang i verdipapirer, som f.eks. aksjer eller obligasjoner). Hovedsakelig skjer investeringene i aksje-, rente- og valutamarkedet, eventuelt også i råvaremarkedet og i andre finansielle markeder.

Formålet med investeringene er alltid å gi positiv avkastning uavhengig av markedsutviklingen.

Hedgefond er ikke tillatt markedsført i Norge. Suksessen avhenger av underliggende strategi. Hedgefond er ikke pålagt å investere i aksjer. (Wikipedia) [Tilbake]